Arne Klyve & Jon Severud

Ordbok for underklassen

Spartacus 2013

Ei språklig motstandsrørsle

New Public Management (NPM) er noe forbanna skit. Ein organisatorisk kreftsvulst i samfunnslekamen. Ein smitte frå felt der det kanskje kan vera nyttig, til område der det er skadelig. Og kva kan ein gjera med det?

Ein kan forska på feltet, drøfta og utgreia negative effektar. Ein kan driva faglig og politisk kamp mot uvesenet. Ein kan skriva sure og grinete artiklar og debattbøker om landeplaga. Eller ein kan velja satirisk harselas. Det har Arne Klyve og Jon Severud brukt litt av si restarbeidsevne til å gjera. I bokform, eller som «analog læringsplattform», som det heiter i den pedagogiske varianten av NPM-vokabularet. Dei har gjort det etter det mest grunnleggande av alle ordningsprinsipp: Alfabetet. Med eit aldeles utmerket forord av Morten Strøksnes som viser veg til det ideologiske alvoret bak det språklige røykteppet.

Analog læringsplattform

Resultatet er ei rasande underhaldande og skrekkinngytande utbretting av administrativ newspeak og tanketome formuleringar. Men det skræmande er at alle desse språklige paddene summerer seg opp til organisatoriske herskarteknikkar og eit blekksprutaktig disiplineringsopplegg for å tyna faglig danning og sjølstendighet.

Forfattarane ser for seg eit hjernevaskingsprosjekt som kan balansera på grensa til det konspiratoriske. Deira prosjekt er å reisa ei motstandsrørsle for å slå tilbake mot byråkratspråk, nyord og styringsteknikkar frå næringslivet. For språk er makt, som Rolv Mikkel Blakar lærte oss for lenge sidan. Ettersom den eine av forfattarane er lektor og den andre lækjar, er dei fleste døma frå skulen og helsevesenet. Men dei språklige tentaklane har sine gjenkjennelige utløparar som også er vel kjende i forvaltninga og forskeria. Det er derfor ein stakkar treng minst 20 vekttal i søknadologi for å ha sjanse til å nå fram i kampen om føda.

Noen favorittar

Ordboka er full av språklige perler i paddeform. Min absolutte favoritt er «biomasse» som kan brukast som alternativ til ordrereserve for å talfesta behandlingskøen i eit helseføretak. «Derekruttering» for å gje folk sparken er heller ikkje så verst. Eller rektor som «resultatsenhetsleder».

NPM er ein helvetesmaskin som skaper sin eigen virkelighet. Dei tilhøyrande orda lever i og skaper sine eigne nisjar. Språket er ein horisont, og horisonten er grensa for det ein kan sjå.

Manipulatorisk tåkeprat

Tåkefyrstesnakket er ikkje ei litt uheldig og beklagelig språklig side av gode intensjonar; det er ei bevisst tilsløring og fordumming. NPM-språket med tilhøyrande organisatoriske strukturar undergrev fagbasert kompetanse og skjønn. Det er framandgjerande og derfor også eit demokratisk problem. For å seia det i NMP-sjangeren sin eigen terminologi: Det sub-optimaliserer forståelse og kommunikasjon. Men det er også noe av hensikten, for det skaffar ledelsen organisatorisk og språklig kapital som trumfar den faglige kapitalen.

Det er alltid eit problem med hierarkisk styring og lydighet i kunnskapsbedrifter og kunnskapsbaserte organisasjonar. Det er derfor det er så viktig med ord og rapporteringstyranni som skaper avstand og age, mystikk, makt og manipulativt spelerom i eit målstyrt system.

Ein parallell er sjølsagt kyrkjelatinen som saman med det klerikale hierarkiet umyndiggjorde folk flest. Deira erfaringar, kunnskap og kultur var ingenting verd når det kom til dei store spørsmåla om makt og rett, underklasse eller ikkje. Der dei juridiske og teologiske fakulteta har mista sin pondus, har handelshøgskulane rykka inn.

Krigsminister Økseskaft

NPM-språket er konsipert av organisasjonsteknokratar og ført vidare av forvaltarar og administratorar med ledelse som mantra, men det smittar også til politikken, med Grete Faremo som ukrona dronning. Som forsvarsminister utvikla ho ein formidabel kompetanse i å snakka bort kva som helst med å svara sitt same uansett kva spørsmålet var. Sjøl hadde eg stor glede av å døypa henne om til Krigsminister Økseskaft.

Det nye regjeringsregimet har sagt at det skal redusera og avskaffa byråkrati. Det kjem ikkje til å skje. Ein og annan byråkrat på eit eller anna kontor kan sikkert få andre arbeidsoppgåver, men så lenge NPM-evangeliet er ein sentral del av truvedkjenninga, kjem det til å bli meir privat og offentlig byråkrati. Det kjem bare til å heita noe anna: ettersyn og tilsyn; revisjon, rapportering og reformimplementering; evaluering, effektivisering og endringsledelse. Og andre tiltak som skaper tilsløring.