Trua på reiseliv som redninga for distrikts-Noreg er aukande. Dei siste tiåra har det blitt gjort store reiselivsfremjande satsingar lokalt og nasjonalt. Gjennom å bruke Geiranger som eksempel, vil denne artikkelen fokusere på korleis slike satsingar kan påverke lokalsamfunn.

Satsing på ‘ruralt reiseliv’ eller bygdeturisme som ein naudsynt og god næringsstrategi sett frå offentlege aktørar har vorte stadig tydelegare frå 1970-talet og til i dag. Men bygdeturismen i Noreg er faktisk ei godt vaksen næring. I Geiranger, som for resten av Vestlandet, starta fjordturismen med dei første cruisebåtane på siste halvdel av 1800-talet. Sidan turistane kom på land for første gong i 1890, har reiselivet som sesongnæring i stigande grad medverka til samla årleg inntekt i eit hushald, og har kravd større og større del av arbeidskapasiteten. I dag kjem det rundt 700.000 turistar til Geiranger årleg i løpet av nokre få, og svært hektiske sommarmånader.

I 2005 vart Geirangerfjorden og Geiranger, saman med Nærøyfjorden med Gudvangen og Flåm, skrive inn på UNESC0 si verdsarvliste som «Vestnorsk fjordlandskap». Året før vart Geiranger og Herdalen landskapsvernområde oppretta etter naturvernlova som resultat av ein 18 år lang verneprosess. Frå fleire kantar er det venta at desse utnemningane vil ha ein positiv effekt for marknadsføringa og for reiselivet på staden. Men det er mange interesser som skal imøtekommast, og ikkje alt er ein dans på roser (Holm et al. 2007).

Denne artikkelen tek utgangspunkt i ei intervju- undersøking som vart gjennomført i 2007 som del av ei masteroppgåve ved Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås (Vik 2008). Målet for undersøkinga var å kartlegge på kva måte lokale aktørar, samt kommunale og regionale styresmakter omtalar samspelet mellom reiseliv og landbruk i ei bygd som Geiranger og kva rolle dei meiner kulturlandskap, landskapsvern og verdsarv speler.

Ulike historier

I etterkant av at Geiranger vart skrive inn på verdsarvlista i 2005, kom det fram ulike reaksjonar på utnemninga i det norske mediebiletet. I både lokale, regionale og nasjonale aviser vart meiningar ytra om både nedlegging av landbruket, forureining og attgroing. Ytringane var tydelege og peika i ulike og dels motstridande retningar. Desse utspela var ei kraftig inspirasjonskjelde for denne undersøkinga gjennom å vekke ei nysgjerrigheit rundt kva motivasjon som låg bak dei ulike meiningane. Undersøkinga har omfatta 19 personar innanfor landbruksnæringa, reiselivsnæringa og verdsarvforvaltinga lokalt, samt 7 personar frå kommunalforvaltinga, fylkesmannen og verdsarvrådet for «Vestnorsk fjordlandskap».

Analysar av intervjua viser at det grovt sett er to hovudforteljingar eller -historier som blir fortalde. Den historia som i størst grad har kome til uttrykk i aviser og anna media fokuserer på vanskane med fortsett jordbruksdrift i Geiranger, og stor fare for attgroing av tidlegare opne beitemarker og fjellsider. Djupare i denne same historia ligg ei forteljing om at Geiranger, og særleg landbruket i Geiranger, har dårlege kår. Den negative utviklinga

har skjedd gradvis, og er forsterka av oppretting av landskapsvernområde og verdsarv. Kjerneargumentet er at det vil vere katastrofalt om landbruket blir fortrengt totalt, ettersom denne sektoren har hatt mykje å seie for Geiranger sin posisjon som turistbygd og Geiranger igjen har stor verdi for Noreg. Storsamfunnet har derfor eit ansvar for å oppretthalde eit levande landbruk i Geiranger.

Den andre historia kjem ikkje så tydeleg fram i media, men er etablert som ei rådande oppfatning i befolkninga (Holm et al. 2007). I tillegg til at mellom anna Soria Moria-erklæringa (2005) framhevar landbruk og reiseliv som ein særs god kombinasjon for den norske landsbygda, har også dokumentarar vist på fjernsyn dei siste åra stadfesta historia om Geiranger som velfungerande og at verdsarven sikrar nye moglegheiter for området. Kjernen i denne historia er at reiseliv og landbruk utfyller kvarandre som næringar. Reiselivet gir inntekter og verdiskaping i bygda, medan landbruket syter for at landskapet er attraktivt for turistane. Medan landbruket har hatt dårlege kår dei siste tiåra, betyr verdsarvstatusen at fokus vil bli retta mot Geiranger igjen, og at storsamfunnet derfor vil måtte syte for tilskot for å oppretthalde landbruket i Geiranger.

I oktober er turistsesongen over, og Geiranger går tilbake til vinterdvalen. (Foto: Marte Lange Vik)

Semje og usemje

Gjennom desse to historiene verkar det tydeleg at det ikkje er semje om situasjonen og utviklinga i Geiranger. Dei to historiene står i motsetning til kvarandre gjennom å legge vekt på ulike element, medan det på andre punkt er eit tydeleg samanfall mellom historiene.

Det er størst semje om problematikken knytt til attgroing og kulturlandskap. Alle som har vorte intervjua i Geiranger er sikre på at kulturlandskapet er ein føresetnad for at Geiranger skal oppretthalde sin status som turistbygd, og nødvendig for at ikkje området skal miste verdsarvstausen. Geiranger har opplevd sterk gjengroing sidan slutten av 1990-talet i hovudsak fordi det har skjedd ein dramatisk reduksjon i tal aktive gardsbruk her som andre stader i landet. I tillegg til at dette undergrev kvalitetar for turistbygda Geiranger, så kjennes skogs- veksten på tidlegare beitemarker også påtrengande for innbyggarane og i særleg grad bøndene som har sterke kjensler for landområda som har vore drivne i generasjonar.

Når det gjelder hovudnæringane i bygda, reiseliv og landbruk, er det også semje om at begge næringane er viktige, men dei to historiene gir reiseliv og landbruk ulik vekt. Grunngjevinga for at reiselivet er viktigast er at det er denne næringa som syter for verdiskapinga, og at utan reiselivsinntekter har lokalsamfunnet ingen sjanse til å overleve. Frå den andre sida blir det hevda at landbruket er viktigast. I tillegg til den vanlege grunngjevinga med at det er viktig å ivareta primærnæringane slik at vi kan produsere mat sjølve, er hovudargumentet at landbruket i Geiranger legg premissane for at nettopp reiselivssektoren er så vellukka. Eit poeng som ofte blir trekt fram for å forsterke sympatien for landbruksnæringa er at reiselivsnæringa baserer store deler av si verdiskaping på landbruket sitt kulturlandskap, men reiselivet gir ikkje nokon kompensasjon til landbruket for a ha denne rolla. Her er det altså ei konflikt i argumentasjonen til dei to historiene. I staden for å einast om at fortsett drift i begge næringane er heilt nødvendig for at Geiranger skal overleve som ei levande bygd, blir det heller lagt vekt på å framheve den eine som viktigare enn den andre.

Mykje av slåttemarkene i Geiranger er brattlendte. Her frå garden Vesterås. (Foto: Marte Lange Vik)

Det mest konfliktfylte området er likevel spørsmålet om landskapsvern og verdsarv. Medan landskapsvernet legg visse restriksjonar på bruk av dei verna områda, er verdsarven utelukkande ei områ- deutmerking som ikkje inneber restriksjonar. Mange ser på verdsarven som ein moglegheit til auka turisme og fleire inntekter (sjå Holm et al. 2007).

I Geiranger sitt tilfelle er argumentet i den eine historia at verdsarven vil innebere betre vilkår for landbruket sidan staten ikkje vil kunne fråskrive seg ansvaret for å ivareta næringa gjennom direkte tilskot eller andre tiltak. På den andre sida seier argumenta i den andre historia at tilhøva for landbrukssektoren har blitt forverra dei siste åra på grunn av restriksjonar frå landskapsvernet og verdsarven. Det interessante i denne samanhengen, er korleis begge historiene vrir på same fenomen (koplinga verdsarv, vern, landbruk, reiseliv) for å få dette til å passe best mogleg til resten av argumentasjonen og historia. Resultatet blir at den eine historia berre vektlegg moglegheitene medan den andre historia berre vektlegg restriksjonane.

Ei anna, overgripande skiljelinje går mellom dei lokale og styresmaktene. Frå dei lokale si side blir det i til dels sterk grad uttrykt motstand mot styresmaktene. Dette går på tvers av dei to historiene. Skepsisen til eksterne inngrep kjem til uttrykk gjennom argument for sterkare lokalt sjølvstyre eller i alle fall medverking i planprosessar som kan påverke livet i bygda. Lokale representantar frå reiselivssektoren uttrykkjer sterk frustrasjon over at den vinterstengde vegen over til Grotli år om anna ikkje blir opna i tide til turistsesongen, då mange av turistane kjem nettopp over denne vegen. Grunneigarar, på si side, uttrykkjer frustrasjon over at dei blir overkøyrde i verneprosessen av deira landområde.

Sosiale konstruksjonar

Eit sentralt spørsmål som reiser seg er kvifor desse motsetnadane oppstår. Det kan verke som om det er

eit behov for å skilje ‘vi’ frå ‘dei’. Det er likevel verdt å leggje merke til korleis motsetnadane blir danna. Sosiale konstellasjonar av denne typen kan forståast som konstruerte. Ein måte å konstruere slike motsetnader på er å overdrive og forenkle motstandarane sine argument, slik at dei blir unyanserte (Blekesaune og Stræte 1997). Eit eksempel på dette er henta frå diskusjonen om utbygging av småkraftanlegg i vassdrag i tilknyting til landskapsvernområdet. Eit eksempel på ein replikk frå reiselivsnæringa er: «Eg er ikkje imot kraftutbygging. Det har eg sagt tydeleg. Vi må prøve å finne ein gyllen middelveg som er leveleg for alle. 0g alle må tilpasse seg for å utnytte dei naturressursane vi har.»

Landbrukarar og grunneigarar skuldar på den andre sida ofte motstandarane sine for å vere kategoriske mot slike småkraftanlegg. Med utgangspunkt i sitatet over kan det sjå ut som denne skuldinga er grunnlaus. Dette er meint som eit eksempel, og det skal vere sagt at ikkje alle av vasskraft-skeptikarane er for kompromissløysingar. Poenget er likevel at det er lett for motståande grupper i samfunnet å setje argumenta til motstandarane på spissen. På denne måten blir vi lett ståande igjen med ytterpunkta i debatten, basert på svart-kvitt framstillingar (Blekesaune og Stræte 1997). Altså er sosiale motsetnader eller fiendeoppfatningar ofte konstruerte av deltakarane i debatten i det offentlege rom.

Ei anna side av same sak er konstruksjon av venskapsalliansar. På same måte som argumentasjonen kan ha ulik styrke og rigiditet på motstandarane si side av debatten, er det like ofte stor variasjon i kor liberale eller absolutte synspunkta er mellom deltakarane på denne sida av debatten. Sagt med andre ord: ‘vi’ kan vere like internt ueinige som ‘dei’ er. Likevel er det viktig å skape eit ‘vi’. Dette behovet for å skape eit ‘vi’ heng naturleg saman med at ei gruppe har meir tyngde enn enkeltindivid har i møte med meiningsmotstandarar.

Med tanke på slike gruppedanningar oppstår det eit paradoks i Geiranger. Ein skulle tru at det var viktig for bøndene å samle seg i ei gruppe for å vinne fram med sine saker. Men ved nærare ettersyn er det lite gruppesamhald blant bøndene i Geiranger. Dette er noko som kjem fram i intervjua. 0gså fleire medieoppslag sommaren 2006, der enkeltpersonar gjekk ut med kritikk eller frustrasjon rundt ulike tilhøve i Geiranger, kan vere eit signal om nettopp denne interne individualiseringa.

Dersom vi no trekker tråden tilbake til gjengroing, kan vi hugse at det på dette området er full semje om at gjengroinga må forhindrast i størst muleg grad for å oppretthalde kulturlandskapet. Trass i denne breie semja om at dette problemet må løysast, er det likevel ikkje semje rundt korleis problemet bør løysast. Striden ligg i om det er naudsynt å bevare landbruksdrift og beitedyr i området for å oppretthalde kulturlandskapet, eller om landskapet kan skjøttast like godt gjennom meir reindyrka landskapspleie, utan formål om å tene pengar på produksjon av mjølk eller kjøt. Dette er del av ein større debatt i samfunnet om korleis vi skal kunne ivareta kulturlandskapa i Noreg.

Den generelle motstanden mot styresmaktene kan likevel tolkast som at det er viktig for dei lokale i Geiranger å stå samla mot krefter utanfor lokalsamfunnet. På den andre sida kan denne samlinga også vere eit tydeleg signal om at ‘vi’-grupperingar i høg grad kan vere konstruert, på same måte som ‘dei’-grupperingar.

Fleire historier

Geiranger er ikkje aleine om indre usemje rundt spørsmål om landbruk, reiseliv og samanhengar mellom desse to i små lokalsamfunn. Ei studie frå Røros-området viser at liknande konfliktar finst mellom småskala og storskala reiseliv. Medan landbruksnæringa i Geiranger skuldar reiselivsnæringa for å utnytte landbruket ved å selje kulturlandskap utan å yte noko tilbake, blir det småskala reiselivet i Røros-regionen (typisk små attåtnæringstiltak) skulda av det storskala reiselivet (typisk hotella) for å vere gratispassasjerar i marknadsføringa av regio- nen ved at dei ikkje går inn med midlar (Daugstad og Ruderaas 1997).

Parallellen til Geiranger er endå meir slåande i ei konfliktsak i Gausdal der lokale bønder og jegerar mobiliserer ein kraftig motstand mot ei utvikling der hundekøyrarar har fått løyve til å drive kommersiell verksemd i ein ‘stille’ del av fjellet . Ein studie som er gjort i området finn at motstandarane mot denne kommersialiseringa av naturområda argumenterar for at dette truar miljøverdiane og tradisjonell økonomisk verksemd i området, at eksterne krefter tek makta over fjellet og at dei lokale innbyggarane er makteslause (Benjaminsen og Svarstad 2008). Alle desse argumenta kan ein finne igjen i opposisjonsforteljinga i Geiranger, uttrykt av den breie landbrukssektoren.

Spenningar mellom utvikling og modernisering sett som trugsmål eller moglegheit er ikkje eit ukjent fenomen. Studiar på dette området tek ofte for seg tematikk rundt verneproblematikk og maktubalansar. Som i fleire andre nasjonale og internasjonale studiar på dette området, finn vi også i denne studien at den optimistiske forteljinga om eit ‘lukkeleg samkvem’ mellom reiseliv og landbruk i Geiranger har bakgrunn i ei dominerande haldning og ein diskurs i samfunnet som blir støtta av både regjeringa og fjernsynsmedia. Sett i dette lyset kan motstandsforteljinga i Geiranger seiast å vere del av ei større nasjonal og internasjonal rørsle som utfordrar ‘glansbiletet’.

Kjelder:

Benjaminsen, T.A. og Svarstad, H. (2008). Understanding traditionalist opposition to modernization: narrative production in a Norwegian mountain conflict. Geografiska Annaler B. Vol. 90(1): 49–62.

Blekesaune, A. og Stræte, E.P. (1997). Rovviltdiskursen. En analyse av ideologisk baserte konfliktlinjer.

Norsk senter for Bygdeforskning. R-06/97.

Daugstad, K. og Ruderaas, A.B. (1997). Nasjonalt prøveprosjekt i reiseliv og bygdeturisme – Hva lærte vi?: rapport avgitt til Nærings- og handelsdepartementet og Landbruksdepartementet fra faggruppen for sluttevaluering av Nasjonalt prøveprosjekt i reiseliv og bygdeturisme.

Holm, F.E., Daugstad, K. og Frisvoll, S. (2007). Verdensarven etter festen. PLAN 2007(3-4): 56–61 Soria Moria-erklæringen (2005). Plattform for regjeringssamarbeidet mellom Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet 2005–09. http://www. regjeringen.no/upload/kilde/smk/ rap/2005/0001/ddd/pdfv/260512-regjeringsplatform.pdf Aktiv link 06.05.09 Vik, M.L. (2008). «There is always a reverse of a medal» – a narrative approach to farming, tourism and area designations in Geiranger, Western Norway. Norsk senter for bygdeforskning, R- 09/08.