Velkomen heim til oss i The Happy End – bygda Norddal på Sunnmøre. Bygda er litlesøstera til turistbygda og -magneten Geiranger, og ligg omtrent midt mellom Ørnesvingen og Trollstigen. Kjem du til Norddal er det sjeldan på slump, viss du då ikkje tek turen berre fordi du nett mista ferga i Eidsdal og har litt tid til overs. Her finn du 130 trottuge sjeler og minst 15 små og mellomstore verksemder. Dei fleste av dei er medlemar av The Happy End – Norddal. I denne artikkelen gir vi deg eit lite innblikk i utviklingsarbeidet vårt som det ser ut frå vår ståstad i verda.

Det var ein gong …

Slik må nesten ei historie som endar med The Happy End, ta til. Det var ein gong i 2003 at det sjølv for folk med stort pågangsmot og arbeidsvilje kjentest litt trått alt saman. Over tallause kaffikoppar, i matpausar og langs vegane oppsto ei felles oppleving av at «nokon må gjera noko», og at denne nokon måtte vere oss sjølve. At det ikkje var å vente at kommunen eller andre instansar skulle sjå, vete eller gjera det som trengtest for at vi skulle få att trua på at Norddal er staden der ting skjer, der folk vi trivst i lag med, kan bu, og verketrong gro. Nokon var tre-fire eldsjeler som sette i gong ein prosess dei ikkje kunne sjå rekkevidda av. Historia om The Happy End – Norddal (THE), er etter mi meining avhengig av korleis prosessen starta og vart driven det første året. Derfor brukar eg ein del plass på det, før eg deler nokre tankar om i kva grad vi lukkast i utviklingsarbeidet, og i tilfelle korfor.

Rundt og rundt

Svært mykje skjedde frå hausten 2003 til sommaren 2004. I retrospekt ser vi at fasar, arbeidsmåtar og tankar gjekk i sirklar før vi kom fram til endeleg målformulering og organiseringsform. Vi hadde tankar om kva som var viktig for oss då, som vi i ettertid kan sjå har vorte prinsipp vi har arbeidd etter sidan.

Ein vidopen prosess

Eit av dei viktigaste prinsippa for å sette i gong, var at prosessen skulle vere open. Med open meinte ein at folk både skulle vere inviterte til å delta i diskusjonen om i kva retning utviklingsarbeidet skulle gå, og delta i gjennomføringa. Eg vil hevde at ein medvete eller ikkje, unngjekk å gå i fella og lage ein «skinn-open» prosess, som ein lett kan gjere viss prosessen først og fremst er laga for å overtyde andre om eigne gode idear. Det førte til at målet for arbeidet endra karakter fleire gongar. Det første året lærte oss etter mi meining at det er ikkje farleg, men nyttig å spørje folk om kva, kven og korleis ein kan gjere ting og at vi får til meir saman enn kvar for oss. Vi fann ut kva verdigrunnlag, ståstad, interesser og kompetanse folk hadde, og fekk etablert næringsorganisasjonen The Happy End. Sist, men ikkje minst fekk vi att trua på at Norddal er staden ein kan få ting til å skje!

Det vi kan, har og er, er noko verd!

Gjennom det første året jobba vi i ulike fora, med nye arbeidsmetodar og verktøy. Som følgje av dei første 100 000 kronene vi fekk til utviklingsarbeid frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kunne vi leige inn ekstern kompetanse til å hjelpe oss. Det avgjorde antakeleg skjebnen til The Happy End i starten. Med desse kronene fekk vi pusterom, motivasjon og råd til å invitere kloke folk utanfrå, sånn at vi kom i gong på rett fot. Vi fekk vårt første møte med profesjonelt prosessarbeid med Via Fantasia, som kom inn med arbeidsmetodar som var ukjente for oss som lokalsamfunn. Men den kreative galskapen dei hadde med seg, fann gjenklang i bygda. Den sunne galskapen førte til dømes til at styret i The Happy End er kalla Storblåsarrådet, leia av Sjefsstorblåsaren. Ein storblåsar er i utgangspunktet ein litt oppblåst type med hang til sjølvskryt. Vi valde å bruke det halvt ironisk, halvt vri på bruken til å vere ein som er stolt av det ein får til.

Det er lov å vere ueinig – og å tore nye ting

Den viktigaste effekten av arbeidet det første året var kanskje at ved å løfte blikket, såg vi verdien av eigne ressursar, eige arbeid og oss sjølve som menneske. Haldninga at det er lov å vere stolt, har følgt oss sidan. Det same har den smule galskap vi fekk med oss. Eit felles verdigrunnlag har nedfelt seg i organisasjonen, basert på ressursutnytting lokalt, forvaltartanke, ei raus haldning til suksess hjå andre og at kreativ galskap er ok. Det tyder ikkje at alle er einige om alt heile tida! Men det er ei sterk side ved lokalsamfunnet at dei fleste skil godt mellom sak og person sjølv når dei er svært ueinige.

Ein må feire både små og store sigrar

Skal ein summere kva ein har oppnådd dei første ti åra, er det nesten vanskelig å skilje mellom personar, verksemder og organisasjonen The Happy End. Mange skil ikkje mellom arbeid og fritid, mellom arbeid til eiga inntekt, dugnad for lokalsamfunnet og kollektiv innsats for andre sine verksemder. Ein kan òg seie at organisasjonen har formalisert eit gjensidig tillitsforhold som kanskje har vore eit trekk ved kulturen i bygda lenge. Dette tillitsforholdet gir oss liten grunn til å konkurrere, ettersom medlemane vil kvarandre vel, og kvar er avhengig av at dei andre lukkast.

For mange har desse åra vore ein einaste lang læringsprosess, THE har utan tvil vore ein viktig kanal for kunnskapsdeling og kompetanseheving. Samarbeidet har gitt mot til å auke innsatsen, til å tore å satse. Det har gitt sjølvtillit og vore eit viktig bidrag til at ein held ut. THE har ein viktig funksjon i å vere kritiske ven i medlemane si produktutvikling. Å spele kvarandre gode, heiter det gjerne i fotballverda. Det inneber at ein ber kvarandre fordi det alltid er nokon som er «oppe» viss ein sjølv er nede. Organisasjonen er ein arena for innovasjonsarbeid og ein kanal for å gjere medlemane synlege, vere ein felles stemme overfor offentleg forvalting på vegner av lokalsamfunnet, og har gitt større tilgang til økonomiske verkemiddel enn kvar verksemd for seg.

Eit av stunta tidlig i Happy End si historie var å «ramme inn» bygda frå Lingekaia på andre sida av fjorden. Her kunne du sjå bygda, eller ta bilde – ferdig innramma. Innramminga var eit resultat av ein sprø idé på ein arbeidsverkstad, og etter litt justeringa var ideen realisert slik. Til høgre Petter Melchior og Laila Olsen, til venstre eit tilfeldig nederlandsk par som fekk vere med på avdukinga. (Foto: Storfjordnytt)

Å telje eller fortelje?

Når ein skal vise til kva storsamfunnet får att for kronene dei yter, eller den innsatsen lokalsamfunnet legg ned i THE, kjem ein raskt bort i teljekantbehovet for system og kategoriar. Ein kjem opp i vanskelege spørsmål som kor stor verdi har eit godt liv? Ein meiningsfull arbeidsplass? Kva THE er årsak til, er basert på korleis vi sjølve opplever det. Utan THE hadde bygda som samfunn antakeleg ikkje vore i stand til å kjøpe Norddal Prestegard og Paktarhuset av kommunen. Nye etablerarar har eit nettverk av verksemder å stø seg til. Offentlege utviklingskroner finn vegen til mikro-samfunnet vårt mellom anna for vidareutvikling av verdsarvverdiar i Grøn bygd, kunstnariske verdiar i Prøvekluten ved Høgskulen i Volda og næringsverdiar til vidareutvikling av profesjonelle reiselivsprodukt fordi vi er nettverksorganisert. Siste tilskot på lista over tiltak det er vanskeleg å måle verdien av, er kjøpet av Eldrebustadane frå kommunen i mai. Kjøpet er ikkje direkte knytt til Happy End som organisasjon. Ein kan likevel sjå for seg at kulturen som er vidareutvikla gjennom samarbeidet indirekte er grunnen til at kjøpet kunne verte realisert.

Vertskapet i Melchiorgarden, Petter Melchior og Torunn Ljøen, i prat over kafebordet med nye sambygdingar, abbedisse Thavoria, nonne Evgenia og ein arbeidssøkjar frå Georgia. Klosteret av de heilage Kong Olav og Profet Elias er ortodoks, og har etablert seg i Prestegarden som ei lokal stifiting no eig. (Foto: The Happy End)

Nokre tiltak er retta langt utover eige bygdesamfunn. I 2011–12 var THE deltakar i eit større EØS-prosjekt gjennom erfarings- og kunnskapsutveksling med liknande verksemder og lokalsamfunn i Bulgaria. I desse dagar får vi svar på ein ny prosjektsøknad skreve saman med våre bulgarske vener. The Happy End løfter altså blikket langt utover bygdelaget, og bygger bru mellom folk og lokalsamfunn. Slike samarbeid setter eigne liv, verksemder og samfunn i perspektiv, og vi veks både som samfunn og som menneske.

Nokre tiltak, som å ramme inn bygda frå Lingekaia på andre sida av fjorden, har kanskje større verdi lokalt og internt, enn for å hente inn gjestar. Men slike stunt signaliserer overfor oss sjølve at noko skjer, vi går frå plan til handling. Eit anna konkret tiltak for medlemane i organisasjonen, er ei felles nettside som presenterer alle verksemdene, det som skjer i bygda og tanken bak THE.

Det er stort sannsyn for at THE har bidratt til både å skape og bevare arbeidsplassar i eit lite, eller rett ut sagt, marginalt bygdesamfunn. Utan innsatsen som er lagt ned i samarbeid for fellesskapen og statlege, fylkeskommunale og kommunale utviklingskroner, hadde fleire verksemder antakeleg vore dårlegare stilt i dag. Men viktigare er kanskje auka sjølvkjensle både hos dei som driv THE, og dei som er tilskodar til at bygda får positiv merksemd retta mot seg. Når THE valde mottoet «oss skal vise dei oss», som kan tyde både vi skal vise de og vi skal vise dei oss, institusjonaliserte ein kanskje berre ein lenge vald identitet i bygda som eit sjølvgåande, uavhengig, hardtarbeidande og levedyktig lokalsamfunn.

Vi har lukkast fordi vi har det kjekt i lag!

Det enkle er ofte det beste, er eit mykje brukt slagord. Skal vi forklare korfor vi opplever å lukkast, etter superenkel forsking, altså ein prat over kaffikoppane, ligg mykje av forklaringa i noko så enkelt; vi har det kjekt i lag. Den hemmelege faktoren bakom, er at vi ser til at vi har det kjekt i lag. Det kjem ikkje av seg sjølv, til det har vi for mykje å gjere alle. Ein må prioritere samarbeid, setje av tid til å kome saman for å diskutere, lufte, skravle, drikke kaffi eller lokalt øl. Ein må samstundes velje å ha tillit til dei andre, og velje å unne dei andre å lukkast. Ein må vere uthaldande – å drive lokalsamfunnsutvikling er ein evigvarande langspurt. Så gjeld det å klappe kvarandre og seg sjølv på skuldra innimellom.

Vinne verdsmeisterskap?

I alt ein gjer for tida, ser det ut til at det einaste som gjeld er å vere best, helst verdsleiande på sitt felt. Spissing er eit krav som er gjentatt så mange gongar i alle samanhengar at det ser ut til å ha blitt ei sanning ingen set spørjeteikn ved. Ein samfunnsutviklar må vere god i alt frå kalkyle og innovasjonsprosessar til modning av spekemòr og HMS. Skal vi følgje trenden må vi bli verdsleiande i breidde framfor spissing ! Vinne VM i vertskap! Mangesysleriet har stor verdi, ikkje minst fordi det gjer det variert og kjekt å halde på når ei arbeidsveke ikkje sjeldan kjem opp i 70–80 timar.

Skulle vi mislukkast i arbeidet vårt, skal det ikkje stå på innsatsen! Men det kan stå på kompliserte søknadsskjema, etterhandsbetalte prosjektløyvingar og stivbeinte regelverk som sjeldan passar komplekse lokalsamfunn med levande folk som skapar uteljelege verdiar. Vi har verken jantelov eller bygdedyr som tar frå oss skapargleda. Men fleire hundre tusen kroner uteståande hos Innovasjon Norge grunna EU-reglar eller saktegåande sakshandsaming drar ikkje i rett retning.

Teori vs. praksis

Ein skulle tru at eldsjelene som drog i gong prosessen i 2003, kollektivt hadde lese boka Reframing Public Participation: Strategies for the 21st Century (Innes og Booher 2004). I boka tok forfattarane oppgjer med rutinar for sivil deltaking i offentleg planlegging og samfunnsutvikling i USA, som dei hevdar i verste fall kan medverke til mistillit og låg interesse for viktige samfunns- og utviklingsprosessar (Innes & Booher, 2004, s. 419). Prosessen i THE er ikkje deltaking i tradisjonell forstand, men kan svare til løysinga til Innes og Booher; deltaking er viktig for 1) å bygge samfunn og 2) å skape tilpassingsdyktige, sjølv-organiserande einingar (Innes & Booher, 2004, s. 423).

Å ta skeia i eiga hand, å ha dei nokre som gjer noko med situasjonen, kan vere eit teikn på at ein har skapt, eller er i ferd med å skape eit tilpassingsdyktig og sjølvorganiserande lokalsamfunn. Ein kan sjølvsagt òg sjå på det som mistillit til korleis offentleg forvalting vel å organisere sivil deltaking og medverknad i politikkutforming og samfunnsbygging. Viss eit lokalsamfunn vel å «melde seg av» den lokalpolitiske arenaen, og rettar innsatsen regionalt, nasjonalt, eller jamvel internasjonalt, er det i tilfelle eit tap for lokaldemokratiet.

Frå John Friedmann sine dikotomiar i planleggingsteorien, kan ein argumentere for at arbeidet i THE ligg ein stad midt mellom samfunnslæring og sosial mobilisering (Friedmann, 1987). I utviklingsarbeid arbeider ein med komplekse og ustabile situasjonar, med verdikonflikter som krev heilt andre diskursar enn dei rasjonelle og positivistiske. Eg er ikkje tvil om at ein gjennom THE driv samfunnsomdannande og –utviklande arbeid. Når det gjeld verdigrunnlaget, meiner eg det balanserar mellom det verdikonservative og det verdiradikale. Gjennom utviklingsarbeidet har lokalsamfunnet dei siste åra tatt til seg nye verdiar, men utan å forkaste alle dei gamle.

Ein av suksessfaktorane for arbeidet i THE trur eg kan henge saman med at ein heller enn å bruke tid på å halde avstand til «dei andre», har brukt tid på å bygge bruer både i og utover lokalsamfunnet. Omgrepa bridging og bonding slik dei er brukte av Robert Putnam (2000), kan gjerne illustrere haldninga eg opplever rår. Bridging eller brubygging handlar om ei breiare samfunnsbygging, å skape komplekse identitetar og ha ei opa informasjonsog kunnskapsutveksling. Bonding ser Putnam motsett som samfunnsnedbrytande og ekskluderande, ein aktivitet med mål om å styrke solidariteten internt og avstand til «dei andre».

Sett i samanheng med omgrepa hjå Putnam, har eg som samfunnsplanleggar sans for Patsy Healey et al. sin modell for å illustrere korleis trekk ved lokalsamfunn kan verke inn på kapasiteten til å handtere utfordringar som kjem utanfrå (Healey, de Magalhaes & Madanipour, 1999). Healey hevdar at eit samfunn med sterk lokal handlingskraft, men som er sterkt introvert, vil reagere på utfordringar frå omgjevnadane med å trekke seg tilbake. Eit samfunn som er ope ovanfor omgjevnadane, men har svak handlingskraft, handterer ikkje utfordringar på ein samla eller planlagt måte, og vil verte splitta eller fragmentert. Eit samfunn må vere ope, men samstundes ha sterk handlingskraft for å kunne handtere utfordringar utanfrå, på ein måte som gir retning til og styrkar samfunnet, og bygger vidare på dei fortrinn ein har frå før. Eg vil hevde at Norddal som samfunn høyrer til den siste gruppa.

Petter Melchior i gardsutsalet på garden, der dei sel produkt frå eigen gard, og frå andre produsentar i bygda. Her finn du òg kafe, pub, pizza og om sommaren er her fullt hus til kvissen kvar veke. (Foto: The Happy End)

Framover med The Happy End – Norddal!

Dei neste ti åra vil sikkert ikkje vere mindre arbeid-same enn dei første ti. Men vi har ting å gjere som vi har tru på: Ny nettside i godt samarbeid med Høgskulen i Volda skal gjere oss meir synlege, vi skal vidareutvikle reiselivsprosjektet med støtte frå Innovasjon Norge, vi skal jobbe med nye samarbeidsprosjekt utover i Europa, realisere Verdsarvbustaden og vidareutvikle Prestebustaden som kloster saman med nonnene. Vi skal samarbeide med Verdsarvsenteret i Geiranger om Grøn bygd. Vi skal kvar dag halde fram med å skape gode liv og opplevingar for oss sjølve, og for alle gjestane som kjem heim til oss. Og vil du kome heim til oss å høyre meir, må du gjerne ta kontakt med Sjefsstorblåsar Petter Melchior eller underteikna. Velkomen!

Bibliografi:

Friedmann, J. (1987). Planning in the public domain: from knowledge to action.. Princeton: Princeton Univeristy Press.

Healey, P., de Magalhaes, C., & Madanipour, A. (1999). Institutional Capacity-building. Urban planning and Urban Regeneration Projects. In M. Sotarauta, Urban Futures; A Loss of Shadows in the Flowing Spaces? (pp. 117–137). Futura (Journal of the Finnish Society for Futures Studies).

Innes, J. E., & Booher, D. E. (2004, December). Reframing Public Participation; Strategies for the 21st Century. Planning Theory & Practice, pp. 419–436.

Putnam, R. D. (2000). Bowling alone. The collapse and Revival of American Community. New York: Simon & Chuster.