Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}
<StadutviklingKapittel 3 av 16

2. Globale miljømål og gode nærmiljø – kan dei verke saman? Ein diskusjon av berekraftig tettstadutvikling i Sogndal

Kyrre Groven (f. 1961), forskar ved Vestlandsforsking, ph.d. i samfunnsgeografi ved NTNU, prosjektleiar for Vilkår for berekraftig tettstadutvikling – Surround (MILJØFORSK), forskar på lokal miljøpolitikk, planlegging og berekraftig stadutvikling.

Henning Stokstad (f. 1992), masterstudent i fysisk planlegging ved NTNU, BSc i landskapsplanlegging med landskapsarkitektur på Høgskulen på Vestlandet.

Emma Haugen Gamme (f. 1996), masterstudent i fysisk planlegging ved NTNU, BSc i landskapsplanlegging med landskapsarkitektur på Høgskulen på Vestlandet.

Marte Lange Vik (f. 1979), førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), ph.d. i landskapsgeografi ved NTNU, forskar på planlegging, landskapspraksisar og medverking.

Liv Norunn Hamre (f. 1972), førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, ph.d. i botanisk økologi ved UIO, forskar på biologiske og landskapsøkologiske problemstillingar knytte til arealbruksendringar på ulik skala.

Leif Hauge (f. 1956), førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Underviser i kulturminne- og kulturlandskapsfag. FoU-aktivitet knytt til korleis menneska utnyttar naturressursar og påverkar landskapet. Mykje erfaring med visuell dokumentasjon (foto).

I dette kapittelet undersøker vi arealbruksendringar i tettstaden Sogndal gjennom 30 år, og analyserer desse mot etablerte berekraftmål i planlegging og internasjonal litteratur om fortetting og grønstrukturar. Ved å ta i bruk omgrepet fleirfunksjonelle areal konkluderer vi med at trass i at Sogndal har hatt sterk grad av fortetting, i tråd med nasjonale berekraftmål og globale miljømål, har utviklinga hatt til dels stor negativ påverknad på biologisk mangfald, rekreasjon og stadeigenheit.

Nøkkelord: arealbruksendringar, arealplanlegging, berekraftig tettstadutvikling, berekraftmål, fleirfunksjonelle areal, fortetting, grønstrukturar

This chapter investigates spatial changes in the town of Sogndal through three decades, analyzing these against established sustainability goals in planning, and international literature on urban densification and green infrastructure. By using the concept of multifunctional areas, we conclude that despite densification in Sogndal, in line with national sustainability goals and global environmental objectives, the development has impacted negatively on biodiversity, recreation and place identity.

Tettstadutvikling og berekraftmål

Åtte av ti nordmenn bur i byar og tettstader (Statistisk sentralbyrå, 2019), og korleis vi planlegg og utviklar tettstadene våre, er derfor eit viktig tema for svært mange. Arbeidet med å utvikle dei fysiske, sosiale og kulturelle eigenskapane ved tettstader med sikte på å skape livskraftige, attraktive og berekraftige lokalsamfunn har sidan 1980-talet vore del av det som i dag blir kalla stadutvikling (Vestby, 2018). Stadutviklingsarbeidet har frå starten vore sett i ein global berekraftkontekst, og i dag er kommunane opptatt med å innlemme FN sine 17 berekraftmål i den kommunale planlegginga (Lundberg et al., 2020). I dette kapittelet vil vi rette blikket bakover, og diskutere faktisk tettstadutvikling opp mot prinsipp for berekraftig utvikling, globalt og lokalt.

Utgangspunktet vårt er to studiar av tettstaden Sogndal. Rundt 1990 var Sogndal ein av fire casekommunar i forskingsprosjektet NAMIT, Natur- og miljøvennlig tettstedsutvikling (Næss, 1992), og i 2018 vart det gjort nye studiar, som del av forskingsprosjektet SURROUND, Vilkår for berekraftig tettstadutvikling. NAMIT og SURROUND er også utgangspunkt for eit anna kapittel i denne antologien (Groven, Hamre, Moberg & Selseng, 2021).

NAMIT sitt mål var å identifisere prinsipp for arealbruk, utbygging og transport som tar omsyn til både økologisk berekraftig utvikling og miljøbestemt livskvalitet (Næss, 1992, s. 52), og samanhengen mellom global og lokal berekraft i stadutvikling. Prosjektet etablerte sju hovudmål og 32 delmål med bakgrunn i offisielle miljømål frå stortingsmeldingar og FN-systemet (Vår felles framtid og FNs klimapanel). Poenget var å undersøke korleis arealbruken i norske tettstader kunne prøve å innfri flest mogleg av berekraftmåla. Slik sett var NAMIT truleg det første eksempelet på at utvikling av norske tettstader vart evaluert i lys av eit breitt spekter berekraftmål. Prosjektet konkluderte med at ein samla natur- og miljøstrategi for tettstadutvikling måtte bygge på tre grunnleggande prinsipp: samling av naturinngrep, arealøkonomisering og omstrukturering av transportsystemet (Næss, 1992, s. 165). Ut frå dette tilrådde NAMIT konsentrert utbygging med vekt på fortetting, lagt til eksisterande tettstader, og særleg på areal som frå før er vesentleg teknisk påverka.

Vi har to forskingsformål med dette kapittelet. For det første vil vi setje arealbruksendringar mellom 1990 og 2018 opp mot to utviklingsbaner frå NAMIT, og vurdere utviklinga i lys av tre av hovudmåla frå NAMIT: (1) ta vare på det biologiske mangfaldet, (2) gi gode moglegheiter til friluftsliv og rekreasjon og (3) ta vare på landskap og kulturverdiar. For det andre vil vi diskutere desse funna opp mot litteratur om berekraftig stadutvikling og fleirfunksjonelle areal frå norsk og internasjonal planlegging. I ei kartlegging av arbeid med berekraftmåla i norsk planlegging understrekar Lundberg et al. (2020) at det er viktig med heilskaplege heller enn spissa tilnærmingar til berekraft. Med dette i minnet skulle denne diskusjonen om berekraftig tettstadutvikling i Sogndal helst ha femna endå breiare. Grunnen til at vi fokuserer på måla om biologisk mangfald, friluftsliv og rekreasjon, og landskap og kulturverdiar, er at alle desse er sterkt knytte til planlegging av grønstrukturar. Studiar av fortettingsplanlegging påpeiker at grønstrukturar ofte blir planlagde for å vere gode rekreasjonsområde for menneske, i staden for å fungere som gode område for biomangfald, både i Noreg (Hanssen, Hofstad & Saglie, 2015a; Thorén & Saglie, 2015) og internasjonalt (Davies & Lafortezza, 2017; Nordh & Olafsson, 2020). Hovudargumentet vårt er at vi ikkje kan studere grønstrukturar som del av berekraftig tettstadutvikling utan å sjå alle desse tre elementa i samanheng.

Resten av kapittelet er bygd opp slik: Først går vi nærare inn på nokre omgrep som er viktige i denne diskusjonen: fortetting, grønstrukturar og fleirfunksjonelle areal. Så presenterer vi Sogndal som studieområde, og metoden vår, før vi presenterer og diskuterer endringar i arealbruk i Sogndal. I den tematiske diskusjonen tar vi for oss biomangfald, rekreasjon og friluftsliv, og landskap og kulturverdiar separat, før vi tar ei meir omfattande drøfting om samverknad og fleirfunksjonalitet. Kapittelet blir avslutta med nokre overordna kommentarar.

Viktige omgrep

Fortetting

På starten av 2020-talet er det 30 år sidan fortetting vart den rådande planleggingsstrategien i Noreg. Inspirert av mål for berekraftig utvikling (Verdenskommisjonen for miljø og utvikling, 1987) vaks fortetting fram som ein reaksjon på planlegging basert på høg bruk av privatbil, og med stor omdisponering av jordbruksland og naturområde rundt byane (Næss, Saglie & Thorén, 2015). I denne forståinga svarer fortetting til to sentrale berekraftmål: utsleppsreduksjon og arealøkonomisering. I dette kapittelet snakkar vi om fortetting som to hovudtypar, intensivering og ekspansjon, inspirert av definisjonen til Hanssen, Hofstad, Saglie, Næss og Røe (2015b, s. 16–17). Intensivering omfattar innfylling eller frådeling av tomter til nye bygg innanfor tettstadgrensa, medan ekspansjon inneber utbygging av ubygd areal og grøntareal innanfor tettstadgrensa.

Planlegging av grønstrukturar

Heilt sidan fortettingsidealet vann fram, har det vore ei brei semje om at det er viktig å ta vare på grøne areal innanfor dei tettbygde områda. På nasjonalt plan har dette også fått auka status, både gjennom nasjonale rettleiarar og som eige arealformål i kommunal arealplanlegging (Miljødirektoratet, 2014; PBL, 2008, § 11-7). Miljødirektoratet (2014, s. 6) viser til forarbeida til plan- og bygningslova (PBL) når dei definerer grønstruktur som «et sammenhengende, eller tilnærmet sammenhengende, vegetasjonspreget område som ligger innenfor eller i tilknytning til en by eller et tettsted». I dette kapittelet skil vi mellom grønstrukturar og grøntområde, der grønstrukturar er område som er planlagde, medan grøntområde er ei vidare forståing av grøne areal. Rettleiaren påpeiker at grønstrukturar er viktig for friluftsliv, naturmangfald, og for luftkvalitet, lokalklima og vassforvalting (Miljødirektoratet, 2014). Denne forståinga av funksjonane ved grønstrukturar finn vi også i forskingslitteratur innan folkehelse (Lee, Jordan & Horsley, 2015), landskapsøkologi og naturforvalting (Norton, Evans & Warren, 2016) og klimatilpassing (Hansen, Olafsson, van der Jagt, Rall & Pauleit, 2019). Planlegging for grønstrukturar er likevel ikkje rett fram. For det første understrekar både norske og internasjonale studiar at grønstrukturar ikkje blir varetatt fordi andre omsyn veg tyngre, og at kvaliteten på urbane grønstrukturar er dårleg (Davies & Lafortezza, 2017; Thorén & Saglie, 2015). For det andre blir det framheva at det ikkje er vilkårleg kva type grønstrukturar som blir nytta, viss desse områda skal ha dei ønskte funksjonane (Hansen et al., 2019; Lee et al., 2015; Norton et al., 2016).

Grønstrukturar som fleirfunksjonelle areal

Mangfaldet i grønstrukturar sine funksjonar gjer at dei også blir omtalt som fleirfunksjonelle areal (Thorén & Saglie, 2015). Frå norske styresmakter blir det lagt særleg vekt på funksjonalitet for aktivitetsnivå og folkehelse (Miljødirektoratet, 2014), og for klimaendringar (Miljødirektoratet, 2019). I internasjonal forskingslitteratur finn vi eit mykje breiare utval av økonomiske, sosiale, kulturelle og miljømessige funksjonar i grønstrukturar, diskutert som økosystemtenester (Davies & Lafortezza, 2017; Hansen et al., 2019). Økosystemtenester omfattar dei funksjonane økosystem har for menneske. Dette gjeld alt frå vasshandtering og lokal klimaregulering til biomangfald, matproduksjon, kulturarv og rekreasjon, helse og kognitiv utvikling (Lindhjem & Sørheim, 2012). I ein norsk studie legg Brattestå, Skog og Thomassen (2016) vekt på den særlege rolla som tettstadnært jordbruksareal speler for stadkjensle og identitet. Sjølv om økosystemtenester og berekraftmål er ulike sett med omsyn, peiker fleire på samanheng mellom desse (Hansen et al., 2019; Lundberg et al., 2020). Studiar av grønstrukturar som fleirfunksjonelle område søker å kombinere fleire mål gjennom heilskaplege perspektiv. Det krevst systematisk innsats for at grøntareal skal bli effektive fleirfunksjonelle areal (Davies & Lafortezza, 2017; Hansen et al., 2019), som svarer til ulike berekraftmål (Thorén & Saglie, 2015).

Studieområdet Sogndal

Vi har studert tettstaden Sogndal i kommunen med same namn. Som regionsenter i Indre Sogn er Sogndal eit utdannings- og handelssentrum med variert næringsliv og aktivt idretts- og friluftslivmiljø. Til saman gjer dette Sogndal til ein attraktiv tettstad, med sterk folkevekst. Medan det i 1990 var 3600 innbyggarar i tettstaden Sogndal (Næss, 1992, s. 93), er det i 2020 litt over 4100 innbyggarar (Statistisk sentralbyrå, 2020), og 2300 studentar (Høgskulen på Vestlandet, 2020). Tettstadutviklinga i Sogndal har vore prega av stor samordning mellom utvikling av sentrum, næringsliv og campus, slik at desse kan forsterke kvarandre positivt. Dette gjer Sogndal til eit godt døme for å studere tettstadvekst i ein mellomstor tettstad.

Tettstaden Sogndal (figur 2.1) ligg nedst i Sogndalsdalen, og er avgrensa av fjorden i aust og bratte dalsider i nord og sør. Sogndalsdalen strekker seg vest- og nordover, med rike landbruksområde og meir spreidd busetnad. Gjennom dalen renn Sogndalselvi, som også deler tettstaden i to. Sogndal er populært kjend som saftbygda, og både tettstaden og kommunen har vore sterkt prega av fruktdyrking. Kulturhistorisk har også strandsitjarstaden langs sjøkanten i sentrum ein viktig posisjon (Sogndal kommune, 2013).

Figur 2.1.

Oversiktsbilete over tettstaden Sogndal (Foto: Knut Rydgren).

I dette kapittelet er det tettstaden Sogndal som er i fokus. I tidlegare Sogndal kommune er likevel Sogndal ein av tre definerte tettstader (SSB 2017). Groven et al. (2021), i denne antologien, presenterer utviklinga i Sogndal i samanheng med utviklinga i dei to andre tettstadene i kommunen, Kjørnes og Kaupanger, og tre andre NAMIT-kommunar.

Kartlegging og analyse

Vi har kartlagt arealbruk i og rundt tettstadene dei siste 30 åra ved hjelp av tolking av digitale ortofoto og georefererte svart-kvitt flyfoto frå tidspunktet for NAMIT (ca. 1990), og analysert endringar ved overlagsanalyse av arealbruk ved dei to tidspunkta. Kartlegging og analyse er utført i ArcMap 10.7.1 (ESRI, 2017). Analyseområdet (sjå figur 2.2) har ein omkrins på 1 km utanfor 2017-tettstadgrensa (Statistisk sentralbyrå, 2017). Med denne omkrinsen rekker vi ut til nærnatur som ikkje er utbygd, og fangar slik opp tettstadutvikling mellom tettstadkjerne og meir eller mindre urørt natur. Andersen, Skadal og Spangen (2019) og Groven et al. (2021) har meir detaljerte skildringar av metoden. I tillegg gjorde Gamme og Stokstad (2019) ein replika av Austad og Helle (1988) si detaljerte kartlegging av grønstruktur i Sogndalsfjøra (sjå vårt delkapittel «Biologiske verdiar»). Eit rikt tilfang av foto frå NAMIT har også vore ei kjelde for å studere og illustrere landskapsendringar over tid, og gjenfotografering har vore ein viktig del av arbeidet.

I analysen har vi brukt dei tre berekraftmåla frå NAMIT aktivt, og vurdert utviklinga i Sogndal opp mot desse. Vi har også nytta oppdatert forskingslitteratur innan relevante forskingsfelt for å setje våre funn inn i ein fagleg kontekst som er gjeldande no.

Figur 2.2.

Trend- og miljøalternativa frå NAMIT samanlikna med faktisk utbygde areal i 2018 (raudt). Analyseområdet er markert av blå omkrins (buffer).

Arealbruksendringar i Sogndal gjennom 30 år

I NAMIT vart det utarbeidd to scenario for korleis ein kunne møte behovet for 970 nye bustader i og rundt Sogndal sentrum i perioden 1990–2020: eit trendalternativ som skulle vise ei sannsynleg utvikling med «business as usual», og eit miljøalternativ som skulle vere i samsvar med definerte berekraftmål. Trendalternativet for Sogndal tok utgangspunkt i at nye bustader ville vere mest einebustader med hyblar, med få avgrensingar i fridomen til utforming og plassering av einebustadene på tomta. Bustadene kom til å bli oppført i grender litt utanfor sentrum, etter eit spreidd utbyggingsmønster basert på kommunale planar for områda Åberge, Stenehjem og Flugheim. Som motsats til trendalternativet la miljøalternativet til grunn at 90 prosent av utbygginga fram mot 2020 ville finne stad som fortetting innanfor dei eksisterande tettstadgrensene. To- og treromsleilegheiter i rekkehus og lågblokker vart vektlagde, og i praksis ville det ikkje bli bygd nye einebustader. Nye næringsbygg skulle leggast til tidlegare industri- og trafikkareal. Miljøalternativet for Sogndal la dessutan særleg vekt på å bevare og utvikle strandsitjarmiljøet, å vidareføre fruktdyrkingstradisjonen i bygda og å sikre utbygging som harmonerte med dei overordna landskapstrekka i bygda (Næss, 1992).

Etter 30 år kan vi no finne ut korleis det har gått med arealbruken i Sogndal, og diskutere utviklinga i lys av alternativa som vart presenterte. Figur 2.2 viser utbygde område mellom 1990 og 2018 med raudt, oppå alternativa frå NAMIT. Fasiten er at miljøalternativet liknar mest på dagens situasjon i Sogndal sentrum, mellom anna fordi spreidde utbyggingar på Åberge, Nestangen, Bjelde, Flugheim og Stenehjem ikkje har blitt realiserte. Sogndal har med andre ord sett ei vesentleg fortetting av dei tettbygde områda dei siste 30 åra.

Viss vi derimot ser på endringar og overgangar mellom ulike arealtypar (figur 2.3), er biletet noko annleis. Her viser resultatet at særleg dyrka mark (varig dyrka eng, semi-naturleg eng og frukthagar) har hatt ein nedgang i tettstaden Sogndal. Tala viser at 15 % er nedbygd, og like mykje er grodd att til skog. Naturområde (barskog, blandingsskog, lauvskog, open grunnlendt mark og plenar og parkar) har auka, men dette er hovudsakeleg på grunn av at matjord har grodd att. Med tanke på berekraftmåla kan dette indikere ulike utviklingar, og for å få betre forståing av korleis dette har påverka mål for berekraftig utvikling globalt og lokalt, må vi sjå nærare på kvart enkelt mål.

Figur 2.3.

Prosentvis endring av hovudarealtypar i tettstaden Sogndal frå 1990 til 2017. Arealtypane er delt inn i kategoriane «natur», «matjord» og «utbygd» (Andersen, Skadal og Spangen, 2019). Største endringa er for matjord, der 15 % av arealet er utbygd og 15 % er blitt natur, 70 % av arealet er framleis matjord.

Biomangfald

Sikring og ivaretaking av biologisk mangfald er essensielt for berekraftig utvikling. Dei to viktigaste delmåla i NAMIT for å ta vare på biologiske verdiar var å minimere nedbygging av natur og av dyrka jord. Av figur 2.3 les vi at utbygging har skjedd både på naturområde og matjord, og at attgroing står for like stor nedgang i matjord som utbygging. Dette kan forklarast med at utbygging av sentrumsnært jordbruksareal fører til nedlegging av gardsbruk, som igjen fører til attgroing av nærliggande beiteareal som ikkje lenger er i bruk. Figur 2.4 viser denne landskapsendringa tydeleg. Stort tap av sentrumsnær matjord finn ein også andre stader i Noreg (Skog & Steinnes, 2016), men Groven et al. (2021) viser at Sogndal har bygd ut langt meir matjord sett opp mot folkeauken enn dei andre NAMIT-kommunane.

Frukthagar er eit viktig kjenneteikn ved Sogndal. Vi skal drøfte desse nærare nedanfor, men nedgangen i areal til frukthagar er også relevant for biologiske verdiar. Nedgang og fragmentering av vegetasjonsdekte areal fører til færre grøne korridorar for pollinerande insekt (Landbruks- og matdepartementet et al., 2018), og ei utskifting og einsretting av treslag kan saman med framande treslag også utgjere ein trussel (Dramstad & Pedersen, 2019). I detalj ser vi at 42 % av frukthagane frå 1990 er nedbygd. Kartet i figur 2.5 viser også at tidlegare frukthagar nokre stader også har blitt eng eller skog. Ein detaljstudie av Sogndalsfjøra (sjå figur 2.5) fann at talet på frukttre er redusert frå 744 til 206, og har gått frå å utgjere mesteparten (82 %) av alle tre i sentrum i 1988 til minsteparten (27 %) i 2018 (Gamme & Stokstad, 2019).

UnknownFigur 2.4.

Bustadområde i Sogndal i 1995 og 2018. Både utbygging og attgroing har ført til nedgang i matjord, som beitemark, slåttemark og frukthagar. (Foto: Leif Hauge.)

Figur 2.5.

Omdisponering av dyrka jord i Sogndal sentrum mellom 1990 og 2018. Område med fiolett innramming (utan fyll i same farge) er frukthagar som har gått ut av produksjon. Området med raud innramming er studieområdet i Sogndalsfjøra.

Når vi skal vurdere utviklinga i tettstaden Sogndal dei siste 30 åra i høve til målet om å ta vare på det biologiske mangfaldet, vil vi trekke fram den negative effekten av nedbygging av sentrumsnære jordbruksområde. Særleg alvorleg er den storstilte nedgangen i talet på frukttre, og konsekvensane dette kan ha for pollinerande insekt.

Friluftsliv og rekreasjon

Som del av berekraftig utvikling er det viktig å sikre den miljøbestemte livskvaliteten til folk gjennom å utvikle byar og tettstader som er gode å leve i. NAMIT framheva tilgang på rekreasjonsområde som park- og grøntområde nær bustaden, særleg for grupper som har mindre aksjonsradius enn ungdom og vaksne utan funksjonshemming (Næss, 1992).

Område for rekreasjon og friluftsliv er i hovudsak innan den overordna arealkategorien natur. Kartlegginga viser ein auke i naturområde innanfor tettstaden Sogndal. Særleg to arealtypar har auka mest: lauvskog, og plenar og parkar. Auken i lauvskog er hovudsakeleg drive av attgroing av tidlegare beitemark, men også barskog som er hogd og så grodd til med lauvskog. For rekreasjon og friluftsliv er det viktig å vurdere kva kvalitetar ulike område har. Tilgrodde lauvskogområde er sjeldan eigna til friluftsliv og rekreasjon både fordi kratt og småvekstar gjer områda uframkommelege, og fordi områda er brattlendte og vanskeleg tilgjengelege.

Plenar og parkar er derimot ofte tilrettelagde for rekreasjon. Auken i denne kategorien har truleg samanheng med vektlegginga av grønstrukturar i norsk planlegging (Thorén & Saglie, 2015). Nasjonale anbefalingar seier at det ikkje bør vere meir enn 200 meter frå bustad til næraste grøntområde (Miljødirektoratet, 2014). Bakgrunnen er at nære grønstrukturar er ei viktig kjelde til rekreasjon for innbyggarane, og at dei kan føre til stressreduksjon og livsforlenging (Miljødirektoratet, 2020).

Samanlikninga med park- eller friareal i NAMIT er ikkje rett fram, sidan kriteria var strengare i NAMIT enn i kommuneplanlegginga. I kommuneplanane på 1980- og 1990-talet var det ni område til friareal i og ved tettstaden (figur 2.6), men berre eitt av desse, nr. 1 Røvhaugane–Kongaberg, var større enn 150 dekar, som var normkrava for grøntområde i NAMIT. I 1990 måtte ein til utmark i utkantane av bygda for å finne offentleg tilgjengelege grøntområde på denne storleiken. Her var altså måloppnåinga for Sogndal dårleg allereie i 1990. I 2018 var eitt av dei ni friareala som var registrerte i 1990, redusert til å vere starten på ein snarveg på grunn av utbygging (nr. 5 Leitesvingen), dei andre var meir eller mindre intakte. I dagens planar for rekreasjon og friluftsliv blir også uteområde på skular og barnehagar rekna med, sidan dette er sentrumsnære område som er tilrettelagde for leik (Miljødirektoratet, 2013; Vestland fylkeskommune & Statsforvaltaren i Vestland, u.å.). Dette er område som fell utanfor i vår kategorisering, sidan dei er dominerte av grå og bygde flater, og derfor ikkje blir rekna som naturområde.

Figur 2.6.

Område markert som friareal i kommuneplanane for Sogndal 1982−1991 og 1987−1996 (etter Helle et al. 1989:52).

Sogndal har ry som eit eldorado for rekreasjon og friluftsliv, men dette er særleg knytt til skogs- og fjellområda i kommunen. Våre kartleggingar av utviklinga i tettstaden Sogndal er ikkje eintydige om måloppnåinga for moglegheiter til friluftsliv og rekreasjon. Innhaldet viser utviklingstrekk som går i begge retningar: På den eine sida finn vi mange positive tiltak i sentrumsområdet, som mellom anna etablering av sentrumsparken og fjordstien (sjå nedanfor), som har hatt mykje å seie for rekreasjonsmoglegheitene i området. På den andre sida har endringar i arealbruk gjort sentrumsnært friluftsliv vanskelegare, særleg grunna gjengroing av ope kulturlandskap i utkanten av tettstaden. Treslagsskifte i sentrum kan dessutan vere negativt for rekreasjonsverdiane.

Landskap og kulturverdiar

Til sist er landskap og kulturverdiar viktig for folk sin miljøbestemte livskvalitet. I NAMIT vart mellom anna horisontlinjene, elva og strandlinja mot fjorden vurderte som visuelt sårbare landskapselement i Sogndal. Landskapskarakteren er ein viktig del av særtrekket til tettstader, og har mykje å seie for identitet og trivsel (Jones, 2008). Høyer et al. (1991) skriv at identiteten til Sogndal bygger på bakgrunnen som frukt- og jordbruksbygd, med eit tettbygd strandsitjarmiljø ved fjorden.

30 år seinare har utbygginga gått ut over fleire viktige landskapselement. For det første trer Stedje kyrkje mindre fram fordi frukthagen bak kyrkja er bygd ut til bustadføremål (sjå figur 2.9). Medan trendalternativet i NAMIT spådde dette, vart det unngått i miljøalternativet. Vidare er det bygd bustader på Gurvin, slik at tettstaden har ete seg inn på gardsbruka i landskapet rundt. Gardar med frukthagar har lenge vore viktige element i Sogndal. Medan frukthagane tidlegare ofte definerte rammer for kvar ein kunne bygge ut, ved å danne ein struktur i tettstaden (Austad et al., 1989), gjeld ikkje dette på same måte i dag. Den største nedgangen i arealtypen matjord er nettopp blant frukthagar.

Sogndal marknadsfører seg sjølv som saftbygda, og talet på frukttre har vore med på å gjere staden spesiell og attraktiv. Særleg var mange private frukthagar dominerte av gravensteinsepletre, og Austad et al. (1989, s. 30) framheva desse som «det viktigste og mest karakteristiske innslaget av grønt i Sogndalsfjøra i dag». I dag er det lite som ber vitnesbyrd om opphavet til namnet på Gravensteinsgata i sentrum (figur 2.7). Medan etablerte frukttre er fjerna, er nyplanting dominert av treslag som lind og asal, utan stadtilknyting til Sogndal. Dersom utviklinga i omfanget av frukthagar, og i talet på frukttre, held fram, kan eplehagane i stor grad forsvinne. Det vil bidra til å viske ut kulturarven og stadidentiteten i bygda (Brattestå et al., 2016).

Figur 2.7.

Gravensteinsgata rundt 1970, i overgangen frå private frukthagar til parkering og næringsverksemd. Hagen med frukttrea måtte seinare vike plass for posthuset og kulturhuset. (Foto: Leiv Bergum.)

Nokre viktige landskapselement og kulturverdiar har også blitt spart. Strandsitjarmiljøet i Sogndalsfjøra vart framheva som eit av dei mest intakte i fylket, i og med at kontakten med sjøen ikkje var avskoren av vegar og liknande, og delar av miljøet var og er regulert til spesialområde med føresegner om vern (Høyer, 1991; Sogndal kommune, 2013). Allereie i NAMIT vart det diskutert å etablere gangsamband langs stranda i Sogndalsfjøra for å gjere dette kulturmiljøet meir tilgjengeleg (Bjørneboe, 1990). Vi kjem tilbake til fjordstien under fleirfunksjonelle område. Også Nestangen, med garden som ligg som ein grøn innfallsport til bygda frå nord, er spart. Dette vart vurdert som utbyggingsområde, men her er heldigvis horisontlinja og det grøne preget bevart.

NAMIT omtalte ei rekke kvalitetar ved Sogndal som var viktige med omsyn til målet om å ta vare på landskap og kulturverdiar. Blant landskapselementa som vart trekt fram som viktige, er intakte horisontlinjer og frukthagar to døme på at utviklinga har gått i feil retning. På den andre sida er vår vurdering at kulturverdiane knytte til strandsitjarmiljøet har blitt styrkt ved at fjordstien har gjort dei meir tilgjengelege for innbyggarane. Utviklinga i Sogndal dei siste tiåra tyder på at ein del av kvalitetane frå 1990 er truga, men sjølv om det er lett å peike på manglande landskapsomsyn i ulike vedtak, er det positivt at utbyggingsmønsteret liknar meir på miljøalternativet enn trendalternativet som NAMIT skisserte for utviklinga fram mot 2020.

Samverknad og fleirfunksjonelle område

Allereie i NAMIT vart det framheva at areal som oppfylte ulike mål for miljøbestemt livskvalitet, overlappa og forsterka kvarandre (Helle et al., 1989). Figur 2.8 viser område som vart vurdert som spesielt verdifulle for miljøet i Sogndal tettstad. I dagens terminologi blir dette kalla fleirfunksjonelle areal. Desse områda hadde tyngdepunkt på Røvhaugane og Kvåle/Flugheim. Vidare vart det vurdert som viktig å sikre elvesona samt fleire mindre område spreidd rundt i tettstaden, der både dyr og menneske kunne opphalde seg. I miljøalternativet vart ingen av desse bygd ut.

Figur 2.8.

Verdifulle område for miljøet i Sogndal tettstad (Helle et al. 1998:58).

Mange av desse områda er i dag påverka av utbygging i større eller mindre grad. Ikkje uventa med tanke på fortettingsidealet er det i sjølve sentrumsområdet at påverknaden har vore størst. Område 6 (Lem-garden), eit av dei mest sentrumsnære og dermed av dei mest tilgjengelege grøntområda, er heilt nedbygd. Helle et al. (1989) framheva ivaretaking av bygningsmiljø og frukthagar som Lem-garden som essensielt for Sogndal sitt ry som fruktbygd, og at desse samtidig kunne fungere som rekreasjonsareal. Landskapsomsyn har kulturelle og identitetsskapande funksjonar for tettstader, og Brattestå et al. (2016) påpeiker at desse funksjonane ofte ikkje blir vektlagde i planlegging. Eit tilsvarande døme var den nemnde frukthagen bak Stedje kyrkje. Område 13 (Sandbakken–Kyrahagen) var ein stor frukthage som hang saman med ein open bjørkeskog, og samla fylte området både produksjons- og rekreasjonsfunksjonar. Området var som nemnt også viktig av landskapsomsyn, fordi det lét kyrkja tre tydeleg fram i tettstadbiletet. Figur 2.9 viser tydeleg denne landskapsendringa på sørsida av Sogndalselvi i bakgrunnen av biletet. Vidare har utbygging av frukthagen ført til at bjørkeskogen har mista sin funksjon som rekreasjonsareal.

Figur 2.9.

Strandsitjarmiljøet i Sogndalsfjøra i 1989 og 2019, med Stedje kyrkje og kyrkjehagen i bakgrunnen. Biletet frå 2019 viser fjordstien i forgrunnen. (Foto: Leif Hauge.)

Vi finn likevel att fleire av desse fleirfunksjonelle områda i kommunale planar i dag, som viktige areal for friluftsliv. Elvesona, strandlinja og naturområde nord for tettstaden, innanfor det som er markert som område 2 (Røvhaugane) i figur 2.8, blir framleis rekna som svært verdifulle friluftslivsområde (Vestland fylkeskommune & Statsforvaltaren i Vestland, u.å.). I tråd med andre studiar ser vi at områda hovudsakeleg er framheva som areal for rekreasjon og friluftsliv. Dette inneber ei vektlegging av menneskelege omsyn framfor omsyn til biologiske verdiar (Hanssen et al., 2015a; Nordh & Olafsson, 2020).

Gamme og Stokstad (2019) si kartlegging av Sogndalsfjøra viser også mindre grøne flater no enn for 30 år sidan. Til gjengjeld er nokre av desse betre tilrettelagde som parkar med universell utforming og opparbeidde leikeplassar. Sjølv om desse grønstrukturane kan ha høgare bruksverdi fordi dei er meir tilgjengelege, fører reduksjon i grøntområde til at rekreasjonsverdiane blir svekka. Med tanke på funksjonar både for menneske og biomangfald trekker Gamme og Stokstad (2019) særleg fram at reduksjon i talet på tre kan vere negativt. Dei viser til at tre har ein rekreativ og stressreduserande effekt på menneske (Tyrväinen et al., 2014).

Med tanke på biomangfaldet er nedgangen i frukttre negativt for pollinerande insekt, som treng blomstrande vegetasjon som næringsgrunnlag og habitat (Schärer, 2019), og nyplantinga av kommersielle treslag til fordel for eldre, blomstrande frukttre kan vere ein trussel for pollinerande insekt. Nedgangen i talet på frukttre gjeld ikkje berre for Sogndalsfjøra, men også for frukthagane elles i bygda. Samla sett har utviklinga vore negativ for biomangfaldet, trass i vektlegginga av grønstrukturar i planlegginga. Dette viser at det ikkje er likegyldig kva grønstrukturar som blir nytta i planlegging (Norton et al., 2016).

Også strandsona vart framheva som eit verdifullt område i NAMIT, med funksjonar innan både landskap og kulturverdiar, og friluftsliv og rekreasjon. Begge utbyggingsalternativa inneheldt forslag om eit gangsamband langs stranda i Sogndalsfjøra, men dette vart vurdert som øydeleggande frå kulturhistoriske interesser, fordi ein meinte at eit slikt tiltak ville bryte med dei opphavlege funksjonane til strandsona (Heiberg, 1991). I dag er fjordstien realisert, og har opna opp tilgangen til fjorden for ålmenta (sjå figur 2.9). Gjennom fleire år med dragkamp for å hindre fjordstien var det hovudsakeleg private interesser som sette seg imot forslaget om utbygging, og det enda med oreigning for fleire av eigedommane (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 2013).

Dette er eit eksempel på at det kan vere både praktisk og fagleg krevjande å få til god planlegging for fleirfunksjonalitet. Allmenn tilgang til strandsona er eit svært viktig mål i planlegging i dag (Klima- og miljødepartementet, 2019), og etableringa av fjordstien er heilt i tråd med dette. Som vi har peikt på lenger oppe, meiner vi at fjordstien kan bidra til auka forståing av kva strandsitjarstaden har hatt å seie for Sogndal, fordi han gjer dette miljøet til ein meir synleg del av sentrum. Likevel kan fjordstien framleis utfordre nokre av dei tradisjonelle funksjonane til strandsona, som tilgang på opphaveleg steinfjøre i sentrum. Slik kan også dette vere eit døme på at menneskelege omsyn som rekreasjon og tilgjengeleggjering veg tyngst i planlegging.

Begge desse døma viser at planlegging for fleirfunksjonalitet kan vere utfordrande. Våre funn samsvarer godt med annan litteratur som konkluderer med at omsyn til rekreasjon ofte trumfar biologiske verdiar i planlegging av grønstruktur (Hansen et al, 2019; Nordh & Olafsson, 2020; Thorén & Saglie, 2015). Det finst lite forsking på kva posisjon kulturelle verdiar har i planlegginga, men våre analysar styrker argumenta for at kulturverdiar bør bli vektlagde sterkare, både knytt til grønstrukturplanlegging (Hansen et al., 2019) og til vern av tettstadnært jordbruksareal (Brattestå et al., 2016). For Sogndal sin del kunne truleg meir systematiske og heilskaplege kartleggingar av ulike areal sine funksjonar ført til meir og betre fleirfunksjonalitet, i tråd med anbefalingane til Davies og Lafortezza (2017) og Hansen et al. (2019). Samla måloppnåing for bevaring av biomangfald, landskap og kulturverdiar, og tilrettelegging for friluftsliv og rekreasjon, er viktig for å få gode nærmiljø i tettstadene våre, og for å oppfylle globale miljømål (Næss et al, 2015; Thorén & Saglie, 2015). Utan heilskaplege tilnærmingar, som dei vi skisserer, vil det vere vanskeleg å nå FN sine berekraftmål (Lundberg et al., 2020).

Globale miljømål og gode nærmiljø i Sogndal

Med utgangspunkt i kartlegging av arealbruksendringar i Sogndal gjennom dei tre siste tiåra har vi i dette kapittelet sett på samanhengar mellom globale miljømål og gode nærmiljø, med særleg vekt på grønstrukturane si rolle. Til dette har vi mellom anna brukt tre mål for berekraftig tettstadutvikling frå NAMIT (Næss, 1992). Om bevaring av biologisk mangfald, landskaps- og kulturverdiar og tilrettelegging for rekreasjon og friluftsliv var viktig i 1990, har ikkje betydninga av dette blitt mindre i dag.

Utover grøntområda sine funksjonar for folkehelse, og innan klimatilpassing, er det ikkje krav til analyse av fleirfunksjonalitet før ein gjer vedtak om å bygge ut grøntområde i Noreg. Med kunnskapen om dei positive samverknadene mellom rekreasjon, stadidentitet og biologisk mangfald som vi har forsøkt å vise i dette kapittelet, vil vi hevde at meir systematiske analysar av mangfaldet av verdiar og funksjonar som finst i grønstrukturar, kan vere med på å styrke rolla desse områda speler for stadutviklinga.

Den godt dokumenterte krisa for artsmangfald er global, men oppstår først og fremst som summen av arealbruksendringar i lokale miljø over heile kloden. Det er derfor viktig å vurdere kva effektar utviklinga i lokalsamfunn har på biomangfaldet. Kanskje nettopp fordi mange tettstader i Noreg, som Sogndal, ligg omkransa av variert natur, er det lett å gløyme at dei ligg i område som for relativt få tiår sidan var blant dei mest artsrike kulturlandskapa våre. Tettstadene har framleis eit stort potensial for å romme variert plante- og dyreliv, og planlegging for å ta vare på og kanskje restaurere desse kvalitetane vil ikkje berre tene artsmangfaldet, men også rekreasjonsverdien og livskvaliteten til innbyggarane.

Landskaps- og kulturverdiar er blant dei fellesgoda det er vanskelegast å mobilisere økonomiske ressursar og tøffe politiske prioriteringar for å ta vare på. Når Sogndal taper historiske bygningsmiljø og spor av tidlegare driftsformer og levevis, kan mange hevde at ein må akseptere desse endringane som del av utviklinga mot eit vekstkraftig regionsenter. Vi meiner at det er nettopp i periodar med vekst og god økonomi at ein må ta kostnadene med å ta omsyn til estetikk og identitet.

Merknader

Innlegget har blitt til som del av prosjektet Sustainable urbanisation requirements of small and medium-sized urban settlements and their surroundings (Surround), finansiert av MILJØFORSK-programmet til Noregs forskingsråd. Forfattarane har ingen interessekonfliktar knytte til temaet som er omtalt i kapittelet. Vi vil takke Heidi Kathrin Osland og to anonyme fagfellar for verdifull gjennomlesing og kommentering av tidlegare versjonar av kapittelet.

Referansar

Andersen, A.E., Skadal, H. & Spangen, M. (2019). Tettstedsutvikling i Sogndal kommune fra 1990–2018: Kartlegging av arealbruksendringer. 88. https://hvlopen.brage.unit.no/hvlopen-xmlui/handle/11250/2616601.

Austad, I. & Helle, T. (1988). Sogndal sentrum 1988. Eksisterende forhold. Sogndal: Sogn og Fjordane distriktshøgskule.

Austad, I., Sandal, P., Helle, T. & Losvik, M.H. (1989). Sogndalsfjøra i historisk perspektiv (Skrifter 1989:2; NAMIT-rapport nr. 3). Sogndal: Sogn og Fjordane distriktshøgskule.

Bjørneboe, J. (1990). Strandsittersonen i Sogndalsfjøra (Internt prosjektnotat i NAMIT). Trondheim: Norges byggforskningsinstitutt.

Brattestå, A.C., Skog, K.L. & Thomassen, M.M. (2016). Jordbrukslandskap i urbaniseringsprosesser: Et tomrom eller en ressurs for stedsutvikling? Kart og Plan, 76(4), 252–262.

Davies, C. & Lafortezza, R. (2017). Urban green infrastructure in Europe: Is greenspace planning and policy compliant? Land Use Policy, 69, 93–101. https://doi.org/10.1016/j.landusepol.2017.08.018.

Dramstad, W. & Pedersen, C. (2019, 26. mars). Disse trendene er dårlig nytt for pollinerende insekter. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/viten/i/awwdna/disse-trendene-er-daarlig-nytt-for-pollinerende-insekter.

ESRI. (2017). ArcMap 10.7.1. Environmental System Research Institute.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (2013, 25. april). Vedtak i klagesak som gjeld oreigning i samband med reguleringplan for strandsona i Sogndal sentrum. https://www.statsforvalteren.no/contentassets/52406ec9532c4be2831ca60e8529fb5c/oreigningsvedtak.pdf.

Gamme, E.H. & Stokstad, H. (2019). Endringer i grønnstruktur og økosystemtjenester i Sogndalsfjøra fra 1988 til 2018. 55. https://hvlopen.brage.unit.no/hvlopen-xmlui/handle/11250/2616610.

Groven, K., Hamre, L.N., Moberg, K.R. & Selseng, T. (2021). Fortetting og byspreiing: Praksis og haldningar gjennom tretti år i fire norske kommunar. I L. Longvanes, E. Bjørhusdal, J. Fossøy, D. Sekkingstad & T. Årethun (red.), Fjordantologien 2021: Stadutvikling. Oslo: Universitetsforlaget.

Hansen, R., Olafsson, A.S., van der Jagt, A.P.N., Rall, E. & Pauleit, S. (2019). Planning multifunctional green infrastructure for compact cities: What is the state of practice? Ecological Indicators, 96, 99–110. https://doi.org/10.1016/j.ecolind.2017.09.042.

Hanssen, G. S., Hofstad, H. & Saglie, I.-L. (2015a). Håndtering av motstridende hensyn i byutviklingen – tilsiktede og utilsiktede konsekvenser. I G.S. Hanssen, H. Hofstad, & I.-L. Saglie (red.), Kompakt byutvikling. Muligheter og utfordringer (s. 259–270). Oslo: Universitetsforlaget.

Hanssen, G.S., Hofstad, H., Saglie, I.-L., Næss, P. & Røe, P.G. (2015b). Hvorfor studere den kompakte byen. I G.S. Hanssen, H. Hofstad, & I.-L. Saglie (red.), Kompakt byutvikling. Muligheter og utfordringer (s. 13–25). Oslo: Universitetsforlaget.

Heiberg, E. (1991). Ulike utbyggingsmåtar i Sogndal mot år 2020. Verknader for biologiske ressursar, landskaps- og kulturverdiar, og høve til friluftsliv og rekreasjon (Skrifter 1991:2). Sogndal: Sogn og Fjordane distriktshøgskule.

Helle, T., Austad, I. & Losvik, M.H. (1989). Naturressursar og andre miljøkvalitetar i Sogndal tettstad. (Skrifter 1989:3) [NAMIT-rapport nr. 2]. Sogndal: Sogn og Fjordane distriktshøgskule.

Høgskulen på Vestlandet. (2020). Campus Sogndal. https://www.hvl.no/studentliv/studentliv-sogndal/Campus-Sogndal/.

Høyer, K.G., Aall, C., Heiberg, E. & Hanssen, J.U. (1991). Alternativer for tettstedsutvikling i Sognal. En vurdering av måloppnåelse i forhold til natur- og miljøvernkriterier. (Nr. 18/91; VF-rapport, s. 129). Sogndal: Vestlandsforsking.

Jones, M. (2008). Analysing landscape values expressed in planning conflicts over change in the landscape. Re-Marc-able Landscapes - Marc-ante Landschappen: Liber Amoricum Marc Antrop.

Klima- og miljødepartementet (2019, 25. juli). Strandsonen [redaksjonell artikkel]. Regjeringen.no; https://www.regjeringen.no/no/tema/klima-og-miljo/friluftsliv/innsiktsartikler-friluftsliv/strandsonen/id2076261/.

Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Forsvarsdepartementet, Kunnskapsdepartementet & Olje- og energidepartementet (2018). Nasjonal pollinatorstrategi. Ein strategi for levedyktige bestandar av villbier og andre pollinerande insekt (s. 48) [Strategi]. Oslo: Landbruks- og matdepartementet / Klima- og miljødepartementet. https://www.regjeringen.no/contentassets/3e16b8410e704d54af40bcb3e687fb4e/nasjonal-strategi-for-villbier.pdf.

Lee, A.C.K., Jordan, H.C. & Horsley, J. (2015). Value of urban green spaces in promoting healthy living and wellbeing: Prospects for planning. Risk Management and Healthcare Policy, 8, 131–137. https://doi.org/10.2147/RMHP.S61654.

Lindhjem, H., & Sørheim, M.D. (2012). Urbane økosystemtjenester i Norge: Status, utvikling, verdi og kunnskapshull (RAPPORT 2012/37). Vista analyse. https://docplayer.me/2482772-Rapport-2012-37-urbane-okosystemtjenester-i-norge-status-utvikling-verdi-og-kunnskapshull-henrik-lindhjem-og-maja-dineh-sorheim.html.

Lundberg, A.K., Bardal, K.G., Vangelsten, B.V., Reinar, M.B., Bjørkan, M. & Richardson, T. (2020). Strekk i laget: En kartlegging av hvordan FNs bærekraftsmål implementeres i regional og kommunal planlegging. NF rapport nr. 7/2020. Bodø: Nordlandsforskning.

Miljødirektoratet (2013). Kartlegging og verdsetting av friluftslivområder (Veileder Nr. M98-2013). Oslo: Miljødirektoratet. https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/publikasjoner/M98/M98.pdf.

Miljødirektoratet (2014). Planlegging av grønnstruktur i byer og tettsteder (Veileder Nr. M100-2014). Oslo: Miljødirektoratet. https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/publikasjoner/M100/M100.pdf.

Miljødirektoratet (2019). Naturmiljø og friluftsliv. Klimatilpassing og tiltak for å sikre naturmangfold og friluftsliv i eit klima i endring [Veileder]. Oslo: Miljødirektoratet. https://www.miljodirektoratet.no/myndigheter/klimaarbeid/klimatilpasning/klimatilpasning-i-sektorer/naturmiljo-og-friluftsliv/.

Miljødirektoratet (2020, 30. mars). Friluftsliv i byer og tettsteder. Miljøstatus. https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/friluftsliv/friluftsliv-i-byene/.

Nordh, H. & Olafsson, A.S. (2020): Plans for urban green infrastructure in Scandinavia. Journal of Environmental Planning and Management. https://doi.org/10.1080/09640568.2020.1787960.

Norton, B.A., Evans, K.L. & Warren, P.H. (2016). Urban Biodiversity and Landscape Ecology: Patterns, Processes and Planning. Current Landscape Ecology Reports, 1(4), 178–192. https://doi.org/10.1007/s40823-016-0018-5.

Næss, P. (1992). Natur- og miljøvennlig tettstedsutvikling: Faglig sluttrapport (NIBR-rapport 1992:2). Oslo: Norsk institutt for by- og regionforskning.

Næss, P., Saglie, I.-L. & Thorén, K.H. (2015). Ideen om den kompakte byen i norsk sammenheng. I: G.S. Hanssen, H. Hofstad, & I.-L. Saglie (red.), Kompakt byutvikling – Muligheter og utfordringer (s. 36–47). Oslo: Universitetsforlaget.

PBL. (2008). Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) (LOV-2008-06-27-71). Oslo: Kommunal- og moderniseringsdepartementet. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2008-06-27-71?q=plan-%20og%20bygningslova.

Schärer, J. (2019). Bier og blomster er viktige i hverdagslandskapet. Nibio. https://www.nibio.no/nyheter/bier-og-blomster-er-viktige-i-hverdagslandskapet.

Skog, K.L. & Steinnes, M. (2016). How do centrality, population growth and urban sprawl impact farmland conversion in Norway? Land Use Policy, 59, 185–196. https://doi.org/10.1016/j.landusepol.2016.08.035.

Sogndal kommune. (2013). Kulturminneplan for Sogndal kommune 2013 (s. 66). Sogndal: Sogndal kommune. https://sogndal.custompublish.com/getfile.php/2563914.1687.rdpbtvqtwu/Kulturminneplan.pdf.

Statistisk sentralbyrå (2017). Tettsteders befolkning og areal, 1. januar 2017. ssb.no. https://www.ssb.no/befolkning/statistikker/beftett/aar/2017-12-19?fane=om.

Statistisk sentralbyrå (2019, 4. november). Mer enn 8 av 10 bor i tettsteder. ssb.no. https://www.ssb.no/befolkning/artikler-og-publikasjoner/mer-enn-8-av-10-bor-i-tettsteder.

Statistisk sentralbyrå (2020). 04859: Areal og befolkning i tettsteder, etter tettsted, statistikkvariabel og år. Statistikkbanken. https://www.ssb.no/statbank/table/04859/tableViewLayout1/.

Thorén, K.H. & Saglie, I.-L. (2015). Hvordan ivaretas hensynet til grønnstruktur og naturmangfold i den kompakte byen? I: G.S. Hanssen, H. Hofstad & I.-L. Saglie (red.), Kompakt byutvikling – Muligheter og utfordringer (s. 117–133). Oslo: Universitetsforlaget.

Tyrväinen, L., Ojala, A., Korpela, K., Lanki, T., Tsunetsugu, Y. & Kagawa, T. (2014). The influence of urban green environments on stress relief measures: A field experiment. Journal of Environmental Psychology, 38, 1–9. https://doi.org/10.1016/j.jenvp.2013.12.005.

Verdenskommisjonen for miljø og utvikling (1987). Vår felles framtid. Oslo: Tiden Norsk Forlag.

Vestby, G.M. (2018). Fugleperspektiv på tre tiår med stedsutvikling. Oslo: Distriktssenteret/By- og regionforskingsinstituttet NIBR, OsloMet.

Vestland fylkeskommune, & Statsforvaltaren i Vestland. (u.å.). Fylkesatlas Vestland [Kartteneste for elektroniske geodata]. Fylkesatlas. Henta 9. oktober 2020, frå https://www.fylkesatlas.no/.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon