Emnet for denne artikkelen er den , statlege bustadreisinga i Kautokeino kommune på 1970-talet, dei såkalla bustadtiltaka. Dei vart sette i verk i 1970 og vara fram til 1983. Det politiske grunnlaget for tiltaka vart lagt i Stortingsmelding nr. 99 (1969– 70) «Om tiltak for å bedre boligforholdene i indre Finnmark.» Tiltaka var eit svar på ei delvis mislykka gjenreising etter krigen, som i særleg grad hadde resultert i vanskelege butilhøve for deler av den samiske folkesetnaden i indre Finnmark.

Av Sunniva Skålnes

Innføring av areal- og bustadplanlegging i dei samiske kommunane fall i tid saman med bustadtiltaka, og førte til eit sterkt fokus på det offentlege si rolle i bustadreisinga. I denne artikkelen vil eg søkje å kasta lys over den rolla som staten spela. Eg vil legge vekt på bakgrunn for bustadtiltaka og måten dei vart sette i verk på, i tillegg til deltaking og rammer for deltaking. Deretter følgjer ei drøfting av resultata av tiltaka der eg ser på endringar i busetnadsmønsteret og i bustaden.

Sosial bustadbygging og vurdering av standard

Omgrepet sosial bustadbygging har ikkje ein klar definisjon. Ofte blir det rekna som den type utbygging som i ulikt omfang er offentleg finansiert og organisert gjennom burettslag og bustadkoperasjo- nar (Brantenberg 1996a). I Noreg, med mykje spreidd busetnad og med ein klar politikk om privat eigarskap til bustaden, har store deler av den sosiale bustadreisinga gått føre seg i privat regi.

Sosial bustadbygging er tufta på eit samarbeid mellom dei ulike deltakarane i plan- og byggeprosessen, staten, kommunen og utbyggjaren, der kvar part har sine klart definerte ansvarsområde.

Sosial bustadbygging vert oppfatta som ei utbyggingsform med lite spelerom for tilpassing til særskilde behov. Ei forståing av bustad som eit hus har ført til for lite vekt på det fysiske og sosiale rommet som bustaden står i (Burke 2004).

Både ved planlegging av sosial bustadbygging, og ved seinare evaluering, har kvantitet, arealkrav og teknisk kvalitet hatt større fokus enn tilpassing til ulike brukarbehov. Utgangspunktet har vore den normative tradisjonen for romleg standard, som fekk innpass i norsk bustadpolitikk tidleg i etterkrigstida (Dyb, Solheim, Ytrehus 2004). Målet var å skaffa tilstrekkeleg areal til å gje ein funksjonell bustad i ein rimeleg god teknisk standard, til ein pris som stod i høve til den hussøkjande sitt inntektsgrunnlag. Husbanken har, gjennom gunstige låneordningar og subsidierte renter, spela ei vesentleg rolle her.

Men sjølv om denne utbyggingsforma har gjeve rom for dei fleste til å skaffa seg sin eigen bustad, har ikkje tilbodet vore tilpassa alle brukargrupper. Husbankhuset har vore eit hus for opphald og kvile, meir enn eit hus for arbeid. (Jørgensen og Martens 1996).

I Kautokeino kommune har så godt som all bustadbygginga i heile etterkrigstida blitt finansiert gjennom Husbanken, mange av dei med tilskot og rentesubsidiar. I tillegg har tilrettelegging av bustadtomtene vore offentleg subsidiert fram til

i dag. All bustadbygging i Kautokeino kan såleis definerast som ei form for sosial bustadbygging. Bustadtiltaka har spesiell interesse fordi dei var så omfattande både i tal og i tid, og i bruk av offentlege verkemiddel.

Kautokeino – endring og vekst

Kautokeino kommune ligg i indre Finnmark, i det som vert kalla samisk kjerneområde. Omlag 90 prosent av folkesetnaden i kommunen er samisk, resten er i hovudsak norsk, med eit mindre innslag finske innflyttarar. Dette mønsteret har i store trekk vore uendra i heile etterkrigstida.

Kommunen er landets største, med innpå 10 000 km2. I folketal er det ein liten kommune, ved oppstart av bustadtiltaka i 1970 budde det 2580 personar i Kautokeino. Heile 1970-talet var ein stor vekstperiode, med gjennomsnittleg årleg folkevekst på 2 % i kommunen. Veksten heldt fram på eit lågare nivå til slutten av 1990-talet, og ved tusenårsskiftet var folketalet på 3068.

I 1970 var 37 % av folket sysselsett innan reindrift og jordbruk, dei aller fleste av desse innan reindrift. Sysselsetjinga innan primærnæringane steig svakt på heile 1970-talet, for så å gå nedover på 1980- og 90-talet. Innslaget av primærnæringane var i år 2000 på 19 %.1

Fast bustad har ei relativ kort historie for mange familiar i Kautokeino. I 1940 hadde om lag halvparten av folket her eigne permanente hus (Hage 1999). Den andre halvparten, som levde av nomadisk reindrift, budde i telt eller til leige hos slektningar eller kjensfolk vinterstid. Dette fekk mellom anna følgjer for erstatningsutmålinga i gjenreisinga etter krigen og for den mangelfulle bustadsituasjonen i eit par tiår seinare.

Ved gjenreisinga av Kautokeino vart det ikkje laga nokon overordna arealplan. Lokalisering av offentlege institusjonar, bygging av infrastruktur og større private bygg vart dermed styrande for utviklinga av busetnadsmønsteret. Bygging av bustadhus i Kautokeino vart mangelfullt utført. Det synte seg raskt i tronge og nedslitne hus og i helsemessige og sosiale vanskar for dei som budde slik. For å retta på dette vart det gjennom siste halvdelen av 1950-talet og heile 1960-talet sett inn ulike ekstratiltak.2 Ingen av desse gav dei forbetringane i bustadstandarden som venta. Gjentekne meldingar frå kommuneleiinga og lokale organisasjonar peika på desse vanskane og ba sentrale styresmakter ta dei alvorleg.

Offentlege tiltak

Stortingsmelding 99-1969/70:1 slo fast at det var «påtrengende» å retta på den mangelfulle bustad-situasjonen mange samar levde under, og at ein ikkje hadde tid å venta på overordna arealplanar- beid før dette utbetringsarbeidet vart sett i gang.

Bustadtiltaka vart i utgangspunktet sette i gang i fire kommunar: Kautokeino, Karasjok, Tana og Nesseby.3 Behovet var størst i Kautokeino. For heile tiltaksområdet rekna staten det som nødvendig å byggja 500–600 nye bustader. Desse tiltaka vart rekna å vara minimum 5–6 år.

Målgruppa var dei som levde under vanskelege bustadtilhøve, og her var «flyttsamane» nemnde spesielt i stortingsmeldinga. Meldinga bygde på både ei teknisk undersøking av den verst utsette bustadmassen, og ei sosiologisk undersøking av butilhøva i Kautokeino.4

Tiltaka staten sette inn, var å yta rente- og avdragsfrie lån, både til utbetring og til bygging av nye, private bustader. Det offentleg dekte dermed i praksis eigenkapitalen av byggeutgiftene. Dei fleste fekk «betydelege» summar i rente- og avdragsfrie lån, men krava til eigenkapital varierte sterkt, noko som medførte ulike økonomiske plikter i ettertida (Finnmark fylkesmannsembete 1973:11).

I perioden 1970–83 vart det i Kautokeino kommune ferdigstilt 330 nye husvære. 74 % av desse vart oppførde innanfor bustadtiltaka. Veksten var stor, både i det absolutte talet på nybygg og i høve til den samla bustadmassen.5 Kautokeino kommune var den kommunen som samla sett fekk flest nye bygg. Til saman vart det i dei fire kommunane oppført om lag 680 nye bustader innanfor programmet. Bustadtiltaka oppfylte dermed departementet si lågaste målsetjing, 650 nye bustader, men låg langt tilbake for dei ynskjemåla kommunane og fylkesmannen hadde skissert (Fylkesmannen i Finnmark 1983:10).

Ansvaret

Kommuneadministrasjonane var ikkje bygde ut til å ta på seg så store oppgåver som bustadtiltaka. Fylkesmannen si utbyggingsavdeling fekk dermed hovudansvaret for å gjennomføra tiltaka i kommunane. I tillegg vart rettleiingstenesta i dei einskilde kommunane styrkt med ein til to statleg lønna bustadrettleiarar i kvar kommune. Oppgåva deira var å gje råd til husbyggjarane og hjelpa til med planlegging og gjennomføring av dei bustadsakene som høyrde inn under den statlege tiltaksordninga. I Kautokeino kommunen vart i tillegg lønna til generalplanleggjaren dekt av midlar frå bustad-tiltak i perioden 1975–77.

Fylkesmannens utbyggingsavdeling ytte også kommunane omfattande hjelp til arealplanlegging.

Eigeninnsatsen var liten, både i planleggingsfasen og ved bygging av husa. Kjennskapen til det ferdige huset og ikkje minst, til dei framtidige økonomiske pliktene det medførde, var tilsvarande liten. For enkelte husbyggjarar førte dette til store vanskar i ettertid.

Utsnitt av området Heargedievvá, planlagt og bygd ut tidleg på 1970-talet. (Foto: Kautokeino kommune)

Endring i busetnadsmønsteret

Da tiltaka starta, mangla Kautokeino kommune godkjende arealplanar på alle nivå, både generalplan og utbyggingsplanar. På grunn av hastverken vart byggetiltaka fleire stader sette i gang før slike overordna planar kom på plass.6

Utbyggingsmønsteret i samband med bustadtiltaka førde vidare trekk som var etablerte i gjenreisingstida, med styrking av dei største bygdene, og flytting frå grendene som låg avsides til i høve til dei nye sentrumsfunksjonane.

Heving av bustadstandarden i Kautokeino var hovudmålsetjinga ved bustadtiltaka, men også ein viss «bedring av bosettingsmønsteret» skulle skje, dette for å styrkja tettstadene, sikra borna lettare skuleveg og kontakt med «norsk» miljø. Stortingsmeldinga konkluderte med at det neppe var nokon grunn til å investera i «avsides strøk.» (St.meld. 99-1969/70:1:5)

Den første reguleringsplanen vart ferdigstilt i 1972, og omfatta til saman 120 bustadtomter, dei aller fleste 1–2 dekar store. Tilpassing av tomter til reindriftsfamiliane skjedde ved å planleggja 8–10 større tomter. Desse var frå 2,5 til 3 dekar.

Utbygginga i dei følgjande åra la hovudvekt på «vanlege» tomter, med eit mindre tillegg reindriftstomter i dei største bygdene. I dei mindre grendene var dei fleste tomtene tilpassa reindriftsnæringa. Kritikk mot dette utbyggingsmønsteret kom frå ulike organisasjonar som alle peika på at dette førte til sentralisering og flytting av folk som i utgangspunktet ikkje ynskte å flytta så langt bort frå vinterbeiteområda og frå heimane sine.7

Det nye bustadhuset

Små og enkle gjenreisingshus, delvis av lokale typar, utgjorde storparten av bustadmassen ved oppstart av bustadtiltaka. Eit viktig mål med nybygginga var å skaffa romslegare hus for store familiar og gje plass for omfattande arbeidsoppgåver.

Ei rekkje lokale hustypar vart utvikla. Tilpassinga gjekk mellom anna på form, med vekt på enkle, økonomiske løysingar. Hustypane var teikna ut frå kjennskap til levesett, næringstilknyting og klima, og huset var først og fremst eit brukshus. Fleire av typane hadde romslege kjøkken, store soverom, ekstra lager og vaskerom med arbeids-plass.

I tillegg kom utbyggingsavdelinga hos fylkesmannen med framlegg om å utarbeida retningsliner for leigeareal tilpassa ulike familiestorleikar og ulik næringstilknyting. Dette vart aldri sett ut i livet. Redsle for at dei ville føra til for store hus, og dermed for tung økonomisk bør for husbyggjarane, var avgjerande her. Heller ikkje framlegget om å byggja eitt eller fleire prøvehus for å testa ut det best eigna huset vart gjennomført i praksis.

I Kautokeino fekk ferdighuset gjennomslag i denne perioden. Ei undersøking i 1975, synte at av 27 nybygg var 22 leverte av ulike ferdighusfabrikantar. Denne tendensen heldt seg også i åra framover.

Deltakarar og rammer for deltaking

Sosial bustadbygging i Noreg er kjenneteikna ved ei tredeling av ansvar og makt (Brantenberg 1996). Staten gjev overordna rammer og lovverk og sørgjer for hovudfinansiering. Kommunane legg til rette utbyggingsområde, og korporasjonar eller private aktørar står som utbyggjarar. Hovudansvaret for ei utbygging tilpassa den lokale situasjonen fell dermed på dei to sistnemnde partane, kommunen og utbyggjarane.

Ei jamvekt i ansvarsfordelinga mellom dei tre partane føreset vidare ei jamvekt i makttilhøva dei i mellom. Dette var ikkje tilfelle ved gjennomføringa av bustadtiltaka i samiske strøk. Med svakt utbygde kommuneadministrasjonar, og utan sterke utbyggjarorganisasjonar, vart staten den sterke parten. Og sjølv om tilpassingar til samiske tilhøve vart nemnd i stortingsdebatten, førde den sosialdemokratiske likskapstankegangen at bustadreisinga også vart eit reiskap i fornorskingspolitikken.

I byggesaka stod dei hussøkjande enkeltvis, utan nokon organisasjon som kunne målbera deira interesser. Dette, saman med tidspress førte til at staten og statsmakta sine lokale representantar vart ståande åleine med ansvaret for gjennomføringa av bustadreisinga, frå planleggingsfasen til oppføringa av dei enkelte husa.

Kritikk på bakgrunn av den ujamne maktfordelinga kom allereie i planleggingsfasen av tiltaka. Alle førebuingane til bustadtiltaka vart gjorde med

Hustypen «Joatka,» teikna av Råd og Vink A.S og levert av AS Finnmarks-bygg, Kautokeino.

liten lokal medverknad. Fylkesmannen oppsummerer dette slik: «Boligaksjonen» kan allerede på det tidspunkt ha fått preg av et opplegg ovenfra og utenfra der både enkeltpersoner og kommunale etater følte seg tilsidesatt og maktesløse. (Finnmark fylkesmannsembete 1973:26)

Stortinget sitt utgangspunkt var at kommunane skulle spela ei sentral rolle i gjennomføringa av bustadtiltaka. Korleis dette konkret skulle skje, vart det sagt lite om. I utgangspunktet fekk kommunen ei konkret oppgåve, å laga prioriteringsliste over dei aktuelle søkjarane. Så snart ein søknad var innvilga, overtok den statlege bustadrettleiaren ansvaret for å gjennomføra byggesaka. Sjølv etter at kommunen fekk større ansvar for planlegging av tiltaka, avgrensa dei rolla si sterkt, for slik å ikkje bli identifiserte med ein politikk dei ikkje hadde vore med og lagt grunnlaget for (Finnmark fylkesmannsembete 1973). Dei samiske organisasjonane var kritiske til den lokale kommuneleiinga, og kom tidleg med framlegg om sjølve å ta over kommunen sine oppgåver i dei einskilde byggesakene.8 Kritikken gjekk også på dei konkrete framlegga til utforming av husa og til lokalisering, men først og fremst på spørsmålet om lokal deltaking og representasjon.

Diskusjonen om lokal tilpassing tok såleis opp viktige og prinsipielle spørsmål om urfolk sin rett til representasjon innafor nasjonalstaten, og spørs-mål om kulturskilnader og grunnlaget for samarbeid på tvers av slike skilnader. Diskusjonen synte at tiltaka var sette i gang utan å avklara viktige føresetnader for utforming, lokal gjennomføring og styring.

Brukarane deltek ikkje ved sosial bustadbygging, sidan dei ikkje er kjende på det tidspunktet. Ved bustadtiltaka i Kautokeino var brukarane kjende, utan at det førde til særleg stor grad av medverknad. Ujamn maktfordeling mellom dei ulike partane, tidspress og ei forhandlingsform med formelle møte som gjekk føre seg på norsk språk, hindra dei hussøkjande å leggja fram sine syns- punkt. Allereie tidleg i utbyggingsfasen vart det peika på at ei slik gjennomføring bar meir preg av regelstyring enn rettleiing, og at det ofte resulterte i passivitet frå byggherren si side (Mathiesen 1974:23).

Konkrete innspel til utforming av sjølve huset var få. Dei som utmerka seg her, var Kautokeino heimestellnemnd. Dei hadde allereie før tiltaka var sette i gang, formulert klare krav til utforming av ein god bustad. Bustadundersøkinga før tiltaka peika òg på kvinnene sin særlege kompetanse i bustadforming (Isaksen 1969).

Sentralisering

Tilrettelegging av store utbyggingsområde i dei største bygdene førte til sentralisering av busetna-den. Denne endringa vart forsterka ved at den fall saman med stor materiell vekst, generell flytting frå utkantane og oppbygging av vekstsentra. Ny teknologi og nye driftsmønster i reindrifta støtta opp om desse trekka.

Busetnadsmønster, lokalisering og gruppering av bustadene har i tradisjonelle slektssamfunn gjerne hatt meir å seia for tilknyting til bustaden enn utforming av det enkelte huset (Burke 2004) . Kautokeino er eit slikt samfunn, der buplassen blir vald ut frå slektstilknyting. Bustadtiltaka sine organisasjonsprinsipp braut med det tradisjonelle mønsteret, og førte dels til isolasjon og tap av eit sosialt nettverk, dels til at mange i lang tid etterpå opp-levde seg som «innflyttarar» i Kautokeino tettstad (Skålnes 2006).

Kritikken i samtida gjekk på at flytting frå dei tradisjonelle buplassane nært vinterbeitet førde til tap av heimen. Både i nomadisk kultur og i slekts-samfunnet er heimen knytt til sosialt miljø, landskap og felles minne meir enn til sjølve huset. (Rapport 1975) Den samtidige kritikken såg i liten grad dette, og såg heller ikkje styrken i desse kreftene.

På trass av sterk regulering og rask utbygging har lokal butradisjon og sosiale band medverka til at slektstuna framleis lever vidare og pregar bygda

Plan over hustypen «Joatka.» Huset har eigen våtromsavdeling ved inngangspartiet, kjøkkenet er 12,5 m2, stova 27,5 m2. Fire soverom er samla rundt ein felles gang.

Kautokeino også i dag, etter 35 år med offentleg, fysisk planlegging og store feltutbyggingar (Skålnes 2003, 2006).

Funksjon og symbol

Bustadtiltaka fokuserte sterkare på bygging av hus enn på busetnadsmønsteret. Slik fekk diskusjonen om huset, om areal, planløysing og teknisk kvalitet stor merksemd. På trass av dette, og på trass av freistnader med tilpassa hus, vann typeteikningane frå dei nye ferdighusfabrikantane fram. Bustadtiltaka fall saman med ei sterk marknadsføring av desse husa også i Finnmark, noko som støtta opp under valet av slike hustypar. Ferdighuset symboliserte det moderne, og ved å velja det unngjekk husbyggjarane å skilja seg ut frå andre samtidige husbyggjarar (Sørby 1992:150). Ingen av dei som i samtida gav råd for utforming av husa, la vekt på kommunikasjonsaspektet ved bustadhuset.

Det nye huset var først og fremst eit hus for opphald og kvile, i mindre grad eigna til arbeid. Sentrum i huset vart flytt frå det romslege kjøkkenet med plass til både arbeid og opphald, til ei stor stove der det hovudsakleg vart lagt til rette for kvile og sosialt samvær. I tillegg var mange av hustypane heller ikkje tilpassa livet i eit kaldt klima. Samstundes var dei nye husa større i areal og av ein klart betre teknisk standard enn gjenreisingshusa. Dette letta tilpassinga til huset for dei fleste (Dalaker 1975).

Forventningane til det nye huset var høge. Huset skulle no ha plass til mange arbeidsoppgåver som tidlegare gjekk føre seg i friluft. Samstundes overtok det deler av lagerplassen som før var å finna i dei små stabbura. Med aukande mekanisering i reindrifta og med ei generell betring i økonomien, voks behovet for arbeids- og lagringsplass både i og utanfor huset.

Flytting frå det vesle gjenreisingshuset til det nye ferdighuset førte til større vektlegging av pri-

Bustadområdet på biletet vart bygd ut på 1970-talet, og mange av husa ber preg av den tida. Blandinga av feltut-bygging og tradisjonelle tun med uthus, vedreis, lavvu, bilar og skutrar er typisk for Kautokeino. (Foto: Sunniva Skålnes)

vate rom for dei einskilde medlemene i husstanden. Dette, saman med klarare funksjonsdeling i huset, forsterka kravet om større bustadareal. Større buareal kom med auka utbygging. Storfamilien vart broten opp, og talet på medlemer i husstanden minka, noko som gav rom for omdisponering av huset til nye behov. Ferdighuset synte seg fleksibelt nok til å tola slike endringar.

Uterommet var mindre fleksibelt, særleg galdt det for dei som ikkje fekk høve til å velja store reindriftstomter, eller busetja seg på slektstun, men måtte byggja på ei standard bustadtomt.

Konklusjon

Som utbyggingsform balanserer sosial bustadbygging mellom det allmenngyldige og det lokale (Brantenberg 1996b). I møte med bustadmangelen i samiske område på 1970-talet vart dei generelle omsyna i utgangspunktet styrande, og førde i første omgang til sentralisering og fornorsking av det samiske samfunnet. Tiltaka var samstundes med og løfta bustandarden til eit gjennomsnittleg nasjonalt nivå. Gjennom omforming og aktiv bruk vann lokale tilpassingane fram og gjorde både busetnadsmønsteret og bustaden til det som i dag kan kallast ei samisk buform.

Litteratur:

Brantenberg, Tore (1996a) Sosial boligbygging i Europa 1335–1985. Fra slaveby til haveby – europeiske arbeiderboliger i et arkitektonisk perspektiv. Oslo: Ad Notam Gyldendal/Den Norske Stats Husbank

Brantenberg, Tore (1996b) Sosial boligbygging i Norge 1740–1990. Fra arbeider-bolig til husbankhus. Oslo: Ad Notam Gyldendal/Den norske stats Husbank.

Burke, Terry (2004) Managing Social Housing for Indigenous Populations. www.Google.scholar.com

Clapham, David (2005) The meaning of housing. A pathways approach. Bristol: The Policy Press.

Dalaker, Margrete (1976) Rapport om undersøkelse av hus ført opp under Boligtiltakene i Masi-Kautokeino-området for Fylkesmannen i Finnmark.

Dyb, Evelyn, Solheim, Liv Johanne, Ytrehus, Siri (2004) Sosialt perspektiv på bolig. Oslo: abstrakt forlag

Finnmark fylkesmannsembete, utb.avd.(1973) Boligtiltakene i indre Finnmark. Vurdering av mål og gjennomføring 1970–72.

Fylkesmannen i Finnmark (1983) Boligtiltakene i indre Finnmark. Årsmelding og regnskap 1983.

Hage, Ingebjørg (1999) Som fugl Føniks av asken? Gjenreisingshus i Nord-Troms og Finnmark. Oslo: Ad Notam Gyldendal

Isaksen, Trygve (1970) Rapport til Herr Fylkesmannen i Finnmark: Om dårlige hus og fattige menneske, del I og II. Trondheim: Norges byggforskningsinstitutt

Jørgensen, Knut og Martens, Johan-Ditlef (1996) Debatten om boligkvalitet og arbeidet med typetegninger. Oslo: Den norske stats husbank

Mathiesen, Per (1974) Boligreising og nasjonal tilpassing hos den samiske minoritetsgruppe. Oslo: Institutt for anvendt sosialvitenskaplig forskning, rapport 74:8.

Rapoport, Amos (1975) «Australian Aborigines and the Definition of Place,» frå Oliver (red.) Shelter, Sign & Symbol, London: Barrie & Jenkins

Skålnes, Sunniva (2000) Sosial bustadbygging i Sápmi. Upublisert manus

Skålnes, Sunniva (2003) Bustad og beiteland. Dr.ing. avhandling. Trondheim, NTNU: Institutt for byforming og planlegging

Skålnes, Sunniva (2006) «Det samiske slektstunet. Busetnadsmønsteret i Kautokeino – eit materielt uttrykk for identitet og tilknyting», i Die_ut nr 2/06. Kautokeino: Nordisk samisk institutt.

Sørby, Hild (1992) Klar ferdig hus. Norske ferdighus gjennom tidene. Oslo: AdNotam Gyldendal AS

Arkivmateriale frå Finnmark fylke, Kautokeino kommune, Samisk arkiv.

Noter:

1 Landsgjennomsnittet var på same tid 4 prosent. Kjelde. Finnmarksstatistikk 2000

2 Den første bustadaksjonen vart sett i verk i 1954. Målet var å byggja opp gardsbruk rundt omkring i småbygdene i kommunen. Gjennom ein ny aksjon, teltaksjonen i 1958 fekk femteparten av reindriftssamane bygd ny bustad.

3 Seinare vart delar av Porsanger i Finnmark og Tysfjord kommune i Nordland omfatta av dei same tiltaka.

4 Norsk byggforskingsinstitutt gjennomførde den tekniske undersø-kinga av bustadmassen, og kom med framlegg til utbetring og nybygging. Undersøkingane gjekk i hovudsak føre seg i tidsrommet 1969-1970, med evaluering av dei gjennomførte byggetiltaka i 1975-76.

5 Institutt for anvendt sosialvitenskaplig forskning ved universitetet i Oslo vart engasjert av kommunaldepartementet for å «foreta en undersøkelse av boligsituasjonen.m.v. for samene i Kautokeino kommune, herunder boligsistuasjonen både på vinter- og sommerbostedene» (INAS-rapport 74:3).

6 I 1970 var talet på bustader i kommunen rundt rekna 550.

7 Den første generalplanen for Kautokeino kommune vart vedteken 1. oktober 1978.

8 Brev frå Norsk sosionomforbund til Stortinget, datert 25.11.70, i tillegg til utskrift av møtebok for Norske reindriftsamers landsforening, årsmøte 1971.

9 Brev frå Norske Samers Riksforbund og Noregs Reindriftsamers Landsforbund til Kommunal- og arbeidsdepartementet, datert 18.04.71.