Hausten 2006 kom det ut to viktige bøker om Nord-Norge: Morten Andreas Strøksnes gav ut boka med same namn som Ottar-Brox sin klassikar frå 1966, og Arne Eriksen fullførte boka «Da Finnmark hadde sjansen» rett før jul. Begge forfattarane har bakgrunn innan samfunns- og kulturfag, og dei har i tillegg brei journalistisk erfaring. Likevel er forfattarane radikalt ulike i korleis dei går til verks, når dei tar på seg å analysere omdanninga av det nordnorske samfunnet i etterkrigstida.

Strøksnes har ambisjonar om å famne breitt. Han tar for seg ei rekkje tema som angår Nord-Norge – iallfall geografien fra Lofoten og nordover. Med den utflytta finnmarkingen sitt blikk lar han sine eigne opplevingar i møte med 2000-talets Nord-Norge prege delar av boka. Enkelte tema blir godt følgd opp – andre framstår meir eller mindre som lause trådar og sidekommentarar.

Eriksen er på si side lojal overfor Ottar Brox si materialistiske og interessebaserte tolking av drivkrefter i samfunnsutviklinga. Som Brox gjorde det, legg han vekt på det ofte intrikate og skjulte samspelet mellom den offentleg styrte økonomien og private interessentar. Det er dette samspelet som Eriksen nyttar i tolkinga av kva som låg bak dei store omveltingane i Finnmark sin fiskerinæring på 1990-talet. Strøksnes tar på si side eksplisitt utgangspunkt i Ottar Brox, men han er bevisst på at han både vil utvide det interessebaserte perspektivet som Brox arbeidde ut frå, og på same tid ta for seg fleire sider ved det nordnorske samfunnet.

Strøksnes sin metode er dels å bruke si eiga slekts- og livshistorie for å sette ord på dei komplekse og spenningsfylte relasjonane mellom naturforhold, materialitet, kultur og politikk. Eriksen jobbar på si side konsentrert for å kartlegge alle tenkelege faktorar som kan ha virka inn på utviklinga i ei bestemt bedrift som gjennom meir enn 100 år sette sitt preg på mange fiskever i Lofoten og i Finnmark. I motsetning til Strøksnes er ikkje Eriksen sjøl til stades i det nordnorske dramaet; han arbeider med å spore opp skriftlege kjelder, og supplerer informasjonen med intervju av nøkkelinformantar for verkeleg «å komme til bunns» – i tråd med dei beste tradisjonar innan gravande journalistikk.

Det er dristig å gi seg ut på ein analyse av dagens Nord-Norge, og spesielt av dei kreftene som har endra innrettinga av landsdelen si basisnæring – fiskeria. Det historiske perspektivet må nødvendigvis danne eit bakteppe for eikvar slik framstilling, på same måte som ei forståing av utstrekninga i romet må til: Analysen av Nord-Norge må bygge på det faktum at landsdelen er ein del av Norge, at den er geografisk langstrakt, og at den historisk sett er prega av ein spesiell, samanhengande verdikjede. Denne startar under havoverflata i Barentshavet og endar på middelklassen sine middagsbord i Lisboa og Genova. Slik har det vore i 1000 år – og landsdelens si innveving i nasjonsbygging så vel som i ein global økonomi representerer ein kontinuitet heller enn noko nytt.

Da Ottar Brox skreiv si «Hva skjer i Nord-Norge?» i 1966 var det første gang dette perspektivet med tyngd blei lagd til grunn for analysen av Nord-Norge: Det dreidde seg ikkje om å beskrive folkelynnet i Nord-Norge, eller å sjå landsdelen som ein særeigen og potensielt autonom region, slik store

delar av det lesande publikum nok hadde forventingar om. Det dreidde seg om å analysere maktforhold og daglegliv i ein landsdel djupt innvevd i nasjonens politiske og økonomiske strukturar – og ikkje minst: Ei befolkning som trass i sin periferiplassering hadde muligheter for politisk å forme desse strukturane, gjennom deltaking i både opne demokratiske og i lukka, «nettverkske» prosessar.

Landsdel under omdanning

Strøksnes startar si historiske framstilling med etterkrigstidas Nord-Norge – sett gjennom Ottar Brox sine briller: Her framtrer eit fiskarbondesamfunn med busetting på kvart nes, der utkome frå «jordvegen» er kopla med ei skånsam utnytting av havets ressursar. Men det er eit moderne bondesamfunn som utviklar seg. Det er basert på motorisert produksjon og transport, og med ei lovbeskytta og samvirkebasert regulering som sikra avsetning og stabile prisar på fisk, kjøt og mjølk. Arne Eriksen kompletterer dette tidlege etterkrigsbildet med beskrivinga av korleis produksjon og eksport av saltfisk- og tørrfisk var kontrollert av firmaer der mange nok hadde adresse på Møre og Vestlandet. Men også desse bedriftene var henvist til å operere under eit samfunnsstyrt system: All fiskerivirksomheit i Nord var underlagd det mektige Råfisklaget sitt opplyste og fiskarstyrte regime.

Så velta nye former for modernisering inn over landsdelen – i tre omgongar. Begge forfattarane får godt fram det som skjedde gjennom den statleg styrte gjenreisinga etter krigen. Denne var basert på ein industrimodell, med prioritering av tråldrift, fryseindustri, kraftutbygging, stålverk og bergverk: Nord-Norge blei i tidleg etterkrigstid systematisk forsøkt innrullert i industriens tidsalder. Planhistorisk befinn vi oss då i den første Nord-Norgeplanens epoke, og det er dette systemet den yngre Brox åtvara mot konsekvensane av.

Neste omgang bringer Nord-Norge for alvor inn i utdannnings- og velferdssamfunnet: Det kjem universitet i Tromsø og høgskolar, sjukeheimar og vidaregåande skolar spreidd over heile landsdelen. Det blir ein enorm auke i omfanget av offentlege tenester og offentleg sysselsetting. Alle kommunesamfunn blir begunstiga med dette, men samtidig fører satsinga på avansert kompetanse til ei sterkare urbanisering. Mens resten av landsdelens kommunar stagnerer, skyt særleg Tromsø og Bodø fart i befolkningssamanheng. Denne omdanninga er imidlertid lite, og til dels overflatisk behandla i dei to bøkene. Det offentlege tenestesystemet – utdanning, forsking, helse og omsorg – det dominerande feltet i dagens Nord-Norge – blir av Strøksnes dømt nord og ned. Her kvilar framstillinga på lettvintheiter av typen «de kommunalt ansatte arbeider ikke for å tjene den øvrige befolkningen». I same gate blir det antyda at Tromsø-forskinga på lokaldemokrati «bygger opp myter rundt lokaldemokratiet» og «dekker over problemer ved demokratiet». Trass i tendensen til å la «sterke meiningar» prege framstillinga på enkelte punkt: Strøksnes viser at han tar på alvor det som skjer, også på dei etablerte felta i det nordnorske samfunnet, og ved bruk av konkrete eksempel får han godt fram korleis desse felta er under ei problemfylt omdanning.

Tredje runde med omveltingar skjer i perioden kring århundreskiftet. I år 2000 framstår Nord-Norge meir komplekst enn nokon gong før; ein tilstand som Strøksnes prøve å gripe gjennom i konkret forstand å foreta ei reise gjennom stader som er prega av ulike typar livsgrunnlag. Han viser element av eit fiskarbondesamfunn i forfall i Vester-ålen, men jordnær optimisme blant fiskarar i Berlevåg. Industrielt lever Hammerfest i oljeoptimismens epoke, mens Vardø sin fiskeindustri har stoppa heilt opp. Styrken i Strøksnes sin analyse er at han vekslar mellom å beskrive prosessar i økonomien, og å beskrive dei mentale prosessane og forsøka på å orientere seg hos folk i ulike situasjonar.

Ein urban elite sine visjonar

Det er når Strøksnes kjem til Tromsø at bildet av eit nytt Nord-Norge fell på plass. Utan at det blir gjort heilt eksplisitt, kan vi gjennom Strøksnes sine inntrykk og karakteristikkar sjå korleis det skjer ei

institusjonalisering av eit nytt maktfelt som liknar det Lash & Urry (1994) omtalar som ein «økonomi av teikn og romlege strukturar». Det er vanskeleg å sette ord på dette feltet, men det handlar om å forstå betydninga av at det oppstår ein regional, urban elite, ein elite som har evne til å formulere store, overgripande prosjekt for utviklinga av Nord-Norge. Det dreier seg om ei samling av landsdelens yrkespolitikarar, leiande næringsaktørar, framtredande kulturpersonlegdomar, representantar for øvrigheit på alle nivå, og ikkje minst nøkkelper-sonar i media. Media har i dette feltet ei viktig rolle, både med å sette dagsorden for den politiske debatten, og i å sikre oppslutning frå folk flest om denne eliten sine «visjonære» prosjekt. Oppå den traurige virkeligheten med arbeid i primærnæringar, i industri og offentleg sektor kan det kvelvast ein ny himmel over Nord-Norge: Visjonen om NordNorges dominerande posisjon i den nye olje- og gassalderen, visjonen om den nye regionens nøkkelrolle i Nordområda, og visjonen om ei turisttilstrømming utan like til Nord. Topp-punktet på det visjonære feltet har den urbane eliten samla seg om: Det nye Nord-Norge skal markerast gjennom tidenes vinterolympiske satsing i Tromsø, eit konsept basert på spektakulære TV-bilder «verden aldri før har sett» og ein «arktisk magi» tilført av det største av alle urfolk på jord – samane. Rett nok gjekk det ikkje å få dette til for eit 2014-OL, men så skal alle krefter settast inn mot 2018!

Strøksnes er befriande nådelaus i sin omgang med den nordnorske eliten sine talspersonar og visjonære prosjekt. Det et er ikkje vanskeleg å slutte seg til konklusjonen hans om at landsdelen i større grad «trenger omstilling, nytenking og selvransakelse – ikke en massiv markedsføring av naturskjønnhet eller sementering av mytene om det høye nord».

Samtidig formidlar Strøksnes også sjøl ein luftig visjon for Nord-Norge: Eit Kirkenes-samfunn der eit framtidig Barentsuniversitet stiller seg i sentrum for det som skjer i Nordområda. I boka sine sluttkapittel ser han for seg ei oppbygging av ulike typar kompetansemiljø som i regi av det nye universitetet rykker inn i a/s Sydvaranger sine forlatte anleggshallar. Denne meldaren har stor sympati for ideen om å utvikle Kirkenes til eit senter for regionalt samarbeid med Russland. Men mykje tyder på at den urbane eliten i landsdelen aldri kan stille seg bak noko anna enn det som markerer Tromsø sitt overherredøme i den nordnorske geografien. Det er dette som utgjer den romlege dimensjonen ved det overordna prosjektet som den regionale eliten formulerer for Nord-Norge: All utvikling skal skje gjennom å gjere Tromsø til storby, til Barents-regionens metropol.

Fiskerinæringa som melkeku for sørnorske investorar

Som ein lågmælt kontrast til Strøksnes sin analyse – og Kirkenes-visjonar – har Arne Eriksen prøvd å grave djupt for å kunne finne svaret på det grunnleggande spørsmålet: Korfor er det krefter sørpå som til eikvar tid sikrar seg kommandopostane i den nordnorske økonomien? Eriksen nyttar som sitt case det som skjedde kring fiskerikonsernet Brø-drene Aarsæther a/s sin konkurs i 1989. Ved denne konkursen opna det seg muligheter for at krefter i Finnmark kunne overta og vidareføre konsernet sine landanlegg og trålarflåten på ein måte som gagna folk i regionen. Med regional kontroll ville fjernstyringa av konsernet frå Ålesund vere eit avslutta kapittel, og konsernet si samla verdiskaping kunne kome Finnmarksamfunnet til gode.

Det ålesundsbaserte konsernet hadde på det meste over 600 tilsette, med anlegg i Lofoten og langs heile Finnmarkskysten. Frå 1870-talet og fram til 2. verdskrigen dreiv konsernet konvensjonell tilvirking og eksport, samt tranproduksjon. Men etter 2. verdskrigen blei konsernet innvevd i den industrielle satsinga som Arbeiderpartistaten la til grunn for sin utviklingspolitikk for Nord-Norge. Konsernet mottok statsstøtte for å gå over frå konvensjonell produksjon til å bli eit integrert trål- og fryseribasert selskap, på linje med Findus i Ham-

merfest. Eriksen viser det grelle bildet av kva som krevst for å halde intakt einsidige fiskerisamfunn basert på trålfiske og fryseindustri. Den industrielle modellen var nemleg frå starten av basert på eit volum av fisk som naturen ikkje kunne greie å til-føre på stabil basis. Stadige redningsaksjonar og kreative grep innan politikk og finans måtte til for å halde konsernet unna konkurs. Noko av det mest interessante som framgår av Eriksen si bok, er i denne samanhengen koplinga mellom eit kompetansetungt miljø i Ålesund, som hadde spesialisert seg på å drifte trålflåte, sikre eksport og skaffe privat kreditt – og på den andre sida ei kyndig lokal drifting av fryserianlegg i Finnmark som fekk stabile leveransar av fisk, levert til minstepris frå konsernet sine trålarar.

Ein kan meine mykje om korleis denne samla driftsstrukturen førte til opphoping av verdiar og kapital i Ålesund, og i kva grad den også førte til investeringar og sikra arbeidsplassar i fiskeriavhengige lokalsamfunn i Nord. Balansen mellom Sunn-møre, Finnmark og Staten fungerte tåleg godt for alle partar i mange år, men Eriksen viser korleis balansen blei skipla den dagen familieaksjonærane i Ålesund oppdaga at dei hadde mulighetene til å sikre seg stor privat profitt, heller enn å godta at konsernet fortsatt skulle fungere som samfunnsbyggar i Finnmark. Det var rivninga mellom familieaksjonærar og dei tilsette i konsernleiinga som førte til ei omdiskutert konkursbegjæring i 1989. Dermed opna det seg ein unik mulighet for å overta konkursboet og å organisere ei tvers gjennom nordnorsk konserndanning, med Finnmark fylkeskommunes utbyggingsavdeling som regissør. Med mykje om og men lyktes det å få til ei regional selskapsdanning som, med stor statstøtte, var i stand til å overta konkursboet.

Men så viste det seg at Finnvest a/s, det nye finnmarksbaserte selskapet, skulle få ei kort levetid. Bandet mellom Sunnmøre og Finnmark var brote, og dermed også det driftskonseptet som konsernet hadde basert seg på i over 100 år. Etter kaotiske forsøk på refinansiering mista Finnmark fylkeskommune kontrollen over eigarskapen, og nye sunnmøringar – no utan innblanding av famileaksjonærar – tok over igjen. Men på det tidspunktet var den etablerte orden i norsk fiskerpolitikk – samspelet mellom eigarar, driftarar, vertskommunar for bedriftene, fylkeskommune og stat – blitt avløyst av nyliberale rammer for den økonomiske politikken. Så når også det nye, mørebaserte selskapet Westfish Aarsæther kom i vanskar, var det statlege bidraget å sørge for at konsernet sine anlegg og trålarar blei overdradd til Kjell Inge Røkkes Aker Seafoods – og styrt frå Aker Brygge.

Arne Eriksen gir ei levande framstilling av spenninga mellom nøkkelaktørar, og deira kreative handtering av regelverk, samt av private og offentlege midlar. Vidare er framstillinga overtydande når han viser korleis visjonen om det finnmarkskontrollerte konsernet møtte veggen, når dei som skulle stå for det mangla både samarbeidsevne, kapitalbase og kompetanse til å drifte eit vertikalt integrert storkonsern. Eriksen avsluttar boka med å vise korleis Finnmark sine folkevalgte gjer eit siste forsøk i 2005, på å sikre seg at verdiar blir i fylket: Når Røkke overtar, forsøker Finnmark fylkeskommune å sikre iallfall negativ kontroll over trålselskapet (33 % av aksjene). Med dåverande fylkesordførar Helga Pedersen i spissen gjer fylkeskommunen eit heroisk forsøk på å kjøpe tilbake fiskekvotar som er selt ut av Finnmark og gjort til Røkkes private eigedom. Men når Røkke vil ha 150 millionar for å avhende denne aksjeposten, må Finnmark fylkeskommune melde pass. Det er no Aker Seafood, og ikkje regionale folkevalde som skal bestemme over kystens verdiar.

Eriksen skriv altså ikkje om ein urban elite sine visjonar for omdanning av landsdelen, men om kapitalkrefter som får opparbeide seg eit strategisk overtak i forhold til samfunnsinteresser, ved å utnytte det nyliberale økonomiske regimet som regjeringar av vekslande politisk farge gradvis har innført i fiskeripolitikken. Boka hans er ei svært god påminning om kor dei varige verdiane i den nordnorske landsdelen ligg – nemleg i intakte fiskebestandar. Vidare viser han at det stillast uhyre store krav til dei som prøver å utfordre den makta som ligg i privat kapital, når spelereglane er endra – av politikarane – til fordel for eigarar som prøver å unndra seg eit samfunnsansvar.

Som det går fram av denne meldinga, er det skrive to svært innsiktfulle bøker som på ulike måtar kastar nytt lys over store endringsprosessar som er på gang i Nord. Både Eriksen sin saftige kritikk av disposisjonar som har ført til at fiskerinæ-ringa i større grad kan bli ei melkeku for kreative sørnorske investorar, og Strøksnes sine treffsikre påpeikingar av korleis «folk lar den politiske klassen holde på» representerer vesentlege samfunnskritiske analyser – som absolutt bør følgast opp, politisk såvel som fagleg. Samtidig er det interessant at desse to stemmane begge er forankra i det autonome, kulturkritiske feltet; det er påfallande at tydelege og kritiske samfunnsanalyser av denne typen ikkje kjem frå dei etterkvart manns- og kvinnesterke akademiske miljøa i Nord.

Arne Eriksen: «Da Finnmark hadde sjansen». 244 s.

Stallo Forlag, Tromsø 2006.

Morten Andreas Strøksnes: «Hva skjer i Nord-Norge?»

272.s. Kagge Forlag, Oslo 2006