Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjenntekne gonger avvist Rogaland fylkeskommunes sitt krav om at planlagde eller varsla vindkraftverk i Rogaland ikkje må handsamast etter energilova før det førelegg ei samla vurdering av heile fylket. NVE sitt syn er på ingen måte uventa, men NVE stadfestar med dette at NVE har svært liten tillitt i Rogaland og truleg landet elles som heilhetlig samfunnsaktør innan denne delen av energisektoren.

Handsaminga frå NVE i vindmøllesaker føyer seg inn i rekkja av arrogante vedtak i Rogaland den siste tida; eksempla er NVEs tilråding til OED på å byggje ut det spesielle og særs verneverdige Bjerkreimsvassdraget og Sauda vassdraget. Eg meinar NVE, i konsesjonssaker etter energilova, framstår meir og meir som kraftbransjen sin forlenga arm, samstundes som NVE også dermed blir eit produkt av ein sterkt sektorisert stat, som ikkje er samkjørt. Handsaminga til NVE går ikkje opp med Stortingets overordna syn på regional og nasjonal arealpolitikk. Måten NVE handsamar vindkraftutbygginga er derfor ikkje godt nok for Rogaland, heller ikkje for Norge.

Planlegging etter impulsmetoden

Grøne sertifikat (statsstøtte for mellom anna vindkraft) blir truleg innført i Norge i løpet av året eller 2006. Skjer dette vil kjempestore vindkraftanlegg – som til dømes Høg-Jæren prosjektet – bli økonomisk lønnsamt. Dei økonomisk lyse framtidsutsiktene har skapt svært stor optimisme i vindkraftbransjen i Norge, med det resultat at det snart er planar om eit vindkraftanlegg på kvar ein eksponert haug eller hammar langs Norges vakre kyst og fjordlandskap. Sjølv om det nasjonale målet på 3 Twh produsert vindkraft innan år 2010 trygt er innan rekkevidde, skjer i dag planlegging av vindkraftanlegg etter impulsmetoden.

Først til mølla-prinsippet

Situasjonen i Rogaland er representativ for landet elles. Planlagt utbygging av monstermøller (23 stk 150 m høge vindmøller) på Høg-Jæren syner at utbyggjar planlegg ein omfattande vindkraftpark med store negative konsekvensar og med høgt konfliktnivå. Sakleg, godt argumentert og heilheitleg planlegging er ikkje blitt teken i bruk. At situasjonen er slik den er kan vi takka NVE sin manglande evne og vilje til å styre denne viktige delen av energisektoren for. Eg trur Norge i verdsmålestokk ut frå svært gode naturgjevne forhold kan bli rimeleg store innan vindkraftproduksjon. Føresetnad for seriøs og langsiktig satsing er at planlegging og ikkje minst lokalisering av vindkraftanlegg skjer etter gode overordna arealforvaltningsprosessar og innafor ramma av nasjonal og regional arealpolitikk.

Planfylket Rogaland

I Rogaland er det i dag planar for omlag 250–300 større vindmøller. Dette er svært store greier både i forhold til energimengde (Gwh) og areal, og nye prosjekt dukkar opp nesten kvar månad. Det er derfor naudsynt med ein rangeringsordning, før ein kan handsama desse sakene på ei heilheitleg måte.

Høg-Jæren, juni 2004. Løa nærast i bildet er om lag 80 meter lang og ruver i landskapet. I eit fleire kvadratkilometer stort område nord og vest for denne løa – på randen mot Låg-Jæren – vil eit tomanns energifirma setja opp fleire titals svært høge vindmøller (150 meter). NVE har gjeve løyve, men siste ord er ikkje sagt i saka. (Foto: Ståle Undheim)

Meir enn nokon gong før treng vi i dag ein fylkesdelplan for vindkraft i Rogaland. Ein slik plan vil passe godt inn i rekka av nyttige fylkesdelplanar til planfylket Rogaland.

Eg minner om at Rogaland fylkeskommune i mange samanhengar har hausta heider og ære både internasjonalt og nasjonalt for god og samordna arealplanlegging, anten det gjeld næring, kultur, natur, friluftsliv, kystsone, jordbruk, samferdsel, eller landsiktig byutvikling på Jæren. Kanskje landet elles skal sjå til Rogaland som eit føregangsfylke på overordna planlegging for vindkraft også? Slik situasjonen er i dag er treng nasjonale styresmakter handle for at det skal skje noko. Elles vil NVE klara å øydeleggja delar av Norges vakre kyst og fjordlandskap, og det har Noreg ikkje råd til!