RIKDOM GJER OSS IKKJE LUKKELEGE, HAR BI-FORSKARAR SLÅTT FAST.

Det einaste som vekker undring. er at nokon økonom har undersøkt om så skulle vera tilfelle. For det er eit aksiom i samfunnsøkonomien at nytte er subjektivt. Og «lukke» er så definitivt noko som kjem i denne kategorien.

Lukke handlar om å ha gode kjensler. Ein indre varme nørt av sjeleleg velvære. Det fysiske velvære kan kalla fram det sjelelege. Men røynleg lukke er ein reint sjeleleg tilstand kalla fram av forelsking, kjærleik, frelse eller godt samvit. Slik sett ligg lukka bortanfor økonomien. Og følgjeleg utanfor velferdsstatens tradisjonelle felt. Trua på at berre folk hadde arbeid, nok mat og godt hus ville dei verta lukkelege er for lengst forbi. Snarare tvert imot, dersom uromeldingane frå psykiatrien og skulen står til truande.

No er velferdsstaten slik vi har han i Noreg faktisk ein reint samfunnsøkonomisk storleik tufta på likninga inntekt = tilfredsstilling av individuell trong = lukke. Den skulle fremja timeleg lukke. Som altså er ei sjølvmotseiing – gitt lukkas karakter som ein rein sjelstilstand.

Den norske staten abdiserte sitt ansvar for det sjelelege med opphevinga av Konventikkelplakaten. Ansvaret for personleg lukke vart privatisert som ein del av den ålmenne liberaliseringa av Noreg midt på 1800-talet. Fører vi kurvene for velstand og lukke attende frå 1970 kan det godt vera vi finn eit likevektspunkt ein stad på 1840-talet. Det heftar metodeproblem ved dette – men det er freistnaden verd.

At vi er rike utan å vera lukkelege fangar oss i ein ulykkesspiral som dreg oss ned i svart mismot, depresjon og sjelenaud. Som det faktisk ligg til velferdsstaten å gjera noko med.

Og som Stortinget gjorde noko med førre året då det avkriminaliserte betleriet. Tigging er, som marknadstransaksjon, sal av godt samvit. Den som tiggar, sel den varme kjensla av godt samvit til den som gir han pengar, og får dei pengane han treng til å halda kropp og sjel saman – og får godt samvit ved å gjera nesten den store tenesta det er å gjera nokon lukkeleg. I denne transaksjonen vert trongen til lukke stetta for begge partar på ekte postmoderne vis: Med det same. Utan dei statlege mellomledd som forvrenger den lukka alle burde kjenna ved å få betala skatt og folketrygdavgift . Den samanhangen er indirekte, og skjemt av instrumentalistisk tvil om det nyttar å kasta pengar på problem.

Tigging vert i dette perspektivet den lukkespreiande mekanisme velferdsstaten til no har sakna.

Det Stortinget gløymde var å syta for ei høveleg organisering av tigginga innan rammene av velferdsordningane våre. Skal tigginga få sin rettmessige plass i velferdssamfunnet må ho regulerast på same måte som andre nyare og alternative former for velferd har fått sin plass i systemet.

Problemet er på den eine sida at tigging er ei form for personleg tenesteyting, ei næring som er som skapt for enkeltmannsføretaket. Men næringa saknar naudsynt regulering. Det fysiske arbeidsmiljøet let mykje attende å ynskja. Er sal av godt samvit momspliktig? Skal uføretrygda som tiggar få avkorting i trygd dersom dei tener meir enn inntektsgrensa? Og finst dei tiggarar som det openbert ikkje er synd på, og som difor ikkje sel godt samvit. Er ikkje deira verksemd i strid med Marknadsføringslova?

På den andre sida: Er det rett å leggja ein så viktig velferdsfunksjon til privat sektor? Skal pengar bestemma kven som skal verta lukkeleg?

Om tigging skal leggjast til primærkommunens sosialetat, fylkeskommunal psykiatri eller det statlege NAV skal vera usagt. Eit samarbeid med tredje sektor er også eit alternativ. Men lukkespreiing er ei så viktig velferdsoppgåve at det er eit klårt statleg ansvar å finna ein tenleg organisasjonsskipnad for tigging i Noreg.

Pal.Bakka@ub.uib.no

Skal tigginga få sin rettmessige plass i velferdssamfunnet må ho regulerast på same måte som andre nyare og alternative former for velferd har fått sin plass i systemet, seier Pål H. Bakka. Illustrasjonsfoto: Scanpix