Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}
<StadutviklingKapittel 13 av 16

12. Fotball, idrettsanlegg og byutvikling i Kristiania i perioden 1900–1924

Frode Fretland (f. 1962), førstelektor i idrett, instituttleiar, Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen på Vestlandet. Forskingsområde: idrettshistorie, ballspel, evaluering, friluftslivsomgrepet.

Joar Fossøy (f. 1981), førstelektor i idrett og studieprogramansvarleg for idrett, fysisk aktivitet og kosthaldsutdanningane ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Forskingsområde: idrettshistorie, fotball og media, idrett (fotball) og profesjonalisering, idrett og samfunn, fair play i kroppsøvingsfaget.

Artikkelen viser fotballen si utvikling i Kristiania i perioden mellom 1900–1924. Den uorganiserte fotballen (løkkefotballen) var viktig i heile perioden, men den organiserte fotballen vart meir og meir synleg, i fyrste omgang dominert av klubbar frå vestkanten, etter kvart i heile byen. Auka utbygging av fotballbaner gav grunnlag for større aktivitet med meir prestasjonsretta fokus, forstått som sportifisering. Ut frå dette vil me argumentere for at fotballen påverka by- og samfunnsutviklinga i Kristiania.

Nøkkelord: fotballhistorie, Kristiania, fotballbaner, sportifisering, byutvikling

This article explores the development of football in Kristiania in the period 1900–1924. Unorganised football played in green areas and in streets was important throughout the period, but the organized football was more and more visible, initially dominated by clubs from Western Kristiania and then spreading to the rest of the city. Increased building of football fields laid the foundations of a more performance-oriented focus of the sport, known as sportification. From this starting point, we argue that football affected city planning and societal development in general in Kristiania.

Innleiing

Sport og idrett finn stad og blir utøvd på konkrete stadar. Dette kan vere tilrettelagde idrettsanlegg med trening og konkurransar som mål, eller naturen som omarbeidd for føremålet i ulik grad. Det kan vere stadiona for fotball (Ullevål) og friidrett (Bislett), idrettshallar for ei rekkje ulike ballspel (Håkons hall) og alle typar idrettar, spesialbygde hallar for ishockey (gamle Jordal Amfi) og skøyteløp (Vikingskipet), skibakkar for hopp (Holmenkollen) og alpine øvingar (Kvitfjell), løypetrasear i skog og mark (Birkebeinarrittet) og landbruksareal til golfsporten (Østmarka) (Lesjø, 2008, s. 197). Dette er fysiske stadar samtidig som dei like fullt er symbolske stadar, og mange menneske har sterke kjensler knytt til desse. Sportens stadar kan for mange vere med på å definera oss, styrka oss, utfordra oss og ikkje minst vere med og bidra til vår identitet. Slike stadar kan vera både internasjonale, nasjonale, regionale eller lokale. Felles for alle er at dei er sentrale for utøving av idrett, og dei er synlege og viktige i samfunnet dei er ein del av.

I denne artikkelen vil me undersøka idrettsutvikling i ein lokal kontekst, nærmare bestemt fotballen si utvikling i Kristiania tidleg på 1900-talet. Me er særleg oppteken av å sjå fotballen si utvikling opp mot anleggsutvikling i byen og prøva å svara på om fotballen si utvikling òg kan seiast å spela ei rolle for byutviklinga. Meir konkret er vår problemstilling:

Korleis var utviklinga av fotballen i Kristiania i perioden frå 1900–1924? Spela denne utviklinga ei rolle for byutviklinga? I tilfelle på kva måte?

Utviklinga av fotballen kan femna om mykje. I det vidare arbeidet konsentrerer me oss i hovudsak om fotballen sin aktivitet, organisering og anleggsutvikling.

Kjelder og metode

Å studere historie dreier seg om å studere handling og samfunn i fortida. Artikkelen byggjer på eit kjeldekritisk arbeid med bruk av historiske kjelder og data. Jubileumsbøker, aviser, sportsblad og kommunale dokument er nytta for å skildra historiske hendingar. I tillegg har historisk og idrettshistorisk litteratur vore med og belyst historiske utviklingstrekk i perioden frå 1900 til 1924. Kjeldekritikk og kjeldegransking er eit sett av handverksreglar som kan delast inn i ulike trinn: kartlegging og avgrensing av kjelder, kjeldeobservasjon og opphavsbestemming, innhaldsbestemming og brukbarheitsbestemming (Kjeldstadli, 1999; Fossøy, Moe & Fretland, 2018). Me har jobba systematisk med dei ulike trinna og vurdert kjeldene etter kjeldekritiske reglar. Målet har vore å vise korleis fotballen i Kristiania utviklar seg over tid.

I problemstillinga over har me fokusert på fotballen si utvikling i Kristiania med tanke på aktivitet, organisering og anleggsutvikling, samt stilt spørsmål om og eventuelt på kva måte denne utviklinga har spela ei rolle for byutviklinga. Medan den fyrste delen kan svarast ut empirisk, er den andre delen vanskelegare å vera tydeleg på. Her kunne me hatt store ambisjonar, slik som å undersøke sosiale og kulturelle meiningsdimensjonar gjennom fotballen si utvikling. Kva rolle spelte til dømes den borgarlege danninga for fotballen si utforming tidleg på 1900-talet, og omvendt? Eller kva samanheng var det mellom framvekst av arbeidarkultur og danning av nye lag på austkanten? Meir overordna kunne me undersøkt korleis fotballen var vevd inn i ulike samfunnskontekstar (Andersen, 2007), og slik sett svara ut kva rolle fotballen si utvikling hadde for byutviklinga. Sjølv om dette er viktige spørsmål, vil det vera utanfor ramma av denne artikkelen å gå grundig inn på slike sosialhistoriske og mentalitetshistoriske problemstillingar. Målet vårt vil difor vera å undersøka organisatorisk vekst og banebygging og sjå på korleis dette var med på å forme byen Kristiania tidleg på 1900-talet.

Kristiania vart framstilt som den delte byen på 1900-talet (Kjeldstadli, 1990). Særleg var hovudstaden spesiell i høve dei andre norske byane med sitt markante aust/vest-skilje. Skiljet mellom den klassiske austkanten og vestkanten vart særleg forsterka på slutten av 1800-talet (Kjeldstadli & Myhre, 1995, s. 95, 119; Myhre, 1990). Det er vanleg å lage skiljet mellom aust og vest til elva som renn frå Maridalsvatnet og ut i Oslofjorden, Akerselva. Oppkomsten av industrien langs Akerselva frå midten av 1800-tallet skapte likevel arbeidarstrok på begge sider langs elva. Skiljet mellom aust og vest går dermed litt vest for Akerselva, omtrent langs Iladalen. Dette skiljet blir i denne artikkelen nytta som eit analytisk utgangspunkt.

Overordna er den historiske framstillinga knytt til tidsperioden 1900–1924. Startpunktet 1900 er valt med utgangspunkt i at det var då fotballen byrja å få fotfeste i Noreg. I artikkelen vil me belysa på kva måte dette kom til syne i Kristiania med tanke på baneutvikling og organisering. I den andre enden ville me avslutta framstillinga før den politiske kampen, både i idretten og i det norske samfunnet elles, då den vart ein sentral drivar og sette så tydeleg preg på byutvikling og idretten si utvikling i mellomkrigstida. Denne delen har me ikkje gått inn på. Ein meir prosaisk grunn kan vera at Kristiania i 1925 endra namn til Oslo.

Eit analytisk grep me har gjort er å dela inn framstillinga i to periodar. Den fyrste perioden går frå 1900–1912. Då vart det fyrst og fremst danna fotballklubbar og bygd idrettsanlegg på vestkanten. I den andre perioden, frå 1912–1924, kom det til klubbdanning og banebygging aust i byen. Den geografiske og sosiale spreiinga for den organiserte fotballen i Kristiania er eit særtrekk for denne perioden.

Historisk innramming

Framveksten av organisert idrett kan reknast frå om lag år 1850, og Goksøyr (2008; 2010) omtalar tida frå 1850–1910 som «en ny tid» Den nye tida innebar radikale endringar for idretten sin del. Den moderne idretten i Noreg utvikla seg frå ei rekkje kjelder og bygde både på import og særnorsk utvikling. Skyttarrørsla og nasjonale idrettar som ski og skøyter var sentrale i etableringsfasen med eit nytteverdiperspektiv i fokus. I tillegg vart desse utfordra av turnrørsla (tysk turn og svensk gymnastikk). Den britiske importen og impulsane, kalla den engelske sporten, var likevel den som utfordra det tradisjonelle norske synet på idrett aller mest. Den engelske sporten sitt utgangspunkt var liberalisme og det frie mennesket, og målet var å drive idrett for idrettens skuld – eigenverdi. Dette var idrettar som tennis, friidrett, sykling og ikkje minst fotball. Den engelske fotballen spreidde seg til Noreg i 1880-åra blant anna gjennom norske studentar og forretningsfolk sin personlege kjennskap til spelet etter opphald i England. Engelskmenn på reise eller stasjonert i Noreg kan òg ha vore forklaring på spreiinga av fotballen. Det vart spelt kampar på eit tidleg stadium i Bergen og Oslo, og den fyrste offisielle kjente fotballkampen vart spelt i Bergen i 1886 mellom offiserar og kadettar frå den engelske marine (Goksøyr, 1991; Fossøy, 2008).

Organisasjonsutvikling nasjonalt og internasjonalt var òg ein viktig faktor for å forstå framveksten av den moderne idretten, og Norges idrettsforbund sine røter kan førast attende til 1861. Då vart den fyrste landsomfattande idrettsorganisasjonen for idrett her i landet danna: Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug (CF) (Olstad, 1987). Skyttarrørsla og koplinga til Forsvaret med godt trente rekruttar var her sentral. Etter kvart vart klubbar organiserte i særforbund med eit meir eigenverdifokus. Særforbunda autoriserte baner og godkjente idrettsanlegg. Det vart stilt krav om standardiseringar sidan idrettane skulle målast i rasjonelle rammer for å få sikre meir rettferdige konkurranseforhold og for å få godkjent rekordar og resultat (Rafoss & Breivik, 2012). Nasjonale og internasjonale idrettsorganisasjonar var med og overvakte bestemte konkurranseregelverk, og dette gjorde det lettare å kåre anten «verdas», «Europas» eller «Noregs» beste utøvar og etter kvart fotballag. Goksøyr (1989, s. 11) kallar denne utviklinga sportifisering og definerar det slik: «… en del tradisjonelle og enkelte andre fysiske aktiviteter som mer og mer blir preget og karakterisert av følgende dominerende prinsipper: prestasjon målt i konkurranser i en rasjonell ramme.» Denne utviklinga var utfordrande for fleire av idrettsleiarane i CF. CF var oppteken av idrettens nytteverdi og ytre rasjonalitet. Den skulle vera samfunnsnyttig mellom anna ved å leggja til rette for bygging av arenaer for utøving av idrett. Særforbunda, derimot, var opptekne av idrettens eigenverdi og indre rasjonalitet. Det vil seie at dei hadde søkelys på gleda av aktivitet og korleis aktiviteten vart praktisert gjennom prestasjonar og konkurransar (Fossøy, Moe & Fretland, 2020).

Sjølv om byane var staden for den moderne idrettens gjennombrot, skapte òg byutviklinga utfordringar. I 1890-åras byar hadde den uorganiserte idretten fått vanskelegare kår. Der gater tidlegare hadde vore møtestader for det sosiale liv, var dei same gatene no gjennomgangsårer for aukande trafikk. Stigande tomteprisar førte og til at tidlegare fellesareal anten vart lagt ut for sal eller blei regulert til anna bruk. Dette førte til at idretten fjerna seg meir og meir frå sitt naturlege og opphavlege miljø for å finne nye arenaer. Anlegg vart idretten sin materielle basis og ei fotballbane, til dømes, hadde internasjonale standardar i botn når det gjaldt lengde og breidde, mållinjer og sidelinjer, hjørneflagg, midtsirkel, målfelt og straffesparkfelt. Goksøyr og Olstad (2002, s. 191) presiserer nettopp dette: «Ordentlig fotball måtte spilles på ordentlige baner.» Det tok likevel tid før fotballen og standardiseringa sette seg.

1900–1912 Fotballen i Kristiania blir organisert

Fotball ble en masseidrett. Kamper mellom skolene i byen startet i 1903. Klubber kom til i nesten hver gatestump eller stor bygård i de tettest befolkede områdene. Strøksjåvinisme, lokalpatriotisme som lå bak de store gutteslagsmålene, fikk en ny utløper i løkkefotballen.

Slik skildrar historikaren Knut Kjeldstadli (1990, s. 427) fleire sentrale trekk ved fotballen si utvikling i Kristiania frå hundreårskiftet og frametter. Fotballen fekk vekst og vart masseidrett, ikkje spesifikt i denne perioden, men når ein ser attende er det lett å sjå at starten på masserørsla var dei fyrste 10–12 åra i det nye hundreår.

Eit viktig grunnlag for denne veksten var skulekampane for gymnas og middelskulelag som starta i 1903. Desse kampane, som gjekk årleg i perioden fram til 1912, gav unge gutar i Kristiania viktige erfaringar og var utgangspunktet for mange nye fotballklubbar. Klubbane vart danna på grunnlag av auka bustadbygging og konsentrasjon av folk. Dette skjedde fyrst på vestkanten, seinare på austkanten. Då austkanten kom på bana, vart det og tydelegare rivalisering mellom klubbar, ikkje minst mellom austkantklubbar og vestkantklubbar. Lokalpatriotismen og strøksjåvinisme vart ein del av fotballkulturen.

I denne perioden vart fotball som organisert idrett meir tydeleg i bybildet. Danninga av Norsk Fodboldforbund i 1902 og Kristiania og Omegn Fodboldkreds i 1905 var viktige milepælar og var teikn på aukande sportifisering. Fotball vart i større grad enn tidlegare akseptert og respektert som positiv ungdomsaktivitet. Centralforeningen for Udbredelse af Idræt støtta fotballaktiviteten, og pedagogiske og militære autoritetspersonar argumenterte for at fotball var ein særs sunn «friluftsleik» for barn om den vart driven fornuftig (Andersen, 1927).

Materielt sett byrja og fotballen å få betre vilkår. Sjølv om kommunen ikkje var veldig aktiv i bygging av fotballbaner i byen, vart det i denne perioden særleg tilrettelagt for fotballspel både ved Frogner (1902) og ved Bislett (1907). I dei neste tiåra, for Bislett Stadion sin del heilt fram til i dag, var dette stadiona som hadde ein spesiell status langt utover Kristiania. Frogner og Bislett vart nasjonale arenaer for både skøyter, friidrett og fotball, og viktige symbol for idrettens vekst. I det fyrste tiåret var det mykje å utsetja på banene for fotballfolket, men utover 1910-talet betra tilhøva seg, og banene vart etter kvart utbygd i tråd med internasjonale standardar for fotballspel. Dermed vart desse fotballstadiona ein viktig materiell føresetnad for at fotball som idrett kunne utvikla seg i ei sportifiserande retning i hovudstaden (Goksøyr & Olstad, 2002, Fretland, 2007).

Figur 12.1.

Fotballaktivitet blant barn og unge ved Tullinløkka sentralt i Kristiania. Fotograf: Wilse, Anders Beer. Eigarinstitusjon: Oslo Museum.

Sjølv om fotball etablerte seg som ein organisert idrett i vekst, var den uorganiserte løkkefotballen framleis ein viktig del av den totale aktiviteten. Løkkefotball var i større grad prega av lokale tilhøve enn organisert fotball. Der kunne ein ha eigne reglar og tilpassa spelet etter banetilhøve og kor mange som var med. Likevel gav slik aktivitet ei læring og sosialisering til spelet som var avgjerande for den vidare veksten. Det økonomiske grunnlaget for klubbane var ofte ein beskjeden kontingent og etter kvart publikumsinntekt (Olstad, 2013).

Klubbane heldt til på vestkanten

I januar 1911 var følgjande klubbar frå Kristiania og omegn registrert med adresse og medlemstal i Norges Fotballforbund.

Tabell 12.1.

Klubbar frå Kristiania og Omegn Fotballkreds registrert hjå Norges Fotballforbund

Lag eller foreiningAdresseMedlemstal
1 Ski og Fotballklubben «Lyn»H.Schjølberg. Sofiegate 88 IV125
2 Mercantile fotballklubRolf Haavind, Neuberggt.20103
3 Fotballklubben «Ready»Aage B Lorentzen, Harbitzt gt 4.72
4 Oslo FotballklubH Fr Granum, Arupsgt 1062
5 Sportsforeningen «Mjølner»A.Mikkelsen Toftes gt 58 I30
6 Kra Ynglingeforenings fotball og Idrætsfor,»Snar»Einar Bøhler Hermann Foss gt 159
7 Idrætsforeningen «Trygg»Aage Tandberg Kolbjørnsens gt 1368
8 Ski og Fotballklubben «Viking»Fr.Holmsen, Hansteens gt 22 I.31
9 Fotballklubben «Pil»Osc Ruud, Arboesgt 4 IV31
10 Sportsklubben «Frigg»Georg Hansen, Realkreditbanken41
11 Kristiania IdrætsforeningHarald Hansen, Josefinesgt. 22.25
12 Bjølsen FotballklubbP Chr Andersen, Mogt 22. 23
13 Ski og Fotballklubben LynildBrynjulf Bull Gottenberg, Sorgenfrigt. 9.43

Kjelde: Fotball, Officielt Organ For Norges Fotballforbund 1911, nr 6 – Tilæg.

Geografisk kan klubbane plasserast slik på eit kart over Kristiania. Midt i bildet deler Akerselva byen i to, ein vestleg del og ein austleg del.

Figur 12.2.

Geografisk plassering av medlemslaga i Kristiania og Omegn Fodboldkrets 1911. Grunnillustrasjon er henta frå Dokument nr. 19 (1919–1920) Indstilling fra det kommunale Idrætsutvalg om anlæg, utstyr, bruk og tilsyn av leke-, øvelses- og idrætspladser i Kristiania. Aktstykker Kristiania kommune. Forfattarane har sjølv teikna inn medlemslaga. Kjelde: Fotball, Officielt Organ For Norges Fotballforbund 1911, nr 6 – Tilæg.

Ut frå adressene i tabell 12.1 ser me at 11 av 13 lag hadde adresse vest for Akerselva, men sidan Bjølsen Fotballklubb i vår inndeling vil vera å rekna som eit austkantlag, kan me snakka om at berre tre av 13 lag hadde tilhald på austkanten. To av desse laga forsvann frå listene i 1912 og 1915 (Mjølner og Oslo). Dette gjorde sitt til at austkanten av Oslo i denne perioden om lag ikkje var synleg i den organiserte fotballen i Kristiania.

Fotball vart spela på løkker og stadion

Det fyrste tiåret etter hundreårskiftet var fotball i Kristiania på veg til å slå rot. Eit grunnleggjande spørsmål er: Korleis var det materielle grunnlaget for fotballsparking? Kor spelte dei unge fotball? Trening og kamp for dei unge guteklubbane gjekk føre seg på område som var nokolunde flate, ofte jorde i nærleiken av tettare busetnad (Sæther 2016). Eit betre, og kanskje oftare nytta uttrykk i fotballens verd enn jorde er løkker. Løkker, forstått som ubygde tomteareal, fanst i fleire strøk av byen (Oslo Byleksikon 2000, s. 268; Kjeldstadli 1990, s. 427). Desse områda, som lenge hadde vore populære plassar for idrett og leik, var viktig for fotballveksten blant barn og unge i Kristiania frå 1900. Men kva var ei fotballøkke? Definisjonen på ei løkke er vanskeleg å få eintydig. I denne konteksten var det plassar rundt om i hovudstaden ein kunne sparka fotball, der underlaget kunne vera både grus, stein, mold eller gras og ofte ei blanding. Nokon standard eksisterte ikkje. Løkkefotball har ein annan tyding enn den organiserte idretten fotball. Aktiviteten på løkka følgjer ikkje same standardkrava som fotballspel i organisert form, men slik aktivitet var heilt avgjerande for veksten i den organiserte fotballen og byutviklinga.

Eit stadion, derimot, måtte kunne tilby relativt gode trenings- og konkurransetilhøve der minstestandardmål for baner måtte vera oppfylte. Desse minstemåla har heile tida vore ein del av regelgrunnlaget for sjølve fotballspelet. Frogner frå 1902 og Bislett frå 1907 var hovudanlegga for organisert fotballaktivitet i byen. Her vart det arrangert privatkampar, kretskampar, cupkampar, bykampar eller landskampar. Alle dei viktige kampane gjekk på Frogner.

Det er i denne samanhengen viktig å ha med seg at fotballen ikkje stod åleine som ein idrett det skulle byggjast baner for, men likevel kan ein hevda at fotball som aktivitet var ganske avgjerande. Dette viser seg att gjennom dei banene som vart bygd for idrettsaktivitet, som vart kalla sportsplassar. Banene stetta etter kvart internasjonale mål for ei fotballbane, men sjølvsagt ikkje berre det. Ein annan sommaridrett, friidrett, var ganske viktig. I tillegg var både Frogner Stadion og Bislett viktige skøytearenaer om vinteren.

1912–1924 Fotballen blir folkeleg, og fleire lag kjem til

I 1912 hadde Kristiania og Omegn Fotballkrets 13 medlemslag. 10 år seinare hadde fotballkretsen 53 medlemslag. Veksten hadde vore enorm, og austkanten hadde for alvor kome med i det gode selskap. Det gjaldt ikkje berre kvantitativt, men òg kvalitativt. Fleire lag frå austkanten hadde utfordra laga i vest. Kva var det som hadde skjedd? Kvifor hadde austkanten plutseleg fått mange fotballag? Og kvifor vart fotball i organisert form så populært i heile byen i denne perioden? Fotball hadde eksistert som aktivitet blant ungdom frå 1880-åra, men aktiviteten var stort sett avgrensa til dei vestlege delane av Kristiania. Kva var det som gjorde at fotballinteressa i denne perioden tok av, spreidde seg til heile byen, og at det enda opp med så mange lag i fotballkretsen?

Den geografiske og sosiale spreiinga av den organiserte fotballen i Kristiania er eit særtrekk i denne perioden. Det var mange nye lag som kom til særleg nord og aust i byen. Å forklara denne veksten er ikkje lett. Ein kan snakka om at mange prosessar går parallelt med fotballveksten. I Kristiania var dette midt i ein periode med sosiale endringar der meir fritid (åtte timars dag frå 1919), betre buforhold, betre kommunikasjon og betre kommunal tilrettelegging på fritida var viktige utviklingstrekk. Nye område i randsoner rundt sentrum vart bygd ut, og sjølv om innbyggjartalet totalt ikkje auka så mykje i perioden, frå 242 113 innbyggjarar i 1910 til 260 817 i 1920, var det auke i folketalet aust og nord i byen. Akkurat det skapte godt grunnlag for fleire fotballklubbar i Kristiania (Kjeldstadli, 1990).

Organisatoriske endringar

Skulle fotballen vera tilgjengeleg for alle, måtte alle som ville ha det, få tilgang til fotballen sine eigne organisasjonar. Slik var det ikkje i den fyrste perioden for fotball i Kristiania. Forbund, krets og lag var eksklusive og prega av det akademiske miljø. Dette endra seg på 1910-talet. I hovudstaden kan ein snakka om at fotballen vart demokratisert. Den nådde ut til folket. Fotballkretsen i Kristiania vart i denne perioden verkeleg ein fellesorganisasjon for dei mange fotballaga i byen. Folkeleggjering av idrettsorganisasjonane kan dermed vera ei forklaring. Det at organisasjonane ikkje lenger var så eksklusive, og at det ikkje var så vanskeleg som tidlegare for nye grupper å organisera seg, spela nok ei rolle for nye lag. Denne trenden var ikkje berre lokal, men del av ei nasjonal utvikling. Det var i denne perioden at organisert idrett for alvor byrja å ta tak i det norske folk. Ei fruktbar tilnærming for å forklara den store veksten kan vera å sjå på kommunal tilrettelegging for fotballaktivitet. Tilgang til baner har alltid vore ein styrande og sentral del av fotballaktiviteten. Dette må likevel ikkje forståast slik at utan gode baner ingen fotballspel. I praksis er det heller motsett. Trass i dårlege banetilhøve har det vore stor fotballaktivitet mange stader i Norge. Slik var det òg i Kristiania.

Om baneutviklinga i Kristiania

I perioden fram til 1924 kan ein snakka om fire større baneprosjekt i Kristiania som hadde som mål å tilby gode trenings- og konkurransetilhøve for idrettsutøving, særleg for fotball, friidrett og skøyter. Det var Frogner Stadion, Bislett Stadion, Dælenenga og Jordal. Banene var plassert i ulike områder av byen og sørgde samla sett for at banetilbodet hadde ei fornuftig geografisk spreiing (Andersen, 1933).

Frogner Stadion

Bystyret vedtok 26. mars 1896 å kjøpa inn Frogner Hovedgård som gravplass for vestkanten. Ein del av dette arealet mot Kirkeveien vart overlate til Christiania Skøiteklub mot ei årleg leige på kr 600. Skøyteklubben opparbeidde ein idrettsplass som vart teken i bruk i 1900, i utgangspunktet til å gå på skøyter om vinteren, men etter kvart vart dette ein viktig fotballarena om sommaren. Norges Fotballforbund og Kristiania og Omegn fotballkrets gjekk inn som leigetakar. I 1913 vart gamle Frogner Stadion stengt grunna den nasjonale jubileumsutstillinga som skulle haldast på Frogner året etter. Ein ny stadion vart bygd litt lenger nord. Den nye Frogner Stadion, som vart ferdig i 1914, hadde internasjonale mål for friidrett, fotball og skøyter. I tillegg vart det bygd eit nytt klubbhus med garderobe, bad, kafé og klubblokale, samt tribuneanlegg som gav plass til 15 000 menneske. Kristiania hadde fått ei ny storstove for konkurranseidrett.

Bislett

I 1898 vart det innkjøpt eit areal på over 60 000 m² som høyrde til Bislett teglverk, for at den nordvestlege delen av byen kunne få idretts- og leikeplass. Det tok lang tid med gjenfylling, og plassen kunne ikkje opnast for organisert idrettsaktivitet før i 1907. Den kjende idrettsmann og idrettsleiar Martinus Lørdahl var sentral for gjennomføring av dette prosjektet, og bana gjekk under namnet Lørdahls Bislett. I 1916 overtok kommunen plassen, og det vart prosjektert ein heilt ny idrettsplass på Bislett. Arbeidet vart starta i 1917, men idrettsplassen vart ikkje teken i bruk før 1922. Anlegget hadde internasjonale mål. Det vart òg oppført eit stort klubbhus med treningslokale, garderobe, bad og kafé, og overbygd tribune.

Dælenenga

I 1910 kjøpte kommunen eit areal av Dælenenga teglverk til anlegg for idrettsplass for den nordaustlege delen av byen. Oppfyllinga av teglverkstomta og planering av idrettsplass tok tid, og anlegget kom fyrst i bruk i 1916. Den gamle kafé- og garderobebygninga frå Bislett vart overflytta til Dælenenga. Fyrst i 1927 vart eit nytt idrettshus med treningslokale, garderobar, bad og kafé teken i bruk.

Jordal

Det siste området i byen som fekk moderne idrettsanlegg, var austkanten. Det var slutt på teglverksdrifta ved Jordal Teglverk rundt fyrste verdskrigen, og området vart liggande brakk, men det vart etter kvart nytta til idrett. Anlegget vart bygd i fleire etappar. Ei bane vart teken i bruk til trening i 1922 og fotballkampar i 1923, men det var ikkje før i 1930-åra Jordal Idrettsplass vart bygd som nødsarbeid (Oslo Byleksikon, 2000).

I tillegg til dei fire store idrettsanlegga hadde kommunen opparbeid fleire øvingsplassar rundt om i byen. Øvingsplassane var stort sett knytte til skulane i dei ulike bydelane, og hadde fotballbaner som i storleik var for små til obligatoriske kampar. Det var likevel anlegg som var godt brukande til fotballtrening og som gav grunnlag for den klubbveksten som skjedde i åra etter 1912. Figur 12.3 gjev ein god oversikt over anleggssituasjonen i Kristiania rundt 1920. Kartet er teikna i 1917/18 og tek utgangspunkt i eksisterande og påbegynte anlegg for idrett og leik.

Figur 12.3.

Baner og øvingsplassar for fotball (og anna idrett) i Kristiania ca. 1920. På kartet er den geografiske plasseringa av baner og løkker skissert. Hovudtyngda av fotballplassar ligg på vestkanten i nærleiken av Frogner og Bislett. På austkanten er det få baner og naturlegvis få klubbar. Illustrasjon er henta frå Dokument nr 19 (1919–1920) Indstilling fra det kommunale Idrætsutvalg om anlæg, utstyr, bruk og tilsyn av leke-, øvelses- og idrætspladser i Kristiania. Aktstykker Kristiania kommune.

Av andre interessante område som vart nytta til fotballspel, kan det vera verd å nemna Festningsplassen på Akershus Festning, Hovedøen, Bygdø og Tåsenløkka. Alle desse er nemnde som øvingsbaner og kampbaner for lag frå Kristiania. I same andedrag bør det òg nemnast at den fyrste grasbana i regionen, «Græsbanen» på Vestre Holmen, var kamparena for A-serien i Kristiania og Omegn Fotballkrets frå 1918 (Andersen, 1933).

Idrettsvesenet

Perioden 1893–1919 er blitt framstilt som ei veksttid for norsk idrett. Auka offentleg engasjement var ein del av utviklinga (Goksøyr, 1992). Veksten i norsk idrett var spesielt stor i perioden 1914–1918 (Olstad, 1987, s. 164–166). Lokalt kan ein òg få eit godt inntrykk av veksten i idretten. Berre det at Kristiania kommune frå 1911 hadde eit fast utval for idrettssaker, og frå 1916 eigen administrasjon for idrettsvesenet underlagt vegvesenet, viser kommunalt engasjement (Beretning for Oslo kommune, 1952). Idrettsvesenet var særleg sentrale i anleggsutbygginga i byen. Eit overordna mål var å få mange aktive.

Registrert aktivitet på offentlege baner gjekk drastisk opp. Fotball var ein viktig del av denne aktiviteten. Talet på aktive idrettsfolk i Kristiania heng saman med vekst i baner. Medan det kring 1901–1902 var berre ei bane (Frogner Stadion) som var tilrettelagt for fotball og anna konkurranseaktivitet med nasjonale eller internasjonale standardar, kunne Kristiania og Omegn fotballkrets rundt 1920 få tilgang til Frogner Stadion, Bislett, Dælenenga og Jordal. I tillegg fekk kretsen treningstid på fleire mindre øvingsplassar. Utanom det kommunale tilbodet hadde kretsen avtale med Ready og Mercantile, to klubbar som var medlem av fotballkretsen, og som var eigarar av Græsbanen ved Vestre Holmen utanfor bygrensa, om å leggja ein del kampar i A-serien dit. Forholda var likevel langt frå tilfredsstillande for fotballkretsen sine 53 lag.

I 1917 fekk idrettsutvalet i Kristiania kr 1000 av formannskapet for å utarbeide «planer og forslag til istandbringelse av leke-, øvelses og idrætspladser» i Kristiania. To år etter fekk formannskapet innstillinga på bordet (Dokument nr 19 (1919–1920)). I innstillinga vart det argumentert for at ungdomen burde få tilfredsstilt sin «bevægelsestrang under fuld tilgang av lys og luft» (Dokument nr 19 (1919–1920)). Innstillinga var rask med å peike på at idrettsanlegg ikkje fyrst og fremst skulle byggjast for å leggja til rette for «maksimalpræstationer foran velbesatte tilskuerbænker». Det var fyrst og fremst nytteverdien som var interessant: «Det egentlige maal – det som er knyttet til virkelige samfundsbehov – er at aapne adgang til den jævne friluftsøvelse for al ungdom og helst den del som er henvist til de trangeste kvartaler» (Dokument nr 19 (1919–1920)).

Argumenta dreiar seg om helse og oppseding av den oppveksande slekt. Eit kritisk blikk på byutviklinga dominerer der deltaking i idrett og «friluftsøvelse» kunne vera botemiddel for byens uheldige oppvekstvilkår med tronge og lysfattige leilegheiter og med berre bakgardar som leikeplass.

Sportifiseringsprosess og motprosess

Det tok relativt lang tid før fotballen nådde eit sportifisert nivå i Kristiania. Den organisatoriske overbygninga var fråverande i starten, og sjølv etter den kom på plass, gjekk utviklinga av rasjonelle løysingar i høve fotballsporten relativt seint. Fyrst på 1910-talet kan ein snakka om stor oppslutning til fotball i Kristiania, og det var i denne perioden sportifiseringsprosessen verkeleg tok av. Prestasjonsorienteringa var tydeleg både på nasjonalt og på lokalt nivå. Dei to mest synlege prinsipielle diskusjonane var knytt opp mot idrettens eigenverdi og idrettens nytteverdi. Ei viktig drivkraft som låg i fotballspelet, var gleda som mange opplevde (og opplever) ved å sparka ein ball, ved å drible og sentra, samt det å høyra til ei sosial gruppe. Særleg frå eit utøvarperspektiv var dette sentralt. For einskilde sentrale idrettsleiarar var derimot det viktigaste formålet med fotball at den hadde samfunnsmessig nytteverdi. Utan nytteverdi var aktiviteten uinteressant. Og det er verd å leggja merke til at det var fyrst når fotballen vart sett på som ein positiv aktivitet av fleire representantar for «nyttetenkjarane», at grunnlaget for vekst vart lagt. Men for at veksten skulle ta av, var det eigenverdien og den indre rasjonaliteten som måtte i førarsetet.

Fotballens positive verknad på folkehelsa, særleg for barn og unge, var knytt til det å vera ute i friluft, samtidig som det gav fysisk gevinst i form av auka styrke, smidigheit og uthald. Dette var i alle fall hovudargumenta til dei som spesielt såg på nytteverdien av fotball. I tillegg kunne ein ved å leggja til rette for fotball skapa sosial fellesskapskjensle både blant utøvarar og publikum. Gevinsten var dermed av både fysisk og sosial art.

Ein kan stilla seg spørsmål om det var ein del av idrettens ytre rasjonalitet at fotballen vart flytta ut av bykjerna? Fotballbanene vart lagt til Frogner, Bislett, Dælenenga og Jordal, som på den tid var i yttergrensene av byen. I tillegg kan ein òg nemne Græsbanen og Ullevål Stadion som låg utafor bygrensene, men som vart eigd og nytta av klubbar som var heimehøyrande i Kristiania (Andersen, 1927, s. 1933). Eller var det andre grunnar til at banene vart lagt langt utafor bykjerna? Var det rett og slett så enkelt at det ikkje fanst slike område i bykjerna, anten fordi kommunen ikkje ville regulera slike aktuelle tomter til fritidsaktivitet eller fordi dei ikkje hadde råd av økonomiske årsaker? Med tanke på byutvikling var nok dette både politiske og økonomiske utfordringar som kommunen måtta ta omsyn til når dei skulle leggja til rette for idrettsaktivitet.

Fotballen på løkka eller den uorganiserte fotballen fekk vanskelegare kår. Tidlegare små fotballbaner gjekk med når byen vart utvida. Gatene vart nok til ein viss grad nytta til fotballsparking, men aukande trafikk gjorde desse områda dårleg eigna. Byveksten var samtidig med på å øydeleggja fellesområde som tidlegare hadde vorte nytta til fotball eller andre aktivitetar (Sæther, 2016). Det vart etter kvart viktigare å flytta fotballen inn på spesialiserte arenaer.

Alt i alt skjedde det ei demokratisering av fotballen i Kristiania. Mange av dei nye fotballspelarane på 1910-talet kom frå arbeidarklassa, og det vart danna nye klubbar over heile Kristiania. Auka sportifisering gjorde sitt til at klubbane i aust og vest etter kvart møttest på same arenaen og klubbane i vest måtte slita for å oppretthalda hegemoniet. Utover på 1920-talet skjedde det fleire gonger at austkant-klubbane vart kretsmeistrar (Øiseth, 1963). Det skjedde ikkje dei fyrste 15 åra etter danninga. Demokratiseringa omfatta ikkje barn, men ungdom (gute- og juniorspelarar over 14 år). Kvinnene var om lag usynleg i fotballfeltet, bortsett frå på tribuna. Fotball handla heile perioden mest om unge menn. Likevel var det eit synleg trekk at fleire av klubbane danna eldreråd for dei som ikkje lenger var aktive spelarar (Sportsklubben Frigg, 1914). Den nedre aldersgrensa kunne vera heilt ned til 25 år. Om slike råd kunne påverka den sportslege utviklinga i klubben i noko særleg grad, er vanskeleg å seie. I utgangspunktet kan ein tolke dette fyrst og fremst som eit sosialt møtepunkt som var nok i seg sjølv, men fleire i denne gruppa kunne vera ressurssterke og dermed vera i posisjon til å påverka sentrale prosessar i klubben. Særleg når dei fekk plass i styret av klubben. Slik kan det vera rom for å hevda at denne utviklinga òg var med på å auka sportifiseringa.

Dei unge gutane spela ein sentral rolle, og sjølv om me ikkje kan snakka om ungdomsopprør, var dei viktige for fotballens vekst i heile perioden. Dei unge spelte løkkefotball, men hadde òg organisert kamptilbod frå tidleg på 1900-talet; fyrst via skulefotballen, deretter som del av forbundet og kretsen sitt ordinære serietilbod. Fotballsporten si utvikling, både den indre og ytre rasjonalitet, vart prega av ungdomen. Ved at dei hadde delteke i fotball anten den var uorganisert eller organisert, var dei gjennom heile oppveksten med på å skyva grenser for prestasjon. Dei la press på dei eldre og gjorde fotballen betre. Kombinasjon av auka deltaking frå austkanten og unge spelarar var med på å gje sportfiseringsprosessen eit spark framover.

Avrunding

I denne artikkelen har me vist at fotballen spela ei viktig rolle og har vore med på å utvikla byen Kristiania i 1900–1924. Dette gjaldt både i form av aktivitetsauke, ny organisering og nye idrettsanlegg. Til saman var det med på å byggje kultur, trivsel og identitet i organisasjonsliv, klubb og nærområde i Kristiania by.

Auka demokratisering, arbeidarklassen inn på bana, betre fasilitetar, klarare skilje mellom arbeid og fritid, og rasjonell tankegang var viktige samfunnstrekk som påverka byutviklinga i Kristiania i denne perioden. Det gjaldt òg i høve utviklinga av idretten og her spesielt fotballen. Slik kan det hevdast at idretten si utvikling er ei spegling av samfunnet si utvikling. Men ein kan òg hevda at sportifiseringa som ein prosess ikkje berre speglar, men er ein sentral del av samfunnets utvikling. Sportifiseringa kan sjåast på som ein prosess der fotballen frigjer seg frå samfunnets utvikling. Den indre rasjonaliteten og eigenverdien til denne idretten overgår nytteverdien og den ytre rasjonaliteten. Då kan ein òg, kanskje med rette, hevda at i staden for at samfunnet einsidig påverkar idretten ei viss retning, er det faktisk idretten, og her fotballen, som påverkar byen og samfunnsutviklinga.

Merknader

Forfattarane har ingen interessekonfliktar

Litteraturliste

Andersen, E. (2007). Det store gjennombruddet. Norsk fotballs kulturhistorie 1885–1925. Oslo: Norges idrettshøgskole.

Andersen P.C. (1927). Norges Fotballforbund gjennem 25 år. Oslo.

Andersen P.C. (1933). Oslo Fotballkrets gjennem 25 år, Oslo.

Beretning for Oslo kommune (1952): for årene 1912–1947, Oslo.

Dokument nr 19 (1919–1920) Indstilling fra det kommunale Idrætsutvalg om anlæg, utstyr, bruk og tilsyn av leke-, øvelses- og idrætspladser i Kristiania. Aktstykker Kristiania kommune.

Fossøy, J. (2008). Tippekampen: meir enn ein fotballkamp, Masteroppgåve. Oslo: Norges Idrettshøgskole.

Fossøy, J., Moe, V.F., Fretland, F. (2020): Idrett og media i Noreg – frå analoge til digitale medieplattformer. I Halvorsen, L.J., Stokken, R., Rogne, W.M., Erdal, I.J. (red.) (2020). Digital samhandling – Fjordantologien 2020 (s. 103–122). Oslo: Universitetsforlaget.

Fossøy, J., Moe, V.F., Fretland, F. (2018). Sogndal fotball 1988–2016 – frå regional til internasjonal aktør. I Hogset, H., Berge, D.M., Dale, K.Y., (red.) (2018). Det regionale i det internasjonale – Fjordantologien 2018 (s. 341–361). Oslo: Universitetsforlaget.

Fretland, F. (2007). Fotballkamp paa Grus og Græs i Kristiania I Idæt, nation og politik – nordiske komparationer. Idrætshistorisk årbog 2007. Odense: Syddansk Universitetsforlag.

Goksøyr, M. (2010). Idrett for alle: Norges idrettsforbund 150 år: 1861–2011. Oslo: Aschehoug.

Goksøyr, M. (2008). Historien om norsk idrett. Oslo: Abstrakt forlag.

Goksøyr, M. (1992). Staten og idretten 1861–1991. Oslo: Kulturdepartementet, Idrettsavdelingen

Goksøyr, M. (1991). Idrettsliv i borgerskapets by: en historisk undersøkelse av idrettens utvikling og organisering i Bergen på 1800-tallet. Oslo: Norges idrettshøgskole.

Goksøyr, M. (1989). Prestasjonsmåling eller posering? Den engelske sporten i norske omgivelser. To eksempler fra Bergen mot slutten av 1800-tallet, s. 9–32. I Goksøyr, M. & Mo, K. (red.) (1989). Norsk idrettshistorisk årbok 1989. Oslo: NIF.

Goksøyr, M. & Olstad, F. (2002). FOTBALL! Norges Fotballforbund 100 år. Oslo: Norges Fotballforbund.

Kjeldstadli, K. (1999). Fortida er ikke hva den en gang var. Oslo: Universitetsforlaget.

Kjeldstadli, K. (1990). Oslo bys historie bind 4. Oslo: J.W. Cappelens Forlag A/S.

Kjeldstadli, K. & Myhre, J.E. (1995). Oslo – spenningens by, Oslohistorie. Oslo: Pax Forlag A/S.

Lesjø, J.H. (2008). Idrettssosiologi – sportens ekspansjon i det moderne samfunn. Oslo: Abstrakt forlag.

Myhre, J.E. (1990). Hovedstaden Christiania, Oslo by historie, bind 3, 1814–1990. Oslo: J.W. Cappelens Forlag A/S.

Olstad, F. (1987). Norsk idretts historie, Forsvar, sport klassekamp 1861–1939, bind 1. Oslo: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard).

Olstad, F. (2013). Heia Vål’enga!. Vålerengen Idrettsforening 100 år. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo.

Oslo Byleksikon (2000), fjerde utgave. Oslo: Kunnskapsforlaget.

Rafoss, K. & Breivik, G. (2012). Idrett og anlegg i endring. Oppslutning om idrettsaktiviteter og bruk av idrettsanlegg i den norske befolkningen. Oslo: Akilles.

Sæther, S. (2016). Paa grus og græs – Kristianiafotballens sosiale bakgrunn 1905–1924. Masteroppgave i historie. Oslo: UiO.

Sportsklubben Frigg (1914). Jubileumsberetning 1904–17.mai–1914, Kristiania.

Øiseth, E. (1963). Vålerengens Idrettsforening gjennom 50 år. Oslo.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon