Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}
<StadutviklingKapittel 6 av 16

5. Fortetting og byspreiing: praksis og haldningar gjennom tretti år i fire norske kommunar

Kyrre Groven (f. 1961), forskar ved Vestlandsforsking, ph.d. i samfunnsgeografi ved NTNU, prosjektleiar for Vilkår for berekraftig tettstadutvikling – Surround (MILJØFORSK), forskar på lokal miljøpolitikk, planlegging og berekraftig stadutvikling.

Liv Norunn Hamre (f. 1972), førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, ph.d. i botanisk økologi ved UIO, forskar på biologiske og landskapsøkologiske problemstillingar knytte til arealbruksendringar på ulik skala.

Torbjørn Selseng (f. 1990), forskar ved Vestlandsforsking. Forskar på klimatilpassing og berekraftig utvikling.

Karen Richardsen Moberg (f. 1989), forskar ved Vestlandsforsking og ph.d.-kandidat ved Institutt for by- og regionplanlegging ved NMBU. Forskar på klima- og miljøpolitikk og berekraftig utvikling.

Vi har kartlagt endringar i arealbruken i tettstadene i fire norske kommunar frå 1990-talet til i dag og gjer greie for utbygging av naturområde og jordbruksareal i og rundt dei aktuelle tettstadene. Vidare har vi analysert endringar i haldningar til arealbruk og miljøpolitiske verkemiddel blant folkevalde, byråkratar og sivilsamfunnsaktørar i desse kommunane over det same tidsrommet. På denne bakgrunnen studerer vi samanhengen mellom utbyggingspraksis, haldningar til arealbruk og eksterne drivarar.

Nøkkelord: fortetting, byspreiing, arealbruksendringar, arealplanlegging, miljøhaldningar

We have mapped land-use changes since the 1990s in a selection of urban areas in four Norwegian municipalities, with a particular focus on natural areas and arable land in and around these urban areas. In addition, we have analysed changes in the attitudes of politicians, civil servants and civil society actors to land-use and environmental measures in the same municipalities during the same timespan. Based on this, we study the relationship between land use, attitudes to land use, and external drivers.

Introduksjon

Byspreiing trugar matjord, naturmangfald og klima

Areal er ein grunnleggande og avgrensa ressurs, og dette kjem klarast til uttrykk i og rundt byar og tettstader, der konkurransen om arealet er størst. Arealbruken her har konsekvensar på mange område: Fordi byar og tettstader som regel ligg i område med mykje jordbruksareal, vil utbyggingsmønsteret for all framtid påverke evna vi har til å produsere vår eigen mat (Skog & Steinnes, 2016). Vidare har nedbygging av naturområde og grøne areal følgjer for det biologiske mangfaldet og for økosystemtenester som flaumdemping og temperaturregulering (Johnson, 2001). Plassering av bustader og arbeidsplassar påverkar transportbehovet, og dermed utslepp av klimagassar og andre ureiningar (Næss, 2012). Ikkje minst har arealbruken mykje å seie for kor gode tettstadene er å bu i, til dømes om innbyggarane har lett tilgang til friluftsområde og område av kulturhistorisk verdi (Neuvonen, Sievänen, Tönnes & Koskela, 2007).

Folkeauken og sentraliseringa som har prega landet heilt sidan etterkrigstida, har ført til sterk vekst i byar og tettstader, og sidan 1985 har tettstadarealet i Noreg auka med vel 20 prosent (Riksrevisjonen, 2007; Statistisk sentralbyrå, 2020). Utviklinga var lenge prega av ineffektiv arealbruk, og mellom 1970 og 1990 auka tettstadareal per innbyggar med nesten 25 prosent (Larsen & Saglie, 1995). Dette var utslag av ei tiltakande byspreiing, eit fenomen som vi særleg kjenner som «urban sprawl» rundt amerikanske storbyar, men som også gjer seg gjeldande rundt byar og tettstader i Noreg. Viktige kjenneteikn ved byspreiing er svak arealplanlegging, stort arealforbruk, einsarta bruk (t.d. sovebyar), lange avstandar mellom ulike samfunnsfunksjonar og eit bilbasert transportsystem (EEA, 2006).

Ønsket om å stagge byspreiinga har mellom anna vore knytt til jordverninteresser. Berre tre prosent av det norske landarealet er jordbruksland, mindre enn halvparten av maten vi et kjem frå norske gardar, og sjølvforsyningsgraden blir mindre år for år. Stortinget har derfor sett som mål at det årlege tapet av matjord skal ned frå 12 000 dekar i 2004 til 4 000 dekar i 2020 (Skog & Bjørkhaug, 2020). Jordbruksareal, for det meste fulldyrka jord, dekkjer 32 prosent av den næraste randsona på 100 meter rundt alle tettstadene i Noreg, ein andel som er rundt ti gongar høgare enn i landet elles (Aune-Lundberg, 2017). Sjølv om matjord rundt tettstadene såleis er svært utsett for byspreiing, skjer overraskande mykje av utbygginga av jordbruksareal i sjølve tettstadene: 56 prosent av matjorda som vart utbygd mellom 2008 og 2015, låg innanfor tettstadgrensene, og 20 prosent i ei periurban sone inntil 3 km frå tettstadgrensene (Skog & Steinnes, 2016). Utbyggingsmønsteret innanfor og i nærleiken av tettstadene er derfor heilt avgjerande frå eit jordvernperspektiv.

Fortetting – eit naudsynt svar som reiser nye dilemma

Fortetting og samlokalisering er planstrategiar som vaks fram på 1970- og 1980-talet som reaksjon på byspreiinga, og på 1990-talet vart planlegging for kompakte byar det viktigaste svaret på utfordringa om berekraftig utvikling i byar, både i Noreg og andre land (Hofstad, 2012; Jenks & Dempsey, 2005). Fortetting og kompakt byutvikling vart seinare innlemma i offentleg arealbruks- og miljøpolitikk (Næss, Saglie & Thorén, 2015). Eit hovudargument for fortetting som planstrategi har heilt frå starten vore at tett og konsentrert utbygging, jamført med spreidde utbyggingsmønster, gir lågare energibruk per innbyggar til transport, og med det også mindre lokal luftureining og klimagassutslepp (Næss, 2012). Andre miljøargument har vore knytt til lågare energibruk til stasjonær oppvarming, og mindre forbruk av matjord og naturområde utanom byar og tettstader. Sjølv om fortetting er eit naudsynt svar på utfordringane ved byspreiing, er ikkje høg arealutnytting i seg sjølv ein garanti for berekraftige byar og tettstader. Ukritisk fortetting, ofte drive fram av økonomiske motiv hos utbyggarinteresser, kan mellom anna føre til forringa bumiljø og tap av grøne lunger, og heilt sidan 1990-talet har det vore spenningar mellom desse omsyna (Thorén & Saglie, 2015).

Miljødiskursar

Parallelt med endringar i arealbruken i og rundt norske byar og tettstader har det også skjedd endringar i haldningar til arealbruk og til miljøpolitiske verkemiddel. Denne artikkelen ser på tida tilbake til 1990, og dei fleste miljø- og berekraftstemaa vi tar opp, som vern om matjord og naturmangfald, var grundig debattert også den gongen. Den største endringa i miljødiskursen er nok at menneskeskapte klimaendringar har gått frå å vere eit gryande interessefelt for dei mest miljømedvitne til å bli eit dominerande tema i samfunnsdebatten. På same vis som FNs klimapanel (IPCC) har hatt ei viktig rolle i den prosessen, har Det internasjonale naturpanelet (IPBES) gjort sitt til at merksemda rundt trugsmåla mot det biologiske mangfaldet har tatt seg opp dei seinare åra. Jordvernet har også fått ein renessanse, både på nasjonalt og lokalt nivå, og har i aukande grad hamna på den kommunale planagendaen mellom anna som resultat av regjeringas jordvernstrategi.

Kunnskapshol

Denne artikkelen bidrar til å tette fleire kunnskapshol. Kunnskap om fortetting og byspreiing, både som fysisk fenomen og som politikkområde, er best utvikla for dei større byområda. Her veit vi at fortetting har slått gjennom og fått status nærmast som ein planleggingsdoktrine eller «hegemonisk diskurs» (Næss, Strand, Næss & Nicolaisen, 2011; Thorén & Saglie, 2015), men vi veit mindre om korleis byspreiing og fortetting har utvikla seg i og rundt små og mellomstore tettstader. Det er også behov for meir kunnskap om korleis desse prosessane har endra seg over tid. Vidare har det blitt peikt på at det er trong for meir kunnskap om samanhengane mellom byspreiing og tap av matjord (Skog & Steinnes, 2016).

Prosjektbakgrunn og problemstillingar

Forskingsprosjektet Natur- og miljøvennlig tettstedsutvikling (NAMIT), som fann stad i perioden 1988–1992, var eit tidleg uttrykk for den omtalte motreaksjonen mot byspreiing og forringing av levekår og miljøkvalitetar i dei gamle bysentra. Med utgangspunkt i casekommunane Borre (Horten), Sogndal, Malvik og Trondheim utgreidde NAMIT-forskarane prinsipp for tettstadutvikling som kunne bidra til å innfri eit sett berekraftmål som prosjektet heldt opp som eit normativt ideal (Næss, 1992).

Denne artikkelen spring ut frå MILJØFORSK-prosjektet Vilkår for berekraftig tettstadutvikling (Surround).1 Dette prosjektet lèt seg på fleire måtar inspirere av NAMIT, mellom anna ved å gjere nytte av dei same casekommunane. Vi har utført flyfotoanalysar av arealbruken sidan om lag 1990 innanfor ulike soner i og rundt tettstadene i Horten, Sogndal, Malvik og Trondheim aust sidan om lag 1990, og på ny gjennomført den omfattande spørjeundersøkinga om haldningar til tettstadutvikling som vart gjennomført i 1991. Med utgangspunkt i dette materialet vil vi her vise korleis arealbruken i undersøkingsområdet har endra seg, både i form av fortetting og byspreiing, og kva desse prosessane har hatt å seie for disponering av landbruksareal og naturområde. Vidare vil vi dokumentere endringar i haldningar til arealbruksrelaterte miljøproblem og til miljøpolitiske verkemiddel i tettstadutviklinga. Vi legg fram data som er eigna til å kaste lys over arealbruken i og rundt byar og tettstader i Noreg dei siste tiåra. Desse forskingsspørsmåla styrer resten av artikkelen:

  • Korleis har arealbruken endra seg i og rundt tettstadene i undersøkingsområdet frå 1990-talet til i dag, med særleg vekt på førekomsten av fortetting, byspreiing og nedbygging av naturområde og dyrkajord?

  • Korleis har haldningar til arealforbruksrelaterte miljøproblem og miljøpolitiske verkemiddel endra seg i det same tidsrommet?

  • Korleis kan fysiske og samfunnsmessige rammevilkår ha påverka arealbruken?

Metode

Studieområda omfattar tettstader (Statistisk sentralbyrå, 2019) i dei fire NAMIT-kommunane Horten, Sogndal, Malvik og Trondheim (figur 5.1). I Sogndal og Malvik er alle tettstadene inkludert, og i Horten kommune ser vi på Horten by og Åsgårdsstrand. I Trondheim var det i NAMIT definert eit studieområde kalla Trondheim aust, og det er denne delen av tettstaden Trondheim som også er inkludert i Surround.

Figur 5.1.

Undersøkingsområda i kommunane Sogndal, Trondheim, Horten og Malvik.

Endringar i arealbruk i og rundt tettstadene dei siste 30 åra vart kartlagde ved tolking av digitale ortofoto og georefererte svart-kvitt flyfoto frå tidspunktet for NAMIT-prosjektet. Kartlegging og analyse vart utført i ArcMap 10.7.1 (ESRI, 2017). Undersøkingsperioden er bestemt av tidspunktet for flyfotografering, som for Sogndal, Horten og Malvik er om lag 1990 og 2018. Fordi flyfoto over Trondheim frå rundt 1990 er gradert av militære styresmakter, er undersøkingsperioden for denne kommunen avgrensa til 1999–2019. Studieområda vart avgrensa etter 2017-definisjonen av tettstad, som seier at ei hussamling skal registrerast som ein tettstad dersom det bur minst 200 personar der og avstanden mellom husa ikkje overstig 50 meter (Statistisk sentralbyrå, 2019). For også å kunne dekkje arealbruksendringar i dei nære omgivnadene til tettstadene, inkluderte vi ein omkrins på 1 km rundt 2017-tettstadsgrensa. Med ein omkrins på 1 km når vi i alle studieområda ut til nærnatur som ikkje er utbygd, og vil dermed fange opp det som har vore av tettstadutvikling i gradienten frå tettstadkjerne og ut til meir eller mindre urørt natur. Det samla studieområdet i dei fire kommunane er på 26 960 dekar i Sogndal, 34 743 dekar i Horten, 32 438 dekar i Malvik og 41 874 dekar i Trondheim. For å kunne kvantifisere byspreiing og skilje dette frå fortetting har vi i tillegg nytta tettstadgrensene slik dei var definerte av SSB i 1990. Fram til 1999 vart tettstadgrensene teikna inn manuelt i kvar kommune, og grensene er derfor ikkje heilt samanliknbare med dei automatisk avgrensa tettstadgrensene vi fekk frå 1. januar 1999. Etter kvart som det digitale kartgrunnlaget også har vorte meir detaljert, er det gjort ei teknisk endring i avgrensinga, som gjorde at tettstadene vart mindre i areal enn før (Steinnes 2014). All utviding som kjem fram ved å samanlikne dagens og tidlegare tettstadgrenser, er derfor eit uttrykk for reell byspreiing. Alle ikkje-utbygde areal (minimumsareal 2500 m2) vart kartlagt og klassifisert i kategoriar som bygger på systemet Natur i Norge (Bryn & Halvorsen, 2015), men for å få ein overordna oversikt har vi i denne artikkelen etablert dei tre hovudkategoriane utbygde område (m.a. bustadfelt, næringsareal, vegar, parkeringsplassar og andre grå flater), jordbruksareal (innmark som åker, eng og frukthagar) og natur (alt som ikkje er med i dei to andre hovudkategoriane, m.a. skog, myr og ulike strandareal).

Utbygging som har skjedd innanfor 1990-tettstadgrensa, omtaler vi i denne samanhengen som fortetting. Vi vil understreke at denne bruken av ordet fortetting berre dekkjer ein del av det vi vanlegvis legg i omgrepet: Ettersom vi har kartlagt arealbruksendringar i form av bygging på tidlegare uutbygd areal, får vi ikkje med den forma for fortetting som skjer på «grå» flater (transformasjon). Implikasjonane av dette kjem vi tilbake til i diskusjonen. All utbygging utanfor tettstadgrensa definerer vi som byspreiing. I motsetning til studiar som tar for seg ulike romlege dimensjonar ved byspreiing, som tettheit, sentralitet, porøsitet og tilgang (Hamidi & Ewing, 2014), har vi nøydd oss med å sjå på byspreiing som utviding av eksisterande tettstadområde, og kartlagt dei arealbruksendringane som har funne stad innanfor dette ekspansjonsområdet. Utbygging som har skjedd mellom tettstadgrensene for 1990 og 2017, omtaler vi som nær byspreiing, medan utbygging i 1 km omkrins utanfor tettstadgrensene har fått nemninga fjern byspreiing.

I tillegg til arealbruksanalysen har vi kartlagt haldningsendringar i undersøkingsperioden. Frå mars til juni 2020 gjennomførte vi ei spørjeundersøking om haldningar til tettstadutvikling og miljøpolitiske verkemiddel. I undersøkinga stilte vi dei same spørsmåla som i NAMIT si spørjeundersøking frå 1991 (Næss & Engesæter, 1992). Dette gjer det mogleg å analysere korleis haldningar med relevans til fortetting har utvikla seg over tid. Invitasjon til å delta i spørjeundersøkinga gjekk ut til eit selektert (i motsetning til tilfeldig) utval folkevalde og representantar for lokale interesseorganisasjonar i Trondheim, Malvik, Horten og Sogndal, i tillegg til tilsette i offentleg forvaltning i desse fire kommunane, og i forvaltninga på fylkes- og nasjonalt nivå.2 Spørjeundersøkinga i 2020 var nettbasert, og brukte plattforma SurveyMonkey. Vi anslår at svarprosenten var på 20,5 prosent.3 Det finst ikkje eit eintydig fagleg svar på kor stor ein akseptabel svarprosent må vere. Vi meiner at svarprosenten i dette tilfellet ikkje har ført til skeivheit i utvalet, ettersom vi ikkje finn systemiske responsbortfall i enkelte utvalsgrupper, bortfallet er tilfeldig og relativt jamt fordelt mellom gruppene. Responsbortfallet heng truleg saman med ein større nasjonal og internasjonal trend med fallande svarprosent i undersøkingar (Hellevik, 2015). Sjølv om responsbortfallet i 2020-undersøkinga er vesentleg større enn i 1991-undersøkinga, har undersøkingane liknande N-verdiar fordi eit større utval vart invitert i 2020. Data frå 2020-undersøkinga vart analysert på tilsvarande måte som for 1991-undersøkinga, basert på dokumentasjon i Næss og Engesæter (1992) og samtalar med Petter Næss. Sidan 1991-undersøkinga ikkje braut resultata ned på dei fire casekommunane, har vi heller ikkje kunna gjere det i vår analyse av 2020-undersøkinga, ettersom datafila frå 1991 har gått tapt.

Resultat

Arealbruksendringar

Figur 5.2 viser fordeling mellom arealbrukstypane utbygde område, jordbruksareal og natur ved starten og slutten av undersøkingsperioden. La oss først sjå på korleis fordelinga mellom arealbrukstypane var i utgangspunktet, ettersom dette er viktig for å forstå dei seinare endringane. Ved starten av undersøkingsperioden var fortettingssona, altså den delen av undersøkingsområdet som ligg innanfor 1990-tettstadgrensa, sterkast utbygd i Malvik (87 prosent) og minst i Sogndal og Trondheim aust (om lag 70 prosent). I sona nær byspreiing var utbyggingsgraden i Trondheim aust og Horten på rundt 60 prosent ved starten av undersøkingsperioden, vesentleg høgare enn i Malvik og Sogndal. Målt i andel utbygd areal var sona fjern byspreiing prega av små endringar i alle kommunane (5–9 prosent), og dei største skilnadene låg i fordelinga mellom dyrka jord og natur. Horten hadde størst andel jordbruksareal i denne sona (38 prosent), og Sogndal minst (18 prosent). Når fjern byspreiing berre stod for mindre prosentvise endringar, heng det saman med at denne sona inneheld store utmarksareal, neste figur viser at om lag ein tredel av utbygginga fann stad nettopp som fjern byspreiing.

Figur 5.2.

Fordeling mellom utbygd areal, jordbruksareal og natur ved starten og slutten av undersøkingsperioden. Fordeling av arealbrukstypar er gitt for tre soner i kvar av dei fire caseområda: Området innanfor 1990-tettstadgrensa (fortetting), området mellom tettstadgrensa av 1990 og 2017 (nær byspreiing) og omkretsen 1 km rundt ytste tettstadgrense (fjern byspreiing). Prosent.

Endringar i arealbruken kjem fram ved å samanlikne situasjonen i 1990 og 2018 (1999 og 2019 for Trondheim aust). Det skjedde ei vesentleg fortetting i alle kommunane, størst i Sogndal og minst i Malvik. Dei største prosentvise overgangane mellom arealkategoriane fann stad i form av nær byspreiing. Dette er naturleg med tanke på at denne sona er definert som området mellom gammal og ny tettstadgrense, altså det området som vart nytt tettstadareal frå 1990 til 2017. Arealbruken her endra seg særleg mykje i Sogndal (andel utbygd areal auka frå 35 til 84 prosent) og Malvik (frå 41 til 80 prosent), medan tettstadene i Horten og Trondheim aust ekspanderte inn i eit omland som frå før var nokså sterkt utbygd (ca. 60 prosent ved starten av undersøkingsperioden).

Figur 5.3 syner korleis det utbygde arealet i undersøkingsperioden fordeler seg mellom dei tre sonene. Dei fire kommunane viser nokså ulik profil: I Trondheim aust skjedde den største parten av utbygginga som fortetting og minst som nær byspreiing, medan det var motsett i Malvik. Utbyggingsmønsteret i Horten og Sogndal liknar kvarandre ved at ein tredel av utbygginga skjedde som fortetting, men dei to kommunane hadde motsett fordeling av nær og fjern byspreiing.

Figur 5.3.

Fordeling av det utbygde arealet i form av fortetting, nær byspreiing og fjern byspreiing i dei fire casekommunane. Endringane for Trondheim aust gjeld 1999–2019, tala for dei andre kommunane gjeld 1990–2018. Prosent.

Fordelinga i figur 5.3 gjeld alt utbygd areal. Om vi avgrensar oss til det utbygde jordbruksarealet, og reknar på kor mykje av dette som vart bygd ut i samband med fortetting, finn vi også store variasjonar mellom kommunane: 68 prosent av den utbygde matjorda i Trondheim aust låg innanfor tettstadgrensene, i Horten var denne andelen 37 prosent, i Sogndal 32 prosent og i Malvik berre 16 prosent.

Fleire innbyggarar og større økonomisk aktivitet i byar og tettstader stiller krav til omdisponering av areal. Det er av interesse å samanlikne kommunar for å sjå om denne veksten blir absorbert på ein arealøkonomisk måte, eller om nye bustader, næringsareal og infrastruktur legg beslag på mykje naturområde og landbruksareal, relativt sett. Vi har derfor valt å studere arealbruksendringane i våre studieområde i høve til folkeauken i dei aktuelle tettstadområda. Figur 5.4 syner nedbygd jordbruksareal og naturområde per år i forhold til folkeauke innanfor tettstadgrensa. Også her er arealbruken fordelt på fortetting og nær og fjern byspreiing, men det er verdt å merke seg at vi ikkje har data om korleis folkeauken er fordelt mellom dei tre sonene. Poenget her er å relatere arealbruksendringane til den samla folkeauken i dei aktuelle tettstadene, det vil seie innanfor tettstadgrensa slik ho er definert av SSB.

Figur 5.4.

Utbygging av naturområde og jordbruksareal per år i høve til folkeauken innanfor tettstadgrensa. Fordelt på dei tre sonene med fortetting, nær byspreiing og fjern byspreiing i perioden 1990−2018 for Horten, Malvik og Sogndal, og perioden 1999−2019 for Trondheim aust. Kvadratmeter per ny innbyggar og år.

Figur 5.4 viser at arealbruken i høve til folketalsutviklinga var størst i Sogndal kommune. Det gjeld både utbygging av jordbruksareal og naturområde, og for alle dei tre sonene. Innanfor 1990-tettstadgrensa bygde Trondheim ut om lag like mykje jordbruksareal per ny innbyggar som Sogndal, medan Malvik bygde ut klart minst. Når det gjeld byspreiing, utmerka Sogndal og Malvik seg med stor grad av bygging i naturområde. Horten står fram som ein kommune med moderat arealforbruk i høve til folkeveksten, kanskje med unntak av naturområde innanfor 1990-tettstadsgrensa.

Figur 5.5 bygger på same analyse som figur 5.4, men arealbruken i dei tre sonene (fortetting, nær og fjern byspreiing) er slått saman. Verdiane er relatert til Sogndal. Den årlege nedbygginga av naturområde i og rundt tettstadene, relatert til folkeauken, var halvparten så stor i Malvik som i Sogndal, medan Horten låg på 29 prosent og Trondheim aust på 18 prosent av nivået i Sogndal. Det årlege forbruket av jordbruksareal i høve til folkeauken var i Trondheim aust 44 prosent av nivået i Sogndal, med Malvik på 22 prosent og Horten på 25 prosent av Sogndal.

Figur 5.5.

Utbygging av naturområde og jordbruksareal per år i høve til folkeauken innanfor tettstadgrensa (Sogndal = 1).

Haldningar til arealbruk

Etter å ha vist korleis arealbruken i og rundt tettstadene i dei fire casekommunane har endra seg frå 1990-talet og fram til i dag, skal vi no vende blikket mot haldningar til arealbruk, basert på nokre resultat frå spørjeundersøkingane som har funne stad gjennom NAMIT-prosjektet i 1991 og i Surround nesten 30 år seinare.

Figur 5.6.

Andel av respondentane i 1991 og 2020 som vurderer arealforbruksrelaterte miljøproblem i heimkommunen som store. Prosent.

Figur 5.6 viser korleis oppfatningar om nokre arealforbruksrelaterte miljøproblem har utvikla seg i undersøkingsperioden. Vi ser at det har skjedd ein stor auke i andelen respondentar som oppfattar miljøproblem knytte til arealforbruk i deira eigen heimkommune som store. I 2020 er det nesten 60 prosent som svarer at tap av dyrkbar jord på grunn av utbygging er eit stort problem, medan det tilsvarande talet i 1991 var 20 prosent. Tap av biologisk mangfald som resultat av utbygging er eit anna arealforbruksrelatert miljøproblem som utvalet er langt meir opptatt av i dag enn for tretti år sidan, her er auken frå 15 til 40 prosent. Det ser også ut til at landskapskvalitetar og friluftsliv blir oppfatta å stå meir under press i dag enn i 1991.

Figur 5.7.

Andel av respondentar i 1991 og 2020 som vurderer verkemiddel i tettstadutviklinga som positive. Verkemidla er sortert i to kategoriar, øvst finn vi slike som er venta å fremje fortettingsstrategien, nedst finn vi verkemiddel som trekkjer i retning byspreiing. Prosent.

I begge undersøkingane vart respondentane bedne om å ta stilling til om dei er positive eller negative til ulike verkemiddel i tettstadutviklinga, både slike som er venta å verke positivt på miljøet, og slike som verkar negativt i høve til dei miljømåla NAMIT tok utgangspunkt i. Figur 5.7 syner utviklinga i haldningar til eit utval verkemiddel med særleg relevans til arealbruk og fortetting, ved å vise andelen respondentar i 1991 og 2020 som stiller seg positive til dei ulike verkemidla.4 Haldningane til arealøkonomisering har jamt over blitt meir positive i løpet av dei tretti åra. Generelt formulerte verkemiddel om fortetting og samanhengande grønstrukturar stod sterkt allereie i 1991, og her er det berre mindre endringar, mens det er store positive utslag for verkemidla «satse på rekkehus og blokker» og «redusert og omdisponert veg/parkering», og meir kritisk haldning til satsing på einebustader og det å sette av areal til nye, romslege næringsområde.

Analyse og diskusjon

Figur 5.8.

Utkast til analytisk rammeverk for å studere praksis og haldningar knytt til arealbruk.

Vi tar utgangspunkt i ein modell (figur 5.8) som er meint å vise korleis den faktiske arealbruken (utbyggingspraksis) og haldningar til denne arealbruken påverkar kvarandre gjensidig, og samstundes er underlagt fysiske og samfunnsmessige rammevilkår. Artikkelen gjer ikkje full bruk av dette rammeverket, som er under utvikling med tanke på vidare studiar. Det er innhaldet i dei blå boksane i midten, altså utbyggingspraksis og haldningar til arealbruk, som vi har dokumentert lenger oppe. Dei blå pilene mellom dei to boksane, det vil seie korleis arealbruken påverkar haldningane til arealbruken, og omvendt, er markert med stipla strek fordi vi ikkje har gjort greie for dette gjensidige forholdet. Modellen er generell, ved at han i prinsippet inkluderer alt som finst av ytre påverknadsfaktorar, både frå natur og samfunn. I utgangspunktet kan han derfor verke lite eigna til å leie drøftinga inn i bestemte spor, og avgrense tematikken for analysen. Likevel trur vi han kan hjelpe til å rydde i det mangfaldet av drivarar som påverkar arealbruken i og rundt byar og tettstader. Tematisk innsnevring kan skje ved bruk av punktlistene på kvar side, som er døme på fysiske og samfunnsmessige rammevilkår som kan danne utgangspunkt for analyse. Fysiske rammevilkår vi vil trekke inn i diskusjonen nedanfor, er tilgjengelege arealressursar, topografi og avstandar, medan omtalen av samfunnsmessige rammevilkår blir avgrensa til ein diskusjon om miljødiskursar og haldingar til arealbruk.

Fysiske rammevilkår

Kompakt byutvikling som planparadigme kviler på ein føresetnad om at det er betre å la veksten skje som fortetting innanfor dei etablerte tettstadgrensene, enn ved at det urbane området eser ut og legg jordbruksareal og naturområde under seg (Hanssen, Hofstad, Saglie, Næss & Røe, 2015). Samstundes kan utbygging innanfor tettstadgrensene også føre til tap av jordbruksareal og naturområde med verdi for biologisk mangfald og nærrekreasjon. Det finst om lag 98 km2 jordbruksareal innanfor tettstadsgrensene i Noreg, 60 km2 som øyer i det utbygde området, og dette er ofte jordbruksareal av høg kvalitet som er særleg utsett for nedbygging (Aune-Lundberg, 2017). Skog og Steinnes (2016) fann at 56 prosent av den norske matjorda som vart nedbygd i perioden 2008–2015, låg innanfor tettstader. I våre studieområde var det stor variasjon i kor stor del av den utbygde matjorda som låg innanfor tettstadgrensene, med Trondheim aust (68 prosent) og Malvik (16 prosent) som ytterpunkt. Figur 5.3 viser det same mønsteret når vi ser på korleis alt utbygd område er fordelt mellom fortetting og nær og fjern byspreiing gjennom undersøkingsperioden.

Tilgjengelege arealressursar er ein fysisk realitet som set sterkt preg på tettstadutviklinga. Dette er truleg med på å forklare kvifor det er så stor skilnad på kommunane med omsyn til om utbygging har skjedd i form av fortetting eller byspreiing. I Malvik var heile 87 prosent av tettstadarealet utbygd i 1990, slik at det var lite uutbygd areal å fortette på. I Sogndal og Trondheim aust var den tilsvarande andelen rundt 70 prosent, medan Horten var i ein mellomposisjon. Kommunane hadde med andre ord ulike utgangspunkt. Desse tala seier vel å merke ikkje noko om kor mykje utbygd areal som var tilgjengeleg for fortetting i dei ulike kommunane. I etablerte byområde skjer mykje av fortettinga som transformasjon av tidlegare næringsareal og andre grå flater, ein type fortetting vi altså ikkje har kartlagt.

På same måte har fordeling av arealressursane hatt mykje å seie for om nedbygging av jordbruksareal har skjedd innanfor, inntil eller lenger unna tettstadene. Figur 5.2 viser at berre 3 prosent av arealet innanfor 1990-tettstadgrensene i både Malvik og Horten var matjord, medan Sogndal og Trondheim aust begge hadde 14 prosent jordbruksareal innanfor tettstaden ved starten av undersøkingsperioden. Liten grad av nedbygging av matjord i tettstadområdet treng ikkje vere utslag av ein bevisst jordvernpolitikk, det kan like gjerne ha si forklaring i at mykje av jordressursane innanfor tettstaden har blitt utbygd på eit tidlegare tidspunkt, og at vi har å gjere med tettstader på ulike stadium i utviklinga frå rurale til urbane område.

Når det er sagt, er det liten tvil om at overordna planpolitiske val har sett sitt preg på utbyggingsmønsteret. Både Malvik og Horten kunne ha valt å la tettstadene vekse utover i sentrumsnære jordbruksareal med små krav til investeringar i infrastruktur. Igjen er tilgjengelege arealressursar ein viktig faktor. Til dømes for kommunesenteret Hommelvik i Malvik kommune vart mykje av tettstadutvidingane lagt til skogsområde. Dette kunne ein gjere fordi det fanst eigna skogsområde på Sveberg i nærleiken av E6, der tettstaden kunne utvikle seg vidare. Det gjorde det også mogleg å halde fram med å tilby tomter til einebustader og andre arealkrevjande bustadtypar.

Topografi er eit fysisk rammevilkår som heng tett saman med spørsmålet om tilgang til areal. Av våre studieområde er det særleg vestlandskommunen Sogndal som opplever dette som ein viktig premiss. Tettstaden Sogndal, som har utvikla seg kraftig dei siste tiåra, har i liten grad hatt høve til å ekspandere i areal utan å ta i bruk dyrka mark til utbyggingsformål, ettersom mykje av dei sentrumsnære naturområda ganske enkelt er for bratte. Vi meiner at dei topografiske føresetnadene har bidratt til at ein har bygd ut relativt mykje av det tilgjengelege jordbruksarealet, både innanfor og like utanfor 1990-tettstadgrensa. Samstundes har det bratte terrenget rundt kommunesenteret gjort at ein har følgt ein strategi med utbygging i satellittane Kjørnes og Kaupanger, der tilgangen på skogsområde har vore god. Dermed har det vore få incitament til arealeffektiv bustadutbygging: Blokker og lågblokker har blitt den vanlege bustadtypen ved nybygging i Sogndalsfjøra først det siste tiåret, og på Kjørnes og Kaupanger er einebustader og rekkehus framleis den dominerande hustypen ved nye utbyggingar. Den kombinerte effekten av dette ser vi i at Sogndal har bygd ut vesentleg meir naturområde og jordbruksareal per år i høve til folkeauken enn dei andre kommunane vi har studert (figur 5.4 og 5.5).

Dette bringer oss over på avstand som eit tredje fysisk rammevilkår. Eit viktig argument for fortetting er at konsentrert plassering av bustader, arbeidsplassar og servicetilbod skal føre til mindre transportbehov. I eksempelet Sogndal har så mykje som 82 prosent av fortettinga (forstått som utbygging av tidlegare uutbygd areal innanfor 1990-tettstadgrensene) skjedd i satellittane Kjørnes og Kaupanger. Fortetting i dei meir perifere tettstadene har ikkje ført til redusert transportomfang. Det er den fortettinga som finn stad i Sogndal sentrum, som har størst potensial til å gi redusert bilkøyring. I det perspektivet kan ein hevde at all utbygging på Kjørnes og Kaupanger er døme på «fjern byspreiing».

Samfunnsmessige rammevilkår

Miljødiskursar set sitt preg på arealbruken, noko vi nedanfor skal illustrere gjennom eit blikk på arealbrukskonfliktar i Trondheim aust. I Trondheim har det i mange år vore ein intens debatt om arealbruk, der utbyggingsinteresser og jordvern har blitt ståande som motstridande omsyn (Vinge, 2020). I 2013 fekk Trondheim kommune statleg godkjenning av planar for å bygge ut 1100 dekar matjord av høg kvalitet på gardane Øvre Rotvoll og Overvik, som begge ligg innanfor vårt studieområde Trondheim aust. Bak det kommunale planvedtaket låg det mellom anna ein argumentasjon om at utbygginga var å sjå på som fortetting, og at etablering av bustader og næringsaktivitet i desse områda ville føre til mindre klimagassutslepp og meir skatteinntekter til Trondheim jamført med om utbygginga skulle finne stad i nabokommunane Malvik eller Melhus (Vinge, 2018). Ønsket om å ta vare på Bymarka vart også trekt fram i debatten, ut frå ein tanke om at valet stod mellom å ofre matjord eller naturområde av stor rekreasjonsverdi i nærleiken av byen.

Trondheim aust er det studieområdet der utbygginga i størst grad har skjedd gjennom utbygging innanfor 1990-tettstadgrensa (60 prosent). Dette harmonerer med at det var dei større byane som først etablerte kompakt byutvikling som planprinsipp, og Trondheim er kjent som ein av dei kommunane i landet som har ført den strengaste fortettingspolitikken. Arealbruksanalysen vår viser at utbygging i Trondheim aust har gått særleg ut over landbruksareal innanfor 1990-tettstadgrensa, det vi har definert som fortetting. Konfliktane rundt utbygging av to av dei få intakte gardane i bydelen illustrerer behovet for å utvide og nyansere fortettingsomgrepet ut over det som er gjort i denne artikkelen, slik at ein skil mellom ulike former for fortetting. Ein aktuell typologi kan vere (1) transformasjon (omskaping av tidlegare nærings-/industriområde), (2) intensivering av arealbruken (innfylling mellom eksisterande strukturar, auka utnytting i etablerte bystrukturar og intensivering i spreiddbygde nabolag) og (3) ekspansjon (utbygging av ubygd areal innanfor tettstadgrensa) (Hanssen et al., 2015). Utbygging av jordbruksareal og naturområde i sjølve tettstaden kan vi dermed sjå på som ein type fortetting som skjer gjennom indre ekspansjon. Dømet viser også korleis fleirtydig fagterminologi kan verke tilbake på miljødiskursen og få konsekvensar for arealbruken: Fordi fortetting er eit omgrep som oftast har eit positivt forteikn, ein planleggingsstrategi vi følgjer for å innfri viktige samfunnsmål som vern om matjord og biologisk mangfald, er det også ein fare for at fortetting blir ein merkelapp som kan nyttast til å selje inn utbyggingar som strir mot dei same måla.

Markagrensa i Trondheim, som i kommuneplansamanheng har fått namnet «raud strek», er resultat av ein av våre eldste miljødiskursar, knytt til vern om bymarka rundt dei større byane. Fordi markagrensa har ein sterk status, er raud strek i Trondheim aust ein effektiv barriere for vidare ekspansjon austover. Slik sett står verneinteressene for marka sterkare enn jordvernet, noko som har kome til uttrykk gjennom ein mangeårig og framleis uavklart strid rundt kommunedirektøren sitt framlegg til «grønn strek», jordvernet sin ekvivalent til markagrensa. Desse kryssande interessene illustrerer eit tilsynelatande uløyseleg arealbruksdilemma i dei urbane områda som står under sterkast utbyggingspress.

Spørjeundersøkingane i NAMIT og Surround om haldningar til arealbruk vart gjennomført med 29 års mellomrom blant eit utval aktørar med tilknyting til miljø- og arealspørsmål i casekommunane. Spørjeundersøkingane vitnar om markante endringar i haldningar til arealbruk. Frå ein situasjon der 15–33 prosent av respondentane opplevde ulike arealforbruksrelaterte problem som store i eigen heimkommune i 1991, var tilsvarande verdiar mellom 30 og 59 prosent i 2020 (figur 5.6). Denne skjerpa oppfatninga av arealbruk som kjelde til alvorlege miljøproblem gir seg også utslag i haldningar til miljøpolitiske verkemiddel. Figur 5.7 tydar på at ideen om fortetting hadde vunne gehør hos utvalet i spørjeundersøkinga alt for tretti år sidan, medan respondentane i dag i større grad er klare for å akseptere dei konkrete implikasjonane av fortettingspolitikken, som å bygge rekkehus og blokker i staden for einebustader, eller å omdisponere trafikkareal til andre formål. Samanlikning av spørjeundersøkingane frå 1991 og 2020 viser at dei største haldningsendringane har skjedd i synet på verdien av dyrka jord og biologisk mangfald. Det gir eit viktig signal til kommunane som er sett til å forvalte arealet i og rundt våre byar og tettstader.

Avslutning

Gjennom analysar av arealbruksendringar i og rundt tettstadene i fire norske kommunar over eit tidsspenn på tre tiår har vi bidratt med meir kunnskap om korleis tidlegare uutbygde område, både naturområde og jordbruksareal, har blitt disponert. Studien er med på å tette dokumenterte kunnskapshol, særleg ved at han omfattar små og mellomstore tettstader (i tillegg til eit storbyområde) og følgjer utviklinga over ein såpass lang periode. Forståinga av materialet blir rikare ved at vi har kunna sjå det i lys av haldningsendringar hos aktørar knytte til miljø- og arealspørsmål i dei same kommunane over det same tidsrommet, sjølv om vi ikkje har kunna bryte haldningsdata ned på kommunenivå. Vår analyse tar utgangspunkt i ein modell som tar sikte på å forklare utbyggingspraksis og haldningar til arealbruk som ein funksjon av fysiske og samfunnsmessige rammevilkår. Denne modellen er også eit bidrag frå arbeidet vårt.

Sentrale funn er at arealbruken i undersøkingsområdet, det vil seie tettstadene og ein omkrins rundt desse på 1 km, har variert sterkt mellom dei fire kommunane vi har studert. Dette gjeld både andelen av undersøkingsområdet som vart bygd ut (mest i Sogndal og Malvik), og kor mykje av utbygginga som skjedde innanfor tettstadgrensene (mest i Trondheim aust og Horten). Sogndal skil seg ut med klart større forbruk av både jordbruksareal og naturområde per ny innbyggar og år, samanlikna med dei tre andre kommunane. Desse skilnadene blir sett i samanheng med at kommunane ved starten av undersøkingsperioden stod på ulike stadium i utvikling frå rurale til urbane område, at dei har hatt ulik tilgang til utbyggbare arealressursar og ulike topografiske føresetnader for å utvide sentrumsområda. I tillegg til slike fysiske rammevilkår har vi analysert arealbruksendringane i lys av miljødiskursar rundt vern av matjord og sentrumsnære naturområde. Her ser vi døme på konfliktar som samsvarer godt med våre funn av at arealforbruk i sterkare grad blir oppfatta som kjelde til alvorlege miljøproblem i dag jamført med i 1991.

Vi har så langt drøfta materialet i lys av nokre få av rammevilkåra som er skissert i modellen i figur 5.8. Vidare analyse av den presenterte empirien vil truleg gå i desse retningane: Politiske vedtak om arealbruk er resultat av governance-prosessar som involverer nettverk, både opne og skjulte, politisk leiarskap og makt. Dette rører ved nokre av dei viktigaste, men også vanskelegast tilgjengelege samfunnsmessige rammevilkåra for arealbruk. Vidare ønskjer vi å analysere materialet vidare ved hjelp av meir detaljerte data om bygningsmasse og demografi, som kan gi innsikt i den fortettinga som har funne stad på «grå» areal, og kor arealeffektiv utbygginga av bustader og næringsareal har vore i dei ulike sonene vi har kartlagt. Endeleg ser vi at fleire av trådane vi har nøsta i gjennom denne drøftinga, samlar seg i spørsmål om arealplanlegging, både utforming og praktisering av det kommunale planverket. Aktuelle tilnærmingar er å sjå på utforming av arealdelen til kommuneplanen, i kva grad denne har lagt opp til å unngå uheldige konsekvensar av fortetting, og om kommunane sin dispensasjonspraksis i plansaker har påverka kvaliteten på fortettinga.

Merknader

Artikkelen har blitt til som del av prosjektet Sustainable urbanisation requirements of small and medium-sized urban settlements and their surroundings (Surround), finansiert av MILJØFORSK-programmet til Noregs forskingsråd. Takk til professor Petter Næss ved NMBU for analysehjelp og gode kommentarar. Takk også til to anonyme fagfellar for gode innspel. Forfattarane har ingen interessekonfliktar knytte til temaet som er omtalt i artikkelen.

Referansar

Aune-Lundberg, L. (2017). Øyer av jordbruk midt i byen. NIBIO POP, 3(12). Tromsø: Norsk institutt for bioøkonomi.

Bryn, A. & Halvorsen, R. (2015). Veileder for kartlegging av terrestrisk naturvariasjon etter NiN (2.0. 2). Veileder versjon 2.0. 2a. Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

EEA (2006). Urban sprawl in Europe: The ignored challenge EEA. (Report No 10/2006). Copenhagen: European Environment Agency.

ESRI (2017). ArcMap 10.7.1. Redlands, California: Environmental Systems Research Institute.

Hamidi, S. & Ewing, R. (2014). A longitudinal study of changes in urban sprawl between 2000 and 2010 in the United States. Landscape and Urban Planning, 128(0), 72–82. doi: http://dx.doi.org/10.1016/j.landurbplan.2014.04.021.

Hanssen, G.S., Hofstad, H., Saglie, I.-L., Næss, P. & Røe, P.G. (2015). Hvorfor studere den kompakte byen. I G.S. Hanssen, H. Hofstad & I.-L. Saglie (red.), Kompakt byutvikling – muligheter og utfordringer (s. 13–25). Oslo: Universitetsforlaget.

Hellevik, O. (2015). Hva betyr respondentbortfallet i intervjuundersøkelser? Tidsskrift for samfunnsforskning 56(2), 211–229.

Hofstad, H. (2012). Compact city development: High ideals and emerging practices. European Journal of Spatial Development, 49.

Jenks, M. & Dempsey, N. (2005). Future forms and design for sustainable cities. Oxford, UK: Architectural Press/Elsevier.

Johnson, M.P. (2001). Environmental impacts of urban sprawl: a survey of the literature and proposed research agenda. Environment and Planning A, 33(4), 717–735.

Larsen, S.L. & Saglie, I.-L. (1995). Tettstedsareal i Norge. Areal pr. innbygger 1970–1990 i 22 tettsteder i Norge (NIBR-rapport 1995:3). Oslo: Norsk institutt for by- og regionforskning.

Neuvonen, M., Sievänen, T., Tönnes, S. & Koskela, T. (2007). Access to green areas and the frequency of visits – A case study in Helsinki. Urban Forestry & Urban Greening, 6(4), 235–247.

Næss, P. (1992). Natur- og miljøvennlig tettstedsutvikling: Faglig sluttrapport (NIBR-rapport 1992:2). Oslo: Norsk institutt for by- og regionforskning.

Næss, P. (2012). Urban form and travel behavior: Experience from a Nordic context. The Journal of Transport and Land Use, 5(2), 21–45. https://doi.org/10.5198/jtlu.v5i2.314.

Næss, P. & Engesæter, P. (1992). Tenke det, ønske det, ville det – men gjøre det? Om muligheter for å gjennomføre en natur- og miljøvennlig tettstedsutvikling (NIBR-rapport 1992:1). Oslo: Norsk institutt for by- og regionforskning.

Næss, P., Saglie, I.-L. & Thorén, K.H. (2015). Ideen om den kompakte byen i norsk sammenheng. I G.S. Hanssen, H. Hofstad & I.-L. Saglie (red.), Kompakt byutvikling – muligheter og utfordringer (s. 36–47). Oslo: Universitetsforlaget.

Næss, P., Strand, A., Næss, T. & Nicolaisen, M. (2011). On their road to sustainability? The challenge of sustainable mobility in urban planning and development in two Scandinavian capital regions. Town Planning Review, 82(3), 285–316.

Riksrevisjonen (2007). Riksrevisjonens undersøkelse av bærekraftig arealplanlegging og arealdisponering i Norge (Dokument nr. 3:11 (2006–2007)). Oslo.

Skog, K.L. & Bjørkhaug, H. (2020). Farmland under urbanization pressure: conversion motivation among Norwegian landowners. International Journal of Agricultural Sustainability, 18(2), 113–130. https://doi.org/10.1080/14735903.2020.1719774.

Skog, K.L. & Steinnes, M. (2016). How do centrality, population growth and urban sprawl impact farmland conversion in Norway? Land use policy, 59, 185–196. http://dx.doi.org/10.1016/j.landusepol.2016.08.035.

Statistisk sentralbyrå (2019). Digitale tettstadgrenser. Henta frå https://www.ssb.no/a/kortnavn/beftett/digtettgr.html.

Statistisk sentralbyrå (2020). 04862: Areal og befolkning i tettsteder, etter statistikkvariabel og år. Statistikkbanken. Henta frå https://www.ssb.no/statbank/table/04862.

Steinnes, M. 2014. Justert tettstedsavgrensing. Dokumentasjon av metode (Notater 2014/28). Oslo: Statistisk sentralbyrå. Henta frå https://www.ssb.no/natur-og-miljo/artikler-og-publikasjoner/justert-tettstedsavgrensing.

Thorén, K.H. & Saglie, I.-L. (2015). Hvordan ivaretas hensynet til grønnstruktur og naturmangfold i den kompakte byen? I G.S. Hanssen, H. Hofstad & I.-L. Saglie (red.), Kompakt byutvikling – muligheter og utfordringer (s. 117–133). Oslo: Universitetsforlaget.

Vinge, H. (2018). Farmland conversion to fight climate change? Resource hierarchies, discursive power and ulterior motives in land use politics. Journal of Rural Studies, 64, 20–27. https://doi.org/10.1016/j.jrurstud.2018.10.002.

Vinge, H. (2020). Jordvernets vilkår – mellom verdier og verdi. En empirisk studie av mening, kunnskap og makt i planlegging og politikk (doktoravhandlinger ved NTNU, 2020:74). Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Trondheim.

1Surround er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, University of Tartu, Aalto University og Arkitektkontoret 4B.
2Alle folkevalde politikarar og varamedlemmar i kommune-/bystyra vart invitert. Som i NAMIT låg det eit relevanskriterium til grunn ved utveljing av dei tilsette i forvaltninga. Invitasjonen gjekk til alle tilsette i kommunane, fylkeskommunane, fylkesmennene og departementa ved avdelingar som arbeider med plan, landbruk, samferdsel og miljøspørsmål. For kvar casekommune inviterte vi også rundt 10 lokale interesseorganisasjonar med interesse for arealbruk.
3Vi reknar med at rundt 1730 personar fekk invitasjon til å delta i spørjeundersøkinga, men dette talet er noko uvisst fordi e-posten vår vart luka ut av spamfilteret hos nokre av mottakarane. Ved enkelte institusjonar var det heller ikkje noka klar oversikt over tal aktuelle respondentar. I desse tilfella var det ein kontaktperson som distribuerte invitasjonane til dei som vedkomande meinte var relevante.
4I alt vart respondentane bedne om å ta stilling til 19 verkemiddel i tettstadutviklinga. Figur 5.7 syner berre verkemidla som påverkar fortetting sidan det er fokuset i artikkelen.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon