Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}
<StadutviklingKapittel 7 av 16

6. Frå student til entreprenør: Kva fremmar og hemmar studententreprenørskap i høgare utdanning?

Kjersti Kjos Longva (f. 1981), førsteamanuensis ved Institutt for internasjonal forretningsdrift ved NTNU i Ålesund. Ph.d. fra UiT – Norges arktiske universitet. Forskar og underviser innan entreprenørskap, innovasjon og supply chain managment.

Entreprenørskap har ei viktig rolle for utvikling av stadar, regionar og for økonomisk vekst. Institusjonar innan høgare utdanning vert sett på som sentrale aktørar i miljøet som påverkar entreprenørskap, og bidreg mellom anna gjennom kommersialisering av forsking og at studentar startar opp bedrifter etter utdanning. Denne studien ser nærmare på entreprenørskap blant studentar og studententreprenørar si erfaring med kva som fremmar og hemmar dette. Dette blir utforska gjennom intervju med studententreprenørar som er supplert med sekundærdata om miljø for studententreprenørskap ved høgskolar og universitet i Noreg.

Nøkkelord: studententreprenørskap, entreprenørskapsutdanning, entreprenørielle universitet, høgare utdanning

Entrepreneurship has an important role in the development of regions and for economic growth. Higher education institutions are key actors in the entrepreneurial environment and contributes to entrepreneurship through commercialization of research and trough student entrepreneurship. This study set out to examine entrepreneurship among students and student entrepreneurs’ perception of the facilitators and challenges for this. This is explored through interviews with student entrepreneurs and complement with secondary data on the environment for student entrepreneurship at higher education institutions in Norway.

Introduksjon

Dei siste tiåra har det vore ei auka forståing for rolla entreprenørskap har som katalysator for utvikling og økonomisk vekst. Entreprenørskap handlar om å starte ny forretningsverksemd og kan definerast som ein prosess der forretningsmogelegheiter vert identifisert, utvikla og utnytta for å skape forretningsverksemd (Shane & Venkatamaran, 2000). Empiriske studiar viser at entreprenørskap bidreg til å skape nye arbeidsplassar, til produktivitetsvekst og til å bringe innovasjonar til marknaden (Ulstein & Grünfeld, 2012). Entreprenørskap vert difor sett på som eit sentralt element i utvikling og omstilling av stadar og regionar. Spilling (2005) trekkjer til dømes fram korleis entreprenørielle hendingar er tett knytte til staden dei skjer på. Han argumenterer for at ei entreprenøriell hending har all historisk utvikling på staden som fundament, samtidig som den entreprenørielle hendinga sjølv vil kunne gje sitt bidrag til utviklinga til næringslivet på staden gjennom arbeidsplassar, skatteinntekter og utvikling av industri. Korleis ein kan legge til rette for entreprenørskap og dermed bidra til stadutvikling og regional utvikling, har difor fått stadig større merksemd både frå myndigheiter og forskingsmiljø (Spilling, 2006).

Høgare utdanningsinstitusjonar har blitt peika på som sentrale aktørar i det regionale økosystemet for entreprenørskap (Etzkowitz et al., 2000; Etzkowitz & Leydesdorff, 2000). Lenge var det kommersialisering av forsking frå universitetstilsette som blei sett på som det viktigaste entreprenørskapsbidraget frå universiteta. Dei siste årene har det derimot vore ei auka forståing for at studententreprenørskap også kan ha ei viktig rolle. Ein studie frå Åstebro et al. (2012) viser til dømes at det er mykje meir sannsynleg at studentar startar bedrift like etter utdanning enn at universitetstilsette gjer det. Vidare syner forsking at dei fleste studentar som startar bedrift like etter utdanning, lokaliserer den nye bedrifta i same region som utdanningsinstitusjonen dei er uteksaminerte frå (Wright et al., 2017). Studententreprenørar kan dermed vere ei kjelde til økonomisk og regional utvikling på staden dei vel å etablere seg.

Trass i rolla studententreprenørar har i entreprenørskap som kjem ut frå universitet, seier litteraturen lite om korleis ein kan legge betre til rette for studententreprenørskap. Spreidde empiriske studiar syner at entreprenørskapsutdanning (Elert et al., 2015) og studentmiljø (Morris et al., 2017) kan vere viktig for studententreprenørskap, men forståinga i litteraturen for kva som påverkar studententreprenørskap er avgrensa. Denne studien søker å sjå nærmare på dette for å kunne bidra til auka innsikt om kva som kan vere viktig å ta omsyn til om ein ynskjer å legge betre til rette for studententreprenørskap. Frå entreprenørskapslitteraturen veit ein at korleis aktørar i lokalområdet er kopla saman, er viktig for at entreprenørskap og tilhøyrande næringsutvikling skal finne stad (Spilling, 2005). Entreprenørskap vert difor ofte sett i eit systemperspektiv, og til dømes klyngeteori, regionale innovasjonssystem og entreprenørielle økosystem har vorte nytta for å forklare samspelet mellom entreprenørskap og staden det går føre seg på (Spigel & Harrison, 2017). Ifølgje Isenberg (2016) er politikk, finansiering, kultur, støtteapparat, humankapital og marknad dei sentrale komponentane i eit entreprenørielt økosystem og vil vere avgjerande for entreprenørskapen som finn stad, medan MIT sin REAP-modell (Aulet, 2013) trekkjer fram entreprenøren, risikokapital, næringsliv, det offentlege og universiteta som sentrale aktørar i det entreprenørielle økosystemet.

Innanfor entreprenørskap har systemperspektivet fått mykje merksemd dei siste tiåra (Spigel & Harrison, 2017), mens dette perspektivet i stor grad har vore fråverande innanfor studententreprenørskap. Her har fokuset hovudsakleg vore korleis entreprenørskapsutdanning og utanomfaglege studentorganisasjonar kan fremme studententreprenørskap i høgare utdanningsinstitusjonar. Formålet med studien er difor å undersøke studentar sitt perspektiv på korleis staden ein studerer på, kan legge til rette for studententreprenørskap. Forskingsspørsmålet for studien tek utgangspunkt i studententreprenørane sine refleksjonar rundt eigne erfaringar og lyd: Kva vurderer studententreprenørar som sentrale faktorar som fremmar og hemmar studententreprenørskap i høgare utdanning? Dette vert undersøkt i ein kvalitativ studie med intervju av studententreprenørar i ulike høgskole- og universitetsmiljø, samt ei supplerande kartlegging av dei same miljøa for å få innblikk i sentrale aktørar og funksjonar i miljøet for studententreprenørskap.

Entreprenørskap i høgare utdanning

Med bakgrunn i den auka forståinga for korleis entreprenørskap skaper økonomisk utvikling, har høgare utdanning vorte utfordra på korleis ein i større grad kan bidra til entreprenørskap. Det vert i dag forventa at høgare utdanningsinstitusjonar har ei nøkkelrolle i dette, mellom anna gjennom utvikling av humankapital og kunnskapsoverføring til industri (Ankrah & Al-Tabbaa, 2015; Criaco et al., 2014). Akademisk entreprenørskap, der oppstartsbedrifter spinn ut frå universiteta for å kommersialisere forsking, har vorte peikt på som eit viktig bidrag (Shane, 2004). Denne typen universitetsoppstartar kan til dømes vere spesielt viktige for å kommersialisere teknologi som treng mykje tilpassing før ei eventuell overføring og implementering i eksisterande bedrifter, og som dermed ikkje ville blitt utvikla vidare utanfor universitetet (Clausen & Rasmussen, 2013; Mathisen & Rasmussen, 2019).

Eit anna viktig satsingsområde når det gjeld entreprenørskap ved høgskular og universitet, har vore entreprenørskapsutdanning. Dei første kursa i entreprenørskap starta opp i USA på 1950-talet, og det har sidan vært ein eksponentiell vekst av entreprenørskapskurs i høgare utdanning (Katz, 2003; Kuratko 2005). I Noreg har entreprenørskap i utdanning vore satsa på både av utdanningsinstitusjonar og politisk. Noreg var blant dei første landa som hadde ei politisk målsetting om entreprenørskapsutdanning, og vedtok i 2004 ein eigen strategi for entreprenørskap i utdanninga (KD, 2004). I 2009 blei dette følgd opp av ein eigen handlingsplan for entreprenørskapsutdanning (KD, 2009). Formålet med entreprenørskapsutdanning er å utvikle entreprenørielle ferdigheiter blant studentane som deltek. EU framhevar dette som ein av åtte nøkkelkompetansar for det 21. århundret og som ei sentral ferdigheit for yngre som skal inn i arbeidslivet (EC, 2006). Nokre av dei viktigaste entreprenørielle ferdigheitene som kan utviklast gjennom entreprenørskapsutdanning, er ifølgje Bacigalupo et al. (2016) kreativitet, samarbeidsevner, evne til å ta initiativ og sjå mogelegheiter, motstandsdyktigheit, evne til ressursmobilisering og handtering av usikkerheit.

Bedriftsetablering blant studentar

I tillegg til utvikling av entreprenørielle ferdigheiter er det også ein sentral ambisjon at satsinga på entreprenørskap skal gje fleire nye bedrifter. Kor vidt dette er eit faktisk resultat, er vanskeleg å dokumentere, då dei fleste studiar av effekten av til dømes entreprenørskapsutdanning ser på intensjonen om å starte bedrift og ikkje faktisk bedriftsoppstart (Longva og Foss, 2018). Ei av få studiar som ser nærmare på dette, er Elert et al. (2015). I studien undersøker Elert et al. (2015) effekten av at svenske skuleelevar deltek i entreprenørskapsutdanning i vidaregåande skule. Ved å samanlikne desse med kohortar som ikkje deltok i entreprenørskapsutdanning, finn forfattarane at deltaking gjev signifikant høgare sannsyn for å starte bedrift, og gjev høgare inntekt som entreprenør for dei som startar bedrift.

Forsking viser også at studententreprenørskap utgjer ein betydeleg del av entreprenørskap som kjem ut frå universiteta. Åstebro et al. (2012) syner, som tidlegare nemnt, at uteksaminerte studentar startar fleire bedrifter enn universitetstilsette. Videre viser til dømes forsking frå Massachusetts Institute of Technology (MIT) at kandidatar uteksaminerte frå MIT har skapt meir enn ein million jobbar gjennom oppstart av nye bedrifter og ei samla omsetjing på over 164 milliardar dollar. Ein studie av tidlegare studentar ved Babson College gjev tilsvarande funn (Lange et al., 2014). Babson College er kjent for si satsing på entreprenørskap, og av 3775 alumni i undersøkinga starta 913 av dei eigne bedrifter. Til saman skapte desse 1300 bedrifter og over 25 000 arbeidsplassar. Studiane frå USA syner at studententreprenørskap kan utgjere eit betydeleg bidrag til entreprenørskap både på regionalt og nasjonalt nivå, medan den svenske studien indikerer at dette også kan gjelde for entreprenørskap i vidaregåande skule. For studententreprenørskap i Noreg, og for den del Europa generelt, er det mangel på empiriske studiar som tek tak i dette. På global basis etterlyser ein også empiriske studiar som ser på betydninga av omgjevnadane for studententreprenørskap og kva som er viktige drivarar for dette (Miller & Acs, 2017; Wright et al., 2017).

Metodisk tilnærming

Studien omhandlar studententreprenørskap, som er eit tema der eksisterande konseptuell og empirisk litteratur er avgrensa. Designet for studien er difor eksplorativ case-studie med mål om å kunne utdjupe eksisterande teori om studententreprenørskap med bakgrunn i funn frå casar (Eisenhardt & Graebner, 2007). Det vert nytta kvalitative intervju som er supplerte med sekundærdata frå studiestadane. I tråd med Yin (2009) vert fleire kjelder til informasjon nytta for å sjå at funna stemmer overeins, og for å styrke validitet. Intervjudelen består av fem intervju med studententreprenørar som har arbeidd med å starte eiga bedrift i og etter studietida. Studententreprenør vert i denne artikkelen definert som både studentar som har arbeidd med å starte bedrift undervegs i studiet, og studentar som driv ei bedrift som dei starta like etter utdanning. Den siste kategorien er i praksis «vanlege» entreprenørar. Men sidan artikkelen også omtaler andre entreprenørar, vert studententreprenør i denne studien definert breitt. Det blei gjort intervju ved fire ulike norske høgskule- og universitetsmiljø mellom september og desember i 2019. Tabell 6.1 syner meir informasjon om informantane.

Tabell 6.1.

Oversikt over informantar i intervjua

InformantStadEntreprenørskaps-utdanningStudent-inkubatorAlumni- inkubatorNæringslivs-inkubatorFinansiering 1*Finansiering 2**
1AMasterstudium, spesialiseringVV-VV
2AMasterstudium, spesialiseringVV-VV
3BBachelorstudium, spesialisering--V-V
4CBachelorstudium, spesialisering--V-V
5DMasterstudium, valfag--V--

*Finansiering 1: kr. 1 000 000,- frå Noregs Forskingsråd

**Finansiering 2: kr. 200 000–300 000 frå Innovasjon Norge

Intervjua baserte seg på ein semistrukturert intervjuguide med fokus på tilrettelegging og utfordringar for studententreprenørskap. Det blei gjort lydopptak av kvart intervju. Intervjua varte mellom 25–55 minutt og vart transkriberte i etterkant. I analysen vert det freista å bygge teori ut frå refleksjonane til studentane gjennom ein todelt kodingsprosess som anbefalt av Saldaña (2012, s. 207) i NVivo. Det transkriberte materialet fekk i første fase tildelt kodar som oppsummerte utsegnene frå informantane. I den andre fasen vart det anvendt fokusert koding med fremmande og hemmande faktorar med utgangspunkt i forskingsspørsmålet. Kodinga resulterte i 10 faktorar som blei identifiserte som spesielt viktige av studentane, enten fordi dei fremma studententreprenørskap eller fordi det var utfordringar eller barrierar som hemma framdrifta til studententreprenørane.

I neste steg vart det laga ei oversikt over miljø for studententreprenørskap ved dei fire høgskule- og universitetsstadane. Oversikta baserte seg på informasjon i intervjua og søk i sekundærdata som nettsider og medieomtalar for å følgje opp utsegn frå studententreprenørane. Dette arbeidet resulterte i ein illustrerande figur for kvar av stadane.

Presentasjon av funn

Funna frå datainnsamlinga som vert presentert i dette kapittelet, er delt inn i to delar. Først vert ei oversikt av miljøa for studententreprenørskap presentert gjennom fire ulike figurar med tilhøyrande beskrivingar for kvar av stadane. I neste del vert innsikt rundt det studententreprenørane oppfattar som fremmande og hemmande for studententreprenørskap, samanfatta.

Miljø for studententreprenørskap

Miljøet for studententreprenørskap er ulikt ved dei fire stadane. Miljø er ulike med tanke på innhald og graden av samspel mellom dei ulike delane.

Figur 6.1.

Stad A – Miljø for studententreprenørskap.

To av studentane som er intervjua, er frå stad A, som er ein av dei større byane i Noreg. Miljøet ved denne studiestaden er det mest utvikla for studententreprenørskap blant stadane i studien både når det gjeld innhald og graden av samspel mellom dei ulike delane i miljøet. Dette kjem fram både gjennom intervju og sekundærdata om miljøa for studententreprenørskap. Når det gjeld det faglege miljøet, har staden eit spesialisert masterprogram som studentane som vart intervjua, var tilknytte, eit forskingssenter for entreprenørskapsutdanning og innovasjonslabar på campus tilknytt miljøet. Når det gjeld utanomfaglege aktivitetar, er det eit aktiv miljø for studententreprenørskap gjennom studentorganisasjonar og eige identitetslokale. Ein av studentorganisasjonane tilbyr mentortenester til studentar som ynskjer rettleiing for å utvikle ein idé, der studentar med entreprenørskapserfaring fungerer som frivillige studentmentorar. I tillegg eksisterer det ulike typar inkubatorar på staden. Ein inkubator er ein organisasjon som gjev støtte til etablering av nye verksemder og som disponerer ressursar som kontorfasilitetar, rettleiingstenester og finansiell støtte. Ved stad A blir dette gjort gjennom ein studentinkubator tilknytt masterprogrammet, der studentar får tilgang til eige kontor for å arbeide med idéen sin, samt ein alumni-inkubator der studentar kan søke om å få kontorplass i opptil eitt år etter studiane. Dei intervjua studentane hadde vore ein del av begge desse inkubatorane. Når det gjeld finansiering, kan studentane søke på interne middel der det er høg tilsalsprosent. Det er også etablert infrastruktur for søknadstøtte for å førebu søknadar om ekstern finansiering til Noregs forskingsråd og Innovasjon Norge. Graden av næringslivskontakt vart oppgitt å vere noko mindre i dette miljøet enn ved nokre av dei andre stadane, og det vart uttalt i intervjua at store delar av næringslivskontakten går gjennom studentorganisasjonar. Ei interessant utsegn rundt miljøet ved stad A er at informantane oppfatta det som svært godt tilpassa til studentane som er ein del av masterprogrammet eller studentorganisasjonane, men at det nok kunne opplevast som mindre tilgjengeleg for studentar som ikkje var ein del av miljøet gjennom studiar eller studentorganisasjon.

Figur 6.2.

Stad B – Miljø for studententreprenørskap.

Éin studententreprenør vart intervjua ved stad B, som er ein mindre by i Noreg. Medan det ved stad A er høg grad av samspel mellom dei ulike delane av miljøet, er miljøet ved stad B i stor grad bygd opp rundt to spesialiserte bachelorprogram. Studententreprenøren som vart intervju, hadde gått ved eit av desse programma. Begge studieprogramma har tett kontakt med næringsliv og næringlivsinkubator, som både deltek aktivt i programma og tek imot studentane etter at dei er uteksaminerte. Også her er det ein aktiv studentorganisasjon, og mogelegheiter for intern finansiering for studentar. I tillegg er Ungt Entreprenørskap ein viktig bidragsytar i studieprogramma. Samanlikna med studiestad A vart det oppgitt at det var mindre formell infrastruktur på campus for studententreprenørskap, noko som også var uttrykt som eit område for forbetring av studententreprenøren som var intervjua.

Figur 6.3.

Stad B og C – Miljø for studententreprenørskap.

Stad C er også ein mindre by i Noreg, og éin studententreprenør vart intervjua her. Både studieprogram og støtte frå Ungt Entreprenørskap liknar stad B, men studentorganisasjonar/studentmiljø og kontakt med næringsliv er i mindre grad til stades, ifølgje informanten. Det vart uttrykt at dette var eit sakn under studiane. Miljøet ved campus er tilknytt ein næringslivsinkubator som også tilbyr studentinkubator for aktive studentar.

Éin studententreprenør vart intervjua frå stad D. Dette er ein større by i Noreg, der miljøet for studententreprenørskap er mindre utvikla. Fokus ved utdanningsinstitusjonen er andre fagfelt, og det eksisterer få studentmiljø for entreprenørskap tilknytt studiestaden. Studententreprenøren som var intervjua frå denne staden, hadde aktivt søkt etter stadar å finne eit fellesskap og fag innan entreprenørskap. Det var beskrive at faga hadde eit tydeleg teoretisk tilsnitt og baud på mindre praktisk kunnskap for ein student i oppstartsfasen. Næringslivsinkubatoren som studenten blei tilknytt, vart beskrive som meir tilpassa oppstartsbedrifter med lang industrierfaring innan maritime industriar. Studenten hadde flytta til Oslo i ettertid, der han hadde funne eit miljø å fortsette å arbeide med oppstartsbedrifta i.

Faktorar som fremmar studententreprenørskap

Analysen av intervjua avdekte fleire viktige faktorar som fremmar studententreprenørskap sett frå perspektivet til studententreprenørane sjølve. Dei viktigaste faktorane var entreprenørskapsutdanning, kontakt med næringsliv under utdanning, finansiering via verkemiddelapparat, studentmiljø for entreprenørskap, inkubatorar i og etter utdanning og mentorar. Funna relatert til dei ulike faktorane er nærare beskrivne under.

Entreprenørskapsutdanning

Studententreprenørskap som vart omtalt i intervjua, hadde, med eitt unntak, sitt utspring i entreprenørskapsutdanning. Det at studentane fekk arbeide over tid med prosjekt i utdanninga, var for mange avgjerande for at dei hadde kome langt med prosjekta sine. Spesielt når det gjaldt utviklinga av ideen, hadde aktivitetar i utdanninga vore viktige. Ein studententreprenør fortel:

«Første semester er det ei intens idejakt. Og ein jobbar mykje og lenge med å finne gode business-casar. Både for idear ein hadde frå før og gjennom samarbeid med institusjonar og andre organisasjonar. Vi hadde ein syretest som var med [Bedrift] og då kom dette problemet fram. Nokre veker seinare var vi ved [Forskingsinstitusjon] og jobba med teknologi som er utvikla der, som er veldig spesiell og ofte vanskeleg å sjå verdien av. Men då jobba vi med ei programvare som eg følte kunne løyse delar av det problemet vi hadde oppdaga i den andre syretesten. Og det viste seg å vere berre tull. Det stemte ikkje i det hele tatt. Men då var grunnlaget lagt, i alle fall. Så vi tenkte at dette er eit kjempeproblem, og vi må ha programvare som kan hjelpe oss med å løyse dette. Og liksom, det kan bli business.»

Entreprenørskapsutdanning var også avgjerande for at team hadde funne kvarandre og fortsette å jobbe saman. For nokre hadde entreprenørskapsutdanning vore viktig for å finne team-medlemmar med anna kompetanse enn dei sjølv hadde.

Kontakt med næringsliv under utdanning

Kontakt med næringsliv under utdanning vart trekt fram som sentralt av fleire. Nokre trekte også fram kontakt med forskingsinstitusjonar og offentlege verksemder som viktig. Spesielt i idefasen var det sentralt for fleire å ha kontakt med næringsliv for å kome fram til reelle problem som treng ei løysing. Sitatet frå studenten i avsnittet over er eit eksempel på dette. Vidare blei det understreka av fleire at næringslivskontakt også er av stor betydning i overgangen frå student til entreprenør. Nokre hadde inngått samarbeidsprosjekt i løpet av studiet med bedrifter som seinare gjekk inn som investorar i prosjekta deira, andre hadde knytt til seg mentorar, medan andre igjen hadde overlevd det kritiske første året ved å ta på seg konsulentoppdrag for bedrifter dei hadde samarbeidd med under studiane.

Finansiering via verkemiddelapparat

Finansiering er kritisk for alle oppstartsbedrifter, men er spesielt viktig for studententreprenørar som ikkje har oppsparte middel. Fleire trekkjer fram finansiering frå verkemiddelapparat som Innovasjon Norge og Noregs forskingsråd som avgjerande for at dei kunne fortsette med bedriftene dei hadde starta opp i utdanninga si. Som ein studententreprenør fortel:

«Vi hadde jo ikkje klart oss utan Innovasjon Norge og STUDENT-pengane. Bedrifter treng pengar for å overleve, og er du ferdig å studere så treng du lønn. Du treng ikkje nødvendigvis så mykje, men du er heilt avhengig av å kunne leve av noko. Det er alltid mogeleg å jobbe deltid, men det blir så halvvegs, og du får ikkje det fulle fokuset som du verkeleg treng. Skal du gjere det bra med ei oppstartsbedrift, så må du være dedikert, og du må være konsentrert. Du må liksom ha tid til å få gjort alle dei tinga som skal gjerast.»

Fleire av studententreprenørane hadde fått middel som kunne nyttast til å dekke løn, noko dei såg på som spesielt avgjerande for vidare drift.

Studentmiljø for entreprenørskap

Studententreprenørane fortalde om viktig læring i entreprenørskapsutdanning i løpet av studiane. Men det vart også framheva at studentmiljø for entreprenørskap hadde bidratt til læring og utvikling. Studentorganisasjonar og andre felles møteplassar for entreprenørskap hadde stor betydning ved at ein kunne treffe likesinna der, bli ein del av eit fellesskap, bli inspirert og bygge nettverk. Fysiske møteplassar som knytte saman utdanning, studentorganisasjonar og andre aktivitetar innan innovasjon og entreprenørskap på campus, hadde vore spesielt viktig for mange for å føle at dei høyrde til ein plass. Studentmiljøa var også viktige for å knytte kontakt med næringsliv under ulike arrangement utanfor emne og studieprogram. Fleire fortalde om deltaking i ulike kurs, workshop og konkurransar, som hadde vore viktige på reisa mot å velje entreprenørskap som karriereveg. For dei som ikkje hadde hatt tilgang til slike aktivitetar og miljø, var det noko som dei uttrykte at dei sakna. Ein studententreprenør forklarar:

«Det er viktig å vere i kontakt med andre som er i same situasjon som deg. I større byar er det ofte større og etablerte miljø for startups. Sånn eg ser det, er det mindre av det i distrikta. Så det blir vanskeleg å finne studentar eller entreprenørar som har vore i same situasjon som deg. Men når eg har treft studentar eller tidlegare studentar som har liknande erfaringar som meg, har eg alltid fått verdifulle råd.»

Noko som hadde vore viktig for fleire, var mogelegheita som studentmiljøet gav for å rekruttere andre studentar, både som konsulentar og tilsette. Ved å rekruttere studentar med kompetanse innan til dømes programmering, design eller marknadsføring til kortare og lengre oppdrag, kunne studententreprenørane utvikle idéen sin utan å måtte betale store summar til konsulentselskap. For eksempel gjorde «Join a Startup»-kveldar i studentmiljø denne typen rekruttering mogeleg.

Inkubatorer i og etter utdanning

Ulike former for inkubatorar vart sett på som viktige av dei fleste som vart intervjua. Nokre få hadde erfaring med studentinkubatorar, der ein gjennom studiet er med i ein inkubator og tek del i aktivitetar der. Fleire hadde også erfaring med alumni-inkubator, som dei trekte fram som svært positivt. I ein alumni-inkubator får studentar vere på campus i opptil eitt år etter studiane for å arbeide med bedrifta si. Det sparte kostnadar til oppstartslokale og gav tilgang til ressursar på campus sjølv om ein ikkje var student. Det gav eit fellesskap å vere ein del av, og det gav tid til å arbeide meir med prosjektet før ein skulle over i ein inkubator for næringslivet. Ein studententreprenør uttrykte:

«For oss er det heilt nydeleg å vere her no. Forhåpentlegvis er vi ein annan stad neste år, der det vil vere andre ting vi treng. Men det å vere her er heilt nydeleg med tanke på at vi kan tilsette studentar kjempelett. Og det er litt lettare for studentane å sjonglere studiar og startup. Og så i neste runde kan vi kanskje betale litt meir for kompetanse, og då blir det viktigare å vere nær investorar. Men det er perfekt å vere her no. Det er hybriden som gjer det som eigentleg er ganske vanskeleg litt mindre vanskeleg.»

Som sitatet over illustrerer, var alumni-inkubatoren eit viktig steg på vegen til ein næringslivsinkubator. Fleire uttrykte at dei ikkje følte seg klare for næringslivsinkubator rett etter utdanninga. Nokre av dei som hadde erfaring frå næringslivsinkubatorar rett etter studiane, meinte at det hadde kome litt brått på, og at dei difor ikkje hadde fått fullt utbytte av å vere der. På ei anna side var det også studententreprenørar som understreka at slike inkubatorprogram hadde vore viktig for dei.

Mentorar

Mentorar blei sett på som sentralt for utvikling av oppstartsbedriftene, både under utdanning og i overgangen frå utdanning til oppstartsbedrift. Ulike typar mentorar blei nemnde som viktige. I tillegg til fagpersonar ved utdanningsinstitusjonane vart studentmentorar trekt fram som gode sparringspartnarar under studiane. Desse vart sett på som viktige fordi dei forstod spesielt godt situasjonen studentane var i. I tillegg var eksterne mentorar sentrale for å bidra til både fagleg forståing og forretningsforståing. Nokre hadde fått tildelt mentorar, der relasjonen ikkje klaffa så bra, og hadde difor avslutta eller fasa ut kontakta. Det vart understreka kor viktig det var å sjølv ta ei aktiv rolle i å knytte til seg mentorar.

Faktorar som hemmar studententreprenørskap

Analysen av intervjua avdekte også fleire utfordringar og barrierar som kan forseinke og hindre studententreprenørskap. Dei viktigaste faktorane var manglande tilgang til finansiering, manglande nettverk og bransjeerfaring, gründerprogram som ikkje treff, og overdrive skaleringsfokus. Funna relatert til dei ulike utfordringane er nærare beskrivne under.

Manglande tilgang til finansiering

Sjølv om mange trekte fram gode finansieringsordningar frå verkemiddelapparatet som viktige for utviklinga av sine bedrifter, var det også fleire som lufta frustrasjon rundt å ikkje passe inn i desse. Nokre ordningar kravde mastergrad, mens andre, som for eksempel NAV si ordning «Dagpengar under etablering av eigen verksemd», kravde at ein hadde arbeidd fulltid. Ein studententreprenør reflekterte over korleis ein dermed fell mellom to stolar:

«Så har ein NAV. Dei har jo eit løp for dei som har mista jobben. Men om du er student, så «uff, nei, det blir vanskeleg». Du må ha hatt over kr 150 000 i løn for å få dagpengar. Men om du har over kr 150 000 i løn, så får du ikkje stipend. Så dei feller kvarandre. For å få dagpengar må du ha mista ein jobb. Og det gjeld ikkje studentar som nett er ferdige.»

Vidare var det ein frustrasjon frå nokre at det mangla god oversikt over støtteordningar og ein infrastruktur på campus som kunne bidra til rettleiing rundt desse. Validering av eige prosjekt var ein positiv effekt av støtte frå verkemiddelapparatet, men det viktigaste var å få tilgang til middel slik at ein kunne bruke tida på eige oppstartsprosjekt. Elles var gjerne alternativet å melde seg opp i ulike fag for å kunne fortsette å få studielån eller å sjonglere fleire jobbar for å halde hjula i gang medan ein arbeidde med oppstartsbedrifta.

Manglande nettverk og bransjeerfaring

Som studententreprenør har ein gjerne avgrensa arbeids- og bransjeerfaring, og manglar dermed også nettverk innanfor området og bransjen ein søker seg inn i. Fleire studententreprenørar beskreiv korleis dei aktivt jobba for å bøte på dette ved å samarbeide med bedrifter, knytte til seg mentorar og delta på aktivitetar for å utvide nettverk. Men manglande nettverk og bransjeerfaring var stadig ei naturleg utfordring for dei fleste studententreprenørane.

Gründerprogram som ikkje treff

Sjølv om fleire nemnde ulike gründerprogram som både lærerike og nyttige, understreka også nokre at enkelte program ikkje trefte godt nok. Ein kunne oppleve det som frustrerande når program ein måtte ta del i, tok verdifull tid bort frå eige prosjekt. Standardiserte program og program som ikkje tillét at idéen til oppstartsbedrifta endra seg undervegs, vart opplevd som spesielt krevjande. Ein studententreprenør uttrykte dette slik:

«Vi har jo vore med på ein del sånne ulike program. Og dei er alltid designa med dei beste intensjonar om at det skal være nyttig for bedrifta. Men veldig ofte blir det dessverre veldig distraherande frå det ein eigentleg burde konsentrert seg om. Fordi ein prøver å skvise inn x oppstartsbedrifter i eit fast løp, som vert veldig kunstig, og som ikkje kjem til å matche alle eller nokon i det heile tatt i dei verste tilfella. Mange kan ha lyst til å vere aktiv i prosessane for å gjere ein skilnad, men det verkar ofte mot si hensikt.»

Overdreve fokus på skalering

Eit anna tema som kom opp i intervjua, var at bedrifter som vert utvikla under studiar, ofte i entreprenørskapsutdanning, gjerne kan få for mykje fokus på skalering. I staden for å fokusere på realistiske sal i nær framtid meinte nokre at ein blir sett til å utvikle luftslott-prosjekt som ikkje kan realiserast utan store finansielle ressursar. Ifølgje informantane kunne dette kome av manglande kontakt med næringsliv og investorar under utvikling av idéane, samt at det vert fokusert for mykje på dei store suksessane i staden for stabile små og mellomstore bedrifter. Ein tidlegare studententreprenør reflekterte til dømes over dette:

«Vi hadde jo studentbedrift. Vi brukte mykje tid på å få det til å bli noko skalerbart. Ein har veldig mykje fokus på at ein skal verte veldig store. Ikkje unicorn, men ein ynskjer å ta ein stor posisjon i marknaden. I staden for å sikte mot ein meir realistisk Sebra-posisjon. Så du ynskjer å ta alt, du skal liksom konkurrere med dei største. Du er litt naiv, så du ynskjer å ta heile marknaden. I staden for å seie at det er plass til mange i ein by og at det fungerer godt å vere nok ein utstyrsleverandør. Men ein spinn det så lenge som student at ein klarer å skape noko veldig visjonært, som jo er positivt, men som kanskje ikkje er veldig jorda i bakken.»

Diskusjon og konklusjon

Dei siste tiåra har det vore ei aukande forståing av entreprenørar sitt bidrag til verdiskaping og økonomisk utvikling. Entreprenørskap har også ei viktig rolle i stadutvikling og regional utvikling. Entreprenørar som ynskjer å skape noko nytt, vert påverka av miljøet dei er i, men påverkar også miljøet sjølve gjennom det dei skaper (Spilling, 2006). For at entreprenørar skal kunne kommersialisere nye idear, syner forsking at kapital, kompetanse og støttefunksjonar er sentralt (Aulet, 2013; Isenberg, 2016; Spigel & Harrison, 2017). Funna i denne studien peiker mot at dette også er sentralt for studententreprenørskap.

Formålet med studien var å undersøke studententreprenørane sitt eige perspektiv og erfaringane som dei har om kva som fremmar og hemmar studententreprenørskap. Analysen av intervjua syner seks hovudfaktorar som fremmar studententreprenørskap; entreprenørskapsutdanning, kontakt med næringsliv under utdanning, finansiering, studentmiljø for entreprenørskap, inkubatorar og mentorar.

Vidare er det fire faktorar som vert trekte fram som hemmande for studententreprenørskap: manglande tilgang til finansiering, manglande nettverk og bransjeerfaring, gründerprogram som ikkje treffer og overdrive fokus på skalering. Om ein ser dei faktorane ovanfor i samanheng, ser ein at nokre kan vere både fremmande og hemmande avhengig av situasjonen til studententreprenøren. Når det gjeld finansiering, er dette til dømes ein fremmande faktor når studentane har tilgang til finansieringsordningar, men det kan også vere ein hemmande faktor for dei som opplever å falle utanfor eksisterande ordningar. Figur 6.4 under gjev ei oversikt over sentrale element i miljøet for studententreprenørskap når ein ser funna ovanfor i samanheng med kvarandre.

Figur 6.4.

Sentrale element i miljøet for studententreprenørskap.

Entreprenørskapsutdanning er ein viktig igangsetjar av studententreprenørskap. Sjølv om studentar også startar opp bedrift utan å ta del i slik utdanning, kan utdanninga vere ein katalysator for idéutvikling og ein arena å treffe likesinna på. Dette er i tråd med tidlegare empiriske studiar av Elert et al. (2015) og Morris et al. (2017). Kontakt med næringslivet vart også trekt fram som svært viktig. Næringslivskontakt gav viktige innspel til utvikling av idear og til realitetsorientering i ulike fasar av prosjektet. Tilsvarande vart manglande nettverk og bransjeerfaring beskrive som noko som hemma framgangen, og som studententreprenørane jobba aktivt med å kompensere for. Dette er ein faktor som så langt har fått lite merksemd i litteraturen rundt studententreprenørskap, men som det er viktig å ta omsyn til i utvikling av entreprenørskapsutdanning og miljø for studententreprenørskap på campus. Vidare er finansiering gjennom verkemiddelapparat også av stor betydning for studententreprenørskap. Intervjua synte at dette kunne vere til stor hjelp for mange, men også til stor frustrasjon for dei som fall utanfor eksisterande finansieringsordningar. Frustrasjonen er forståeleg, men indikerer samtidig ei avgrensa forståing av korleis verkemiddelapparatet må konstruerast for å gi størst mogeleg avkastning på ressursane ein investerer i det. Dette er ei viktig forståing å etablere for unge entreprenørar i til dømes entreprenørskapsutdanning.

Studentmiljøet hadde vore ein viktig fremmar for studententreprenørskap for fleire. Studentmiljøet gav mogelegheiter for læring som komplementerte faglege studiar, og var i tillegg ein stad å høyre til saman med likesinna. Dette har også blitt understreka som viktig i tidlegare studiar på studententreprenørskap (Pittaway et al., 2015). For mange opnar slike miljø mogelegheiter til å bli med på andre sine idéar, mens andre brukte miljøa til å rekruttere studentar til eigne bedrifter. Innhaldet i studentmiljø for entreprenørskap varierer, men viktige element kan til dømes vere ulike typar inkubatorar, idékonkurransar og studentmentorar. Næringslivinkubatorar og industrimentorar er viktige i neste fase når studentar har kome eit steg nærare marknaden med ideane sine.

Funna i denne studien har både fellestrekk og ulikheiter med beskrivingar i litteraturen av entreprenørielle økosystem. Entreprenørskapsutdanning i denne modellen har for eksempel fellestrekk med det Isenberg (2016) omtaler som humankapital, og Aulet (2013) som universitetstilgang. På same vis har støttefunksjonar og finansiering i Isenberg (2016) sin modell og risikokapital i Aulet (2013) parallellar til det studentane beskriv rundt verkemiddelapparat, inkubatorar og til dels mentorar. Kulturdelen i Isenberg (2016) sitt perspektiv kan i ein studentsetting tilsvare studentmiljø for entreprenørskap i figur 6.4. Det Isenberg (2016) refererer til som marknad og politikk, og Aulet (2013) som det offentlege får mindre merksemd i modellen ovanfor. Dette reflekterer nok at det er utsegnene til studentane sjølve som har vore grunnlaget for utforminga av modellen, og at dette er noko som er mindre tydeleg for dei fleste i ein tidleg fase som studententreprenør. Samtidig er kontakt med næringsliv trekt fram som eit viktig element, noko som er naturleg all den tid studententreprenør ikkje har bransjeerfaring og næringslivsnettverk som eldre entreprenørar dreg nytte av. Det kan difor vere til stor nytte at utdanningsinstitusjonar arbeider for å fasilitere næringslivskontakt for studentar som arbeider med entreprenørskap både for å hjelpe til med idéutvikling og bidra til realitetsorientering rundt marknadsmogelegheiter.

Elementa i miljøet for studententreprenørskap er på ulike måtar med på å fremme eller hemme studententreprenørskap. Å skape miljø som best mogeleg understøttar desse elementa, er difor ei viktig oppgåve både for utdanningsinstitusjonane som studentane høyrer til, og for stadane der dei studerer. Forsking syner at studentar som startar bedrifter like etter utdanning, i stor grad vel å lokalisere desse i same region som utdanningsinstitusjonen dei er uteksaminerte frå (Wright et al. 2017). Å bygge entreprenørskapsmiljø regionalt krev dermed at utdanningsinstitusjon og stad spelar på lag for å skape slike miljø. Denne studien gjev nokre innsikter i kva som kan vere viktig i dette arbeidet. Samtidig er det viktig å framheve at dette er element som må tilpassast den regionale konteksten for entreprenørskapsmiljøet. Eit sterkt studententreprenørskapsmiljø på campus vil for eksempel vere spesielt viktig når studentar ikkje er tett på andre entreprenørskapsmiljø gjennom kontakt med næringsliv eller inkubatorar. Det er dermed ikkje slik at det finst ei beste løysing for å skape eit godt miljø for studententreprenørskap. Det er viktigare at miljøet er tilpassa tradisjonen, den regionale konteksten og institusjonen det skal vere ein del av.

Sidan dette er ein kvalitativ studie som er gjort ved norske utdanningsinstitusjonar, vil det vere interessant å undersøke andre kontekstar for studententreprenørskap i framtidig forsking. Med omsyn til ekstern validitet er det difor viktig å understreke at refleksjonane frå informantane ikkje kan generaliserast. Intervju med andre informantar enn dei i studien kunne gitt andre funn. Medan generalisering er eit uttalt mål i kvantitativ forsking, søker kvalitativ forsking det Lincoln og Guba (1985) kallar overførbarheit. Det vil seie å beskrive kontekst og metode på ein måte som gjev nok innsikt til å la lesar vurdere kor vidt funna er overførbare til andre kontekstar. Det er også viktig å understreke at fem studententreprenørar er intervjua i denne studien. I framtidig forsking om temaet vil det vere hensiktsmessig å sjå på eit større utval og også inkludere andre sentrale aktørar, som universitetstilsette og aktørar i støtte- og verkemiddelapparat. Temaet kan også undersøkast kvantitativt med mål om å generalisere funna. Videre er det viktig å påpeike at intervjua baserer seg på retrospektiv refleksjon frå fem studententreprenørar, noko som kan gjere at narrativet har endra seg undervegs i prosessen. Å følgje opp studententreprenørar longitudinelt vil difor kunne gi rikare innsikt i vegen dei har gått frå å vere student til å bli entreprenør.

Litteratur

Ankrah, S. & Al-Tabbaa, O. (2015). Universities–industry collaboration: A systematic review. Scandinavian Journal of Management, 31, 387–408.

Aulet, B. (2013). Disciplined entrepreneurship: 24 steps to a successful startup, John Wiley & Sons.

Bacigalupo, M., Kampylis, P., Punie, Y. & Van den Brande, G. (2016). EntreComp: The entrepreneurship competence framework. Luxembourg: Publication Office of the European Union.

Clausen, T.H. & Rasmussen, E. (2013). Parallel business models and the innovativeness of research-based spin-off ventures. Journal of Technology Transfer, 2013:1-14.

Criaco, G., Minola, T., Migliorini, P. & Serarols-Tarrés, C. (2014). «To have and have not»: founders’ human capital and university start-up survival. Journal of Technology Transfer, 39(4), 567–593.

Eesley, C. & Wang, Y. (2017). Social influence in career choice: Evidence from a randomized field experiment on entrepreneurial mentorship. Research Policy, 46(3), 636–650.

Eisenhardt, K.M. & Graebner, M.E. 2007. Theory Building from Cases: Opportunities and Challenges. Academy of Management Journal, 50: 25–32.

Elert, N., Andersson, F.W. & Wennberg, K. (2015). The impact of entrepreneurship education in high school on long-term entrepreneurial performance. Journal of Economic Behavior & Organization, 111, 209–223.

Etzkowitz, H. & Leydesdorff, L. (2000). The dynamics of innovation: from National Systems and «Mode 2» to a Triple Helix of university–industry–government relations. Research policy, 29(2), 109–123.

Etzkowitz, H.A., Webster, A., Gebhardt, C. & Terra, B.R.C. (2000). The future of the university and the university of the future: Evolution of ivory tower to entrepreneurial paradigm. Research Policy, 29(2), 313–330.

European Commision (EC). (2006). Recommendation of the European Parliament and the Council of 18 December 2006 on key competences for lifelong learning. (2006/962/EC). Brussels: Official Journal of the European Union.

Isenberg, D.J. (2016). Applying the ecosystem metaphor to entrepreneurship: uses and abuses. The Antitrust Bulletin, 61(4), 564–573.

Katz, J.A. (2003). The chronology and intellectual trajectory of American entrepreneurship education: 1876–1999. Journal of Business Venturing, 18(2), 283–300.

Kunnskapsdepartementet (KD). (2004). Se mulighetene og gjør noe med dem! Strategi for entreprenørskap i utdanningen 2004–2008. Hentet fra: https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/kd/vedlegg/grunnskole/strategiplaner/75561_entrepenorskap_strategi.pdf.

Kunnskapsdepartementet (KD). (2009). Handlingsplan: Entreprenørskap i utdanningen – fra grunnskole til høyere utdanning 2009–2014. Hentet fra: https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/krd/vedlegg/rega/rapporter/entreprenorskap_i_utdanningen.pdf?id=2292351.

Kuratko, D.F. (2005). The emergence of entrepreneurship education – development, trends and challenges. Entrepreneurship Theory and Practice, 29(5), 577–598.

Lange, Julian E., Edward Marram, Ajay Solai Jawahar, Wei Yong & William Bygrave. (2014) «Does an entrepreneurship education have lasting value? A study of careers of 4,000 alumni.» Frontiers of entrepreneurship research 31, no. 6 (2011): 2.

Lincoln, Y.S. & Guba, E.G. (1985). Naturalistic inquiry. Thousand Oaks, CA: Sage Publications.

Longva, K.K. & Foss, L. (2018). Measuring impact through experimental design in entrepreneurship education: A literature review and research agenda. Industry and Higher Education, 32(6), 358–374.

Mathisen, M.T., & Rasmussen, E. (2019). The development, growth, and performance of university spin-offs: A critical review. Journal of Technology Transfer, 2019:1–48.

Miller, D.J. & Acs, Z.J. (2017). The campus as entrepreneurial ecosystem: University of Chicago. Small Business Economics, 49(1), 75–95.

Morris, M.H., Shirokova, G. & Tsukanova, T. (2017). Student entrepreneurship and the university ecosystem: A multi-country empirical exploration. European Journal of International Management, 11(1), 65–85.

Pittaway, L.A., Gazzard, J., Shore, A., & Williamson, T. (2015). Student clubs: experiences in entrepreneurial learning. Entrepreneurship & Regional Development, 27(3–4), 127–153.

Saldaña, J. (2012). The coding manual for qualitative researchers. Thousand Oaks: Sage Publications.

Shane, S. & Venkataraman, S. (2000). The promise of entrepreneurship as a field of research. Academy of Management Review, 25(1), 217–226.

Shane, Scott Andrew. (2004). Academic entrepreneurship: University spinoffs and wealth creation. Edward Elgar Publishing.

Spigel B. & Harrison, R. (2017). Towards a Process Theory of Entrepreneurial Ecosystems. Strategic Entrepreneurship Journal. 2018(12): 151–168.

Spilling, O. (2005). Entreprenørskap i et evolusjonært perspektiv. Arbeidsnotat 19-2005. NIFU STEP.

Spilling, O. (2006). Entreprenørskap på norsk. Oslo: Fagbokforlaget.

Ulstein, H. & Grünfeld, L. (2012). Entreprenørskapets bidrag til økonomisk vekst – en litteraturgjennomgang. Menon-publikasjon nr. 22/2012. Oslo.

Yin, R.K. (2009). Case study research: design and methods. Thousand Oaks, CA: Sage Publications.

Wright, M., Siegel, D.S. & Mustar, P. (2017). An emerging ecosystem for student start-ups. Journal of Technology Transfer, 42(4), 909–922.

Åstebro, T., Bazzazian, N. & Braguinsky, S. (2012). Startups by recent university graduates and their faculty: Implications for university entrepreneurship policy. Research policy, 41(4), 663–677.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon