Dei siste 7 åra har redaksjonen av Sosiologisk tidsskrift vore ved Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen, først med Ann Nilsen, deretter med Nilsen og Olav Korsnes, og dei siste knappe tre åra med underteikna som redaktørar. Frå og med nr.1, 2006 overtek Arne Mastekaasa og Lise Kjølsrød, Institutt for sosio-logi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo, dette ansvaret. Vi ynskjer den nye redaksjonen lukke til! Slik vi har gjort det, trur vi også dei fort vil oppdage at redaksjonssekretæren er ein nøkkelperson i den daglege drifta.

Ei særleg takk til Herdis Øystese som har gjort denne jobben for oss.

I løpet av vår redaksjonstid har ST vorte medlemstidskrift for Norsk sosiologforening, og med det fått eit sterkt utvida abonnenttal. Vi vonar vårt siste nummer – som omhandlar temaet sosiologi og nyliberalisme – fell i smak. Kva teoretiske, metodologiske og empiriske problemstillingar melder seg, og korleis er vilkåra for sosiologisk verksemd i det som gjerne vert omtalt som ein ny--liberal tidsalder? Artiklane som følgjer omhandlar, direkte eller indirekte, desse spørsmåla.

I europeisk samanheng vert Storbritannia gjerne framheva som det landet som først stifta kjennskap med eit ny-liberalt regime. Då vi finn ei komparativ tilnærming verdfull også i høve til slike problemstillingar, har vi invitert to britiske sosiologar – John Scott og Mike Savage – til å bidra spesielt til dette temanummeret. Dei norske bidragsytarane er Trond Løyning, Siri Ytrehus, Lars Mjøset og Bent Sofus Tranøy.

Takk for oss!

Karen Christensen

Johs. Hjellbrekke