Fjordantologien 2021 er prega av det som Noreg og verda har gått igjennom sidan vi tidleg i 2020 fekk ein pandemi som medførte at våre vanlege rutinar og arbeidsmåtar brått vart endra. Forskarar kunne ikkje møtast som før, feltarbeid vart sett på vent eller endra, og undervisnings- og evalueringsmåtar ved universitet og høgskular vart lagt om til digital undervisning og heimeeksamen.

Fjordantologien har sidan den første utgåva kom ut i 2013, vore basert på presentasjonar og artiklar på Fjordkonferansen året før. Fjordantologien 2021 følgjer dette mønsteret og er eit resultat av Fjordkonferansen 2020, men i 2020 var det ikkje høve til å møtast fysisk til konferanse, verken i juni, som først planlagt, eller i november. Temaet for konferansen, stadutvikling, var inspirert av forskinga kring dette temaet knytt til forskingsgruppa Nordic Place Research ved Høgskulen på Vestlandet.

Fjordkonferansen 2020 vart den første, og vi vonar den einaste, digitale Fjordkonferansen som må gjennomførast. Sjølv om den digitale konferansen fungerte godt med gode presentasjonar, tilbakemeldingar og drøftingar, så gjer fråværet av personlege møte at vi ikkje har kunne støtta opp under ei av målsettingane med Fjordkonferansen, som er å vere ein samlingsstad for «utveksling av kunnskap og erfaringar og – ikkje minst – for nettverksbygging mellom fagmiljøa i regionen» .

Mottoet for Fjordkonferansen er «av fagfolk, for fagfolk», og då Fjordkonferansen 2020 vart gjennomført digitalt den 12. november, var det om lag 30 fagfolk som var med på presentasjonane og førebudde tilbakemeldingar på 17 artikkelutkast. Deltakarane var frå Høgskolen i Molde, NTNU Ålesund, Høgskulen i Volda, Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet.

Det faglege ansvaret for Fjordkonferansen har sidan 2013 gått på omgang mellom fagfolk ved studiestadane Sogndal og Førde, Molde, Ålesund og Volda og dei regionale forskingsinstitutta i regionen. Fjordkonferansen 2020 vart arrangert av Høgskulen på Vestlandet, og arrangementskomitéen bestod av Leif Longvanes, Veronika Trengereid og Torbjørn Årethun.

Fjordantologien 2021 har 14 artiklar som etter presentasjonen og tilbakemeldinga på Fjordkonferansen har vore gjennom dobbel blind fagfellevurdering. Sjølv om talet på artiklar er lægre enn det som har vore normalt i dei seinare utgåvene av Fjordantologien, har forfattarane og fagfellane levert bidrag som gjer at resultat har høg kvalitet.

Redaksjonen for Fjordantologien 2021 har vore Leif Longvanes, Eli Bjørhusdal, Joar Fossøy, Dorthea Sekkingstad og Torbjørn Årethun, alle fagtilsette ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal. Redaksjonen vil nytte høvet til å takke dei som har delteke som opponentar og fagfellar i det dugnadsarbeidet som det er å gje ut ein vitskapleg antologi. Tusen takk til dykk alle!

Utan finansiell stønad kunne Fjordkonferansen og Fjordantologien ikkje ha vorte realisert. Følgjande bidragsytarar har gjort arbeidet mogeleg: Sparebanken Møre, Høgskolen i Molde, Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda og NTNU. Tusen takk for dykkar bidrag til fagleg utvikling og samarbeid i «Fjordregionen». Sogndal, mai 2021

Leif Longvanes, Eli Bjørhusdal, Joar Fossøy, Dorthea Sekkingstad og Torbjørn Årethun