Foto: Hæge Håtveit.

Den svært kjende professoren ved MIT og radikal offentleg intellektuell, Noam Chomsky, vitja Oslo i byrjinga av september. Gjennom tre dagar fekk folk høve til å høyre han snakke om filosofi, språkvitskap, og politikk. Og kva enn han snakka om, så var det fullt hus og vel så det.

Vitskapsmannen Chomsky er relativt forskjellig frå politikaren Chomsky. Eg vil her seie litt om vitskapsmannen før eg går over til å seie litt om politikaren.

Det er 52 år sidan Chomsky publiserte ei bokmelding som revolusjonerte språkvitskapen og gav startsskotet til det vi i dag kallar kognitiv vitskap. Meldinga gjorde det mogleg å studere mentale eigenskapar og evnar, og ho fekk djuptgåande konsekvensar for språkvitskapen, filosofien, psykologien, matematisk logikk og fleire andre tilgrensande fagfelt.

På 1950-talet rådde behaviorismen. Det einaste som eksisterte var det som kunne observerast. B.F. Skinner var den meste prominente forskaren som arbeidde med denne teorien, og i boka Verbal Behavior frå 1957 prøvde han å utvikle ein omfattande teori kring menneskeleg åtferd. Tesa var at all menneskeleg åtferd er ein respons på grunnlag av ein gitt stimuli. Det er kun det som kan observerast som er gyldig evidens. Ingen abstrakte eller mentale strukturar blir sett på som vitskapleg.

Chomsky tok livet av behaviorismen i meldinga si av Skinners bok ved å peike på kor lite en slik teori faktisk seier. Han gir ingen teori om språk og forklarer ikkje kvifor det bare er menneske som har evna til språk. Ei heller har teorien noko å seie om det faktum at barn lærer språk så kjapt og utan problem.

Alternativet som Chomsky utvikla seier at menneske har medfødde evner til å lære språk. Dette gjør greie for at det bare er menneske som kan lære og bruke språk kreativt. Enkelte andre artar kan lære ein del ord, og kanskje svært enkle setningar, men ikkje komplekse setningar av typen Jon veit at boka han skulle ha lese kostar mange pengar. Dessutan forklarer teorien korleis barn kan lære språk så kjapt: Barnet gjør bruk av den medfødde kunnskapen og treng difor ikkje lære alt.

Det viktigaste bidraget til Chomsky er nok likevel at han argumenterte for at språk er ein vitskap. Språket kan studerast på same måte som naturvitskapane. Vi kan lage hypotesar og teste hypotesane mot data. Vi opererer også med storleikar som i mange høve ikkje kan observerast direkte. Fysikken har også mange slike storleikar – tenk berre på partikkelfysikken. Og innom biologien er det velkjend at biologiske strukturar fører med seg restriksjonar. Nokre ting går bare ikkje. Det same gjeld språk. Chomsky og andre har overtydande synt oss kor viktig det er å sjå ikkje bare på det som er tillate, men også på det som ikkje er tillate. Kvifor, for eksempel, er det slik at ingen menneskelege språk tillater setningar av typen Boka laga Knut middag fordi at Ellen las. Ei slik setning gir ikkje meining, men om vi endrar litt på ho så går det bra: Knut laga middag fordi at Ellen las boka. Ein viktig del av chomskyansk grammatikk har vore å gi analysar av slike fenomen.

Det er naturleg nok andre syn på kva språk er. Men alle desse syna har vakse fram i opposisjon til Chomskys. I den forstand har han vore viktig fordi han har skapt ein referanseramme ein kan situere teorien sin i forhold til. Og usemja som eksisterer mellom språkvitskaplege rammeverk har i nokre tilfelle vore fruktbare. Men som i alle andre fag, så er det også slik at det ikkje alltid er så mykje dialog mellom desse rammeverka som det kanskje burde ha vore.

Som språkvitar har Chomsky vore utruleg produktiv. Og han har hatt fleire studentar enn dei fleste professorar. Alle som har studert under han veit kor raus han er med tida si. Ut frå dette perspektivet, så er det endå meir imponerande at han har hatt eit anna liv som politikar.

Sjølv om lingvisten Chomsky har vore radikal, så er det ingenting imot politikaren Chomsky. Anarkisten som gjennom fleire tiår har

vore ein av dei sterkaste kritikarane av amerikansk utanrikspolitikk. Då han var i Noreg, så snakka han til 2000 studentar i Chateau Neuf om, ja, nettopp, amerikansk utanrikspolitikk.

Sjølv om lingvisten Chomsky har vore radikal, så er det ingenting imot politikaren Chomsky. Anarkisten som gjennom leire tiår har vore ein av dei sterkaste kritikarane av amerikansk utanrikspolitikk. Då han var i Noreg nyleg, snakka han til 2000 studentar i Chateau Neuf om amerikansk utanrikspolitikk. Foto: Hæge Håtveit.

Temaet var USA sin posisjon i verda. Han argumenterte mot dei som trur at Kina vil ta over statusen som verdas mektigaste land. Den endringa som skjer, er heller at makta blir overført frå arbeidarar til dei rike. Men Chomsky snakka mykje om andre land også, mellom anna utviklinga i Libya. Han knytta dette til korleis det har vore i mange andre diktatur der USA har støtta diktatoren så lenge som muleg. USA gir først opp støtta når dei skjøner at diktatoren kjem til å falle. Derfor sa han at Vesten ikkje hjelper arabarane til å gjøre seg frie, og argumenterte for at den humanistiske dimensjonen ikkje har noko med saka å gjøre. Tvert om, meinte Chomsky, så må vi kunne vente at USA vil kjempe mot eit gryande demokrati i land der opp mot 90 prosent av befolkninga er kritisk til USA.

Dette var bare ein del av det Chomsky snakka om, men er veldig karakteristisk for tema han gjerne tar opp. Meir generelt så har Chomsky vore opptatt av å syne kor kynisk og egoistisk USA har vore i mange samanhengar. Og ikkje minst har han gjennom grundig dokumentasjon synt oss at politikarar og andre maktpersonar ofte har andre interesser enn dei som blir kommunisert. Denne analytiske aktiviteten har han drive med i mange år, og ikkje minst gjennom studium av dokument som tidlegare har vore klassifisert, så har han synt at stormakta i mange tilfeller gjør ting som mange meiner dei ikkje burde ha gjort. Chomsky har lenge også peikt på korleis media konserverer det biletet som politikarane teiknar, og korleis media ikkje gjør jobben sin ved å vere kritiske nok.

Naturleg nok er det mange som er kritiske til Chomskys syn. Det er ikkje målet her å gi ei uavhenging evaluering av kva han har gjort som politikar. Men det er ikkje tvil om at han har vore ein viktig dissident og ei viktig stemme i internasjonal debatt. Likevel er det slik at mange, særleg i USA, ikkje kjenner godt til han. Store aviser har ein tendens til å ikkje sleppe han til, slik at han har vore nøydd til å nytte meir nisjeprega media for å nå ut med bodskapen sin.

Mange lurer på kva tilhøvet er mellom lingvisten Chomsky og samfunnsdebattanten Chomsky. Sjølv meiner Chomsky at det ikkje er nokon relasjon. Andre har forsøkt å finne relasjonar, men det er nok relativt uklart kva samanhengen er, dersom det er ein samanheng. Det som er heilt klart, er at Chomsky arbeider like uttretteleg innom både lingvistikken og politikken, og har ein produksjon som dei fleste kan sjå langt etter. Meir enn 150 bøker og haugevis av artiklar har ført han opp på lista over dei 10 mest siterte personane i verdshistoria. Han er den einaste nålevande personen på lista, og Marx og Aristoteles er andre namn på den same lista.

Arva etter Chomsky kjem til å vere tydeleg i langvarig tid. Teoriane hans om språk har spreidd seg til andre vitskapar, som til dømes musikk og moralfilosofi, for å nemne to. Her har mange andre brukt metodane og tankegangen på heilt andre domene av menneskeleg kognisjon, og det har ført til at vi forstår desse domena betre enn vi gjorde tidlegare. I desse dagar er det mykje fokus på korleis generelle fysiske og biologiske lover speler inn på mentale prosessar, og det er all grunn til å tru at studiet av språkevna vår vil stå i sentrum for viktige oppdagingar på dette området også.