Kan eit moderne forskingsuniversitet bli framifrå samstundes som det skal vere eit universitet ”for alle”? Det spør Terje Lohndal frå universitet sitt i USA, University of Maryland, som likeins med Universitetet i Oslo (UiO) har fire nobelprisvinnarar. Skilnaden er at deira vinnarar er frå 1956, 1997, 2005 og 2006, medan UiO ikkje har motteke Nobelpris sidan 1989.

På bildet ser vi professor emeritus t.v. Thomas C. Schelling frå Uni- versity of Maryland, som saman med professor Robert Aumann frå Hebrew University i Jerusalem, fekk Nobelprisen i økonomi i 2005. Foto frå Nobelprize.org.

Kjære lesar,

Tora Aasland seier at 2011 er Vitskapsåret i Noreg. Det passar godt når Universitetet i Oslo (UiO) feirar 200 år. Det siste kjem til å bli markert i stor stil og vi kan bare håpe at det skaper meir merksemd kring vitskap i Noreg. Rektor Ole Petter Ottersen ved UiO skriv at UiO vil fokusere på frie forskarinitierte prosjekt og det er viktig. Grunnforskinga får generelt lite merksemd (ho var ikkje nemnd i det heile i Aaslands kronikk i Aftenposten då ho skreiv om Vitskapsåret like før jul), så ein kan jo håpe at dette vil hjelpe.

Eg håper fokuset på høgare utdanning også fører til at debatten om strukturen til denne held fram. UiO fekk mykje merksemd då den nye strategiplanen kom ut. Ottersen var både høgt og lågt for å snakke om kor gode UiO er og ikkje minst kor framifrå dei skal bli i 2020. Det er ikkje snakk om mindre enn eit internasjonalt toppuniversitet. Retorik- ken florerer, noko Fredrik Thue peiker på i ein god og underhaldande artikkel i Prosa.

Strategiplanar finst også i USA. University of Maryland (UMD), der eg held til, har også ein strategiplan. Den styrer det meste av det som skjer her på huset på ein svært konkret måte. Vår nestkommanderande (provost) held aldri ein tale utan at han nemner hjartebarnet sitt - strategiplanen vår ”Transforming Maryland: Higher Expectations”. UiO burde kanskje ta ein kikk på kva som skjer her. Men nå har vi fått ein ny president, Wallace D. Loh, som ikkje verkar å vere like tett knytta til denne planen. I sin State of the Campus Address i November signaliserte han at UMD må førebu seg på å ta imot mange fleire studentar i løpet av dei neste åra. Strategiplanen seier det motsette. Kven vinn – presidenten eller provosten? Det er nok ikkje usannsynleg at UMD må finne seg ein ny provost snart.

Denne konflikten reiser viktige spørsmål. Kan eit moderne forskingsuniversitet bli framifrå samstundes som det skal vere eit universitet ”for alle”? Debatten har gått varmt til tider i Noreg knytt til om UiO er eller skal vere eit eliteuniversitet. Om ein ser på universitet som Stanford og Harvard, så blir ein ofte forundra over kor få studentar dei faktisk har. Stanford har 15 000 studentar der bare i underkant av 7 000 er BA-studentar. Harvard har litt meir enn 20 000 studentar med rundt det same talet på BA-studentar. Det er ikkje mykje i eit land der det største universitet, Arizona State University, har meir enn 70 000 studentar.

Det er vanskeleg å få svært høg kvalitet når ein samstundes skal drive med masseutdanning. Difor er eg skeptisk til kva som nå skjer ved UMD og meiner at vi burde halde oss til den opphavlege strategiplanen. Men samstundes er det slik at eit statsuniversitet i USA må orientere seg etter kva staten ønskjer og treng. Presidenten vår sa det slik: ” Our challenge today is: how does the University of Maryland— the University of and for the people of Maryland, in service to the State, the nation, and the world—rise to respond to this great challenge and also great opportunity?” Svulstige ord, men det fortel alt om kor vanskeleg balansen mellom forskingssatsing og samfunnsansvar er for offentlege universitet i USA. I USA er staten mykje tydelegare på kva dei ventar av universiteta dei har – kanskje dette kunne vere noko for norske styresmakter å tenkje på?

Beste helsing Terje