På same måte som Ministerrådet i EU skiftar formannskap mellom medlemmene, går òg formannskapet i Vestlandrådet på rundgang. For 2010 er det Møre og Romsdal som har formannskapet. Men kan Vestlandsrådet på same måte som EU samstundes forståast som eit territorielt partnarskap? Og er Vestlandsrådet som EU uttrykk for det professor Noralv Veggeland omtalar som eit post-nasjonalt demokrati? Sp ø rsm å lene stilles avø rsm å lene stilles avrsm å lene stilles avå lene stilles avlene stilles av Trond Ueland, seniorrådgiver Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Eg vil i denne artikkelen ta utgangspunkt i korleis Veggeland gjer seg nytte av statsvitaren Stein Rokkan sine teoriar om statsbygging for å forklare den institusjonelle forvandlinga som pregar nye territorielle struktureringsprosessar, og på tilsvarande vis forsøke å bruke same type analytisk verktøy for å analysere Vestlandsrådet2.

Veggeland meiner ein kan byggje det postnasjonale demokratiet på ein dualisme mellom ein tradisjonell demokratisk legitimitet tufta på liberale demokratiske verdiar, og eit meir deliberalt demokrati der ein må legitimere styring gjennom meir konkrete mål og resultat. Her vil avtale- og kontaktsbasert styring spele ei viktig rolle for å gje styringslegitimitet3.

Statsvitaren Stein Rokkan byggjer forståinga av nasjonalstaten på to dimensjonar – ein territoriell dimensjon, og ein medlem- skapsdimensjon, som igjen involverer kulturelle, økonomiske og politiske element. For å forstå denne dynamikken og sette den inn i ein prosessuell samanheng, nyttar Rokkan seg av tre ulike omgrep – eller ”arrangement” - ”demokratisk exit, lojalitet og stemme”. Og alle tre omgrepa speler ei særs viktig rolle i stabiliseringa av nasjonalstaten som ein politisk, territoriell organisasjon. Kan dei same arrangementa nyttast for å forstå regionale partnarskap som t.d. Vestlandsrådet?

Opphavleg nytta Rokkan seg av omgrepa for å for å forstå og forklare framveksten av den nye nasjonalstaten frå den spede start på midten av 1700—talet og fram til det vi i dag omtalar som ”vel- ferdsstaten”. I ein statsdannande samanheng vil omgrepet exit bety at ein som medlem i nasjonalstaten ikkje kan trekke eller melde seg ut. I skapinga av nasjonalstaten var det i tillegg viktig å skape ein nasjonal lojalitet. Og det måtte ein gjere gjennom sosiale institusjonar som òg sikra lojaliteten – ”system maintainance institutions” Her vil kultur og identitet spele ei viktig rolle. Det interessante i dag er at vi registrerer stadig symbolske forsøk på nasjonalbyggande prosessar og – tiltak, kanskje nettopp fordi vi står i ei tid med skifte frå ein utprega nasjonalstat til eit meir post-nasjonalt demokrati? I tillegg til dei to arrangementa – exit og lojalitet – peikte Rokkan på at ein òg måtte sikre demokratiske institusjonar som gjorde det mogeleg for innbyggjarane – medlemmene – å adressere makteliten – det vil seie den dimensjonen vi kan omtale som ”voice”.

Svekka nasjonalstatar

Utgangspunktet for å omtale både Vestlandsrådet og EU som terriorielle partnarskap innanfor eit post-nasjonalt demokrati, er mellom anna at nasjonalstatar i ein europeisk kontekst i dag framstår som svekka. Dette er det ikkje berre Veggeland som hevdar. Det blir òg støtta av fleire forfattarar, som til dømes Jon Pierre og B G Peters4, og R.A.W Rhodes5. Pierre og Peters meiner vestlege demokratiske statar i dag manglar evne til å leve opp til dei forventningar befolkninga har, medan Rhodes peiker på omgrepa ”policy mess” og ”hollowing out the stat” for å skildre dette meir inngåande. På den andre sida ser vi samstundes etableringa av mange nye grensedefinerte regionar. Dette er regionale konstruksjonar som er tufta på forhandla og avtalebaserte partnarskap gjennom kanalar og arenaer for reelle forhandlingsprosessar.

Vestlandsrådet som territorielt og strategisk partnarskap

I følgje vedtektene er Vestlandsrådet eit formelt samarbeidsråd etablert

Utgangspunktet for å omtale både Vestlandsrådet og EU som terriorielle partnarskap innanfor eit post-nasjonalt demokrati, er mellom anna at nasjonalstatar i ein europeisk kontekst i dag framstår som svekka. Her møter næringsminister Trond Giske arbeidsutvalget i Vestlands- rådet, fra venstre: Nils R Sandal, Sogn og Fjordane, Olav Bratland, Møre og Romsdal, Torill Selsvold Nyborg, Hordaland, og Tom Tvedt, Rogaland. Foto: Trond Ueland.

av dei fire fylkeskommunane, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Rådet skal vere utviklingsorientert, faglig og politisk fundert, og det skal særleg arbeide med interessehevding og politikkdrøfting om viktige politiske saker for Vestlandet, med sikte på å påverke nasjonal og internasjonal politikk.

Med utgangspunkt i vedtektene for Vestlandsrådet, må vi kunne seie at Vestlandsrådet tilfredsstiller kravet til det vi i dag omtalar som samstyring – eller ”governance” - i ein norsk kontekst. Samstyring kan vi med statsvitarane Asbjørn Røiseland og Sigre Irene Vabo definere som ein ikkjehierarkisk og målretta aktivitet der deltakarane er gjensidig avhengige av kvarandre og der avgjersler er basert på konsensus etter forhandlingar6. Denne måten å forstå samstyring – eller governance - på, ligg tett opp til både Pierre og Peters og Rhodes si forståing av nettverksstyring.

Vestlandsrådet meiner eg vil kunne karakteriserast som partnarskap / interkommunalt samarbeid. Partnarskap i denne samanhen- gen samsvarer elles godt med den teoretiske forståinga av omgrepet, til dømes slik Veggeland definerer partnarskap som eit forpliktande samarbeid mellom sjølvstendige parter i eit framforhanda interessefellesskap.

Vestlandsrådet og grunnlaget for ”exit, lojalitet og stemme”

I tråd med Rokkan kan vi seie at Vestlandsrådet er eit regional samarbeidsorgan med avgrensa territorielle grenser og som i følgje teorien samstundes reduserer høve for partnarane i rådet å melde seg ut, det vil seie høve for exit. I teorien vil forsøk på utmelding ofte bli møtt med ulike former for sanksjonar. Spørsmålet er kva som skal eventuelt til for å melde seg ut. Kanskje er det i røynda ikkje mogeleg å trekke seg ut før ein blir samde om å avslutte heile partnarskapen? Men skal ein forstå dette meir grunnleggande, må det gjerast ei meir empirisk analyse.

Med omsyn til lojalitet vil truleg det avtalebaserte partnarskapet i seg sjølv motivere for lojalitet. Veggeland peiker på at kulturelle og identitsmessige faktorar som ei regionalisering vil kunne vere – det vil seie ein form å finne attende til sine røter og historie – òg vil vere med å skape lojalitet. For Vestlandet sin del er nettopp lojalitetsdimensjonen grunnlaget for at det vart utarbeidd ei eiga landsdelshistorie for Vestlandet i 2006, ”Vestlandets Historie” i 3 bind. Skapar den type institusjonell historieskriving lojalitet til eit territorielt landsdelsråd som Vestlandsrådet er?

Trond Ueland, seniorrådgiver Sogn og Fjordane fylkeskommune, Vestlandsrådet. Foto: Øyvind Lyslo.

Ein må sjølvsagt vere varsam med å overføre analytiske modellar for statsbygging til å forstå korleis territorielle partnarskap som Vestlandsrådet er konstituert og agerer. Likevel meiner eg statsvitaren Rokkan sin analysemodell for å forstå framveksten av nasjonalstaten, òg er gyldig for å kunne forklare territorielle partnarskap i Noreg og i dagens Europa.

Men om grunngjevinga for etableringa av EU djupast sett var tufta på å unngå ein ny verdskrig, er det naturleg nok ikkje slike utfordringar Vestlandsrådet står overfor. Den nasjonale dimensjonen har nok vore den viktigaste der ein særleg har vore oppteken av å kunne etablere ein regional strategi med tyngde mot sentrale styresmakter mellom anna for å hevde interesser om auka regionalt sjølvstyre. Slik sett er Vestlandsrådet med på å skape ein form for terrioriell lojalitet og ”stemma” inn mot til dømes sentrale styresmakter slik vi ser det i fleire einskildsaker.

Rådet med sine fem representantar frå kvart fylkesting, til saman 20, liknar elles meir på den tradisjonelle ”voice” modellen med valde representantar som sit i konstitusjonelle råd. Ulikskapen er den ”doble” indirekte valdimensjonen, dvs at medlemmene i fylkestinga er indirekte valde og desse igjen sender noen av sine representantar til Vestlandsrådet. Det kan sette fleire ulike krav til å handtere den demokratiske dimensjonen. Det eine er spørsmålet om demokratisk underskot som føl av alle former for indirekte valde styre og råd. Det andre er knytt til dualismen mellom ein tradisjonell demokratisk legitimitet – in-put demokratiet -, og eit meir deliberalt demokrati – out-put demokratitet -, med vekt på styring gjennom meir konkrete mål og resultat. Mitt tips er nok at Vestlandsrådet vil ha stort fokus på det siste.

I tillegg er det slik at Vestlandsrådet i tråd med vedtektene primært er eit politisk organ, i mindre grad eit operativt organ. Vestlandsrådet er altså djupast sett etablert for å gje Vestlandet ”ei stemme”. Denne ”stemma” kopla med eit kulturelt og identitetsmessig fellesskap og utfordringar med å melde seg ut av den territorielle fellesskapen, gir truleg eit godt eit institusjonelt rammeverk for Vestlandsrådet.

trond.ueland@sfj.no

Sluttnoter:

  1. Denne artikkelen er opphavleg ein lengre artikkel og er skreve som ei første skisse til ein nærare studie av nettopp Vestlandsrådet, sett i eit post-nasjonalt styringsperspektiv.

  2. Noralv Veggeland viser i ein artikkel, ”Post-national governance and transboundary regionalization” frå 2004, korleis ein kan gjere seg nytte av statsvitaren Stein Rokkan sine teoriar om statsbygging for å forklare den institusjonelle forvandlinga som pregar nye territorielle struktureringsprosessar.

  3. Veggeland, N. (2003): Det nye demokratiet – et politisk laboratorium for partnerskap. Kristiansand: Høyskoleforlaget.

  4. Pierre, J. og B. G. Peters (2000): Governance, Politics and the State. New York: St Martins Press Inc.

  5. Rhodes, R. A. W. (2003): Understanding governance. Policy Networks, Governance, Reflexibility and Accountability. Berkshire: Open University Press.

  6. Røyseland, A. og S. I. Vabo (2008): ”Governance på norsk Samstyring som empirisk og – analytisk fenomen”. Norsk statsvitenskaplig tidsskrift Nr. 01-02, 2008.