...... åkerhyller som metta drøymarar, steingjerde som verna dyra deira, eplehage under bergspranget sjølvskriven gravstein, blankslitne dørhella, ved desse tuftene kviler ingen kanskje dei har det fint i himmelen eller knoklane gret og smuldrari truande si kyrkjegardsmold det som kjem liknar på det som var signa arkitektar, strålande ruinar, bauta susar avgårde templo expiatorio de la sagrada familia, kor stor tomhet for å romme alt? mosteiro da batalha ruvar høgst, tårn avslutta utan kvelving, bøye seg under open himmel inga tid, ingen stad til å vente, jordberarjubel kvar gang ein ny stein får plass i muren må kyrkja aldri stå ferdig, lat krossen svinge i gul heisekrandommedagsalder til endes .......

øtene klamrar seg til ei anna tid landet løyner seg under ein annan skog kva sort yggdrasil er dette? kvifor har ikkje sevja smak? av ratatosk, er meir enn myten igjen? meir enn forsteina svar i vinden?

evigheten til omkrets tagnader og ornament

attende same vegen fram

dei obduserer arkitekten dei stirer inn i bringa som har slutta å puste ingen central park,ingen niagarafoss med demningar og utsiktspunkt ingen reservat med høge gjerder ingen abnormitetar  ingen regnbogebøyarorganingenting overraskande men innerst inne forundra over kor like vi

Maid of the Mist ligg klar til å ta ein ny tur med turistar

med ryggen til har ikkje anna val planleggaren tek store steg bakover for å få større oversynnoke nærmar seg faretruande

teknokratiets sarkasme all fortid er bortkasta tid berre slavesangen rører oss ennå which way, which way, does that blood red river run  which way, which way, does that blood red river run hus der ingen bur lenger hus med sine vedunderlege utsikter våge å vende attendetil lengselen bort draumar med bjøller  så forbudt som mulig skulpturen innerste inne overvintra fontener

Ivar Orvedal Forlatt kulturlandskap, Einehaugen Foto: Ivar Orvedal Lenker: mosteiro da batalha: http://en.wikipedia.org/wiki/Batalha_Monasterytemplo expiatorio de la sagrada familia =  http://www.arkitekturmuseet.se/utstallningar/4xbarcelona/ gaudi-unseen/