Kva gjer eit lokalsamfunn attraktivt? I fyrste rekkje ein god arbeidsmarknad, effektiv og god kommunal service, fritidstilbod og eit inkluderande miljø. Men utan eit godt bustadtilbod er det likevel ikkje nok om alle desse tilhøva er på plass.

Liv Signe Navarsete har siden 2009 vært kommunal- og regionalminister i regjeringen Stoltenberg. Fra 2005 til 2009 var hun samferdselsminister. Navarsete har vært partileder i Senterpartiet siden 2008.

Av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp)

Gode bustader er ein vesentleg føresetnad for å sikre tilgang på kvalifisert arbeidskraft og hjelpe kommunar og lokalsamfunn til å vekse. For mange kommunar er det ei utfordring å finne gode og attraktive bustader til tilflyttarar i kommunane.

Lite fleksibel marknad

Mange mindre distriktskommunar har ein bustadmarknad med for liten fleksibilitet og for lite variasjon i tilbodet. Dette fekk eg stadfesta då eg i januar møtte gründerar frå heile landet. Manglande tilgang på bustader i distriktskommunar var eit av tema dei ville diskutere. Kvifor? Jo, fordi det hemmar etablering av nye bedrifter. Tomme hus er ikkje det same som ledige hus.

Politikken fungerer

I ordskiftet om bustadpolitikk og bustadmarknaden må me også hugse at politikken på dette området fungerer svært godt for dei aller fleste. Grunnplanken i den norske bustadpolitikken er å leggje til rette for at innbyggjarane skal bu trygt og godt. For dei fleste vil det bety å eige sin eigen bustad.

Eg vil ikkje rokke ved dette. Men eg kjem til å bli meir oppteken av bustadbygging og bustadforsyning framover. Korleis sikrar me tilstrekkeleg og effektiv bygging av framtidsretta bustader? Det blir eit sentralt spørsmål i begge stortingsmeldingane eg skal leggje fram i år. Ei melding om bygningspolitikken og ei om bustadpolitikken.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Foto: Kommunal- og regionaldepartementet)
Bustadmarknadene i mange distriktskommunar er små og usikre, og mange stader er det ei utfordring å finne gode og attraktive bustader til tilflyttarar. (Foto: Terje Humstad/ Gjemnes kommune)

Personleg ansvar

Det er mest private som tek initiativ til bustadbygging. Private utbyggarar og einskildpersonar etterspør bustader. Bustad er då også først og fremst eit personleg ansvar. Men det offentlege må leggje tilrette. Staten bidreg gjennom å sikre ein så enkel og ubyråkratisk byggjeprosess som råd. Her har eg lagt fram fleire tiltak.

Kommunane har ansvar for arealplanlegging og tilgang på byggeklare tomter. Det er ikkje minst viktig i pressområda.

Me veit gjennom forsking at bustadmarknadene i mange distriktskommunar er små og usikre. Ledige bustader blir ikkje lagde ut for sal og leigemarknaden er liten. Det er også lite nybygging fordi byggjekostnadene overstig marknadsverdien.

For mange kommunar og verksemder er det ei utfordring å finne gode og attraktive bustader til tilflyttarar. Dette gjer det vanskeleg for bedriftene å vekse og skaffe seg nøkkelkompetanse.

Det er inga enkle løysingar for å auke bustadetableringa i distrikta. Svaret er som så ofte at heilskapleg, langsiktig og lokalt forankra utviklingsarbeid må til. Naturleg nok er kommunen sentral for å utvikle gode og livskraftige samfunn. Dei må såleis sjå til at bustadpolitikken får tilstrekkeleg merksemd i den lokale samfunnsplanlegginga.

Satsing for distriktsbustader

For å støtte kommunane lanserer regjeringa ei treårig satsing for å stimulere til auka tilbod av ulike typar bustader i distrikta.

Kommunane kan nytte tilskotet til å skaffe utleigebustader til personar som ynskjer å «prøvebu» i kommunen. Kommunane kan også velje å gi tilskotet til bedrifter eller føretak som ynskjer å skaffe utleigebustader til tilflyttarar.

Me vil stille krav til kommunane som skal delta. I hovudsak om at det er forventa at satsinga vil auke engasjement blant fleire aktørar og at bustadpolitikken blir betre forankra i planarbeidet.

Kommunane må i perioden etablere ein bustadpolitisk plan. I planen må dei sjå heile det bustadpolitiske biletet og kva tiltak dei kan starte for å få ein meir velfungerande bustadmarknad i sin kommune.

Gjennom satsinga skal me samle erfaringar, utvikle kunnskap som kan auke kompetansen og kome fleire distriktskommunar til gode. Satsinga skal stimulere til meir lokal kreativitet og nye samarbeidskonstellasjonar. Slik får me fleire døme som interesserte kommunar kan lære av.

Ulike utfordringar

Det er ulike utfordringar i bustadpolitikken i ulike deler av landet. For pressområda er det til dømes viktig å sikre tilstrekkeleg tilgang på bustader for å hindre stor prisvekst som gjer terskelen inn på bustadmarknaden svært høg.

Gjennom godt samarbeid med kommunane og byggenæringa vil regjeringa leggje til rette for at alle skal kunne få tilgang til bustad der den enkelte ynskjer å bu.