Landbruksplan for Tromsø er eit døme på omsetting av forskingsbasert kunnskap til reiskap for forvalting og politikk. Planen har som mål å vise utfordringane og moglegheitene for jordbruk, skogbruk og utmarksnæ- ringar i kommunen, definere satsingsområde samt legge til rette for ei berekraftig ressursforvalting gjennom konkrete tiltak. Til å utforme planen henta kommunen underteikna, som forskar på landbruk, på kva som framstår som moglege og ønskjelege praksisar for gardbrukarar i ei tid fylt av dramatisk endring. Denne artikkelen handlar om omsettinga av kunnskap om gardbrukarar sine kvardagsliv til politikk og forvalting av landbruket, og dei utfordringane det inneber.

Å drive forskingsbasert planlegging handlar om vegen frå ord til handling, frå skildring til styring. Planlegging handlar om å utarbeide mål, nytte kunnskap for å gripe samanhengar og legge til rette for at påfølgjande einskildhandlingar verkar til at målet blir nådd (Aarsæther 1992).

I teorien ligg det til rette for ei grei arbeidsdeling; forskarar avdekker samfunnsproblem og frambringer kunnskap om ulike samfunnsforhold, planleggarar sett opp moglege strategiar for å løyse problema, og politikarar prioriterer. Problemet er at det ofte heller er slik at forsking føregår uavhengig av kva som skjer i andre enden, at planlegging i liten grad tar omsyn til forsking og at politikarane gjer sine prioriteringar uavhengig av både forsking og byråkrati.

Konsekvensen av den manglande kommunikasjonen er at forskingsbasert kunnskap, som til dømes kunnskap om kva vilkår gardbrukarane står ovanfor og korleis dei handterer desse, ikkje takast med i beslutningsprosessar som gjeld nettopp desse gardbrukarane sine liv. Det er derfor viktig at slik kunnskap blir gjort tilgjengeleg og relevant ut over det akademiske felt forskarar opererer i.

Ved Institutt for planlegging og lokalsamfunnsforsking i Tromsø har vi sterke tradisjonar for å prøve og utvide kretsløpa kunnskapen vi produserer sirkulerer i. Det ligg politiske ambisjonar bak våre forskingsprosjekt, og vi har prøvd å gjere kunnskap om ulike lokale aktørar relevant som kunnskapsgrunnlag for politikk og forvalting. Dette idealet for forsking er kanskje best uttrykt av antropologen Fredrik Barth, som seier at vi må produsere kunnskap som sett folk i stand til å spele ein rolle ved å artikulere sine eigne behov, skape sine eigne visjonar om det gode liv og dermed definere sine eigne prioriteringar i ei utvikling som ikkje gjer dei til etternølarar dit andre allereie er, men til pionerar dit dei sjølve ønskjer å gå (Barth 1992. Mi oversetting).

Slike ambisjonar har også eg med mitt doktorgradsprosjekt, som handlar om forholdet mellom kvardagsliv og politikk i sørfransk og nordnorsk jordbruk. Gjennom studie av korleis gardbrukarar utformar sine liv, kva dei opplev som moglege og ønskjelege praksisar og kva som utgjer barrierar for å oppnå desse, ønskjer eg å utvikle kunnskap som kan leggast til grunn for ei betre forståing av utviklinga i landbruket, og dermed ei betre styring av denne.

Då eg i 2001, midt i arbeidet med mitt forskingsprosjekt, fekk førespurnad om å leie arbeidet med utforminga av landbruksplan for Tromsø, gav det ein unik moglegheit til å sette dette forskingsidealet ut i livet. Gjennom eiga forsking meinte eg å ha god kunnskap om kva gardbrukarane i Tromsø kommune sleit med. No skulle kommunen få sin første landbruksplan, og eg hadde moglegheita til å bringe denne kunnskapen inn i planprosessen. Eg kunne ikkje forsvare å ha takka nei til å vere med på utforminga av framtida for dei aktørane viss stemme eg gjennom mitt forskingsprosjekt ønska å framme!

Det resulterte i eit spanande og utfordrande samarbeid med erfarne og dyktige landbruksforvaltarar, som utgjorde det faglege sekretariatet for arbeidet. Samarbeidet omfatta også administrativ og politisk leiing i kommunen, som utgjorde arbeids- og styringsgruppe, og ikkje minst engasjerte næringsaktørar knytt til landbruk, som utgjorde referansegruppe. Planarbeidet involverte også aktørar knytt til andre interesser og sektorar, som anna næringsverksemd og miljø. Alle desse felta opererer med sine eigne kunnskapsmodellar. Utfordringa var å vinne aksept for kunnskapen om gardbrukarane sine liv og gjere han relevant for tenking i desse ulike felta.

Landbruk i ein bykommune

Tromsø er Nord-Noregs største by. At Tromsø også er den nest største landbrukskommunen i Troms er det lite medvit om blant byens befolkning, og også blant dei folkevalde. Det utgjer ei stor utfordring for landbruket i kommunen. Frå feltarbeid blant gardbrukarar visste eg at dei opplevde det som vanskeleg å drive landbruk i ein bykommune. Særskilt gjaldt det dei bynære gardbrukarane, som stadig må kjempe for å sikre jorda for framtidig drift.

Det bynære landbruket tilbyr byen lokalprodusert mat og grøne opplevingar. Men dei bynære gardbrukarane har måtta slåss mot press frå byen, som veks seg stadig større. Byvekst har skrudd opp tomteprisane, og mange grunneigarar har sett seg meir tent med å få omregulert jord til boligformål. Og i mange tilfelle har dei fått det. Gardbrukarane eg intervjua opplevde arealforvaltinga i kommunen som tilfeldig, og sakna langsiktige perspektiv. Dei er avhengige av å vite at dei kan drive jorda i meir enn ti år for å kunne investere i bruka. Manglande langsiktigheit i arealforvaltinga har også ført til konfliktar i dei bynære bygdene, då det opnar for kamp om areala mellom gardbrukarar og utbyggar- interesser. Feltarbeid blant gardbrukarar i kommunen hadde lært meg mykje om kostnadene ved manglande langsiktigheit i kommunal forvalting.

Men feltarbeidet hadde også lært meg mykje om kva landbruket i kommunen kan tilby, om gardbru- karane blir gitt naudsynte vilkår for å drive vidare. For her finst gardbrukarar som ønskjer å halde jorda i hevd, sikre lokal produksjon av basisvarer og auke mangfaldet av lokale produkt, drive torgsal og direktesal, ta imot ungar og andre som treng eit alternativt tilbod på gardane og så bortetter. Mange etablerte gardbrukarar ønskjer å halde fram si konvensjonelle drift. Og både eiga og andres forsking har vist at mange unge ønskjer å bu på gardsbruk, og drive gard i kombinasjon med anna arbeid (Nilsen 2001, Lønning 2000). Fleire av desse, særskilt kvinner, ønskjer å drive gardsbruk med nye og alternative produksjonar, som til dømes riding og grøn omsorg. Desse opplev ofte problem med å bli tatt på alvor som næringsutøvarar.

Omsett til planarbeidet leia denne kunnskapen til fokusering på at det var naudsynt med ei sterk profilering av landbruket i kommunen. Vel så viktig som å få vedtatt ein plan for landbruket i kommunen, var det å oppnå auka forståing for landbruket si betydning blant byens beslutningstakarar. Overordna mål for planen var å tydeleggjere potensialet for landbruket i kommunen samt dei utfordringane gardbrukarane står ovanfor. Fokus blei retta mot arealforvalting, med særskilt omsyn til dei bynære områda kor det er stort press på areala, og mot busetting og eigedomsstruktur, med særskilt omsyn til bygder som opplev stor uttynning i befolkninga. Prioriteringane i planen er eit resultat av eit breitt samarbeid mellom ulike aktørar, både frå landbruksnæringa, lokalmiljøa, forvaltinga og politikken. Den forskingsbaserte kunnskapen, som var mitt inntak til planarbeidet, måtte i planprosessen kjempe om plassen med andre kunnskapsmodellar. Her skulle mange interesser takast omsyn til. Ulike kunnskapsmodellar til tross, greidde vi å bli samde om kva som utgjorde dei viktigaste utfordringane for landbruket i kommunen.

Med utgangspunkt i kva ein kan gjere lokalt

Då landbruksplanen for Tromsø skulle vere ein tiltaksplan, valte vi å ta utgangspunkt i det ein kan gjere lokalt. Det inneber at planen ikkje fokuserer på mykje av det som opplevast som dei største utfordringane i landbruket, nemleg låge målprisar, auka internasjonal konkurranse og svekka importvern. Det er forhold ein kommunal tiltaksplan ikkje kan endre på. Men, som dei ovanfor skisserte problemstillingane viser, er det mykje ein kan ta fatt på lokalt.

Det overordna målet for landbruket i kommunen blei formulert slik: «Tromsø kommune skal ha eit aktivt landbruk som skal tilby befolkninga lokalt produsert kvalitetsmat, bidra til langsiktig og bere- kraftig forvalting av arealressursar og kulturland- skap i kommunen og til å oppretthalde livskraftige bygdesamfunn».

Denne omfattande målsettinga avspeglar nasjonale mål for landbruket, som legg vekt på koplinga mellom landbruket sin produksjon av matvarer og produksjon av fellesgode for samfunnet, men viser også til lokale prioriteringar. Vidare blei det meisla ut seks hovudutfordringar med påfølgjande strategiar:

  • Sikre gardbrukarane naudsynte driftsvilkår, avverje konfliktar og sikre moglegheitene for matproduksjon for framtida gjennom ein konsekvent og langsiktig arealpolitikk.

  • Sikre busetting i distrikta og omsetting av landbrukseigedomar gjennom strengare praktisering av bu og driveplikta.

  • Betre rekrutteringa til landbruket gjennom auka fokus på næringa i kommunen, betre dialogen mellom produsent og forbrukar, synleggjere moglegheitene og stimulere til auka verdiskaping.

  • Opne for unge, særskilt for kvinner i landbruket ved å legge til rette for kombinasjonsdrift og etablering av tilleggsnæringar.

  • Sikre lokal matproduksjon gjennom å sikre vil-

    page028img001.jpg

    Figur 1. Landbruksplan for Tromsø: Temakart. (Kartgrunnlag: Statens kartverk)

    kåra for eksisterande produksjon (mjølk og kjøtt) og stimulere til auka produksjon av potet, grøn- saker, bær og økologiske produkt samt legge til rette for auka verdiskaping gjennom foredling og ditribusjon.

    • Stimulere til auka næringsverksemd i skog og utmark og legge til rette for fleirbruk av utmarka.

    Til desse strategiane blei det utforma over 30 konkrete tiltak, som spenner frå revidering av areal- planar til samarbeidsprosjekt mellom skule og landbruk. Utarbeidinga av konkrete tiltak utgjorde ei mykje større utfordring enn utarbeiding av hovudstrategiar. Her strakk ikkje den forskingsbaserte kunnskapen til. Eg hadde få løysingar å tilby. Det skulle vise seg at også dei involverte partane hadde vanskar med å vere konkrete, også for dei var det lettare å identifisere problem enn løysingar. Det måtte mange rundar med gruppearbeid og plenumsdiskusjonar med representantar for næringa, utviklings- og grunneigarlag, landbruksforvaltinga, administrativ og politisk leiing i kommunen før tiltaka var på plass. Dette sam-

    spelet var viktig, då representantar for næringa sine kunnskapsmodellar representerer nokre løysingar der aktørar i forvaltinga sitt utan svar. Og omvendt. Prosessen fekk og opp mange viktige diskusjonar og interesseavklaringar.

    Utfordring; plan som formidling og forvalting

    Sidan eit av dei viktigaste aspekta ved planarbeidet var å oppnå auka forståing for landbruket i kommunen, blei formidling ein sentral del av planarbeidet. Gjennom planen skulle ein sette landbruket på dagsorden i bykommunen Tromsø. Frå næringa blei det uttrykt klåre ønskjer om ein plan som på ein tilgjengeleg måte formidlar kva næringa står for og slit med, for dermed å legge grunnlag for auka forståing og større engasjement for landbruket i kommunen. Samstundes var det uttrykt eit tydeleg behov for eit betre verkty for forvaltinga. Å skulle imøtekome begge desse forventingane var ei stor utfordring. Kommunale plandokument er ikkje kjend for å vere tilgjengelege og engasjerande. Og tilgjengelege og engasjerande skildringar er gjerne ikkje gode forvaltingsverkty.

    I arbeidet med landbruksplanen valte vi fleire strategiar for å møte denne utfordringa. Den første var å gjere planprosessen så omfattande og inkluderande som mogleg. Eit kommunalt plandokument er ikkje åleine nok til å reise alle dei viktige diskusjonane om landbruket i ein kommune. Men gjennom å legge fram arbeidet undervegs for ulike grupper, så som utviklingslag, grunneigarlag, næringsorganisasjonar og politikarar, fikk vi reist mange diskusjonar ved å gå direkte i dialog med ulikt posisjonerte aktørar. Konfliktar kom opp til overflata, og det blei mogleg å ta tak i dei. Vi valde også å køyre ein svært offensiv planprosess. Vi la ut dokument kontinuerleg på nett, og informerte gjennom avisar, tv og radio. Det høge talet på merknader til planen viser at vi gjennom denne offensiven greidde å engasjere kommunens befolkning.

    Når det gjeld sjølve plandokumentet, valde vi å kombinere ulike former i presentasjonen. Generelle skildringar av tilstand, mål og utfordringar for landbruket blei kombinert med konkrete strategiar og tiltak. På den måten ville vi sikre at fine ord blir omsett i praksis, og gi forvaltinga eit handgripeleg verkty. Når det gjeld forvalting av areal og omsyn til busetting, er det eit område prega av mykje skjønn. For å legge grunnlag for ei betre forvalting her, valde vi å gi svært presise områdevise skildringar av kommunen. Kvart grunneigarlagsområde i kommunen er skildra med omsyn til aktivitet i jord og skogbruk, ressursgrunnlag, kulturlandskap og utmarksforvalting. Eventuelle interessemotsetnader for kvart område er trekt fram, og det er føreslått vidare utvikling kva gjeld arealbehov for

    Perler på snor

    Sovande, Sovande står husa. Ein gong låg dei som blin- kande perler langsetter bygdevegen, Som eit halssmykke på ei vakker kvinne. Som ein nerve mellom naboar. Som invitasjonar til ein kopp kaffi.

    No har ingen lenger ærend innafor veggane. Men- neska som budde her finn mat og husrom andre stader. Andre stader. Ikkje her. Her går ingen lenger innom. Berre av og til forbi.

    Vinden leikar i solslitte gardiner. Trappa er mosekledd og mjuk. Ventar på nakne føter.

    I den skjøre blå timen mellom mørke og lys vaknar eit og anna vindauge.

    Som på trass.

    (Tekst: Kjersti Kolbotn) landbruket og omsyn til busetting og fritidshus. Konklusjonane i dei områdevise vurderingane blei nedfelt i eit temakart (sjå figur 1). Dette gav også godt grunnlag for å få fram interessekonfliktar, då kartet utløyste eit stort engasjement og høgrøsta diskusjonar blant kommunens befolkning.

    page030img001.jpg

    (Tegning: Leidulf Olsrud)

    Dette verka likevel ikkje tilfredsstillande for å oppnå forståing for problemstillingane rundt mellom anna sterk utbygging i bynære område eller betydninga av bu og driveplikt. Å snakke om dei «driftsmessige ulemper» ved at gardsbruk og matjord byggast inne er neppe ei skildring som aukar forståinga og manar fram engasjement for bynært landbruk hos folkevalde og andre. Løysinga blei å kombinere plantekst med skjønnlitterære tekstar. Ein innleidd «poet» laga kortprosatekstar på oppdrag som illustrerte problematikken med mellom anna innbygde gardbrukarar og fritak frå bu og driveplikta. Desse tekstane blei nytta som illustrasjon til problematikken diskutert i planen, og appellerte på ein heilt anna måte enn planteksten til kjenslene til lesaren. I diskusjonar omkring planen i ettertid er det påfallande kor ofte desse tekstane blir trekt fram. Dei synest å ha rørt ved noko hos lesarane, det er desse tekstane lesarane hugsar og refererer til.

    Gjennom ein brei, offensiv planprosess og ein plan som kombinerer ulike formidlingsformer meiner vi å ha vore med på å sette landbruk på dagsorden i kommunen og skape eit grunnlag for betre dialog mellom brukarar, forvalting og politikarar, og dermed grunnlag for ei meir langsiktig og berekraftig forvalting.

    Sektor og heilskap; kjelder til konflikt

    Arealforvalting og busetting vedkjem langt fleire enn aktørar direkte tilknytt landbruket, og er ofte kjelde til konflikt. Ein landbruksplan rører ved mange og dels motstridande interesser. No er ein landbruksplan ein sektorplan, og skal såleis ta utgangspunkt i landbruksnæringa sine verdiar, potensiale og behov. Samstundes skal sektorplanar forankrast i overordna planar, i vårt tilfelle kommuneplan for Tromsø, og andre kommunale planar. Det inneber at ein prøver å sjå næringa i eit heilskapleg perspektiv. Her var organiseringa i Tromsø kommune til stor hjelp, då landbruksetaten er ein del av Plan og næring, som også har ansvar for overordna kommuneplanlegging, næringsutvikling, miljøarbeid og distriktsrådgjeving. Vi valde å nærme oss problemstillinga sektor - heilskap gjennom å framheve felles mål og avklare interessekonfliktar.

    Det inneber til dømes fokus på at landbruksinteresser og byfolks behov for rekreasjon burde vere samanfallande, då landbruket er naudsynt for å halde kulturlandskapet i hevd. Samstundes var det viktig å få fram at det mange stader har oppstått konflikt mellom fritidsinteresser og landbruk, mellom anna på grunn av problem med laushundar som går til åtak på beitedyr. På same måte såg vi det som viktig å fokusere på at byvekst og bynært landbruk burde kunne spele på lag. Behov for nye boligar kan møtast gjennom auka fortetting i byen, og landbruk og utbygging treng ikkje konkurrere om plass. Byvekst fører også til auka etterspurnad etter lokal kvalitetsmat og grøne opplevingar.

    Samstundes er det sterke konfliktar rundt forvalting av dei bynære areala, og desse må løftast fram heller enn å gøymast bort. For oss var det eit mål å gjere konflikten, og dei konsekvensane han har, kjent, og så tvinge fram avgjerder om kor det i framtida skal vere landbruk i Tromsø kommune. Og vidare å gjere desse vedtaka avgjerande for framtidig byplanlegging og arealforvalting. Som sektorplan er ikkje ein landbruksplan juridisk bindande, og måloppnåing her krev derfor ekstra mykje av planprosessen. Det held ikkje at planen blir vedtatt, om ein ikkje har greidd å skape forståing for kva vedtaket impliserer, og dermed sikre at sektorplanen blir lagt til grunn når bindande vedtak skal fattast.

    Ei anna viktig utfordring i planarbeidet låg i det

    å fokusere på moglegheitene for landbruket, samstundes som ein viser problema utøvarane strir med. Historia om landbruket i Tromsø, er som historia om landbruket i dei fleste andre norske kommunar ei historie om jamn nedgang i talet på driftseiningar, dårleg lønnsemd og låg rekruttering. Men det er også ei historie om uutnytta ressursar både i jordbruk, skogbruk og utmark, og ein voksande marknad for lokale kvalitetsprodukt.

    Gjennom i mange år å ha forska på ulike kreative gardstilpassingar, ikkje minst i Frankrike, ønska eg å fokusere på moglegheitene i nye produksjonar og distribusjonsformer. Men gjennom fleire år med komparativ forsking på fransk og norsk landbruk, var eg også klar over det problematiske med ei slik tilnærming. Mange norske gardbrukarar opplev den sterke satsinga på nisjeprodukt og økologiske produkt som ei nedvurdering og jamvel ein trussel mot deira drift. I landbruksmiljøet kan det derfor vere vanskeleg å få aksept for å satse på nye og alternative produksjonar. For å jobbe fram strategiar som inkluderer både problem og potensiale, er det derfor viktig å ikkje sette ulike produksjonsformer opp mot kvarandre. Mjølk og kjøttproduksjon distribuert gjennom samvirke vil også i framtida vere berebjelken i Tromsø-landbruket. Men det er ikkje her vekstpotensialet ligg. I planarbeidet greidde vi å einast om strategiar som både omfattar sikring av eksisterande produksjon og satsing på nye produkt og distribusjonsformer.

    Når forskaren blir premissleverandør

    Denne tilsynelatande solskinshistoria om korleis forskingsbasert kunnskap kan gjerast relevant, har sjølvsagt sine dilemma. Som nemnt har det i planprosessen pågått ein kamp mellom ulike aktørar sine kunnskapsmodellar. Når forskaren blir premissleverandør, skal ho også sjølv handtere ulike roller med tilhøyrande kunnskapsmodellar. Å gå frå studie av gardbrukarar sine kvardagsliv til utforming av vilkåra for landbruket, inneber eit dramatisk skifte av posisjon. Det inneber eit skifte av status som meir eller mindre deltakande observatør i gardbrukarar sine liv til med- og delvis motspelar. Det inneber å bli ein del av byråkratiet, som for gardbrukarane, og ofte også for forskaren representerer dei Andre. Frå den nokså behagelege posisjonen kor eg kunne lytte til og delvis vidareføre gardbrukarane sin kritikk av forvaltinga, skulle eg representere dei kritiserte. Og eg skulle kome til å identifisere meg like mykje med byråkratane i den kommunale landbruksforvaltinga som med gardbrukarane.

    I akademia har mange funne det oppsiktsvekkande at eg har gått inn som premissleverandør i felten eg studerer. I forskinga blir ein åtvara mot å gå inn i ei advokatrolle ovanfor dei ein studerer. Ut frå eit ideal om objektiv kunnskap, bør forskaren unngå å gjere seg til politikar for sine informantar. Det inneber at ein mister den naudsynte avstanden for å «forplikte seg ovanfor sanninga» (Brox 1989). Men denne tradisjonen for å avgrense faglege rom frå politikken rundt overser at også forskarar lev i personlege og politiske relasjonar med menneske i verda (Altern og Holtedahl 1995). Om ein innser at forskaren alltid står i ein definert posisjon til den røynda ho studerer, blir kombinasjonen av roller som forskar og planleggar mindre problematisk. Eg vil argumentere for at forskarar bør kombinere roller som gir nærleik til fleire aktø- rar med ulik ståstad. I staden for å sjå den engasjerte forskaren som ein trussel mot analytisk evne, kan eit slikt utvida engasjement sikre større analytisk evne ved at det gir fleire utsynspunkt. Men det stiller sterke krav til situering av kunnskapen.

    Sjølv om handteringa av ulike roller kan vere strevsam, vil eg argumentere for at forskarar bør gå inn i slike hybride posisjonar, både med omsyn til planlegginga og forskinga. Eg vonar i denne artikkelen å ha vist at mine erfaringar som forskar var eit nyttig inntak for å gå inn i ein planprosess. Kunnskap om gardbrukarar sine liv er ein viktig føresetnad for god forvalting av landbruket, og forskarar har ofte heilt andre moglegheiter enn planleggarar og forvaltarar til å utvikle slik kunnskap. Forskarar pliktar derfor å bringe denne kunnskapen inn i planprosessar.

    Vidare meiner eg kunnskap planleggarar og forvaltarar sitt på, om kva omsyn som må vegast opp mot kvarandre i ulike styringsprosessar, er viktig for å utvikle god kunnskap om til dømes utviklinga i landbruket. Gjennom sjølv å gå inn i ein slik posisjon, møter ein som forskar også andre aktørar på nye måtar, og får fram andre aspekt ved deira liv enn ein får gjennom deltakande observasjon i deira daglegliv. Konklusjonen må derfor bli at forskarar og planleggarar i langt større grad bør gå inn i kvarandre sine kunnskapsdomene. Både kunnskap og planar bør utviklast i samarbeid med ulikt posisjonerte aktørar. Mange utsynspunkt gir best resultat.

    Referansar:

    Altern, Inger og Holtedahl, Lisbet 1995: «Kunnskap om oss og andre» i Norsk antropologisk tidsskrift 1/1995.

    Barth, Fredrik 1992: «Objectives and modalities in the North-South university Collaboration» i Forum for Development Studies no 1: 1992.

    Brox, Ottar 1989: Praktisk samfunnsvitenskap. Universitetsforlaget.

    Lønning, Dag Jørund 2000: Gøy på landet? Landbruk i ei postmoderne tid. Det norske samlaget.

    Nilsen, Ragnar 2001: Evaluering «Kombinasjonsnæringar langs en fjord». Første delrapport.

    Aarsæther, Nils 1992: «Planlegging som handlingstype» i Aarsæther (red.): Sam- funnsplanlegging. Kommuneforlaget.