Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}
<StadutviklingKapittel 10 av 16

9. Geografi og tiltakslyst: tvilsame mytar eller snev av sanning?

Georg Arnestad (f. 1948), tidlegare seniorrådgjevar ved HVL og kulturforskar, med bl.a. mangeårig tilknyting til Kulturrådet. Har skrive fleire forskingsrapportar og fagartiklar frå det kulturpolitiske feltet. Forskingsområde: nasjonal og regional kulturpolitikk, kunstnarpolitikk, regionutvikling.

Torbjørn Årethun (f. 1964), samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo og dosent i samfunnsøkonomi ved Høgskulen på Vestlandet. Han har bakgrunn frå oppdragsforsking og offentleg forvaltning. Faglege interesseområde er regional utvikling, entreprenørlyst blant ungdom og fornybar energi.

Jon Gunnar Nesse (f. 1952), dosent emeritus innan organisasjon og leiing frå HVL og prosjektmedarbeidar på Vestlandsforsking. Medforfattar i fleire lærebøker. Forskingsområde: entreprenørskap, innovative bedriftsnettverk og vilkår for overgang til fornybar energi.

Med data frå ein studie av entreprenørlyst og proaktiv personlegdom (eldsjelfaktor) blant ungdom i Sogn og Fjordane, leiter vi etter samanhengar mellom geografisk opphav og tiltakslyst. Vert mytane om slike skilnader stadfesta? Vi finn ingen skilnader i entreprenørlyst. Men kystgutar har høgare og sognejenter lægre eldsjelfaktor enn andre ungdomar i fylket. Mytane stemmer altså delvis, men berre når vi tek med kjønn som analysefaktor.

Nøkkelord: eldsjeler, entreprenørlyst, futedøme, indre strøk, kystkommunar, mytar

With data from a study covering entrepreneurial intensions and proactive personality among young people in Sogn og Fjordane, we look for correlations between geographical origin and entrepreneurial skills. Will myths about such differences be confirmed? We found no differences in entrepreneurial intensions. But coastal boys had a higher and girls from Sogn had a lower proactive personality than other youths. Therefore, myths partly prove to be true, but only when gender is included in the analysis.

Bakgrunn

Innleiingsvis vil vi presentere mytane om folk som bur i dei tre futedøma i Sogn og Fjordane, og kva mytane eventuelt seier om skilnadene i tiltakslyst, arbeidsvilje og arbeidsevne. Deretter presenterer vi statistikk som syner om det er eventuelle skilnader mellom futedøma når det gjeld sysselsetjingsgrad og talet på nyetablerte bedrifter. Dette er variablar som kan seie noko om skilnader i tiltakslyst mellom futedøma.

Mytane om futedøma

Ein myte var opphavleg ei forteljing om gudar og andre overnaturlege vesen, overlevert i munnleg form frå ein generasjon til ein annan. Ordet myte vert i dag nytta i ei vidare tolking, som ei forteljing om korleis verda er, korleis ho har vorte slik, og korleis ting heng saman på mange område. Mytar skil seg frå soger, fablar og epos ved at mange meiner mytar inneheld ein kjerne av sanning. Andre ser på ein myte som ei sjølvinnlysande sanning, men uansett kan mytar vere eit godt utgangspunkt for ei vitskapleg gransking.

Historisk sett har ein i Sogn og Fjordane lenge vore opptekne av kva for trekk som karakteriserer sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar, og kva som skil dei frå kvarandre. Tradisjonslitteratur har sidan midten av 1800-talet stort sett formidla dei same oppfatningane om folket i dei tre gamle futedøma.

«Største skilnaden på folk i Sogn og Fjordane fylke finn me mellom indresogningar og sunnfjordingar. Nordfjordingane kjem på ein måte midt mellom, ikkje geografisk, men åndeleg.» Slik innleier sogningen Jens Brekke (2010) boka si Dei seie so … om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen. På baksida av boka si summerer han opp: «Er sogningane hakkande galne, sunnfjordingane tilsvarande trege og nordfjordingane midt imellom?» Ja, seier Brekke (2010), og viser med fynd til både Eilert Sundt og Amund Helland. Sistnemnde karakteriserte i sitt verk om Nordre Bergenhus amt folk i dei tre futedøma på måtar som nok appellerer til ein humorist som Brekke:

  • Sogn: «Befolkningen er ikke særdeles høi, mest af middelhøide, men velvoksen, muskuløs, kraftig og rask. … Sogningens sind er lyst og let som hans tale og hans bevægelser, og noget ustadigt er der over ham» (Helland, 1901, s. 580).

  • Sunnfjord: «Medens sogningen er spræk og letvindt, raptunget, livlig og ilter og tildels noget uvorren, er søndfjordingen mere tung og træg og af en stilfærdig og sendrægtig karakter» (Helland, 1901, s. 582).

  • Nordfjord: «Den indre fjord- og dalbefolkning er en vakker, slankbygget, muskuløs og kraftig race, seig og udholdende, og den giver endel af vort lands bedste soldateremner med en høi dygtighedsprocent … » (Helland 1901, s. 583).

Men det er ikkje berre humoristen Jens Brekke og ironikaren Einar Førde (Førde, 2002a; 2002b) som har drege fram desse markerte skiljelinjene mellom folk i dei tre futedøma i fylket vårt. Fram til ganske nyleg har også faghistorikarar brukt å skildre slike (historiske) særtrekk ved folket i dei ulike futedøma. Dei går stort sett etter same lesten: Sunnfjordingen er treig, tung til sinns og tiltakslaus, (indre)sogningen er livleg og sutalaus, medan nordfjordingen er påliteleg, grannsam og uthaldande.

Fleire forskarar har framheva identitet som ein sentral ressurs i stadutvikling (Haukeland & Brandtzæg, 2019; Krane, 2020; Nygaard et al., 2009; Storvoll, 2020; Vestby, 2009; Vestby & Røe, 2004). Dette har absolutt mykje føre seg, men det er også fallgruver i tiltak basert på lokal identitet, som til dømes fare for stiavhengnad, altså det å bli låst fast i fortida (Jakobsen et al., 2001).

I takt med veksten i omfanget av litteratur kring region- og landsdelshistorie dei siste tiåra utvikla det seg ein fagleg diskusjon om og i kva grad det finst eit sett med ekte, stabile og autentiske fellestrekk ved innbyggjarane i landsdelar og regionar i Noreg. Dette gav rom for det ein kallar «essensialiseringar», det vil seie at «bestemte trekk ved regionen og dens innbyggere fremheves som ‘typiske’ eller ‘naturlige’» (Hundstad, 2012, s. 43). Men det er all grunn til å stille spørsmål ved dette. Og det er nettopp dét den framveksande «sosialkonstruktivismen» gjer. Den hevdar at «den sosiale virkeligheten er konstruert» og stiller spørsmål ved forhold i samfunnet som vert framstilte som «selvfølgelige». Det er derfor problematisk å hevde at «regionen eller dens innbyggere har et sett ‘ekte’ eller stabile og autentiske karakteristika». Og typiske trekk ved ein region kan forandre seg over «en relativt kort tidsperiode» (Hundstad, 2012, s. 43). Sørlandet vert her trekt fram.

Georg Arnestad (2016) har i sin artikkel om nordfjordidentiteten i Nordfjordboka lagt ei slik forståing til grunn. Han avskriv nordfjordingen som idealtype. Men likevel, skriv Arnestad, «er vi alle i éin forstand ‘nordfjordingar’. Fjorden og landskapet pregar oss framleis, men gjer oss ikkje like. Identiteten vår ‘som uttrykk for opplevd og erfart fellesskap over tid er knytt til bygda og lokalsamfunnet’» (Arnestad, 2016, s. 27).

Han hevdar også at når vi ser på identitet som identifikasjon, er nordfjordidentiteten framleis levande og sterk. Kontrasteringa lever framleis i beste velgåande. Vi er ikkje, og vil ikkje vere, sunnfjordingar. Og slett ikkje sogningar. Arnestad (2016) trekkjer i staden fram eit skilje i lynne og mentalitet mellom bygdene i Indre og Ytre Nordfjord. Folk ute ved kysten er opne, kjappe, risikovillige, gamblar, tek sjansar, litt overflatiske, snakkar i store «bukstavar». Dei har vore på havet og tent gode pengar. Inne i fjorden er folket traustare, meir føreseielege, rolegare, bundne til jorda. Men stryningane er prega av sunnmørsk gründerånd og «tiltaksaktivitet». I Gloppen er det meir «vedtaksaktivitet» (Arnestad, 2016, s. 26).

Historikaren Narve Bjørgo (2008) skil i ein artikkel om regional identitet mellom identitetens utside og innside. Det kan ikkje, skriv han «vere rimeleg tvil om at det eg har kalla identitetens utside – den ytre livsstilen – er blitt globalisert og dermed uniformert» (Bjørgo, 2008, s. 7). Ytre kulturforskjellar har vorte «høvla ned».

Men vi må også spørje oss: gjeld denne uniformeringa også identitetens innside, altså vårt indre erfaringsperspektiv? Kan det tenkast at det her er bevart kjernar av identitetens historiske og geografiske dimensjon? Om dette står det strid i forskinga (Bjørgo, 2008, s. 7).

Oppsummert vil vi hevde at det framleis finst både nordfjordingar, sunnfjordingar og sogningar. Men vi stiller oss skeptiske til oppfatninga om at det finst visse historisk gjevne og autentiske karaktertrekk som kan knytast til innbyggjarane i dei tre futedøma. Derimot identifiserer innbyggjarane seg gjerne med dei enkelte futedøma når det gjeld kontrastering overfor og samanlikning med (kvar)andre. Identitet fungerer altså godt som identifikasjon.

Fakta om Sogn og Fjordane

Finst det nokon registerbasert statistikk som kan gje ein peikepinn på om det er skilnader mellom futedøma når det gjeld tiltakslyst, slik mytane kan tyde på? I denne artikkelen er folketalsutviklinga, sysselsetjingsgraden og talet på nyetablerte bedrifter nytta som indikatorar på tiltakslyst. I perioden 1965–2019 vaks folketalet i Sogn og Fjordane frå 100 800 til 109 800, tilsvarande ein vekst på 8,9 %. Veksten er klart mindre enn landsgjennomsnittet, og berre Nordland og Finnmark har hatt lægre folketalsvekst i denne perioden. Om vi ser på futedøma, har Sogn hatt den svakaste folketalsutviklinga, med ein tilbakegang på 3400 personar i perioden (frå 40 800 til 37 400), deretter følgjer Nordfjord med ein nedgang på 700 (frå 33 400 til 32 700). Heile veksten i fylket, og litt til, kan altså tilskrivast Sunnfjord. Futedømet har fått 13 000 fleire innbyggjarar (frå 26 600 til 39 600) i perioden frå 1965 til 2019.

Det var også store skilnader i folketalsutviklinga mellom kommunar i same futedømet. Sogn og Sunnfjord har hatt kvar sin sterke motor, høvesvis Sogndal med ein folketalsvekst på 22,9 % i perioden 2000–2019 og Førde med ein vekst på 25,0 % i den same perioden. I tillegg har ein kommune som står på eigne bein i kvart av desse futedøma hatt ein viss vekst; Leikanger og Florø. Dei andre kommunane har anten hatt nedgang i folketalet eller ein svært moderat folketalsvekst.

Fram til tidleg på 1970-talet hadde også Årdal ein sterk folketalsvekst knytt til etableringa og utviklinga av aluminiumsverket i 1950- og 60-åra (Askheim & Thorsnæs, 2020), men dei siste 50 åra har kommunen hatt ein jamn tilbakegang i folketalet. Folketalsveksten i Florø har òg vorte mindre dei siste par tiåra.

I Nordfjord har det vore to motorar for vekst, Stryn og Eid, med ein folketalsvekst på høvesvis 7,5 % og 6,4 % i perioden 2000–2019. Desse motorane har likevel hatt noko mindre trekkraft for eige futedøme enn det Førde og Sogndal har hatt. Dei andre kommunane i Nordfjord har hatt negativ eller svært låg, positiv folketalsvekst.

Er det skilnader i tilknytinga til arbeidsmarknaden mellom dei tre futedøma? Blant personar i alderen 40–54 år var 88,0 % av sunnfjordingar sysselsette ved utgangen av 2019, medan dette var tilfellet for 87,6 % av sogningane og for 87,3 % for nordfjordingar. Dette er høvesvis små skilnader som kan skuldast at jordbruket har noko større omfang i Nordfjord, medan innslaget av offentlege arbeidsplassar er noko mindre enn i Sogn og i Sunnfjord. Den høge sysselsetjingsprosenten i Sunnfjord heng og saman med ein ung arbeidsstyrke og at det er stor etterspurnad etter yngre arbeidskraft i helsevesenet og i varehandelen, som begge er dei dominerande næringane i Førde.

Er det nokre skilnader i talet på nyetablerte verksemder mellom futedøma, noko som kan peika mot skilnader i tiltakslyst? I perioden 2009–2019 utgjorde talet på nye føretak i privat sektor, utanom primærnæringane, om lag 7–8 prosent av eksisterande føretak i alle dei tre futedøma og i tre av vekstkommunane Stryn og Eid i Nordfjord og Førde i Sunnfjord. Sogndal i Sogn hadde ei etableringsrate på 10 %.

Den registerbaserte statistikken støttar dermed i liten grad opp om mytane når det gjeld skilnader mellom futedøma. Då vil vi i det følgjande sjå på to andre, moglege forklaringar til mytane, ved å nytte to andre mål på tiltakslyst: entreprenørlyst, som er ønske om å starte eiga bedrift, og proaktiv personlegdom (eldsjelfaktor), som er ein type person som er initiativrik, som brenn for å setje i gang noko, og som ikkje bøyer seg for motstand. I metodekapittelet forklarar vi nærare korleis desse variablane blir operasjonaliserte.

Kyst kontra innland: Er det skilnader?

Kolle og Haaland (2006) skildrar Vestlandet som «den sjøvende landsdelen». Landskapet vender seg mot fjordane og mot havet, og sjøen har vore viktig både som ferdselsåre, matfat og inntektskjelde (sjøbruk). Tradisjonelt har sjøbruk omfatta fiske og fangst, men også sanking av dun, egg, tang, tare og rekved. Ringverknader av sjøbruket har vist seg i båtbygging og mykje anna (Kolle & Haaland, 2006). I nyare tid har sjølvsagt havbruk og petroleumsverksemd kome til. Kolle og Haaland (2006) nemner, utan å vise til kjelder, at «det har vorte hevda» at sjøbruket hadde størst økonomisk betydning på kysten, og at betydninga vart mindre di lenger inn i fjordane ein kom. Dette skiljet mellom ytre og indre strøk på Vestlandet er noko vi finn att i tradisjonslitteraturen. Kristian Elster d.e. (1872) skreiv om det vestlandske lynnet som skifta langs ein geografisk akse frå havet og ytre strøk til fjordbotnen og dei indre strøka. Mennesketypen vart seigare, tregare, mindre religiøst grublande og meir stabil i livsstilen etter kvart som ein kom innover i landet. Han forklarte dette reint «naturdeterministisk», det vil seie at både dei ytre kjenneteikna ved eit individ, som kroppsform og ganglag, og eigenskapane til personen, som åtferd og haldningar, i stor grad er prega av den fysiske naturen, som til dømes topologi og klimatiske tilhøve som menneska lever i (Hansen, 2020).

I perioden 1965–2019 gjekk folketalet i kystkommunane i Sogn og Fjordane ned med 8,3 %, medan det var ein auke på 19,1 % i dei resterande kommunane. Kystkommunane hadde ein nedgang på mellom 14,0 % og 48,1 % med unnatak for Florø, der folketalet auka med 53,8 %. Noko av skilnaden mellom kystkommunane på den eine sida og kommunar i midtre og indre delar av fylket på den andre sida skuldast at dei to store vekstsentera, Førde og Sogndal, ligg i midtre del. Men sjølv om ein tek vekk desse to kommunane, har likevel folketalsveksten vore monaleg lægre i kystkommunane (–8,3 %) enn i dei andre delane av fylket (–2,1 %).

Bukve et al. (2006, s. 302) summerer det kort og godt opp slik: «Det er tale om at sør, kyst og by vinn, medan nord, fjord og bygd stagnerer.» Forklaringa er ifølgje Bukve et al. (2006) at Rogaland og Hordaland var komne lenger i moderniseringa enn Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dei var dermed betre rusta for vekst innan viktige næringar som industri og tenesteyting.

Ulik utvikling mellom kyst og innland kan altså dokumenterast sør på Vestlandet, men i mindre grad i Sogn og Fjordane. Likevel lever det ei førestilling i Sogn og Fjordane om at folk utmed kysten er annleis enn dei lenger inne. I sitt arbeid med ein artikkel om nordfjordingen (Arnestad, 2016) intervjua Georg Arnestad fleire nordfjordingar, mellom anna dei fire lokalavisredaktørane. Informantane hevda med styrke at det var store skilnader i mentalitet og lynne mellom dei ulike delane av Nordfjord. Særleg framheva dei vesentlege skilnader mellom Ytre og Indre Nordfjord.

Arnestads informantar hevda, med stor overtyding, at folk ute ved kysten, særleg i Vågsøy, var opne, kjappe, risikovillige, litt overflatiske og snakka i store bokstavar. Dei hadde vore på havet og tent gode pengar. Inne i fjorden var folket ifølgje informantane traustare, meir føreseielege, rolegare og bundne til jorda (Arnestad, 2016).

Når det gjeld lokal identitet forstått som mentalitet og lynne, vil vi hevde at det framleis finst eit skilje mellom indre og ytre strøk, i tråd med Arnestad (2016). Kor sterk denne identiteten framleis er, og korleis den gir seg utslag, er likevel vanskeleg å seie. Vi vil i utgangspunktet tru at vi kan få fram nokre ulikskapar mellom indre og ytre strøk når det gjeld entreprenørlyst og eldsjelsfaktor. Det er rimeleg å tru at begge desse eigenskapane er mest til stades hos kystbefolkninga.

Litteraturgjennomgang

Entreprenørlyst

Det er eit aukande omfang av internasjonal litteratur kring regionale skilnader i entreprenørskapslyst. Beugelsdijk og Noorderhaven (2004) utvikla ein indeks for å kunne måla den entreprenørielle kulturen i ulike område av Nederland, medan Tamásy (2006) fann signifikante regionale skilnader i Tyskland når det gjaldt haldningar til det å starta eiga bedrift og kva ein såg som viktige faktorar for å kunne lukkast som entreprenør.

I tillegg til å finna store variasjonar i entreprenørielle haldningar mellom forskjellige regionar i ulike EU-land, fann Bosma & Schutjens (2007) og at det var store skilnader i kva faktorar som betyr mest for dei regionale variasjonane. Dei fann at der var forskjellar i trua på eigne kunnskapar og evner når det gjaldt å skipa ei bedrift som varierte mest mellom regionar.

Det er ein samanheng mellom entreprenørielle haldningar og entreprenørielle handlingar. Ajzen, Czasch og Flood (2009) fann at samvariasjonen mellom haldningar og handlingar svara til ein korrelasjonskoeffisient på mellom 0,90 og 0,96. Tilsvarande tal frå ein norsk studie (Kolvereid & Isaksen, 2006) var 0,63 – ein indikasjon på at intensjonar forklarte cirka 40 % av variasjonen i åtferd. Ein metastudie frå USA viser derimot at entreprenørielle haldningar berre kan forklare om lag 27 prosent av variasjonen i entreprenørielle handlingar (Armitage & Conner, 2001).

For Noreg viser resultat frå GEM-studiar (Global Entrepreneurship Monitor) at menn har monaleg større entreprenørlyst enn kvinner. I perioden 2000–2012 stod kvinner for mellom 25 % og 30 % av den samla entreprenørielle aktiviteten i landet (Alsos et al., 2013, s. 18–19). I ei undersøking blant ungdom i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fann Nesse (2010) at jenter uttrykte mindre entreprenørlyst enn gutar. Også studiar frå andre land (Camelo-Ordaz et al., 2016; Espíritu-Olmos & Sastre-Castillo, 2015; Maes, Leroy & Sels, 2014; Minnitti et al., 2005) viser at entreprenørielle intensjonar blant kvinner er lægre enn blant menn. Det er altså ein rimeleg grunn til å ta med kjønn som analysefaktor.

Regionale skilnader i lysta og evna til å etablera verksemder kan skuldast anten individuelle kjenneteikn ved innbyggjarane eller ved utforminga av den lokale og regionale samfunns- og næringsstrukturen. Område med ei høgt utdanna befolkning og ein arbeidsstyrke med variert yrkesbakgrunn har gode føresetnader for entreprenørskap (Becker, 1964). Personar med høg, yrkesspesifikk utdanning og erfaring frå ein bestemt bransje har gode føresetnader for å kunne starte eiga verksemd innan denne bransjen. Sambandet mellom humankapital og entreprenørskap er likevel ikkje eintydig positivt i litteraturen, der det òg vert peikt på at personar med låg utdanning og lite arbeidserfaring, gjerne arbeidslause, har færre alternativ på arbeidsmarknaden og derfor i større grad har driv til å starta eiga bedrift (Gimeno et al., 1997).

I område med stort innslag av personar med høg inntekt og stor formue, eller der mange finansinstitusjonar er nærverande, vil den samla tilgangen på risikovillig kapital vera stor. Slike regionar vil tendera til å ha fleire nyetablerarar enn andre (Blanchflower & Oswald, 1998; Kan & Tsai, 2006).

Næringsstrukturen i ein region har stor innverknad på entreprenørskapen. Område med stort innslag av offentlege arbeidsplassar og store, til dels dominerande private bedrifter verkar negativt på entreprenørlysta. Når ein ser vekk ifrå samanhengen mellom næringsstruktur og entreprenørskap, peikar lokal tilhøyrsle seg ut som den dominerande lokaliseringsfaktoren for nye bedrifter. Dette er mellom anna tilfellet for entreprenørar som startar bedrifter innan nye bransjar, som til dømes IT-bedrifter (Illeris & Jakobsen, 1991; Stam, 2007; Årethun et al., 2020). Lokale entreprenørar har i stor grad anten vakse opp på staden eller var tilflyttarar med lang arbeidserfaring frå nettopp denne staden (Lenz & Kulinat, 1997; Zander, 2004). I litteraturen vert det peika på to viktige grunnar til at lokalt entreprenørskap er den dominerande kjelda til regionale skilnader i etableringsratar. For det fyrste kan familien og dei sosiale omgjevnadene elles gje personen idear, kveik og hjelp til å starta eiga bedrift eller dei kan, gjennom sin eigen entreprenørielle aktivitet, visa aktøren at dette kan realiserast også på heimebane. Personen vil òg sjølv kjenna godt til kundebehov og tilgjengelege ressursar i eigen region (Shane & Venkataraman, 2000; Zander, 2004). For det andre er tilgangen til kapital større i eige nærområde, der ein har betre kjennskap til lokale finansinstitusjonar og, ikkje minst, ofte kjenner tilsette i desse institusjonane eller andre i regionen som difor lettare stiller kapital til rådvelde (Stam, 2007). Entreprenøren kan òg vente at lokale finansinstitusjonar har større tolsemd med eventuelle periodevise betalingsvanskar, samstundes som det sosiale nettverket i lokalmiljøet i større grad enn andre stader vil støtte ein lokal entreprenør i vanskar. Dette gjer også at risikoen ved å etablera eiga verksemd i nærområdet er mindre enn å gå utanfor eigen region.

Proaktiv personlegdom (eldsjelfaktoren)

Personar med ein proaktiv personlegdom, eller eldsjeler, er framoverlente individ som leitar etter moglegheiter, tek initiativ og er trottige i arbeidet med å skapa liv og endringar i omgjevnaden (Bateman & Crant, 1993; Covey, 2004). Det er etter kvart ein omfattande litteratur som viser at personar med høg eldsjelfaktor i større grad enn andre både planlegg og etablerer eiga verksemd (Becherer & Maurer, 1999; Crant, 1996; Frank, Lueger & Korunka, 2007; Kickul & Gundry, 2002; Luthje & Franke, 2003; Prabhu et al., 2012). Dette heng saman med at nokre eigenskapar ved ein proaktiv personlegdom som det å vera frampå, sjå kva som er mogleg og vere meir risikovillig også kjenneteiknar fleirtalet av entreprenørane.

Det er også gjort undersøkingar som knyter proaktiv personlegdom til innovasjonsprosessar (Kickul & Gundry, 2002) og til ulike former for suksess i arbeidslivet (Fuller & Marler, 2009; Kim et al., 2009; Seibert et al., 1999; Thompson, 2005). Eldsjelfaktoren viser også samanheng med eigenskapar som læringsevne, målorientering og meistringstru (Fuller & Marler, 2009). Når det gjeld samanhengen mellom kjønn og proaktiv personlegdom, er resultata sprikande. Seibert et al., (1999) og Årethun et al. (2017) fann at menn var meir proaktive enn kvinner. Crant (1996) og Li et al. (2010) fann derimot ingen skilnader mellom kjønna med omsyn til proaktiv personlegdom.

Merk at høg eldsjelfaktor ikkje er det same som høg entreprenørlyst. Ei eldsjel er ofte ein person som (også) etablerer og driv ideelle lag og foreiningar, samt ulike festivalar og ikkje-kommersielle opplevingstilbod. Desse personane vert ofte kalla lokalsamfunnsentreprenørar eller sosiale entreprenørar (Arbo & Bukve, 1990). Eldsjelene er ressursrike og aktive personar som greier å skape aktivitet og dermed mobilisere ressursar, både lokalt og utanfrå, noko som kan gje grunnlag for både auka tilflytting og auka kommersiell aktivitet i lokalområdet (Årethun et al., 2017).

Tiltakslyst og stadutvikling

«Stedsutvikling», eller på ikkje heilt godt nynorsk, «stadutvikling», er eit uttrykk som fangar opp i seg prosessar og tiltak som vert planlagde og sette i verk av både private og offentlege aktørar for å utvikle mest mogleg trivelege og attraktive stader for alle brukar- og interessegrupper (jf. definisjon av Lønning & Teigen, 2009, s. 2). Omgrepet rommar ei lang rekkje tema som er avgjerande for å skape livskraftige lokalsamfunn (jf. Vestby 2018, s. 2). Kobro (2011) lanserer omgrepet «stedsinnovasjon» for å karakterisere stadutviklingstiltak med positiv folketalsutvikling som mål.

«Staden» har vore eit lite lokalsamfunn, ein tettstad, ein (mindre) by, iblant også ein heil (by)region, byen og omlandet. Men etter kvart har stadutvikling kome til å handle meir om sentrumsutvikling i byar og tettstader. Opp gjennom åra har det vore store statlege satsingar på området, det har vorte utarbeidd ei rekkje stortingsmeldingar, statlege utviklingsprogram og ulike prisar for god (by- og) stadutvikling. Eit statleg senter, Distriktssenteret, med kontor i Sogndal, Steinkjer og Alstahaug, vart oppretta i 2008 for å arbeide med og systematisere erfaringar og kunnskap om lokale utviklingstiltak. I dag arbeider senteret mest med å styrkje attraktiviteten til kommunar og regionar. Seinast i oktober 2020 inviterte senteret saman med to andre aktørar kommunar til å delta i eit nytt innovasjonsprogram for å styrkje distriktskommunars arbeid med smart og berekraftig stad- og næringsutvikling.

Ulike trendar og tankegods har sjølvsagt prega arbeidet med stadutvikling dei siste 30 åra. Vestby (2018, s. 17–26) peikar i sitt oppsummeringsnotat på fleire slike trendar. Frå «innflytterplage til tilflytterjakt» er éin slik trend, frå «røtter og lokalpatriotisme til stedstilhørighet og stolthet over stedet» er ein annan. Ein tredje er frå «jakten på den kreative klassen til mer hjemlige trakter», og ein fjerde er frå «romjulstreff til stedsprofilering og markedsføring». Tendensen er at ein stolar meir på eigne krefter, stadens verdiar og lokal mentalitet. Vestby (2018, s. 26) strekar vidare under at ho har observert ein positiv tendens til at profileringskampanjane no rommar «hele den funksjonelle regionen», at jobbmoglegheiter og gründerverksemd vert kopla til «det gode liv»-kvalitetar i regionen og at det er eit tydelegare samarbeid mellom lokale/regionale offentlege myndigheiter og næringslivet. Dette meiner ho er i tråd med at desse aktørane samarbeider meir om lokalsamfunnsutvikling enn tidlegare.

I dette siste perspektivet vil ei auka innsikt i moglege samanhengar mellom verdiar, haldningar og identitet lokalt/regionalt og ulike former for tiltakslyst og entreprenørskap kunne vere eit bidrag i arbeidet med positiv stadutvikling både på eit regionalt og eit lokalt nivå.

Mykje av litteraturen om stadutvikling handlar om sjølvoppofrande entusiastar som står på for å få til noko, som festivalar, opplevingstilbod, idrettstilbod, frivillig arbeid eller å starte og drive bedrifter. Tiltakslystne personar, ofte kalla eldsjeler eller entreprenørar, er ein viktig føresetnad for stadutvikling. Arbo & Bukve (1990) forklarar til dømes gode resultat i to stadutviklingsprosjekt (Melbu og Jostedalen) med eldsjeler som fungerte som lokalsamfunnsentreprenørar. Andre som har skrive om kva betydning slike eldsjeler eller samfunnsentreprenørar har for stadutvikling, er Alsos (2010), Breirem (2016), Haraldseid (2019), Rønning (2010) og Rønning et al. (2010). Dette blir også understreka av Vestby et al. (2014, s. 10), som skriv at «ildsjeler kan og bør defineres og verdsettes som utviklingsaktører i langt sterkere grad enn hva som er tilfellet mange steder». Ein hovudkonklusjon i Vestby et al. (2014) si undersøking av norske eldsjeler i frivillig arbeid og stadutvikling, er at eldsjelene må trekkjast med fordi dei brenn for den aktuelle saka og for lokalsamfunnet. Dessutan kjenner dei gjerne lokalsamfunnet godt, med den lokale kulturen og historia, og har eit godt nettverk. Vidare motiverer dei med glød og entusiasme andre til innsats.

I ei undersøking i Høylandet kommune fann Skarholt (2014) at eldsjeler bidrog positivt i utviklinga av lokalsamfunnet gjennom å skape felles identitet, byggje eit godt omdøme og skape nye næringar og nye bedrifter. Dei var dessutan flinke til å mobilisere andre til innsats. Onsager et al. (2011) studerte Sandøy kommune si gode utvikling med vekst i arbeidsplassar og folketal. Dei identifiserte fire suksessfaktorar, der den eine var ein kultur for entreprenørskap og innovasjon, med ivrige føregangspersonar og eldsjeler. I ein studie av 15 suksessrike distriktskommunar fann Kobro et al. (2012) ein del interessante fellestrekk:

En rekke funn fra studien peker mot egenskaper ved stedets utviklingskultur, sentrale aktørers evner til å ta vare på de anledningene som byr seg, og det handlingsrommet som gis til ildsjeler og innovatører, både i offentlig sektor, privat næringsliv og i sivilsamfunnet (Kobro et al., 2012, s. 2).

Desse utdraga frå litteraturen viser at det både er interessant og relevant å studere entreprenørar og eldsjeler i samband med stadutvikling. Her ser vi spesielt på geografiske variasjonar i tiltakslyst. Gjennom meir kunnskap om eldsjelene håpar vi at det blir lettare å betre utnytte den ressursen eldsjelene står for, både når det gjeld arbeidsplassutvikling og plassattraktivitet, noko som er etterlyst av Kobro et al. (2012), jf. også Årethun et al. (2017). Sidan grad av entreprenørlyst og eldsjelfaktor kan variere mellom kjønna, har vi valt å skilje mellom gutar og jenter i hypotesane nedanfor.

Hypotesar om skilnader mellom futedøma:

  • H1: Gutar frå Nordfjord har høgare entreprenørlyst enn gutar frå Sunnfjord og Sogn.

  • H2: Jenter frå Nordfjord har høgare entreprenørlyst enn jenter frå Sunnfjord og Sogn.

  • H3: Gutar frå Nordfjord har større grad av proaktiv personlegdom enn gutar frå Sunnfjord og Sogn.

  • H4: Jenter frå Nordfjord har større grad av proaktiv personlegdom enn jenter frå Sunnfjord og Sogn.

  • Hypotesar om skilnadene mellom vekstkommunar og andre delar av Sogn og Fjordane:

  • H5: Gutar frå vekstkommunane Eid, Førde, Sogndal og Stryn har høgare entreprenørlyst enn gutar frå andre delar av Sogn og Fjordane.

  • H6: Jenter frå vekstkommunane Eid, Førde, Sogndal og Stryn har høgare entreprenørlyst enn jenter frå andre delar av Sogn og Fjordane.

  • H7: Gutar frå vekstkommunane Eid, Førde, Sogndal og Stryn har høgare eldsjelfaktor enn gutar frå andre delar av Sogn og Fjordane.

  • H8: Jenter frå vekstkommunane Eid, Førde, Sogndal og Stryn har høgare eldsjelfaktor enn jenter frå andre delar av Sogn og Fjordane.

  • Hypotesar om skilnader mellom kystfolk og personar busette lenger inne i fylket.

  • H9: Gutar frå kystkommunar har høgare entreprenørlyst enn gutar frå midtre og indre strøk.

  • H10: Jenter frå kystkommunar har høgare entreprenørlyst enn jenter frå midtre og indre strøk.

  • H11: Gutar frå kystkommunar har i større grad proaktiv personlegdom enn gutar frå midtre og indre strøk.

  • H12: Jenter frå kystkommunar har i større grad proaktiv personlegdom enn jenter frå midtre og indre strøk.

Data og metode

Vi vil i dette kapittelet gjera greie for datainnsamlingsmetode og korleis vi operasjonaliserte variablane i modellen vår. Vi har nytta t-testar for å testa hypotesar om samanhengen mellom entreprenørskapslyst og sentrale forklaringsvariablar vi finn i litteraturen. Svarkategorien «veit ikkje» var inkludert i nokre av spørsmåla. I våre analysar er denne variabelverdien fjerna, slik at respondentar med dette svaralternativet ikkje er med i grunnlagsmaterialet når dei aktuelle spørsmåla blir analyserte.

Datamaterialet i denne undersøkinga er samla inn ved ti vidaregåande skular i tidlegare Sogn og Fjordane fylke våren 2011. Elevane vart mellom anna spurde om kjønn, foreldres bakgrunn, heimstadkommune, karriereanker (Schein, 1975), haldningar til å starta eiga bedrift og ein del andre haldningsspørsmål (mellom anna om proaktiv personlegdom, som er forklart nedanfor). Ingen av spørsmåla var sensitive, og undersøkinga var anonym.

Forskarane hadde eit tett samarbeid med leiing og lærarstab ved dei vidaregåande skulane, slik at alle avgangselevane som var til stades den aktuelle dagen, svarte på eit spørjeskjema, i alt 1124 elevar med bustadadresse i Sogn og Fjordane.

Låg intern svarprosent på nokre av dimensjonane som utgjer omgrepa eldsjelfaktor og entreprenørlyst, gjer at det er monaleg færre respondentar i somme tabellar.

I denne artikkelen vert resultata presentert som krysstabellar, sjølv om skilnader mellom grupper, som til dømes skilnader mellom kyst og innland og mellom ulike futedøme, er analysert ved bruk av t-testen for to, uavhengige utval. Skilnader kommentert i tabellane, er difor grunna i resultat frå t-testane.

I våre analysar nyttar vi to avhengige variablar; entreprenørskapslyst og proaktiv personlegdom. Begge desse variablane er sett saman av fem undervariablar, operasjonalisert som påstandar i spørjeskjemaet, der kvar av påstandane er målt med ein 4-/5-punkts Likert-skala frå 1 («heilt einig») til 4 eller 5 («heilt ueinig»). Skåren på dei fem relevante påstandane er summert slik at den samansette variabelen, entreprenørskapslyst, fekk verdiar frå 5 til 24. Det same vart gjort for variabelen proaktiv personlegdom. Dette inneber at låge verdiar på den samansette variabelen indikerer høvesvis stor entreprenørskapslyst eller stor grad av proaktiv personlegdom, og vice versa.

Tabell 9.1.

Undervariablane til entreprenørlyst

Påstandar (undervariablar)MåleskalaVariabelverdiar
Påstand 1: Det er betre å ha si eiga bedrift enn å jobba for andre5-punkts ordinal skala1 = heilt einig
5 = heilt uenig
Påstand 2: Eg ville starte mi eiga bedrift sjølv om faren for økonomisk tap er stor5-punkts ordinal skala1 = heilt einig
5 = heilt uenig
Påstand 3: Eg kunne ikkje tenkje meg å etablere eiga bedrift5-punkts ordinal skalaMotsett koda:
1 = heilt ueinig
5 = heilt einig
Påstand 4: Det å ha si eiga bedrift inneber ein livsstil som passar meg bra5-punkts ordinal skala1 = heilt einig
5 = heilt ueinig
Påstand 5: Kor aktuelt er yrket: drift av eiga bedrift?4-punkts ordinal skala1 = svært aktuelt
4 = svært lite aktuelt
EntreprenørlystSummen av verdien på kvar av dei fem undervariablane. Verdi frå og med 5 til og med 24
Tabell 9.2.

Undervariablane til proaktiv personlegdom

Påstandar (undervariablar)MåleskalaVariabelverdiar
Eg likar å møte og overvinne hindringar for ideane mine5-punkts ordinal skala1 = heilt einig
5 = heilt uenig
Ingenting er meir spennande enn å sjå idear bli verkelege5-punkts ordinal skala1 = heilt einig
5 = heilt uenig
Eg har eit spesielt talent når det gjeld å finne moglegheiter5-punkts ordinal skala1 = heilt einig
5 = heilt uenig
Eg elskar å utfordre etablerte løysingar5-punkts ordinal skala1 = heilt einig
5 = heilt ueinig
Eg kan sjå gode moglegheiter lenge før andre5-punkts ordinal skala1 = svært aktuelt
5 = svært lite aktuelt
Proaktiv personlegdomSummen av verdien på kvar av dei fem undervariablane. Verdi frå og med 5 til og med 25

Vi gjennomførte ein reliabilitetstest, Cronbachs alfa, for begge dei samansette variablane for å testa om det var høg nok korrelasjon mellom undervariablane i kvart av dei fem setta til at det var metodisk forsvarleg å aggregere dei.

For variabelen entreprenørlyst fann vi at Cronbachs alfa for dei fem undervariablane var 0,835, medan han for variabelen proaktiv personlegdom var 0,818. For begge dei samansette variablane ligg verdien på Cronbachs alfa over den nedre grensa for intern konsistens (0,75) som vart tilrådd av Crano og Brewer (2002). Testen indikerer dermed at det er forsvarleg å aggregere dei to setta av undervariablar.

I analysane våre er kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke delt langs tre dimensjonar (merk at gamal kommuneinndeling er nytta, altså kommuneinndelinga slik ho var i 2011):

  • Vekstkommunar (Eid, Førde, Sogndal og Stryn) versus andre kommunar

  • Kommunar i dei tre historiske futedøma Nordfjord, Sunnfjord og Sogn

  • Kystkommunar versus andre kommunar (kommunar i midtre og indre delar av Sogn og Fjordane)

Kommuneinndelingane ligg i vedlegg 1 og følgjer respondentane sin heimstadkommune. For å skilja entreprenørlyst og proaktiv personlegdom mellom ulike futedøme og mellom kyst- og innlandskommunar har vi nytta t-testen for uavhengige utval.

Resultat og drøfting

Analysane viser at ca. 14 % av respondentane har høg entreprenørlyst, ca. 65 % har middels entreprenørlyst, og ca. 21 % har låg entreprenørlyst. Tilsvarande tal for eldsjelfaktoren er 15 % (høg), 67 % (middels) og 21 % (låg).

Totalmaterialet gir ingen skilnader i tiltakslyst mellom vekstkommunar og andre, mellom futedøme eller mellom kyst og innland. Derfor skilde vi mellom jenter og gutar i våre hypotesar, og la oss no sjå på resultata av hypotesetestinga.

Vi finn inga støtte for hypotesane om at jenter og gutar frå dei fire vekstkommunane i Sogn og Fjordane (Eid, Førde, Sogndal eller Stryn) har større entreprenørlyst eller høgare eldsjelfaktor enn jenter og gutar frå andre delar av fylket. Hypotesane H5, H6, H7 og H8 blir derfor forkasta.

Når det gjeld futedømedimensjonen, var det ingen signifikante skilnader å finne når det gjeld entreprenørlyst. Entreprenørlysta var altså ganske lik mellom jenter og gutar i alle tre futedøma. Hypotesane H5 og H6 vart følgjeleg forkasta. Men når vi såg på eldsjelfaktoren, var det signifikante skilnader når det gjeld jenter, men ikkje blant gutar. Det viste seg at jenter frå Nordfjord og Sunnfjord hadde signifikant høgare eldsjelfaktor enn jenter frå Sogn. Dette er vist i tabell 9.3, som viser at ca. 13 % av fjordajentene, mot 5 % av sognejentene, har høg eldsjelfaktor. H4 blir derfor styrkt, medan H3 blir forkasta.

Tabell 9.3a.

Prosentdel med ulik styrke på eldsjelfaktoren blant jenter i ulike futedøme i Sogn og Fjordane

Sogn Sunnfjord Nordfjord I alt
Høg eldsjelfaktor  5,3 % 13,9 % 12,6 % 11,3 %
Middels eldsjelfaktor 60,5 % 65,8 % 65,1 % 64,4 %
Låg eldsjelfaktor 34,2 % 20,3 % 22,3 % 24,4 %
Totalt 100,0 % (N=114) 100,0 % (N=187) 100,0 % (N=175) 100,1 % (N=476)

*Gjennomsnitt Sogn < Gjennomsnitt Sunnfjord med sign.sannsyn = 0,0 %

*Gjennomsnitt Sogn < Gjennomsnitt Nordfjord med sign.sannsyn = 0,2 %

Tabell 9.3b.

Resultat frå t-testen av skilnader i eldsjelfaktor blant jenter i dei tre futedøma

SognSunnfjordNordfjord
Sogn1,502 (<0,1 %)1,283 (0,2 %)
Sunnfjord–1,502 (<0,1%)–0,218 (53,3 %)
Nordfjord–1,283 (0,2 %)0,218 (53,3 %)

Tal utanfor parentes: Skilnad i indikatorverdi mellom futedøme i kolonne og i rad.

Tal i parentes: Signifikanssannsyn

Det er heller ingen signifikante skilnader i entreprenørlyst mellom kystkommunane og midtre/indre delar av Sogn og Fjordane. Vi fann altså ingen skilnader i entreprenørlyst mellom jenter og gutar i kystkommunar samanlikna med dei lenger inne i landet. Det betyr at hypotesane H9 og H10 må forkastast. Men interessant nok viser det seg at eldsjelfaktoren slår positivt ut for kystgutane, som altså har høgare eldsjelfaktor enn gutane i midtre og indre strøk. Tabell 9.4 viser til dømes at nesten ¼ av kystgutane har høg eldsjelfaktor, samanlikna med 1/6 av gutane i innlandet. Blant jentene var det ingen slike skilnader. Hypotesen H11 blir derfor styrkt, medan H12 må forkastast.

Tabell 9.4.

Prosentdel med ulik styrke på eldsjelfaktoren blant gutar. Fordelt på kystkommunar og midtre og indre kommunar i Sogn og Fjordane

KystkommunarMidtre/indre kommunarI alt
Høg eldsjelfaktor23,7 %16,8 %19,0 %
Middels eldsjelfaktor63,3 %70,7 %68,3 %
Låg eldsjelfaktor13,0 %12,5 %12,7 %
Totalt100,0 % (N = 169)100,0 % (N = 352)100,0 % (N = 521)
Skilnad i indeks *0,767
Skilnad Signifikanssannsyn 1,7 %

*Gjennomsnitt kystkommunar – Gjennomsnitt midtre/indre kommunar.

Dei små skilnadene i ønske om å skipa eiga bedrift mellom ungdom frå ulike delar av Sogn og Fjordane, vert spegla i tilsvarande små, regionale skilnader i etableringsratane. Om vi definerer etableringsratar som talet på nyetablerte bedrifter i privat sektor (med unnatak av primærnæringane) i høve til folketalet i aldersgruppa 20–64 år i åra 2008–2013, så ligg denne mellom 7 % og 8 %, anten vi ser på futedøme, kyst/innland eller 3 av dei 4 vekstkommunane. Berre Sogndal skil seg litt ut, med om lag 10 %.

Litteratur om haldningar til entreprenørskap og kven som startar eiga bedrift, viser at sannsynet for å planleggja og starta eiga bedrift aukar dersom ein av, eller begge, foreldra også er sjølvstendig næringsdrivande (Nesse, 2010). I den undersøkinga var det ingen skilnader mellom kystgutar og gutar frå andre delar av fylket når det gjeld prosentdelen med foreldre som er sjølvstendig næringsdrivande. Om lag 41–42 prosent av begge gruppene hadde minst ein forelder som dreiv eiga bedrift.

Det er heller ingen skilnader i graden av forventa støtte frå familie og vener om ein ønskjer å starta eige bedrift. Om lag 25 % av respondentane både frå kystkommunane og kommunane i andre delar av Sogn og Fjordane har særs høge forventningar til den støtta dei kan få. Også når det gjeld tilgangen på denne typen av sosial kapital, stiller altså gutar frå kystkommunar og dei andre kommunane likt.

Dette inneber at korkje data om entreprenørskapslyst, nyetableringar eller om variablar som ein ventar påverkar entreprenørlyst og nyetableringar, tilseier at det er nokre skilnader i viljen og evna til å starta eige verksemder mellom ulike futedøme eller mellom kyst og innland i Sogn og Fjordane.

Når det gjeld eldsjefaktoren, kan ulik skår på denne dels bli reflektert i skilnader i personlege eigenskapar eller haldningar som blir danna tidleg og som er styrande for karriereval seinare i livet. Desse vert kalla karriereanker (Schein, 1975; 1978; 1990), og vi har i denne artikkelen målt karriereanker ved spørsmål om å gradere kor viktige fem ulike faktorar er når ungdommen skal gjera sitt karriereval. Desse er: ønske om autonomi, sikker framtid, å skape noko nytt, å bli leiar eller å dyrke faglege interesser.

I analysane fann vi at gutar i kystkommunane i større grad enn gutar frå indre delar av fylket var samde i at det å bli leiar og det å skape noko nytt er viktige karriereanker. Trass i skilnader i eldsjelfaktor mellom fjordajenter og sognejenter fann vi ikkje signifikante skilnader i karriereanker på 5 %-nivået. Skilnaden når det gjaldt karriereankeret å dyrka faglege interesser, er likevel signifikant på 10 %-nivået, med eit signifikanssannsyn på 6,8 %, i favør av fjordajenter. Den moderate samanhengen kan tyde på at fjordajenter i større grad har bestemt seg for framtidig karriereveg enn sognejentene.

I litteraturgjennomgangen såg vi at personar med tiltakslyst er ein viktig føresetnad for vellukka stadutvikling (t.d. Kobro et al., 2012; Skarholt, 2014; Vestby et al., 2014). Kunnskapar om personar med tiltakslyst er derfor viktig å få på bordet. Vi har her funne tydelege geografiske skilje i eldsjelfaktoren, ved at kystgutar og fjordajenter utmerkjer seg i positiv lei. For geografiske område med mange eldsjeler gir dette eit potensial for utvikling. Bateman og Crant (1993) og Covey (2004) viser at eldsjeler er framoverlente og initiativrike personar som skapar og bidreg til auka aktivitet. Undersøkinga vår tyder på at geografiske skilnader i tiltakslyst mellom ulike delar av Sogn og Fjordane ikkje gjev seg utslag i form av forskjellar i lysta til å etablere eiga bedrift, men derimot i skilnader i lysta til å skape lokale, ikkje-kommersielle aktivitetar. Desse skilnadene i sosialt entreprenørskap (Arbo & Bukve, 1990) kan over tid gjera det meir attraktivt å flytta til kyststrøka og til Sunnfjord/Nordfjord (Årethun et al., 2017).

Resultata er ein tankekross for dei områda som kjem svakare ut, som Indre Sogn. For å finne meir ut av kva som kan gjerast, trengst det meir forsking, kanskje med andre metodar enn spørjeskjema. Spørjeskjema har den fordelen at ein når ut til mange, men ved å bruke intervju eller fokusgrupper kan ein kome meir i djupna på utfordringane.

Konklusjon

Mytane om den driftige nordfjordingen, den gjerandslause sunnfjordingen og den korttenkte og impulsive sogningen finn vi få spor av i denne analysen. Det er ikkje skilnader korkje i lysta eller evna til å etablera eiga bedrift mellom ungdom frå ulike delar av Sogn og Fjordane, og statistikken syner at det heller ikkje er skilnader i kor mange bedrifter som faktisk vert etablert. Dette er i tråd med Ajzen et al. (2009), Armitage og Conner (2001) og Kolvereid og Isaksen (2006), som også fann ein samvariasjonen mellom entreprenørielle haldningar og handlingar.

Derimot er det nokre skilnader i graden av proaktiv personlegdom, der gutar på kysten og jenter i Fjordane har høgare eldsjelfaktor enn høvesvis gutar i indre delar av fylket og jenter i Sogn. Dette inneber at hypotese H8 (jenter frå Nordfjord har større grad av proaktiv personlegdom enn jenter frå Sunnfjord og Sogn) og hypotese H11 (gutar frå kystkommunar har i større grad proaktiv personlegdom enn gutar frå midtre og indre strøk) vert styrkt, dei 10 andre hypotesane vert svekte.

Vi har ikkje funne nokre andre relevante skilnader mellom fjordajenter og sognejenter som kan forklare noko av skilnadene i deira proaktive personlegdom. Konklusjonane inneber at kysten har gutar med høg eldsjelfaktor, medan Fjordane har dei same eigenskapane blant jentene. Dette inneber at det her ligg eit potensial for sosialt entreprenørskap med utvikling av lokale kulturtilbod og aktivitetar som kan skapa større bulyst og tiltrekkje seg fleire innflyttarar. Utfordringa vert å få jenter langs kysten og fjordagutar til i større grad å engasjera seg i lag, organisasjonar og anna frivillig arbeid. Medan kystkommunane har sine framoverlente gutar og fjordane har sine proaktive jenter, men kva har Indre Sogn?

Næringsstrukturen i Indre Sogn har eit stort innslag av offentleg forvaltning og tenesteyting, og store, private bedrifter. Sjølv om denne bransjesamansetjinga isolert sett skulle tilseie låg entreprenørlyst og låge etableringsratar samanlikna med andre delar av Sogn og Fjordane, så viser analysane at dette ikkje er tilfellet. Mange av arbeidsplassane i Indre Sogn krev høgare utdanning, noko som truleg gjer at tilflyttinga i stor grad er driven av etterspurnaden etter arbeidskraft med høg utdanning. Då får andre attraksjonsfaktorar mindre betydning, og området vil difor vera sårbart om aktiviteten i offentleg forvaltning vert redusert og ein samstundes har låg eldsjelfaktor blant ungdom. I ein slik omstillingsperiode vil det vere behov for at sosialt entreprenørskap aukar og bidreg både til å oppretthalde tilflyttinga og, ikkje minst, reduserer utflyttinga.

Analysen vår peikar i særleg grad på eitt verkemiddel som kan auka tiltakslysta blant ungdom. Dette dreier seg om å stimulere lysta til å bli leiarar og å skapa noko nytt, mellom anna ved å sette eit større fokus på entreprenørskapsopplæring og å leggja til rette for skiping av lag og organisasjonar, slik at personar i lokalmiljøet får betre tilgang til aktivitetar å engasjera seg i.

Merknader

Forfattarane har ingen interessekonfliktar.

Litteratur

Ajzen, I., Czasch, C. & Flood, M.G. (2009). From intentions to behavior: Implementation intention, commitment, and conscientiousness. Journal of Applied Social Psychology, 39 (6), 1356–1372.

Alsos, G.A. (2010). Ildsjeler og samfunnsentreprenører. I O.J. Borch & A. Førde (red.), Innovative bygdemiljøer (s. 27–38). Bergen: Fagbokforlaget.

Alsos G.A., Bullvåg E., Clausen T.H., Kolvereid L. & Åmo B.W. (2013), Global entrepreneurship monitor. Entreprenørskap i Norge 2012, Bodø: Handelshøgskolen.

Arbo, P. & Bukve, O. (1990). Regionalpolitiske snuoperasjoner og lokale handlingsmiljø. I H. Baldersheim (red.), Fornyelse nedenfra (s. 101–136). København: NordREFO/Akademisk Forlag.

Armitage, C.J. & Conner. M. (2001). Efficacy of the theory of planned behaviour: A meta-analytic review. British Journal of Social Psychology, 40 (4), 471–499.

Arnestad, G. (2005). Vestlendingen – finst ho eller han og eventuelt kvar helst? Ein frittståande artikkel om kultur og identitet. Ei utgreiing for Vestlandsrådet. Sogndal: HSF.

Arnestad, G. (2016). Nordfjordingen. I J. Tvinnereim (red.), Nordfjordboka. Kulturhistorisk vegvisar (s. 22–28). Førde: Selja Forlag.

Askheim, S. & Thorsnæs, G. (2020, 29. januar). Sogn og Fjordane – tidligere fylke. I Store norske leksikon. Henta 31. mars 2020 frå https://snl.no/Sogn_og_Fjordane_-_tidligere_fylke.

Bateman, T.S. & Crant J.M. (1993). The Proactive Component of Organizational Behavior: A Measure and Correlates. Journal of Organizational Behavior, 14(2), 103–118.

Becherer, R.C. & Maurer, J.G. (1999). The proactive personality disposition and entrepreneurial behaviour among small company presidents. Journal of Small Business Management, 37(1), 28–36.

Becker, G.S. (1964). Human capital: a theoretical and empirical analysis. Columbia University Press: New York.

Beugelsdijk, S. & Noorderhaven, N. (2004). Entrepreneurial attitude and economic growth: A cross-section of 54 regions. Annals of Regional Science, 41(4), 346–365.

Bjørgo, N. (2008, februar). Kva vart det av vestlandsidentiteten? Om identitet, vestlandshistorie og regionbygging. Føredrag, Fosshaugane Campus, 06.02.08.

Blanchflower, D.G. & Oswald, A.J. (1998). What makes an entrepreneur? Journal of Labor Economics, 16, 26–60.

Bosma, N. & Schutjens, V. (2007). Patterns of Promising Entrepreneurial Activity in European Regions. TESG Tijdschrift voor Economische en Sociale Geografie, 98(5), 675–686.

Breirem, I.M. (2016). Velkommen til Havfolket. En studie av stedsidentitet, mobilisering og samfunnsentreprenørskapsprosesser i Træna. Masteroppgåve, UiT Norges arktiske universitet. Tromsø, UiT.

Brekke, J. (2010). Dei seie so...om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen. Førde: Selja Forlag.

Bukve, O., Aurvåg Farsund, A. & Amdam, J. (2006). Næringsliv og sysselsetjing i vår tid. I K. Helle, O. Grepstad, A. Lillehammer, & A.E. Tryti (red.), Vestlandets Historie. Bind 1: Natur og næring (kapittel 6, s. 296–339). Bergen: Vigmostad & Bjørke.

Camelo-Ordaz, C., Diánez-González, J.P. & Ruiz-Navarro, J. (2016). The influence of gender on entrepreneurial intention: The mediating role of perceptual factors. BRQ Business Research Quarterly, 19(4), 261–277.

Covey, S.R. (2004). The 7 Habits of Highly Effective People. Englewood Cliffs, NJ: Prentice-Hall.

Crano, W.D. & Brewer, M.B. (2002). Principles and methods of social research. Mahwah, New Jersey: Lawrence Erlbaum Associates Inc.

Crant, J.M. (1996). The proactive personality scale as a predictor of entrepreneurial intentions. Journal of Small Business Management, 34(3), s. 42–49.

Elster d. e., K. (1872). Om modsætningen mellem det vestlige og østlige Norge: Ved tusindaarsfesten til minde om Norges samling som rige. København: O. B. Wroblewskys Forlag.

Espíritu-Olmos, R. & Sastre-Castillo, M.A. (2015). Personality traits versus work values: Comparing psychological theories on entrepreneurial intention Journal of Business Research 68, 1595–1598.

Fossåskaret, E. (2006). Vestlandssamfunnet i dag. I K. Helle, O. Grepstad, A. Lillehammer, & A. E. Tryti (red.), Vestlandets Historie. Bind 3: Samfunn (Kap. 8, s. 344–391). Bergen: Vigmostad & Bjørke.

Frank, H., Lueger, M. & Korunka, C. (2007). The significance of personality in business start-up intentions, start-up realization and business success. Entrepreneurship & Regional Development, 19(3), 227–251.

Fuller, Jr., B. & Marler, L.E. (2009). Change driven by nature: A meta-analytic review of the proactive personality literature. Journal of Vocational Behavior, 75, 329–345.

Førde, E. (2002a, 31. juli). Raseteoriar. Bergens Tidende, s. 18.

Førde, E. (2002b, 7. august). Raseteoriar 2. Bergens Tidende, s. 18.

Gimeno, J., Folta, T., Cooper, A. & Woo, C. (1997). Survival of the fittest? Entrepreneurial human capital and the persistence of underperforming firms. Administrative Science Quarterly, 42, 750–783.

Hansen, F. (2020). Naturdeterminisme i Den Store Danske, Gyldendal. Henta 6. mai 2020 frå http://denstoredanske.dk/index.php?sideld=482932.

Haraldseid, T. (2019). Exploring social creativity in place-making: A case study from a coastal town in Northern Norway. Norsk Geografisk Tidsskrift-Norwegian Journal of Geography, 73(5), 257–272.

Haukeland, P.I., & Brandtzæg, B.A. (2019). Bred verdiskaping som strategi for bærekraftig stedsutvikling. Tidsskrift for utmarksforskning, 1, 32–50.

Helland, A. (1901). Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus amt. Første del. Kristiania: H. Aschehoug & Co (W. Nygaard).

Helle, K. (2006a). Innleiing – Ei soge om Vestlandet. I K. Helle, O. Grepstad, A. Lillehammer, & A.E. Tryti (red.), Vestlandets Historie. Bind 1: Natur og næring (s. 10–25). Bergen: Vigmostad & Bjørke.

Helle, K. (2006b). Den opphavlege vestlandsregionen. I K. Helle, O. Grepstad, A. Lillehammer, & A.E. Tryti (red.), Vestlandets Historie. Bind 3: Samfunn (kap. 1, s. 8–59). Bergen: Vigmostad & Bjørke.

Hundstad, D. (2012). Historikeren som regionbygger? – et fagkritisk perspektiv på fire landsdelshistoriske verk. Historisk tidsskrift, 2012, 91(1), 37–63.

Illeris, S. & Jakobsen, L. (1991). Computer services and the urban system. A case study in Denmark. I D. Pumain, T. Saint-Julien & H. Van der Haegen (red.), Cities in movement; urban systems on the eve of the 21st century (s. 39–45). Leuven: Katholieke Universiteit Leuven.

Jakobsen, S.E., Alvheim, S., Kvitastein, O.A. & Hansen, J.C. (2001). Næringsutvikling, stedsutvikling og omstilling: underveisevaluering av den statlig støttede stillingsinnsatsen i Vaksdal, Bremanger, Odda, Dalane (med Sokndal) og Glåmdal. Bergen: SNF.

Kan, K. & Tsai, W.D. (2006). Entrepreneurship and risk aversion. Small Business Economics, 26, 465–474.

Kickul, J. & Gundry, L. (2002). Prospecting for strategic advantage: The proactive entrepreneurial personality and small firm innovation. Journal of Small Business Management, 40(2), 85–97.

Kim, T.Y., Hon, A.H.Y. & Crant, J.M. (2009). Proactive personality, employee creativity, and newcomer outcomes: A longitudinal study. Journal of Business and Psychology, 24, 93–103.

Kobro, L.U. (2011). Stedsinnovasjon. Nytte eller smykke? – Et begrep på leting etter innhold. TF-notat nr. 10-2011. Bø: Telemarksforskning.

Kobro, L.U., Vareide, K. & Hatling, M. (2012). Suksessrike distriktskommuner. En studie av kjennetegn ved 15 norske distriktskommuner. TF-rapport nr. 303–2012. Bø: Telemarksforskning.

Kolle, N. & Haaland, A. (2006). Den sjøvende landsdelen. I K. Helle, O. Grepstad, A. Lillehammer, & A.E. Tryti (red.), Vestlandets Historie. Bind 1: Natur og næring (kapittel 3, s. 132–185). Bergen: Vigmostad & Bjørke.

Kolvereid, L. & Isaksen, E. (2006). New business start-up and subsequent entry into self-employment. Journal of Business Venturing, 21(6), 866–885.

Krane, M.S. (2020). Stedsutvikling i Hedmark. Oppsummering og evaluering av arbeidet med stedsutvikling i 16 distriktskommuner i Hedmark i perioden 1998–2018. Tromsø: Norce.

Lenz, B. & Kulinat, K. (1997). Contact networks and regional milieux in rural areas. Contribution to the concept of the regional milieu and empirical experiences from Baden-Wurttemberg/Germany. Erdkunde, 51, 33–42.

Li, N., Liang, J., & Crant, J.M. (2010). The role of proactive personality in job satisfaction and organizational citizenship behavior: A relational perspective. Journal of applied psychology, 95(2), 395.

Luthje, C. & Franke, N. (2003). The making of an entrepreneur: Testing a model of entrepreneurial intent among engineering students at MIT. R&D Management, 33(2), 135–147.

Lønning, D.J. & Teigen, H. (2009). Kunnskap for stadutvikling. Utviklingsrelevante norske bidrag i perioden 1999–2009. Nordlandsforskning og Høgskulen i Lillehammer. Henta 17.11.2020 frå https://distriktssenteret.no/litteratur/kunnskapsstatus-om-stedsutvikling/.

Maes, J., Leroy, H. & Sels, L. (2014). Gender differences in entrepreneurial intentions: A TPB multi-group analysis at factor and indicator level. European Management Journal 32, 784–794.

Minniti, M., Arenius, P. & Langowitz, N. (2005), Global entrepreneurship monitor. 2004 report on women and entrepreneurship. London: Babson College and London Business School.

Myrestrand, G. (2020, 10. november). – Våre ungdommer er blant de heldigste i landet, de trenger ikke reise noe annet sted. Fjordenes Tidende. Henta 10.11.2020 frå https://www.fjt.no/nyheter/2020/11/10/%E2%80%93-V%C3%A5re-ungdommer-er-blant-de-heldigste-i-landet-de-trenger-ikke-reise-noe-annet-sted-22972386.ece.

Nesse, J.G. (2010). Kjønnsskilnader i ungdommars motivasjon for entreprenørskap. Beta, 24(01), 2–24.

Nygaard, V., Ness, C. & Kvidal, T. (2009). Regional utvikling, boligsosialt arbeid og stedsutvikling i Nord-Troms og Finnmark. Alta: Norut Alta-Àltà.

Onsager, K., Gundersen, F., Schmidt, L., Sørlie, K. & Vestby, G.M. (2011). Livskraftige kystsamfunn. Steds- og næringsutvikling i Sandøy kommune. NIBR-rapport nr. 24-2011. Oslo: NIBR.

Prabhu, V.P., McGuire, S.J., Drost, E.A. & Kwong, K.K. (2012). Proactive personality and entrepreneurial intent: Is entrepreneurial self‐efficacy a mediator or moderator? International Journal of Entrepreneurial Behavior & Research, 18(5), 559–586. https://doi.org/10.1108/13552551211253937.

Rønning, L. (2010). Samfunnsentreprenørskap som initiering av lokal næringsutvikling. I O.J. Borch & A. Førde (red.), Innovative bygdemiljøer (s. 53–67). Bergen: Fagbokforlaget.

Rønning, L., Ljunggren, E. & Wiklund, J. (2010). The Community Entrepreneur as a Facilitator of Local Economic Development. I C. Karlsson, B. Johansson & R.R. Stough (red.), Entrepreneurship and Regional Development: Local Processes and Global Patterns (s. 195–237). Cheltenham UK: Edward Elgar.

Schein, E.H. (1975). How «career anchors» hold executives to their career paths. Personnel, 52(3), 11–24.

Schein, E.H. (1978). Career dynamics: Matching individual and organizational needs. Reading, Massachusetts: Addison-Wesley Publishing Company.

Schein, E.H. (1990). Career anchors: Discovering your real values. Revised Edition, San Francisco: Pfeiffer & Company.

Seibert, S.E., Crant, J.M. & Kraimer, M.L. (1999). Proactive personality and career success. Journal of Applied Psychology, 84 (3), 416–427.

Shane, S. & Venkataraman, S. (2000). The promise of entrepreneurship as a field of research. Academy of Management Review, 25, 217–226.

Skarholt, K. (2014). Ladestasjon for ildsjeler: Hva er en ildsjel, hvordan mobiliserer ildsjeler andre aktører, og hva er ildsjelers betydning for lokalsamfunnet? SINTEF Rapport nr. A26120. Trondheim: SINTEF.

Stam, E. (2007). Why butterflies don’t leave. Locational behavior of new firms. Economic Geography, 83(1), 27–50.

Storvoll, R.A. (2020). Ung drivkraft i nord. Unges legitime medvirkning i stedsutvikling. Doktorgradsavhandling. Tromsø: UiT.

Tamásy, C. (2006). Determinants of Regional Entrepreneurship Dynamics in Contemporary Germany: A Conceptual and Empirical Analysis. Regional Studies, 40(4), 365–384.

Thompson, J.A. (2005). Proactive personality and job performance: A social capital perspective. Journal of Applied Psychology, 90(5), 1011–1017.

Vestby, G.M. (2018). Fugleperspektiv på tre tiår med stedsutvikling. Notat. Oslo: By- og regionforskingsinstituttet NIBR/OsloMet. Henta 16.11.2020 frå https://distriktssenteret.no/artikkel/fugleperspektiv-pa-tre-tiar-med-stedsutvikling/.

Vestby, G.M. (2009). Stedsutvikling i Eidfjord. Oslo: NIBR.

Vestby, G.M., Gundersen, F. & Skogheim, R. (2014). Ildsjeler og lokalt utviklingsarbeid–Gløden, rollen og rammevilkårene. NIBR-rapport nr 2-2014. Oslo: NIBR.

Vestby, G.M. & Røe, P.G. (2004). Fortellingen om en stedsutvikling – en sosiokulturell prosess. Evalueringsrapportering fra arbeidet med sentrumsutvikling i Eidskog. Oslo: NIBR.

Zander, I. (2004). The microfoundations of cluster stickiness—Walking in the shoes of the entrepreneur. Journal of International Management, 10, 51–75.

Årethun, T., Nesse, J.G. & Larsen, Ø.H. (2020): Er e-entreprenørskap vegen til vekst i distrikta? Ein studie av fem regionale it-bedrifter. I L. Longvanes & T. Årethun (2020), Berekraftig verdiskaping (kapittel 7, s. 99–112). Bergen: Fagbokforlaget.

Årethun, T., Nesse, J.G. & Oklevik, O. (2017). Eldsjeler i framtidsfylket. Kven er dei og korleis få fleire av dei til Sogn og Fjordane? I J.R. Andersen, E. Bjørshusdal, J.G. Nesse & T. Årethun (red.), Immateriell kapital – Fjordantologien 2017 (kapittel 20, s. 398–415). Oslo: Universitetsforlaget. https://doi.org/10.18261/9788215028163-2017-20.

Vedlegg 1: Ulike geografiske grupperingar av kommunar i Sogn og Fjordane (kommuneinndeling per 2011)

Vekstkommunedimensjonen

Vekstkommunar: Eid, Førde, Sogndal, Stryn

Kommunar med lite vekst/tilbakegang: Alle andre kommunar i Sogn og Fjordane

Futedømedimensjonen

Kommunar i Sunnfjord: Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Jølster, Naustdal

Kommunar i Nordfjord: Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn, Vågsøy

Kommunar i Sogn: Aurland, Balestrand, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Solund, Vik, Årdal

Kystkommunedimensjonen

Kystkommunar: Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Flora, Bremanger, Vågsøy, Selje.

Midtre og indre kommunar: Årdal, Aurland Lærdal, Luster, Sogndal, Gaular, Jølster, Stryn, Hornindal, Vik, Leikanger, Balestrand, Høyanger, Gloppen, Eid, Førde, Naustdal

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon