Patsy Healey

Making Better Places

The Planning Project in the Twenty-first Century

Palgrave Macmillan 2010, 278s.

Patsy Healey er ein uvanleg produktiv planforskar. Ved sidan av å vere tilstades med bidrag på ei rekkje internasjonale plankonferansar produserer ho artiklar og ikkje minst bøker, ofte med utførlege innslag av konkrete prosessbeskrivingar. Med boka Collaborative Planning (1997; se bokmelding i PLAN 1998) sette Patsy Healey ein planteoretisk dagsorden, der undertitelen «Shaping places in frag- mented societies» antyda ei ny planutfordring – og ei rettesnor for korleis denne kunne møtast. Fokus i forkant av tusenårsskiftet var på prosess og kommunikasjon i nettverk og partnarskap – men Healey sin bodskap var då at vi ikkje måtte sjå bort frå betydninga av institusjonell forankring, i det som nok kunne opplevast som «utflytande» perspektiv på planprosessar.

Med den autoritative posisjonen Healey har etablert innan plan-akademia dei siste tiåra, var det knytta store forventningar til den boka som kom ut våren 2010 – og som var førehandsomtalt med den ambisiøse titelen The Planning Project. Hadde Patsy Healey tatt mål av seg til å kome med ein oppfølgar i same format som John Friedmanns Planning in the Public Domain frå 1987? Då boka kom ut, kunne vi legge merke til at «The Planning Project in the Twenty-First Century» var blitt til undertitel, og at Making Better Places var hovudtitelen. Kanskje var ambisjonane senka litt – eller var endringa motivert av eit ønske om å signalisere ei tydelegare «sted-ing» av planteori og planlegging? Utan tvil er det dette siste boka dreier seg om – å argumentere for stedsperspektivet som eit heilt grunnleggande utgangspunkt for dagens (og framtidas) samfunnsplanlegging.

Forteljingar som illustrerer

Typisk for Healey startar det med ein presentasjon av konkrete case henta frå planlitteraturen. Det dreier seg først om ei bruksendring frå pub til bustader i ein middelklasse-landsby sør for London, så om ein folkehelseintervensjon i eit slumstrok i New York, og til sist om israelske styresmakters forsøk på å utvikle eit fellesareal midt i byen Nazaret. Desse case-historiene er tydelegvis vald for å vise breidda i planutfordringar knytt til sted. I det første tilfelle er det eit hierarkisk vedtatt planlovverk som slår inn. Her har huseigar rett til å omdanne huset så lenge det skjer i samsvar med gjeldande plan. Det hjelper lite med ein aksjon frå pub-klientellet; lokale folkevalde må motvillig godkjenne omdanning av puben til leiligheter, fordi området det dreier seg om er regulert som bustadstrok. I det andre tilfellet er det velvillige helseplanleggarar som vil innføre tiltak for å verne helsa til folk som bur i eit område med store og dokumenterte helserisiki. Men tiltaka som vil fjerne eller dempe desse vil i praksis også fordrive folk som bur i denne bydelen: Det er grupper som har råd til å bu i det utsette området nett fordi husleiga er overkomeleg – det er eit strok der folk med god betalingsevne ikkje vil bu. Her er det ekspertise som står mot folkelege ønskjer og behov. Det tredje tilfellet dreier seg om eit forsøk på å skape ein felles arena, meint for å styrke integrasjon og dempe spenninga mellom palestinske og israelske borgarar. Men her blir plantiltaket tvert om noko som utløyser etnisk/religiøse/politiske konfliktar. Samlivet i Nazaret er så skjørt at det skal lite til før latente konfliktar eskalerer. I dette tilfellet gjer styresmak- tene noko som opplevast som å skiple den hårfine balansen mellom innbuargrupper med sterk gjensidig mistillit.

Kva fortel Patsy Healy oss gjennom desse historiene? Dei er alle historier om folk sin kvardag, og korleis den blir påverka av plan-betinga endringar, utvikla og vedtatt i det bestes teneste, men opplevd i sine utslag som sterkt uønska bidrag som forringar og kanskje umogleggjer lokalt liv. Styres- maktene i det engelske case hadde sett behovet for å prioritere tilgang på bustader. I det amerikanske caset var det eit prisverdig ønske om fagleg grunna tiltak for til å jamne ut helse- og levekårsforskjellar i storbyen. I Nazaret var det eit ønske om å forskjønne og legge til rette for bruk av eit fellesareal som kunne nyttast av alle religiøse og etniske grupper. Alle desse tiltaka er slike som planleggarar flest vil feire som del av arbeidet for framsteg, velferd og utjamning. Likevel går det gale, ikkje berre i desse historiene, men gang på gang. 0g det skjer etter Patsy Healy si oppfatning fordi planprosjektet («The planning project») enno ikkje har reflektert inn, og tatt den fulle konsekvensen av, stedsperspektivet.

Ikkje så at Det store Planprosjektet på første halvdel av 1900-talet var lite konkret: Det dreidde seg ifølgje Healey om fagleg baserte strategiar for å utvikle næringsliv, velferd, infrastruktur og bustader i konkrete urbane og rurale samanhengar. Inn- satsen var grunna i ekspertise og forsking, og med ein underliggande motivasjon om å bidra til å skape meir fornuft – men også for å styrke demokratiet. Men Healey minner oss om at Planprosjektet i liten grad var ope for reelt folkestyre, nesten utan unntak dreidde det seg om å endre produksjonssystem og levemåtar ut frå det forskinga og profesjonane hadde funne ut. 0g Planprosjektet sine fagfolk brydde seg i svært liten grad om lokal, uformell kunnskap, lokale verdsettingar og tenkemåtar.

Mistillit til planlegging

Samtidig viste det seg at dette rasjonalistiske og velvillige Planprosjektet sine representantar sjeldan var i stand til å sette grenser opp mot sterke kapitalinteresser og andre pressgrupper (i Vesten) eller mot tunge byråkratiinteresser i land med sterkt utvikla planøkonomi. Resultatet kjenner vi som ein utstrekt folkeleg mistillit til planlegging frå slutten av 1960-talet av, og faktisk fram til i dag. Planprosjektet blei assosiert med hierarki, ekspertstyre og for utelukkande å rette seg etter press der det var kapitalinteresser som utøvde påverknad. Planlegginga var ikkje primært kritisert på teoretisk eller ideologisk grunnlag (det skjedde nok og!) men først og fremst på grunnlag av folk sine erfaringar med uønska endringar i deira livsmiljø. 0m endringar i dette livsmiljøet i stor grad kom til uttrykk som nedlegging av industribedrifter og butikkar, som trafikkspørsmål eller skolestridar, så handla det likevel om korleis ting hang saman på stedsnivå, og om at påførte endringar kunne forringe kvaliteten ikkje berre for dei som var arbeidarar, næringsutøvarar, pensjonistar, elevar eller kundar – men for heile det lokale samfunnet. Konsekvensane av planlegging blei opplevd materielt og fysisk, så vel som med omsyn til korleis planlegging virka inn på den betydninga og den identiteten som folk la i det å bu på stedet. Vi kjem i dag ikkje unna «politics of place» i planlegginga, hevdar Healey.

Det kan vere freistande å resonnere seg fram til at stedsperspektivet vil vere så framand for Planleggingsprosjektet sitt ultimate, modernistiskrasjonelle grunnlag, at teori og strategi for stedsutvikling må hente næring frå andre «prosjekt» enn det planbaserte. Men det er nettopp her Patsy Healey leverer eit insisterande, empirisk basert og normativt underbygd forsvar for «Place governance with a planning orientation».

Det nye planprosjektet

Healey er ikkje snauare enn at ho allereie på side 19 i boka argumenterer for kva slags prinsipp som Planprosjektet for det 21. århundre må bygge på. For det første må planlegginga halde fast på framtidsorienteringa – og i dag betyr det både at

handling i dag skaper framtida i positiv forstand, men også at dagens handlingar påverkar klima-og miljøspørsmål for framtidige generasjonar. For det andre må planlegginga ha dagleglivets rutiner som eit heilt sentralt fokus, her nyttar ho ordet «liveability», eit ord som er vanskeleg å omsette til norsk. 0g i forståinga av dagleglivet må planlegginga i dag ta høgde for den sosiale og kulturelle heterogenite- ten som 1900-talet sitt planprosjekt unnslapp. Det tredje kravet er ei forståing av samanhengar og korleis ting og prosessar virkar inn på kvarandre, både på lokalt nivå og i relasjonar som vever sider ved sted inn i meir omfattande prosessar og system. Det fjerde kravet gjeld kunnskap i planlegging – ei ope haldning til både fagekspertise og erfaringsbasert, lokal kunnskap. 0g det femte dreier seg om demokratisk politikk – at det skal vere opne prosessar, full informasjon, og tilrettelegging for deltaking.

Med desse normative posisjonane, alle henta frå kritikken av 1900-talets planprosjekt, vil Healey gi gode råd på vegen til ei stedsorientert planforståing – og til ein stedsorientert planpraksis. I den vidare gangen i boka kjem først eit kapittel om stedsforståing, og eit kapitel om å forstå steds-governance. Kapitlet om stedsforståing virkar lite systematisert, ettersom både governance-problematikk og planstrategiar blir repetert her. Akkurat her burde Healey kunne bidra til ei djupare kulturelt og materielt basert stedsforståing. Kapitlet om steds-governance er rikt på problematiseringar av forholdet mellom det som går føre seg i formelle politiske institusjonar og andre politiske praksisar, men kritikken av det som ikkje fungerer blir meir fokusert på «feil» enn på ein djuptgåande analyse av for eksempel kognitive barrierer (frå organisasjonsteori) og ideologiske bindingar (politisk analyse). Mens desse to kapitla nok lovar meir enn dei held, er dei følgjande kapitla meir strukturerte og framføringa meir energisk. Det gjeld to kapittel der Healey viser anvendingar av det nye Planprosjektet – både på det å få til endring lokalt, og det å styre ei utvikling (som det kan vere lite å gjere med) i ei ønska retning. Så langt i boka kan ein vere frista til å tenke at dette var vel og bra, men at verdien av dette fokuset så avgjort vil vere avgrensa til å gjelde mikro-planet,i nabolaga, bydelar og i småkommunar.

Men så slår Healey til med å introdusere «major projects» forstått som «mega projects» eller storprosjekta, og lanserer dette som ein potensiell ny grunnkategori i stedsbasert planforståing. Argu- mentet er at dagleglivet og politikk på steder(i periodar) handlar om å ta stilling til, og til å bidra i utforminga av, store prosjekt som ofte blir drivne fram med ein enorm energi, av i varierande grad opplyste, velgjerande eller profitthungrige entreprenørske elitegrupper. Dette er prosjekt som set varige spor, og som i tillegg til dei fysiske og økonomiskeeffektane kan påverke identitet og danne definisjonar av dei byane der slike prosjekt har blitt utført. Igjen vender Healey seg til empirien for å vise dynamikken bak ulike megaprosjekt, og samanliknar prosjekt som har bidratt til å omdanne byar som Boston, Barcelona og Birmingham. Etter Healey si meining er det mogleg å utnytte energien frå slike megaprosjekt positivt, til beste for alle grupper og nabolag i ein (stor)by – men det føreset at dei blir gjennomført innafor andre rammer enn dei som prega 1900-talet sitt Planprosjekt.

Etter eit kapittel som viser korleis ein proaktivt kan utføre strategisk arealplanlegging i ulike storbykontekstar oppsummerer Healey sine argument og perspektiv i kapitlet «Doing Planning Work» – der heile lerretet blir systematisert – frå dei omsyn ein må ta i reguleringsplanlegging via nabolag- og lokalsamfunnsutvikling til megaprosjekt og strategiske arealinnsatsar på byregion-nivå. 0g i sluttkapitlet er det å skape bærekraftige og levelege steder for (eit hetero- gent) folk framheva som planlegginga sitt utgangspunkt og si ultimate grunngiving.

Eit manifest?

Har så Patsy Healey med denne boka levert eit manifest for det 21. århundres planforståing og planleggingsinnsats? Titelen antyder det, men resultatet er ikkje heilt overtydande i så måte. Det er også ein tydeleg kontrast mellom den lågmælte tonen i framstillinga, og rekkevidda av dei tema som blir tatt opp. Her er kontrasten til John Friedmanns Planning in the Public Domain (1986) påfallande. Patsy Healey snakkar argumenterande, meir enn ho skriv autoritativt til sitt publikum, og i så måte er stilen i boka meir lik den John Forester nyttar i Planning in the Face of Power. (1989). Men til forskjell frå Forester bryr ikkje Healey seg nemneverdig om å levere ein fagleg grunna analyse av kva som kan hindre gjennomføringa av Planprosjektet for det 21. århundret. På dette området leverte nettopp John Forester ein kritikk basert på ei djup forståing av dei barrierer for kommunikasjon som blir til gjennom organisasjonsprosessar, ein kritikk som Healey ikkje er i nærheten av å ta inn over seg i denne boka. Lesaren saknar Healey sitt forhold til kognitive, kulturelle, institusjonelle og økonomisk-makt-type begrensningar. Sett i forhold til forgjengaren Collaborative Planning (Healey 1997) blir nok denne boka meir innretta på pragmatisk steds-governance, men samtidig mindre rik på djuptpløyande analyse og argumentasjon. Men når det er sagt: Making Better Places er befriande kommuniserande og fullstendig utan ambisjon om å imponere lesaren. 0g det å ha som prosjekt å systematisk leite fram og peike på muligheter, der dei måtte finnast, for å utvikle bærekraftige og levelege stedssamfunn, må vi berre applaudere.

Litteratur:

Forester, J. (1989) Planning in the face of Power. Berkeley: University of California Press.

Friedmann, J. (1987) Planning in the Public Domain. From Knowledge to Action. Prioceton: Princeton University press.

Healey, P (1997) Collaborative Planning.Shaping Places in Fragmented Societies. London: Palgravemacmillan.