Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}
<StadutviklingKapittel 5 av 16

4. Stadforståing gjennom skreddarsydde medverknadsopplegg for svake grupper. Erfaringar frå eit studentprosjekt på Aspøya i Ålesund kommune

Gro Anita Bårdseth (f. 1970), førstelektor ved Høgskulen i Volda, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS).

Grethe Mari Mattland Olsen (f. 1962), førstelektor ved Høgskulen i Volda, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS).

Kapittelet viser korleis eit opplegg for å sikre svake grupper medverknad kan bidra til auka forståing av eit lokalsamfunn. Vi ser på korleis ein gjennom å skreddarsy opplegg og metodar for medverknad betre kan lukkast i å få svake grupper i tale. Metoden er her å involvere studentar i utviklingsarbeidet. Ved å nytte studentar aukar kapasiteten i arbeidet, samtidig som det gir djupare innsikt i korleis lokalsamfunnet vert brukt og opplevd av grupper som ofte ikkje er synlege i tradisjonelle medverknadsprosessar. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Ålesund kommune og Høgskulen i Volda.

Nøkkelord: relasjonell stadforståing, medverknad, svake grupper, kommunal planlegging

The chapter shows how a participation scheme to ensure weak groups' participation can contribute to an increased understanding of places. We explore how, by tailoring methods for participation, one can succeed in involving weak groups in urban development. The method here is to involve students in the development work. By using students, the capacity of the work increases, at the same time as it provides deeper insight into how the local community is used and experienced by groups that are often not visible in traditional participation processes. The project is a collaboration between Ålesund Municipality and Volda University College.

Innleiing

Kommunal planlegging legg mykje av premissane for utvikling av stadar og lokalsamfunn. Gjennom arealplanlegging vert rammene for den fysiske staden fastsett. Utvikling av stadar handlar ikkje berre om dei fysiske strukturane. Stadar er utgangspunkt for folk sine opplevingar og erfaringar med å bu på eller besøke stadar. Sosialt samspel mellom folk utspelar seg på stadar. Stadar er såleis arena for eit mangfald av opplevingar, som på eine sida kan handle om dei fysiske strukturane og på andre sida om folk sine relasjonar til stadar. Ei slik tilnærming for å forstå stadar vert omtala som relasjonell stadforståing (Massey, 2005, s. 269; Nyseth, Førde & Cruickshank, 2018, s. 267).

Det er fleire grunnar til at kommunal planlegging bør dra vekslar på relasjonell stadforståing i utvikling av lokalsamfunn. Tilnærminga opnar opp for å få ei forståing av ulike kvalitetar ved stadar. Likeins ein aksept for at stadkvalitetar kan oppfattast forskjellig av ulike aktørar og interessentar, og mellom ulike sosiale grupperingar og aldersgrupper. Ei relasjonell tilnærming til stadforståing harmoniserer såleis godt med plan- og bygningsloven si målsetting om brei medverknad og at planlegginga skal ta særlege omsyn til å involvere utsette grupper i planarbeid (plan- og bygningslova). Ei relasjonell tilnærming til stadforståing bidreg også til å tydeleggjere stadidentiteten i eit lokalsamfunn og verdiar som er viktige å spele vidare på og styrke gjennom den kommunale planlegginga.

Vi ønskjer å sjå korleis metodar for medverknad tilpassa svake grupper kan vere eit verktøy for kommunal planlegging og arbeid med stadutvikling. Dette gjer vi gjennom å studere eit opplegg gjennomført i bydelen Aspøya i Ålesund kommune som del av arbeidet med ny kommunedelplan. Opplegget var retta mot barn og unge og svake grupper utan nettverk og var spesialtilpassa med tanke på å få nettopp desse gruppene i tale. Vi omtalar det derfor som skreddarsydde medverknadsopplegg for svake grupper. Spørsmålet vi undersøker er: På kva måtar kan skreddarsydde opplegg for medverknad retta mot svake grupper vere eit verktøy for stadforståing i kommunal planlegging?

Svake grupper i denne samanheng forstår vi som grupper som skårar lågt på sosioøkonomisk status i levekårsstatistikkar. Svake grupper kan også koplast til andre eigenskapar, knytte til alder, funksjonsnivå, minoritetsbakgrunn og så bortetter. Dermed finn ein gjerne dei svake gruppene blant barn og unge, eldre, innvandrarar, rusmisbrukarar, studentar og kronisk sjuke. Kombinasjonar av status og bestemte eigenskapar kan gjere enkelte grupper særleg utsette, som for eksempel barn av innvandrarar der foreldra manglar fast tilknyting til arbeidslivet. I praksis ser ein at utsette og svake grupper ofte er busette i delar av byen der hus- og leigeprisane er lågast, noko som til dømes kjem til uttrykk i bustadstandard.

Teoretiske perspektiv

Relasjonell stadforståing

Det blir hevda at mykje av teorien om planlegging er stadblind (Healey, 2010). Det same gjeld for mykje av den praktiske planlegginga i kommunar. Alternativet er å sjå staden i eit relasjonelt perspektiv. Det handlar om å sjå stad og menneske som noko som grip inn i og påverkar kvarandre. Menneske vert påverka av kvalitetane ved staden, samstundes som ein som menneske også er i stand til å påverke den (Aure, Gunnerud Berg, Cruickshank & Dale, 2015; Nyseth et al., 2018, s. 268).

Kva som kan reknast som kvalitetar ved ein stad, er eit omfattande og samansett spørsmål. Like fullt krev spørsmålet merksemd i kommunal planlegging fordi det er viktig i stadutviklinga. Også metodane ein tek i bruk for å kartlegge stadkvalitetar krev merksemd. Metodar for kartlegging av stadskvalitetar må tilpassast målet med arbeidet og ikkje minst målgruppene. Ei kartlegging av stadskvalitetar bør innehalde ei breiast mogleg oversikt over bruk, interesser, relasjonar og nettverk knytte til staden og samtidig formidle noko om førestillingar og bilete folk har av staden. På denne måten vil ein kunne avdekke eventuelle konfliktar mellom ulike interesser og motsetnader, men også interessekoplingar (Olsen, 2015, s. 44).

Kvalitetar ved staden vil variere for den enkelte (Dale & Gunnerud Berg, 2012). Alder, kjønn, sosial status, mobilitet, preferansar og kulturelle faktorar medverkar til å farge oppfatningane folk har om ein stad. Minner, livsfase, erfaringar og det at ein samanliknar med andre stadar, set også sitt preg på vurderinga. Mangfaldet, slik det kjem til uttrykk blant ulike grupper, er viktig (Vestby, 2019, s. 109).

Dette mangfaldet, i lag med den sosiale dynamikken og kompleksiteten som eksisterer på ein stad, blir ofte ikkje teke med i planlegginga av lokalsamfunn. Ein grunn er at sterke aktørar dominerer og utfordrar planlegginga på ein måte som gjer at synspunkt frå andre og svakare grupper druknar (Healey 1999, s. 199 i Cruickshank, 2014, s. 8). Presset frå sterke aktørar kan såleis hindre at viktige kvalitetar ved ein stad blir synleggjort (Nyseth et al., 2018). Derfor treng vi innsikt i tilhøve og faktorar som verkar inn på korleis staden blir erfart og opplevd av alle som bur der, inklusive svake grupper, og ikkje berre dei aktørane som representerer «tunge» interesser, som næringsinteresser, utbyggingsinteresser og så bortetter. Ein måte å sikre dette på er gjennom medverknadsmetodar tilpassa ulike grupper.

Medverknad og svake grupper

Plan- og bygningsloven held fram at ein i planlegginga og gjennom medverknadsaktivitetar skal ta særleg omsyn til barn og unge og svake grupper (plan- og bygningslova). Men medverknad er viktig av fleire årsaker. For det første for å finne ut av svake grupper sine behov og ønske. For det andre kan desse gruppene bidra med kunnskap som kan auke kvaliteten på dei planane som vert utarbeidde. Slik medverknad er også med å legitimere og demokratisere planprosessane. Alle bør ha rett til å seie si meining (Innes & Booher, 2004, s. 422). Ein kan også sjå på medverknad som ein kapasitetsbyggande aktivitet ut frå det at innbyggjarar engasjerer seg i sitt eige nærmiljø, bidreg til identitet og det å høyre til ein stad (Bergem, 2020, s. 199).

Ein nyare empirisk studie av medverknad viser at kommunane ser på medverknad i planlegging som viktig, men at det er lite variasjon i sjølve medverknadspraksisen (Ringholm & Nyseth, 2018, s. 207; Ringholm & Sandkjær Hanssen, 2018). Medan fleirtalet av kommunane i studien (73 %) nyttar seg av ei form for folkemøte i arbeid med kommuneplanens samfunnsdel, er det berre eit liten del av kommunane (6 %) som tek i bruk kreative eller kunstnariske uttrykk som eit medverknadsverktøy. Samstundes veit ein at repertoaret av medverknadsmetodar til bruk i kommunale planprosessar er omfattande. I utviklingsprosjektet «Nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse» (Nærmiljøprosjektet) vart det testa ut i underkant av 60 ulike medverknadsmåtar i 40 kommunar i heile landet (Bergem, 2020; Bergem, Dahl, Olsen & Synnevåg, 2019). Likeins peikar offentleg rettleiingsmateriell for kommunale planprosessar på eit variert utval av medverknadsmetodar (Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 2014), og offentlege fagressursar som arbeider for å styrke utforminga av by- og stadutvikling, bidreg med både konkret medverknadsmateriell og rettleiing retta mot kommunane (https://doga.no/).

Eit hovudinntrykk er derfor at det eksisterer eit stort utval metodar for medverknad til bruk i kommunal planlegging, men at det i praksis er lovens minstekrav og tradisjonelle metodar som informasjon- og folkemøte som er mest vanleg i kommunale planprosessar. Dette kan tyde på at det er få aktivitetar direkte retta inn mot barn og unge i kommuneplanprosessar.

Forsking syner at det er utfordrande både å mobilisere svake grupper til deltaking og å ha tilstrekkeleg med ressursar i form av tid, personell og økonomi til å gjennomføre medverknadsprosessar retta mot desse (Amdam & Amdam, 2000). Det er også slik at gruppene som ikkje tek del i organisert aktivitet, er mindre representert i slike prosessar. Det same gjeld eldre, særleg dei som bur heime, ungdom, og menneske med sosiale problem (Klausen et al., 2013, s. 107–108). Å engasjere seg i planprosessar er også ein aktivitet som krev kunnskap om korleis planlegginga er organisert. For mange kan det krevje mot å oppsøke aktuelle arenaer, og ikkje minst å ta ordet i forsamlingar der kanskje både politikarar og ekspertar er samla. Det krevst også at deltakarane beherskar talemålet, noko som ikkje alltid er tilfellet der svake grupper er involvert (Pløger, 2015).

Ein føresetnad for å lukkast i å mobilisere svake grupper til å delta i slike samanhengar er derfor å legge til rette for likeverdige utgangspunkt for deltaking. Dette handlar mellom anna om å oppsøke dei og møte dei der dei er, på deira arenaer. Det handlar også om å legge til rette for medverknadsaktivitetar som ikkje er ekskluderande med omsyn til verken kultur, språk, sosioøkonomisk status eller alder. Ein bør også vurdere i kva grad dei temaa ein ønskjer medverknad på, er eigna til å skape oppslutning og engasjement i den aktuelle målgruppa (Klausen et al., 2013, s. 25).

Samanfatting av teoretiske perspektiv

Eit relasjonelt perspektiv krev nye metodar for medverknad i den fysiske planlegginga, med kartlegging av no-situasjonen og analysar av behov som grunnlag for utforming av den fysiske staden. Dimensjonar og nyansar i stadkvalitetar som ikkje berre handlar om dei fysiske strukturane, kan ein mellom anna få kjennskap til gjennom sosio-romlege analysar og analysar av stadkvalitet (Akershus fylkeskommune, 2007; Miljøverndepartementet, 1993). Likevel veit ein at ikkje alle grupper ein ønskjer innspel frå, er lette å få i tale (Nyseth, Førde, & Cruickshank, 2018, s. 264). Det gjeld særleg barn og unge og andre svake grupper. I kommunalt planarbeid der målet er auka relasjonell stadforståing, er dette uheldig. Først og fremst fordi desse gruppene sine erfaringar er viktig for kommunal planlegging. Det er også viktig å sikre desse gruppene demokratiske rettar til å vere med å påverke eigne omgjevnader og eigne lokalsamfunn. I kommunalt planarbeid der relasjonell stadforståing er eit mål, er det derfor heilt avgjerande å ta i bruk medverknadsmetodar som er tilpassa både dei målgruppene og dei temaa ein ønsker kunnskap om. På denne måten kan ein motverke at den kommunale planleggingspraksisen vert stadblind (Healey, 2010).

Case og metode

Studien har utgangspunkt i eit studentprosjekt på Aspøya i Ålesund kommune. Prosjektet vart utført hausten 2019 av ei gruppe bachelorstudentar på studiet planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda, og kom til gjennom eit samarbeid mellom Ålesund kommune og høgskulen. Prosjektet omfattar planlegging og gjennomføring av eit medverknadsopplegg for svake grupper i bydelen Aspøya, og vart utført i samband med planarbeid for ein kommunedelplan.

Vi ser på dette som ein enkeltcase-studie av ein kommunal planprosess. Enkeltcase-design er eigna når ein studerer noko som er avgrensa i tid og rom (Andersen, 1997, s. 67).

Studien kan ein sjå som eit bidrag til repertoaret av medverknadsmetodar i kommunal planlegging. Ein kan også sjå studien som eit bidrag til sjølve medverknadspraksisen i kommunal planlegging, der studentar både kan vere ressursar i kommunale planprosessar og samstundes få verdifull erfaring frå praksisfeltet. Vidare kan ein sjå studien som eit bidrag til den planfaglege debatten om medverknad for svake grupper i kommunale planprosessar. Her ligg det viktigaste bidrag til forskingsfeltet.

Først litt om Aspøya. Aspøya er ein bydel i Ålesund. Med eit flateinnhald på 0,6 km2 og 3510 innbyggarar (per 1. januar 2019) er bydelen svært tett busett. Gamle trehus og eldre bustadblokker dominerer den vestre delen av øya. Her finn ein også grøne lunger slik som parken på Storhaugen, grøntområdet Martahaugen, og ei grusbane som er planlagt opprusta til framtidige fellesområde. Langs sjøkanten finn ein noverande og tidlegare industriområde. Vegar og trafikkareal dominerer Aspøya, og omfattande gjennomgangstrafikk utgjer eit problem. Bydelen husar mange offentlege funksjonar, som skular, politi, kyrkje, omsorgsbustadar og institusjonar.

Type=N, Mode=M, DE=None, 0.0 metres, UnknownFigur 4.1.

Bilde av Aspøya sett frå vest. Storhaugen og Martahaugen er vist som grøne område mot nord. Foto: Morten Hjertø.

Levekårsstatistikken viser at Aspøya har ei ung befolkning. Den dominerande aldersgruppa er mellom 20–35 år. Ein stor del av desse er studentar som finn det attraktivt å bu sentralt og samstundes ha rimeleg leige. Ei anna stor gruppe er aleinebuande og folk med låg inntekt. Ein kan sjå dette i samanheng med at det finst mange mindre bueiningar tilpassa denne gruppa. Aspøya er også den bydelen i kommunen som har høgast tal barn og unge mellom 0–17 år som bur i lag med einslege foreldre. Vidare er talet på innvandrarar høgt samanlikna med andre bydelar i kommunen. Dette gir behov for integreringsarbeid og språkopplæring, og at skule og barnehage er tilpassa målgruppa. I sum tilseier dette at Aspøya er ein bydel med opphoping av negative levekårsfaktorar knytte til låg inntekt, barnefattigdom, arbeidsløyse, uføretrygd og barneflyttingar (Ålesund kommune, 2019).

Utfordringar og målsettingar for kommunedelplanen for Aspøya

Planleggarane i Ålesund kommune hadde på førehand kartlagt utfordringar i bydelen. Mange av utfordringane ein ønskte å adressere, var knytte til dei fysiske omgjevnadane; redusere støy og gjennomgangstrafikk, sikre tilgang til sjøen, skape gode og trygge sambindingsvegar for gåande og syklande. Det var også eit ønske om å gripe fatt i levekårsutfordringane. Eit mål for planarbeidet var derfor å involvere eit utval av svake grupper blant innbyggjarane. Eit anna mål var å få utfyllande informasjon om resultata frå ei barnetråkk-registrering utført av 6. klasse ved Aspøy skole i 2018. Skulen har mange framandspråklege elevar og erfarte at det gjekk greitt å registrere stadar barna opplevde som gode, skumle eller farlege. Grunna språkproblem var det derimot vanskeleg å forstå kva slags eigenskapar det var ved dei ulike plassane som barna tykte godt om eller reagerte negativt på. Kommunen ønskte derfor å gjere ei supplerande undersøking med dei same elevane, der ein nytta andre metodar og meir tid.

Skreddarsydde medverknadsopplegg for svake grupper

Samarbeidet mellom Ålesund kommune og Høgskulen i Volda kom i stand då ein såg at dette kunne gi kommunen auka kapasitet i planarbeidet, samstundes som studentane fekk relevant praksis.

Som ein introduksjon til studentprosjektet var det i undervisinga lagt vekt på korleis ein gjennom planlegging kan motarbeide sosial ulikskap. Sjølve prosjektarbeidet starta med eit heildagsseminar med synfaring for studentane. Formålet var at studentane skulle verte kjende med Aspøya som stad og få ei forståing for utfordringane i bydelen. Tilbake i Volda arbeidde studentane med å førebu datainnsamling gjennom utarbeiding av spørjeguidar og anna metodisk opplegg. Avtalar med institusjonar og ulike målgrupper for datainnsamling hadde planleggarane gjort på førehand. Det var 37 studentar, og dei var inndelte i seks faste grupper under heile prosjektarbeidet. Kvar gruppe hadde ein rettleiar som følgde opp arbeidet undervegs.

Metodane for datainnsamlinga var kombinasjonar av intervju, spørjegranskingar og observasjon (jf. tabell 4.1).

Tabell 4.1.

Målgruppe og metodar for skreddarsydde medverknadsopplegg

Målgruppe/arenaMetode
Elevar på 6. trinn ved Aspøy skole Synfaring, observasjon, dialog, teikning
Foreldrerådets arbeidsutvalg (FAU) ved Aspøy skole Verkstad og SWOT-analyse
Brukarar og tilsette ved Frelsesarmeens varmestue Observasjon, spørjeundersøking og intervju
Brukarar og tilsette ved Frivilligsentralen Observasjon, spørjeundersøking, intervju og fokusgruppeintervju
«5 på gata» Spørjeundersøking med moglegheit for opne svar

Sjølve datainnsamlinga vart gjennomført i løpet av ein dag. Til saman deltok 66 personar i dei ulike opplegga. Personane var i alderen 12 til 80 år, og av begge kjønn.

Føresette til elevar ved Aspøy skole signerte samtykke til at barna deltok. På førehand var behovet for å melde prosjektet til NSD drøfta. Sidan undersøkinga verken samla inn sensitive personopplysingar eller gjorde lyd- og biletopptak, var det ikkje naudsynt å melde prosjektet.

Datagrunnlag for artikkelen

Analysen i dette kapittelet bygger på fleire kjelder (jf. tabell 4.2).

Tabell 4.2.

Datagrunnlag og metodar for artikkelen

AktivitetData og metode
Førebuingsaktivitetar:
  • Planleggingsmøte med planleggarane i Ålesund kommune og synfaring på Aspøya

Referat og observasjon
Undervisingsaktivitetar:
  • Seminar og synfaring på Aspøya

  • Utarbeiding av spørjeskjema, intervjuguide m.m.

  • Datainnsamling på Aspøya

  • Presentasjon av resultat

Dialog med studentar i samband med rettleiing
Observasjon
Eiga datainnsamlingStudentevaluering
Intervju med planleggar i Ålesund kommune

Vi som står bak denne artikkelen, representerer eit «innanfrå-syn». Vi har vore med og utforma prosjektarbeidet. Undervisingsopplegg i forkant av prosjektet har vore tilpassa dei problemstillingane som studentane skulle arbeide med på Aspøya. I lag med Ålesund kommune har vi skapt rammene for prosjektet og lagt til rette for dei aktivitetane som studentane har gjennomført. Dette har gitt oss innsyn i, og såleis kunnskap om, dei ulike tilnærmingsmåtane. Dei tette koplingane opp mot utforming og innhaldet i prosjektet gjer at vi ikkje representerer eit objektivt syn, verken på innhald eller resultat.

Erfaringar med skreddarsydde medverknadsopplegg som metode

Skreddarsaum inneber å peike ut kva grupper som skal medverke, kor ein skal treffe dei, i kva saker og på kva måte dei skal involverast. Ein må i tillegg legge vekt på å nytte ei språkform som er forståeleg for dei det gjeld. Fellesnemnar for målgruppene var at dei hadde tilhald på Aspøya. Ut over dette var dei svært forskjellige, noko som innebar ulike måtar å involvere dei på. I det vidare presenterer vi erfaringar med å mobilisere dei ulike målgruppene, og vi reflekterer rundt potensialet til skreddarsydde medverknadsopplegg for svake grupper.

Erfaringar med å mobilisere dei ulike målgruppene

For å få ei breiare forståing av erfaringa frå barnetråkkanalysen og kome over språkvanskar valde vi å oppsøke elevane på 6. trinn på Aspøy skole. Klassen på 16 elevar vart delt inn i to grupper. Det var sett av ein heil dag der elevane mellom anna viste fram nærområdet sitt. Denne synfaringa vart samstundes nytta som observasjonsarena der studentane førde uformelle samtalar med elevane.

For å få innspel og synspunkt på korleis friområde på Aspøya kan gjerast meir attraktive for innbyggarane, fekk elevane teikne og kome med forslag til utforming av uteområde. Det vart lagt stor vekt på å bruke god tid for å vinne tillit og med det få ærlege tilbakemeldingar frå elevane. Metoden gjorde elevane i stand til å formidle korleis dei opplevde nærområda sine og også korleis dei ønskte at desse burde utformast i framtida. Til dømes gav barna uttrykk for at dei meir uberørte friområda, slik som Martahaugen og Storhaugen, burde halde fram med å vere slik dei er, medan det for to andre friområde i Steinvågen kom fram mange og ulike idear til utforming. Elevane fekk også formidla at friområda er viktige for trivselen.

Gjennom dialog med barna fekk vi mykje informasjon om kvifor barna oppfattar stadar som trygge elle utrygge. Gjennom dialogen fekk ein også informasjon om på kva måtar dei ser føre seg å forbetre stadane. Ein fekk utfordra barna til å bidra med sine refleksjonar knytte til kva tilbod som finst for dei. Det kjem mellom anna fram at det er få organiserte aktivitetar i bykjernen, og såleis få av barna som tek del i slike på fritida. Det er derfor viktig med gode og tilrettelagde møteplassar. Barna får gitt uttrykk for at dei er opptekne av eit mangfald av aktivitetar. Alt i alt bidrog dette medverknadsopplegget til engasjement knytt til å formidle korleis dei opplever Aspøya som stad, noko som gir ei djupare forståing av den opphavelege barnetråkkundersøkinga.

Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) ved Aspøy skole vart utfordra på å gjere greie for sterke og svake sider ved Aspøya som stad, i tillegg til moglegheiter og trugslar for barn i bydelen. SWOT-analysen var eit godt utgangspunkt for diskusjon. Synspunkta frå arbeidsutvalet var i stor grad samanfallande med tilbakemeldingane frå elevane på 6. trinnet, og dei utgjorde også eit nyttig supplement til barnetråkkregistreringane. SWOT-analysen fungerer i tillegg godt for å få forståing og kjennskap til Aspøya som stad.

Brukarane ved Frelsesarmeens varmestue var av forskjellige årsaker tunge å få i tale ved bruk av tradisjonelle intervjumetodar. Studentane som stod for desse intervjua, fann ut at dei måtte vere få til stades i gangen. Studentane vart kjende med brukarane gjennom å ta del i måltid, og dei erfarte at dei måtte opphalde seg der i fleire timar før brukarane vart overtydde og trygge på at dei hadde noko å bidra med. Her var det særleg viktig å ha ein god dialog med leiar, for å legge til rette for trygge intervjusituasjonar. Truleg er det i samband med medverknad frå til dømes rusmisbrukarar og psykisk sjuke ein i størst grad er avhengig av å kunne «lese» situasjonen der og då, og gjere tilpassingar undervegs. På same måte bør ein dra vekslar på erfaringane frå Klausen med fleire (2003, s. 9) og vurdere om dei aktuelle temaa er eigna til å skape engasjement for denne gruppa. Ein viktig lærdom med omsyn til denne målgruppa er at synet på staden for mange nok kjem i andre rekke i forhold til utfordringar dei opplever til dagleg, noko som det er viktig å ha respekt for som intervjuar.

Opplegget for medverknad på Frivilligsentralen lukkast vi ikkje med. Brukarane som var til stades denne dagen, hadde ikkje tilknyting til Aspøya, og dei hadde såleis få synspunkt på Aspøya som stad. Ei erfaring som likevel er verdt å ta med, er at brukarane ikkje var etnisk norske, og at ein såleis burde utarbeidd spørjeskjema på deira eigne morsmål. Eit slikt opplegg ville ha kravd anna førebuing.

Det vart også gjennomført ei spørjeundersøking med tilfeldig forbipasserande ulike stadar på Aspøya. I motsetnad til dei andre medverknadsmetodane, der ein la vekt på å ta seg god tid, møtte ein her folk som var «på farten» og med lita tid til å la seg intervjue. Dette påverka resultatet. Vi erfarte også at utvalet i stor grad var turistar og besøkande og at dei derfor i liten grad gjenspegla innbyggarane på Aspøya. Som ein kuriositet kan også nemnast at val av grøn T-skjorte som skulle signalisere tilhøyrsle til Høgskulen i Volda, gjorde at mange forveksla dei med politiske parti på valkampoppdrag, noko som gjorde at dei unngjekk å la seg intervjue.

Frå levekårsstatistikken veit vi at det bur mange eldre på Aspøya og at mange av desse er utan sosiale nettverk. Erfaring frå forsking på medverknad (Klausen et al., 2013, s. 109) syner at denne gruppa er vanskeleg å nå, og det var også vår erfaring. Truleg ville vi lukkast betre om vi forsøkte å nå desse på deira «heimebane», slik som nærbutikken eller i eigen bustad.

Medverknadsopplegga i seg sjølv var i utgangspunktet ikkje så utradisjonelle, men måten ein gjekk fram på for å gjennomføre intervju, spørjeundersøkingar og observasjon, skil seg frå dei tradisjonelle framgangsmåtane på ulike måtar. For det første måtte studentane takle situasjonar dei ikkje var budd på undervegs og improvisere i forhold til dei framgangsmåtane dei hadde lagt planar for. På nokre arenaer blei det naudsynt å bruke meir tid for å opparbeide tillit og for å overkome utfordringar knytte til språkvanskar. Ein måte å overkome språkvanskar blant barn på var å ta i bruk kunstnarlege uttrykk, slik som teikning.

Bruk av studentar var ein føresetnad for å oppnå tilstrekkeleg kapasitet. Det å vere mange gjorde at ein kunne bruke mykje tid på kvart enkelt individ, noko som gjorde at dei som medverka, opplevde å bli høyrd og sett. Ein styrke ved studentgruppa er at den utgjorde eit mangfald med omsyn til kjønn, alder og etnisitet. Dette var eit fortrinn når det gjaldt å bygge tillit mellom studentar og medverkande. Mangfald kan også ha noko å seie for korleis innspela vert tolka.

Vi erfarte at breidda i metodar og tilnærmingsmåtar var viktig for å nå dei ulike målgruppene og for at dei skulle kunne formidle sine erfaringar på måtar som passa dei. I nokre samanhengar fungerte metodane svært godt, medan i andre opplevde ein mange av dei utfordringane som ein kjenner til frå tidlegare forsking og erfaringar med medverknad. Dette vil bli drøfta i det følgjande.

Metoden sitt potensial for å nå svake grupper

Erfaringane frå prosjektet stadfestar at det er tid- og ressurskrevjande å involvere barn, unge og svake grupper i kommunale planprosessar, slik tidlegare erfaringar også viser (Amdam & Amdam, 2000). Ressursane i prosjektet var i første rekke studentane. Samtidig var kvalitetssikringa frå tilsette ved høgskulen viktig. Samla gav dette auka kapasitet utan store kostnader for kommunen.

Det mest vellukka tiltaket var å få barn og unge i tale. Styrken her var å velje ein annan arena, og andre uttrykksformer enn det som vanlegvis vert nytta i slike prosessar.

Målet var å nå både barn, rusmisbrukarar, innvandrarar, eldre og «mannen i gata». Vi lukkast berre delvis med dette. Ein lukkast rett nok med å få andre grupper, som rusmisbrukarar, i tale, gjennom å bruke tid på å oppnå tillit. Dette er nyttige erfaringar i seg sjølv, men gav ikkje grunnlag for reell medverknad i den aktuelle planprosessen. Til dels kan dette skuldast tilfeldigheiter som har å gjere med vêr og vind og kva aktivitetar som finn stad på dei valde arenaer. Det å treffe med dag og tidspunkt er såleis viktig. Meir medvit med tanke på val av tidspunkt kunne gitt betre resultat. Andre arenaer kunne vore aktuelle. Det gjeld til dømes å møte folk på nærbutikken, der eldre møtest og gjerne tek ein kopp i kaffekroken. Eit anna alternativ er å oppsøke folk der dei bur (Klausen et al., 2013; Pløger, 2015).

Språkvanskar er krevjande. Opplegg for medverknad må ta omsyn til dette og legge opp til variasjon/kreativitet i uttrykksformer. Forskinga og erfaringa på området er oppteken av behovet for å eliminere dei forskjellane som språkvanskar inneber, anten dette handlar om minoritetar eller om forholdet mellom fagspråket og det språket målgruppene kan relatere seg til (Klausen et al., 2013). Gjennom auka tidsbruk og bruk av kreative uttrykksformer fekk vi gjennom prosjektet illustrert at alternative måtar for kommunikasjon kan vere nyttige. Erfaringar frå Nærmiljøprosjektet (Bergem, 2020; Bergem et al., 2019) viser nettopp at ein gjennom å eliminere språkforskjellar og skape meir engasjement kan nå ut til breiare grupper av befolkninga.

På kva måtar kan skreddarsydde opplegg for medverknad retta mot svake grupper vere eit verktøy i kommunal planlegging?

Svake grupper sine opplevingar av ein stad, og kva som er kvalitetar med ein stad, blir sett ord på gjennom skreddarsydde opplegg for medverknad. Dette i seg sjølv er ei form for bevisstgjering, både for innbyggarane og planleggarane. Desse erfaringane har overføringsverdi for plan- og utviklingsarbeid der målet er å forstå ein stad, slik som i tilfellet med Ålesund kommune sin kommunedelplan. Denne måten å arbeide på kan vere ein måte å møte utfordringar med å involvere særleg dei svake aktørane, slik plan- og bygningsloven påpeiker (Nyseth et al., 2018).

Erfaringane om Aspøya som stad kan nyttast til å nyansere levekårsstatistikken, for å stadfeste statistikken, og som argument for å tilgodesjå svake grupper sine interesser til staden og kva desse interessene er (Klausen et al., 2013).

Opplegget med skreddarsydde medverknadsopplegg for svake grupper syner at ein kan fange opp fleire og andre brukarar av staden enn gjennom tradisjonelle medverknadsopplegg og offentlege høyringar (Bergem, 2020). Det skreddarsydde medverknadsopplegget gjorde det også mogleg å fange opp ein auka kompleksitet i stadforståinga. Eit viktig moment her var at ein tok seg god tid og var medviten på å opparbeide tillit til gruppene ein involverte. Dette opna for at ein fekk fram eit mangfald i oppfatningar, motsetningar og konfliktar, men også manglande engasjement knytt til tema (Klausen et al., 2013; Olsen, 2015).

Opplegget for medverknad var både ressurs- og tidkrevjande, både med omsyn til førebuing og tilrettelegging. Trass i at opplegget var godt førebudd, var sjølve gjennomføringa uføreseieleg i den forstand at ein ikkje hadde kontroll over omfanget av deltakarar på dei ulike arenaene, og om ein møtte dei som var i målgruppa for prosjektet. Ein nådde til dømes i liten grad fram til grupper utan nettverk, slik som eldre og innvandrarar. Det er derfor naudsynt å vere meir kreativ i tilnærminga for faktisk å nå fram til dei ein ønskjer innspel frå.

Ved å ta i bruk skreddarsydde medverknadsopplegg oppnådde ein å få utvida kunnskap som er bidrag til relasjonell stadforståing. Då handlar det om å sjå stad og menneske som noko som grip inn i kvarandre og som påverkar kvarandre (Nyseth et al., 2018). For planleggarar er slik relasjonell stadforståing avgjerande som ein motsats til aktørar som representerer tunge interesser. Det svake grupper seier, har ein verdi, fordi dei trekker inn moment som andre grupper ikkje verdset på same måte (Klausen et al., 2013; Pløger, 2015).

Ifølgje Ringholm og Sandkjær Hansen (2018, s. 207) er det viktig at medverknad vert opplevd som inkluderande og meiningsfullt. Det inneber at både form, deltakarar og måten opplegget blir gjennomført på, må skreddarsyast. Det gjeld å finne fram til dei rette kombinasjonane av metodar tilpassa tid, stad og formål.

Avsluttande refleksjonar

Studien av det skreddarsydde opplegget for medverknad for svake grupper på Aspøya har vist at metoden både har fordelar og utfordringar knytte til å nå ulike målgrupper, men også som verktøy i kommunal planlegging. Desse funna meiner vi har relevans for både planforskarar og praktikarar, og det har fått oss til å reflektere rundt behovet for å forske meir på desse funna.

Eit av funna syner at å ta i bruk kreative metodar som del av opplegget for medverknad var nyttig både for å forsere språkvanskar og for å opparbeide tillit som grunnlag for dialog. Det er derfor eit tankekors at kommunane, som i utgangspunktet har eit stort handlingsrom i val av metodar for medverknad, i liten grad nyttar seg av kreative løysingar (Ringholm & Nyseth, 2018; Ringholm & Sandkjær Hanssen, 2018). Bruk av kreative former for medverknad inn mot svake grupper og verknadene av dette i kommunale planar og konkrete tiltak er eit område ein treng meir kunnskap om.

Eit anna funn var at metoden var ressurskrevjande, men også uføreseieleg i den forstand at ein måtte ta i bruk improvisasjon og vere fleksibel i datainnsamlinga. Mellom føresetnadene for å ta metoden i bruk er at kommunar har fagpersonar med kompetanse og erfaring til å gjennomføre slike opplegg for medverknad, og til å inkludere resultata i kommunen sitt planverk. Ein treng meir kunnskap om potensialet for skreddarsydde opplegg for medverknad for svake grupper i kommunal planlegging og korleis ein kan dra vekslar på til dømes utdanningsinstitusjonar og frivillig sektor i dette arbeidet. Likeins treng ein meir kunnskap om korleis resultata frå medverknadsopplegg kan brukast i kommunale planar.

Planleggarane i kommunane er nærmast desse utfordringane og dei som best kjenner kvar skoen trykker. Vidare forsking på desse felta bør derfor skje i eit samarbeid mellom planforskarar og praktikarar.

Merknad

Vi vil rette ein takk til studentane frå Høgskulen i Volda og planavdelinga i Ålesund kommune for godt samarbeid. Takk også til Aspøy skole, Frelsesarmeens varmestue og Frivilligsentralen i Ålesund for at dei tok imot studentane på ein god måte.

Litteratur

Akershus fylkeskommune. (2007). Sosiokulturelle stedsanalyser. Veileder.

Amdam, J. & Amdam, R. (2000). Kommunikativ planlegging: regional planlegging som reiskap for organisasjons- og samfunnsutvikling. Oslo: Samlaget.

Andersen, S.S. (1997). Case-studier og generalisering: forskningsstrategi og design. Bergen: Fagbokforlaget.

Aure, M., Gunnerud Berg, N., Cruickshank, J. & Dale, B. (2015). Sted – nyere teorier i en norsk kontekst. I M.G.B. Aure, Nina; Cruickshank, Jørn; Dale, Britt (red.), Med sans for sted: nyere teorier (s. 13–29). Bergen: Fagbokforlaget.

Bergem, R. (2020). Medverknad i lokalt folkehelsearbeid: oversiktsartikkel. Michael, 24, 199–211.

Bergem, R., Dahl, S.L., Olsen, M., Grethe & Synnevåg, S., Ellen (2019). Nærmiljø og lokalsamfunn for folkehelsa. Sluttrapport frå evalueringsprosjektet Karlegging og utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse (Skriftserien; Rapport 1891–5981). Volda: Høgskulen i Volda. Henta frå http://hdl.handle.net/11250/2632209.

Cruickshank, J. (2014). Stedsblind planlegging av lokalsamfunnet. Plan, 46(6), 4–9. Henta frå http://www.idunn.no/plan/2014/06/stedsblind_planlegging_av_lokalsamfunnet.

Dale, B. & Gunnerud Berg, N. (2012). Hva er stedsidentitet, og hvordan fanger vi den opp? I A. K. Førde, Britt; Gunnerud Berg, Nina; Dale, Britt (red.), Å finne sted. Metodologiske perspektiv i stedsanalyser (s. 23–42). Trondheim: Akademika forlag.

Healey, P. (2010). Making better places : the planning project in the twenty-first century. Basingstoke: Palgrave Macmillan.

Innes, J.E. & Booher, D.E. (2004). Reframing public participation: strategies for the 21st century. Planning theory & practice, 5(4), 419–436. https://doi.org/10.1080/1464935042000293170.

Klausen, J.E., Arnesen, S., Christensen, D.A., Folkestad, B., Hanssen, G.S., Winsvold, M. & Aars, J. (2013). Medvirkning med virkning? Innbyggermedvirkning i den kommunale beslutningsprosessen. I: Norsk institutt for by- og regionforskning.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet. (2014). Medvirkning i planlegging: hvordan legge til rette for økt deltakelse og innflytelse i kommunal og regional planlegging etter plan- og bygningsloven? Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Massey, D. (2005). For Space London: Sage Publications.

Miljøverndepartementet. (1993). Stedsanalyse – Innhold og gjennomføring. Veileder.

Nyseth, T., Førde, A. & Cruickshank, J. (2018). Fra attraktive steder til omtenksom by- og tettstedsutvikling – implikasjoner for planlegging. I N. Aarsæther, Falleth, E.,Kristiansen, R., Nyseth, T. (red.), Plan og samfunn: system, praksis, teori. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Olsen, G.M. (2015). Kartlegge stedskvalitetar. I T.S. AS (red.), 10-punktsmodellen, strategisk og kreativ samfunnsutvikling. Molde: Tibe.

Plan- og bygningslova. Lov om planlegging og byggesaksbehandling (LOV-2008-06-27-71). Lovdata. Henta frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2008-06-27-71.

Pløger, J. (2015). «Svake røsters» posisjon i planleggingen. Henta frå http://www.kommunetorget.no/Planlegging/Kronikk-og-debatt-2/Svake-rosters-posisjon-i-planleggingen.

Ringholm, T. & Nyseth, T. (2018). Medvirkning. I G.S. Hanssen & N. Aarsæther (red.), Plan- og bygningsloven 2008: fungerer loven etter intensjonene? (s. 317–332). Oslo: Universitetsforlaget.

Ringholm, T. & Sandkjær Hanssen, G. (2018). Medvirkning i lokal planlegging. I N. Aarsæther, Falleth, E., Kristiansen, R., Nyseth, T. (red.), Plan og samfunn: system, praksis, teori. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Vestby, G.M. (2019). Byglød: Å skape nytt liv i hjertet av små og mellomstore byer. I I.M. Henriksen & A.H. Tjora (red.), Bysamfunn. Oslo: Universitetsforlaget.

Ålesund kommune. (2019). Folkehelsen i Ålesund. Oversikt over helsetilstand og påvirkningsfaktorer. Henta frå https://issuu.com/alesundkommune/docs/folkehelsen_i__lesund__folkehelse_.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon