USA slit med store helseproblem, ikkje minst i samband med livsstilssjukdommar. Kan hende den nye reforma også kan vere med på å g jøre noko med dette etter kvart.

Kjære lesar,

USA ser ut til å ha blitt sosialistisk. Kva anna skal ein tru når styresmaktene med president Obama i spissen har gjort noko så radikalt som å innføre offentleg helseforsikring. Dette perspektivet, som nok verkar framand for nordmenn flest, er likevel noko ein ofte har hørt dei siste månadene mens debatten har rast.

I utgangspunktet skulle ein tru at offentleg helseforsikring var ein god tid. Det gjør det muleg for fattige å få helsebehandling når dei treng det, og det viskar ut eit skilje mellom dei som har helseforsikring gjennom arbeidsstaden og dei som ikkje har dette. Ei offentleg helseforsikring kan kanskje også gjøre noko med det vanvittige prisnivået på helsetenester i USA. Her er det ingen nåde, same kor sjuk du er.

Sjølv om desse argumenta kan verke overtydande, så er det ein stor populasjon i USA som er mot den nye helseforsikringa. Det har ofte undra meg, og eg har difor snakka med mange amerikanarar om nettopp dette spørsmålet. Fleire faktorar speler ei rolle.

Eit system med privat helseforsikring gir størst muleg fridom for innbyggjarane. Så lenge du har råd, så kan du velje akkurat kva for forsikringsselskap og type forsikring du ønskjer. Valfridom går direkte til hjarterota av det amerikanske samfunnet for mange, og derfor kan ikkje denne innskrenkast på nokon som helst måte.

Mange amerikanarar er også redde for å la styresmaktene ha noko med helsa deira å gjøre. Det er velkjend at mange amerikanarar har ei inngrodd mistru til styresmaktene, og stoler ikkje på at dei vil gi dei det beste. Ein vaksen amerikanar er i stand til å ta vare på seg sjølv, og også til å avgjøre kva som er best for helsa hennes.

Legeindustrien er ein annan faktor. Denne har mykje makt, og tener svært gode pengar på det nåverande systemet. Det er sannsynleg at eit offentleg helsesystem vil presse prisane ned, og det er naturlegvis folk som lever av desse tenestene lite interessert i.

Kva er det som gjør at helse har blitt slik ein pengemaskin i USA? Ei årsak er frykt for søksmål. Legane har skrudd opp prisane for å vere budd til å handtere store søksmål frå pasientar som ikkje er nøgde. Måten legane bur seg på er gjennom å forsikre seg mot slike ting, og her har vi då ein sjølvforsterkande sirkel. Vinnaren i alt dette ser ut til å vere forsikringsselskapa og bare dei.

Mitt inntrykk er at mange amerikanarar er positive til det nye systemet. Detaljane er framleis uklare, så ingen veit akkurat korleis det nye systemet blir og kva konsekvensane blir. Likevel kan ein håpe at folk med låg inntekt nå kan få den legebehandlinga dei treng. USA slit med store helseproblem, ikkje minst i samband med livsstilssjukdommar. Kan hende den nye reforma også kan vere med på å gjøre noko med dette etter kvart.

Terje Lohndal

terje@umd.edu