Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

3 Innovasjon – og immateriell kapital

Jan Inge Sørbø er professor i nordisk litteraturvitskap, tilsett ved institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Underviser i etikk og vitskapsteori. Bøker om mellom anna Arnold Eidslott, Ronald Fangen, Alfred Hauge, Hans Skjervheim, Alexander Kielland, Olav Aukrust og Arne Garborg. Oppteken av forholdet mellom litterært og diagnostisk/ klientifiserande språk.
SammendragEngelsk sammendrag

Samandrag

Kapittelet prøver å analysera to begrep: innovasjon og immateriell kapital, og viser korleis det første har ei lang historie, det andre er nyare. Det karakteristiske for utviklinga til eit begrep som får suksess, er at det går frå ei smal, relativt avgrensa meining til eit større tydingspotensial. Begge omgrepa står i fare for å missa det særeigne ved det dei vil uttrykkja, nemleg at det finst noko nytt, unikt, uforutseieleg i menneskeleg handling, og dette misser ein dersom ein prøver å omskape det til teknikk.

Abstract

This chapter tries to analyze two concepts: Innovation and immaterial capital, showing that the first has a long history, the other is newer. Concepts that succeed, have a tendency to develop from one concise meaning to a manifold of associations. Both concepts tend to lose their original and specific meaning, which is that there is something new and unpredictable in human action. And when the unpredictability is lost of sight, action is often turned into technique.

Keywords: innovasjon,immateriell kapital,handlingsteori,positivismekritikk

Innleiing

Dette innlegget vil nærma seg årets ord – innovasjon – og neste års ord – immateriell kapital – frå ein humanistisk synsvinkel. Desse begrepa blir vel primært brukt i samfunnsvitskapane, og mitt skråblikk kjem ein stad frå mellomrommet mellom litteraturvitskap og filosofi, der eg har levd og levd bra dei siste åra.

Mange vil sikkert ynskja eit slikt blikk velkommen – andre vil kanskje sukka: Og no, når me hadde det så kjekt! Det får stå til. Det første eg vil seia om desse orda, er noko ein kan seia om dei fleste ord: At dei har historie og livsløp. Ord er som folk; dei fødest og er lenge ukjende og anonyme, somme blir aldri noko anna, somme lever anonymt og stillferdig, men er like uunnverlege som godt skotøy eller regnklede om vinteren: Ver så god, takk skal du ha, lykke til og god reise. Uunnverlege ord, ord som skulle fått kongens fortenestemedalje fordi dei lettar kvardagen og skaper varme og tillit.

Så har vi kjendisorda, dei som gjer karriere. Som ingen har høyrt om, men som brått ligg på alles lepper: Kvalitetssikring. Ansvar for eiga læring. Meistringsfølelse. Klynger. Robuste løysingar. Slike kjendisord har markert historie. Dei kan leva ei tid i det stille, så vinn dei Grand prix og Idol, og blir brukt i kongens nyttårstale og på alle valmøte. Men så blir dei brått gamle og døyr, eller trekkjer seg stille tilbake til sin fødestad, og døyr med dei kjære omkring seg, i ei ordsamling eller på eit bibliotek. Dei blir aparte, for å bruka eit dødt kjendisord frå romanlitteraturen på 1940-talet.

Frå Schumpeter til nyliberalismen

Dei to orda eg skal snakka om her, er sannsynlegvis i kvar sin ende av livsløpet. Innovasjon er sjølvsagt eit eldgammalt ord, som kanskje kan illustrerast med opphavet til alle ting, som Michelangelo sine skildringar i maleriet om skapinga. Leonardo da Vinci var innovatør, og vi kunne finna innovative folk i alle slags fag og yrke. Det vart eit kjerneord hos økonomen Joseph Schumpeter (1983), som brukte det til å fanga skilnaden på den aktøren som lukkast og den aktøren som mislukkast, trass i at dei har same tilgang på ressursar og like rammer. Det er innovasjonsevne som skil dei: Den innovative får meir ut av dei same ressursane, for å seia det enkelt.

Med dette blei innovasjon eit fag-ord, eit ord med første-kompetanse. Då var det duka for ei vidare karriere, og den går jo ofte i sprang. Eit viktig sprang var då ein flytta ordet over i forvaltninga, og kalla det innovasjon i offentleg sektor.1 Når det skjedde, veit nok de betre enn meg, men det er i alle fall sikkert at dette på eit tidspunkt vart eit viktig begrep, og det har prega planmiljøa også her hos oss. Bak det kan ein kanskje sjå ein generell tendens, nemleg å leita etter modellar i privat sektor for å fornya eller modernisera offentleg sektor, altså det ein med eit anna karriereord kan kalla nyliberalismen. Dette er eit stort tema i seg sjølv; for ein humanist kan det sjå paradoksalt ut at ein vil forenkla offentleg sektor med modellar frå privat sektor, i ei tid då dei to i praksis er nokså vanskelege å skilja frå kvarandre. Målet om forenkling har ein heller ikkje nådd, kanskje fordi føresetnadane – klart skilde sektorar og ein gjennomsiktig privatsektor – ikkje var til stades.

La no det vera som det vil. Eg er oppteken av livsløpet til eit begrep, og då innovasjon flytta plass frå den private konkurranseøkonomien til offentleg sektor, stod det ved byrjinga av ein enorm suksess, som denne konferansen er eit resultat av. Kanskje ein av dei siste suksessane til dette ordet? I alle fall vart innovasjonsordet ein del av offentleg forvalting, med opprettinga av Innovasjon Norge som statleg organ, med store økonomiske overføringar til dei som oppfyller innovasjonskriteria, osv. No er innovasjonsordet kome på statsrådnivå, det er blitt objekt for diskursanalyser, og det høyrer til dei mektige diskursane, for det er så direkte kopla til pengar og makt – til departementa og finansane.

Men frå Kingo har eg lært skepsis til verdsleg suksess. I salmen «Ked af Verden, og kier ad Himlen», betre kjend som «Far Verden, farvel», skriv han slik:

Hvad er det dog alt
Som Verden opsminker med fauer Gestalt?
Det er jo kun Skygger og skinnende Glar,
Det er jo kun Bobler og skrattende Kar,
Det er jo kun Ise-skrog, Skarn og Fortred,
Forfængelighed, Forfængelighed (Stegane, Vinje og Aarseth, 1998)


Det eg vil seia: Når eit ord eller begrep får for stor suksess, så går det mot sin slutt. Nettopp det innovative, det nye og perspektivutvidande, blir slite ned. I tillegg blir det presise i ordet borte. Hos Schumpeter peika det på ei spesiell faktor i ein bestemt økonomisk setting. I sin alderdom er det nesten vanskeleg å finna noko ordet ikkje betyr eller kan brukast til. Men etter kvart som bruken tiltar, går det nettopp utover det nye. Det blir laga Håndbok i medarbeiderdrevet innovasjon (regjeringen, 2011) – medarbeiderstyring er også eit ord som er prega av aldring og forfall, og som sikkert vil ri inn i solnedgangen saman med innovasjon. Ein av grunnane til det er at det etter kvart koplar seg laus både frå medarbeidarar og styring, og blir eit munnhell. Ein kan gjera seg same bekymring med ord som empowerment eller kommunikativ. Dei blir fjører i hatten, men misser kontakt med det tankegrunnlaget dei i si tid lanserte.

Opposisjon mot teknikk

Håndboka i medarbeiderdrevet innovasjon, som er eit offisielt dokument på regjeringen.no sine sider, åtvarar mot å sjå på innovasjon som eit verktøy eller ei fast oppskrift, fordi faste oppskrifter naturlegvis er vanskeleg å kombinera med innovasjon. Men neste del av handboka har nettopp overskrifta «Verktøy». Det er skjebnen som bankar på døra: Tida for innovasjonsbegrepet kan vera kort. Ordet har hatt eit rikt og spennande liv; vi må førebu nekrologane.

Kvifor var det så vellukka?

Det er nokre interessante trekk ved innovasjonsbegrepet. Det dukkar opp i ein vitskap som midt på 1900-talet hadde store ambisjonar, nemleg økonomifaget. Slagstad brukar uttrykket å «løfte spørsmål ut av politikken» i sin omtale av Ragnar Frisch, ein gründer i sosialøkonomien (Slagstad, 1998). Økonomifaget ville gjera delar av dei politiske avgjerdene overflødige. Det finst vitskaplege svar på spørsmåla. Nobelprisvinnar Haavelmo sa det på sin måte: Ein diskuterer ikkje med eit brutto nasjonalbudsjett. Det var mogeleg å rekna seg ut av politikken.

Det interessante med innovasjonsbegrepet er at det rommar ein opposisjon mot dette. Drifta i samfunnsvitskapane mot å finna sosiale og økonomiske lover blir motsagt i det uforutseielege i innovasjonsbegrepet. Det representerer «den menneskelige faktor»; det som nettopp ikkje kan fangast opp av dei parametra som måler materielle føresetnader. Det er jo der desse forholda er like, at innovasjonen blir det som gjer utslaget. På den måten blir det upredikerbare synleg.

Om Schumpeter reflekterte over det eller ikkje – så repeterer han på sett og vis positivismestridens hovudpoeng med dette begrepet. Då Dilthey forsøkte å skapa ei ny plattform for humanvitskapane, eller vitskapane om mennesket på slutten av 1800-talet, med sitt skilje mellom å forstå og forklare, var det nettopp fordi han oppfatta eit skilje mellom det som kan forklarast gjennom lovmessigheiter, og det som kan forståast som gjennomtenkte handlingar (Dilthey 1883/1957). Det siste inneheld – som innovasjon – eit element av det uforutseielege, også den teoretiske muligheit for at ein faktisk handlar i strid med sine eigne interesser. Menneskelege handlingar og ytringar er forståelege, men ikkje forutseielege, anna enn i grove statistiske mønster. Ein må ikkje lukka muligheiten for det uventa lykketreffet, heller ikkje for den katastrofen ingen såg koma.

Vitskap og fru Fortuna

Dette skiljet frå Dilthey (1883) blei gjentatt, repetert og variert gjennom heile 1900-talet. Og med fare for å begå «namedropping»: Eg finn spor av dette i Heideggers kritikk av teknologien, i Martin Bubers skilje mellom relasjonar til Det og til Du, i Habermas sitt skilje mellom tekniske og kommunikative handlingar, i Horkheimer og Adornos kritikk av objektivering og tingleggjering – og hos vår eigen Hans Skjervheim i kritikken av det instrumentalistiske mistaket (Kvarv, 2010).

Menneskeleg verksemd er i sin kjerne eit forhold mellom fleire subjekt, og kan difor ikkje forståast som repetisjonar av ubrytelege lover. Av same grunn kan heller ikkje vitskapane om mennesket, sosiologi og økonomi inkludert, koma med sikre forutseiingar av handlingsalternativ.

Og for å droppa fleire namn: Dei moderne filosofane forsynte seg gjerne av eldre filosofi; med Kants autonomibegrep at ingen skal behandla andre som eit middel, og Aristoteles sitt skilje mellom sosiale og tekniske handlingar. Det kan stundom verka som om heile filosofifaget bygde ein stor mur mot alle forsøk på å gjera menneskevitskapane til enkle teknikkar for korleis ein når sine mål.

Men mange ville forsera muren, og i tradisjonen frå Dale Carnegie og hans klassikar How to win friends and influence people (1936) – naturlegvis for å tena pengar på det – vaks det fram ein skog av handbøker i tekniske handlingar mot menneske. Korleis få andre til å gjera som eg vil? Slik at eg tener og dei er fornøgde likevel? Pedagogane etterspurte slikt, og psykologane og medisinarane meinte dei fann dei vises stein, den heitte ritalin, og skulle ifylgje dei mest optimistiske kunna redusera talet på kriminelle med opp mot 80 prosent.

Denne voldsomme drifta mot teknikkar og oppskrifter har også innhenta innovasjonsbegrepet, når det blir laga handbøker av det. Innovasjon er det prinsipielt uforutseielege, og her lagar ein bøker om korleis ein skal produsera det i stor skala, og ein lagar byråkratiske system som betaler for det som skal vera innovativt. Men då må ein ha kriterium, og kriteria er alltid utvunne av det kjente, og forutseielege, og treff dermed aldri det uforutseielege – om det ikkje skjer ved reine uhell.

Og her kan eg kanskje føra inn ein annan figur – han Tyche.

Tyché er den greske gudinna for slumpen eller tilfellet, visstnok den som fann opp terningsspelet, ifylgje mytologien. Den nordnorske «han Tykje» – er vel ein slags lokal variant, i negativ, eit namn på djevelen.

Det latinske motsvaret er fru Fortuna, gudinna for hell og uhell.

Er eg no i ferd med å skli ut, frå vitskapsteoriens namn og til gudinna for lotto og poker? Kanskje ikkje. Det vitskapsteorien, i den tradisjonen eg har omtala, prøver å peika på, er jo vitskapens grenser: grensene for kor sikker kunnskap, og dermed kor sikre prognoser ein faktisk kan ha. Ein trur at Fortuna kan avskaffast, og Tyche likeså. Men så gjer ein spektakulære feil, som den statistikaren som spådde at Paris ville bli fråflytta. Han hadde nemleg målt auken i mengda på hestelort i gatene, og auken var så stor at ein om nokre tiår måtte sjå føre seg hesteskit i eit lag på mellom ein halv og ein meter i gatene, og då ville byen vera ubebueleg.

Men så kom han Tyche med eksplosjonsmotoren, bilen og metroen, og så gjekk det heilt annleis.

Aristoteles og det usikre

Aristoteles skilde mellom det som er sikkert og forutseieleg, og som ligg til naturlovene, og det som er ope og uforutseieleg, og som høyrer til det sosiale og politiske. Han seier at «hellet fylgjer den kloke». Den einaste måten å bu seg på det uforutseielege på er å utdanna og danna kloke menneske, øvde i klassiske dygder, som kan handtera ulike situasjonar (Brunstad, 2009).

Historia til innovasjonsbegrepet kan summerast slik: Det startar som ei insistering på kloke menneske, kreative innovatørar, og endar med ei handbok i departementet, som gir metoden for innovasjon, men som då fort erstattar innovasjon med repetisjon, og det einaste innovasjonsprogramma ikkje greier, er å tenkja ut noko nytt og uventa.

Innovasjonsbegrepet har kanskje hatt si tid. Det er vel eit teikn i tida at Innovasjon Norge nedbemannar sterkt. Men dei seier ikkje opp folk, dei fortel at dei enno ikkje er blitt «innpassa».

Det er innovativ språkbruk, for å sleppa å bruka oppseiingsordet.

Immateriell kapital er eit mykje yngre begrep, så ungt at det er vanskeleg å finna stoff om det. Det er framleis bunde til ei svært konkret og begrensa tyding: korleis ein skal verdi-setja dei ikkje-materielle verdiane i eit selskap, i forhold til verdien av aksjane eller i forhold til skatt. Ein kan difor finna offisielle definisjonar av dette i skatteetaten.

Men dette begrepet, som altså er ein stad mellom dåp og konfirmasjon i livsløpet, er i ferd med å utvida sitt bruksområde. Då knyter det seg til eit par andre begrep, som også har si livshistorie.

Det eine begrepet er human resources, som jo er eit svært felt, nesten som innovasjon. Det finst eigne nettstader og eigne studier i HR-management, ei rekkje høgskular tilbyr undervisning i emnet, og BI lovar at «Du får oversikt over de viktigste ideer og praktiske teknikker innenfor menneskelig ressursforvaltning» (BI Handelshøyskolen 2015).

Den gamle tittelen «personalsjef», prega av forvaltningsperspektiv og tilsette sine rettigheiter, blir mange stader bytta ut med HR-ledelse eller HR-direktør. Dette handlar då om korleis ein skal få brukt dei menneskelege ressursane på ein optimal måte; noko som inneber meir enn at personalet får sine feriar, pensjonsrettar, og alt anna som ligg i lovverket for arbeidslivet. Ein må fungera slik at dei kunnskapane og ferdigheitene folk har, blir maksimalt utfalda – utan at det kjennest som utidig press om produksjon.

Kapital og kapital

Kapitalbegrepet har ei mangfaldig historie, og ein skal ikkje springa over gamle Marx, som skreiv hovudverket. Den ortodokse marxismen og dei regima som tok den i bruk, har blokkert for at dette også er ein intellektuell tradisjon, og den lever vidare i mange ulike retningar. Pikettys Kapitalen i det 21. århundre er eit av dei nyare bidraga her (Piketty, 2014). Men det viktigaste namnet for oss er truleg Pierre Bourdieu, som også er ein av dei som er truga av sin eigen suksess. Hans differensiering av kapitalbegrepet i økonomisk, kulturell og sosial kapital er framleis gode reiskapar og blir stadig brukt. Eg har sjølv nettopp samanlikna Garborgs Bondestudentar med Distinksjonen; begge handlar om «klassereiser», det å endra sosial posisjon utan å få med seg kropp og smak heilt på det (Bourdieu, 1995, Sørbø 2015).

Også andre har brukt begrepet sosial kapital, ein av dei er Robert Putnam (2000), som analyserer dei ulike slaga relasjonar: bonding, brigding og linking. Sjølv om Bourdieu står i eit meir eintydig forhold til den marxistiske tradisjonen, og Putnam har sterkare band til amerikansk samfunnsliv, deler dei ei bekymring for at skilnadane i samfunnet skal bli for store. Putnams utgangspunkt er at ei god verksemd må sørgja for å ha god sosial kapital; internt og eksternt. Då står dei sterkare i konkurransen, men han blir også uroa over den ujamne fordelinga i samfunnet.

Tenkjer ein immateriell kapital i forlenginga av dette, så dreier det seg om langt meir enn oppfinningar, patentar, etc. som har verdi på aksjemarknaden. Det dreier seg om føresetnader for å lukkast med det ein held på med. Og desse føresetnadane er – som innovasjon hos Schumpeter – noko ein ikkje kan kartleggja i dei reint materielle føresetnadene. Det handlar om både sosiale nettverk, om intellektuelle ressursar, om gode relasjonar mellom medarbeidarar, om høg arbeidsmoral – t.d. den klassiske kombinasjonen av kapitalisme og protestantisme, som vi kjenner frå Jæren og Sunnmøre – osv. Immateriell kapital vil også omfatta mykje av det Bourdieu legg i kulturell kapital.

Habermas freistar å fanga inn noko av det immaterielle i livsverdensbegrepet – som forresten ikkje er så enkelt å få taket på.

Men kanskje vi likevel kan bruka det til noko.

Dersom immateriell kapital faktisk blir eit viktig begrep framover, så er det ikkje urimeleg å tru at det kjem i same freistingar i ungdommen, som andre har vore utsette for. I utgangspunktet blir det konstruert for å fanga opp noko anna enn det reint materielle og økonomiske. Det er ein dimensjon her som ikkje blir fanga opp av bankkontoar og bygningar. Men alt i skattevesenet sin bruk av ordet, blir det forsøkt oversett til materialitet, dvs. til pengar. Det andre som kan bli borte frå begrepet, er det uforutseielege og ustyrlege. Han Tykje blir borte. Habermas seier det på sin måte: Systemet, som arbeider gjennom makt (byråkrati) og pengar, freistar å kolonisera livsverda. Altså å oversetja alt til makt og pengar. Men drivhjula i verda ligg alltid utanfor dette. Dvs. makt – forvaltning, stat – og kapital er heilt avhengig av at det finst noko utanfor dei sjølv: spontanitet, verdiar, normer, kreativitet, sivilt samfunn – osv. – som ikkje kan førast fullt og heilt tilbake til makt og økonomi. Dersom heile livsverda blir erobra av kapital og makt, vil kapitalen og makta sjølv gå til grunne. Livsverda, dei immaterielle verdiane, er avhengig av ei trygg makt – staten – og økonomi, marknaden – men er sjølv noko anna enn dette. Blir livsverda heilt gjennomtrengt av økonomi og makt, kan ingen leva der (Habermas, 1981). Då går også moralen under, og utan moral kan heller ikkje økonomien fungera. Ein står mellom anarki og total kontroll.

Sagt heilt enkelt: Dei immaterielle verdiane i eit samfunn er sjølvsagt avhengige av eit minimum av økonomisk kapital, elles blir dei borte. Men økonomien er også heilt avhengig av immaterielle verdiar som normer, tillit, lovverk – elles vil den forfalla til rein mafiaverksemd. (Som forresten er sterkt normstyrt på sin måte.)

I den vidare utviklinga av begrepet immateriell kapital må ein difor ta lærdom av det som så ofte har skjedd før: at det særskilde som begrepet skulle sikra, ikkje blir innhenta av tekniske forståingar eller enkle nyttemotiv, men at ein tek vare på det i begrepet som er noko anna enn kapital og materialitet. Det er noko som lever i det sosiale, i livsverda, og som alltid har det uforutseielege og ustyrlege ved seg. Han Tykje, med andre ord.

Utan han Tykje – Tyché skulle eg sagt – går det ikkje.

Og skal vi leva med han, så må vi utvikla klokskapen, det vil seia sosial kunnskap, evne til å handtera uventa situasjonar, det Aristoteles kallar dygder: mot, sjølvtukt, visdom og rettferd. Immaterielle verdiar.

For hellet fylgjer den kloke.

Men dei sosiale teknikarane blir alltid, og utan unntak, fangar av sin eigen teknikk.

Litteratur

BI Handelshøyskolen: Hjemmeside. https://www.bi.no/kurs-og-programmer/human-resource-management1/forside/.

Bourdieu, P. (1995). Distinksjonen: En sosiologisk kritikk av dømmekraften. Oslo: Pax.

Brunstad, P.O. (2009). Klokt lederskap Mellom dyder og dødssynder. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Dilthey, W. (1883/1957). Einleitung in die Geisteswissenschaften. I Gesammelte Schriften, bd. I. Stuttgart: Teubner.

Habermas, J. (1981). Theorie des Kommunikativen Handelns. Frankfurt am Main: Suhrkamp Verlag.

Kvarv, S. (2010). Vitenskapsteori – tradisjoner, posisjoner og diskusjoner. Oslo: Novus.

Piketty, T. (2014). Kapitalen i det 21. århundre. Oslo: Cappelen Damm.

Putnam, R. (2000). Bowling Alone: The Collapse and Revival of American Community. New York: Simon and Schuster.

Regjeringen.no: Håndbok i medarbeiderdrevet innovasjon. 24.12. 2011. Nettadresse: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/handbok-i-medarbeiderdrevet-innovasjon/id666818/.

Schumpeter, J. (1983) [1934]. The theory of economic development: an inquiry into profits, capital, credit, interest, and the business cycle. New Brunswick, N.J.: Transaction Books.

Slagstad, R. (1998). De nasjonale strateger. Oslo: Pax.

Stegane, I., Vinje, E. og Aarseth, A. (1998). Frå Kingos salme «Ked af Verden, og kier ad Himmelen», mest kjent som «Far verden, far vel». I Norske tekster. Lyrikk. Oslo: Cappelen.

Sørbø, J.I. (2015). Arne Garborg – frå bleike myr til alveland. Oslo: Samlaget.
1Uttrykket «innovasjon i offentleg sektor» er brukt i ei heil rekkje bøker, studiar og rapportar frå forskingsmiljø og frå offentlege institusjonar, så som Statistisk sentralbyrå, og det er eit studieemne mange stader. Det gir over 100 treff i Oria.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon