OPENHEIT SKAPER TILLIT HOS INNBYGGJARANE sa kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding frå 12. desember 2008 om ein ny proposisjon for Stortinget med lovendringar for å sikra tillitsskapande forvaltning i kommunar og fylkeskommunar (Ot.prp.nr.17 (2008-2009). Det same kan vi seie om grunnane til å endre offentleglova, tema i dette Stat & Styring. ”Eg har forventningar til at den nye offentleglova saman med lovendringane eg no foreslår, vil medverka til at kommunane og fylkeskommunane vert meir opne for innbygg jarar og media,” seier Kleppa. Vi skreiv om dette og i Stat & Styring 4-2008, då med fokus på den nye offentlege elektroniske postjournalen. I dette nummeret er det møtet med offentleglova spesielt, og prinsippa for ei open forvaltning generelt, vi er opptekne av. Sivilombodsmann Arne Fliflet seier i temaintervjuet at ”en god og oppdatert offentlighetslov er en forutsetning for en levende debatt i et levende demokrati.” Politikarane må stå til rette for sine meiningar og forslag kvar dag i møte med eit stadig meir pågåande pressekorps. Men forvaltninga har i forbausande grad fått lov til å halde ting hemmeleg for pressa, sjølv om grunnane ikkje alltid har vore like vel argumenterte for. Professor i jus, Hans Petter Graver, tek opp prinsippa for ei god offentleglov i samband med dette, medan leier for samfunnsavdelinga i Dagbladet Martine Aurdal og redaktør i vekeavisa Dag & Tid, Svein Gjerdåker, g jev oss pressa si grunng jeving for kvifor openheit i forvaltninga er viktig. Nett før bladet g jekk i trykken fekk vi og eit intervju med redaktørane av ei heilt fersk bok om emnet: Innsyn – om korleis vi kikkar byråkratar og politikarar i korta, redigert av Arne Jensen og Finn Sjue. Deira syn er at eit opent demokrati er utenkjeleg om ikkje alle har rett til innsyn i forvaltning og politikk.

Red.