Artikkelen handlar om sensitivitet i forsking på cannabisbruk. Sensitive tema er spesielt utfordrande å forske på, då rommet for «face-work» blir særleg stort. Kva som vert konstruert som sensitivt i intervjusituasjonen er avhengig av trekk ved intervjuaren og korleis informanten oppfattar denne. Samstundes er konstruksjonen av sensitivitet avhengig av ein røyndom utanfor intervjuet; av informanten sin livssituasjon og erfaringar. Ideen om intervjuarnøytralitet er problematisk i seg sjølv, men i sensitive intervju vert det særleg tydeleg at data er samkonstruerte av forskar og informant. Forskaren må difor vere refleksiv i intervjuprosessen, og særleg i analysearbeidet. I tillegg til å fokusere på kva som vert fortalt, må vi også vere sensitive for korleis, for kven ei ytring er retta mot og kvifor.