Bakgrunn

Fleire lovverk er med på retningsendringa som samhandlingsreforma legg opp til – å fremje helse og førebyggje framfor å reparere. Men for å lukkast med førebyggande folkehelsearbeid i kommunane er ein avhengig av at arbeidet er verdimessig akseptert og at det er felles oppslutnad om folkehelsemål.

Mål og metode

Oppgåva hadde som mål å undersøke legitimiteten til folkehelsearbeidet i Ørsta kommune, og å sjå på naudsynte tiltak for å fremme folkehelsearbeidet sin legitimitet i kommuneorganisasjonen.

Kvalitativt intervju vart nytta for innsamling av empirisk materiale. Totalt gjennomførte vi fem intervju; ordførar og leiar i Levekårsutval frå politisk nivå, rådmann, seksjonsleiar skule og tre rektorar (gruppeintervju) frå administrativt nivå, samt hovudtillitsvald. Informantar var valt med bakgrunn i at vi ønska kjennskap til korleis politisk og administrativ toppleiing tenkte rundt temaet folkehelsearbeid. Teoretisk modell for drøfting av legitimitet er «legitimitetstrappa» og planleggingsteori om kapasitetsbyggande planlegging (empowerment) av Roar Amdam (2011a, 2011b1).

Resultater

Vi fann at folkehelsearbeidet plasserer seg lågt i legitimitetstrappa, og i hovudsak på operasjonelt nivå og med kognitiv og/eller pragmatisk legitimitet. Ei årsak til dette kan vere fråvere av forankringsprosessar i kommunen og at implementering har vore i form av ovanfrå-og-ned-politikk, altså etter pålegg frå nasjonalt og/eller regionalt nivå. Ei anna årsak kan vere at folkehelseomgrepet er utydeleg og lite konkretisert, og at det er ulike oppfatningar av folkehelseomgrepet hos fagetatar og seksjonar, men og hos administrativt og politisk tilsette. Om ein ikkje har ei felles forståing kan ein «snakke forbi kvarandre» og dette kan tilsløre legitimiteten til folkehelsearbeidet, i tydinga av at legitimiteten vert svekka.

Konklusjon

For å styrke folkehelsearbeidet sin legitimitet og kome lengre opp i legitimitetstrappa, er det naudsynt med meiningsdannande prosessar og med det stimulere mobiliseringsvariabelen gjennom kommunikativ logikk. Ressursmobilisering innanfrå i eigen organisasjon kan bygge kapasitet både individuelt og kollektivt, og auke sjansane til forankring og eigarskap til planar og prosessar. Kartlagde folkehelseutfordringar kan vere viktige element i meiningsdannande prosessar og med det auke legitimiteten til folkehelsearbeidet i eigen organisasjon.