Distrikts- og regionalpolitikk høyrer til dei evige områda i norsk politikk. Omgrepet har kanskje ikkje alltid vore nytta, men politikarar har til alle tider vore oppteken av korleis landet skal bli halden i hevd.

For vikingane er det vel ikkje heilt presist å snakke om distriktspolitikk. Dei dreiv maktpolitikk, tidvis borgarkrig, men sjølvsagt også med eit ønske om å kontrollere ressursrike område.

Seinare har me lagt vekk sverd og brynje. På 1800-talet handla det mykje om nasjonsbygging, men nasjonen skulle bli knytt saman til ei effektiv eining. På 1900-talet skulle det moderne samfunnet finne si form. Sjølvsagt spela distrikt og regionar ei viktig rolle for korleis velferda blei skapt og fordelt, og kva parti som vaks fram i det politiske landskapet.

På 2000-talet er det ny omstilling å handtere. Verda er blitt mindre, krava til velferd er store, eit tenestesamfunn veks fram. Samstundes er nokre konfliktar dei same og ordskiftet framleis friskt og skarpt.

«Kvifor er hatet mot hovudstaden så sterkt?», var den tabloide overskrifta på eit debattmøte som Aftenposten og NRK P2 arrangerte i haust. Sjølv har eg som statsråd erta på meg nokre rikssynsarar, med snever synskrins, fordi eg har invitert til møte om motmakt og regional utvikling.

Dei grunnleggjande spørsmåla

Det får så vere. Mitt ærend er ikkje å hisse til strid mellom by og bygd. Regjeringa er ganske enkelt oppteken av dei grunnleggjande spørsmåla på dette politikkområdet:

Korleis forvaltar me felles ressursar til beste for heile samfunnet, kvar kjem ny verksemd, korleis blir omstilling takla og busetjing sikra? Korleis skal dette landet sjå ut om nokre tiår? Og ikkje minst: Korleis handterer me samspel og maktkamp mellom by og land?

Ser eg tilbake på fem år med den raudgrøne regjeringa, meiner eg at me på mange felt har bidrege til regional utvikling og utvikling av attraktive lokalsamfunn i heile landet.

Me har gjeninnført differensiert arbeidsgjevaravgift, fått til eit distriktsløft, der me har auka løyvingane til dei særskilte distrikts- og regionalpolitiske verkemidla med 743 millionar kroner, om lag 56 prosent frå 2005 til 2011.

Me har styrkja kommuneøkonomien og satsa på innovasjon og entreprenørskap. Me har fått på plass ein konkret og ambisiøs transportplan, landbruks- og matnæringa er i siget og spennande næringsklynger veks fram nye stader. Fylkeskommunen som regional utviklingsaktør er styrka. Me har fått til ei storstilt satsing på breiband og har no ambisjonar om få til enda større kapasitet på digitale løysingar over heile landet.

Samstundes har me vore klar på at sjølv om nasjonale styresmakter kan gjere mykje, kan dei ikkje gjere alt.

Me kan ikkje i regjering og Storting vedta lokal vekstkraft og lokale initiativ. Kvart einskild samfunn må vere medveten sitt ansvar. Innbyggjarane har ei rolle å spele, som medborgarar, politikarar og medarbeidarar i offentlege og private verksemder.

Eg trur denne vektlegginga av ansvar blir enda viktigare i distrikts- og lokalpolitikken i åra som kjem.

En fjelltur gir overblikk over den regionale utviklingen. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete på toppen av Glomtind i Lofoten, sommeren 2010. (Foto: Scanpix)

Samferdslerevolusjonar

Som samferdsleminister frå 2005 til hausten 2009 hadde eg ansvar for eit område som er sentralt for å kunne ta heile landet i bruk. Ein ny eller oppgradert veg, eit ferjefritt samband, nye hurtigbåtar eller ein tunnel.

Alt dette påverkar framtida til ein region eller eit lokalsamfunn. Me har sett det i Nordre Nordland og Sør-Troms med Lofast, ei ny tidsrekning, og på Vestlandet, der Bergen og Stavanger er knytt nærare saman.

Tenk berre på for ei omvelting det var då kyst- nasjonen på 1890-tallet fekk ei kystrute som gjekk både etter faste tider og om natta heile året.

I dag er det gode digitale vegar som representerer det største kommunikasjonsmessige spranget. Avstandar er ikkje lenger noko hindring for tenesteyting, nyskaping, samarbeid og deling av informasjon.

Kvar er retninga?

Som kommunal- og regionalminister skal eg sjå heilskapen på eit politikkområde som formar mykje av landet. Eg skal freiste å peike ut ei retning dit me skal, bidra til at me finn fram dit og ha ei meining om kva som ventar oss.

Skal eg teikne det store bilete, ser kanskje Noreg slik ut om nokre tiår:

Bodskapen om fridom til busetjing har overlevd.

Ja, det viste seg at det var muleg å nå ei slik målsetting. Me har fått til ei god blanding av større byar, med Oslo i front, ein sterkare akse Stavanger-Bergen, mellomstore byar med eit aktivt omland og livskraftige distriktskommunar og mindre lokalsamfunn.

Me har ikkje hatt den storstilte saneringa av kommunestrukturen som einskilde spådde eller kanskje håpa, sjølv om talet på kommunar garantert ikkje er 430. Kommunane er framleis ein truverdig leverandør av velferd og ein god arena for lokalt demokrati og samfunnsutvikling. Men det er ei god arbeidsdeling mellom offentlege og private leverandørar av sentrale velferdstenester over heile landet.

Vitalt næringsliv

Næringslivet er vitalisert etter nødvendige omstillingar. Nyskaping og entreprenørskap er blitt meir sentralt. Balansen mellom offentlege og private arbeidsplassar er god. Noreg er blitt mindre byråkratisk og meir effektivt. Ikkje minst fordi me har utnytta tek- nologien til å effektivisere offentlege tenester.

Større føretak, med internasjonale forgreiningar, lever side om side med lokale verksemder. Dei ulike samfunna er multikulturelle. Innvandringa har styrka Noreg. Grøn teknologi og miljøvennleg samfunnsplanlegging er ein naturleg del av samfunnet.

Me har også makta å drive tilbake urovekkjande

tendensar til ei todeling av landet, der kompetansearbeidsplassar klumpa seg saman i avgrensa og pressprega delar av Austlandet.

Omgrepet flyttestraum er definitivt daudt i dette framtidsbilete.

Hovudårsaka ligg i denne kombinasjonen:Ei god fordeling av arbeidsplassar for dei høgt utdanna, ein informasjonsrevolusjon som har redusert avstandsulempene, likeverdige levekår og høgare verdsetting av – for å seie det med ein farlig klisjé – livet på bygda. Rørslene går begge vegar. Både by og bygd er attraktive.

Kva var suksessoppskrifta? Jo, politiske styresmakter torde å ta i bruk verkemiddel for å sikre ei anna utvikling. Mottoet var: Alt er ikkje politikk, men det som er politikk er viktig.

Luftslott og draum

– Statsråd Navarsete. Du byggjer luftslott og dagdraumar i staden for å tilpassa politikken til røyn- domen, vil dei kvalifiserte lesarane av PLAN hevda.

Så vil dei liste opp urovekkjande flyttetal, fødselsunderskot, kompetanseunderskot, arbeidsplass- underskot, næringsstrukturar som rotnar på rot og lokalsamfunn som har framtida til låns.

Då svarer eg: Det må vere muleg å ha to innfallsvinklar til ordskiftet i hovudet samstundes.

Den eine fortel meg at Noreg har utvikla seg, blitt rikare og meir moderne dei siste tiåra. Næringslivet langs kysten har omstilt seg. Landbruket er framleis viktig. Produktiviteten og konkurransekrafta er framleis god i Noreg. Mange regionar og lokalsamfunn klarar seg bra. Entreprenørskapet er minst like godt i spreiddbygde strøk som i byane. Flyttinga går begge vegar.

Den andre innfallsvinkelen fortel om utviklingstrekk som uroar. Me ser tendens til skeivfordeling av arbeidsplassar og fødselsunderskot i for mange lokalsamfunn. Ikkje all næringsverksemd er like framtidsretta. Offentlege arbeidsplassar kan bli ei sovepute for einskilde samfunn. Me slit med å tilby dei mange nyutdanna frå høgskular og universitet passande arbeid i heile landet.

Innvandring og positive tendensar

Som politikar med ståstad i distrikts-Noreg, er eg mest tiltrekt av dei positive trekka. Det er jo trua på at samfunnet kan bli betre som er grunnlaget for det politiske virket. Eg er stolt av at me har lukkast med å velje ein annen veg i distrikts- og regionalpolitikken enn Sverige.

Difor held eg fast på at me ser gode tendensar når det gjeld flyttetal og utvikling av folkesetnad. Alle regionalministrar blir målt på utviklinga på desse områda. Det er naturleg når me gjennom mange år har hatt som overordna mål å hald fast ved hovudtrekka i busettingsmønsteret.

Utviklinga i folketal har vore gode for heile Noreg både i 2009 og første halvår 2010. Innvandringa har vore uvanleg høg dei tre siste åra, noko som har ført til ein forbetra flyttebalanse for alle regiontypar i Noreg.

Også fødselsoverskotet var rekordstort i 2009. Me må tilbake til 1973 for å finne eit høgare fødselsoverskot enn i fjor. I forhold til folketalet var innvandringa i 2009 størst i dei spreiddbygde områda i landet. Desse områda hadde også samla folkeauke i 2009 for fyrste gong sidan 1980. Totalt gjekk folketalet opp i 300 kommunar. Dette er det høgaste talet i heile perioden 1980–2009 og 31 fleire enn i 2008.

Men hovuddelen av endringa ser ut til å skuldast auka tilflytting til småkommunane i form av innvandring. Av dei 300 kommunane med vekst i 2009, ville 111 ikkje hatt ei slik auke utan innvandringa. Dette tyder at inkludering av tilflyttarar blir viktig. Anten dei nye innbyggjarane kjem som arbeidsinnvandrarar frå Polen, Tyskland, Litauen, Sverige eller Nederland, som familieinnvandrarar frå Russland og Thailand eller som flyktningar, vil det påverke utviklinga i kommunane.

Innvandring og inkludering vil bli ein stadig viktigare del av distrikts- og regionalpolitikken. Innflyttarane representerer mulegheiter. Dei lokalsamfunna som er mest opptekne av dei som kjem og mindre opptekne av dei som reiser, vil kunne stå fram som vinnarar om nokre år.

Skape eigen verksemd

På plussida ser eg også at me har fått eit breiare ordskifte om nyskaping, gründerverksemd og arbeid utanfor byane. Mange menneske ynskjer å utvikle eigne verksemder utanfor dei mest sentrale stroka. Dei ser at mindre stader har store kvalitetar. Dei kan realisere sine profesjonelle draumar samstundes som det er tid til eit liv med litt lågare puls.

Eg har møtt mange lokale eldsjeler, medvetne lokalpolitikarar og kommunalt tilsette som vil bidra til å utvikle lokalsamfunnet sitt. Dei er ikkje opptekne av å vere offer. Men dei stiller krav eller peiker på hindringar. Til dømes kapitaltilgang, sviktande samferdsel, dårleg energiforsyning, fordeling av offentlege midlar eller dårleg samordning innanfor det offentlege virkemiddelapparatet.

Utfordringane er mange

Så, ja. Eg er medveten på at det er utfordringar og problem. I det daglege politiske virke er det vanskelig å vere anna enn realist.

Difor ser eg at ein framtidsretta distrikts- og regionalpolitikk mellom anna må handtere fødselsunderskot og forgubbing i distrikta.

Me snakkar mykje om at det blir fleire av dei eldste eldre og kva det vil bety for velferdstenes- tene. Det er mindre merksemd om at me samstundes

får langt fleire ungdommar som no orienterer seg mot høgare utdanning.

Desse to prosessane slår ulikt ut geografisk. Analysar departementet har gjort, syner klart at distrikta får ein overrepresentasjon av eldre menneske. Samstundes vil storbyane få ein tilsvarande auke av yngre menneske, sjølv om delen eldre også vil auke også i storbyregionane. Denne utviklinga i befolkninga skuldast blant anna at det sidan ca. 1980 har blitt født relativt fleire barn i sentrale områder enn i distrikta.

Sjølv om flyttinga stansar heilt, vil desse tendensane vare ved. Utan effektive mottrekk risikerer me å stå overfor ein polarisering av mønsteret for folkesetnad. Dei unge er i byen. Dei eldre er i distrikta.

Ein illustrasjon på dette, er at det i 2030 vil vere fire yrkesaktive bak kvar pensjonist i Oslo, Akershus og Østfold. I innlandsfylka Hedmark og Oppland, kan hende berre to yrkesaktive, syner prognoser frå SSB.

Nokre av desse endringane vil bli fanga opp av inntektssystemet for kommunane. Men me må skaffe oss meir innsikt i korleis dette kan slå ut for den lokale økonomien, arbeidsmarknaden og for kapasitet og kompetanse i omsorgssektoren.

Ei vellukka samhandlingsreform vil kunne auke samarbeidet på velferdssektoren. Det vil påverke kommunane, men også tilhøvet mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Også her ligg det mykje viktig regionalpolitikk.

Sårbare industrikommunar

Ei anna langsiktig utfordring, er tap av industriarbeidsplassar i mange distriktskommunar. Tradisjonell industri merkar eit knallhardt kostnadspress gjennom den internasjonale konkurransen. Me ser allereie tendensen til at tungindustri legger ned i Noreg og ekspanderer i land med lågare kostnader.

Framleis sterk kronekurs i etterkant av finanskrisa, svake marknader i Europa og auka konkurranse frå Asia, kan føre til at delar av den tradisjonelle industrien flyttar ut.

Dette vil slå ulikt ut i Noreg. Eksportindustrien, som har vore viktig for utviklinga av velferdssamfunnet, ligg for det meste i distrikta, ikkje minst på Vestlandet. Mange lokalsamfunn er bygd rundt slike verksemder, med dei fordeler og dei problema som det representerer.

Statistikk frå departementet seier at rundt 80 kommunar i omlag 50 bu- og arbeidsmarknadsregionar kan bli karakterisert som einsidige. I gode tider lever slike samfunn godt. Men dei er sårbare. Ingen veit kor mykje omstilling me vil kunne få dei neste tiåra.

Politikk for omstilling

La oss likevel ikkje gløyme at omstilling og struk- turendring ikkje er nytt. Det er noko me er gode på.

Me har ein politikk for å møte dei gradvise endringane som finn stad i distrikta. Det er også etablert tiltak som fangar opp dei kriser som måtte oppstå i lokalsamfunn ved brå nedleggingar av hjørnesteinsbedrifter.

Eg ser to viktige tiltak for å møte ei slik utvikling. Det eine er å styrkje den innovasjon- og entreprenørskapslina som allereie utgjer hovudinnsatsen i distrikts- og regionalpolitikken. Det andre er å setje kommunar og fylke i stand til å drive samfunnsutvikling.

På det første området er Innovasjon Noreg, SIVA og Forskningsrådet sentrale nasjonale aktørar. Dei må spele saman med fylkeskommunane, som har fått ei forsterka rolle gjennom forvaltingsreforma, for å bidra til å skape ny verksemd, ikkje minst på dei stadene som er mest utsette.

Dette er ein formidabel oppgåve. Då er det gledeleg å sjå av innovasjonsstatistikken at det berre er små skilnader på evna til innovasjon og nyskaping hjå verksemder i distrikta og i byane.

Regjeringa har som ambisjon at Noreg skal vere verdsleiande på entreprenørskap i utdanninga. Me har ein handlingsplan for 2009–2014, som omfattar både grunnskule og høgare utdanning.

Ungdomane representerer framtida og framtidas arbeidskraft. Å styrke fagutdanningane og redusere fråfallet i vidaregåande opplæring er eit viktig bidrag i å skaffe kompetente arbeidstakarar og sikre aktivitet og verdiskaping i tida framover. Ungt entreprenørskap stimulerer ungdom til bedriftsetablering og viser spanande resultat.

Men utan aktive kommunar blir satsinga tung. Eg er oppteken av å utvikle kommunen som første- lineteneste for det lokale næringslivet. Kvar enkelt kommune må ta mål av seg til å bli ein best muleg vertskommune for gründerar og etablert næringsliv. Det er dei engasjerte eldsjelene og nyskaparane som må utnytte mulegheitene, skape arbeidsplassar og utvikle attraktive lokalsamfunn og stader.

Det er krevjande for kommunar av ulik storleik å hjelpe eit næringsliv i hurtig endring og i internasjonal konkurranse. Samarbeid med andre kommunar og med verkemiddelapparatet, kan vere ein måte å møte desse utfordringane på.

Difor har KRD sett i gang eit eiga program – lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) for å auke kompetansen på området.

Så kan eg føye til at me styrkjer dei kommunale næringsfonda, satsar på program for å gjere lokalsamfunna meir attraktive. Og me ser på fråfallet i vidaregåande skule.

Kompetansearbeidsplassar

Denne lokale og regionale aktiviteten må kombinerast med at sentrale styresmakter er medveten kva som styrer veksten i arbeidsplassar. Utviklar me

ikkje ein tydeleg politikk her, vil veksten kome i byregionar med store arbeidsmarknader og utdanningsinstitusjonar, særleg i Osloregionen. Verken Osloregionen eller resten av landet tener på ei slik utvikling.

Eg ser difor fram til forslaga som neste år kjem frå utvalet regjeringa sette ned i år, leia av professor Karen-Helene Ulltveit Moe. Utvalet skal sjå på korleis kompetansearbeidsplassar og nye statlige arbeidsplassar kan spreiast over heile landet. Kva må til dømes kommunane gjere for å vere attraktive vertskap for slike arbeidsplassar – enten åleine eller i regionalt samarbeid.

Utvalet er ei direkte oppfylging av Soria Moria 2. Ei offensiv tilnærming er nødvendig dersom privat og offentleg sektor skal by på kompetansearbeidsplassar over heile landet. Det bør vere muleg med vekst innanfor spesialiserte, kunnskapsintensive bransjar, også utanfor Oslo.

Kultur og næring

I ei drøfting av distrikts- og regionalpolitikken er det naturleg å peike på at kultur har vakse fram som ein naturleg og viktig del av lokal infrastruktur.

Regjeringa ynskjer eit kulturløft for heile landet. Alle skal ha tilgang til kunst- og kulturopplevingar gjennom heile livet. Alle skal kunne uttrykkje seg gjennom kunst og kultur uavhengig av geografiske eller sosiale skiljeliner. Kulturløftet frå 2007 blir no vidareført. Ein prosent av statsbudsjettet skal gå til kulturformål innan 2014. Og kulturmidlane skal fordelast jamnare mellom fylka.

I dag er ubalansen for stor. Det går seks gongar meir til kultur per hovud i Oslo og Akershus enn i resten av landet. Kan alt forklarast med at Oslo er heim for nasjonale institusjonar? Menneska rundt om i landet er like interessert i kultur av beste klasse som dei som bur i såkalla sentrale strøk.

Me skal difor vere open for ei gjennomgang av ulike deler av kultursektoren. Eg trur nytenking og nyorganisering her kan bidra til å styrkje dei ulike regionane i enda større grad. Noreg har hausta godt av satsing på kulturskular og landsdelsbaserte kulturarbeidsplassar, for eksempel landsdelmusikarar. Her bør me gjere meir.

Regionalisering

Bak ordskiftet om motmakt og regional utvikling, låg ein grunntanke om at me må ha eit sterkare samspel mellom byar, deira omland og mindre stader. Klarer me ikkje det, blir det vanskeleg å ta heile landet i bruk.

Me må målrette politikken mot spesielt utsette område. Samstundes treng sterke regionar både vitale byar og attraktive bygder. Oslo har som hovudstad sin sjølvsagte plass i dette systemet. Trondheim og Stavanger har markert seg gjennom teknologi og petroleumsverksemd. Tromsø kan vekse fram som nordområdeby med spesialisert kompetanse.

Velfungerande byar er på sitt beste viktige innfallsportar for impulsar frå utlandet. Her vil det alltid vere viktige senter for finans, media og politikk og ulik ekspertise. Men det betyr ikkje at all makt og alt vit er samla i dei største byane. Me treng sterke regionar som er talerøyr for den positive verdiskaping og verksemd me har rundt om i landet. Organiseringa av dei nye regionale forskingsfonda, kan bli eit verdfullt tilskot til dette.

Eg trur mange samfunnsdebattar framover vil ha tunge innslag av regionale spørsmål. Eg har nemnt organiseringa av spesialisthelsetenesta og kulturfeltet. Me får ein debatt om oppgradering av jernbane og kanskje høgfartstog mellom dei større byane. Då kjem også debatten om kvar desse skal stoppe undervegs. Og me får eit ordskifte om kompetansearbeidsplassar.

Få ting formar landet meir enn tunge infrastrukturinvesteringar. Utfordringa er å løfte desse ordskifta frå snever lokaliseringsstrid, der by står mot land, til ein nasjonal debatt om regional utvikling.

Me må tore å snakke om naturleg samanhengande og funksjonelle regionar rundt felles bustad- og arbeidsmarknader. Det er ein meir organisk veg å gå enn strukturdebattar som berre fokuserer på økonomisk effektivitet. Me må hugse at landet vårt har mange små arbeidsmarknader med store avstandar til næraste senter av ein viss storleik.

Reel fridom til val av livsprosjekt

Reell fridom til å busetje seg der ein vil, er og vil framleis vere ei grunnsetning i distrikts- og regionalpolitikken. Setninga blir gjerne følgd av alt det som kan påverke at menneska vel å bli buande eller flytter til ein ny stad.

I oktober 2008 la Norsk institutt for by- og regi- onforsking (NIBR) fram ei såkalla flyttemotivundersøking. I førre undersøking, i 1972, var arbeid mest avgjerande for kvar folk busette seg. Undersøkinga frå 2008 syner at andre faktorar og er viktige: Ikkje overraskande handlar det om gode bustader, tilgang til tenester, nærleik til familie og stad- og miljø- kvalitetar.

Særleg vert familie og stad- og miljøkvalitetane tillagt større verdi enn tidlegare. Arbeid er framleis naudsynt, men ikkje åleine grunn nok til at folk buset seg på ein stad. Undersøkinga tyder på at flytting handlar om identitetsval og val av livsprosjekt.

Kven me vil vere, kvar me vil leve liva våre, kva me vil bruke tida til og korleis livet skal vere for oss og familien etter at arbeidsdagen er slutt.

Jau, distrikts- og regionalpolitikken handlar om dei evige spørsmål og kvar me kan finne dei gode svara.