Djupast sett kan planlegging seiast å vere vårt (samfunnets) fremste virkemiddel for å redusere risiko. Ved å vere framtidsretta og basert på systematisk kunnskap, kan planlegging bidra til å forebygge, like mykje som til å bygge. For planlegging handlar både om å sjå på utviklingstrekk (spesielt å få fram slike som vi ikkje likar) og ved å sette oss mål som er i samsvar med våre idear om det gode samfunn (berekraft for landet, regionen, byen, kommunen). På dette grunnlaget skal våre folkevalde organ utvikle ei planlegging som først drøftar, og så fastlegg, strategiske grep knytt til samfunnsutvikling.

Det seier seg sjøl at desse grepa handlar om å gjere politiske prioriteringar når vi – på bakgrunn av marsjordren om å skape lågutsleppsamfunnet – nyttar plankompetanse (fagpersonalet) og planengasjement (dei nyvalde folkevalde) i det langsiktige arbeidet med å fjerne flaskehalsar for lokal samfunnsutvikling – no i berekraftig retning.

Men her er det noko som skurrar. Setningane ovenfor kan vere greie nok, men representerer eit tankesett som sosiologane ville kalt industrisamfunnets tenkemåte. Denne tenkemåten gjekk på formelen: (1) Vi har eit overskyggande samfunnsproblem – på 1930-talet ein omfattande fattigdom. (2) Vi har ei løysing: «Historia» har gitt oss ein vekstkraftig industri, med eit overskott vi kan nytte til å gi utdanning og velferdsordningar for alle. (3) Dette er noko vi kan samle oss om (uansett om vi bur i Sovjet-Russland, USA eller Norden!) og (4) Så gjennomfører vi det: Gjennom skattar, avgifter og overføringar finansierer vi (Storting, fylkesting og kommunar) eit industribasert velferdssamfunn.

Når miljø- og klimaproblema kjem på dagsordenen bryt denne modellen saman. For det er nettopp vekstimpulsane i den industrielle økonomien som har forsterka miljøproblema. Sosialdemokratiet prøvde lenge å lansere «Vekst og vern» som parole, men det gjekk dobbelt galt: Ikkje berre var tenkemåten sjølundergravande, i tillegg hadde verdas industrielle tyngdepunkt – og dermed den samfunnsbyggande rolla industrien hadde – nærast over natta blitt flytta til Aust-Asia.

Innan sosiologifaget er det vanleg å omtale det etter-industrielle samfunnet som «risikosamfunnet», eit begrep som særleg den tyske sosiologen Ulrich Beck (1944–2015) blei kjend for. Risikosamfunnet handlar dels om at miljøproblema (som absolutt fanst også under industriepoken!) no er blitt meir alvorlege, og dei er i langt større grad erkjent enn før. Men dei er ikkje enkle å identifisere: CO2-en ser vi ikkje, og det er tusenvis av ulike prosessar som driv den globale temperaturen opp, og truleg over, det omforeinte og eintydige togradarsmålet! Og denne kompleksiteten blir forsterka av ei tiltakande individualisering, ei politisk avregulering og ei nedbygging av kollektive institusjonar (vi kan vere glad for at vi fortsatt har Vinmonopolet i desse Vy-tider!). Individualisering og fragmentering grip om seg, også på det mest kollektive området, nemleg i demokratiet. Her dominerer personfokuset, og dei etablerte «styrings»partia, som var ein føresetnad for opplæring i planlegging, har tapt oppslutting og dermed mista si disiplinerande oppgåve.

I dette postindustrielle samfunnet florerer opplevd risiko og sårbarheit som aldri før. Tabloidavisene og nettsidene kjem nærast dagleg med nye farevarslar, gjerne på område som vi trudde var tilnærma trygge. Og det er lenge sidan vi fekk vite at det ikkje nyttar å stikke seg unna: Langt dei fleste ulykker og valdsepisodar skjer i heimen – no befordra av dystre ting som kjem på skjermen. «Don’t follow leaders, watch parkometers» sang Bob Dylan allereie på 1960-talet … Forsikringsselskapa kan fortelle om eit eventyrleg sal av individuelle helseforsikringar som dekker akkurat det same som det du har krav på, gratis, frå dei statlege Helseforetaka.

Så det skal ikkje vere lett å gjenreise interesse og engasjement for planlegging som svar på risikosamfunnet sine problem, i ei befolkning der mange har erstatta borgarrolla med ei kunderolle. Vi som har trua på planlegging – og på samfunnsbyggande institusjonar – må erkjenne eksistensen av risikosamfunnet, iallfall som ein opplevd realitet for mange, og ta jobben derifrå.

Nils Aarsæther er fast kommentator i Plan.