Bakgrunn

Utover minstekravet i plan- og bygningslova om openheit ved oppstart, høyring og avgjerdsfasen står kommunane fritt til å ta med innbyggjarane på dialog. Det er særleg interessant å sjå på korleis kommunane inviterer innbyggjarar til å medverke i sjølve politikkutforminga. Vi spør om medverknad kan vere ei utrykk for tillit, eller om tillit er eit produkt av vellukka medverknad?

Mål og metode

Vi har sett på medverknadsopplegget i to case-kommunar sine planprogram for helse og omsorgsplan, og drøftar kva desse medverknadsformene seier om tilliten kommunen har til innbyggjarane. Den eine kommunen er stor, den andre er relativt liten.

Resultater

Vi tek utgangspunkt i at det eksisterer tre tillitsformer som er dynamiske og varierer over tid. Kulturell tillit har dominert i tradisjonelle samfunn og det kan tenkast at denne tillitsforma framleis dominerer i små kommunar, som framleis er relativt homogene. Strukturell tillit synast å dominere i moderne samfunn ved at lover og reglar regulerer dei fleste samfunnsområde. Strukturell tillit kompenserer kulturell tillit, men gjev ikkje grunnlag for engasjement, samhandling eller dialog og bidreg mindre til demokratisk legitimitet. Den tredje forma for tillit, den relasjonelle tilliten, er eit produkt av kommunikative prosessar, og eit uttrykk for nedanfrå- og-opp strategiar. Vi finn att perspektivet i helselovgivinga som brukarmedverknad og i planog bygningslova som innbyggjarmedverknad. Føresetnaden for å byggje relasjonell tillit er samhandling og dialog. Auka grad av individualisering av samfunnet svekkar det kulturelle tillitsgrunnlaget og gjer at relasjonell tillit er naudsynt for å skape demokratisk legitimitet.

Empiristudien viser at kommunen som er stor i større grad legg til rette for direkte medverknad frå innbyggjarar og brukarar i planarbeidet enn kommunen som er relativt liten. Den minste kommunen involverer i større grad faste råd, folkevalde og tilsette i planarbeidet. Slik medverknad blir i oppgåva omtala som indirekte medverknad. Begge kommunane inviterer til dialog utover minstekravet i lova.

Det at kommunane held seg til lover og reglar vil vere viktig for strukturell tillit, som ein føresetnad for medverknad. Opplegg for medverknad som involverer brukarar og innbyggjarar direkte eller indirekte trengst for å sikre engasjement i arbeidet med planutforminga. Indirekte medverknad gjennom faste råd og utval kan gje større læring og bidra til kapasitetsbygging, og det kan føre til auka relasjonell tillit mellom kommune og innbyggjar.

Konklusjon

Studien vår viser at tillit kan vere både ein føresetnad for vellukka medverknad og eit «produkt» av vellukka medverknad.