I mange år har forsking på lokal utvikling i Nordområda stått sterkt, ikkje minst ved Universitetet i Tromsø. Allereie før Ottar Brox si debattbok «Hva skjer i Nord- Norge?» (1966) var det utført fleire større forskingsarbeid som gjorde synleg vitaliteten og mangfaldet i periferisamfunna i nord. Eit resultat av forskingsinnsatsen har vore å styrke både sjølvrespekt og respekt utanfrå for det næringsmessige og kulturelle særpreget som finst i nordnorske - og i islandske og nord-canadiske bygdesamfunn.

Den nedvurderinga av det nordnorske bygdelivet som så tydeleg kom til syne i den første etterkrigstida sine plandokument, har blitt imøtegått med sterke faglege argument. På den andre sida kan ein ikkje kome forbi det faktum at det parallelt med den nye kunnskapsdanninga om periferiens kvalitetar har funne stad ei omfattande urbanisering, først i ein industriell fase, og deretter i ein fase prega av store offentlege investeringar i høgkompetente utdannings-, helse- og forskingsinstitusjonar. Pr. 2003 framstår Alta (17.000), Tromsø (61.000) og Bodø (42.000) som dei ubestridde tyngdepunkta for busettinga i dei tre nordlegaste fylka.

Mange småkommunar har hatt ein dramatisk tilbakegong i folketal i etterkrigstida. Ein første fase med tilbakegong stoppa opp på 1970-talet, då også dei mindre kommunane i utkantane fekk tilgong på velferdsgode som 9-årig skole, barnehagar og sjukeheimar. For å drive desse - og andre velferdspolitiske institusjonar - var det behov for arbeidskraft, særleg kvinneleg arbeidskraft. Resultatet var eit tilsynelatande konsolidert busettings- mønster. Men avgangen frå primærnæringane heldt fram, og frå 1980-talet og fram til i dag fekk den desentraliserte industrien også problem, slik at nedgangen i folketal igjen skaut fart i periferien.

Nye vilkår for periferisamfunna

Samstundes opna det seg nye muligheter for folk i småstader utanfor dei store byane og deira pendlingsomland: Fiske- og skalldyrsoppdrett er ei næring i vekst, og ei næring som er direkte avhengig av å ha ei desentralisert lokalisering. For det andre fekk vi langt betre informasjonsteknologiske løysingar (e-post, Internett, mobiltelfoni, sms, breiband) som gjorde det mogleg å halde seg oppdatert også under mobilitet og over lange avstandar. For det tredje bidrar den aukande etterspurnaden etter «symbol» (tal, lyd, bokstavar) heller enn av ting (bilar, mjølk) også til å minske avtandsulempene for periferien. Det kostar så godt som ingenting, og det er gjort på eit sekund, å bringe ein revidert rekneskap fram til kunden, om revisjonsfirmaet er i Skarsvåg og kunden er i Bærum. For det fjerde er landskap - og «sjøskap» - i seg sjølv blitt ettertrakta som reiselivsopplevingar, som stader for tilbaketrekking, og som livsform. Og for det femte er ressursgrunnlaget for primærproduksjon her i landet - med unntak av beitegrunnlaget på Finnmarksvidda - intakt: Skog, jord og fiskeressursar finst i rikt monn.

Ein open regionalpolitisk situasjon

Pr. i dag vil det vere grunnlag for å konkludere med at vi står overfor ein open regionalpolitisk

Figur 1. Det circumpolare området - enorme areal og avstandar - men moderne teknologi kan gi grunnlag for meir samarbeid på tvers.

situasjon, der vi langt på veg kan velje retning på utviklinga. Byane sin dominans er klar og tydeleg - også i ein periferiregion som Nord-Norge. På den andre sida treng ikkje byvekst å bety ei vidare avfolking eller ein tydeleg befolkningsnedgang i distriktskommunane. Infrastrukturen i periferien er - med visse unntak - godt utbygd, slik at dei fleste kan nå fram til næraste regionale senter utan store kostnader og stor tidsbruk. Levekåra er tolleg jamt fordelt mellom sentrum og utkant - på enkelte område er dei betre i by enn i bygd, men på andre område kan det vere omvendt. På den kulturelle og mentale sida - folk flest si vurdering av kor det gode livet best kan levast - synest i dag det urbane tilveret å ha eit klart overtak, særleg blant yngre folk.

Den diskursen som er gjengjeve ovanfor, er basert på eit omfattande tilfang av forsking, og den skulle tilseie ei vidare forskingsmessig oppfølging i form av spørmålet: Kva er vilkåra for at også små stader i periferien - i praksis kommunar - skal kunne vere attraktive for etableringar - både for folk og for næringstiltak? Finst det nokre «nøkkelfaktorar» som kan føre til ei positiv utvikling, og som kan omsettast til praktisk-politiske tiltak? Kva kan vi lære av småkommunar som har hatt ei positiv befolkningsutvikling i ei tid der mange andre opplever pessimisme og befolkningstap? Kan erfaringar frå eit land sin regionalpolitikk overførast til andre statar?

For 50 år sidan blei den store busettinga i bygde-Norge av enkelte opplevd som eit hinder for å få til ein sterkare vekst i landet sin samla økonomi. Ein for stor del av arbeidsstyrken var engasjert i lågproduktive næringar i bygdene, og representantar for ein storindustri i utvikling klaga over mangel på arbeidskraft. Dette var situasjonen den gangen, men i dag representerer ikkje ei gunstig utvikling av periferien noko trugsmål mot det moderne by-Norge. Det er tendensar til arbeidsløyse i bysamfunna, så ingen burde ha interesse av ei større tilflytting frå periferien. Samtidig vil det store fleirtalet av folk nesten uansett kome til å ønske å bu i by, så det ville vere minimal fare for utarming av bysamfunna. Ein generøs politikk overfor periferien ville kunne gi gode resultat, utan at innsatsen ville koste så mykje. Spesielt vil dette kunne gjelde for oljelandet Norge, men også andre land i Norden og i Nordområda ville truleg kunne gi periferien betre kår utan at det gjekk ut over andre samfunnsmessige mål.

Samtidig opplever ein at distrikta på ingen måte er tilgodesett i utviklinga av den offentlege politikken. I Norge kan ein peike på ei rekkje politiske endringar som kan kome til å undergrave mulighetene for ei vidare samfunnsutvikling i periferien. Ein treng ikkje forsking for å kunne sjå at nærings- messige og velferdsmessige vilkår er under press i dag. Men dette er berre ei side av saka: Den andre sida er å få eit kunnskapsmessig grep om den eigenaktiviteten for å skape utvikling som kan gå føre seg på det lokale nivået («mobilisering»), og i samhandlinga mellom det lokale nivået og aktø- rar/institusjonar lenger «ute» eller «oppe» («nettverking»).

MOST-prosjektet: Ein samanliknande studie av meistring

Målet med prosjektet Circumpolar Coping Processes Project (CCPP) har vore tofaldig: For det første har vi ønska å vinne meir kunnskap om dei politiske,

Båtsfjord: Moderne industri og eit veldreve kommunesamfunn, men råstoffgrunnlaget kan svikte. (Foto: Raymond Hildonen)

næringsmessige og uformelle strategiane som kan vere effektive for å utvikle levedyktige og attraktive småbyar og bygder i Nordområda. For det andre har vi ønska å bidra til ein større dialog om politikk for utvikling av periferien i Nordormråda, ved å gjere kunnskap overførbar, legge til rette for læring over landegrenser, og over dei grensene som ofte oppstår mellom politikarar, administrasjon, lokalbefolkning - og forskarar.

Vår oppgåve som forskarar har i dette prosjektet vore å gjere systematiske studiar av korleis folk utanfor bysentra i Nordområda faktisk innretter seg i dag, kva slags problem dei møter og ikkje minst, korleis dei individuelt og i fellesskap, lokalt og i samarbeid med over-lokale partnarar utviklar strategiar for lokal overleving - og for lokal utvikling. Med utgangspunkt i det resonnementet som er framført ovanfor, og ut frå ein forestilling om at ei slik problemstilling fruktbart kunne leggast til grunn over heile den circumpolare periferien, blei det ved Universitetet i Tromsø i 1995 tatt initiativ til eit internasjonalt forskings- og formidlingsprosjekt. Dette var nært knytt opp til UNESCO sitt samfunnsfaglege program «Management of Social Transformations» (MOST), der eit av tema var kor- leis lokalsamfunn og regionar kunne meistre overgangen til ein meir globalisert økonomi.

«Coping strategies»

Prosjektet har nettopp som mål å finne fram og å analysere ulike strategiar for «lokal meistring» («Coping strategies») med utgangspunkt i tre dimensjonar:

  1. For det første eit fokus på innovasjonar, dvs. nye tiltak med betydning for den lokale økonomien, og som må forhalde seg til ein globalisert økonomi sine rammer og opningar.

  2. For det andre eit fokus på nettverk av likeverdige partnarar i samarbeid for lokal utvikling, mest tydeleg gjennom lokalpolitiske institusjonar, men også gjennom foreiningsliv og inkluderande arenaer i lokalsamfunnet - eller sosial kapital- dimensjonen.

  3. For det tredje eit fokus på danninga av indivi- duelle identitetar i spenningsfeltet mellom det lokale og det globale, mellom det tradisjonelle og det moderne.

(Aarsæther & Bærenholdt 1998, 2001).

I prosjektet blei fokus retta inn mot dei meir vellukka tilfella av lokal utvikling utanfor storbyane - altså eit samanliknande fokus på distriktssamfunn som hadde lukkast betre enn andre. Eit enkelt kriterium her var befolkningsutvikling. Men forskingsspørsmålet vårt var å finne ut om lokale prosessar var av typen «coping strategies» - at dei var nyskapande, inkluderande og at dei gav meining og identitet til folk i det lokale samfunnet.

For å gjennomføre denne studien blei det organisert eit forskarnettverk, og på grunnlag av ein felles teoretisk og metodisk plattform blei det gjennomført studiar av «meistring» i Nordvest- Russland, i dei nordiske landa sine periferiar og i Nordaust-Canada. Frå starten av var det meininga å gjennomføre forskinga slik at den kunne føre til læringsprosessar i, og på tvers av, dei lokale samfunna som blei studerte.

Store forskjellar mellom land

Studiane avdekka imidlertid store forskjellar landa imellom. Ikkje uventa var forskjellane markante mellom det sterkt velferdsstatlege Norden, det meir marknadsliberale Canada og det etter-sovjetiske Russland. Fattigdom i kjølvatnet av ei total politisk omkalfatring og ei befolkning med sterke band til sentral-Russland prega tilstanden i småsamfunn på Kolahalvøya og langs Kvitsjøen. Her var det ein situasjon prega av tap av tillit, manglande lønsutbetalingar og demonterte velferdsstatlege institusjonar, og folk måtte utnytte alle sine uformelle ressursar i samarbeid med slekt og naboar for å overleve (Riabova 2001). Den bedriftsbaserte kontakten mellom det russiske fiskeværet Teriberka og norske Båtsfjord (sjå Marit Aure sin artikkel) representerer eit interessant unntak, og eit eksempel på potensialet i transregionalt utviklingsarbeid.

Heller ikkje i dei canadiske kystsamfunna var det lett å finne unntak frå nedgangstendensar på 1990- talet - her gjennom ei total nedfisking av den viktige torskebestanden, følgd av ei regulær innstilling av alt torskefiske- og all tilhøyrande fiskeindustri. Nærheit til teknologisk avanserte miljø hadde imidlertid opna muligheter innan kultur- og opplevings- basert turisme, gjennom marknadsføringa av landskaps- og aktivitetsmessige «godbitar» på Internett (Hull 1998, 2001). Verken russiske eller canadiske utkantfolk hadde tilgong på ein sterk kommune av nordisk type for å få fremja sine interesser i ein vanskeleg omstillingsfase (Flint 2001).

I distriktskommunar i Nord-Finland og i NordSverige har det også vore sterk tilbakegang på 1990-talet, her grunna den sterke rasjonaliseringa i skogbruk og treforedling, og omlegginga av landbrukspolitikken. Også her har turismen vore eit alternativ, men det har ikkje lukkast å demme opp for ei omfattande arbeidsløyse, i tillegg til at utflyt- tinga frå desse bygdene har vore sterk (Soupajarvi 1998, Lloyd 2001). I tillegg har ein både i svenske og finske distriktssamfunn hatt betydelege vanskar med å få til ei god tilpassing mellom naturvern og ein meir kommersiell turisme, samt mellom den samiske befolkninga og den svenske og finske befolkninga i Nordområda (Tuulentie 2001). Det regionale samarbeidet i Tornedalsrådet, der også dei tre norske kommunane Storfjord, Kåfjord og Kautokeino er med, er ei nyskaping som kan bidra til å styrke den lokale utviklinga i typiske innlandskommunar i nord.

På Island, Grønland og på Færøyane har det faktum at fiskeressursane i all hovudsak er intakte, og på lokale eller nasjonale hender, bidratt til meir kreative løysingar i distriktssamfunna. Her blir turisme eit tilleggsmoment til nyvinningar innan fiskerelatert industri (Island, Færøyane) eller organisering av havgåande fiske med større, lokaleigde båtar (Grønland). Det er rapportert som eit stort problem at den frie omsettinga av fiskekvoter som er innført på Island, har ført til at fleire tidlegare vitale kystsamfunn ikkje lenger får tilførslar av fiskeråstoff (Skaptadottir et al. 2001).

Norsk utakt?

Dei to norske kommunane som kom med i denne studien - Båtsfjord (folketal ca. 2500) i Finnmark og Storfjord (folketal ca.1900) i Troms hadde utmerka seg ved at det var stor stabilitet i folketalet. Desse distriktskommunane hadde altså - i motsetning til nesten alle andre distriktskommunar i Nordområda - meistra store omstillingar i fisket (Båtsfjord) og i kombinasjonen fiske/jordbruk (Storfjord) utan å gå tilbake i folketal. Årsakene til suksessen i desse to kommunane viste seg likevel å vere radikalt forskjellige:

I Båtsfjord var det eit samarbeid mellom ei gruppe dynamiske bedriftsleiarar som hadde utvikla ein industriell strategi som i høg grad var tilpassa den økonomiske globaliseringa: Her hadde dei langt på veg erstatta norske fiskarar og fiskeindustriarbeidarar gjennom kontraktfesta tilførslar av råstoff frå russiske fartøy og import av landbasert arbeidskraft frå Finland, Sri Lanka og etterkvart frå Russland (Hovgaard 2001).

I Storfjord hadde lokalpolitikarane greidd å få noko att for å gi avkall på naturressursar i form av ei stor kraftutbygging på 1970-talet. Det var utvikla ein forhandlingsstrategi mot staten som hadde ført til tilføring av stabile kvinnearbeidsplassar så vel som tilførslar til to næringsfond i bytte mot kraftutbygging. Storfjord-samfunnet viste seg også å vere gjennomgåande vitalisert av eit dynamisk og mangefasettert konfliktmønster som involverte både religion, geografi, etnisitet, politikk og profesjon (Aure 2001).

Ung i Nord

Vel og bra med vitale bedriftseigarar, foreiningsfolk og politikarar - men kva med ungdommen? Var dei like tent på å kome seg til byen i desse «levande» bygdene? I regi av MOST-prosjektet foretok vi ei enkel kartlegging av 14-15-åringar sine gjeremål, bakgrunn og framtidsutsikter. Eit felles skjema blei fylt ut av dei aktuelle skoleelevane i kvar bygd, samtidig som vi fekk elevane til å skrive eit lite essay om eige lokalsamfunn. Ved å samanlikne svara og essaya frå nærare 400 skolelevar danna det seg eit interessant bilde: Både gutar og jenter hadde (med unntak av ei bygd i Nord-Canada) eit positivt bilde av staden. Dette var klart knytta til bruk av naturen og at dei opplevde eit godt miljø lokalt. Samtidig gav så godt som alle uttrykk for ei lengt etter eit større ungdomsmiljø å ferdast i, og ikkje minst - dei magre shoppemulighetene - i eige lokalsamfunn. «Ein god plass, men kanskje ikkje for meg. no iallfall», kan tene som ei fortetta oppsummering av denne delen av undersøkinga (Bjørndal & Aarsæther 2000).

Storfjord: Campingplasser og vinterlagring av vogner er eit viktig element i Storfjordsamfunnets private sektor. (Foto: Håvard Dahl Bratrein, Tromsø Museum)

Kunnskapens kretsløp - ut i periferisamfunnet

Lærdomen av dette prosjektet er dokumentert i tre omfattande, engelskspråklege antologiar, redigerte av prosjektleiarane og med bidrag frå i alt 25 andre forskarar. I tillegg til rapportar og artiklar i fagtidsskrift har denne forma for rapportering berre vore ein del av formidlingsarbeidet. Prosjektmidlar blei to gonger nytta til å samle relativt store forsamlingar av representantar frå dei ulike distriktssamfunna, ei samling i Isafjordur på NordvestIsland (1998), og ei samling ved avslutninga av MOST-prosjektet i Storfjord i Nord-Troms (2001).

Her fekk forskarane testa ut sine perspektiv og resultat mot «brukarar» frå ulike lokale kontekstar, og diskusjonane gjekk på tvers av landegrenser, i tillegg til at folk frå dei lokalsamfunna der desse konferansane blei arrangerte, medverka. Slik sett har forsking på utvikling i periferisamfunn ein verdi i form av dialogar mellom forskar og brukar, og ved å bringe brukargrupper saman, også på tvers av landegrenser, for å utveksle erfaringar, og for å planlegge nye prosjekt og strategiar.

Læring på tvers, heller enn frå sentrum til periferi, har vore eit stikkord i desse nordområdedialogane. Dei har vist kva betydning politiske og næringsmessige forskjellar har, men også kva som er felles på tvers av lokalsamfunn og landegrenser: Organisering av lokal og langsiktig bruk av naturressursar, det potensialet som ligg i nye former for reiseliv og turisme, og dei mulighetene som ligg i bruk av ny kommunikasjonsteknologi for å oppvege nokre av ulempene og kostnadene knytt til det å liggje langt utfor allfarveg. Men kanskje først og fremst verdien av å halde fram det ungdommane hadde merka seg - det gode samarbeidet og sosiale miljøet som finst i mange distriktssamfunn - det som vi på forskarsida kallar behaldninga av sosial kapital, og som vi ser som ein grunnleggjande føresetnad for eit vellukka og inkluderande utviklingsarbeid.

Studiet av meistring i periferien i Nordområda har vist at kontaktar og partnarskap utover (horisontalt) og oppover (vertikalt) går igjen der vi har

funne vellukka utviklingsprosessar. I tillegg har den statlege politikken på velferdsområda, på handlingsromet for lokalt sjølvstyre og på det regionalpolitiske området, stor betydning.

Utanfor regionale strategar si synsrand?

Det er lite som tyder på at representantar for regionale og statlege institusjonar har gjort seg kjent med resultata frå dette prosjektet eller at dei har hatt interesse av nytta dei i politikkutforminga. Både i statlege hovudstader og i regional sentra må vi vente å finne tendensar til både ein administrativ og ein ideologisk skepsis til det utviklingsarbeidet som vi har analysert i dette prosjektet. Administrativt vil regionalpolitiske aktørar heller arbeide med store og strategiske satsingar enn med tiltak i det små. Ideologisk og politisk vil forhåpningar til urbanismens potensiale nok fortrenge interessa for ei fornying av rurale livsformer. Likevel vil det innafor det regionale og statlege politikknivået finnast nisjar for administrative og politiske satsingar på periferipolitikk. Med eit kunnskapsgrunnlag av den typen vi har forsøkt å levere her, kan - får vi håpe - lokale aktørar bli betre rusta i forhandlingar med aktørar og institusjonar på regional/sentralnivået, for desse vil nesten uansett vere viktige medspelarar i dagens og morgondagens lokale utviklingsarbeid.

... men for forskinga: Tverrfagleg, internasjonalt samarbeid

Om forskinga i regi av MOST-prosjektet kanskje har hatt begrensa betydning for reformer i dei enkelte landa sin velferds- og regionalpolitikk, så har iallfall samarbeidet i nettverket ført til resultat i forskingsmiljøet. Ved at MOST-prosjektet la ein internasjonal workshop til Klaksvik på Færøyane og hadde Færøyane med på linje med andre statar, blei prosessen omkring etableringa av eit regionalforskingssenter på Færøyane styrka. Nordisk Ministerråd bidrog til å finansiere ei forskarutdanning i tilknyting til MOST-prosjektet; denne er no inne i sitt tredje av fire driftsår, med eigne stipendiatar, ein NordFA-professor (2002-2003) og eit omfattande kursprogram. Andre nordiske organ som NORA og NARP har bidratt med støtte både til nettverksarbeid og forskingsformidling, og Nordregio har finansiert to oppfølgingsprosjekt på forskarsida: Coping strategies and Regional Policies (2001-2002) og «Institutions & Innovations» (2003- 2004), begge utført av deltakarar frå MOSTnettverket.

Ein ting til sist: Verdien av tverrfaglege tilnærmingsmåtar har blitt grundig dokumentert gjennom MOST-prosjektet. Forskarnettverket var ikkje organisert ut frå ein bestemt fagdisiplin, men ut frå eit felles tematisk fokus (prosessar i spen- ningsfeltet mellom det lokale og det globale), og ei felles normativ forplikting på å få fram kunnskap som kan bidra til eit sterkare samfunnsmessig engasjement for periferisamfunna i Nordområda. På dette grunnlaget har forskarar med bakgrunn i geografi, sosiologi, antropologi, statsvitskap og økonomi vore i stand til å etablere ein teoretisk og metodisk plattform for å gjennomføre samanliknande studiar av lokale meistringsforløp.

Litteratur:

Aarsæther, N & Bærenholdt, J red. (1998): Coping Strategies in the North. København: Nordisk Ministerråd

Aarsæther, N & Bærenholdt J red. (2001): The Reflexive North. København: Nordisk Ministerråd.

Aure, M (2001): «Innovative Traditions? Coping Processes among Households, Villages and the Municipality», i Aarsæther & Bærenholdt red (2001), kap. 4.

Bjørndal, C & Aarsæther, N (2000): Northern Futures - Young Voices. Paris: UNESCO.

Bærenholdt & Aarsæther red. (2001): Transforming the Local. København: Nordisk Ministerråd.

Flint, J D «A Different Way of Talking about Fish. Coping with Limited Access to Fish Stocks under a New Regime of Conservation», i Bærenholdt & Aarsæther red (2001), kap. 6

Hovgaard, G (2001): Globalisation, embeddedness and local coping strategies: a comparative and qualitative study of local dynamics in contemporary social change Institut for Samfundsvidenskab og Erhvervsøkonomi, Roskilde Universitetscenter, 2001.

Hull, J & Milne, S : «From Nets to the Net: The Case of Quebecs Lower North Shore», i Aarsæther & Bærenholdt red. (2001), kap 7.

Lloyd, S: «Contours of the Swedish Forest landscape. A Case Study of Relationships between Socio-Economic and Ecological Space in Jokkmokk», i Bærenholdt & Aarsæther red (2001), kap. 4.

Riabova, Larissa «Coping with Extinction - The Last Fishing Village on the Murmansk Coast», i Aarsæther og Bærenholdt red. (2001), kap. 5.

Skaptadottir, U, Mørkøre, J & Riabova, L: «Overcoming Crisis: Coping Strategies in Fishery Based Localities in Iceland, North-western Russia and the Faroe Islands», i Bærenholdt & Aarsæther (2001), kap. 2.

Soupajärvi, Leena (1998): «From the Grass-Roots Level: Environmental Conflicts and Coping in Lapland», i Aarsæther & Bærenholdt red. (1998), kap 8.

Tuulentie, S: «Land Ownership and the Debate on the Rights of the sami People in Finland», I Aarsæther & Bærenholdt red. (2001), kap. 3.