Det er få område der klimaendringane vil merkast tydelegare enn på vatn. Ifølge klimaforskarane vil klimaendringane truleg føre til meir tørke, meir regn og fleire ekstreme vatn-relaterte vêrhendingar som vil påverke vasskvaliteten på ulike måtar (Alfsen et al., 2013; Hanssen-Bauer et al., 2009; Miljøvern-departementet, 2012; NOU 2010:10, 2010). I denne artikkelen skal eg drøfte norsk vassressursplanlegging i lys av dei utfordringane som eit endra og foranderleg klima vil få for planlegginga.