Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

9 Kva rolle spelar verdiar i samordning av det bustadsosiale arbeidet i kommunane?



Randi Bergem er dosent ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda, og har ei bistilling som forskar ved Møreforsking Volda. Siste åra har planlegging og organisering av bustadsosialt arbeid og ulike sider ved lokalt og regionalt folkehelsearbeid vore hovudtema i forskinga hennar.



Else Ragni Yttredal er forskar ved Møreforsking Volda. Yttredal har spesielt arbeidd med spørsmål knytt til organisering og samordning av offentlege tiltak innafor regional utvikling og bustadsosialt arbeid. I fjorårets fjordantologi bidrog Yttredal med artikkelen «Statleg styring og regional innovasjonspolitikk».



Susanne Moen Ouff har master i samfunnsplanlegging og leiing, og var i perioden 2007–2015 tilsett som forskar i Møreforsking. Ho arbeidde mest innafor områda bustadsosialt arbeid, folkehelse og kommunale planprosessar. Ho er no mellom anna tilsett som høgskulelektor ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag ved Høgskulen i Volda.

Samandrag

I dette kapittelet drøfter vi kva rolle verdiar spelar i samordning av bustadsosialt arbeid i kommunane. Vi viser at det er nødvendig å sjå nærare på samspelet mellom verdiar, kunnskap, formell struktur og handlingar for å forstå denne rolla. Konklusjonane gjeld det bustadsosiale feltet, men kapittelet er også meint å bidra til å løfte fram samanhengen mellom verdiar og samordning i offentlege organisasjonar generelt.

Abstract

In this chapter we discuss the role of values in coordination of social housing efforts in Norwegian municipalities. We show that it is necessary to examine the interplay between values, knowledge, formal structure and actions to understand this role. The conclusions apply for the field of social housing, but our aim is also to contribute to bring to light the relationship between values and coordination in public organisations in general.

Keywords: verdiar, samordning, kommunal organisering, bustadsosialt arbeid

Innleiing

Bustadsosialt arbeid er å hjelpe vanskelegstilte menneske med å skaffe ein bustad og oppretthalde ein god busituasjon. Det dreier seg om å tilføre materielle ressursar som bustad, bustøtte eller anna fysisk tilrettelegging, men mellommenneskelege relasjonar og oppfølging er også sentralt i bustadsosialt arbeid. Arbeidet er institusjonalisert blant anna gjennom Husbanken si verksemd, og kommunane har det operative ansvaret. Kommunane får ansvar for stadig fleire oppgåver og brukarar, og mange av brukarane har behov for bustadsosiale tenester. Det er difor ei utfordring at den kommunale organiseringa av bustadsosialt arbeid er fragmentert (Langsether, Sørvoll, og Hansen, 2008, Rambøll, 2010a, 2010b, Riksrevisjonen, 2008). Behov for samordning er ein naturleg konsekvens av fragmentering, spesialisering og arbeidsdeling i og mellom organisasjonar (Bouckaert, Peters, og Verhoest, 2010, Christensen og Lægreid, 2004). Løysingane på dei bustadsosiale utfordringane er samansette, og behovet for samordning er stort.

Studiar av bustadsosialt arbeid viser at verdiar både kan styrke og svekke samordning (Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014, Yttredal, Bergem, Bakke, og Ouff, 2014, Yttredal, Ouff, og Hanche-Olsen, 2013). Med dette som utgangspunkt drøftar vi i dette kapittelet kva rolle verdiar spelar i samordning av bustadsosialt arbeid i kommunane. Framstillinga er basert på våre eigne studiar av samordning av bustadsosialt arbeid. Kapittelet bygger elles på organisasjonsteori og på studiar med spesiell vekt på samordning og verdiar. Innhaldet er både empirisk basert og teoriutviklande.

Vi vil først gå nærare inn på det faglege utgangspunktet, før vi presenterer datagrunnlaget og empirien. Kapittelet vert avslutta med diskusjon og konklusjon.

Fagleg utgangspunkt

Utfordringar i det bustadsosiale arbeidet

Frå midten av 1990-talet skjedde det ei endring i bustadpolitikken, som gjekk frå å vere retta mot befolkninga generelt til å vere særleg retta mot vanskelegstilte grupper. Dei bustadsosiale verkemidla vart endra frå generelle ordningar til selektive låne- og støtteordningar, og det vart lagt meir vekt på oppfølgingstenester. Bustadsosialt arbeid vart på denne måten integrert i velferdspolitikken. Kommunen si rolle gjekk frå tilrettelegging for alminnelig bustadbygging til arbeid for vanskelegstilte, og Husbanken si rolle vart endra frå bustadbank til velferdsetat (Sørvoll, 2011).

I utgreiinga «Rom for alle» (Kommunal- og regionaldepartementet, 2011) vert bustadsosialt arbeid definert som «det kommunane gjer for å sikre vanskelegstilte på bustadmarknaden ein trygg busituasjon. Vanskelegstilte i denne samanhengen er personar som anten er utan eigen bustad, står i fare for å miste bustaden, eller bur i ueigna bustad eller bumiljø (Departementene, 2014, s. 8). Talet på vanskelegstilte vart i 2009 estimert til om lag 150.000 personar, og om lag 30 prosent av desse hadde vore vanskelegstilte sidan 2007 (Kommunal- og regionaldepartementet, 2011, s. 42). Dei siste åra har det til ei kvar tid vore om lag 6000 bustadlause menneske i Norge (Dyb og Johannessen, 2009, 2013).

Målgruppene for det bustadsosiale arbeidet er ikkje einsarta. Det kan vere ungdom som søkjer startlån fordi dei har vanskar med å kome seg inn på bustadmarknaden, flyktningar som treng plass å bu, eldre som ikkje lenger meistrar å bu heime, og menneske som av ulike grunnar har utfordringar med å halde på ein bustad over tid. Bustadsosialt arbeid gjeld såleis eit vidt spekter av kommunale oppgåver. I kommunane er mange tenester definerte inn i det bustadsosiale arbeidet, og endåtil relativt små kommunar opplyser at fleire enn 30 tilsette er involverte i arbeidet. Desse personane har oppgåver innanfor område som vedlikehald, verkemiddel, rådgjeving, sosiale tenester, tildeling, drift og planlegging. Aktørane i det bustadsosiale nettverket høyrer til i ulike deler av organisasjonen som eigedomsselskap, helse- og omsorgstenester, planavdeling, NAV osv., og samordningsutfordringane mellom instansar i kommuneorganisasjonane er godt dokumenterte (Langsether og Sandlie, 2010, Langsether et al., 2008, Rambøll, 2010a, 2010b, Yttredal, Bakke, Ouff, og Straume, 2015e).

Samordning i og mellom organisasjonar

Organisering, arbeidsdeling og spesialisering fører til at ein organiserer nokre oppgåver inn i offentleg verksemd, avdelingar eller tenesteområde, medan andre vert liggjande på utsida, i andre avdelingar eller i andre organisasjonar. Samordningsutfordringar er såleis ein naturleg konsekvens av arbeidsdeling og spesialisering i og mellom organisasjonar (Alexander, 1995; Bouckaert et al., 2010). Spesielt vil utfordringane vere store i offentleg sektor, der målsetjingane er samansette og delvis motstridande (Christensen, Lægreid, Roness, og Røvik, 2007, Lægreid, Randma-Liiv, Rykkja, og Sarapuu, 2014).

I vid forstand vil samordning vere alle tiltak som bidreg til at organisasjonar, eller delar av organisasjonar, koordinerer si verksemd i relasjon til andre. Marknadsmekanismar er til dømes ein type koordinering av handlingar og organisasjonar innanfor pengeøkonomien. I tråd med ein brei definisjon peikar Hall et al. på at interorganisatorisk koordinering handlar om «… the extent to which organizations attempt to ensure that their activities take into account those of other organizations» (Hall et al., 1976, s. 459).4 Bouckaert et al. (2010) har ein snevrare definisjon av samordning i offentleg sektor. Dei ser på samordning mellom offentlege organisasjonar som «instruments and mechanisms that aim to enhance the voluntary or forced alignment of tasks and efforts of organizations within the public sector» (Bouckaert et al., 2010, s. 16). Samordning kan altså dreie seg både om ein prosess og om resultatet av denne prosessen (Alexander, 1995). Sjølv om Bouckaert et al. nyttar omgrepet samordning om samordning mellom offentlege organisasjonar, meiner vi at definisjonen er føremålstenleg som grunnlag for diskusjonen om verdiar si rolle i samordning av bustadsosialt arbeid i kommunane.

Med bakgrunn i ein studie av koordinering mellom organisasjonar, opererer Bouckaert et al. (2010) med tre hovudtypar koordinering: For det første hierarkiske mekanismar, der autoritet er basis for koordinering. Tilnærminga har røter i Weber sin byråkratiteori. For det andre marknadsmekanismar, med basis i tilbod og etterspurnad, og med utgangspunkt i nyinstitusjonell økonomi. For det tredje nettverksmekanismar basert på gjensidig avhengigheit, og med utgangspunkt i nettverksteori (Bouckaert et al., 2010, s. 35). New Public Management (NPM) kan i ei slik inndeling sjåast som ei reform, der marknadsmekanismane har fått større gjennomslag i samordning av offentleg verksemd. I kommunane har dette gitt flatare strukturar, anbodsregime, utskilling av oppgåver i nye offentlege selskap og styringsverktøy som bestillar–utførar-modellar og mål- og resultatstyring.

Bouckaert et al. (2010) identifiserer ulike verktøy for å fremje samordning innanfor kvar av hovudmekanismane. Dei ulike mekanismane og verktøya utelukkar ikkje kvarandre, men kan nyttast til same formål og på same tid. Felles verdigrunnlag gir, i denne tilnærminga, retning og grunnlag for kontroll og evaluering for samordning i nettverk. Han knyter felles verdiar til felles kultur og kunnskap for å koordinere organisatorisk praksis. Anna forsking som har studert samarbeid på tvers i formelle strukturar, viser at samarbeid heng i hop med ‘mjuke faktorar’, som felles forståing av formål og etikk knytt til å bidra, men også felles målesystem og støttande organisasjonsstrukturar (Adler, Heckscher, og Prusak, 2011). Samanhengen sporar oss til å sjå nærare på forholdet mellom verdiar og organisasjonar.

Verdiar og organisasjonar

Verdiar dreier seg om grunnlaget for handlingar. I eit aktørperspektiv hevdar Brox at verdiar kan vere: «Hva man er ute etter, målet for ens strev, det som gir beslutninger retning» (Brox, 1999, s. 71). For å forstå individuelle handlingar meiner Brox at ein må sjå nærare på tre forhold: For det første verdiane personane har, slik dei kjem til uttrykk i praksis. For det andre må ein sjå på aktørane sine handlingsalternativ fordi folk som har felles verdiar kan velje ulike alternativ avhengig av konteksten dei er i. For det tredje, meiner Brox, at for å forstå handlingar er det viktig å få innsikt i relevante kognitive variablar i avgjerdsprosessane. Relatert til bustadsosialt arbeid betyr dette at samordning vil vere resultat av enkeltaktørar sine verdiar, til dømes i form av synet på kven som er verdige trengande, det vil vere resultat av ressursar og formell struktur, for det gir retning til kva som er mogleg, og det vil dreie seg om kunnskap om handlingsalternativ, saksfelt, brukargruppe, organisering og konsekvensar.

Organisasjonsteorien opererer med eit skilje mellom individuelle og organisatoriske verdiar. Verdiar er knytt til institusjonelle (Christensen et al., 2007) eller naturlege (Scott, 1981) tilnærmingar til organisasjonar. Det er ulike oppfatningar om kva verdiar i organisasjonar er, men i si klassiske bok om organisasjonsteori definerer Scott verdiar som «Criteria employed in selecting the goals of behavior» (1981, s. 14). Han kategoriserer verdiar som eit element i den normative strukturen i ein organisasjon saman med normer og rolleforventningar. Generelt kan ein seie at verdiar i ein organisasjon ligg under og gir retning til medlemmer i organisasjonen når dei skal velje og evaluere handlingar, og at dei representerer ei form for konsensus om kva som er viktig for å nå mål (Bourne og Jenkins, 2013). Såleis er verdiar med på å bestemme kva som «bør» gjerast i ein organisasjon.

Med tanke på å forstå verdiar i organisasjonar kan Bourne og Jenkins (2013) sitt skilje mellom ulike typar verdiar vere nyttig. Dei skil mellom verdiar som leiarane meiner er viktige og riktige (espoused values), verdiar som tilsette meiner kjenneteiknar organisasjonen (attributed values), delte verdiar (shared values) og ambisjonar om kva organisasjonen skal vere (aspirational values). Dei argumenterer for at dei ulike formene bør forståast samla for å få ei heilskapleg forståing av verdiar i ein organisasjon, og at utfordringar og endringar i verdigrunnlag oppstår når det er sprik mellom dei ulike setta av verdiar.

Verdiar vert i mange tilfelle oppfatta som varige, men Bourne og Jenkins (2013) understrekar at verdisystema i organisasjonar «are stable and enduring; they are neither wholly fixed, for then there would be no ability for change, nor too fluid, for then there would be no continuity» (Bourne og Jenkins, 2013, s. 5). Det synest likevel svært vanskeleg å finne ei rettlina årsak–verknad-samanheng i studiar av verdiar. I meir instrumentelle tilnærmingar innanfor organisasjonsteori retta mot offentleg sektor, er verdiar dermed ikkje ein del av verktøykassa (Egeberg, 1989).

Oppsummering: verdiar og samordning av bustadsosialt arbeid i kommunane

Med bakgrunn i tilnærmingane ovanfor, kan det utleiast fire hovudpunkt om samanhengen mellom verdiar og samordning.

For det første konkluderer alle studiane med at verdiar vil kunne påverke handlingar i organisasjonar generelt og dermed også samordning. Dei støttar dermed våre empiriske funn og grunnlaget for dette kapittelet om at verdiar påverkar samordning av bustadsosialt arbeid.

For det andre peikar Bourne og Jenkins (2013) på at verdiar kan vere forskjellige i ulike deler av organisasjonen og mellom til dømes leiarar og tilsette, og at desse ulikskapane vil kunne skape utfordringar. Dermed kan ein også tenke seg at ulike verdiar kan påverke samordning av det bustadsosiale arbeidet i kommuneadministrasjonen og mellom politikk og administrasjon.

For det tredje ser det ut til at felles verdiar (shared values) i ein organisasjon fremmer samordning. Dette kan ein utleie både frå eit individperspektiv (Brox, 1999) og ut frå Bourne og Jenkins (2013) sine funn, som gjeld ulike typar organisatoriske verdiar.

For det fjerde meiner Bouckaert et al. (2010) at det finst ei rekke ulike samordningsmekanismar i og mellom organisasjonar som påverkar kvarandre og fungerer om kvarandre. Brox supplerer (1999) denne kunnskapen ved å peike på at individuelle handlingar vert påverka både av verdiar, moglegheiter og kunnskap. Det er dermed grunn til å sjå nærare på samspelet mellom ulike mekanismar og verktøy for å forstå kva rolle verdiar har i samordning av bustadsosialt arbeid.

Studiane over leier oss vidare til tre spørsmål når det gjeld verdiar si rolle i samordning av det bustadsosiale arbeidet: 1. Er ulike deler av kommuneadministrasjonen, og forholdet mellom politikk og administrasjon, prega av ulike verdiar i arbeidet med bustadsosiale tenester, og korleis påverkar dette det bustadsosiale arbeidet? 2. Kva vil det seie å ha felles verdiar i det bustadsosiale arbeidet, og korleis påverkar felles verdiar samordning av bustadsosialt arbeid i kommunane? 3. Korleis samspelar verdiar med samordningsmekanismar?

Vi skal ta utgangspunkt i desse spørsmåla når vi nedanfor presenterer empiriske funn, men først skal vi sjå nærare på datagrunnlaget.

Datagrunnlag

Det empiriske grunnlaget for kapittelet er kunnskap som er samla gjennom forskings- og utviklingsprosjekt knytte til kommunalt bustadsosialt arbeid i perioden 2008–2015. Av forskingsprosjekt vil vi nemne Bustadsosialt arbeid, medverknad og flyktningar (Hanche-Dalseth, Bergem, og Aarflot, 2009, Ouff og Hanche-Dalseth, 2009) og Samordning av bustadsosiale tenester for menneske med samtidig rusliding og psykisk liding (Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014). Datainnsamlinga i desse prosjekta bestod av omfattande litteratur- og dokumentstudiar, personlege intervju, gruppeintervju og nettbaserte spørjeundersøkingar.

I fleire prosjekt har vi vore samarbeidspartnar for kommunane i utviklingsarbeid, gjennom å leie prosessar og utvikle og formidle kunnskap om feltet. Også i desse prosjekta er det henta inn og vidareformidla kunnskap frå dokumentstudiar og spørjeundersøkingar. Av meir utviklingsorienterte prosjekt kan nemnast Bustadsosialt arbeid og planlegging (Ouff, Yttredal, og Hanche-Dalseth, 2010), Bustadsosialt arbeid og planlegging II (Ouff og Yttredal, 2012), Bustadsosialt arbeid og organisering (Yttredal, Bakke, Ouff, og Eikrem, 2014) og Bustadsosialt arbeid i kommunar med store bustadsosiale utfordringar (Yttredal, Bakke, Ouff, og Straume, 2015a, 2015b, 2015c, 2015d, 2015e; 2015f).

Ein siste kategori prosjekt som dannar basis for dette kapittelet, er evaluering. Vi gjennomførte i perioden 2009–2012 ei følgjeevaluering av Bustadsosialt utviklingsprogram i Husbanken øst (Bergem, Yttredal, og Hanche-Olsen, 2011, Hanche-Dalseth, Yttredal, Bergem, og Ouff, 2010, Yttredal et al., 2013). Data vart henta inn årleg i form av dokument- og litteraturstudiar, djupneintervju og spørjeundersøkingar.

I tillegg til dei nemnde forskings- og utviklingsarbeida, har vi publisert ymse grunnlagsdokument og erfaringsoppsummeringar, som mellom anna gjeld tema som forankring, implementering og leiing av bustadsosialt arbeid (Bergem, Hanche-Dalseth, og Ouff, 2010, Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014, Yttredal, Ouff, og Hanche-Dalseth, 2011).

Datagrunnlaget for dette kapittelet er såleis ein kombinasjon av data basert på spørjeundersøkingar og djupneintervju, og data basert på utviklingsprosjekt, der vi har vore ein medspelar i kommunalt bustadsosialt utviklingsarbeid.

Hovudfunn når det gjeld verdiar si rolle i samordning av bustadsosialt arbeid i kommunane

Med utgangspunkt i den faglege innleiinga, skal vi no sjå nærare på kva rolle verdiar spelar i samordning av det bustadsosiale arbeidet i kommunane, og vi legg til grunn empiriske funn knytte til følgjande spørsmål:

      Presentasjonen nedanfor er i hovudsak basert på studiane som er omtalte i avsnittet «Datagrunnlag». I somme tilfelle trekker vi også inn studiar gjennomført av andre.

      1. Ulike tenester og roller – ulike verdiar?

      Studiane av bustadsosialt arbeid i kommunane viser at kommunale tenester er prega av ulike kulturar og verdiar. I det bustadsosiale arbeidet møtest ein «forretningskultur, ein forvaltningskultur og ein omsorgskultur» (Stangnes, 2014), og det svekker vilkåra for samordning. Det vil seie at dei som har ansvar for bustadane (eigedomar) i størst grad er opptekne av økonomi og tekniske løysingar, dei som gir tilskot og tildeler bustader er opptekne av å følgje lovverk og retningsliner, medan dei som arbeider med enkeltmenneska er opptekne av god omsorg. Det er sjølvsagt slik at tilsette i eigedomsavdelinga også kan vere opptekne av omsorg for enkeltmenneske, men i hovudtrekk ser det ut til at ulike verdiar pregar dei ulike kommunale tenestene som utgjer det bustadsosiale arbeidet.

      Kommuneorganisasjonen består av ein administrativ og ein politisk del. I ei undersøking av samordning av bustadsosialt arbeid for menneske med samtidig rusliding og psykisk liding (ROP-liding) kjem det fram at politikarar og administrasjonen i liten grad har felles forståing av utfordringane i arbeid retta mot personar med ROP-lidingar. Ein relativt stor del av kommunalt tilsette (om lag 70 %), som har ansvar for menneske med ROP-lidingar, meiner at politikarane ikkje forstår at arbeidet overfor desse menneska er svært utfordrande, og mange kommunar har utfordringar når det gjeld kommunikasjon mellom administrasjon og politikk (Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014).

      Studiane våre viser at ulike verdiar i ulike kommunale tenester, og mellom politikarar og administrasjon, påverkar graden av samordning og medverkar til fragmentering av bustadsosialt arbeid.

      2. Kva vil det seie å ha felles verdiar?

      Verdiar vert påverka gjennom diskusjonar om kva som skal ligge til grunn for det bustadsosiale arbeidet i kommunen. Kommunar som har hatt slike diskusjonar, og som har gjort bevisste val på bakgrunn av dei, kan gjennom dette skape eit grunnlag for samordning av bustadsosiale tenester (Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014, Yttredal, Ouff, og Hanche-Olsen, 2013). Vi skal sjå nærare på to val som ser ut til å kunne danne utgangspunkt for felles verdigrunnlag.

      Det er klare samanhengar mellom velferdsgoda helse, bustad, utdanning og inntekt, og dei påverkar kvarandre både direkte og indirekte. Ikkje minst er samanhengen mellom bustad og helse sterk (Gautun og Grønningsæter, 2012, Grønningsæter og Nielsen, 2011, Shaw, 2004; Ulfrstad, 2007). Helse, utdanning og inntekt er rekna som dei tre velferdspilarane (Ulfrstad, 2007), men kommunar som legg til grunn at bustad er ein velferdspilar på line med inntekt, helse og utdanning, har danna grunnlag for utvikling av felles verdiar og samordning av bustadsosiale tenester.

      Eit anna grunnleggande val, som kan påverke verdigrunnlaget, er valet av busetjingsmodell, som kan vere trappetrinnsmodellen, kjedemodellen og normaliseringsmodellen (Sahlin, 2003a). Modellane har alle ulikt idégrunnlag, ulik metodisk tilnærming og ulike målsetjingar. Fordi vi meiner at val av busetjingsmodell i stor grad er prega av verdigrunnlag, vel vi å presentere nærare dei tre modellane.

      I trappetrinnsmodellen er ideen at eit menneske skal gjere seg fortent til ein bustad. Brukaren må prøve ulike buformer på vegen til eigen bustad. Tilnærminga inneber at ein må forsere trappetrinn med varierte buformer, hjelpetiltak og sanksjonar. Ein startar med lågterskeltilbod, går over til trenings- og overgangsbustad for så til sist å kunne eige eller leige bustad. Det viser seg at somme ikkje klarer å «gjere seg fortente» til å kome i posisjon for ein bustad på lågaste trinn, og dermed klarer dei heller ikkje å kome lenger opp i trappa og oppnå ein stabil busituasjon (Sahlin, 2003b).

      Kjedemodellen er ein variant av trappetrinnsmodellen. Skilnaden mellom trappetrinnsmodellen og kjedemodellen er at den sistnemnde mellom anna legg mindre vekt på forventningar om progresjon og mindre vekt på sanksjonar. Kjedemodellen har som mål å flytte menneske frå midlertidige butilbod til eigen bustad. Det skal skje ved hjelp av individuelt tilpassa hjelpetiltak og overgangstilbod. Overgangsfasen skal vere tydeleg avgrensa, og gjere brukaren i stand til å bu i vanleg bustad.

      I normaliseringsmodellen er verdigrunnlaget at det å ha ein god og trygg stad å bu er ein menneskerett. Ein bustad skal ikkje vere ei belønning for ein prestasjon. Tilpassa hjelp og støttetiltak vert gitt når ein flyttar inn i bustaden, uavhengig av typen bustad. I normaliseringsmodellen er det eit mål at vanskelegstilte skal flytte inn i eigen bustad før ein set i verk andre tiltak. Fast bustad først, også kalla Housing First, er i tråd med denne tankegangen.

      Val av busetjingsmodell tek utgangspunkt i menneskesyn og ei vurdering av kven som er ‘verdige trengande’. Det er klare skilje mellom modellane i tilnærming og verdigrunnlag. Normaliseringsmodellen legg til grunn at ein trygg bustad er ein menneskerett, medan trappetrinnsmodellen er bygt på ideen om at ein bustad er noko ein skal gjere seg fortent til (Dyb, Solheim, og Ytrehus, 2004, s. 104).

      Kommunar som har etablert eit felles verdigrunnlag for det bustadsosiale arbeidet, klarer, i større grad enn andre kommunar, å samordne løysingane for arbeidet over tid (Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014, Yttredal, Ouff, og Hanche-Olsen, 2013). Vi ser også at kommunar som klarar å samordne det bustadsosiale arbeidet i stor grad nyttar variantar av normaliseringsmodellen (Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014).

      3. Korleis samspelar verdiar og ulike samordningsmekanismar?

      Bouckaert et al. (2010) skil mellom marknadsmekanismar, hierarkiske mekanismar og nettverksmekanismar for å fremje samordning. I organisasjonar fungerer desse ulike mekanismane om kvarandre. I det følgjande vil vi likevel bruke dei ulike samordningsmekanismane frå Bouckaert for å strukturere drøftinga av samspelet mellom verdiar og andre samordningsmekanismar.

      Nettverk som samordningsmekanisme vil seie meir eller mindre frivillig samordning, basert på felles interesser og gjensidig avhengigheit. Kunnskapsbygging er eit viktig element for å styrke nettverk og nettverksorganisasjonar (Bouckaert et al., 2010).

      Kunnskap ser ut til å vere viktig for samordning av det bustadsosiale arbeidet. Til dømes vert kunnskap og kompetanse oppfatta som ein av dei aller viktigaste faktorane for å fremme samordning av bustadsosialt arbeid for menneske med rus- og psykiske lidingar (Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014).

      Eit anna døme er henta frå Bustadsosialt utviklingsprogram i Husbanken øst. I programmet var kunnskapsbygging eit berande element. Det kom mellom anna til uttrykk i årlege kunnskapsplanar og i eksterne foranalysar i kommunane som var med i programmet (Langsether og Sandlie, 2010, Rambøll, 2010a, 2010b). Husbanken var også aktiv i kunnskapsoppbygging på andre arenaer, som til dømes gjennom bidrag til utgreiinga «Rom for alle» (Kommunal- og regionaldepartementet, 2011). Vår evaluering av utviklingsprogrammet viste at kunnskapsoppbygging var viktig for å skape felles grunnlag for det vidare bustadsosiale arbeidet (Yttredal, Ouff, og Hanche-Olsen, 2013), og at det er ein nær samanheng mellom kunnskap og verdiar i samordning av bustadsosialt arbeid (Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014, Yttredal, Ouff, og Hanche-Olsen, 2013).

      NPM og bruk av marknadsmekanismar har mellom anna ført til utskilling av oppgåver i eigne eigedomsselskap i kommunane. Desse har gjerne klare målsettingar og fokus på økonomi. Inspirasjonen frå privat sektor har også ført til utstrekt bruk av mål- og resultatstyring i kommunane. Kommunane sjølve rapporterer ikkje at bruk av mål- og resultatstyring i stor grad hindrar samordning (Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014). Slik vi ser det, er likevel mål- og resultatstyring med på å forsterke allereie sterke hierarkiske strukturar i kommunane, og bidreg dermed til å svekke samordning på tvers. Bruk av mål- og resultatstyring gjer også at samordning av det bustadsosiale arbeidet er enklast dersom det vert tilpassa det eksisterande mål- og resultatstyringssystemet.

      Våre erfaringar viser at spesialisering og utskilling av eigne driftseiningar kan gjere det vanskelegare å samordne til dømes ei teknisk oppgåve som å skaffe bustad, med meir sosiale omsyn, som til dømes butrening. Ei slik utskiljing forsterkar også ulike verdisyn.

      Hierarkiske samordningsmekanismar, som formelle strukturar, er effektive for å styre åtferd og handlingar (Christensen, Egeberg, Larsen, Lægreid, og Roness, 2002, Jacobsen, 2004, Scott, 1981). Våre studiar av samordning av bustadsosialt arbeid stadfestar det (Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014, Yttredal, Ouff, og Hanche-Olsen, 2013). Aktørane, som utgjer det bustadsosiale nettverket, fungerer ofte som separate klynger rundt spesifikke oppgåver eller arbeidsområde. Tilsette innanfor kvar klynge har kontakt med kvarandre, men kontakten mellom klyngene er meir avgrensa (Yttredal, Bakke, Ouff, og Eikrem, 2014, Yttredal et al., 2015c). Sjølv om uformelle strukturar også vil påverke kontakt mellom tilsette, synest klyngene i størst grad å vere påverka av to forhold: formell struktur og fysisk plassering.

      Samordningsutfordringane dreier seg først og fremst om å koordinere klyngene slik at ulike funksjonar og tenester heng saman på ein føremålstenleg måte. Det ser ut til at organisering i ei sjølvstendig eining med ansvar for bustadsosiale tenester er mest føremålstenleg for å fremme bustadsosialt arbeid (Langsether et al., 2008). Men slik organisering aukar samordningsbehov overfor andre avdelingar og nivå. Dessutan er det ingen som har lukkast med å organisere alle relevante tenester i ei felles eining. I kommunane er det difor eit permanent behov for å løyse oppgåver på tvers av formelle strukturar i det bustadsosiale arbeidet (Ouff og Yttredal, 2012, Ouff, Yttredal, og Hanche-Dalseth, 2010, Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014, Yttredal, Bakke, Ouff, og Eikrem, 2014). Dermed vert det interessant å sjå nærare på kva grad av formell struktur som er nødvendig for å skape samordning i kommunen.

      Ulike utfordringar i kommunane, lokale forhold og kontekst tilseier at kva som er effektiv og føremålstenleg organisering vil variere. Men det ser ut til at ein type koordinerande eining, som samordnar relevante tenester i det bustadsosiale arbeidet, er særleg positivt for bustadsosialt arbeid overfor menneske med ROP-lidingar (Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014). Ei koordinerande eining fremmer tverrfagleg samarbeid, styrkar fagleg semje om retning i arbeidet og gir betre tenestetilbod (Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014). Koordinerande einingar medverkar på denne måten til å utvikle felles kunnskap og verdiar.

      Ei slik eining er som regel delvis formalisert, og kan både vere ein type nettverksmekanisme og ein type hierarkisk mekanisme. Erfaringar frå kommunar, som lenge har arbeidd for å utvikle ein type koordinerande eining på tvers av organisasjonen, viser at det også er behov for hierarki i form av ei bevisst leiing for å få gjennomført tiltak (Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014).

      Eit anna relevant funn relatert til hierarki som samordningsmekanisme, gjeld forholdet mellom top–down- og bottom–up-tilnærmingar i bustadsosialt arbeid. Tradisjonelt har diskusjonen om samordning på det bustadsosiale feltet handla om formelle strukturar og organisering. Vår undersøking viser at dersom ein skal lukkast med samordning av bustadsosiale tenester, handlar det om meir enn formelle strukturar. Det handlar om såkalla ‘mjuke verdiar’ og fleksible tenestetilbod, som mellom anna vil seie å starte med enkeltmenneska og deira behov og å legge til rette tenester og tilbod ut frå det, ei bottom–up-tilnærming (Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014). Det er i tillegg avgjerande for arbeidet med samordning av tilbod å bygge opp tillit mellom dei som vil hjelpe, og dei som treng hjelp (Almvik, Sagsveen, Olsø, Westerlund, og Norvoll, 2011, Baklien, 2010, Helsedirektoratet, 2012, Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014). Almvik et al. (2011) nyttar omgrepet «losar». Valet mellom bottom–up- og/eller top–down-organisering er på sett og vis eit spørsmål om kunnskap om kva som fungerer, men også eit val av kva som skal ligge til grunn for handlingar – eit verdival.

      Sett under eitt, tolkar vi funna slik at verdiar vert påverka av samordningsmekanismar, som nettverksmekanismar, marknadsmekanismar og hierarkiske styringsmekanismar. Meir spesifikt synest formell struktur og kunnskap å ha sterk påverknad. Samstundes indikerer funna at val av samordningsmekanismar og verktøy også vert påverka av verdiar – altså at det er ein gjensidig påverknad mellom verdiar og andre samordningsmekanismar.

      Om verdiar og handlingar

      Til slutt i denne empiriske presentasjonen vil vi peike på eit funn som kan tolkast som eit supplement til våre faglege utgangspunkt.

      Evalueringa av Bustadsosialt utviklingsprogram i Husbanken øst viste at kommunane i løpet av tre år i programmet hadde kome langt på det strategiske området. Satsinga på bustadsosiale tenester var, etter tre år, betre forankra i ulike planar generelt, i økonomiplanar spesielt og delvis i budsjett. Kunnskap om utfordringane var kjent i kommuneorganisasjonane og formidla til Husbanken, og delvis til relevante aktørar utanfor kommuneorganisasjonane. Det var utvikla betre samarbeid internt i kommunane, mellom kommunar, mellom kommunar og Husbanken og delvis også med aktørar utanfor utviklingsprogrammet, som NAV, fylkesmannen og fylkeskommunane. Enkelte kommunar hadde gjennomført til dels radikale organisasjonsendringar. Kommunane hadde likevel ikkje kome spesielt langt med tanke på konkrete tiltak, som til dømes å få fleire vanskeligstilte i eigna bustader (Yttredal, Ouff, og Hanche-Olsen, 2013).

      Styrken i programmet var, slik vi såg det, målet om å skape lærande kulturar både i kommunane og i Husbanken, der ein hentar inn kunnskap og finn gode løysingar i lag. Programsatsinga gjorde det mogleg å tenke langsiktig og heilskapleg for å oppnå resultat på sikt, men vi meiner kommunane i utgangspunktet hadde mykje kunnskap som i større grad kunne vore realisert i konkrete tiltak heilt frå starten. Ein hadde gjennom programmet hatt stort fokus på overordna problemstillingar som var viktige for Husbanken, programleiarane og kanskje politikarar og leiing i kommunane, altså meir policy-orienterte problemstillingar, og mindre fokus på praktiske utfordringar, altså på det operative planet (Yttredal, Ouff, og Hanche-Olsen, 2013). Programmet oversåg det faktum at felles handlingar for å løyse felles problem også medverkar til utvikling av felles verdiar, kunnskap og strategiar.

      Diskusjon: Kva rolle spelar verdiar i samordning av det bustadsosiale arbeidet i kommunane?

      For det første ser det ut til at verdiar, eller det som «gir avgjerder retning», i svært mange kommunar varierer mellom ulike administrative einingar som bidreg i det bustadsosiale arbeidet. Politikarar og administrasjon har også i mange tilfelle ulike syn på kva tilnærmingar som skal prege arbeidet. I tillegg synest verdiane i seg sjølve å vere samansette både hos enkeltpersonar, i avdelingar og i organisasjonen. Dette er i tråd med forventningar ein kunne ha ut frå Bourne og Jenkins (2013) sin diskusjon av ulike former for verdiar, men også dersom ein tek utgangspunkt i Brox (1999) sitt aktørperspektiv. Vi finn også at ulikskapane i verdiar svekker samordning.

      For det andre, også i tråd med forventningane, ser vi at kommunar som har eit felles verdigrunnlag (shared values) i det bustadsosiale arbeidet, i større grad enn andre kommunar lukkast med å samordne tenester for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Semje om bruk av normaliseringsmodellen for busetting er eitt eksempel på noko som kan fungere som eit slikt felles verdigrunnlag.

      For det tredje, og det vi oppfattar som det mest interessante i denne samanhengen, finn vi at verdiar samspelar tett med andre samordningsmekanismar. Det gjeld både når verdigrunnlaget fremmer samordning, og når ulikt verdigrunnlag hindrar samordning. Meir spesifikt meiner vi at verdiar først og fremst samspelar med formell struktur, kunnskap og handlingar, og at oppbygginga av dette samspelet i organisasjonen påverkar samordning av bustadsosialt arbeid. At ulike samordningsmekanismar samspelar er i tråd med det ein kunne forvente ut frå studiar av koordinering mellom ulike offentlege organisasjonar (Bouckaert et al., 2010). Det ligg også nært opp til Brox si forståing av individuelle handlingar som eit resultat av verdiar, kunnskapar og moglegheiter (Brox, 1999, s. 71). Samstundes viser våre studiar at verdiar også samspelar tett med handlingar og praksis, noko som ikkje er tema hos Brox og Bouckaert et al. I figur 1 nedanfor summerer vi opp det vi meiner er dei viktigaste elementa når det gjeld samanhengen mellom verdiar og samordning. Sidan vi ser på dette som vårt hovudfunn, skal vi diskutere nærare samspelet mellom dei ulike elementa.

      Figur 9.1: Samordning av bustadsosialt arbeid som samspel mellom verdiar, formell struktur, handlingar og kunnskap.

      At kunnskap samspelar med verdiar ser vi mellom anna gjennom at samanhengen mellom bustad og velferd har fått gjennomslag i kommunane dei siste tiåra. Vi ser det også gjennom måten Husbanken arbeider på, og gjennom spreiinga av normaliseringsmodellen/Housing First. Kunnskap og verdiar overlappar likevel ikkje. Kva konklusjonar ein trekkjer av kunnskapane er ikkje gitt. Ein kan til dømes, sjølv om ein veit korleis ein skal hjelpe bustadlause, velje å ikkje hjelpe fordi ein meiner at bustadløysa er sjølvforskyldt.

      Når det gjeld forholdet mellom formelle strukturar og verdiar, har vi peika på at formelle strukturar i stor grad styrer åtferd og kontakt mellom aktørar. Linjeorganiseringa er dermed ei utfordring for samordning. Oppretting av tverrsektorielle (formelle) strukturar som ein slags ‘motstruktur’ betrar samordning av bustadsosialt arbeid. Vi vil hevde at det ikkje berre kjem av at ein samordnar handlingar, men at slike strukturar også forsterkar utvikling av felles kunnskap og verdiar. Det er likevel ikkje tilstrekkeleg med tversgåande strukturar og utvikling av felles verdiar. Erfaring viser at mange kommunar, trass i felles haldningar og tverrsektorielle strukturar, slit med å samordne det bustadsosiale arbeidet fordi dei manglar leiing (Yttredal et al., 2015e; Yttredal, Bakke, Ouff, og Bergem, 2014).

      Samspelet mellom verdiar og handlingar er også viktig. Utviklinga av prinsippet om Housing First er eit døme på det. Det var ein metode for å hindre bustadløyse i New York, og metoden utviklar seg vidare til å bli kunnskap om løysingar, og til slutt eit verdigrunnlag for det bustadsosiale arbeidet i norske kommunar. Våre studiar og erfaringar frå utviklingsarbeid viser at kommunane ved å løyse konkrete utfordringar, gjennom tverrsektorielt arbeid, utviklar nye haldningar og verdiar, som kjem til uttrykk i organisasjonen sitt bustadsosiale arbeid (Hanche-Dalseth, Yttredal, Bergem, og Ouff, 2010).

      Konklusjon

      «Verdiar påverkar samordning av det bustadsosiale arbeidet i kommunane.» Påstanden er i stor grad bygt på funn frå våre studiar, og ligg som eit premiss og eit utgangspunkt for dette forsøket på å forstå kva rolle verdiane spelar i samordning av det bustadsosiale arbeidet i kommunane.

      Verdiar si rolle i samordning er avhengig av kontekst, men vi meiner det er eit generelt trekk at verdiar varierer i ulike delar av kommuneorganisasjonen og mellom politikk og administrasjon, og at slike variasjonar har ein tendens til å svekke samordninga av arbeidet. På den andre sida kan felles verdiar styrke samordning av det bustadsosiale arbeidet, og det er mogleg å arbeide bevisst for å bygge opp felles verdiar.

      For å forstå kva rolle verdiane spelar i samordning av det bustadsosiale arbeidet, er det i tillegg nødvendig å forstå korleis verdiane samsplar med andre samordningsmekanismar som hierarki, marknad og nettverk. Meir spesifikt er det ein føresetnad å forstå samspelet mellom formell struktur, handlingar, kunnskap og verdiar for også å kunne forstå kva rolle verdiane spelar i samordning av det bustadsosiale arbeidet i kommunen.

      Når det gjeld endring av organisatoriske verdiar som pregar bustadsosialt arbeid, kan vi, ut frå våre funn, forvente at endring av formelle strukturar, kunnskap og måtar å arbeide på vil påverke verdiar i det bustadsosiale arbeidet. For å betre samordninga av bustadsosialt arbeid er det nødvendig samstundes å forstå verdiar, handlingar, kunnskapsnivå og formell struktur.

      Samordning av og i offentlege organisasjonar er ei utfordring som vert stadig meir relevant ettersom offentlege, og særleg kommunale, oppgåver spreier seg over nye område. Det er derfor grunn til å tru at funna som er formidla i dette kapittelet, har overføringsverdi til andre kommunale oppgåver og tenester. I tillegg til å vere eit bidrag til å forstå samordning av bustadsosialt arbeid, er kapittelet dermed meint som eit bidrag til å løfte fram diskusjonar om samanhengen mellom verdiar og samordning i kommunar og andre offentlege organisasjonar generelt.

      Litteratur

      Adler, P., Heckscher, C., og Prusak, L. (2011). Building collaborative enterprise. Harvard Business Review, 89(7–8), 94–101.

      Alexander, E. R. (1995). How Organizations Act Together. Interorganizational Coordination in Theory and Practice. Luxembourg: Gordon and Breach Publishers.

      Almvik, A., Sagsveen, E., Olsø, T. M., Westerlund, H., og Norvoll, R. (2011). «Å lage farger på livet til folk.» God hjelp til personer med rusproblemer og psykiske lidelser i ambulante team. Tidsskrift for psykisk helsearbeid, 8(2), 154–163.

      Baklien, B. (2010). Livet på lavterskeltiltak i Oslo kommune. Noen betraktninger fra «dobbeltprosjektet». Tidsskrift for psykisk helsearbeid, 7(4), 321–329.

      Bergem, R., Hanche-Dalseth, M. S., og Ouff, S. M. (2010). Boligsosialt utviklingsprogram forankring av arbeidet med handlingsplan (Notat 21/2010). Volda: Møreforsking.

      Bergem, R., Yttredal, E. R., og Hanche-Olsen, M. (2011). Fundamentet er lagt. Evaluering av Boligsosialt utviklingsprogram. Delrapport 2011 (Rapport nr. 25). Volda: Møreforsking.

      Bouckaert, G., Peters, B. G., og Verhoest, K. (2010). The Coordination of Public Sector Organizations. Shifting Petterns of Public Management. Basingstoke, England: Palgrave Macmillan.

      Bourne, H., og Jenkins, M. (2013). Organizational values: A dynamic perspective. Organization Studies, 34(4), 495–514.

      Brox, O. (1999). Praktisk samfunnsvitenskap. Oslo: Universitetsforlaget.

      Christensen, T., Egeberg, M., Larsen, H. O., Lægreid, P., og Roness, P. G. (2002). Forvaltning og politikk. Universitetsforlaget.

      Christensen, T., og Lægreid, P. (2004). The fragmented state – the challenges of combining efficiency, institutional norms and democracy. (Working paper 3-2004). Bergen: Stein Rokkan centre for social studies.

      Christensen, T., Lægreid, P., Roness, P. G., og Røvik, K. A. (2007). Organization Theory and the Public Sector. Instrument, culture and myth. London and New York: Routledge.

      Departementene. (2014). Bolig for velferd. Nasjonal strategi for boligsosialt arbeid (2014–2020). Oslo: Departementene

      Dyb, E., og Johannessen, K. (2009). Bostedsløse i Norge 2008 en kartlegging (NIBR-rapport 2009:17). Oslo: NIBR.

      Dyb, E., og Johannessen, K. (2013). Bostedsløse i Norge 2012 en kartlegging (NIBR-rapport 2013:5). Oslo: NIBR.

      Dyb, E., Solheim, L. J., og Ytrehus, S. (2004). Sosialt perspektiv på bolig. Oslo: Abstrakt forlag.

      Egeberg, M. (1989). Effekter av organisasjonsendring i forvaltningen. I M. Egeberg (red.), Institusjonspolitikk og forvaltningsutvikling. Bidrag til en anvendt statsvitenskap. Otta: TANO AS.

      Gautun, H., og Grønningsæter, A. B. (2012). Bolig og helse. Samhandlingsreformens betydning for boligpolitikken (Fafo-rapport 2012:3). Oslo: Fafo.

      Grønningsæter, A. B., og Nielsen, R. (2011). Bolig, helse og sosial ulikhet. Helsedirektoratet 03/2011. IS-1857. Oslo: Helsedirektoratet

      Hall, R. A., Clark, J. C., Giordano, P. V., og Rockel, M. V. (1976). Patterns of Interorganizational Relationships. Administrative Science Quarterly, 22(3), 457–474.

      Hanche-Dalseth, M., Bergem, R., og Aarflot, U. (2009). Bosetting av flyktninger i kommunene. En studie blant bosettingskommuner i Møre og Romsdal (rapport). Volda: Møreforsking Volda.

      Hanche-Dalseth, M., Yttredal, E. R., Bergem, R., og Ouff, S. M. (2010). Boligsosialt utviklingsprogram. Delrapport 2010 (rapport nr. 11). Volda: Møreforsking.

      Helsedirektoratet. (2012). Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig rus- og psykisk lidelse – ROP-lidelser. Sammensatte tjenester – samtidig behandling. Oslo: Helsedirektoratet.

      Jacobsen, D. I. (2004). Organisasjonsendringer og endringsledelse. Bergen: Fagbokforlaget Vigmostad og Bjørke.

      Kommunal- og regionaldepartementet. (2011). NOU 2011: 15 Rom for alle. En sosial boligpolitikk for framtiden (978-82-583-1107-9). Oslo: Departementenes servicesenter, Informasjonsforvaltning.

      Langsether, Å., og Sandlie, H. C. (2010). Boligsosiale utfordringer og løsningern. En forstudie til Boligsosialt utviklingsprogram i Lørenskog kommune (Notat nr. 8/2010). Oslo: NOVA – Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring.

      Langsether, Å., Sørvoll, J., og Hansen, T. (2008). Fragmentert og koordinert. Organisering av boligsosialt arbeid i norske kommuner. Rapport 18/08: NOVA – Norsk institutt for forkning om oppvekst, velferd og aldring.

      Lægreid, P., Randma-Liiv, T., Rykkja, L. H., og Sarapuu, K. (2014). Introduction: Emerging Coordination Practices in European Public Management. I: P. Lægreid, K. Sarapuu, L. H. Rykkja og T. Randma-Liiv (red.), Organizing for coordination in the public sector. Practices and Lessons from 12 European Countries. Basingstoke, England: Palgrave Macmillan.

      Ouff, S. M., og Hanche-Dalseth, M. (2009). Boligsosialt arbeid, medvirkning og flyktninger. Et forprosjekt som utforsker flykningers mulighet for medvirkning i kommunenens boligsosiale arbeid (Notat nr. 17). Volda: Møreforsking. Hentet fra http://www.moreforsk.no/default.aspx?menu=837&id=661.

      Ouff, S. M., og Yttredal, E. R. (2012). Boligsosialt arbeid og planlegging II (Notat 1/2012). Volda: Møreforsking.

      Ouff, S. M., Yttredal, E. R., og Hanche-Dalseth, M. (2010). Boligsosialt arbeid og planlegging (Rapport nr. 22). Volda: Møreforsking.

      Rambøll (2010a). Bærum kommune. Foranalyse av boligsosiale utfordringer (sluttrapport). Oslo: Rambøll.

      Rambøll (2010b). Lillehammer kommune. Foranalyse boligsosialt arbeid (sluttrapport). Oslo: Rambøll.

      Riksrevisjonen (2008). Riksrevisjonens undersøkelse av tilbudet til de vanskeligstilte på boligmarkedet. Dokument nr. 3:8 (2007–2008).

      Sahlin, I. (2003a). Modelltänkande och värdering av olika modeller, i Bostedsløshet i Norden – forskning, politikk og praksis. I: E. Dyb (red.), Bostedsløshet i Norden forskning, politikk og praksis. København: TemaNord 2003:523.

      Sahlin, I. (2003b). The Staircase of Transition: Survival through failure. Paper to be presented in the ICCR seminar on Housing and Social Inclusion, Brussels, 16–17 January 2003. ICCR seminar on Housing and Social Inclusion.

      Scott, W. R. (1981). Organizations: Rational, natural, and open systems. USA: Prentice Hall International.

      Shaw, M. (2004). Housing and public health. Annual Reviews of Public Health, 25(8), 1–8.

      Stangnes, R. (2014). Boligsosialt arbeid. Foredrag fra programsamling Boligsosialt utviklingsprogram for Husbanken Region Midt, 11. februar 2014.

      Sørvoll, J. (2011). Den boligsosiale vendingen. Norsk boligpolitikk fra midten av 1990-tallet i historisk perspektiv. I Vedlegg i NOU 2011: 15: Rom for alle. En sosial boligpolitikk for framtiden (s. 171–180). Oslo: Departementenes servicesenter. Informasjonsforvaltning.

      Ulfrstad, L.-M. (2007). Boligpolitikken og velferdsstaten. I: E. Brodtkorb og M. Rugkåsa (red.), Under tak mellom vegger. Perspektiver på boligens betydning i velferdsstaten. Oslo: Gyldendal Akademisk.

      Ulfrstad, L.-M. (2011). Velferd og bolig. Om boligsosialt (sam-) arbeid. Oslo: Kommuneforlaget.

      Yttredal, E. R., Bakke, G. K., Ouff, S. M., og Bergem, R. (2014). Eit spørsmål om verdiar, tillit og fleksibilitet. Samordning av bustadsosiale tenester for menneske med samtidig rusliding og psykisk liding (Rapport nr. 55/14). Volda: Møreforsking.

      Yttredal, E. R., Bakke, G. K., Ouff, S. M., og Eikrem, M. (2014). Boligsosialt arbeid og organisering. Et utviklingsprosjekt for kommuner med utfordringer i å koordinere det boligsosiale arbeidet (Notat 4/14). Volda: Møreforsking.

      Yttredal, E. R., Bakke, G. K., Ouff, S. M., og Straume, K. (2015a). Samordning av boligsosialt arbeid i Nærøy kommune. Delrapport 4 fra kompetanseutviklingsprosjektet «Å koordinere det fragmenterte» (Notat 2015 nr. 4). Volda: Møreforsking.

      Yttredal, E. R., Bakke, G. K., Ouff, S. M., og Straume, K. (2015b). Samordning av boligsosialt arbeid i Oppdal kommune. Delrapport 2 fra kompetanseutviklingsprosjektet «Å koordinere det fragmenterte» (Notat 2015 nr. 2). Volda: Møreforsking.

      Yttredal, E. R., Bakke, G. K., Ouff, S. M., og Straume, K. (2015c). Samordning av boligsosialt arbeid i Rissa kommune. Delrapport 5 fra kompetanseutviklingsprosjektet «Å koordinere det fragmenterte» (Notat 2015 nr. 5). Volda: Møreforsking.

      Yttredal, E. R., Bakke, G. K., Ouff, S. M., og Straume, K. (2015d). Samordning av boligsosialt arbeid i Ørland kommune. Delrapport 3 fra kompetanseutviklingsprosjektet «Å koordinere det fragmenterte» (Notat 2015 nr. 3). Volda: Møreforsking.

      Yttredal, E. R., Bakke, G. K., Ouff, S. M., og Straume, K. (2015e). Samordning av boligsosialt arbeid. Sluttrapport fra kompetanseutviklingsprosjektet «Å koordinere det fragmenterte» (Notat nr. 6/2015). Volda: Møreforsking Volda.

      Yttredal, E. R., Bakke, G. K., Ouff, S. M., og Straume, K. (2015f). Samordning av bustadsosialt arbeid i Volda kommune. Delrapport 1 fra kompetanseutviklingsprosjektet «Å koordinere det fragmenterte» (Notat 2015 nr. 1). Volda: Møreforsking.

      Yttredal, E. R., Bergem, R., Bakke, G. K., og Ouff, S. M. (2014). Mot ein modell for verdibasert matriseleiing. Erfaringar frå arbeid knytt til koordinering av bustadsosialt arbeid i kommunane (Notat nr. 5/2014). Volda: Møreforsking Volda.

      Yttredal, E. R., Ouff, S. M., og Hanche-Dalseth, M. S. (2011). Iverksetting. Refleksjonsnotat knyttet til Boligsosialt utviklingsprogram (Notat 3/2011: Møreforsking Volda.

      Yttredal, E. R., Ouff, S. M., og Hanche-Olsen, M. S. (2013). Om å ha to fugler i hånden samtidig. Evaluering av boligsosialt utviklingsprogram. Sluttrapport. Rapport nr. 35: Møreforsking Volda.

      1Ordet koordinering (coordination) vert nytta i engelsk litteratur og også i norsk litteratur. Intuitivt synes ordet «koordinering» å vere meir hierarkisk og instrumentelt orientert enn vår forståing av det norske ordet samordning, men i engelsk samanheng finst ikkje ord som på betre måte dekkjer tydinga av det norske ordet samordning. Vi nyttar derfor omgrepa som nær synonyme i denne samanhengen.

      Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon