Bakgrunn

Samhandlingsreforma blir ofte kalla ei retningsreform gjennomført over tid. Utforminga skal skje undervegs og realiseringa byggjer på fleire verkemiddel. Eit slikt verkemiddel er bindande samarbeidsavtalar mellom kommunar og helseføretak. Ein har lagt til grunn at for å lukkast med målsetjingane i avtalane må partnarskapet ha kjenneteikn på eit integrert samarbeid, med stabile og føreseielege relasjonar og strukturar, høg grad av tillit, klar maktfordeling, god kommunikasjon og informasjonsdeling.

Mål og metode

Å sjå i kva grad avtalen om innlegging i og utskriving frå helseføretak har medverka til eit meir integrert samarbeid mellom kommune og helseføretak.

Studien bygger på ei kvalitativ tilnærming gjennom intervju av tilsette i fire kommunar og to sjukehus i Bergensregionen. Samarbeids- og nettverksteoriar er sentrale i drøftinga.

Resultater

Studien viser at samarbeidsavtalar om inn- og utskriving er tekne i bruk og blir opplevd som viktige verktøy. Samhandling er likevel langt meir enn det ein avtale kan omhandle. Avtalane kan ikkje regulera alle faktorar som bør vera til stades for eit godt samarbeid. Samhandling er i vesentleg grad knytt til relasjonar og føreset at aktørane har kunnskap, ferdighetar og verdiar som støttar opp om kollektive handlingar. Avtalane og prosessane kring inngåing av desse har ført til at partnarskapet mellom kommune- og helseføretak har utvikla seg mot eit meir integrert samarbeid. Partane er komen ulikt, men ingen kjenneteiknast ved eit fullt ut integrert samarbeid. Samarbeidsavtalar som omhandlar innskriving i eller utskriving frå helseføretak kan vera eit viktig verkemiddel i samhandling. Skal dei bli eit enda meir sentralt verkemiddel, må prosessane og dei menneskelege relasjonane få større fokus.

Konklusjon

Eit samarbeid treng tid for å utviklast, men tidsperspektivet er ikkje nok. Om ein skal lukkast, krevst det aktiv og god handtering av prosessane. Leiaransvaret i partnarskapet er då ein avgjerande faktor.