Fjordantologien 2016 er ein av to antologiar frå Fjordkonferansen 2015. Hovudføremålet med Fjordkonferansen er fagleg utvikling, og mottoet er «Av fagfolk, for fagfolk». Fjordkonferansen skal bidra til publisering av vitskaplege artiklar frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal («Fjordregionen»). Målet er å auke kompetansen hos fagpersonar, og dermed også kompetansen i regionen. Konferansen er ein samlingsstad for utveksling av kunnskap, erfaringar og nettverksbygging mellom fagmiljøa i regionen.

Fjordkonferansen 2015 var arrangert ved Hotell Alexandra i Loen 19. og 20. juni 2015, med i alt 92 deltakarar. Dette var den tredje Fjordkonferansen sidan starten i 2013. Temaet for konferansen var «Innovasjon», med følgjande innleiarar: professor Håvard Teigen, Høgskolen i Lillehammer, om «Innovasjon og samfunnsutvikling», fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, Sogn og Fjordane fylkeskommune, om «Innovasjonsutfordringar på Nordvestlandet», og professor Jan Inge Sørbø, Høgskulen i Volda, om «Refleksjonar om innovasjon og immateriell kapital». «Immateriell kapital» er temaet for Fjordkonferansen i 2016.

I alt 58 paper vart presenterte på Fjordkonferansen 2015. Dette ga grunnlag for to antologiar. Den første av dei to antologiane blir omtalt som Fjordantologien 2015, medan den du no held i handa, er Fjordantologien 2016.

Fjordantologien 2016 inneheld 13 kapittel. Innleiingsvis blir det gitt ein kort omtale av kvart kapittel. Kapitla kan ha ei teoretisk innretning, men også vere dokumentasjon og analyse av utviklingsarbeid. Alle kapitla er fagfellevurderte.

Utan finansiell stønad kunne Fjordkonferansen og Fjordantologien ikkje ha blitt realisert. Følgjande bidragsytarar har gjort arbeidet mogeleg: Sparebanken Møre (hovudsamarbeidspart), Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og dei fire institusjonane som tilbyr høgare utdanning i «Fjordregionen», dvs. Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og NTNU. Vi takkar alle for bidraga. Vi nyttar også høvet til å takke dei friviljuge opponentane og fagfellane, som har lagt ned eit svært omfattande arbeid for å sikre kvaliteten på dei ulike kapitla. Tusen, tusen takk til desse. Sist, men ikkje minst, takk til Gunnvor Bakke og Elisabeth Busengdal for god hjelp med praktisk tilrettelegging og koordinering av arbeidet med antologien.

Volda, 25. april 2016