Kartlegging basert på sosiale media-plattformer har vorte populære verktøy i utforskinga av uformelle bystrok i Sør dei siste åra. I fleire tilfelle vert desse vektøya framstilte som betre enn konvensjonelle kartleggingsverktøy. Det vert hevda at dei produserer meir sannferdige bilete av røyndomen, men det er grunn til å vera kritisk til slike utsegn. Med utgangpunkt i to case, eitt frå Port-au-Prince (Haiti) og eitt frå Nairobi (Kenya), der dei same formene for sosiale media-baserte kartleggingsplattformar eller «sanntidskart» 1 er nytta, viser det seg at resultata når ein bruker desse verktøya, er høgst ulike.

Kvifor vil ein kartlegge slummar og uformelle bystrok?

Det har lenge vore sett på som viktig å kartleggja uformelle bystrok i Sør. Grunnane til å kartleggja har endra seg med tida, samstundes som det alltid har vore eit behov for å kunne styra aktivitetar, utvikling og vekst i uformelle bystrok gjennom kartlegging (Ese 2014). I dag argumenterer utviklingsaktørar og lokale styresmakter med at kartlegging – fysisk so vel som sosialt – gir eit best mogleg grunnlag for å kunna foreslå intervensjonar og endringar som skal kome innbyggjarane til gode. Dette er for so vidt riktig, men samstundes må ein kunne spørja om kva grunnlag kartlegginga vert gjort ut i frå, og kven det er som vert representerte i slike kartleggingsprosjekt.

Om sosiale media-baserte kartleggingsplattformar

Med nyare digitale kartleggingstenester, frislepp av data og sosiale media-plattformar har kartleggjing gått frå å vera ei lukka teneste handheva av spesialistar, til å verta ei open teneste «alle» kan ta del i (Miller 2010).

I uformelle bystrok nyttar ein i aukande grad sosiale media-baserte kartleggingsplattformer for å henta, analysera og visualisera geografiske og sosiale data. Ofte ved at ein opprettar ei web-basert teneste med eit enkelt grunnkart som fortløpande vert oppdatert av fastbuande. Her er det mogleg å leggja til detaljar og informasjon om alt frå sosiale, politiske eller kulturelle tilstellingar, nyhende om fysiske endringar, eller mindre lokale hendingar (straumbrot, lekkasjar, osb.) til større humanitære katastrofar. Om ny informasjon vert lasta opp jamnleg, og av mange nok, held det digitale kartet seg oppdatert i langt større grad enn eit konvensjonelt papirkart.

Problema kring utdaterte statiske papirkart er ikkje einaste grunnen til at ein no ser ei klår framvekst av dynamiske digitale kart. Endringane er òg knytt til kritikk av dei konvensjonelle metodane ein nyttar når ein produserer kart. Mange hevdar at datainnsamling, representasjon og visualisering vert gjort på feil grunnlag.

Kritikk av konvensjonelle kartleggingsmetodar

Ein grunnleggjande kritikk av konvensjonelle kartleggingsmetodar er at kart er sosiale konstruksjonar. Dei er ikkje universelle, og dei baserer seg ikkje alltid på fakta. Det som står på kartet er foreslått meir enn det er faktisk (Wood 1992).

På offisielle bykart har ein inntil nyleg ikkje kunne sjå uformelle nabolag eller slummar. Ein kan finne stadnamn på kartet knytt til slike område, men områda i seg sjølv ser ut til å vera utan bygg eller vegar og kan oppfattast som grøne område, eller ledige tomter. I røynda er desse områda ofte tett befolka (Ese 2014).

Ein annan kritisk merknad er at konvensjonelle kartleggingsmetodar ofte vert for profesjonaliserte og elitistiske. Denne kritikken må sjåast i samanheng med sosiopolitiske forhold knytt til eigarskap, maktfordeling og demokratisk forankring.

Ein tredje kritikk er at gjennom profesjonaliseringa av kartlegging, som historisk ofte vert knytt til merkantilisme og kolonialiseringa av Amerika og Afrika, har ein skapt kartverk som er kvantitative, målbare og har absolutte verdiar og lite rom for kvalitative verdiar. Dette vert eit problem i byar i Sør, der ein søkjer å forstå uformelle bystrok – områder som vanskeleg let seg kategorisera.

Dei store øydeleggjingane etter jordskjelvet på Haiti i 2010 skapte behov for kart som kunne bidra til hjelpearbeidet og støtte nødhjelpsorganisasjonane i koordineringsarbeidet. Her fra slummen i hovedstaden Port-au-Prince. (Foto: Free Republic)

Dei «nye» karta

Sanntidskart kan sjåast på som eit svar på denne kritikken, og som eit viktig bidrag i hjelpe- og bistandsarbeid. I alle fall om ein skal tru fleire internasjonale organisasjonar. Caroline Anstey, direktør i Verdsbanken, seier følgjande:

«Dei interaktive karta kan styre utviklingsarbeid dit det er størst behov. Brukarstyrte kartleggingsplattformar er ikkje berre ein måte for fastbuande å kartleggja sine nærområde. Dei gir òg grunnlag for brukargrupper å koma med innspel og tilbakemeldingar på tenester. Denne informasjonen kan nyttast til å betre tenestetilbod, motverke korrupsjon og halda styr på ressursar.» (Anstey 2012).

Har Anstey rett i dette? I ei masteroppgåve av Bergby frå Port-au-Prince på Haiti (2011), og ei doktorgradsavhandling av Ese frå Nairobi i Kenya (2014), tek forfattarane for seg to sosiale media-baserte kartleggingsplattformar, Ushahidi og OpenStreetMap, og vurderer korleis desse karta er nytta. Konklusjonen er at nye kartleggingsplattformar ofte bidreg positivt til nøds- og utviklingsarbeid, men at ein på langt nær klarer å unngå dei same «fellene» som dei konvensjonelle kartleggingsmetodane går i.

Om Ushahidi

Ushahidi er ei nettbasert, interaktiv kartplattform oppretta i Kenya i 2008. Plattforma blei utvikla for å kartleggja vald i kjølvatnet av valet same året, ettersom valden vart lite dokumentert i media. Publikum kunne sende inn informasjon om overgrep, vald og uro, som vart kryssjekka av aktivistar, og deretter visuelt representert på eit kart. Informasjon kunne sendast både via nettet og SMS. Mobilanvendbarheit vart eit av grunnlaga for suksessen i eit land som Kenya med avgrensa nett-tilgang, men høg mobiltelefontettleik. Kartet samla informasjon frå omlag 45.000 brukarar i Kenya. Innsamling av data frå store og varierte publikumsmassar på dette viset kallast crowdsourcing.

Etter 2008 har Ushahidi blitt vidareutvikla som ei open teneste, slik at kven som helst kan laga sine eigne kartplattformar. Tenesta har vorte nytta i over 6000 ulike samanhengar for å kartleggja kriser og hendingar; mellom anna til å overvake val i Sudan og Liberia, krisekart etter jordskjelva på Haiti og i Chile, og informera om utviklinga knytt til «den arabiske våren» i 2011.

I Haitis hovedstad Port-au-Prince vart Ushahidi-plattforma nytta til å sette opp eit «krisekart» etter jordskjelvet som råka landet 12. januar 2010. Kartet spelte ei viktig rolle i å samla inn og dela informasjon om behov og naud på bakken.

Om OpenStreetMap

Ein viktig aktør i den opne, digitale kartleggingsverda er OpenStreetMap. Dei leverer kartverk for heile verda og nyttar amatørar som kartleggjarar. I utgangspunktet fungerer OpenStreetMap på same viset som Wikipedia. Kven som helst kan leggja til informasjon; den er tilgjengeleg for alle, og den som vil kan retta og redigera det andre har produsert.

Med utgangspunkt i at OpenStreetMap kan ta opp i seg informasjon frå særs mange personar, og at uformelle bystrok og slumområde i utgangspunktet er lite kartlagde, har OpenStreetMap raskt vorte ein populær kartleggingsplattform for organisasjonar og grupper som ynskjer å kartleggja nabolag med hjelp frå innbyggjarane. Ser ein på uformelle bystrok og samanliknar konvensjonelle papirkart og digitale kart i til dømes Google Maps med kart i OpenStreetMap, er OpenStreetMap oftast mest detaljert.

Om Port-au-Prince og bruken av verktøya

I Haiti vart Ushahidi-plattforma nytta til å settja opp eit «krisekart» etter jordskjelvet som råka landet 12. januar 2010. Kartet vart sett opp berre dagar etter jordskjelvet og spelte ei viktig rolle i effektivt å samla inn og dela informasjon om behov og naud på bakken. Det fungerte difor som eit verktøy for dei humanitære aktørane. Dette var første gong sosiale media og smart-telefonar gjorde det mogleg å dela enorme mengder data og situasjonsrapportar med nøyaktige koordinat frå bakken. Ushahidikartet vart sett opp for å systematisera og operasjonalisera denne informasjonen.

Ein månad etter jordskjelvet vart eit tilsvarande kart sett opp av eit lokalt teknologifirma; Noulaplattforma. Etter eit par månader vart òg rapportar frå Ushahidi-plattforma ruta inn på denne. På same måte som andre Ushahidi-plattformer, var desse karta opne for kven som helst som ville senda inn rapportar. Informasjonen samla gjennom «the crowd» vart deretter verifisert før den vart synleg på kartet. Dei som vart ramma av katastrofa kunne aktivt kartleggja og formidla situasjonsrapportar.

På Voice of Kibera vert nyhende i Kibera lagt oppå eit OpenStreetMap-kart

Karta, med hovudvekt av rapporter frå Port-au-Prince, gav ein potensiell ny måte å lesa hovudstaden. Rapportane inneheldt informasjon om akutte hjelpebehov, men også om fysiske endringar av byen, om strukturelle øydeleggingar og informasjon om kvar infrastrukturen feila. Denne informasjonen vart presentert i form av geografisk refererte fargeprikkar på Google Maps og OpenStreetMap sitt kartunderlag. Ved å klikka på ein av fargeprikkane i kartet kunne ein hente opp detaljerte situasjonsoppdateringar frå ulike stader. Laget av informasjon fungerte på sett og vis skilt frå kartunderlaget, og gav ein annan representasjon av byen enn konvensjonelle bykart med sine omriss av bygningar, gater og plassar. Krisekarta representerte fortløpande tilstanden til bygningane, gatene og plassane – og gav innblikk i tilstanden til folka som budde der.

Port-au-Prince har mange uformelle område som ikkje vert representert i dei formelle karta. Rapportane kunne derfor verte knytta til koordinat i tilsynelatande ubygde område. Etter jordskjelvet var dessutan dei formelle karta i endå mindre grad representative for byen, både som følgje av fysiske øydeleggjingar, men også fordi parkar, plassar og ledige tomter vert transformert til teltleire. Sanntidskarta vert i utgangspunktet utforma for å vise oppdatert informasjon om hendingar og endringar, og ikkje detaljert data om fysiske strukturer. Likevel, vert det ein fargemarkør i kartet med henvising til eit høgt tal rapporter frå ein teltleir, eller eit område med store øydeleggingar, omfatta rapportane også viktig informasjon relatert til den fysiske situasjonen og strukturen.

Om Kibera, Nairobi, Map Kibera og bruken av verktøya

I Nairobi har Ushahidi og OpenStreetMap vorte nytta ved fleire høve, mellom anna i Kibera – eit av dei mest kjende uformelle bystroka i Afrika. Denne busettijnga vart etablert her allereie i 1904. I dag er området heimstaden til om lag 250.000 menneske frå ei rekkje ulike folkegrupper med ulik sosial samansettjing og ulike økonomiske moglegheiter. Dei aller fleste som bur der er leigetakarar som bur under kummerlege tilhøve. Etter lova er bustader i Kibera midlertidige. Det skaper usikkerheit for innbyggjarane sin busituasjon (Nevanlinna 1996). Noko som på den andre sida gir ein slags utilsikta «tryggleik», er ryktet om at dei få, mektige huseigarane som styrer Kibera, har koplingar inn i politikk og lovgiving (Médard 2010). Kibera er god butikk for huseigarane, dermed er husværa på sett og vis midlertidige på permanent basis.

I Kibera operer mange bistandsorganisasjonar. Ein av desse er Map Kibera, oppretta i 2009 «for å sette Kibera på kartet» (Hagen 2010). I løpet av nokre få dagar klarte Map Kibera, samansett av fastbuande og teknisk assistanse utanfrå, å kartleggja Kibera i OpenStreetMap på eit detaljnivå ingen tidlegare hadde klart. Basert på utsegn frå Map Kibera er kartet deira alltid oppdatert, samstundes som det er ope for alle å endra. OpenStreetMap Foundation hevdar at det er nettopp dette som gjer OpenStreetMap-kart betre enn andre kart.

Map Kibera tek òg i bruk Ushahidi i sitt arbeid. På VoiceofKibera.org vert nyhende i Kibera lagt oppå OpenStreetMap-kartet. Sjølv om tenesta tilrettelegg for crowdsourcing vert mange nyhende henta inn av dei som jobbar for Map Kibera (Lundine 2011).

Saman utgjer desse plattformane eit anna kartleggingssystem enn det konvensjonelle, «lukka» systemet kan tilby. Informasjonen som kjem frå Map Kibera er kontrollert og kommunisert av folk som bur i Kibera. Dette skil Map Kibera som informasjonskanal frå andre NGOar eller lokale styresmakter som produserer informasjon basert på inntrykk og analysar frå «utanforståande».

Map Kibera er ein hjelpe- og bistandsorganisasjon som er aktiv i Kibera-slummen i Nairobi. Den vart oppretta i 2009 «for å sette Kibera på kartet».

Samanlikningar og kritiske merknader

Om ein samanliknar kartleggingssystema slik dei er brukt i Port-au-Prince og i Kibera, finn ein følgjande likskapar: begge systema baserer seg på Ushahidi (og til dels OpenStreetMap), og er slik sett nye, dynamiske kart der ulike typar hendingar får geografiske koordinat og vert visualisert på eit grunnkart. Informasjonen er til ei kvar tid so oppdatert som mogleg. Ut over det er både tilnærming og resultat særs ulike.

Medan Ushahidi-kartet for Port-au-Prince effektivt nytta crowdsourcing frå publikum (om ikkje nødvendigvis frå dei fattigaste) for å hente informasjon, har Map Kibera i stor grad basert seg på informasjon innhenta av eigne tilsette. Der Ushahidi-kartet for Port-au-Prince kan seiast å ha størst relevans i tida rett etter jordskjelvet i 2010, har Map Kibera sitt kart framleis like stor relevans. Der Ushahidi-kartet for Port-au-Prince søkjer å koordinera flyten av hjelpearbeid i byen, er Map Kibera sitt kart meint å skapa konsensus rundt eksistensen av samfunnet Kibera.

Politiske kart

Her rører ein kanskje ved noko av grunnen til at desse karta er ulike. Medan Port-au-Prince-kartet er ein respons på ein naturkatastrofe, er Map Kibera sitt kart i stor grad eit politisk utspel. Kvifor er dette problematisk? Eitt svar kan ein finne hjå Morozov som peiker på at «grunnen til at mange prosjekt som nyttar crowdsourcing etter naturkatastrofar produserer truverdig informasjon, er at naturkatastrofar ofte er apolitiske hendingar» (2011, 271).

Ser ein på utsegn frå Verdsbanken og Open-StreetMap Foundation tidlegare i artikkelen, er det lett å få inntrykk av at alle nye sosiale media-baserte kartplattformer er objektive og apolitiske. Forskarar som tek for seg kart og kartlegging argumenter derimot med det motsette. Frå venstre til høgre langs den akademisk-ideologiske aksen er det brei semje om at kart er lette å manipulera slik at dei stemmer med sosiale og politiske agendaer (t.d. Monmonier 1996 eller Black 2000). Og det er nettopp det Map Kibera gjer.

Sjølv om organisasjonen i hovudsak er sett saman av unge kiberianarar, er den grunnlagt og styrt av amerikanske demokratiaktivistar med ei klar målsetting. I eit intervju med Michael Maron, ein av aktivistane, spør han retorisk: «Kven er det som rettleier denne staden? Korleis skal den utviklast?» (2010). Lokale medarbeidarar har òg ei tydeleg oppfatning av kva Map Kibera sin agenda er: «No som me har dette kartet kan me halda styresmaktene ansvarlege» (Namale 2010).

I utgangspunktet er det ikkje noko feil i å nytta kart til slike agendaer. Det er likevel viktig å peika på kva dei produserer. Map Kibera hevdar å representera Kibera på eit objektivt og sannferdig grunnlag, men presenterer i grunnen ein subjektiv versjon av kva Kibera kan vera. Ein slik representasjon er både interessant og legitim, men gjer at kartet deira er eit heilt anna enn det som overvaka øydeleggjingane etter naturkatastrofen på Haiti.

Kven sine kart?

Ein klar styrke ved digitale plattformer som Ushahidi er at romleg informasjon vert presentert på eit anna sett enn i konvensjonelle kart. Ushahidi tilbyr høve til ein detaljrikom ein ikkje finn på papirkart. Dette fordrar sjølvsagt at kartlesaren har tilgang til Internett. Her fungerer Port-au-Prince-kartet og Kibera-kartet ulikt.

Karta for Haiti vart laga for å bidra til hjelpearbeidet og støtte nødhjelpsorganisasjonane i koordineringsarbeidet. Organisasjonane hadde nettilgang og nytta datamaskiner aktivt i sitt arbeid. Ushahidiplattforma vart i tillegg sett opp og operert frå Tufts University i USA, og etterfølgjaren Noula vart operert av et tech-firma frå Port-au-Prince. Innhentinga av rapportar vart også mogleg gjennom eit ope gratis-nummer stilt til rådvelde av det største telefonselskapet i landet.

I Map Kibera sitt tilfelle er det meir utydeleg kven kartlesarane er. I nokre tilfelle vert det hevda at det er verda utanfor Kibera som skal få vita om området (Hagen 2010), medan i andre tilfelle vert det sagt at kartet er meint å fortelja lokalbefolkinga om ulike tenester og hendingar (Achieng, 2011). I det siste tilfellet støyter ein på eit problem. Sjølv om det er ei høveleg brukbar internettdekning i Kibera, er det ikkje sikkert at dei fastbuande prioriterer å bruka tid og pengar på dette. Map Kibera har difor byrja å måla ulike utgåver av kartet sitt på murar og husveggar slik at fleire vert informert (Pétursdóttir 2011). Men med eit slikt grep forsvinn det dynamiske og interaktive frå kartet.

Også i Port-au-Prince vart det nettbasserte interaktive kartet følgt av eit prosjekt av International Organisation for Migration (IOM), med utplasserte postkassar i teltleirar der innbyggjarane kunne posta handskrivne meldingar. Meldingane blei samla inn, loggført og lagt inn i det interaktive kartet med so liten tidsmargin som mogleg. Men sjølv om eit høgt tal rapportar vert innhenta på denne måten, vart dette systemet værande ukjend, eller sett på som ein lite truverdig måte å nå fram med behov på av innbyggjarane i teltleirane (Bergby 2011).

Spørsmålet om kven kartet er for handlar òg om kven som produserer informasjonen som vert gjort tilgjengeleg. I Port-au-Prince vart kartet bygd opp i stor grad av data frå crowdsourcing, med rapporter frå direkte berørte, dei humanitære aktørane på bakken og frå «the cloud» – humanitære aktørar og frivillige utanfor landet – som mata kartet med oppdateringar og situasjonsrapportar innhenta frå rapportar og media.

I Kibera har OpenStreetMap-kartet vorte produsert av i alt 38 bidragsytarar

Tal frå 2013 frå ITO sin OSM mapper, ein separat plattform som kartlegg redigeringsarbeid gjort i OpenStreetMap.

. Der ein i Port-au-Prince har kunna utnytta crowdsourcing, har bidraga frå publikum i Kibera vore meir beskjedne. Difor har Kibera News Network, eit lite «underbruk» til Map Kibera, vorte kjelda til mange nyhende lagt ut på Ushahidi-plattforma. Hjå Kibera News Network jobbar filminteresserte ungdommar med å produsera nyhende ved hjelp av videoar gjort tilgjengeleg via nettet. Dette gir eit skeivt bilete av kva innbyggjarane i Kibera faktisk er opptekne av. «Slum Film Festival», «Hollywood meets Kibera», «Young filmmaker from Kibera gets scholarship to Ghetto Film School in the Bronx, New York» og «Kibera Film School Graduation 2011» er alle nyhende på Ushahidi-plattformen, og gir eit inntrykk av at folk i Kibera er meir enn gjennomsnittleg opptekne av film.

Det er med andre ord vanskeleg å gi ein sannferdig representasjon av eit samfunn med over 250.000 innbyggjarar.

Konklusjon

Sanntidskart tilbyr effektive verktøy for kartlegging av ei rekkje situasjonar, anten det er i uformelle bystrok, konflikter, eller katastrofar. I caset frå Port-au-Prince viser undersøkingane som forfattarane har gjort, at plattforma i all hovudsak fungerte til sitt formål i å henta inn informasjon, trass i tekniske manglar og at den fysiske informasjonen vart lite utnytta. I Nairobi fungerer plattforma godt til å fremja nokre grupper sine formål, sjølv om ein ikkje er heilt tydeleg på kven desse gruppene er.

Det dei to case-eksempla syner når dei vert samanlikna, er at kart produserte med same teknologi kan gi særs ulike resultat. Sjølv om karta i Nairobi og Port-au-Prince tek i bruk den same teknologien, er det grunnleggjande forskjellar mellom dei. Desse forskjellane rører ved den tidlegare nemnde kritikken mot konvensjonelle kartleggingsmetodar. For medan Port-au-Prince-kartet kan seiast å vera eit godt døme på korleis nye, dynamiske kart kan fungere annleis enn konvensjonelle kart, er Map Kibera sitt kart ikkje heilt ulikt dei konvensjonelle karta dei søkjer å fjerna seg frå. Ein kan framleis stille dei same kritiske spørsmåla når det gjeld Map Kibera som akademia har stilt om konvensjonell kartleggjing i fleire tiår. Kva for informasjon vert presentert? Av kven? Og kvifor?

Ulikskapane i karta gjer at det ikkje er mogleg å seia noko generelt om relevansen deira, slik Verdsbanken og OpenStreetMap Foundation gjer. Karta er so ulike at det ikkje er mogleg å koma med one size fits all merknader om kva ein i bistandssamanheng eller slumoppgraderingsprosjekt kan få til med slike kart. Ein kan heller ikkje ta utgangspunkt i teknologien og systemet aleine og seia at kart som vert produserte på plattformer som OpenStreetMap eller Ushahidi, er vesensforskjellige frå konvensjonelle kart. Det kjem an på samanhengen.

Referansar:

Achieng, Millicent. 2011. Map Kibera staff interviewed in Kibera, Nairobi April 28th 2011.

Anstey, Caroline. 2012. Empowering Citizen Cartographers. Op-Ed Contribution, International Herald Tribune.Jan 14. 2012.

Bergby, Synne. 2011. Crowdsourcing Rubble: an investigation of the deployment of crisis maps in the aftermath of the 2010 Haiti earthquake, Masters Thesis, AHO.

Ese, Anders. 2014. Uncovering the Urban Unknown: Mapping Methods in Popular Settlements in Nairobi. PhD thesis, AHO.

Hagen, Erica. 2010a. «The changing environment of infomediaries/Map Kibera – The story of Map Kibera». In IKM Emergent Workspaces. http://wiki.ikmemergent.net/index.php/Workspaces:The_changing_environment_of_infomediaries/Map_Kibera

Maron, Michael. 2010, Geospatial Revolution, Episode 4. Chapter 4: mapping power to the people. geospatialrevolution.psu.edu/episode4/chapter4, Penn State Public Broadcasting.

Médard, Claire. 2010. «City Planning in Nairobi: the stakes, the people, the sidetracking», in Nairobi Today: The Paradox of a Fragmented City, editied by Helene Charton-Bigot and Deyssi Rodriguez-Torres, 25–60. Mkuki na Nyota Publishers.

Monmonier, Mark S. 1996. How to Lie with Maps 2nd ed., Chicago University Press.

Morozov, Evgeny. 2011. The Net Delusion: The Dark Side of Internet Freedom, PublicAffairs.

Namale, D. 2010. Geospatial Revolution, Episode 4. Chapter 4: mapping power to the people. geospatialrevolution.psu.edu/episode4/chapter4, Penn State Public Broadcasting.

Nevanlinna, Anja K. 1996. Interpreting Nairobi: The Cultural Study of Built Forms, Finnish Academy of Science & Letters.

Pétursdóttir, S.D.D., 2011. Technology Enabled Citizen {Citation} Participation in Nairobi Slum Upgrades, Reykjavik University.

Wood, Denis. 2010. Rethinking the Power of Maps. 1st ed. Guilford Press.