Høgskulen i Volda har i mange år tilbudt utdanning i samfunnsplanlegging, både på bachelor- og masternivå. PLAN har snakket med professor Roar Amdam, som forteller at de satser mye på etter- og videreutdanning, med en profilering rettet mot ledere i offentlig sektor.

Intervjuer: Jens Fr. Nystad

Høgskolen i Volda tilbyr en bachelor i «planlegging og administrasjon», og på toppen av det en master i «samfunnsplanlegging og leiing». Det høres jo både spennende og matnyttig ut ...

Bachelorutdanninga vår har eksistert i mange år, og viss du ser på faginnhaldet, så gir studiet kandidatane ei brei innføring i relevante fag for planlegging – økonomi, statsvitskap, organisasjonsvitenskap, sosiologi, geografi, juss, plan- og utviklingsarbeid – med tanke på eit yrke som planleggar eller saksbehandlarar. Kandidatane frå denne utdanninga hamnar no stort sett i saksbehandlarstillingar i til dømes NAV, kommune eller fylke. Men det må seiast at vi strir med rekrutteringa til bachelorutdanninga vår.

Hva er grunnen til det?

Hadde vi visst kva årsakene til rekrutteringsproblemet vårt er, så hadde vi gjort noko med dei for lenge sidan. Det kan vere profilen vår det er noko gale med, det kan vere innhaldet, fagtilbodet, det kan vere Volda som stad. Det er mange faktorar med i biletet her. 0g med dårleg rekruttering, så får vi dårleg økonomi. 0g då må vi kjempe for å ikkje komme inn i ein vond sirkel, at tilbodet blir dårlegare fordi du ikkje har økonomi til å oppretthalde det på eit godt nok nivå.

No prøvar vi å marknadstilpasse denne utdanninga noko meir, for vi ser at mange av kandidatane våre driv med det ein kan kalla «shopping»; dei har kan hende tatt med seg eit års studium eller noko sånt, og så kjem dei til oss og tar eit år her, eller to eller tre, alt etter. 0g om dei ikkje finn eit tilbod hos oss i Volda, så dreg dei i staden til andre institusjonar i inn- og utland, Australia til dømes.

0pphavleg var dette eit toårig studium, men så kom bachelorgraden, og då trudde vi at alle slike studium måtte utvidast til tre år. Det vi no har tenkt å gjere, er å gå attende til eit toårig tilbod, og så la eitt år vere fritt – innanfor relevante fagområde.

Du har allerede antydet noe om hvor kandidatene fra bachelorstudiet havner, i NAV og i kommunal saksbehandling. Er det også noen som finner jobb innenfor fysisk planlegging?

Ja, det er det enkelte som gjer, men då har dei venteleg tatt andre fag i tillegg. Eg ønsker at vi skal få inn meir av arealplanlegging i utdanningane våre, for her er vi litt for svake no. Vi hadde elles ei undersøking for nokre år sidan, og sjølv om vi fann at dei fleste av kandidatane våre hadde fått arbeide innanfor offentleg sektor, var det overraskande mange som hamna i privat sektor, og også mange i frivillig sektor innanfor større organisasjonar.

Hvis vi ser bort fra de som velger mellom Volda og Australia, hvilke andre utdanningssteder konkurrerer dere med når det gjelder bachelorstudiet?

Roar Amdam (Foto: HiV)

Tradisjonelt har vi konkurrert – og samarbeidd – med kommunalutdanninga på Høgskulen i 0slo. Vi har også ei konkurranseflate mot Universitetet i Tromsø, tidlegare også Høgskulen i Lillehammer, men også der har det i seinare tid skjedd profil- endringar som gjer at vi ikkje lenger er like tydelege konkurrentar. Det er vel disse institusjonane som har lege innanfor fagområdet slik vi har profilert bachelorstudiet vårt.

Du sa at selve stedet Volda kan være én årsak til dårlig rekruttering. Betyr det at Høgskulen i Volda

generelt har problemer med å trekke studenter til seg?

Nei, slett ikkje. Samla sett har høgskulen god tilgang på studentar. Men vi har sett ein tendens til at studentane foretrekker meir sentrale delar av landet.

Hvordan er situasjonen for masterstudiet deres?

Den er heilt annleis, med veldig god rekruttering. Faktisk så god at vi etter kvart må begynne å avgrense opptaket. Allereie for ti-tolv år sia, når vi starta opp med masterutdanninga, gjorde vi eit strategisk val om ikkje berre å basere oss på vore eigne studentar. Vi la til grunn at veldig mykje av samfunnsplanlegginga i dag blir utført av leiarar i offentleg sektor, dels også i privat sektor. Disse leiarane har eit stort samfunnsansvar i jobbane sine, og dei har behov for det samfunnsplanperspektiv som vi står for. Med ei slik profilering får vi tak i masse folk i forskjellige leiarposisjonar, og som både ser behov for å styrke seg i leiarfaget og planleggingsfaget. Dette er ofte folk som har ei profesjonsutdanning i botn – ingeniørar, lærar, sjukepleiarar, sosionomar, politifolk, legar m.m. – og som etter kvart har hamna over i meir administrative og leiande stillingar.

Får dere folk fra hele landet til masterstudiet?

Det kjem folk frå heile landet, ja, men sjølvsagt med eit tyngdepunkt frå Vestlandet.

Er studiet lagt opp som et heltids- eller deltidsstudium?

Studiet er tilrettelagt for både heiltid og deltid, og vi har ei overvekt av deltidsstudentar.

... som får studieutgiftene dekket av arbeidsgiver ...

Det normale er at deltidsstudentane får fri dei vekene dei er her på samlingar, og at dei gjerne får dekt reiseutgifter. Til gjengjeld er det ofte ein stor haug med arbeid som ventar på dei når dei kjem tilbake på jobb. Det er eit tøft løp for deltidsstudentane, men dei seier at samlingane i Volda gir fagleg påfyll, stimulerer til refleksjon over eige arbeid og motivere til vidare innsats. 0g i mål kjem dei aller fleste.

Hvor mange studenter snakker vi om – på master og bachelor?

På bachelorstudiet startar vi gjerne med rundt 30 studentar, men det er stort fråfall under vegs. Dei siste åra har kanskje rundt 10 fullført med bacheloreksamen. På masterstudiet er det ikkjekull på same måten; men det er mellom 30 og50 studentar på dei forskjellege emna som inngår i masteren. Med unntak for metode og oppgåva fungerer alle emna i masteren som sjølvstendige etter- og vidareutdanningar. I haust er det 16 nye som har starta på arbeidet med masteroppgåva.

Hva velger studentene som masteroppgaver?

Dei aller fleste vel noko som ligg nær opptil jobben deira – vi har folk som skriv om bygdeutvikling, universell utforming, tilbakeflytting, rekruttering, entreprenørskap, planprosessar, organisering og leiing i skule- og helsesektoren, innvandring; ein skreiv til dømes om filippinske kvinner som giftar seg med norske menn.

Når både fagbakgrunn og emnevalg er såpass forskjellig blant studentene, blir det ikke da vanskelig å gi alle sammen en god faglig veiledning?

Det har ikkje vore noko problem. Vi signaliserer ganske tydeleg til studentane at det alle får rettleiing på hos oss er først og fremst prosessen rundt det å skrive oppgåve, og at det er veldig opp til dei sjølve å skaffe den substanskunnskapen ut over pensum som dei treng i oppgåva. Dette er kunnskap som ein liten høgskule som vår ikkje kan ha breidde til å dekke fullt ut, men vi bidreg saman så godt vi kan. Nivået på oppgåvene er høgt og fleire har gått vidare på doktorgradsprogram.

En liten skole, sier du. Da har dere vel behov for å samarbeide med andre relevante utdanningsinstitusjoner?

Samarbeidet med andre skuler her i Noreg er i stor grad knytta til FUS, altså Forum for Utdanning i Samfunnsplanlegging. Så langt har det særleg vore Tromsø, Lillehammer og vi som har samarbeidd fordi vi har lege fagleg sett nært kvarandre. Men vi kjenner også godt til Ås-miljøet, Stavanger, Bergen og Trondheim. 0g spesielt innanfor arealplanlegging blir det no jobba med å få til eit betre samarbeid her på Vestlandet. Elles er vi ein aktiv medlem i Association of European Schools of planning (AES0P).

Hva er ditt syn på hvordan utdanningen innenfor planfagene drives mer generelt i Norge?

Då vil eg først seie litt om det eg ser på som den største utfordringa for det ein kan kalle planleg- gingsinstitusjonen i Noreg i dag. For det vi ser, er at mykje av den samfunnsstyringa som offentleg planlegging galdt før, har blitt flytta frå offentleg

sektor og over i privat sektor og nettverk. Denne maktforskyvinga har skapt eit fokus på partnarskap, governance og nye politiske institusjonar som til dømes regionråd og andre samhandlingsforum. Dermed er aksepten av den samordningsfunksjonen som den offentleg samfunnsplanlegginga hadde, blitt svekka. Vidare ser vi også ein tendens til det vi kallar «sektor- og einingsegoisme» i offentleg sektor, at tilsette utfører den produksjonen dei blir målte på. Mens konsekvensane av den samla produksjonen, som ofte er vanskeleg å talfeste og halde tilsette ansvarleg for, blir skove på; konsekvensane blir ein sekkepost som ingen forhold seg til fordi det ikkje er «mitt bord». Det er desse konsekvensane samfunnsplanlegginga har og bør ha fokus på.

Utfordringa blir korleis vi møtar desse endringane som utdanningsinstitusjonar, og korleis vi profilerar oss. Kva skal vi vektlegge i utdanninga, og kva skal vi førebu studentane våre på å møte ute i yrkeslivet? Her i Volda meiner vi det er viktig at leiarar blir utfordra til å vise samfunnsansvar og delta aktivt i dei nye politiske institusjonane som driv samfunnsplanlegging og -utvikling.

Mange forskjellige utdanninger gir i dag kompetanse innenfor norsk planlegging. Er det en fordel og en styrke, eller burde vi heller ha hatt en mer profesjonsbasert planleggerutdanning?

Vi har tidlegare prøvd å omdanne FUS til eit formelt godkjent fagråd eller profesjonsråd, nettopp med tanke på å skulle bygge opp ein felles profil hos planleggarane. Men dette fikk vi ikkje aksept for frå Universitets- og høgskulerådet. Svaret var at planleggingsfaget er samansett, og dei som repre- senterer faget må bruke dei forskjellege fagråda og profesjonsråda som alt finst, for å fremje sine interessa. FUS tok tidlegare også mål av seg til å få til ei harmonisering innanfor planleggarutdanninga, med felles pensum på dei forskjellege studia. Men dette har i ettertid blitt tona ned, og ein aksepterer no i større grad mangfaldet innanfor norsk planlegging. Samstundes har utdanningsinstitusjonane hatt behov for å profilera seg i forskjellege retningar. 0g der står vel saka i forhold til at planlegging skal vere ein eigen profesjon.

I dag er det, som du seier, slik at mange har ein utdanningsbakgrunn som gjer at dei kan gå inn i planleggarstillingar. Men eg ser ei todeling av planleggarfaget, mellom dei som er retta inn mot arealplanlegging og dei utdanningane som er meir prosessorienterte. Den same delinga av planleggarfaget finn vi også andre stader ute i Europa. Det ønskelege er at vi hadde eit betre samarbeid mellom dei som utdannar til fysisk planlegging og arkitektur og vi som driv med meir politikk- og prosessorienterte former for planlegging.

Prosesskunnskap blir kanskje ikke vektlagt like mye som substanskunnskap i norsk planleggerutdanning ...

Nei, på dette feltet er vi i Volda gått ganske langt i norsk samanheng. Men det er alltid ei vanskeleg vurdering kor mykje vekt ein skal legge på prosesskunnskap kontra substanskunnskap. Her er det elles eit skilje mellom bachelor- og masterstudiet vårt, i den forstand at bachelorstudiet inneheld relativt meir substanskunnskap enn masterstudiet der vi vektlegg meir prosessforståinga, planleggarrolla og planlegging som politikkutforming.

Hva slags planlegging utdanner dere studentene til: en tradisjonell og instrumentell planlegging, forhandlingsplanlegging, kommunikativ planlegging, aksjonsbasert planlegging, eller hva?

Vi førebur studentane på at planlegging i stor grad handlar om politiske prosessar, og at dei treng god forståing for korleis slike prosessar går føre seg. 0g vi vektlegg det kommunikative framfor det instrumentelle. Utfordringa er sjølvsagt å få ei god balanse mellom instrumentelle og kommunikative planleggingsformer slik at planane blir aksepterte og legitimerte.

Betyr dette at utdanningen dere gir mer retter seg mot utviklingsarbeid enn planlegging i tradisjonell forstand?

Ja, det er nok riktig. Vi trekker planleggingsfaget over mot utviklingsarbeid. Det å skulle lage ein heilskapleg og koordinerande plan for ei eller anna territoriell eining, er for så vidt ein interessant oppgåve for ein planleggar. Men ei slik ovanfra-og-ned og ekspert driven «planlaging» møter ofte sterk motstand i gjennomføringa og endar ofte sitt liv i arkiva. I utviklingsarbeid handlar det om å bruke planlegginga til å styrke ein kollektiv handlingskapasitet som tek ansvar for eiga utvikling og som deltek i gjennomføringa.

På den annan side er det nettopp planleggarar med kompetanse innanfor fysisk planlegging det trengst å utdanne meir av no. Kommunane skrik formeleg etter slike folk. Men også arealplanleggarar treng kunnskap om korleis drive utviklingsarbeid. Så der har både vi og systemet ein jobb å gjere.