Kvar er staden?

Sosiologar, geografar, arkitektar og psykologar har ulike tilnærmingar til omgrepet stad (place). Denne introduksjonen kan ikkje ta føre seg alle disiplinavhengige staddiskursar, og dermed gjer vi først nokre avgrensingar og presiseringar av kva som blir lagt i omgrepet i denne boka. Slik endar vi vonleg ikkje opp med det problemet som Cresswell (2014, s. 7) identifiserer: «Place is everywhere. This makes it different from other terms in geography like ‘territory’, which announces itself as a specialized term, or ‘landscape’, which is not a word that permeates through our everyday encounters.»

Staden er definitivt eit geografisk område (Agnew, 1987), men i tillegg er han noko meir. Iallfall i vår samanheng må han også knytast til menneske og identitet (Hauge, 2007). Frå eit ruralt utgangspunkt er staden bygda eller tettstaden, og frå det perspektivet er det kanskje uvant å nytte omgrepet stad om til dømes ei gate i ein større by, men byar er rimelegvis òg sette saman av stader. Eit større forskingsprosjekt ved Institute of Place Management ved Manchester Metropolitan University har til dømes hatt som mål å undersøkje revitalisering av sentrumsgater (High Street UK 2020, 2020). Revitalisering av bysentrum er også granska i norsk kontekst, til dømes av Vestby (2019), og av Hansson og Straume (2021) i denne antologien.

Kort oppsummert legg vi her til grunn at ein stad er eit geografisk område som dei som oppheld seg der, identifiserer seg med, og som ikkje kan delast opp i mindre geografiske einingar som innbyggjarane opplever som meir viktige. Staden er der du kjem frå, bur, studerer, er turist eller der du arbeider – det vil seie ei bygd, ein by eller bydel som du kan identifisere deg med (Hauge, 2007).

Er staden framleis viktig?

Å utvikle levande bygder og byar er komplekse prosessar knytte til sosiale relasjonar, kulturell praksis, kapitalflyt og kapitalakkumulasjon, entreprenørskap og nettverk. Stader som innbyggjarane kjenner ansvar for, er livfulle og pulserande, og balanserer interessene til ulike aktørar. Tilgang til arbeid, utdanning, offentlege tenester, varer, kulturarv, tilreisande, kulturelle og fysiske aktivitetar er sentralt for å få dette til.

Men å utvikle byar og bygder og nære naturområde er stadig meir utfordrande som følgje av dei samfunnsendringane som globalisering, folketalsvekst og teknologi medfører. Trendar som auka globalisering og digitalisering påverkar dei daglege gjeremåla til innbyggjarane i Noreg på dei fleste område (Skardhamar & Klemsdal, 2019; Tranøy & Østerud, 2001). Nokre meiner at desse megatrendane gjer staden mindre viktig, men like fullt har ulike typar mobilitet og endring alltid gått føre seg utan at staden har mista meining og verdi for folk, hevdar Cresswell (2014). Staden spelar ei viktig rolle for innbyggjarane og næringslivet ikkje berre trass i, men òg på grunn av rask globalisering og digitalisering (Hennestad & Revang, 2017; Cresswell, 2002). Folk skal leve, bu, arbeide, ta utdanning, møte folk og oppleve på ein fysisk stad også i det verdsomspennande, digitaliserte postindustrialiserte samfunnet. I redaktørkommentaren til den første utgåva av Journal of Place Management and Development startar Yanchula (2008) med følgjande om kvifor staden er viktig i samfunnsutviklinga: «Place has always been associated with identity and our early experiences of the world and therefore has an intrinsic ‘value’ to all people. It is the valuing of place that initially led to most forms of organisation being place based.»

Stadutvikling

Tidlegare utgåver av Fjordantologien har teke opp regional utvikling (Strand, Yndestad & Nesset, 2015), utfordringar og potensial for regionar i den stadige internasjonaliseringa (Hogset, Berge & Dale, 2018) og digitalisering og samfunnsendringar (Halvorsen, Stokken, Rogne & Erdal, 2020). Alle desse utgåvene har undersøkt regionane med særskild vekt på Nordvestlandet. Fjordantologien 2021 set søkjelys på staden – for å studere korleis bygda, byen, bydelen eller kommunen bidreg til innbyggjarar og næringsliv i fortid, notid og for framtida. Ifølgje Medway, Roberts og Parker (2017) har ikkje forskingslitteratur om verdiskaping og forbrukaråtferd alltid vist så stor interesse for stad og stadutvikling. Forskingsfeltet er likevel i utvikling, meiner Yanchula (2008): «Globalisation of markets and globalisation of production has thrown a spotlight back on the competitiveness of places not just firms.»

Tradisjonelt har stadutvikling vore nært bunde saman med økonomisk utvikling og synet på at eit lokalsamfunn berre kan vekse dersom det er stort nok til femne om ei samling av konkurranseduglege bedrifter som leverer innsatsvarer, tenester og arbeidskraft til kvarandre (Porter, 1990; Krugman, 1993). Ei anna retning legg vekt på at lokalsamfunn må fremje innovasjon og entreprenørskap for å sikre økonomisk utvikling og folketalsvekst (Pike, Rodriguez-Pose & Tomaney, 2006). I Noreg har direkte, offentlege investeringar i produksjonsanlegg og tilskot til finansiering av nyetableringar vore sentrale verkemiddel for å påverka lokalisering av verdiskapande aktivitetar.

Men stadutvikling handlar ikkje berre om verdiskaping. Det dreier seg òg om dei elementa som gjer at folk trivst og vil oppsøkje eller busetje seg på ulike stader, anten i byen eller på bygda. I norsk samanheng har dette blitt omtalt som bulyst. I 2009 sette Kommunal- og moderniseringsdepartementet i gang «Bolystprogrammet», som det vart avsett middel til fram til 2013 (Distriktssenteret, 2019). Føremålet med programmet er formulert slik i statsbudsjettet for 2011 (Kommunal- og regionaldepartementet, 2010):

Gjennom programmet skal departementet støtte opp om lokale og regionale utviklingsprosjekt som fremmer bolyst i hele landet. Programmet skal stimulere til nye møteplasser og videreutvikle kunnskap om hva som øker sjansene for at bosatte og tilflyttere trives og blir boende.

Gode velferdstilbod innan idrett, fysisk aktivitet og helse kan sjåast på som bulystfremjande føresetnader for levande bygder, byar og kommunar. Den statlege idrettspolitikken seier at det skal leggjast til rette for at folk har høve til å delta i idrett og fysisk aktivitet på alle nivå, fordi dette er ei kjelde til glede, overskot og meistring og dessutan styrkjer sosiale fellesskap, gode oppvekstvilkår og god helse (Meld. St. 26 (2011–2012), s. 7). Aktivitetar må gå føre seg på konkrete stader, i spesifikke rom og i ulike landskap, og dermed kan idrettsanlegg og nærmiljøanlegg vere viktige delar av stadens kulturlandskap (Lesjø, 2008).

Eit konkret døme er utviklinga av Campus Sogndal, og koplinga her mellom idrett, utdanning og anleggsutbygging. Industrisamfunnet vaks fram etter andre verdskrigen, og arbeidarmiljøa skapte ei rekkje kjente og sterke fotballklubbar. Rammevilkåra endra seg derimot utover 1970-åra, og klubbar på utdanningsstader fekk fortrinn. Staden Sogndal var ein av desse (Goksøyr, 2008). Yttri (2008, s. 4) skildrar det slik: «Det fruktbare møtet mellom bygd og høgskule er sterkast markert i fotballaget til Sogndal. Frå 1972 har banda mellom idrett og utdanning vore sterke og særmerkte.» Etter kvart kom òg den sportslege suksessen, som igjen vart følgt opp av investering i idrettsanlegg. Store pengesummar vart brukte på mange anlegg frå 1983 til 1992. I tillegg vart det bygt undervisningsfasilitetar på Kvåle stadion som vart nytta av idrettsutdanninga på Høgskulen i Sogn og Fjordane, og slik vart banda mellom idrett, utdanning og regional utvikling svært synleg i Sogndal (Fossøy, Moe & Fretland, 2018, s. 51). Ei rad nye bygg og anlegg knytte til idrett, Sogndal vidaregåande skule og høgskulen mellom 1998 og i dag har forsterka desse banda. I denne antologien hevdar Larsen, Nesse og Skogseid (2021) at det i dag er om lag 50 bedrifter med om lag 970 tilsette og 4200 studentar og elevar i området som vert kalla Campus Sogndal. Utviklinga av staden og tilgangen til ulike kompetansar blir understreka på Campus Sogndal si heimeside (2018): «I denne smeltedigelen skal skule, idrett, friluftsliv, kompetanseverksemder og gründarar ha fokus på samhandling for å skape vekst for den enkelte og fellesskapet.»

Oppbygginga av denne boka

Dei prosessane som ligg til grunn for stadutvikling, er i denne antologien presenterte som tre tema. Den fyrste delen av boka handlar om planlegging som fysisk planlegging eller det som ein i kommunal samanheng kallar «samfunnsdelen» (KS, 2021), og om korleis slik planlegging bidreg til stadutvikling. Den andre delen tek føre seg korleis ulike sider ved staden bidreg til næringsutvikling. Den tredje delen dreier seg om nokre av faktorane for bulyst, altså det som gjer at innbyggjarar og besøkjande opplever at bygda, tettstaden eller byen vert opplevd som ein attraktiv stad å bu.

Planlegging

Temaet planlegging inneheld tre artiklar og vert innleidd av kapittel 2 Globale miljømål og gode nærmiljø – kan dei verke saman? Ein diskusjon av berekraftig tettstadutvikling i Sogndal. Her undersøkjer Marte Lange Vik, Liv Norunn Hamre, Kyrre Groven, Emma Haugen Gamme, Henning Stokstad og Leif Hauge arealbruksendringar i Sogndal gjennom 30 år. Dei analyserer desse endringane mot etablerte berekraftmål i planlegging og internasjonal litteratur om fortetting og grønstrukturar. Studien konkluderer med at trass i at Sogndal har hatt sterk grad av fortetting, i tråd med nasjonale berekraftmål og globale miljømål, har utviklinga hatt til dels stor negativ påverknad på biologisk mangfald, rekreasjon og stadeigenheit.

Det neste bidraget, som utgjer kapittel 3, er ein studie av Lisa Hansson og Solveig Straume, Jentebevisst byplanlegging – aktivitet, inkludering og trygghet i byrommet. Dette er eit teoretisk bidrag til diskusjonen om jentemedviten byplanlegging. Forsking på uorganisert fysisk aktivitet og aktivitetsparkar i byar viser at byromma i størst grad vert brukte av gutar. Jenter er ei gruppe som ofte er usynleg både i forsking på og planlegging av urbane rom. Ved å bruke internasjonale studiar og døme frå to svenske kommunar er føremålet til Hansson og Straume å drøfte jenter sine vilkår for aktivitet og tryggheit i byrom og korleis dette kan planleggjast for.

I kapittel 4 Stadforståing gjennom skreddarsydde medverknadsopplegg for svake grupper. Erfaringar frå eit studentprosjekt på Aspøya i Ålesund kommune undersøkjer Gro Anita Bårdseth og Grethe Mattland Olsen korleis medverknadsopplegg retta mot svake grupper kan bidra til auka forståing av eit lokalsamfunn. Forfattarane tek oss med til eit studentprosjekt på Aspøya i Ålesund kommune, der dei ynskjer å sjå på korleis metodar for medverknad tilpassa svake grupper kan vere eit verktøy for kommunal planlegging og arbeid med stadutvikling. Dei konkluderer med at skreddarsydde opplegg for svake grupper bidreg til bevisstgjering og kan ha ein overføringsverdi for både innbyggjarar og planleggarar. Studien har i tillegg gitt utvida kunnskap om relasjonell stadforståing, ettersom svake grupper kan trekke inn moment som andre grupper ikkje gjer. Erfaringane frå Aspøya som stad kan òg nyttast til å nyansere levekårsstatistikken.

Kyrre Groven, Liv Norunn Hamre, Karen Richardsen Moberg og Torbjørn Selseng har i studien Fortetting og byspreiing: Praksis og haldningar gjennom tretti år i fire norske kommunar (kapittel 5) kartlagt endringar i arealbruken i tettstader i kommunane Horten, Sogndal, Malvik og Trondheim frå 1990-talet til i dag. Dei har òg analysert endringar i haldningar til arealbruk og miljøpolitiske verkemiddel blant folkevalde, byråkratar og sivilsamfunnsaktørar i dei same kommunane over det same tidsrommet. Tolking av digitale ortofoto og georefererte svart-kvitt flyfoto kartla endringar i arealbruk i og rundt tettstader, medan spørjeundersøking vart nytta for å finne ut meir om haldningsendringar knytte til tettstadutvikling. Sentrale funn er at arealbruken i undersøkingsområda varierte sterkt mellom dei fire kommunane, og at Sogndal skilde seg ut med klart større forbruk av jordbruksareal og naturområde per ny innbyggjar og år, samanlikna med dei andre kommunane. Funn frå spørjeundersøkinga viser at arealforbruk i dag i sterkare grad blir oppfatta som ei kjelde til alvorlege miljøproblem enn for 30 år sidan.

Næringsutvikling

Under temaet næringsutvikling er det seks artiklar, og temaet vert innleia med kapittel 6 Frå student til entreprenør: Kva fremmar og hemmar studententreprenørskap i høgare utdanning? Her ser Kjersti Kjos Longva nærare på entreprenørskap blant studentar og på studententreprenørar si erfaring med kva som fremjar og hemmar entreprenørskap. Studien byggjer på intervju med studententreprenørar som er supplert med sekundærdata om miljø for studententreprenørskap ved høgskular og universitet i Noreg. Dei viktigaste faktorane som fremjar studententreprenørskap, er entreprenørskapsutdanning, kontakt med næringsliv under utdanning, finansiering via verkemiddelapparat, studentmiljø for entreprenørskap, inkubatorar i og etter utdanning og mentorar. Faktorarar som hemmar studententreprenørskap, er manglande tilgang til finansiering, manglande nettverk og bransjeerfaring, gründerprogram som ikkje treffer og overdrive skaleringsfokus.

I «NILIV»: Innovasjonsøkosystem for stadutvikling. Lærdomar frå åtte nettverk (kapittel 7) drøftar Øyvind Heimset Larsen, Jon Gunnar Nesse og Ingjerd Skogseid korleis innovasjonssystem, i tydinga samarbeid i nettverk av ulike grupper av aktørarar, kan vere til hjelp i stadutvikling. Forfattarane spør såleis om korleis ein kan skape funksjonelle innovasjonsøkosystem som grunnlag for stadutvikling. Empiri er henta inn gjennom intervju med over 50 sentrale aktørar i utvalde nettverk i Sogn og Fjordane. Hovudkonklusjonen er at innovasjonsøkosystem for stadutvikling har i seg «NILIV»: Tydeleg skaping av nytte for medlemmene i nettverket og samfunnet rundt, lansering av innovasjon, høg grad av legitimitet og ein sterk institusjonell kapasitet er element som må vere til stades over tid for at systema skal bli berekraftige og for å styrke stadutviklinga.

Med studien i kapittel 8 Med hjarte på rette staden – turistopplevingar, kultur og «sense of rural place» har Agnes Brudvik Engeset, Anna Maria Urbaniak-Brekke og Øyvind Heimset Larsen som føremål å kaste lys over korleis kulturturisme bidreg til utvikling av rurale stader. Utgangspunktet er ei undersøking av britiske gruppeturistar sine opplevingar i og av bygda Balestrand i Sogn, og forfattarane konkluderer med at sjølv om turistane kom for å oppleve norsk natur, var kulturopplevingar blant høgdepunkta. Funna i studien gjev grunnlag for ein diskusjon av korleis kulturturisme bidreg til å utvikle reisemål, og dessutan, i lys av omgrepet «sense of place», korleis turistar si tilknyting til stad òg kan bidra til å utvikle rurale reisemål.

Mange stader finst det mytar og historier om forskjellen på folk frå ulike stader. Slik er det også i det tidlegare fylket Sogn og Fjordane, der det har vore, og framleis er, mytar knytte til skilnader mellom folk frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord og til skilnader mellom folk frå ytre og indre strok. I kapittel 9 Geografi og tiltakslyst: Tvilsame mytar eller snev av sanning? tek Georg Arnestad, Torbjørn Årethun og Jon Gunnar Nesse føre seg desse mytane, og spør om det er skilnad i entreprenørlyst blant ungdom basert på kor dei kjem frå. Resultata viser ingen skilnad i entreprenørlyst mellom ulike geografiske område. Det er likevel skilnader på gutar langs kysten versus dei frå indre strok, og jenter frå Sogn har lægre eldsjelfaktor enn jenter frå resten av fylket.

I kapittel 10 Tilbake til stedet – steder, klynger og regional utvikling ser Lise Lillebrygfjeld Halse og Ove Bjarnar nærare på staden si tyding for utvikling av klynger. Dette utfordrar den rådande ideen om regionar som utgangspunkt for å forklare innovasjon og vekst i klyngene. Utgangspunktet til Halse og Bjarnar er ein historisk studie av utviklinga av den maritime klynga på Nordvestlandet frå slutten av 1880-åra. Studien har både eit teoretisk og praktisk føremål. Det teoretiske er å bringe staden tilbake i klyngeforskinga, og det praktiske er å bidra til vidareutvikling av klyngepolitikken.

Med utgangspunkt i den maritime klynga i Møre og Romsdal analyserer Antoni Vike Danielsen dei utfordringar som topp- og seniorleiarar i ei moderne industriklynge står overfor i møte med digitalisering og den digitale transformasjonen (kapittel 11). Analysane i Digitalisering og utfordringer for ledere i den maritime klyngen viser at bedriftene i den maritime klynga er viktige som identitetsbyggjarar og som bidragsytarar til lokalsamfunnet ved å støtte opp om lokale organisasjonar og idrettslag.

Bulyst

Det siste temaet i antologien består av fire artiklar og dreier seg om aktørar som bidreg til stadutvikling gjennom å skape bulyst. Temaet vert introdusert av studien til Frode Fretland og Joar Fossøy i kapittel 12: Fotball, idrettsanlegg og byutvikling i Kristiania i perioden 1900–1924. Denne dokumentanalysen dokumenterer utviklinga av fotballen i Kristiania i den fyrste fjerdeparten av det 20. hundreåret og viser at fotball hadde ei viktig rolle i å utvikle byen i perioden. Dette kan knytast til aktivitetsauke, ny organisering av idretten og nye idrettsanlegg. I tillegg påverka følgjande samfunnstrekk både byutviklinga og utviklinga av fotballen i byrjinga av 1900-talet: auka demokratisering, inkludering av arbeidarklassen som ein jambyrdig samfunnsaktør og eit meir markert skilje mellom arbeid og fritid.

I kapittel 13 Lokalavisa og lokalsamfunnet – forholdet mellom Folldalsporten og Folldalssamfunnet undersøkjer Lars Julius Halvorsen gjennom ein case-studie av Folldalsportalen si dekning av Folldalssamfunnet kva for tyding svært små lokale nettaviser kan ha i lokalsamfunnet. Analysen viser at lokalsamfunnet blir konstituert gjennom fleire former for tilknyting til den geografiske staden, og at det lokale fellesskapet også omfattar utflyttarar og fritidsbefolkning. Den hyperlokale nettavisa har, trass i låg utgjevingsfrekvens, ei sentral rolle i den lokale medieøkologien. I eit samspel med lokale sosiale medium bidreg avisa til å lime det geografisk spreidde lokalsamfunnet saman.

Finn Ove Båtevik og Lars Julius Halvorsen fokuserer i Utkantbutikken som velferdssentral i små lokalsamfunn på utkantbutikkar i små lokalsamfunn (kapittel 14). Forfattarane sin inngang til studien er at dei ser på utkantbutikken som eit føretak og eit kollektivt gode i samfunnet. Utkantbutikkane fyller ulike samfunnsfunksjonar, og fleire typar funksjonar blir såleis identifiserte, særskilt funksjonen utkantbutikken som velferdssentral. Båtevik og Halvorsen argumenterer for at utkantbutikkane spelar ei viktig rolle i å halde tenestetilbodet oppe, og at desse butikkane i praksis fungerer som velferdssentralar.

Til slutt i antologien finn vi kapittel 15, skrive av Leif Longvanes, Atanu Nath, Eva Erikstad og Miriam Vevle, Event-image og destinasjonsimage, ein studie av Ekstremsportveko på Voss. Føremålet med artikkelen er å undersøkje korleis festivalar kan spele ei rolle for den staden der dei blir arrangerte, og korleis ein stad kan nytte «eventar» strategisk for å byggje opp destinasjonen sitt omdøme. Studien viser at opplevinga av festivalen i størst grad vert påverka av infrastruktur og fysiske fasilitetar, men òg at serviceinnstillinga til frivillige og tilsette påverkar den opplevinga deltakarane har av festivalen.

Litteratur

Agnew, J. (1987). The United States in the world-economy: A regional geography (Vol. 1). CUP Archive.

Campus Sogndal. (2018). Om oss. Henta frå https://www.campussogndal.no/om-oss.

Cresswell, T. (2002). Introduction: theorizing place. I: Mobilizing place, placing mobility (s. 11–31). Brill Rodopi.

Cresswell, T. (2014). Place: an introduction: John Wiley & Sons.

Distriktssenteret. (2019). Bolystprogrammet. Henta frå https://distriktssenteret.no/bolystprogrammet/.

Fossøy, J., Moe, V.F., Fretland, F. (2018): Sogndal fotball 1988–2016 – frå regional til internasjonal aktør I: Hogset, H., Berge, D.M., Dale, K.Y. (red.) Det regionale i det internasjonale – Fjordantologien 2018 (s. 46–63). Universitetsforlaget.

Goksøyr, M. (2008). Historien om norsk idrett. Abstrakt forlag.

Halvorsen, L.J., Stokken, R., Rogne, W.M. & Erdal, I.J. (2020). Digital samhandling: Fjordantologien 2020. Universitetsforlaget.

Hansson, L. & Straume, S. (2021). Jentebevisst byplanlegging – aktivitet, inkludering og trygghet i byrommet. I: Longvanes, L., Bjørhusdal, E., Fossøy, J., Sekkingstad, D. & Årethun, T. Stadutvikling: Fjordantologien 2021. Universitetsforlaget.

Hauge, Å.L. (2007). Identitet og sted: En sammenligning av tre identitetsteorier. Tidsskrift for norsk psykologforening, 144(8).

Hennestad, B.W. & Revang, Ø. (2017). Endringsledelse og ledelsesendring: fra plan til praksis (3. utg.). Universitetsforlaget.

Henriksen, I.M., & Tjora, A.H. (2019). Bysamfunn. Universitetsforlaget.

Hogset, H., Berge, D. M. & Dale, K. Y. (2018). Det regionale i det internasjonale: Fjordantologien 2018. Universitetsforlaget.

Kommunal- og regionaldepartementet. (2010). Prop. 1 S (2010–2011): Proposisjon til Stortinget: FOR BUDSJETTÅRET 2011 – Utgiftskapitler: 500–587, 2412 Inntektskapitler: 3500–3587, 5312, 5615–5616. Departementet. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop-1-s-20102011/id617299/sec1.

Krugman, P.R. (1993). On the Relationship Between Trade Theory and Location Theory. Review of International Economics, 1(2), 110–122. https://doi.org/10.1111/j.1467-9396.1993.tb00009.

Larsen, Ø.H., Nesse, J.G. & Skogseid, I. (2021). «NILIV»: Innovasjonsøkosystem for stadutvikling. Lærdomar frå åtte nettverk. Fjordantologien 2021. Universitetsforlaget.

Lesjø, J.H. (2008). Idrettssosiologi – sportens ekspansjon i det moderne samfunn. Abstrakt Forlag.

Medway, D., Roberts, G. & Parker, C. (2017). Editorial. Journal of Place Management and Development, 10(1), 2–6. doi: https://doi.org/10.1108/JPMD-01-2017-0005.

Meld. St. 26 (2011–2012). Den norske idrettsmodellen. Departementenes servicesenter.

Pike, A., Rodríguez Pose, A. & Tomaney, J. (2006). Local and Regional Development. Routledge.

Porter, M. (1990). The Competitive Advantage of Nations. Free Press.

Skardhamar, T. & Klemsdal, L. (2019). Digitalisering – en introduksjon. Norsk sosiologisk tidsskrift, 3(3), 169–172. doi: https://doi.org/10.18261/issn.2535-2512-2019-03-01.

Strand, Ø., Yndestad, H., & Nesset, E. (2015). Fragmentering eller mobilisering? Regional utvikling i Nordvest. Fjordantologien 2014. Forlag1.

Tranøy, B.S. & Østerud, Ø. (2001). Globaliseringen og Norge. I: Mot et globalisert Norge? Rettslige bindinger, økonomiske føringer og politisk handlingsrom. Gyldendal.

Vestby, G.M. (2019). Byglød: å skape nytt liv i hjertet av små og mellomstore byer. I: Henriksen, I.M. & Tjora, A.H. (red.) Bysamfunn (s. 108–122). Universitetsforlaget.

Yanchula, J. (2008). Place management: Collecting definitions and perspectives. Reflections from the Editorial Advisory Board. Journal of Place Management and Development, 1(1). https://doi.org/10.1108/jpmd.2008.35501aaa.003.

Yttri, G. (2008). Frå skuletun til campus. Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane. Skald.