I februar 2008 opna Eiksundsambandet, eit vegsamband som gav ferjefritt vegsamband mellom øykommunane på Ytre Søre Sunnmøre og 0rsta og Volda på fastlandet. Vegen har hatt mykje å seie for utviklinga av regionen, noko som i seg sjølv har skapt interesse rundt prosjektet. Her ser vi naerare på noko av dei endringane, og kva som ligg til grunn for desse.

Finn Ove Båtevik er dr.polit geografi og arbeider som seniorforskar ved Møreforsking i Volda.

Geirmund Dvergsdal er master i samfunnsplanlegging og arbeider som forskar ved Møreforsking i Volda.

Nye vegsamband er både samferdselsprosjekt og regionbyggingsprosjekt. Difor er det nærliggande å sjå utbygginga av Eiksundsambandet som eit regionbyggande prosjekt, meir enn berre ei tradisjo-nell vegutløysing for øysamfunna på Ytre Søre Sunnmøre. Sambandet batt saman to økonomiske regionar, Ulstein-regionen og Ørsta/Volda-regionen. Sjølv om det ikkje er eit offisielt namn, blir regio-nen no omtalt som Eiksund-regionen.

I september 2012 vart denne regionutvidinga komplettert gjennom opninga av Kvivsvegen, ein veg som reduserte reisetidene mellom Indre Nord-fjord og Eiksund-regionen monaleg. Eiksund-sambandet og Kvivsvegen gjer at ein vesentleg del av befolkninga i kommunane Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Hornindal, Stryn og Eid kan køyre ferjefritt til Volda og Ørsta, dei to kommu-nane som utgjer det geografiske sentrum av den nye regionen, på ein stad mellom 30 og 60 minutt. Det same gjeld delar av befolkninga i Stranda kommune.

Stor trafikkauke

Vegprosjekt vil i st0rre eller mindre grad vere region-byggande (Engebretsen og Gjerdåker 2012). Eit kjennemerke med prosjekt som dei to nye vegsam-banda på Søre Sunnmøre og i Indre Nordfjord, er nettopp denne regionbyggande effekten. Ein slik effekt er basert på fleire forhold. Kortare reiseav-stand er sjølvsagt eit vesentleg moment i seg sjølv. Nedkorting av reisetid, reduksjon av reiseutgifter og ferjeavløysing er tre vesentlege faktorarar her. Eiksundsambandet endra to av desse tre. Framleis er det bompengar langs vegen, men også dette hinde-ret fell vekk når vegen er nedbetalt om eit år eller to. Kvivsvegen er fmansiert utan bompengar og endrar såleis alle dei tre faktorane frå dag ein.

Dei to siste åra ferja mellom Eiksund og Rjånes batt saman ytre og indre deler av Søre Sunnmøre, frakta den om lag 800 biler i døgeret. Med tunnel blei trafikken meir enn dobla. Dette er for det første en indikasjon på sterk auke i den interne trafikken i regionen, anten det galdt reiser til og frå 0rsta/ Volda lufthamn, til og frå arbeid, til og frå fritids-og kulturaktiviteter, handleturar eller anna. I tillegg kan det også vaere uttrykk for at delar av transpor-ten ut av regionen følgjer andre ruter enn tidligare, for eksempel i valet mellom å køyre til Austlandet via Ålesund eller via Volda. Det er grunn til å tru at opninga av Kvivsvegen vil auke den delen av trafikken som går mot Austlandet, i og med at denne vegutløysinga reduserer køyretida mellom aust og vest vesentleg. Det mest interessante er likevel ikkje at trafikken auka, men dei prosessane som ligg bak. Her er regionbygging eit viktig stikkord.

Komplimentaere milje

Det er såleis vel så viktig å sjå på kva som faktisk blir knytt saman gjennom dei aktuelle vegprosjekta. Den nye Eiksund-regionen omfattar ei befolkning på ein stad mellom 55.000 og 60.000 sunnmøringar og nordfjordingar. Samtidig knyt vegane saman ein region med ein samansett naeringsstruktur. Om vi brukar brei pensel er dei tenesteytande naeringane sterkt representerte midt i regionen, medan kommu-nane i Nordfjord og ikkje minst på Ytre Søre Sunn-møre er prega av sterke produksjonsnaeringsmiljø. Reiselivsnaeringa bør også nemnast, med eit klart tyngdepunkt i indre strøk med Stryn og Geiranger som dei mest naerliggande døma. Relativt store kompetansemiljø i regionen gjennom institusjonar som høgskule- og sjukehusmiljøet i Volda og ei meir og meir kompetansebasert maritim naering på Ytre Søre Sunnmøre inngår som viktige element i den nye regionen.

Eiksundsambandet er eit ferjefritt vegsamband mellom 0ykommunane på Ytre S0re Sunnm0re og 0rsta og Volda på fastlandet. Sambandet, som blant anna består av den 7 765 meter lange undersj0iske Eiksundtunnelen, vart opna i februar 2008. Foto: T. M0ller/Wikimedia

Gjennom regionutvidinga får dei som bur eller ønskjer å busette seg i området ein større arbeids-marknad å operere på. Dette gir større rom for skifte av arbeid, utan skifte av bustad og større mulegheit for at to i same hushald kan få relevant arbeid innanfor ein akseptabel pendlingsavstand. Det har også vore ein vekst i pendlinga mellom ytre og indre delar av Søre Sunnmøre i tilknyting til Eiksundsambandet, ein vekst som tok til alt før opninga var ein realitet. Om vi bruker 2006 som referansepunkt, var veksten i underkant av 50 pro-sent fram til og med 2010 (Båtevik og Dvergsdal 2012). I kva grad bortfall av bompengar vil påverke denne veksten, står att å sjå.

Etter opninga av Eiksundsambandet vart flytte-balansen i fleire av kommunane som var knytt til dette sambandet klart betra. Ein av grunnane til dette er auka innvandring. Fleire av kommunane i regionen har hatt eit stort innslag av arbeidsinnvan-drarar dei siste åra. Men samtidig vart også den inn-anlandske flyttebalansen betra, der betre kommuni-kasjonar er ei nærliggande forklaring (Båtevik og Dvergsdal 2012). Per i dag ser ein at vegsambandet alt har gitt auke i utveksling på fleire område, anten dette gjeld arbeidskraft, fritidstilbod, reiselivstilbod og kulturtilbod. Regionen har blitt meir attraktiv.

Regionale funksjonar

Ei anna vesentleg side ved ei regionutviding er dei funksjonane som er lokaliserte i regionen. Av vik-tige funksjonar som var lokaliserte i regionen frå før, er dei mest opplagte Høgskulen i Volda, Sjuke-huset i Volda og Ørsta og Volda lufthamn. Region-utvidinga fører for det første til at fleire får enklare tilgang til dei tilboda som alt er der. For det andre blir kundegrunnlaget større for tilbod som folk er villig til å reise eit stykke for få med seg, det vil seie tilbod som har eit regionalt nedslagsfelt. Det kan vere kulturtilbod, spesialbutikkar og offentlege tenester som mindre stadar ikkje kan tilby eigne innbyggjarar. Med auka befolkningsgrunnlag blir grunnlaget for slike tenester styrka. Fleire kundar gir grunnlag for vekst og utviding av eksisterande tilbod. Resultatet kan også bli nye tilbod, tilbod som det tidlegare ikkje har vore befolkningsgrunn-lag for.

Figur 1: Trafikken mellom Ytre S0re Sunnm0re og 0rsta/Volda målt i tal køyre-t0y per d0gn med ferje (raud) og med fastlands-samband (blå). Faktiske tal. 2006-2010. (Kjelde: Fjordl og Statens vegvesen)

Utviklinga av Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, illustrerer litt av desse endringane. Frå å vere ein fly-plass primært for kommunane Ørsta og Volda, har den fått eit klart større regionalt nedslagsfelt. Etter at Eiksundsambandet opna i februar 2008, auka passa-sjertrafikken på Hovden med tett på 50 prosent før-ste året og heldt fram å auke både i 2009 og 2010. Frå år 2000 har passasjertrafikken på Ørsta-Volda auka med i overkant av 250 prosent. Den er per i dag ein av dei største flyplassane på småbanenettet.

For Ytre Søre Sunnmøre har Hovden vorte eit reelt alternativ til Vigra ved Ålesund. Å kunne kome seg til og frå flyplassen utan å vere avhengig av ferje eller hurtigbåt, gir større fleksibilitet. Der-som reisemønsteret endrar seg på same vis i Indre Nordfjord, er det grunn til å tru at 25 prosent, eller omlag 9 000 passasjerar av dei som i dag reiser frå Sandane lufthamn, Anda vil velje Ørsta-Volda lufthamn, Hovden. I tillegg vil Hovden vere eit alterna-tiv for flyreisande frå Stranda kommune. Kortare reisetid, ferjefritt samband og ein flyplass med fleire avgangar vil vere forhold som påverkar val av flyplass. Den store auken i passasjertalet på Hovden etter opninga av Eiksundsambandet skuldast både lettare tilgang og fleire avgangar, i tillegg til auka aktivitet i regionen. Betre tilgang og fleire avgangar kan også ha ført til at fleire har valt fly framfor andre transportmiddel. Aktiv tilrettelegging og utnytting av mulegheitene det nye vegsambandet gav, har gitt vekst for eit regionalt tilbod.

Dersom vi i tillegg legg til grunn at ein større og meir «komplett» samansett region vil bidra til auka aktivitet generelt sett, både innanfor næringslivet, reiselivet handel og fritid, er det muleg å sjå for seg eit vesentleg auka trafikkgrunnlag for Hovden. Når Eiksundsambandet opna, vart flyplassen på Hovden knytt til eit ekspansivt næringsmiljø på Ytre Søre Sunnmøre. Når Kvivsvegen no er ein realitet, blir flyplassen nært knytt til eit tyngdepunkt for reise-livet på Vestlandet. I dette ligg det eit nytt og uprøvd potensiale, som kan gi næringa og regionen styrka vekstkraft.

Vilje til endring

Reiseavstand, befolkning, kundar og næringsliv er grunnleggande faktorar for regional utvikling. I til-legg kjem meir immaterielle forhold som for eksem-pel identitet og utviklingsklima. Strukturelle trekkvil legge bestemte føringar for utviklinga i den nye regionen. Samtidig vil det vere eit spørsmål i kva grad og på kva måte sentrale aktørar, anten dei representerer bestemte næringar, det offentlege eller det sivile samfunnet, grip dei opningane som region-utvidinga opnar for.

Figur 2: Inn- og utgåande passasjertrafikk Ørsta-Volda lufthamn i 200–2011. Faktiske tal. (Kjelde: Avinor)

Sunnmøre er kjend for entreprenørskapskultur (Løset 2004). Tal frå FoU- og innovasjonsdatabasen viser også at innslaget av såkalla innovative bedrifter var høgt i kommunane på begge sider av Eiksundsambandet målt det året vegen vart open for trafikk (Onsager og Gundersen 2011). I kva grad veg-sambandet har styrka dette, er vanskeleg å talfeste. I intervju blant utvalde bedrifter, vart det gitt uttrykk for at dei hadde opplevd at vegsambandet hadde gitt konkrete endringar, mellom anna i form av auka samhandling. Eit veldig konkret uttrykk for nye sam-arbeid finn vi blant bilforhandlarane i Volda og Ørsta. I alt sju bilforhandlarar har lagt til rette eit skreddarsydd tilbod for flypassasjerar som skal ha gjennomført service på eigen bil. Tilbodet blir syn-leggjort i felles annonsar frå desse bedriftene.

Nye samarbeidspartar har også funne saman for å utvikle flytilbodet i regionen i forkant av opninga av Kvivsvegen. «Utviklingsforum for Ørsta og Volda lufthamn» har såleis knytt til seg samarbeidspartar frå Hornindal, Stryn og Stranda (Dvergsdal og Båtevik 2012). Regionutvidinga legg såleis til rette for nye samhandlingsarenaer, og nokre av desse er alt etablerte.

Fritid

Fritidsmarknaden er generelt vekstande. Gjennom dei nye vegsambanda i Eiksund-regionen er det kort veg frå kystklima på strandflatene ved havet til stabile vinterforhold i Indre Nordfjord. Stryn har lenge lagt til rette for hyttebygging og har godt utbygde skianlegg. I perioden 2005 til 2010 har det vore mange, særleg frå Ytre Søre Sunnmøre som har skaffa seg fritidseigedomar. Dei nye hytte-eigarane har anten kjøpt eigedomar i eige nær-område, primært i Herøy, der sjø- og båtliv etter alt å døme har vore den drivande faktoren, eller i Indre Nordfjord som har lettare tilgang til fjell og ski-aktivitetar. Om lag 70 prosent av alle omsette fritids-eigedomar i Stryn i perioden har eigarar frå Ytre Søre Sunnmøre. Det har derimot vore få frå Nord-fjord som har reist andre vegen for å skaffe seg fritidseigedomar.

Det er naturleg å sjå den store interessa for hyttemarknaden i Stryn i samband med dei to store samferdselprosjekta i Eiksund-regionen. Etter at det var klart at vegprosjekta ville kome, har folk og utbyggarkommune kunne planlegge ut frå dette. Av dei 180 fritidseigedomane som vart eta-blert i Stryn perioden 2005–10 vart 130 etablert før Eiksundsambandet opna. I det heile er det fleire eksempel på at tilpassingar skjer før vegsam-bandet er fullført. Det var til dømes ein auke i talet på pendlarar som tok ferja Eiksund–Rjånes året før denne blei erstatta av Eiksundsambandet.

Figur 3: Omsette fritids-eigedomar i Stryn fordelt etter kor eigarane er busett. Faktiske tal. 2005-2010. (Kjelde: Statens kartverk/Infoland)

Når det gjeld fritidsbustader vil planleggingshori-sonten for dei fleste kunne vere lengre, noko som også viser att i tal på nye hytteeigarar frå Sunn-møre i Stryn. Betre kommunikasjonar har gitt til-gang til nye marknadar.

Utfordringar

Det kan vere fleire utfordringar i utviklinga av ein ny region. Opninga av Kvivsvegen vil gi ein region som går på tvers av både fylkes- og andre forvalt-ningsgrenser, som til dømes grensa mellom Helse Vest og Helse Midt-Norge.

Spørsmålet er kva avgrensingar som ligg i slike strukturar. For offentleg sektor vil det vere eit spørsmål om kommune-, fylkes- og føretaksgren-ser er til hinder for å utnytte og effektivisere offentlege tenester og etablere nye og fruktbare samarbeidsarenaer. Er det behov for å finne fram til nye måtar å organisere på for å oppnå ei mest mogleg effektiv ressursutnytting og regional verdi-skaping? Nye samhandlingsmønster vil kunne føre med seg nye måtar for staten, fylka og kommu-nane å løyse oppgåvene innan offentleg teneste-produksjon på.

Den nye regionen har samla sett store ressursar og ei stor verdiskaping. Mange av kvalitetane er godt skjult, både for innbyggarane sjølve og for omverda. Eit av problema er at vi i for stor grad opptrer fragmentert og i liten grad bryr oss om å sjå heilskapen. Fylkesgrenser, kommunegrenser, føretaksgrenser, til liks med mange andre liknande grenser, viser seg best på papir, men kan også ha lett for å sitje fast i hovudet på oss.

Gir vegbygging regionbygging?

Endringane i kontaktmønstra i Eiksund-regionen er tydelige, ikkje minst gjennom den auke i bil-trafikken det nye sambandet har gitt, og i den sterke trafikkauke til og frå flyplassen på Hovden. I tillegg til slike endringar der tala i seg sjølv er eintydige, ser ein at det er lagt grunnlag for utvikling av ein større bu- og arbeidsmarknads-region på fleire områder, der valfridomen for kvar enkelt blir større og der ein har tilgang til eit langt breiare tilbod enn tidligare, innanfor en relativt kompakt region. Både befolkninga, næringslivet, kulturlivet og offentlege institu-sjonar har teke tak i nokre av dei mulegheitene som ligg i dette, noko ein både gjennom statis-tikk og gjennom konkrete eksempel ser resultat av. Næringslivet opplever at tilgangen på kompe-tansearbeidskraft er styrka. Valmulegheitene for dei som alt bur i regionen er fleire og regionen vil framstå som meir attraktiv for dei som vurde-rer å etablere seg i regionen. Marknaden for handelsnæringa og kulturlivet blir større. Sentrale aktørar opplever regionen som meir attraktiv og robust, noko som også manifesterer seg i fleire av dei utviklingstrekka ein ser spor av i tida som har gått etter opninga av det nye sam-bandet.

Den 405 meter lange Eiksundbrua er en viktig del av det nye Eiksund-sambandet som bind Ytre S0re Sunnmøre til fastlandet utan bruk av ferjer. (Foto: T. Møller/Wikimedia)

Skal ein forstå utviklinga i Eiksund-regionen og dei aktuelle endringane, er ein heilt avhengig av å sjå kva kontekst dei skjer innanfor. Vegsambanda er ein nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg føresetnad for endringane. Ein viktig føresetnad for det som har skjedd i Eiksund-regionen, er at utbyggingane omfattar såpass mange menneske. Avstandane internt i regionen er såpass korte at det påverkar dagleglivet og dei reisene som høyrer til dette for mange av innbyggarane. Ein annan føresetnad for utviklinga i Eiksund-regionen er at det alt var funksjonar som kunne fange opp den nye etterspur-naden. Flyplassen er eit godt døme på det. Ein tredje føresetnad er den viljen til endring og det å ta aktivt i bruk dei nye førestandane som slike veg-utbyggingar gir. I kva grad dette har vore nytta fullt ut, skal ikkje vi felle den endelege dommen over her. Det er likevel fleire som gir uttrykk for at potensiale er større enn det som har vore utnytta så langt.

Referansar: