Foto: Jan Erik Grindheim

Hilde Barsnes er prest i Den norske sjømannskyrkja i New York. Då orkanen Irene truga Manhattan i slutten av august, inviterte ho og medarbeidarane hennar nordmenn i byen til å søkje ly i kyrkja. Til vanleg står meir religiøse, sosiale og kulturelle oppgåve på agendaen.

SS&S: Korleis er det å vere prest i Sjømannskyrkja i New York?

Fantastisk! Eg har vore her i tre og eit halvt år, og dette er verkeleg ein stasjon med masse liv. Det skjer like mykje her som i byen vi er ein del av. Kyrkja speiler litt av New York, med mange hyggjelege og spanande menneske som kjem innom, særleg frå kulturlivet. Ofte kjem kunstnarar hit og underheld for oss, eller, når det er musikarar som kjem, sit dei i kjellaren og øver. Dette gir kyrkja masse liv.

S&S: Korleis er kyrkjelyden samanlikna med heime?

Den er mest ny kvar haust. Det er sjølvsagt mange av dei same ansikta vi ser att år etter år, men det er alltid nokon nye. Dei kjem til New York for å freista lukka på denne tida av året. Nye studentar, nye familiar, nye kunstnarar eller andre. New York er som ein magnet på dei og vi ynskjer dei alle velkomen og vil gjerne vere ein møteplass for inkludering og bygging av nettverk for nordmenn her borte. Men samstundes er vi ei tydeleg kyrkje kor vi kan ta himmelljoset ned frå Gud og gje det vidare til dei som kjem hit. Det er viktig for oss å syne hjarterom og gjestevenleik, som våre verdiar er tufta på, men vi vil òg at dei som kjem til oss finn ein plass i Guds hjarte. Kyrkja skal vere ein stad kor vi tar alle menneske på alvor og gjev dei omsorg og kjensle av å møte eit medmenneske.

S&S: Rundt 800 000 nordmenn reiste til USA på 1800- og 1900-tallet. Korleis er den norske innflytelsen på USA i dag og korleis synes du USA påverkar det norske samfunnet?

Kor mykje Noreg påverkar USA veit eg ikkje. Vetle Noreg har nok ikkje så mykje å seie internasjonalt som folk trur heime. Vi har eit godt omdømme hjå Dei sameinte nasjonane fordi vi betaler mykje til organisasjonen per innbyggjar. Men noko stor politisk makt trur eg ikkje vi har. Det har vore mykje fokus på Noreg her borte på grunn av terrorhandlingane 22. juli, men det er vel ikkje akkurat slikt noko vi ynskjer å bli kjend for.

S&S: Kva med Alfred Nobel sin fredspris? Den har gått til to rimeleg profilerte amerikanarar dei siste åra – har ikkje det vore god reklame for Noreg?

Då president Barack Obama fekk fredsprisen vart Noreg langt på veg gjort til latter i amerikanske media. Innflytelsen går nok heller andre vegen – frå USA til Noreg. Men om det er alle dei nordmenn som emigrerte hit du har i tankane, så er det klart at noko påverknad har vi nok hatt i og med at det er fleire med anar i Noreg i USA enn folk heime. Særleg i Brooklyn, kor den norske kulturen sto sterk i mange år.

S&S: Kva rolle speler Sjømannskyrkja i sambandet mellom nordmenn og amerikanarar?

Vi arbeider primært inn mot norske nordmenn. Omdømebygging og liknande, tek Utanriksdepartementet seg av. Men i den grad vi rekk fram til nokre av norskamerikanarane her borte trur eg nok vi indirekte driv litt med dette vi òg. Etter terroren 22. juli var det rørande å sjå korleis naboane våre la blomar og tende ljos utanfor kyrkja. Men vi skal ikkje overvurdere dette og tru at vi har nokon stor plass hjå andre enn dei norske eller norskætta i USA. Om UD

ber oss om å vere med på spesielle tiltak knytt til omdømebygging i utlandet seier vi sjølvsagt ja til det, om det då ikkje gjeng ut over dei kyrkjelege oppgåvene vi har.

S&S: Du er prest. Kva tankar har du gjort deg om det amerikanske samfunnet?

Eg kom til USA fyrste gongen som student då eg var 23-24 år gamal og busette meg i Minneapolis. Det fyrste som slo meg var den utrulege oppdrifta eg møtte i det amerikanske skulesystemet og samfunnet elles. Det var veldig spanande å komme frå det norske inn i det amerikanske. Eg hadde allereie studert nokre år i Noreg, kor eg tenkte at då eg gjekk opp til eksamen skulle eg syne kva eg hadde lært det siste året. Medan eg her borte opplevde eit skulesystem kor dei antok at vi allereie kunne noko og at vi skulle vakse derifrå og bruke eksamen til å få fram det aller beste vi hadde. For meg vart dette ein utruleg opptur.

Dei raude prikkane syner sjømannskyrkjer, dei mørkeblå ambulerande sjømannsprestar og dei lyseblå Sjømannskyrkja sine studentprestar rundt om i verda i 2010. Då fekk Sjømannskyrkja 46 prosent av inntekta si frå gåver frå privatpersonar, 31 prosent i statstilskot, 12 prosent frå næringslivet, 8 prosent frå kyrkjeoppgåver og 3 prosent frå kurs og utleige. Kjelde: Årsmelding for 2010.

S&S: Den amerikanske draumen?

Ja, det handlar om den amerikanske draumen om at du kan arbeide deg opp frå ingenting. Heile samfunnet her borte er prega av denne positive tenkinga. Utruleg fascinerande for ein frå Noreg. Eg tenkar ofte at alle norske studentar skulle komme hit ein gong. No med dei nye gradene ved universiteta ligg forholda godt til rette for utveksling. Eg møter mange kunstnarar, skodespelarar, modellar og businessfolk frå Noreg gjennom prestegjerninga mi. Dei er her for å søke lukka og dei arbeider knallhardt både med det dei er her for og med andre ting for å kunne betale for å gjere det dei er her for.

S&S: Det høyrast slitsamt ut?

Det er imponerande korleis mange unge nordmenn tek utfordringar her dei kanskje aldri ville ha freista heime. Dette samfunnet, og ikkje minst dette byen, veit ikkje kva janteloven er. New York spesielt, men USA generelt, er kjemisk fritt for alt det janteloven seier oss. Dette er ein fascinerande skilnad mellom Noreg og USA. Eg trur det er godt for nordmenn å kome hit.

S&S: Så draumen om Amerika lever?

Ja, det gjer han, men draumane er annleis i dag enn tidlegare. For femti og hundre år sidan kom dei frå Noreg og andre europeiske land fordi dei ikkje hadde arbeid eller mat. Dei drog frå familiane sine utan von om nokon gong å møte dei att, medan dei i dag kjem for å realisera seg sjølve og har både skype og internett å kommunisera med. Det er ein annan situasjon og ein annan draum dei har i dag, og dei leste kjem nok heim att med gode minner.

S&S: Har Sjømannskyrkja nokon forvaltningspolitiske oppgåve for Noreg i utlandet ved sidan av dei reint kyrkjelege?

Dette er litt komplisert, for vi er ikkje ein del av den norske offentlege forvaltninga, men vi ligg kyrkjeleg sett under biskopen i Bjørgvin og er primært ei kyrkje for norske sjøfolk og nordmenn som oppheld seg i utlandet for kortare og lengre tid. Sjømannskyrkja er ein friviljug organisasjon og får 2/3 av midlane frå innsamlingar og donasjon for tenester, til dømes bryllaup, og andre tilskot, medan 1/3 kjem frå staten (sjå detaljar i teksten hjå kartet). Det har vore jobba for at stillingane i utearbeidet skulle betalast over statsbudsjettet, Jon Lilletun gjorde ein stor jobb med det, men til no har det ikkje skjedd. Vi har ein intensjonsavtale med UD om beredskap. Sjømannskyrkja driv eit omfattande beredskapsarbeid for nordmenn i utlandet saman med UD utan at det gjev seg utslag i noko tilskot. Difor må vi skaffa pengane sjølve. Vi har derimot mange avtalar med bedrifter og verksemder som gjev økonomisk støtte, gjennom det vi kallar beredskapsavtalar, og dei handlar i stor grad om kriseberedskap overfor deira tilsette som oppheld seg i utlandet.

SJØMANNSKYRKJA -NORSK KYRKJE I UTLANDET

Sjømannskyrkja er ein norsk friviljug organisasjon som vart stifta i 1864 og den fyrste kyrkja i Leith i Skottland vart sett opp i 1865. Sjømannskyrkjene er knytt til Den norske kyrkje og har hovudkontor i Bergen. Ho har kring 200 tilsette og har omkring 900 000 møter med menneskje over heile verda kvart år. Sjømannskyrkja har kompetanse å kriseberedskap og familierådgjeving i tillegg til dei tradisjonelle kyrkjelege oppgåvene dei utfører. Alle sjømannskyrkjene foretar dåp, konfirmasjon og gravferd, medan nokre av dei òg held bryllaup. Kjelde: www.sjomannskirken.no.