Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}
<StadutviklingKapittel 15 av 16

14. Utkantbutikken som velferdssentral i små lokalsamfunn

Finn Ove Båtevik (f. 1960), professor ved Høgskulen i Volda. Han har arbeidd med forsking innan m.a. utfordringar knytt til rekruttering av og tilgang til kompetanse og arbeidskraft i distrikta, småsamfunnsutvikling, regional utvikling, velferd for og samfunnsdeltaking blant risikogrupper.

Lars Julius Halvorsen (f. 1975), sosiolog og ansatt ved Høgskulen i Volda. Han har publisert bøker, rapporter og artikler innenfor temaene medie- og kulturøkonomi, småskala næringsvirksomhet, digitalisering samt organisering og effekter av offentlige støtteordninger.

Dette kapittelet ser nærare på utkantbutikkar i små lokalsamfunn. Analysane tyder på at utkantbutikkane spelar ei viktig rolle i å oppretthalde tenestetilbodet i slike samfunn, der det ikkje er uvanleg at butikkane i praksis fungerer som velferdssentralar. Dette er langt på veg resultat av eit tett samspel mellom butikken og bygda. Kommunane har derimot i liten grad vore lite involverte i dette samspelet. Slik sett har mange kommunar gjort lite for å styrke rolla til butikkane som ein viktig aktør i arbeidet med å sikre levekår og folkehelse for dei som bur i små lokalsamfunn.

Nøkkelord: utkantbutikk, velferdstilbod, lokalsamfunn, lokalsamfunnsutvikling, sosial innleiring, økonomisk sosiologi

This chapter discusses grocery stores in small local societies in Norway. The analysis shows that the grocery shop plays a vital part in retaining the local welfare services. Many of the shops function as local welfare centres. This is by far the result of a close interaction between the shop and the community. More involvement from the municipalities seems needed, but difficult to realize. In this way, the local authorities miss an opportunity to contribute to better living conditions and public health in these communities.

Innleiing

Småsamfunn utgjer ein viktig del av distriktsbusetnad og næringsliv i Noreg. Busettinga i desse samfunna er viktig i seg sjølv, og den har også stor betydning for næringar som fiske, fiskeoppdrett, fiskemottak og fiskeforedling, landbruk og reiseliv. Å sikre tilgang på gode og nære velferdstenester er ein føresetnad for at desse samfunna skal overleve og utvikle seg vidare. Det er ei brei politisk semje om at Noreg skal ha eit likeverdig offentleg og privat tenestetilbod i heile landet (Meld. St. nr. 18, (2016–2017), s.122), men det har vist seg å vere ei stor utfordring å få til dette i mange småsamfunn. Store avstandar påverkar tilgangen til offentlege tenester. Dette gjeld særleg stadbundne basistenester, som helst bør vere tilgjengelege der folk bur. Ein stor del av slike basistenester er innan pleie og omsorg. Dette er tenester det er stort behov for i småsamfunn prega av demografisk uttynning (Aasbrenn, 1989). I slike samfunn utgjer eldre menneske ofte ein stor del av befolkninga. Dei eldre er ikkje så mobile som resten av vaksenbefolkninga og er såleis meir avhengige av tilgang til tenester i nærmiljøet. Når kommunereforma har gitt større kommunar, blir det særleg relevant å vurdere korleis ein møter behova i småsamfunna. Ei løysing er at nokre av oppgåvene blir utførte i institusjonane som er att i slike samfunn. Dette er temaet for dette kapittelet.

Butikken som fellesinstitusjon

Som marknadar er småsamfunn kommersielt sett lite attraktive for private vare- og tenestetilbydarar. Utkantane opplever såleis ei sterk nedbygging av det private tenestetilbodet, noko som er tydeleg i mange land (Paddison & Calderwood, 2007).

I Noreg finn vi trass dette daglegvarebutikkar i mange småsamfunn. Butikken er ofte også den einaste lokale fellesinstitusjonen med dagleg drift i desse samfunna. Sett under eitt var det 937 utkantbutikkar i Noreg i 2016. Desse butikkane hadde eit samla marknadsgrunnlag på rundt 350 000 personar (Rasmussen, 2017). I gjennomsnitt var avstanden til næraste konkurrent 15 kilometer.

Meir enn halvparten av desse utkantbutikkane inngår i det statlege Merkur-programmet. Programmet arbeider med utvikling av butikkane, både med tanke på rolla som tilbydarar av daglegvarer og rolla som breiare samfunnsinstitusjonar. Dette programmet rettar seg særskilt mot stader der butikken er einaste alternativ for lokale innkjøp av daglegvarer. Det er denne typen butikkar og deira lokalsamfunn vi ser på i dette kapittelet.

Utfordringane med å sikre gode velferdstenester i småsamfunn er samansette. Dette gjer at det er behov for fleire og godt koordinerte tiltak. Avstandsreduserande tiltak, anten det skjer gjennom vegutbygging, utvikling av digitale løysningar eller anna, kan inngå som ein del av løysingane. Utvikling av samspelet mellom kommune, lokalsamfunn og utkantbutikk er ei anna tilnærming. Mykje tyder på at desse løysingane verkar best når dei vert tilpassa lokale forhold (Båtevik, Halvorsen & Aarflot, 2007; Halvorsen & Båtevik, 2014). Teknologi og modernisering opnar for nye løysningar, men for å fungere må desse tilpassast ein lokal kontekst. Fleire oppgåver krev i tillegg nærleik, innsikt i lokale forhold, oversikt over lokale ressursar, tilgang til lokale nettverk og så bortetter.

Samtidig handlar det lokale om meir enn det som skjer på den enkelte staden (jf. for eksempel Berg & Dale, 2015; Gerrard, 2016; Frisvoll, 2015). Eitt spørsmål i så måte er om utkantbutikken kan ta på seg ulike kommunale tenester. Det er på ingen måte nytt at butikken yter ulike typar tenester på vegner av storsamfunnet. Mange butikkar, både i utkant og meir sentrale strok, har for eksempel ein nøkkelposisjon for å gi befolkninga tilgang til posttenester. Det overordna spørsmålet vi ønskjer å svare på er difor kva funksjonar butikken har som ein fellesinstitusjon i små lokalsamfunn. Vidare ser vi spesielt på velferdsfunksjonen og kva faktorar som ligg bak når utkantbutikkar utviklar seg til det vi her kallar «velferdssentralar» i slike samfunn.

Analytisk tilnærming og tidlegare forsking

Vår inngang til studien er at utkantbutikken må forståast både som eit føretak og som eit kollektivt gode for lokalsamfunnet. Dei to rollene følgjer svært forskjellige logikkar. Som føretak vert butikkens evne til å overleve avgjort av om den oppnår tilstrekkeleg inntening til å dekke kostnader til løn, varesvinn og vedlikehald, og til å gjere nødvendige investeringar. I tillegg til å vere et føretak er utkantbutikken ein viktig samfunnsinstitusjon som gir bygda tilgang på daglegvarer og viktige tenester, gjerne omtalt som tilleggstenester. Samtidig er butikken ein møteplass for innbyggarane.

Butikken kan ta på seg ulike tenester med utgangspunkt i begge rollene, men det er særleg i rolla som kollektivt gode vi kan forvente utviklingsorienterte prosessar der velferdstilbodet vert utvikla i samarbeid mellom butikkdrivar, lokalsamfunnet og eksterne aktørar. Mark Granovetter sitt innleiringsperspektiv gir eit viktig bidrag til å forstå vilkåra for slike prosessar (Granovetter, 1985, 2017; Swedberg & Granovetter, 1992). Perspektivet byggjer på tanken om at økonomiske avgjerder ikkje vert fatta av isolerte enkeltaktørar, men i staden av sosialt innleira og kollektivt orienterte avgjerdstakarar. Sosial innleiring betyr i denne samanhengen at aktørane inngår i eit sosialt nettverk, der dei deler røyndomsforståingar og normer og står i gjensidige sosiale relasjonar til kvarandre. Ut frå dette perspektivet har forma og graden av innleiring stor betydning i avgjerdsprosessane, slik at utviklinga av velferdstenester i butikken vert sterkt påverka av relasjonane i lokalsamfunnet og mellom innbyggarane og butikkdrivaren.

Ein viktig grunn til at vi tek utgangspunkt i dette perspektivet, er den funksjonen mange norske utkantbutikkar har som einaste allmenne tilgjengelege fellesinstitusjon i små lokalsamfunn. Den sentrale posisjonen butikken har i lokalsamfunnet, har nettopp vorte styrkt ved at utkantbutikkane har teke på seg stadig fleire oppgåver dei siste åra (Halvorsen & Båtevik, 2019, 2014). Her skil utkantbutikkane seg tydeleg frå sentrumsbutikkane. Medan konkurrentane i meir sentrale strok spesialiserer seg, har mange av småbutikkane satsa på ein diversifiseringstrategi (jf. Jussila, Lotvonen & Tykklyainen, 1992). Den gamle landhandelen har kome i ny utgåve, også kalla den multifunksjonelle butikken, som mellom anna tilbyr bensinutsal, apotekvarer, post i butikk og kafé eller kaffikrok (Larsen, 2002). Gjennom denne strategien har butikkane styrka rolle som ein viktig sosial møteplass for lokalbefolkninga (Angell & Grimsrud, 2019; Båtevik et al., 2007; Halvorsen & Båtevik, 2016). Fleire av butikkane har teke på seg kommunale oppgåver, slik som bibliotektenester, miljøstasjon og turistinformasjon (Båtevik, Tangen & Yttredal, 2006; Båtevik et al., 2007; Båtevik & Halvorsen, 2016; Halvorsen & Båtevik, 2014; Larsen, 2002).

Vi finn att liknande utviklingstrekk internasjonalt i form av auke i ulike former for lokale multifunksjonelle sørvissenter. Slike institusjonar kan ha utspring i ein butikk, men kan også vere knytt til andre samfunnsinstitusjonar (Moseley, Parker & Wragg, 2004). Det kan for eksempel vere snakk om å byggje opp eit breitt tenestetilbod med utgangspunkt i den lokale puben, slik ein studie frå den nordvestlege delen av England er ein illustrasjon på (Cabras & Bosworth, 2014; Cabras & Lau 2019). På linje med erfaringane frå Noreg er dei sentrale funna i desse utanlandske undersøkingane at denne typen sørvissenter spelar ei viktig rolle for lokalsamfunna dei ligg i, og at det er behov for lokal og nasjonal støtte for å etablere og vidareutvikle desse institusjonane (Statens offentliga utredningar, 2015; Calderwood & Davis, 2013).

Studiane frå andre land byggjer rett nok ofte på erfaringar frå langt større lokalsamfunn enn dei småsamfunna som er nedslagsfeltet for dei norske utkantbutikkane. Erfaringar som liknar den norske situasjonen, finn ein etter alt å døme i størst grad i andre nordiske land. Frå Sverige er det gjennomført studiar av handlemønster, opplevinga hjå kundane av butikkane og korleis ein på ein mest mogleg effektiv måte kan støtte denne typen butikkar (Karlson, 2012). Det er også gjennomført ei offentleg utgreiing i Sverige, der sørvis i spreiddbygde område er eitt av fleire tema (Statens offentliga utredningar 2015, s. 35). I dette arbeidet inngjekk også ei utgreiing av ulike modellar for støtte til utkantbutikkar, med tilhøyrande analyse av økonomisk utvikling for desse butikkane (HUI Research, 2014). I oppfølginga av dette arbeidet har enkelte svenske kommunar utarbeidd eigne sørvisplanar og tilhøyrande avtalar med butikkar (for eksempel Krokoms kommun, 2015).

Ei vanleg utfordring i mange utkantar er at næringslivet og befolkninga har behov for eit breitt samansett tilbod av nærtenester, som offentlege styresmakter ikkje klarer å levere. Studiar av slike samfunn syner at den beste og kanskje einaste løysinga i mange høve er å finne nye måtar å oppretthalde tilgangen på desse tenestene (Jones & Smith, 2000; Aasbrenn, 1998, Aasbrenn, 2007). Eit forhold som kan medverke til å gjere dette vanskeleg, er statleg detaljstyring av innhaldet i slike tenester (Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 2014, s.7).

Ingen av dei nemnde studiane går tett inn på samspelet mellom ulike aktørar og korleis dette medverkar til utviklinga av nærbutikkar som velferdssentralar i småsamfunn. Vårt mål er at dette kapittelet kan vere eit bidrag til betre forståing av slike prosessar.

Datagrunnlag

Hovudanalysen byggjer på eit kvantitativt datamateriale. Data vart primært samla inn sommaren 2019 på oppdrag frå Distriktssenteret (Halvorsen & Båtevik, 2019). Det vart nytta eit internettbasert spørjeskjema som vart sendt til alle butikkane knytt til Merkur-programmet. Informantane var dei ansvarlege for drifta av butikkane. Butikkar og informantar vart identifiserte på grunnlag av registeropplysningar som Merkur disponerer. Det vart vidare gjennomført ei oppfølging av fleire butikkar over telefon, delvis for å få avklare om butikken framleis var i drift, men også for å nå fram til butikkar som av andre grunnar ikkje hadde sendt inn svar. I nokre av desse tilfella vart spørjeskjemaet fylt ut av assistenten under telefonsamtalen. Formålet med oppdraget var ikkje heilt i samsvar med det som er temaet for dette kapittelet, men vi gjorde ein avtale med oppdragsgivar om at spørjeskjemaet også skulle innehalde spørsmål som samsvarte med forskingsinteressene våre. Spørjeskjemaet hadde hovudsakeleg lukka spørsmål, men også nokre opne spørsmål der drivarane kunne skrive inn kommentarar. Det var utforma slik at det kunne fyllast ut i løpet av maksimum 15 minutt.

Valet av tidspunkt og undersøkinga vart bestemt av oppdragsgivar, og hovuddelen av undersøkinga vart gjennomført om sommaren. Dette hadde ei klar metodisk ulempe. Butikkdrivarar i lokalsamfunn med mykje turisme eller stor fritidsbefolkning har det særleg travelt i denne perioden. For å unngå eit skeivt utval og å få inn så mange svar som mogleg vart undersøkinga gjennomført over ein periode på fleire månader (juni–august).

I gjennomgangen av svara fann vi at ein del av dei som hadde sendte inn svar via internett, ikkje hadde fylt ut heile skjemaet. Desse butikkane vart kontakta etter at oppdraget for Distriktssenteret var avslutta. Det viste seg at enkelte hadde hatt tekniske problem under utfylling av skjemaet. Desse hadde til felles at dei nytta ein bestemt nettlesar som ikkje handterte det digitale datainnsamlingsverktøyet godt nok. Alle desse vart oppringt, og dei fleste var villige til delta i strukturerte telefonintervju for å fullføre utfyllinga.

Det vart samla inn 256 heilt eller nesten heilt komplette svarskjema. Den totale populasjonen butikkar knytt til Merkur-programmet kan vere vanskeleg å fastslå, i og med at det skjer ein del nedleggingar og reetableringar i løpet av året. Ut frå listene til Merkur og vår gjennomgang av desse har vi berekna at populasjonen i 2019 bestod av maksimalt 551 butikkar. Vi fekk altså ein svarprosent på minst 46.

Sidan datainnsamlinga vart gjort i ein periode med høg intensitet i butikkar på stader med mykje sommarturisme, har vi sett nærare på kor mange slike butikkar som finst i det samla datamaterialet. Vi fann at innslaget av butikkar i område med mykje turisme og/eller mange fritidseigedomar er høg blant dei butikkane vi har fått svar frå. Over halvparten av butikkane (52 prosent) ligg i område som i stor grad er prega av fritidsbustadar, hytter eller anna turisttrafikk. Dette tyder på at vi har unngått svak representasjon av denne gruppa butikkar.

I tillegg til eigne innsamla kvantitative data har vi hatt tilgang til andre kjelder. Dette omfattar både rapportar frå utviklingsprosjekt i Merkur-regi, temahefte om utkantbutikkar og omtale av utviklingsarbeid utarbeidd av Distriktssenteret, og i tillegg interne rapportar og dokumentasjon samla inn av Merkur-programmet i samband med den ordinære oppfølginga av butikkane. Det sentrale datamaterialet i den komande analysen er likevel kvantitative data frå 2019. Dei andre kjeldene fungerer primært som utfyllande materiale, ikkje minst som grunnlag for å identifisere dei ulike samfunnsfunksjonane butikkar i Merkur-programmet kan ha.

Butikkar med ulike samfunnsfunksjonar

I 2019 hadde nesten to av tre butikkar i Merkur-programmet fem tilleggstenester eller meir (Halvorsen & Båtevik 2019, s. 10). Her har det skjedd ein klar auke dei siste åra. I 2014 var tilsvarande tal ein knapp fjerdedel (Halvorsen & Båtevik 2014, s.46). Gjennom slike tenester får butikken fleire kundar og fleire bein å stå på økonomisk. Dette kjem også til uttrykk når ein av butikkdrivarane som deltok i undersøkinga, seier følgjande: Ein bygdebutikk kan aldri overleve berre ved å tilby matvarer (Halvorsen & Båtevik 2019, s 10). I tillegg til at butikken skal overleve, handlar det om at butikken har ein samfunnsfunksjon. Dette kjem tydeleg til uttrykk gjennom den rolla butikken har som sosial møteplass. Det mest synlege uttrykket for at kjøpmenn og -kvinner har fokus på butikken som møteplass, er at 70 prosent av butikkane som er knytt til Merkur-programmet, har etablert eigen kaffikrok i butikklokalet (jf. også Angell & Grimsrud, 2019, s. 30–33).

Utvikling av samspelet mellom lokalsamfunnet og butikken er ein viktig del av arbeidet til Merkur-konsulentane. Dette er eit felt under utvikling, der nokre løysingar er godt etablerte, medan andre kanskje er prøvd ut eller er under utvikling i nokre få butikkar. Merkur har dokumentert ei lang rekkje eksempel på samfunnsretta løysingar (sjå for eksempel Merkur, 2014). Basert på dette materialet har vi identifisert seks vanlege typar samfunnsfunksjonar som utkantbutikkane fyller.

Velferdsretta funksjonar omfattar både praktisk hjelp, tilsyn og sosiale tilbod. Det kan for eksempel vere snakk om å få tenester ut til eldre, tilrettelegging av helsefremjande tiltak, eller å bruke butikken som arena til sosiale tiltak som fellesmåltid. Slike tiltak kan skje i samarbeid både med kommunen gjennom heimehjelpa og gjennom frivillige, for eksempel gjennom frivilligsentral. Informasjonsretta funksjonar kan handle om støtte og hjelp til personar som ikkje handterer den digitale kvardagen på eiga hand, som har behov for hjelp med å fylle ut skjema, søknader og liknande. Slike tilbod rettar seg som oftast mot lokalbefolkninga, men kan også retta seg mot andre grupper, som for eksempel turistar. Butikken kan vidare fylle beredskapsretta funksjonar som beredskapslager for mattilgang i krisesituasjonar. Etablering av naudaggregat i butikken kan gi til tilgang for naudstraum for lokalbefolkninga. Beredskapsfunksjonane kan også handle om informasjon, der ein i krisesituasjonar er avhengige av andre løysingar enn internett og mobiltelefoni. Meir allment tenesteretta funksjonar kan for eksempel vere bibliotekordningar via butikk. Den mest kjende og utbreidde ordninga i så måte er nok likevel Post-i-butikk. Mange av dei mest vanlege tilleggstenestene som butikkane tilbyr, inngår i denne kategorien. Næringsretta funksjonar kan for eksempel vere basert på samarbeid med kommune og destinasjonselskap, der butikken utgjer kontaktpunkt for lokale tilbod med pakkar knytt til overnatting, opplevingar, serveringstilbod og så bortetter. Samfunnsutviklingsretta funksjonar betyr at butikken går inn i ei aktiv rolle i lokalt utviklingsarbeid og anten fungerer som ein støttefunksjon eller som sjølve navet i slikt arbeid. Det kan for eksempel handle om utvikling av turist- og fritidsnæringa i lokalsamfunnet gjennom utbygging av hyttefelt eller marina. Utviklingsarbeid kan involvere offentlege, frivillige og private aktørar, i tillegg til butikken.

Utkantbutikkane kan såleis fylle ei heil rekkje funksjonar ut over primæroppgåva for ein daglegvarehandel. Dette er dei ikkje aleine om. Nokre av dei «klassiske» tilleggstenestene som tipping og Post-i-butikk finn vi i mange daglegvarebutikkar, både i by og bygd. Utkantbutikkar som er ein del av Merkur-programmet, skil seg likevel ut på tre område. For det første har dei langt fleire slike tenester enn andre utkantbutikkar. For det andre er utviklinga av desse funksjonane særleg viktig for dei økonomiske resultata til desse butikkane (Båtevik & Halvorsen, 2016). For det tredje betyr desse tilleggsfunksjonane langt meir for lokalsamfunna til utkantbutikkar, i og med at alle butikkar i Merkur-programmet er einaste butikk i lokalsamfunnet (sistebutikkar). I praksis er dei også ofte einaste dagleg tilgjengelege fellesinstitusjon i desse samfunna. Det er såleis snakk om lokalsamfunn som saknar alternative tilbydarar av både daglegvarer og andre viktige fellesgode.

Butikken som velferdssentral

Vi har her valt å sjå nærare på ein av funksjonane butikkane kan ha i små lokalsamfunn, nemleg funksjonen som velferdssentral. På spørsmål om drivarane ser på butikken som ein «sentral» som tilbyr ekstra hjelp til eldre og andre i lokalsamfunnet som treng særleg hjelp, er svaret frå 38 prosent at dette i stor grad er tilfellet. Ein stor del av dei andre butikkane gir uttrykk for at dei i nokon grad fyller ein slik funksjon, medan 18 prosent meiner at dei i liten eller ingen grad gjer det. I den komande analysen har vi valt å sjå på kva faktorar som kjenneteiknar butikkane som i særleg grad tek på seg slike velferdsoppgåver. Vi skil såleis mellom dei butikkane som i stor grad tilbyr hjelp til «hjelpetrengande», og dei andre butikkane. Den avhengige variabelen «butikken sin funksjon som velferdssentral» har såleis to verdiar i analysen. Slike dikotome variablar eignar seg til logistiske regresjonsanalysar.

Omgrepet velferdssentral er valt som parallell til ein annan type velferdssentral. Ifølgje Det norske akademis ordbok er ein velferdssentral eit kontor for velferdsarbeid eller velferdstiltak; institusjon som yter bistand av forskjellig art til eldre eller vanskeligstilte (https://naob.no/ordbok/velferdssentral). Spørsmålet vi stilte butikkdrivarane, var inspirert av denne definisjonen. Ei viss omskriving var likevel nødvendig. Butikkane er ikkje eit eige kontor for velferdsarbeid eller velferdstiltak. Vi var ute etter å fange opp funksjonar som likevel kunne minne om det slike kontor fyller.

Her må det understrekast at velferd er eit fleirdimensjonalt omgrep (Halvorsen, 2014). I vid forstand kan det reknast som eit verkemiddel for å realisere eit godt samfunn, gjerne verkemiddel som er kopla til lovfesta rettar. Samtidig understrekar Halvorsen (2014, s. 31) at det er vel så interessant å vektlegge deltaking og identitet som sentrale sider ved velferdsomgrepet. Dersom ein då forstår butikken som eit kollektivt gode, handlar dette i høgste grad om velferd. Det er snakk om å sikre deltaking i lokalsamfunnet, noko som ligg nær vår forståing av den funksjonen butikken kan ha som velferdssentral. Mange utkantbutikkar ligg i lokalsamfunn med høgt innslag av eldre. Denne delen av befolkninga er ofte mindre mobil, bur oftare aleine og er meir avhengige av hjelp enn resten av befolkninga. Tilgang til hjelp vil både medverke til at fleire kan bu lenger i eige lokalsamfunn enn dei elles kunne, og samtidig sikre at desse menneska i større grad kan delta i det som skjer i samfunnet.

Bruken av «sentral» i vårt tilfelle må ikkje forvekslast med det som er meir formaliserte former for sentralar, det som gjerne er mest kjent under fellesnemninga frivilligsentralar. Lorentzen (2012, s. 11) påpeikar at slike sentralar både kan ha ulike namn og ulike oppgåver, inkludert namnet velferdssentral. Andre namn er kontakt- og sørvissentral og nærmiljøsentral. Likskapen til ein del av utkantbutikkane ligg i at desse sentralane arbeider for å hjelpe utsette «brukarar», mobilisere til frivillig innsats og styrke lokalt fellesskap. Formidlingsfunksjonen er nok likevel eit viktigare element i slike sentralar, samanlikna med dei funksjonane ein butikk kan fylle. Det same gjeld nok også den tette koplinga mange frivilligsentralar har til kommunane.

Modell for analyse

Kva er det så som gjer at enkelte butikkar i småsamfunn i større grad enn andre tek på seg funksjonen som velferdssentral? Har for eksempel kommunen som ein sentral lokal velferdsprodusent ei sentral rolle i slike tilfelle? Kommunen er ofte ein viktig aktør inn mot frivilligsentralane. Heile 43 prosent av desse sentralane var kommunalt eigde i 2012 (Lorentzen, 2012, 38). Tidlegare erfaringar tyder likevel på at relativt få kommunar har ei rolle i utvikling av eit tenestetilbod til lokalsamfunna gjennom utkantbutikkane. I ei undersøking i 2007, blant eit strategisk utval utkantbutikkar der Merkur-konsulentane og drivarane hadde jobba særskilt aktivt med å etablere eit samarbeid med kommunen, svarte færre enn kvar fjerde butikkdrivar at kommunen var ein viktig samarbeidspart i utvikling av tilleggstenester (Båtevik et al., 2007, s. 37). Vel ti år seinare, i perioden 2018–19, gjennomførte Merkur eit pilotprosjekt i Sogn og Fjordane (Angell & Grimsrud, 2019). Målet med prosjektet var nettopp å utvikle samarbeidet mellom butikkane og eigen kommuneorganisasjon. Rapporten som dokumenterte erfaringane frå pilotprosjektet, konkluderte mellom anna med at kommunane framleis har ein veg å gå for å få til ordningar med faste samarbeidsavtalar mellom kommune og butikk (Angell & Grimsrud, 2019, s. 4). Samspelet mellom kommunen og butikken handlar på mange måtar om samspelet mellom kommune og lokalsamfunn. Potensial for eit tettare samarbeid mellom dei to var også grunnlaget for det utviklingsarbeidet som blei gjort på dette området i Sogn og Fjordane. I analysen ønskjer vi difor å sjå på korleis eksterne aktørar påverkar sjansane for at butikkane faktisk utviklar seg som velferdssentralar.

Kommunen er ikkje den einaste eksterne aktøren i utviklinga av samspelet mellom butikken og bygda. Merkur har som oppgåve både å utvikle butikken som daglegvarehandel og som samfunnsinstitusjon. I gjennomføringa av pilotprosjektet i Sogn og Fjordane spelte for eksempel Merkur-konsulentane ei avgjerande rolle i dei tilfella der ein har lukkast å få på plass samarbeidsavtalar mellom kommune og butikk. Det blir mellom anna sagt at merkurkonsulentenes kompetanse og aktive rolle anses som avgjørende for å få til liknende samarbeid i framtida (Angell & Grimsrud, 2019, s. 7). Kommunen og Merkur-konsulentane er såleis to interessante aktørarar i ein analyse av butikken som velferdssentral.

Butikkane i småsamfunn møter ulike utfordringar (Halvorsen & Båtevik, 2014; 2019). Ei minkande og aldrande befolkning er eit vanleg trekk ved samfunna butikkane ligg i. Med tanke på funksjonen som velferdssentral er befolkningsutviklinga særleg relevant. Samfunn som er prega av nedgang i befolkning og mange eldre, har større behov enn andre lokalsamfunn for ein butikk som fungerer som eit kollektivt gode i form av ein velferdssentral. Halvorsen og Båtevik (2016) fann klare tendensar til at rolla som kollektivt gode var meir synleg i dei minste butikkane, og at desse butikkane var sterkare innleira i eigne lokalsamfunn. Svekkjer befolkningsutviklinga drifta av butikken, kan det i seg sjølv vere ein grunn til at butikkdrivarane ser behovet for å ta særleg vare på eigne kundar og eige lokalsamfunn.

Eit siste element i analysemodellen vi ønskjer å bruke, er rolla til butikkdrivarane sjølve. I kva grad er dei innleira i sosiale relasjonar med dei andre innbyggarane i lokalsamfunnet? Det seier seg sjølv at dei må vere motiverte for å gjere butikken til noko meir enn eit reint tilbod av daglegvarer, om butikken skal fungere som ein velferdssentral. Om vi skal tru andre tidlegare undersøkingar blant butikkdrivarane, ligg motivasjonen for å drive butikk i småsamfunn ikkje utelukkande, og kanskje heller ikkje først og fremst, i personleg inntekt. Ei undersøking frå 2007 viste for eksempel at butikkdrivarane la meir vekt på samfunnsansvar enn personleg økonomisk vinning (Båtevik et al., 2007, 61–64, sjå også Halvorsen & Båtevik, 2016).

I den følgjande analysen undersøkjer vi ikkje den personlege motivasjonen til butikkdrivarane direkte, men to bakgrunnsvariablar som kan koplast til dette. Kvinner er i klart fleirtal blant slike butikkdrivarar. Om ein tenkjer på tradisjonelle kjønnsmønster, kan ein hypotese vere at kvinnelege butikkdrivarar i større grad er innleira i lokale sosiale nettverk og at dei difor er meir tilbøyelege til å utvikle butikken som velferdssentral enn det menn er. Ein annan hypotese kan vere at samspelet mellom butikken og bygda blir sterkare over tid fordi den sosiale innleiringa av drivaren aukar med åra. Tette relasjonar mellom lokalsamfunn og butikkdrivar utviklar seg gjerne over tid. Slik sett kan det tenkjast at det er dei som har halde lengst på i bransjen, som også i størst grad har utvikla butikken til ein velferdssentral.

Figur 14.1.

Modell for analysen.

Analysemodellen inneheld såleis tre faktorar som kan påverke den funksjonen butikkane kan ha som velferdssentral. For det første er det eksterne forhold, konkretisert i dei uavhengige variablane aktiv støtte frå kommunen og Merkur som avgjerande for utviklinga av butikken. For det andre ser vi på utviklingstrekk i lokalsamfunnet, konkretisert som at folketalsutviklinga svekkjer grunnlaget for drifta. Til sist blir rolla til butikkdrivaren tematisert. Dei operasjonelle variablane er då kjønn og tid som drivar.

Logistisk regresjon er tilpassa situasjonar der ein kan vurdere utfallet på den avhengige variabelen som eit anten/eller-utfall (Eikemo & Clausen, 2012). Den avhengige variabelen, funksjonen butikken har som velferdssentral i lokalsamfunnet, var i si opphavlege form utforma slik at den var gradert i fire verdiar. For å nytte den som avhengig variabel i logistisk regresjon har vi skilt ut dei drivarane som seier at dette gjeld i stor grad deira butikk, og samanliknar desse med resten av butikkdrivarane. Mange i denne «restkategorien» utøver såleis nokre av dei same funksjonane, men i mindre grad enn dei vi er mest interesserte i her.

Kjenneteikn ved dei velferdsorienterte butikkane

På mange område er det lite som skil dei velferdsorienterte butikkane og andre utkantbutikkar. Det kjem for eksempel fram når vi ser på breidde i omsetninga blant utkantbutikkane. Medan 16 prosent av utkantbutikkane med tilknyting til Merkur har ei daglegvareomsetning på 3 millionar eller mindre, har 23 prosent ei omsetning på meir enn 10 millionar kroner (Halvorsen & Båtevik, 2019). Tilsvarande tal for dei velferdsorienterte butikkane var høvesvis 18 og 22 prosent, det vil seie svært små forskjellar.

Eit kjenneteikn ved mange av butikkane i småsamfunn er også, som vi alt har understreka, at dei fyller ulike funksjonar. Butikkar som blir definerte som velferdssentralar og såleis legg vekt på å fylle velferdsretta funksjonar utover det å vere ein ordinær daglegvarehandel, kan på same tid fylle fleire andre funksjonar. Det er såleis ikkje noko i vegen for at dei same butikkane fyller både velferdsretta funksjonar, informasjonsretta funksjonar, beredskapsretta funksjonar og så bortetter. Same butikk kan for eksempel både vere innretta for å gi ekstra hjelp til den eldre befolkninga i bygda, samtidig som dei også samarbeider med destinasjonsselskapet og turistnæring i eigen region. I den følgjande analysen er det likevel den velferdsretta funksjonen vi ser nærare på, uavhengig av kva andre funksjonar dei ulike butikkane fyller eller ikkje. Vi skil altså mellom dei butikkane der rolla som velferdssentral i bygda er viktig, og dei butikkane som i mindre grad fyller ei slik rolle. Målet er, som alt understreka, å avdekke kva som kjenneteiknar dei mest velferdsorienterte butikkane.

I logistisk regresjon vert effekten av kvar av dei uavhengige variablane kontrollert mot dei andre slik at oddsratar er isolert frå samspeleffektar (Eikemo & Clausen, 2012). Vi opererer såleis med ein dikotom avhengig variabel med verdien 1 for tilfelle som oppfyller eit bestemt kriterium, og 0 for tilfelle som ikkje oppfyller dette. Effektmålet i den logistiske regresjonen er oddsratar. Ein oddsrate på 1 indikerer at det ikkje er nokon samanheng mellom den uavhengige og den avhengige variabelen. Ein oddsrate på 2 indikerer her at sannsynet for at butikken fungerer som ein velferdssentral er dobbelt så stor, dersom butikken har den aktuelle eigenskapen (prediktorverdien), i staden for å ikkje ha ein slik eigenskap (0-verdien i tabellen).

Tabell 14.1.

Korleis utvalde uavhengige variablar påverkar sjansane for at butikkane fungerer som ein velferdssentral for eige lokalsamfunn. Logistisk regresjon. Den avhengige variabelen har følgjande verdiar: 0 = butikkar som i mindre grad fungerer som velferdssentral; 1 = butikkar som i stor grad fungerer som velferdssentral

Uavhengige variablarOddsratar (N=253)
Rolla til kommunenLite eller inga støtte (0)
Noko eller stor grad av støtte (1)1,3
Rolla til MerkurMindre avgjerande for utviklinga til butikken (0)
Avgjerande for utviklinga til butikken (1)1,3
BefolkningsutviklingSvekkjer ikkje grunnlag for drifta (0)
Svekkjer grunnlaget for drifta (1)2,0**
Kjønn drivarMann (0)
Kvinne (1)1,4
Tid som drivarSeks år eller mindre (0)
Sju år eller meir (1)1,9*

*p<0,05; **p<0,01; ***p<0,001. For kvar uavhengig variabel er verdien 0 referanseverdi.

Alle oddsratar i tabellen er over verdien 1. Dette indikerer at dei forholda vi har valt ut i modellen kan vere med og påverke butikkane i retning av det vi har definert som velferdssentralar. Vi må likevel skilje mellom dei resultata som er signifikante, og dei som det er knytt meir uvisse til. Tabellen kan for eksempel indikere at aktiv støtte frå kommunen og frå Merkur styrkar sjansane for at butikkane fungerer som ein velferdssentral. Tala er likevel ikkje eintydige. Det er rett og slett for stor feilmargin til at vi kan slå fast at det er ein slik samanheng på basis av det materialet vi har samla inn. Det same gjeld betydninga av kjønn. Det kan sjå ut til at det å ha ein kvinneleg butikkdrivar aukar sjansane for at butikken fungerer som ein velferdssentral, men samanhengane er for svake til at vi kan konkludere med at det er ein slik samanheng.

Dermed står vi att med to variablar av særleg interesse. Det gjeld for det første butikkar som opplever at befolkningsutvikling har svekt grunnlaget for drifta. Det gjeld også kor lenge drivar har vore ansvarleg for drifta. Tala viser at det er dobbelt så stor sjanse for at ein butikk som ligg i lokalsamfunn der befolkningsutviklinga svekkjer grunnlaget for butikkdrifta, fungerer som ein velferdssentral, jamført med butikkar i småsamfunn der befolkningsutviklinga ikkje endrar grunnlaget for drifta.

Det å ha drivarar som har hatt ansvaret for butikken over tid, aukar også sjansane for at butikkdrivarane definerer eigen butikk som ein slik sentral. Det er nesten dobbelt så stor sjanse for at drivarar som har hatt denne posisjonen i sju år eller lenger, fungerer som ein velferdssentral, jamført med butikkar der drivarane har kortare fartstid. Både betydninga av befolkningsutvikling og kor lang tid drivarane har vore i funksjonen, gir statistisk signifikante resultat. I og med at dei to variablane er sjekka opp mot kvarandre og mot dei andre variablane i modellen, kan vi slå fast at begge påverkar sjansane for at utkantbutikken fungerer som ein velferdssentral.

Drøfting

Eit viktig kjenneteikn ved utkantbutikkane i Merkur-programmet er at dei er såkalla sistebutikkar. Det vil seie at kundane ikkje har noko anna alternativ til å skaffe seg daglegvarer utan å måtte reise minimum ti kilometer. Tilgang til matvarer lokalt aukar velferda for alle. Slik sett bidreg alle butikkane til velferda i lokalsamfunnet. Det er likevel ikkje dette som er på dagsordenen her. Spørsmålet er om butikkane, i tillegg til å gi tilgang til daglegvarer og tilleggstenester, også fyller funksjonen som ein velferdssentral som tilbyr ekstra hjelp til eldre og andre i lokalsamfunnet som treng særleg hjelp.

Ut frå dei momenta som er løfta fram innleiingsvis, kan vi argumentere for at alle utkantbutikkar i større eller mindre grad er kollektive gode og kan definerast som velferdssentralar for sine lokalsamfunn. Det er først og fremst kor mykje rolla som velferdssentral blir vektlagt blant butikkdrivarane, som skil butikkane frå kvarandre, ikkje om dei fyller funksjonen eller ikkje. Her ligg også det som utgjer den største utfordringa for analysen. Vi ville etter alt å døme fått tydelegare analyseresultat om vi kunne samanlikna butikkar som heilt klart fylte ein slik funksjon, og dei som ikkje fyller ein slik funksjon i det heile. Ein slik analyse hadde kravd eit langt større datamateriale enn det vi har hatt tilgang til.

Sidan det er klare forskjellar når vi skil ut dei butikkane som tydelegast identifiserer seg som velferdssentralar frå resten av butikkane, gir analysen likevel nyttig informasjon. Ein tydeleg tendens i analysen er at det er forholda i lokalsamfunnet som har størst betydning. Regresjonsanalysen viser at butikkar i lokalsamfunn som opplever at befolkningsutvikling, svekkjer grunnlaget for butikkdrifta, langt oftare enn andre butikkar fyller rolla som velferdssentral. Det er to moglege forklaringar på dette og dei er ikkje gjensidig utelukkande.

Ei mogleg forklaring er større grad av sosial innleiring. At lang fartstid som drivar aukar sjansen for utvikling av butikken til ein velferdssentral, er interessant her. Det er rimeleg å gå ut frå at fartstid som drivar styrker relasjonane mellom dei som driv butikken, og dei som handlar der. Dermed aukar sannsynet for at butikken vert oppfatta som eit kollektivt gode, og at butikkdrivaren, saman med andre krefter i lokalsamfunnet, tilpassar drifta til dei lokale behova. Ei slik tolking får støtte i tidlegare studiar, for eksempel Halvorsen og Båtevik (2016), som fann tendensar til sterkare oppslutning frå lokalsamfunna og meir innslag av altruisme hjå butikkdrivarane i dei minste lokalsamfunna.

Den andre moglege forklaringa er at utvikling av velferdssentral representerer ei rasjonell tilpassing til endringar i den lokale marknaden. Når eldrebefolkninga utgjer ein stadig viktigare del av den samla befolkninga i denne typen samfunn, kan det å vektlegge funksjonen som velferdssentral vere ein egna marknadstilpassing frå butikken si side. Det er viktig å ta vare på dei kundane ein har, og mange av desse kundane har behov for litt ekstra hjelp. Det er likevel lite truleg at rasjonell økonomisk kalkyle er den viktigaste forklaringa på funna våre. Butikkdrift i slike uttynningssamfunn gir i regelen drivaren eit dårleg økonomisk utkome samanlikna med andre alternativ, for eksempel lønnsarbeid eller butikkdrift ein annan stad (sjå også Halvorsen & Båtevik, 2016).

Funna våre indikerer altså at den sosiale innleiringa av butikken i lokalsamfunnet og den oppfatninga drivar og lokalbefolkninga har av den rolla butikken utøver lokalt, har størst betydning for om butikkane utviklar seg til lokale velferdssentralar.

Kommunane har ansvar for å sikre velferdstilbodet til eiga befolkning. Arbeid med folkehelse vert ein stadig viktigare del av dette arbeidet. Her er lågterskeltilbod sentrale. Slik sett kunne ein tenkje seg at eit samspel mellom kommunen og butikken vil vere til gjensidig nytte. Merkur-programmet har i fleire tiår prøvd å involvere kommunen i ulike former for utviklingsarbeid. Likevel viser alle studiar som har undersøkt rolla til kommunane, at potensialet som ligg i eit tettare samarbeid med butikken, i liten grad vert utnytta (Angell & Grimsrud, 2019; Båtevik et al., 2007; Halvorsen & Båtevik, 2014; 2019).

Kvifor er det slik? Våre data gir i seg sjølv ikkje svar på dette. Anna forsking tyder derimot på at den forståinga kommunane har av rolla til butikken, har stor betydning her. I ei ny evaluering av forsøk på å etablere samarbeid mellom kommune og butikk finn Angell og Grimsrud (2019, s. 43) at samarbeidsavtalar mellom kommuneorganisasjonen og butikken ofte ber preg av reine kjøp av tenester. Med andre ord er den tilnærminga kommunen har på dette området, avgrensa til å sjå butikken i rolla som føretak. Våre funn viser derimot at butikken har ei vel så viktig rolle som eit kollektivt gode for eigne lokalsamfunn. Denne rolla vert altfor ofte oversett. Det er såleis behov for at både kommunane og andre ser utkantbutikken som noko langt meir enn ein leverandør av brød og mjølk. Med dette for auge blir det kanskje synleg at butikken kan spele ei sentral rolle i utviklinga av mange småsamfunn på fleire felt?

Referansar

Aasbrenn, K. (1989). Uttynningssamfunnet. Tidsskrift for samfunnsforskning, 30(5–6), 509–520.

Aasbrenn, K. (1998). Regional tjenesteorganisering i uttynningsområder: utfordringer – erfaringer – strategier. Elverum: Høgskolen i Hedmark.

Aasbrenn, K. (2007). Lokale servicetilbud på defensiven: kunsten å overleve som liten. I S. Berger, G. Forsberg & M. Ørbeck, (red.), Inre Skandinavien: en gränsregion under omvandling (s. 112–128). Karlstad: Karlstad University Press.

Angell, E. & Grimsrud, G. (2019). Nærbutikken – klar til innsats for bygd og kommune. Bergen: NORCE.

Berg, N.G. & Dale, B. (2015). Sted – noen nyere teoretiske tilnærminger og debatter. I M. Aure, N.G. Berg, J. Cruickshank & B. Dale (Red.), Med sans for sted. Nyere teorier (s. 31–46). Bergen: Fagbokforlaget.

Båtevik, F.O. og Halvorsen, L.J. (2016). Den entreprenørielle distriktsbutikken som nærings- og utviklingsaktør i små lokalsamfunn. I M. Kvangarsnes, J.I. Håvold & Ø. Helgesen (red.). Innovasjon og entreprenørskap. Fjordantologien 2015 (s. 82–101). Oslo: Universitetsforlaget.

Båtevik, F.O., Halvorsen, L.J. & Aarflot, U. (2007). Små butikkar, store utfordringar – nærbutikken som utviklingsaktør i små samfunn. Volda: Møreforsking.

Båtevik, F.O., Tangen, G. & Yttredal, E.R. (2006). Med utkantbutikken i sentrum. Evaluering av Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkane i regionane. Volda: Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.

Cabras, I. & Bosworth, G. (2014). Embedded models of rural entrepreneurship: The case of pubs in Cumbria, North West of England, Local economy, 29, 598–616. DOI: https://doi.org/10.1177/0269094219831951.

Cabras, I. & Lau, C.K.M. (2019). The availability of local services and its impact on community cohesion in rural areas: Evidence from the English countryside, Local economy, 34, 248–270.

Calderwood, E. & Davies, K. (2013). Co-operatives in the Retail Sector: Can One Label Fit All?, Journal of Co-operative Studies, 46 (1), 16–31.

Eikemo, T.A. & Clausen, T.H. (2012). Kvantitativ analyse med SPSS. En praktisk innføring i kvantitative analyseteknikker (2. utg.). Trondheim: Tapir Akademisk Forlag.

Frisvoll, S. (2015). Korleis analytisk fange staddanning mellom meining, makt, materialitet og menneske? I M. Aure, N.G. Berg, J. Cruickshank & B. Dale (red.), Med sans for sted. Nyere teorier (s. 133–147). Bergen: Fagbokforlaget.

Gerrard, S. (2016). Fiskeværet – Et åpent og foranderlig lokalsamfunn. I M.S. Haugen & M. Villa (red.), Lokalsamfunn (s. 72–94). Oslo: Cappelen Damm.

Granovetter, M. (2017). Society and Economy – Framework and Principles. London: The Belknap Press of Harvard University Press.

Granovetter, M. (1985). Economic Action, Social Structure, and Embeddedness. American Journal of Sociology. 91, 481–510.

Halvorsen, K. (2014). Velferd. Fra idé til politikk for et godt samfunn. Oslo: Cappelen Damm.

Halvorsen, L.J. & Båtevik, F.O. (2014). Merkur leker ikke butikk – resultateffektivitet og forvaltningseffektivitet ved KMDs satsing på utkantbutikker. Volda: Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.

Halvorsen, L.J. & Båtevik, F.O. (2016). I samme båt og øser for livet – forholdet mellom lokalsamfunnet og dagligvarebutikken. I M.S. Haugen & M. Villa (Red.), Lokalsamfunn (s. 198–215). Oslo: Cappelen Damm.

Halvorsen, L.J. & Båtevik, F.O. (2019). Resultat frå ei undersøking blant drivarar av Merkur-butikkane i 2019. Volda: Høgskulen i Volda.

HUI Research (2014). Stöd till service i glesbygd. HUI Research.

Jones, K. & Smith, P. (2000). The rural service deficit. I Palmer, G. (red.), Changing Views of Rural Britain. Why Service Matter (s. 19–30). London: New Policy Institute.

Jussila, H., Lotvonen, E. & Tykklyainen, M. (1992). Business strategies of rural shops in a peripheral region. Journal of Rural Studies, 8, 185–192.

Karlson, E.B. (2012). Retail in Rural Regions. Exploring ways to support rural shops. Centre for Retail Studies, Bifrost University.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (2014.) Kriterier for god kommunestruktur. Delrapport fra ekspertutvalg. Oslo: Kommunal og moderniseringsdepartementet.

Krokoms kommun (2015). Serviceplan. Kommersiell serviceplan för Krokoms kommun 2015–2020. Krokoms kommun.

Larsen, S. (2002). Den multifunksjonelle nærbutikken – en studie av fem nærbutikker i perifere lokalsamfunn. Tromsø: Institutt for planlegging og lokalsamfunnsforskning.

Lorentzen, H. (2012). Frivilligsentralen i nærmiljøet: Konkurrent eller katalysator? Oslo: Institutt for samfunnsforskning.

Meld. St. nr. 18 (2016–2017). Berekraftige byar og sterke distrikt. Oslo: Det kongelege kommunal- og moderniseringsdepartement.

Merkur (2014). Butikken som sosial arena. Rapport fra et pilotprosjekt i Nordland og Trøndelag for utvikling av nærbutikken som bygdas møteplass. Merkurprogrammet.

Moseley, M.J., Parker, G. & Wragg, A. (2004). Multi-service outlets in rural England: the co-location of disparate services. Planning, Practice & Research, 19, 375–391.

Paddison, A. & Calderwood, E. (2007). Rural Retailing: a Sector in Decline. International Journal of Retail and Distribution Management, 35(2), 136–155.

Rasmussen, P.G. (2017). Distriktsbutikken – bygdas eneste vareformidler og naturlige møteplass. Oslo: Institutt for bransjeanalyser AS.

Statens offentliga utredningar (2015). Service i glesbygd. Stockholm: Statens offentliga utredningar.

Swedberg, R. & Granovetter, M. (1992). Introduction. I M. Granovetter & R. Swedberg: The Sociology of Economic Life (s. 1–26). Boulder Colorado: West View.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon