SPRÅKET ER AVGJØRANDE VIKTIG NÅR DET GJELD DEN DEMOKRATISKE SIDA AV STATEN OG STYRINGA AV DEN, OG FOR Å SKAPE LEGITIMITET GJENNOM IDENTITETSUTVIKLING.

Kva har språk med stat, styring og makt å gjøre? Ein naturleg plass å leite er i Maktutgreiinga frå 2003. I sluttrapporten er det eit kort kapittel med tittelen Det koloniale språkhierarkiet. Ingressen verkar lovande: «Norsk er i ferd med å bli et underlegent språk. Dette har dyptgripende konsekvenser kulturelt sett, men også for makt og demokrati» (NOU 2003: 45). Men dessverre blir ikkje spenninga utløyst, og kva for ”dyptgripende konsekvenser for makt og demokrati” dei tenkjer på får vi ikkje greie på.

Drøftinga av engelsk er noko overflatisk, og handsamar ikkje spørsmål knytt nettopp til stat og styring. Resten av plassen blir nytta som venta, på nynorsken. Kva med å heve hovudet og sjå utover Noreg, og bruke Europa og EU som basis for å seie noko om tilhøvet mellom stat, styring og språk? At språk speler ei sentral rolle i politikken, såg vi sist på EUs vårtoppmøte i slutten av mars i år. Der reiste president Jacques Chirac seg og tok med seg den franske delegasjonen ut frå eit møte då ein fransk diplomat tok til å snakke engelsk. «Vi ville ikkje høyre på det!» var Chiracs kommentar til media neste dag.

Ei generell oppfatning er at EU har vore eit positivt prosjekt for den språklege situasjonen i Europa med sine 20 offisielle språk. Årsaka er at EU har hatt eit aktivt fokus på å halde på den multispråklege situasjonen, noko som blant anna reflekterast gjennom Unionens motto united in diversity. Særleg har ein trudd at dette har vore positivt for dei mange minoritetsspråka som ikkje har status som offisielle språk i EU. EU sjølv reknar med at det finst rundt 150 i den siste kategorien, men dette er sjølvsagt avhengig av korleis ein definerer termar som språk og dialekt.

Dersom ein hadde valt eitt eller nokre få språk, hadde mange følt seg forbigått, og EU hadde i endå større grad blitt oppfatta som eit eliteprosjekt.

EU har eit enormt apparat i sving når det gjeld omsetjing. Alle viktige dokument omsetjast til alle språk, og mange møte blir også simultanomsett. Føremålet er nettopp å sikre nasjonalspråka. Eit alternativ kunne ha vore å ha valt eitt sams språk, men dette har fleire problem. Først og fremst er det svært sannsynleg at EU aldri ville ha blitt sams om kva for språk dette skulle vere. Dei fleste vil naturleg tenkje på engelsk, men Chiracs irritasjon på toppmøtet i mars syner nettopp at franskmenn aldri hadde godtatt dette, og truleg heller aldri tyskarar. Den tyske forbundskanslaren snakkar aldri engelsk; alltid tysk.

Eit anna alternativ kunne derfor vere å basere seg på desse tre store språka. Problemet er igjen at mange ville følt seg forbigått, i tillegg til at mange ikkje kan eitt eller fleire av desse. Utvidinga austover har også komplisert den språklege situasjonen fordi mange av språka der er svært ulike dei vesteuropeiske.

Løysinga EU har valt, er todelt. Europakommisjonen baserer seg på tysk, engelsk og fransk som arbeidsspråk, medan alle dokument blir omsett til alle språk når dei er ferdige. Europaparlamentet har derimot valt å basere seg på seks hovudspråk som alt blir omsett til. Desse er: tysk, engelsk, fransk, polsk, italiensk og spansk. Dokument som skal omsetjast til alle språk, blir så omsett frå eitt av desse seks språka. Dermed reduserer dei behovet for omsetjarar, utan å redusere kvaliteten tilsvarande. EU har eit solid kvalitetssikringssystem, og i tillegg er moderne omsetjingsteknikkar så gode at hovudtydingane rimeleg lett kan overførast frå språk til språk.

Det språklege speler ei viktig rolle når det gjeld spørsmålet om identitet. EUs linje

Kjelde: Special Eurobarometer. Europeans and their Languages 2006.

i språkspørsmålet er eit strategisk lurt val, nettopp fordi det ikkje utfordrar denne delen av identiteten til folk. Dersom ein hadde valt eitt eller nokre få språk, hadde mange følt seg forbigått, og EU hadde i endå større grad blitt oppfatta som eit eliteprosjekt. I tillegg styrkjar moglegheita til å bruke sitt eige morsmål i institusjonane til EU også EUs legitimitet blant folk i medlemslanda. Ved fjernsynsoverføringar ser folk at deira representantar taler sitt eige språk, og identifiserer seg i større grad med dei enn om vedkommande hadde snakka engelsk. Ikkje minst er språkvalet også ei stor støtte for EU som institusjonelt system.

Sjølv om mange er gode i engelsk, blir det aldri det same som morsmålskunnskapen. Derfor er ein stor styrke for representantane at dei kan bruke morsmålet, og dermed enklare kan leggje fram avanserte resonnement og argument til støtte for saka si. Igjen får det også konsekvensar for rolla deira og oppfatninga folk heime har av dei. Ein representant som faktisk kjempar for heimlandet sine interesser har naturleg nok også auka sjansar til å bli gjenvalt, og han eller ho kjempar (sannsynlegvis) best på det språket dei meistrar fullgodt.

Då kan ein spørje seg kvifor EU ikkje møtar stormande jubel hos folk i medlems- landa, og kvifor til dømes forslaget om ein ny konstitusjonell traktat for Europa ikkje gjekk gjennom i Frankrike og Nederland sist år. Utan å ta opp den siste saka, så er det klart at språket aleine ikkje etablerer verken ein europeisk identitet eller teiknar eit rosenraudt bilete av EU. Det vi likevel kan seie, er at situasjonen hadde vore garantert mykje verre om språkpolitikken hadde vore annleis.

Tilhøvet mellom bokmålet og nynorsken er interessant, men det er meir interessant å sjå på kva konsekvensar utviklinga i til dømes EU har for Noreg.

Kanskje kan det også tenkjast at språk-politikken på sikt kan auke engasjementet fordi EU publiserer mykje av det som set dagsorden, på nasjonalspråka. Omsetjinga av konstitusjonstraktaten gjorde det definitivt mogleg med ein større og meir open offentleg debatt, der ikkje minst media hadde ei enklare tilgjengeleg kjelde til kunnskap. Uavhengig av framtidsutviklinga, er det klart at språkpolitikken bidrar til å gjøre EU til ein demokratisk institusjon.

Dei nasjonale språka i EU har blitt styrka som eit resultat av den europeiske integrasjonen. For mange vil det vere kontraintuitivt. Årsaka er at engelsk er rundt oss på alle kantar, og at vi til dømes i Noreg ser store selskap skifte til engelsk som kommunikasjonsspråk. Dersom EU mot slutten av 1980-talet hadde gått over til å bare bruke engelsk som kommunikasjonsspråk, er det truleg at styresmaktene i mange av medlemslanda ville ha lagt om til å bruke meir engelsk i byråkratiet enn dei faktisk gjør i dag. Intensjonen bak ei slik omlegging ville ha vore krystallklar: Det ville ha vore mykje enklare, både tids- og kostnadssparande, å bruke det same språket enn å omsetje og adaptere alt inn i forskrifter og lovar på nasjonalspråket.

Globaliseringa og spreiinga av engelsk skjer og har skjedd uavhengig av EU, men hadde ikkje EU sett i verk den politikken dei gjorde, så hadde engelsken hatt endå eit hinder mindre å hoppe over. Vi vil sjølvsagt aldri kunne empirisk stadfeste ein slik hypotese, men det er langt frå ei ulogisk følgje dersom EU hadde valt ei slik linje. I staden valde dei annleis, og resultatet er at landa brukar nasjonalspråket som språk i byråkratiet. Dette er eit demokratisk gode, og ei styrke for både EU og nasjonalstatane. Graden av transparens blir ein heilt annan, og moglegheitene for innbyggjarane og media til å kontrollere og skaffe seg informasjon blir betre enn om kommunikasjonen hadde vore på eit framandspråk.

Språket er altså avgjørande viktig når det gjeld den demokratiske sida av staten og styringa av den, og for å skape legitimitet gjennom identitetsutvikling. Derfor kan eg hevde at Maktutgreiinga i større grad burde ha fokusert også på slike aspekt. Tilhøvet mellom bokmålet og nynorsken er interessant, men det er meir interessant å sjå på kva konsekvensar utviklinga i til dømes EU har for Noreg. I kva for grad har EØSavtalen spelt ei rolle når det gjeld språk-politikken, og har denne avtalen fungert bremsande for vår del også? Det har ikkje vore rom for å gå inn på slike spørsmål her, men dei er absolutt aktuelle tema for framtidig forsking.

Noter

1 Sjå European Commission. 2004. Many tongues, one family. Languages in the European Union. Luxembourg: Office for Official Publications of the European Communities.

terjeloh@student.hf.uio.no