Det er mange faktorar som har bidrege til å gjøre USA til det leiande vitskapslandet -det heng ikkje bare saman med at dei ikkje tar halve fredagen fri. Fridom, mykje pengar og ikkje minst ei lang historie.

Omkring halvparten av den økonomiske suksessen til USA kjem frå nyskaping innanfor vitskap og teknologi, men det har vore dalande interesse for desse fagområda i USA og den vestlege verda. I India og Kina studerer dei flinkaste studentane vitskap og teknologi.

I starten av haustsemesteret hadde eg gleda av å vere tre veker som gjesteførelesar ved Universitetet i Oslo. Det var ei interessant og på alle måtar hyggeleg erfaring. Og det minna meg mellom anna om den norske forståinga av fredagar. Bygningane er tomme frå klokka to og utover fredag ettermiddag. Ein temmeleg sterk kontrast til USA der vi gjerne har møte som går til klokka fem på ein fredagsettermiddag.

Det er mange faktorar som har bidrege til å gjøre USA til det leiande vitskapslandet – det heng ikkje bare saman med at dei ikkje tar halve fredagen fri. Fridom, mykje pengar og ikkje minst ei lang historie. Mange leiarar på amerikanske universitet er i dag urolige for om USA vil vere i stand til å halde på denne statusen inn i framtida. Ikkje minst er dei ikkje sikre på om politikarane faktisk forstår det dei meiner er i ferd med å skje.

Fleire studium syner at omkring halvparten av den økonomiske suksessen til USA kjem frå nyskaping innanfor vitskap og teknologi. Vi veit også at det har vore og framleis er dalande interesse for desse fagområda i den vestlege verda. Andre land ligg nå føre: Både i India og Kina studerer dei flinkaste studentane vitskap og teknologi. Spørsmålet ein må stille seg er kva for tyding dette får for statusen til USA som verdas supermakt.

Vi ser fleire og fleire stader at Kina og India har enorm vokstrar på mange område. Og tradisjonelt har mange unge frå desse landa reist til USA for å ta den beste utdanninga dei kunne få. Mange har busett seg her borte, og det har vore svært viktig for mykje av den vitskaplege utviklinga i USA. Så lenge dette held fram, så er det truleg ingen fare med det første. Problemet kjem først den dagen dei beste studentane reiser heim att og tar kunnskapen med seg, og særleg om landa tar til å trekkje til seg utlendingar som heller vil arbeide der enn i til dømes USA.

Her trur eg det kan vere lurt å skilje mellom Kina og India. I India føregår mykje på engelsk og mange er relativt gode i engelsk. Kina er annleis. Der er det framleis vanskeleg å greie seg om ein ikkje kan kinesisk. Engelskkunnskapane er høgst mangelfulle, noko vel mange som har vitja Beijing har erfart. Dessutan er levestandarden i begge desse landa langt under det vi finn i dei fleste vestlege land. Difor er det lite truleg at landa vil tiltrekkje dei fremste vitskapsfolka som kjem frå vestlege land.

Eg trur USA derfor kjem til å halde på statusen som akademisk supermakt i mange år til. Likevel er det fleire urovekkande trekk ved utviklinga, ikkje minst knytt til mindre og mindre pengar som går inn i høgare utdanning, for ikkje å nemne dei generelle samfunnsproblema som USA slit med.

Det er desse problema som gjør det ganske så behageleg å leve i Noreg, også som akademikar. Så får ein heller leve med at ein vanleg middag på restaurant fort kostar meir enn 300 kroner, at ein sjeldan får eit glas vin for mindre enn 70 kroner, og at kollegaene går heim tidlig kvar fredag.