KS har fått utvikla eit verktøy – KVIKKT, som gjer det mogeleg å rekne på effekten av lokale klimatiltak på same måte som i internasjonal kvotehandel og når ein set nasjonale klimamål. Ei omfattande utprøving av verktøyet viser at kommunesektoren kan bidra med monalege innanlands utsleppskutt, særleg knytt til arealbruk og transport. Men er det nokon vil betale for desse utsleppskutta?

Klimagassar er luktfrie og usynlege. Fysisk måling av klimagassutslepp er også vanskeleg. Slik skil desse utsleppa seg frå anna forureining: Den som er skuld i partikkelutslepp, støy eller vassureining får som oftast sjølv ulemper – anten direkte, eller fordi folk i nærmiljøet vil konfrontere forureinaren med desse problema. Men for klimagassutslepp er det ingen direkte samanheng mellom utslepp og konsekvensane for den som står for utsleppet. Det er først og fremst summen av alle klimagassutslepp som er viktig å redusere.

Ofte vert klimagassutslepp og energi nemnt i same andedrag, men prinsipielt er dette svært ulike storleikar. Klimagassutslepp er ein bestemt type ureining til luft som kan påverke vilkåra for det meste av livet på jorda. Energi er ein ressurs som først og fremst er viktig for menneska. Produksjon, transport og bruk av energi fører ofte til klimagassutslepp, men klimagassutsleppa er ikkje nødvendigvis proporsjonale med energibruken. Å ha godt hushald med energiressursane er sjølvsagt viktig, men det er berre ein av fleire faktorar i klimaarbeidet.

Kvifor rekne på effekten av lokale klimatiltak?

Med lokale klimatiltak forstår vi tiltak der kommunesektoren (kommunar og fylkeskommunar) har handlingsrom til å redusere utslepp av klimagassar. Det som skil kommunane frå andre verksemder er at dei gjennom rolla som lokal styresmakt med ansvar for planlegging i stor grad kan påverke andre sine utslepp dersom utsleppa finn stad innanfor kommunegrensene. Rolla kan langt på veg samanliknast med den rolla nasjonalstatane har i internasjonal klimapolitikk.

Lokale klimatiltak er først og fremst av interesse viss dei kan gi signifikante utslippsreduksjonar. Sidan det er utsleppa frå heile jordkloden «som kollektiv» som er viktig, må lokale tiltak konkurrere med alle andre typar klimatiltak. Lokale tiltak er primært av interesse når dei er minst like billege som alternative tiltak, til dømes i storindustri og oljeproduksjon. For å vite kva bidrag lokale klimatiltak kan gi/gir, må vi rekne på effekten. Først då kan vi vurdere om tiltaka er «verdt bryet».

Verktøyet

Kommunane sin interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon – KS, har gjennom to FoU-prosjekt i 2010–11 fått utvikla eit dataverktøy for å rekne på effekten av lokale klimatiltak. Utførande har vore Civitas med ei rekkje underkosulentar, mellom anna Norsas/Cowi, Urbanet Analyse, Bioforsk, Numerika og Siv.ing Kjell Gurigard.

Verktøyet har fått kortnemninga KVIKKT (Kvantifisering av kommunale klimatiltak). Utrekningane omfattar klimagassutslipp innanfor kommunegrensene, målt i tonn CO2-ekvivalentar. Dei tilfredsstiller så langt mogeleg FN sine krav til kvantifisering av klimatiltak, som mellom anna ligg til grunn for internasjonal kvotehandel og nasjonale klimamål. KVIKKT er truleg det første verktøyet i sitt slag på verdsbasis.

KVIKKT er utvikla for kommunesektoren, men kan òg gjerast tilgjengeleg for andre. Det er lagt vekt på konsistent databruk, brukarvenlegheit og transparens. Dataløysinga er nettbasert, og det er lagt opp til at bruken skal vere gratis. Så langt ligg det føre ein prøveversjon som berre er tilgjengeleg for inviterte brukarar. Ei eventuell opning av tenesta føreset mellom anna at rettleiings-, drifts-og oppdateringstenester kjem på plass.

Hovuddelen i KVIKKT er eit sett med utrekningsog dokumentasjonsmodular – «sjekklister», som kvar dekkjer ein bestemt type tiltak, til dømes «meir konsentrert by- og tettstedsutvikling» eller «gassoppsamling på avfallsdeponi». Så langt er det laga 20 sjekklister innan tiltaksområda stasjonær energi, areal- og transportplanlegging, landbruk og avfall. Dette utgjer ein relativt liten del av kommunesektoren sitt samla handlingsrom. Ein reknar med at eit fullstendig verktøy vil måtte omfatte cirka 200 sjekklister.

I sjekklistene vert brukaren leia steg for steg gjennom arbeidet, inkludert lokal datainnsamling som skal til for å gjennomføre utrekninga. Grunnlagsdata blir henta frå offentlege kjelder som Statistisk sentralbyrå (SSB) sin statistikkbank, reisevaneundersøkingar m.m. Utrekningane følgjer Klimakonvensjonen sine krav, mellom anna til addisjonalitet og systemavgrensing. Slik sikrar ein at det berre vert rekna på reelle utsleppskutt, og at same utsleppskutt berre blir rekna ein gong. Ved starten av kvar utrekning blir det sett opp ein referansebane som syner kor store utsleppa vil bli dei neste 25 åra viss det ikkje blir sett i verk klimatiltak, og utviklinga held fram etter dagens trendar. Deretter vert det rekna på kor store utsleppa vil bli i ein 25-årsperiode etter at klimatiltaket er starta/ gjennomført. Effekten av klimatiltaket blir lik skilnaden mellom dei to utrekningane (integralet mellom kurvene).

Til kvart tiltak blir det oppretta ei tiltaksskild-ring – eit «kartotekkort» med naudsynt informasjon om tiltaket, inndata og utrekna tiltakseffekt. Kartotekkortet er utforma slik at det også kan inngå som vedlegg til kommunen sin klima- og energiplan, handlingsprogram m.m. Alle tiltak kan samlast i ein nasjonal database der kommunane kan hente inspirasjon, medan KS og nasjonale styresmakter fortløpande kan summere opp effekten av alle klimatiltak som er vedteke/vurdert ute i kommunane.

Utprøving av verktøyet

Verktøyet har vore prøvd ut gjennom to separate prosjekt i 2011–12. Det første vart finansiert av «Framtidens byer» ved Miljøverndepartementet og Akershus fylkeskommune (AFK). Andre del av utprøvinga vart finansiert av Kommunal- og regionaldepartementet (KRD).

Cirka 75 personar frå 35 kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap med fleire deltok i utprøvinga, deriblant 10 av dei 13 største norske byane («Framtidens byer»). Utanom byane deltok kommunar i Akershus, Sør- og Nord-Trøndelag, Hordaland og på Hadeland. Hausten 2011 vart det gjennomført 14 verksteder/møter i Oslo, Bergen og Trondheim.

I alt er det rekna på 127 lokale klimatiltak. Deltakarane har sjølv valt ut tiltak og skaffa grunnlagsdata. I tillegg til opplæring i bruk av verktøyet og sjølve utrekningane, fekk deltakarane utveksla erfaringar og kome med innspel til vidare utvikling av KVIKKT. Utprøvinga har skjedd ved hjelp av ein uferdig testversjon av verktøyet med avgrensa funksjonalitet og forenkla brukargrensesnitt.

Røynslene med metodikken som vert nytta til kvantifisering (sjekklister) er gode, og brukarane har jamt over gitt positiv tilbakemelding. Det har vore mykje engasjement og stor innsats. Brukarane er mellom anna opptekne av openheit, god dokumentasjon av utrekningar og at verktøyet må vere enkelt og intuitivt å bruke.

Teknisk sett er ein del «barnesjukdommar» i dataløysinga eliminert som følgje av utprøvinga, mellom anna er det retta feil og laga betre brukargrensesnitt. Også det faglege innhaldet er vidareutvikla og korrigert på grunnlag av tilbakemeldingar frå brukarane. Vidare er det utvikla og prøvd ut opplegg for opplæring i bruk av KVIKKT.

Dei som har delteke i utprøvinga har gitt ei rekkje innspel til vidare utvikling av verktøyet og for kva typar lokale klimatiltak kommunesektoren treng regnehjelp. I 2011–12 gjennomfører KS eit nytt FoU-prosjekt der ein ser på klimatiltak som omfattar fleire sektorar. Her blir det mellom anna gitt forslag til nye sjekklister som kan utviklast i KVIKKT.

Resultat frå kvantifiseringa

Gjennom utprøving av KVIKKT har ein fått eit godt bilete av mogelege klimatiltak i kommunesektoren. Inndata og resultat er kvalitetssikra av fagfolk på dei ulike tiltaksområda og/eller av de ansvarlige for kvantifiseringsverktøyet. Det må understrekast at verktøyet framleis er uferdig, og at det knyter seg betydeleg usikkerheit til utrekningane. Likevel reknar ein med at presisjonen i resultata er langt betre enn i tidlegare analysar av lokale klimatiltak.

Figur 1: Effekt av 127 kvantifiserte klimatiltak fordelt på 20 tiltakstyper.

Til saman er det kvantifisert 127 lokale klimatiltak som dei neste 25 åra kan hindre at meir enn fem millionar tonn CO2-ekvivalentar slepp ut i atmosfæren og bidreg til drivhuseffekten (se figur 1). Fram til 2020 reknar ein med at dei kvantifiserte tiltaka åleine kan redusere årlege innanlands utslipp med ca. 240.000 tonn (se figur 2).

Ein stor del av tiltakseffekten er knytt til reduksjon av utslepp frå transport; litt mindre frå avfallsdeponi. Tiltak retta mot redusert bilbruk ser ut til å gi dei største utsleppskutta. Halvparten av det kvantifiserte tiltaksvolumet er forslag som ikkje har vore politisk handsama. Litt over 20 prosent er vedtatt lokalt, men her manglar ofte finansiering etc. Resten av tiltaka er sett i gang og/eller fullført.

De aller fleste tiltaka er knytt til at kommunar, fylkeskommunar og interkommunale selskap utøver sine unike roller som styresmakt, samfunnsutviklar, planleggjar m.m. Mange trur at kommunale klimatiltak handlar mest om kommunen si eiga verksemd, men utsleppskutta som her er funne er relativt sett marginale.

Med utgangspunkt i forventa kvotepris i EU vil gjennomføring av dei kvantifiserte tiltaka anslagsvis ha ein verdi på ca. 1,75 milliardar 2011-kroner. Fram til 2020 er det rekna ein årlig verdi av tiltaka som i gjennomsnitt ligg på rundt 50 millionar kroner.

Potensial for utsleppskutt

Anslag for samla tiltakspotensial er knytt til dei tiltaksområda der det så langt finst reknehjelp, det vil seie ein relativt liten del av kommunesektoren sitt handlingsrom. I utrekning av potensial er det lagt til grunn at andre kommunar i teorien kan gjennomføre tilsvarande tiltak som éin eller fleire kommunar så langt har kvantifisert. Data om folketall er nytta i aggregeringa, og tala justert i høve til kor stor del av kommunane ein reknar med at kan få effekt av ulike typar tiltak.

Berre på dei områda som kvantifiseringsverktøyet i dag dekkjer, er det rekna ut eit tiltakspotensial som dei neste 25 åra kan «spare» atmosfæren for over 30 millionar tonn CO2-ekvivalentar (se figur 3). Potensialet for årlege utsleppskutt fram til ca. 2020 er rekna til minst 1,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Dette er ein merkbar del av nasjonale mål for reduksjon av klimagassutslepp. I dei 13 største norske byane («Framtidens byer») er det fram til 2020 rekna eit årleg kuttpotensial på opp mot 600.000 tonn CO2-ekvivalenter. De neste 25 åra kan atmosfæren bli «spart for» opp mot 15 millionar tonn frå desse byane. Tiltak knytt til arealbruk og transport dominerer, spesielt på lang sikt. Fram til 2020 har avfallstiltak også et monaleg potensial.

Figur 2: Årlige utslippskutt, fordelt på tiltaksområder.

Viss ein legg til grunn Klima- og forureiningsdirektoratet sine anslag for EU-kvotepris frå 2010 vil utløysing av det utrekna tiltakspotensialet fram til 2020 ha ein årleg verdi på minst 330 millionar kroner.

Vert klimapolitikken i kommunesektoren påverka?

For å få prioritet må alle typar kommunalt arbeid rettferdiggjerast – det må gi ein effekt som kommunen ønskjer. På lengre sikt er det difor neppe grunnlag for å drive lokalt klimaarbeid viss ikkje ein kan vise at det nyttar. Sidan alle klimagassutslepp har like stor effekt kan det også verke meiningslaust å drive lokalt klimaarbeid utan at det vert sett i samanheng med klimainnsats på nasjonalt og internasjonalt nivå. KVIKKT kan bidra til ei slik kopling.

Men klimameldinga som regjeringa la fram våren 2012 etterspør berre kommunesektoren sin innsats i svært «runde» ordelag. Rett nok er det i statleg retningsline til plan- og bygningslova stilt krav om at kommunane skal drive klimaplanlegging, men det vert ikkje stilt krav om at planlegginga skal gi resultat. Så langt er det ingen teikn til at staten er villig til å betale for dei utsleppskutta kommunesektoren kan oppnå. Og sidan klimatiltak heller ikkje inngår i rammetilskotet er det å kutte klimagassutslepp per definisjon ikkje ei obligatorisk kommunal oppgåve.

Den einaste reelle drivkrafta for kommunale utsleppskutt ein så langt står att med er i praksis lokal idealisme. I ein slik samanheng er det sjølvsagt også viktig å få talfesta utsleppskutt, men det er lite som tyder på at slike tal åleine har ført til – eller vil føre til –store lokalpolitiske omveltingar. Kommunesektoren har då også mange arenaer der folk ønskjer at dei skal vere idealistar. I praktisk politikk kan det difor ikkje vere uventa om kommunane i staden prioriterer utfordringar som meir direkte vedkjem kommunekvardagen, til dømes til-passing til klimaendringar.

Figur 3: Antatt potensial for klimakutt i norske kommuner.

Utan ei kraftig vitamininnsprøyting vil kommunane neppe revidere sine klima- og energiplanar med stor kraft og entusiasme. Men ein har no i alle fall vist at kommunesektoren kan spele ei rolle den dagen den norske staten, og andre nasjonalstatar, reelt sett etterspør kommunal innsats. Og gjennom KS si verktøyutvikling er det i lagt eit grunnlag for at det kan skje ein gong i framtida.