Finansdepartementet fastsette 25. november 2010 ein standard kontoplan for statlege verksemder, som frivillig ordning frå 1. januar 2011, med sikte på obligatorisk innføring i 2014. Ei arbeidsgruppe i Senter for statleg økonomistyring (SSØ) har intervjua statssekretær Morten Søberg i Finansdepartementet om kontoplanen som styringsverktøy.

SSØ: Kva er dei viktigaste elementa som inngår i det pågåande arbeidet for å vidareutvikle rekneskapsfunksjonen i statsforvaltninga?

Søberg: Eg vil særleg nemne to element. Finansdepartementet har etablert ein felles, standard artskontoplan for verksemdsrekneskapa i alle statlege verksemder (forvaltningsorgan). Det er dessutan vedteke å vidareføre verksemdene sitt høve til, i samråd med sitt departement, å føre verksemdsrekneskapen etter andre prinsipp enn kontantprinsippet. Departementet har i samband med dette fastsett tilrådde, men ikkje obligatoriske rekneskapsstandardar etter periodiseringsprinsippet for statlege verksemder som har behov for tilleggsinformasjon om kostnader og eigedelar, som supplement til kontantrekneskapen.

SSØ: Finansdepartementet har understreka at prinsippa for statsbudsjettet og statsrekneskapen ligg fast, blant anna ved løyvingar etter kontantprinsippet. Kvifor er dette lagt som føringar for utviklingsarbeidet?

Søberg: Kontantprinsippet gjev eit godt grunnlag for finanspolitisk styring og politiske prioriteringar av ressursbruken. Vi ser òg at kontantprinsippet gjev best kontroll med staten sine utgifter. Dessutan gjev kontantbaserte løyvingar enkle og presise fullmakter frå Stortinget til forvaltninga. Alt i alt leier dette til direkte og tydeleg styring og full politisk kontroll med statens aktivitetar, i motsetnad til løyvingar baserte på bedriftsøkonomiske kostnadsomgrep. Det er ikkje aktuelt å opne for å endre rammene for den politiske styringa av statlege verksemder eller endringar i fullmaktene til desse. Finansdepartementet har difor presisert at statlege verksemder må kunne rapportere ein kontantrekneskap til statsrekneskapen uavhengig av kva føringsprinsipp dei brukar i verksemdsrekneskapen.

SSØ: Tidlegare kartleggingar har vist store variasjonar mellom statlege verksemder med omsyn til kva kontoplan og føringsprinsipp dei brukar for sine verksemdsrekneskapar. Kva ventar Finansdepartementet vil bli dei største vinstane for verksemdene ved auka standardisering på desse områda?

Søberg: Departementet har mellom anna lagt vekt på at standardisering vil gjere det enklare å samanlikne rekneskapsinformasjon. Dette gjeld til dømes samanlikning for å sjå utvikling i verksemda over tid, og mellom einingar i verksemdene. Vidare kan auka standardisering gjere det enklare å samanlikne eiga verksemd med andre statlege verksemder. Felles standardar vil òg kunne medverke til å auke kva- liteten i verksemdsrekneskapane.

SSØ: Kva vinstar vil standard kontoplan gje for andre enn verksemdene og deira overordna departement?

Søberg: Ein standard kontoplan i verksemdene legg eit grunnlag for at borgarane og ålmenta kan få auka innsikt i og lettare forstå utgiftsstrukturen i dei einskilde statlege verksemdene. Ein felles standard kontoplan gjer det òg mogleg å summere opp ressursbruken og dermed få oversikt over utgiftsstrukturen i staten samla sett. På sikt vil standardisering òg kunne gje meir effektiv forvaltning, mellom anna ved vegleiing og kompetanseutviking på rekneskapsområdet.

SSØ: Kva har vore dei vanskelegaste avvegingane mellom kva som er eigna for felles standardar på tvers av staten og kva som er eigna for tilpassing ut frå eigenarten til den einskilde verksemda?

Søberg: Omsynet til samanlikning på tvers av verksemdene og ønsket

Omsynet til samanlikning på tvers av verksemdene og ønsket om å få betre oversikt over utgiftsstrukturen i staten samla sett tilseier ein detaljert standard kontoplan. Det seier statssekretær i Finansdepartementet, Morten Søberg, til Senter for statleg økonomistyring i dette intervjuet dei har gjort med han. Foto: Tor Martin Bærum.

om å få betre oversikt over utgiftsstrukturen i staten samla sett tilseier ein detaljert standard kontoplan. Dette avgrensar verksemdene sin fleksibilitet til å byggje opp kontoplanen ut frå eigne behov og å synleggjere forhold som er viktige for eigenarten deira. Spørsmåla om kva detaljeringsnivå som skal vere ein felles standard, og reindyrkinga av kontoplanen som ein artskontoplan, har difor vore viktige problemstillingar når departementet fastsette standarden. Standarden opnar for at verksemdene kan byggje ut kontoplanen med fleire underkonti for å hegne om eigenarten og ta omsyn til særskilde behov.

SSØ: Standard kontoplan er fastsett som friviljug. Tyder det at verksemdene trygt kan vente til 2014 med å ta den i bruk, for å sjå om den vert obligatorisk?

Søberg: Finansdepartementet tek sikte på obligatorisk innføring i 2014, med ei opning for å vurdere erfaringar før vi tek endeleg avgjerd. Det bør difor vere monalege negative erfaringar i innføringstida for at obligatorisk innføring skal bli utsett. Det er friviljug kva tid kontoplanen skal takast i bruk før 2014. Ei lang innføringstid er valt både av omsyn til SSØ sin kapasitet til å støtte verksemdene ved innføringa og av omsyn til at verksemdene bør ha tid til å førebu endringa.

SSØ: Har Finansdepartementet noka forventning om at det særleg er nokre typar verksemder som vil velje å bruke eit anna føringsprinsipp enn kontantprinsippet og å ta i bruk dei friviljuge rekneskapsstandardane?

Søberg: Departementet har lagt til grunn at dei verksemdene som forvaltar monalege driftsmidlar som bygningar, teknisk utstyr og så bortetter, kan ha særleg behov for tilleggsinformasjon om kostnader og eigedelar. Det same kan gjelde verksemder som treng kostnadsinformasjon for å dokumentere kostnadsdekning ved fakturering til brukarar eller oppdragsgjevarar. Også andre verksemder kan ha nytte av denne tilleggsinformasjonen, og rekneskapsbasert kostnadsinformasjon kan vere føremålstenleg når verksemdene skal vurdere utviklinga i kostnadene over tid.

SSØ: Kva tiltak har Finansdepartementet sett i verk for at verksemder kan få hjelp ved innføring av dei nye standardane som departementet har fastsett?

Søberg: SSØ har fått eit oppdrag og auka ressursar for å hjelpe verksemdene med metodar, rettleiing og opplæring i samband med innføringa.

JAN ERIK GRINDHEIM