Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

2 Høge bølgjer, djupe dalar og små skritt

Dersom innovasjon er alt, er det kanskje ingenting?
Håvard Teigen er professor, HiL. Medredaktør i fleire bøker om innovasjon: Innovativ forvaltning, Fagbokforlaget 2007. Innovasjon i opplevelser og reiseliv, Fagbokforlaget 2009, Innovative kommuner, Cappelen Damm Akademisk 2013.
SammendragEngelsk sammendrag

Samandrag

Dette kapittelet reiser det store spørsmålet: Kva er innovasjon? Eg prøver å svare på dette både gjennom ein historisk gjennomgang og ein begrepsdiskusjon. Denne historiske gjennomgangen viser korleis store oppfinningar har gått over til å bli innovasjonar som har skapt utviklingsbølger bygd på det same forskingsmessige gjennombrotet. Denne historiske gjennomgangen dannar grunnlaget for ein kritisk diskusjon av innovasjonsbegrepet, og det blir åtvara sterkt mot ein tendens til å kalle alt for innovasjon.

Abstract

This chapter asks the big question: What is innovation? I try to answer this question through both an historical review and a conceptual discussion. The historical review shows how big inventions have become innovations that have created waves of development built on the same breakthroughs. This historical review forms the basis for a critical discussion of the concept of innovation, and it strongly warns against a tendency to call everything «innovation».

Keywords: Kondratiev,bølger,restfaktoren,Schumpeter

Innleiing

Kor viktig er innovasjon for økonomisk vekst og utvikling? I dag får vi inntrykk av at innovasjon og entreprenørskap er heilt naudsynt. Ei rekkje tidlegare sjølvstendige nærings- og utviklingsorganisasjonar er nå samla i ein stor organisasjon der alle er underlagt «innovasjonskriteriet». Namnet på den nye organisasjonen er, sjølvsagt, Innovasjon Norge. Slik har det ikkje alltid vore. Går vi tilbake til etterkrigstidas Norge, Europa og USA, var innovasjon og entreprenørskap omgrep brukt av spesielt interesserte. Og dei var ikkje mange. Entreprenørskap fanst ikkje på læreplanane til dømes på NHH, og heller ikkje på tilsvarande høgskular i resten av Europa.

Innovasjon som nymote

Fagerberg har på ein interessant måte dokumentert korleis innovasjon har kome på dagsordenen i innleiingskapittelet til The Oxford Handbook of Innovation (Fagerberg, 2005). Innovasjon i tittelen på «social science»-artiklar var nesten ikkje registrerbart dei første 20 åra etter andre verdskrigen. Så auka det til mellom 5–10% fram til midten på 1990-talet. Etter den tid har det eksplodert. Kva var det som skjedde? Vart det så mykje meir innovasjon, eller var det bruken av innovasjonsbegrepet som endra seg?

Tidlegare var nok innovasjon viktig i forskinga, men berre på tekniske høgskular og forskingsinstitutt. Innovasjon var eit sterkt avgrensa begrep knytt til fasen etter ei teknisk oppfinning, og det var berre knytt til fysiske produkt. Kriteriet for at oppfinninga fekk status som ein innovasjon, var at nyskapinga vart viktig for samfunnsutviklinga. Vanlegvis betydde det at oppfinninga vart kommersialisert, eller teke i bruk innan det militær-industrielle komplekset. Det var spreiinga av oppfinninga, diffusjonen, som gjorde oppfinninga til ein innovasjon.

Det er kanskje eit slags historisk «narrespel» at i den lengste og mest stabile vekstperioden under kapitalismen, tida frå andre verdskrig til 1970-talet, var innovasjon og entreprenørskap nesten framandord. I Norge vart den moderne forståinga av entreprenørskap og innovasjon for første gongen introdusert av professor Francis Sejersted i eit kompendium som vart teke i bruk av eit lite miljø som studerte økonomisk historie, først og fremst ved UiO. Kompendiet kom i 1973 og vart også teke i bruk i økonomisk historie på NHH og i andre miljø som studerte økonomisk historie.1 I denne boka trekte Sejersted fram Schumpeter som seinare har vorte den heilt dominerande guruen for forståinga av koplinga mellom entreprenørskap og innovasjon. Fram til dette tidspunktet meinte dei fleste at det var keynesiansk inspirert underskotsbudsjettering som fekk hjula i gang og førte oss ut av krisa i mellomkrigstida. Sejersted meinte å kunne påvise at det knapt nok vart ført slik keynesiansk politikk, og at det var nyetableringar i små bedrifter, entreprenørskap, som i større grad førte oss ut av denne krisa. Dette vart seinare imøtegått av andre historikarar, men Schumpeter var med dette introdusert også i Norge.

I den nære etterkrigstida vart keynesiansk politikk einerådande. Det var etterspurnadssida i økonomien som stod i fokus for makroøkonomisk politikk. Vi kan spissformulert seie at i den perioden ein hadde stabil økonomisk vekst, vart innovasjon ikkje tillagt særleg vekt. Det var først da krisa i økonomien oppstod, at først entreprenøren og så innovasjonen fekk ein dominerande plass. Som Fagerberg viste, var ikkje dette eit spesielt norsk fenomen. Den akademiske publiseringa viser at slik var det også elles i akademia, slik dette spegla seg av i relevante fagtidsskrift.

Det lange perspektivet: bølgjeteoriar

Å studere økonomisk vekst i etterkrigstida er eit langt tidsperspektiv for mange, men eit altfor kort perspektiv for andre. I ein periode var det slik at alle som prøvde å forstå utviklinga i nåtida gjekk tilbake til studium av fortida for å forstå dynamikken i utviklinga. Schumpeter arbeidde som forskar i ein slik tradisjon. Han gjorde store studium av kapitalismens utvikling i eit langtidsperspektiv i verket Business Cycles (Schumpeter, 1939). Dette følgde han opp med å gjere store analysar av samanhengen mellom økonomisk utvikling og politisk system (Schumpeter, 1942). Som Marx kom han fram til at kapitalismen ikkje ville overleve, men han hadde andre forklaringar. Rostow, derimot, presenterte ein faseteori som han kalla eit antikommunistisk manifest (Rostow, 1960).

Schumpeters teori om entreprenørens rolle som iverksettar av innovasjonar skreiv seg frå perioden der han var tyskspråkleg, men han skreiv dette hovudverket før han var tretti år gamal (Schumpeter, 1912). Det var eit ungdomsarbeid som først vart kjent da det kom ut på engelsk vel tjuge år seinare (Schumpeter, 1934). Da det endeleg kom ut, hadde han byrja karrieren si på Harvard, og der miste han etter kvart trua på entreprenøren slik også nesten alle andre gjorde i perioden etter andre verdskrigen.

Schumpeter var i sine studium sterkt påverka av Marx, men i sin analyse av kapitalismens historiske utvikling var han enda sterkare påverka av den russiske økonomen Nikolai Kondratiev (Kondratiev, 1935). Kondratiev meinte at han på grunnlag av historiske studium kunne identifisere at kapitalismen har utvikla seg gjennom sykliske og regelmessige bølgjer. Analysane hans stoppa der. Kva desse syklane skreiv seg frå, mangla han forklaring på. Dette greip Schumpeter fatt i og knytte bølgjene til store innovasjonar.

Den første bølgja av vekst starta på slutten av 1700-talet. Sjølvsagt har mange meint at avgjerande føresetnader ligg lenger tilbake i tid (Braudel, 1982), men det var på slutten av 1700-talet det «tok av». Viktige oppfinningar (som Spinning Jenny) vart gjort. Like viktig var at vasskraft i aukande grad erstatta muskelkraft. Dette vart spesielt knytt til mange innovasjonar som revolusjonerte tekstilindustrien, men også mange andre industriar i denne tidlege industrielle fasen. Det la grunnlaget for den industrielle revolusjonen som starta i England, og kom til Norge som relativt små etterdønningar frå 1840-talet.

Den andre bølgja starta på midten av 1800-talet. Det var i denne perioden dampkrafta kunne brukast på nye felt som jernbane (damplokomotivet) og overgangen frå seil til damp i skipsfarten og på mange, mange andre område. Dampmaskina var viktig også på den måten at fabrikkane «frigjorde» seg frå vassdraga. Byane kunne ekspandere frå dei gamle elveløpa, og nye industristader utanom vassdrag kunne vekse fram.

Tredje bølgje vaks seg stor frå slutten av 1800-talet. Elektrisiteten var den nye oppfinninga som var den store drivaren i denne perioden, og det vart utvikla ei rekkje elektrisitetsbaserte produkt og prosessar. I denne bølgja overtok Tyskland og USA den leiande rolla etter Storbritannia, men det generelle trekket var at fleire var med. Norge, som ikkje var med på den første bølgja, var i høgste grad med på den tredje.

Dette var dei tre bølgjene Kondratiev fekk med seg. Han fall i unåde hos Stalin (som han hadde vore rådgjevar for) fordi han argumenterte mot tvangskollektiviseringa av jordbruket. Stalin mislikte dei råda han der fekk, noko som kvalifiserte til dødsstraff. Utan samanlikningar elles har bølgje- og faseteoriar vore omstridde også i ettertida. Poenget med å trekkje fram Kondratiev spesielt er todelt. Det eine er at han vart så viktig for Schumpeter, men i dette kapittelet er det viktigaste at dette har vorte ein teori som seier at innovasjonar er heilt avgjerande for den langsiktige samfunnsutviklinga. Det er også gjort vellykka forsøk på å analysere norsk utvikling i lys av slik bølgjeteori (Selstad, 2007). Svaret på spørsmålet i første setning i dette kapittelet er altså heilt klart. I denne teoritradisjonen er innovasjonar viktige, ja avgjerande. På den andre sida er innovasjonsforståinga utelukkande knytt til tekniske oppfinningar og fysiske artefaktar. Til dømes oppstod det organisatoriske innovasjonar som aksjeselskapet og samvirkeorganiseringa, som etter moderne innovasjonsteori skulle ha like stor interesse.

Andre teoriar om samfunnsutvikling modererer sterkt viktigheita av dei store og radikale innovasjonane. Vi skal presentere nokre slike perspektiv.

Det radikale, det inkrementelle og det daglege strevet

Schumpeters typologisering av innovasjon utvida forståinga frå berre å gjelde oppfinningar og kommersialisering av desse oppfinningane. Han utvida til dette arsenalet:
  • nye produkt og tenester
  • nye produksjonsmetodar (prosessinnovasjon)
  • ny organisering
  • nye marknader
  • utnytting av nye råvarer eller halvfabrikat
Endeleg og ikkje minst: Kvart enkelt element treng ifølgje Schumpeter ikkje vere nytt. Innovasjon er nye kombinasjonar av tidlegare kjente produkt, prosessar osv. Ein hovudaktør stod for iverksettinga av dei nye kombinasjonane: entreprenøren. På denne måten vart entreprenørskap og innovasjon knytt saman slik vi i dag så ofte ser at det blir gjort. Det store spranget ved Schumpeters typologisering var at innovasjonar vart frikopla frå berre å femne om oppfinningar og fysiske produkt. Samstundes la dette grunnlaget for at eksplosjonen i bruken av innovasjonsbegrepet kunne ha kome langt tidlegare, men desse ungdomsarbeida av Schumpeter gjekk rett og slett i gløymeboka, ikkje minst fordi han sjølv la dei til side. Han, som dei fleste andre, kom etter kvart til å tru at innovasjonar i framtida kom til å skje i dei store konserna, eventuelt i partnarskap med tunge universitet.

Derfor levde koplinga mellom oppfinninga og den tekniske innovasjonen vidare på 1960-talet til dømes i Habakkuks historiske teknologianalyse (Habakkuk, 1967). Schumpeters typologisering vart «attfunnen» på 1970-talet, blant anna i Norge. Dette har gradvis ført til utviding av kva som blir kalla innovasjon, til dømes organisatoriske innovasjonar, og det også har vore ei utvikling der ikkje berre banebrytande oppfinningar og nyskaping blir kalla innovasjon, men også små forbetringar av det eksisterande. Vi har fått skiljet mellom radikale og inkrementelle (småstegs) innovasjonar. Bilen var ein radikal innovasjon, dei mange nyskapingane fram til bilane som rullar på vegane i dag, framleis med sjåfør, er inkrementelle innovasjonar. Nye og radikale innovasjonar knuser den gamle produksjonsmåten, det Schumpeter, i tråd med Marx, kalla kreativ destruksjon (Schumpeter, 1942). Dette kjenneteiknet ved radikale innovasjonar har andre kalla marknadsknusing (Afuah, 2003), og i organisasjonsteoretisk språkdrakt, kompetanseknusing. Inkrementelle innovasjonar, derimot, byggjer vidare på sterke sider ved eksisterande produksjonsmåte, marknadsorientering og organisasjonens eksisterande kompetanse.

Etter kvart som innovasjon har vorte mote, slik at alle prøver å kome inn under innovasjonsparaplyen, er det eit viktig spørsmål kva som er skilnaden på inkrementelle innovasjonar og det ein kan kalle det daglege strevet for å arbeide litt meir effektivt og betre. «If Planning is Everything, Maybe it`s Nothing» er tittelen på ein kjent artikkel (Wildavski, 1973). Slik er det også med innovasjon. Er vi t.d. tent med å kalle alle endringar som kjem i medarbeidersamtaler og «forslagskasser» for innovasjon? Systematisk forbetringsarbeid til dømes etter «lean»-metodikk bør kanskje normalt høyre inn under det høgst respektable og vanlege daglege forbetringsarbeidet?

I og med at innovasjon har vorte eit moteord, er det også spennande å diskutere om motar til dømes i form av merkevarer kan kallast innovasjonar? Mange meiner at alt som gjev forretningsmessig suksess er innovasjonar. Relatert til Schumpeters typologiar kan motar eller merkevarer kanskje definerast som innovasjon dersom dei gjer at produktet/tenesta kjem inn i nye marknader.

Er alle typar innovasjon like viktige?

Einskilde innovasjonsteoretikarar meiner sterkt og klart at ikkje alle innovasjonar kan likestillast i evne til å revolusjonere utviklinga. Reinert gjer seg til talsmann for at det er nye produkt, til naud nye tenester som er dei absolutt viktigaste innovasjonane, og at det derfor er viktig at fattige land og regionar startar med satsing på industri, og at dei får høve til å gje denne industrien oppfostringsvern. Prosessinnovasjonar er berre pusleri i samanlikning (Reinert, 2008). Da innovasjonsforsking på nytt kom på dagsordenen på 1980-talet, var det automatisering og ikkje minst bruk av robotar i produksjonen som hadde størst merksemd. Ein robot er isolert sett, og for den einskilde bedrifta, ein produktinnovasjon. For samfunnsnytten er roboten ein prosessinnovasjon. Det er ein annan, og vonleg, meir effektiv måte å produsere same produktet eller teneste på. Robotar kan gjere produkt billegare og med det vere viktig for å gjere produktet tilgjengeleg for fleire, men er mindre viktig enn heilt nye produkt og tenester, slik Reinert ser det. Det er likevel Schumpeters likestilling av dei ulike måtane å innovere på som nå dominerer innovasjonsforskinga. Fagerberg et al. har gjort ei stor gransking av kva for retning innovasjonsforskarar knyter seg til, og det som kan kallast «Schumpeter-skulen», er heilt dominerande (Fagerberg, Fosaas og Sapprasert, 2012).

Det enkeltdømet som viser denne dominansen best, er dei store internasjonale granskingane av innovasjon i private bedrifter, dei såkalla CIS-undersøkingane. Kartleggingsskjemaet er delt inn etter Schumpeters typologisering. CIS er databaser for publisering frå hundrevis av forskarar i mange land. På denne måten har dette kartleggingsskjemaet forsterka dominansen. I analysen av desse data har det vorte vanleg å rangere innovasjonane etter viktigheit med omgrepa innovasjon av type I og II. Dette er ei oppdeling som viser kor viktig innovasjonane har vorte for samfunnet. Den minst viktige er innovasjonar som berre er nye for den einskilde bedrifta. Dei som har vorte viktige for heile samfunnet, er dei innovasjonane som er nye for heile marknaden. Dette er ein noko annan måte å rangere på enn det tradisjonelle skiljet mellom radikale og inkrementelle innovasjonar.

Schumpeters utviding av innovasjonsbegrepet har vist seg så altomfattande, la oss kalle det inkluderande, at det også kan brukast i offentleg sektor. Det er gjort pilotstudium på kommunal innovasjon både i Norge og i nordiske land (Teigen, 2013, Bugge, Mortensen og Bloch, 2011) Derfor blir det også mogleg å samanlikne innovasjonstakt og andre kjenneteikn ved innovasjon i desse to sektorane. Det er gjort i ei samanlikning av kommunar og private bedrifter i Norge (Teigen, 2013). Denne granskinga viste at kommunane innoverer langt meir enn bedrifter innan den kategorien som er ny for den einskilde bedrift eller kommune. Derimot innoverer private bedrifter langt meir på produkt og tenester som er viktige for heile sektoren eller marknaden. Det er stort behov for å følgje opp slike granskingar for å sjå om desse funna er representative. Det viktige i dette kapittelet er å vise korleis innovasjonsforsking nå også kan brukast på denne delen av offentleg sektor. Det er enda eit døme på korleis innovasjonsbegrepet okkuperer nye arenaer. Med utgangspunkt i at vi også spør om det er heldig at alt blir kalla innovasjon, bør det bli ein diskusjon om det automatisk skal vere slik at det som er nytt for den einskilde bedrift eller kommune skal kvalifisere til å kallast innovasjon. Kva er da kopiering gjennom diffusjon?

Etter kvart som innovasjonsforskinga spreier seg, fleir og fleir vil bidra som innovasjonsforskarar og stadig nye samfunnsfelt kjem inn under innovasjonsbegrepet, oppstår det spørsmålet vi alt har stilt i dette kapittelet: Kva kvalifiserer i det heile teke til å bli kalla «innovasjon»? I økonomisk historie er har innovasjon først og fremst vore knytt til analyser av kva som har ført til økonomisk vekst. I dette faget har sjølvsagt hybridar mellom økonomar og historikarar bidrege mest. Eg vil invitere dykk inn i økonomane si leiting etter kva som ligg bak økonomisk vekst.

Restfaktoren: Jakta på innovasjonseffekten

Den vestlege verda kom inn i ein lang, krisefri periode med stabil og høg økonomisk vekst etter andre verdskrigen. Sjølvsagt var det akademiske miljø som var interessert i å forklare kva som låg bak denne veksten, men interessa for dette var eigentleg påfallande laber. Dette var ein periode der makroøkonomi dominerte over mikroøkonomi (Sandmo, 2006), men innafor makroøkonomien dominerte vidareutvikling av keynesianske likevektsmodellar. Dette var modellar som i all hovudsak konsentrerte seg om å forklare økonomiske balanseproblem innan ein gitt kapasitet og kompetanse i økonomien.

Langsiktig økonomisk vekst har økonomane hatt større problem med å forklare. Det vart gjort mange analysar, også i Norge, av kor mykje den reine veksten i arbeidskraft og kapital kan forklare av den samla økonomiske veksten. Dette bygde på vekstteoriane til Harrod og Domar (Harrod, 1948, Domar, 1946). Slike analysar vart gjort av mange i Norge, og Preben Munthe ajourførte dette i sine stadige oppdateringar av læreboka si (sjå t.d. Munthe, 1992). Det viste seg at den reine kvantitative veksten i produksjonsfaktorane forklarte berre avgrensa delar av veksten. Harrod-Domar-modellen hadde den veikskapen at den ikkje bygde inn moglegheitene for å erstatte arbeidskraft med kapital. Nettopp slik substitusjon ved å tilføre fleir maskiner per arbeidar for å få opp veksten vart den mest vanlege vekststrategien. Solow som fekk Nobelprisen i økonomi, viste at denne vekststrategien ikkje hadde bærekraft på lang sikt (Solow, 1956). Ekstraproduktiviteten ved kvar ny krone i kapitalinnsats per arbeidar ville kaste mindre og mindre av seg og gå mot null. Derfor ville den langsiktige veksten i økonomien vere lik veksten i arbeidsstyrken, det Solow kalla den naturlege vekstraten.

Dette vart kalla «den nyklassiske vekstmodellen», men den lykkast aldri å forklare den samla veksten. Det var ein uforklarleg rest som ikkje kunne forklarast i modellen. Den var eksogen i modellen og forskarar frå andre disiplinar, som geografar, har gjort narr av dei elles kjepphøge og dominerande økonomane med å tillegge dei trua på at dette var ein rest som fekk status som «manna frå himmelen» (Selstad, 2007).

Den uforklarlege veksten vart kalla restfaktoren. Kva var dette for noko rart? Ein fann raskt ut at det var ein del av denne restfaktoren som kunne kvantifiserast. Det var at arbeidskraft gjekk over frå næringar med låg verdiskaping til næringar med høgre verdiskaping. Den gongen var dette i stor grad ein overgang frå landbruket til industrien. Denne delen av restfaktoren vart kalla «overflyttingsgevinsten». Denne forklarte ein stor del av restfaktoren i tidlege fasar av industrialiseringa. Den låge produktiviteten i jordbruket var forklart med at folketalsveksten vart absorbert gjennom paternalistiske mekanismar av den typen at store barneflokkar fekk livberging på garden sjølv om produksjonen auka mindre enn ressursbruken. Grenseproduktiviteten var null eller jamvel negativ, altså same fenomenet som Solow seinare påviste ville skje om ein i staden for å tilføre meir arbeidskraft held arbeidsmengda konstant og auka kapitalinnsatsen. Dette fenomenet vart observert, analysert og teoretisert i land etter land og fekk på engelsk samleordet «labour surplus»-teoriar (Fei og Ranis, 1964).

Store delar av restfaktoren kunne kvantifiserast og forklarast som overflyttingsgevinstar. Behovet for mye modellar for å forstå veksten var ikkje prekært. Økonomane pusta letta ut. I Norge, som i andre land, gav dette seg uttrykk i målet om å redusere sysselsettinga i jordbruket og satse på industri som vekstnæring. Så viste det seg etter kvart at overflyttingsgevinstane vart drastisk redusert over tid. Forklaringa var enkel. Når landbruksnæringa vart tømt, i Norge både gjennom overgang til meir produktive næringar og utvandring, auka produktiviteten per person i landbruket drastisk og overflyttingsgevinstane minka.

Ein var tilbake til start, og vekstmodellen og det som elles let seg gjere å kvantifisere, forklarte mindre av den observerte veksten enn nokon gong før. Korleis da forklare veksten? Alle, også økonomar, såg at kapitalinnsatsen ikkje berre hadde ein kvantitativ auke. Også kvaliteten og effektiviteten auka drastisk både gjennom nye oppfinningar og kvalitetsbetringar. Det galdt plogen og såmaskina i jordbruket, overgangen til motorsag og utviklinga av motorsaga i skogen osv. Og kvar var vi da? Da var vi tilbake til Schumpeter og tilbake til innovasjon som forklaring på vekst. Skilnaden var at nå forklarte utviklinga i oppfinningar, innovasjonar og teknologi berre ein mindre del av veksten.

Det var opplagt at denne endringa i kapitalens kvalitet forklarte ein del av den uforklarlege restfaktoren, men det var sannsynleg at det også kunne vere andre forklaringar. Slike faktorar kunne vere funn av, eller evne til å utnytte, nye råstoff, betre organisering av bedrifter og nye distribusjonsvegar. Nye marknader som gjorde det lettare å spesialisere seg, og moglegheiter for å utnytte stordriftsfordelar var andre typar forklaringar. Og kva var det som kjenneteikna alle desse? Jau, da er vi inne i Schumpeters kategoriseringar av innovasjon. Diskusjonane om restfaktoren skjedde i ein periode der Schumpeter sjølv hadde byrja å interessere seg for andre ting enn det han gjorde så banebrytande tenking på i ungdomsarbeida sine. Dei som deltok i diskursen om restfaktoren, såg ikkje ut til å kjenne, eller å leggje vekt på, Schumpeter sitt ungdomsarbeid (som ikkje vart oversett til engelsk før i 1934. Dette forklarer sjølvsagt ein del).

Oppnøstinga av kva som skjulte seg bak restfaktoren, førte oss altså først tilbake til Kondratiev, så inn i Schumpeters typologisering av innovasjon. Men det var framleis ei side ved den vedvarande økonomiske veksten økonometrisk orienterte økonomar ikkje fann forklaring på. Det var at alle dei elementa som etter kvart kom inn som mogleg forklaring på restfaktoren hadde same forventa eigenskap som overflyttingsgevinstane og tilføringa av meir kapital per arbeidstakar: Dei var venta å bli mindre viktige over tid. Grenseproduktiviteten ville gå ned fordi det starta med radikale innovasjonar, til dømes med oppfinninga av motorsaga, for så å gå over i mindre forbetringar av nye generasjonar motorsager.

Samla sett gjekk likevel ikkje veksttakta i økonomiane ned. Kva i all verda kunne vere forklaringa? I jakta på restfaktorforklaringar vart det frå første stund trekt inn som eit moment at ikkje berre kvaliteten på kapitalen hadde vorte betre, men også kvaliteten på arbeidskrafta. Helsetilstanden vart betre, og eit vanleg brukt mål på dette (som Aukrust interesserte seg for) var at gjennomsnittshøgde på soldatar auka jamt og trutt. Steglengda og muskelmengda auka, og arbeidsstyrken auka trutt. Men også her måtte det vere slik at soldatane ikkje kunne vekse til himmels. Dette momentet såg broren til statistikaren Odd Aukrust heilt intuitivt. Han byrja å interessere seg for kor høge soldatane ved slaget på Stiklestad kunne vere, og fekk bror sin, Odd, til å rekne det ut. Og svaret var at kjempene på Stiklestad var mellom 30 og 40 cm lange! Dette kunne ikkje stemme. På same måten rekna ein med at veksten i kvaliteten på arbeidskraft, målt på denne måten, før eller seinare måtte stoppe opp. Dessutan vart fysisk styrke mindre og mindre viktig med utviklinga i teknologi.

Gjennombrotet på dette feltet kom med Romer og det som har vorte kalla «ny økonomisk vekstteori» eller endogen vekstteori (Romer, 1987, 1990). Teorien er at spesialisert og aukande kunnskap og kompetanse ikkje har fallande, men aukande grenseproduktivitet (increasing returns) i motsetning til om ein berre aukar mengda av arbeidskraft eller kapital utan spesielle kvalitetar. Med meir kunnskap aukar evna både til å innta ny kunnskap og til å nyttegjere seg kunnskapen. Dette vart meir enn ein teori eller hypotese da det også lykkast å matematisere teorien. Ny økonomisk vekstteori er truleg ei av hovudforklaringane på den vendinga i innovasjonspolitikken som har gjort denne så FoU-orientert. Det har vore ei grunngjeving i seg sjølv for å auke forskingsinnsatsen som del av nasjonalproduktet, og det forklarer dei normative innovasjonssystemmodellane som koplar saman næringsliv, ulike FoU-institusjonar, forskingsparkar osv. Andre vil hevde at reine innovasjonsforskarar har vore viktigare for denne vendinga, til dømes Lundvall og Johnson sin viktige artikkel om lærande økonomi. Det er påfallande at dei i denne artikkelen ikkje refererer til det banebrytande gjennombrotet i ny økonomisk vekstteori som kom nokre år seinare (Lundvall og Johnson, 1994). Politikk og offentleg forvaltning blir kopla opp spesielt eksplisitt og tungt i «Triple Helix»-modellen, noko som forklarar den ivrige bruken av denne modellen til dømes i Innovasjon Norge. Her har også dei sin plass!

Diffusjon

I presentasjonen av Kondratievs bølgjeteori kommenterte vi ikkje kva som skjedde da den eine bølga ebba ut visualisert som ein djup bølgjedal før ei by bølgje byrja å bygge seg opp. Bølgjedalane representere kriser i økonomien. Schumpeter som altså bygde vidare på denne bølgjeteorien, skildra det som skjedde da ei bølgje byrja å bygge seg opp, med at dette var «svermar» av nye bedrifter som på ulike måtar spreidde den nye teknologien i marknadane. Det kom ny vekst i økonomien, men det nye slo også ut det gamle arbeids- og næringslivet. Det vart destruert av dei nye innovasjonane som spreidde seg. Dette førte til kriser som spreidde seg med den nye teknologien. Schumpeter snudde derfor på hovudet forståinga av slike kriser. Han sa at dei var naudsynte for å gje plass til det nye.

I norsk historie har vi eit spesielt godt døme på det som skjer i slike situasjonar. Jernbaneutbygginga i USA gjorde det mogleg å frakte korn billig til amerikanske hamner. Sjøtransport var billeg også i seilskutetida, og hamnebyar i Norge fekk billig korn som gradvis konkurrerte ut det norske. Da jernbane også vart bygd frå Oslo til Eidsvoll, og billig båttransport på Mjøsa kunne frakte vidare til Lillehammer, vart kornproduksjonen på det sentrale Austlandet råka av ei stor krise. Bøndene i dei gode jordbruksdistrikta i Mjøs-regionen klarte ikkje å konkurrere med korn (etter kvart dyrka av utflytta nordmenn!) på den amerikanske prærien.

Poenget med det som her er forklart, er at det er spreiinga av nye innovasjonar, ikkje oppfinninga eller oppkomsten, som får store samfunnsmessige konsekvensar både på godt og vondt. Eg har skrive at det var liten interesse for innovasjonar og entreprenørskap i etterkrigstida. Ein av grunnane til dette har eg nemnt, den aktive stat først og fremst som stimulator av etterspørselen gjennom underskotsbudsjettering. I Norge, og mange andre land, vart likevel den aktive staten tillagt langt fleire oppgåver og funksjonar. Ein av dei var nettopp det som vart kalla «teknologispreiing», altså diffusjon. I Norge er Thulin-utvalet (NOU 1981: 31 A og B) det store dømet på korleis ein tenkte at norsk industri (ja, det var berre industri ein tenkte på) skulle ta i bruk det nyaste av tekniske og teknologiske nyvinningar. Eigne, norske, oppfinningar hadde ein liten plass. SINTEF og NTH var den sentrale aktøren saman med Forsvarets forskingsinstitutt. Det var teknologispreiing som var hovudgrepet. Her fekk Statens Teknologiske Institutt ei sentral rolle. Instituttet var organisert slik at det kunne hjelpe industrien med å innføre ny teknologi over heile landet. Det skulle spreie det beste slik at det tok over frå det gamle. Etter kvart vart det større og større forståing for at det ikkje var tilstrekkeleg med teknisk kunnskap. Ein laut også ha moderne og vitskapstufta økonomistyring. Ingeniørar vart supplert med økonomar og jamvel andre profesjonar.

Den sterke vektlegginga på teknologispreiing kan forståast i lys av at alle dei leiande miljøa var sikre på at ny kunnskap, spesielt ny teknologi, i framtida ville springe ut av storføretaka sine laboratorium i meir og mindre intimt samarbeid med dei mest avanserte tekniske høgskular og universitet. Schumpeter sjølv, som nå var på Harvard, vart sjølve symbolet på at nå var tida for den talentfulle enkeltpersonen, entreprenøren, over. Han miste trua på den entreprenøren han skreiv om i ungdomen. I Norge mangla vi slike storføretak i amerikansk forstand, men som vanleg er i Norge, importerte og nedskalerte vi også her utanlandske suksessmodellar og etablerte slike koplingar mellom SINTEF/ NTH og norske storføretak. Men dette var unntaket. Norge hadde 1 promille av verdas folketal, og ein rekna nøkternt med at vi ikkje kunne ha stort meir av innovasjonane i verda. Å raskt tileigne seg og ta i bruk oppfinningar og innovasjonar frå andre gjennom teknologispreiing måtte bli hovudstrategien. Diffusjonsprosessane står nå heilt sentralt i innovasjonsforskinga, og Rogers (2003) er det store standardverket på feltet, men som vi skal kome til i neste avsnitt, er innovasjon viktigare samanlikna med diffusjon i Norge enn i dei fleste andre land.

Produktsyklusen i tid og rom

Global historie viser at både det å vere først ute, innovasjonsstrategien, og alternativet, satsing på teknologispreiing gjennom diffusjon, kan vere suksessfulle utviklingsstrategiar. Storbritannia under den industrielle revolusjonen er brukt som døme på suksess gjennom innovasjon. Japan var lenge brukt som det store dømet på suksess gjennom imitasjon. Kina har dei siste tiåra følgt Japan sin suksessformel. Korleis forstå desse mekanismane? Verdoorns lov, eller Verdoorn-effekten, har vore brukt til å forstå koplinga mellom ny teknologi og ulik utvikling mellom regionar og land (Armstrong og Taylor, 1993, Teigen, 1999). Ein observerer at same produkt/teneste blir produsert med ulik teknikk og teknologi frå stad til stad. Produksjonsfunksjonane er altså ulike i motsetnad til det nyklassisk teori tradisjonelt har lagt til grunn. Til kvar tid er det land og regionar som er i teknologisk forkant og gjennom dette vil ha ein konkurransefordel, men denne konkurransefordelen er ikkje permanent. Verdoorn analyserer regional vekst i lys av det han kallar «teknologiendringsrate» og vekst i den tradisjonelle kapital-/arbeidskraftbrøken.

Effekten av nøkkelbegrepet «teknologiendringsrate» kan studerast gjennom produksjon av det enkelte produkt og av bedriftene som har spesialisert seg på dette produktet. La oss knyte dette opp mot ein teori som akkumulerer frå det einskilde produktet til konkurransetilhøvet mellom regionar og land. Produktlevetidskurva er kjent. Den seier mange produkt går gjennom fire fasar. Ei tidleg introduksjonsfase, ei vekstfase, så mognings- og deretter aldringsfasa. I mogningsfasa stagnerer den samla etterspurnaden av produktet. Dersom produktet er ein innovasjon, vil det vere høg profitt i den første vekstfasen. Denne profitten fører til ein rask diffusjons- og imitasjonsprosess der det kjem fleire og fleire konkurrentar som produserer og sel same produkt (svermane, som Schumpeter kalla det). I denne spreiingsprosessen går profitten raskt ned, noko som blir dramatisk i stagnasjonsfasen. I denne fasen må bedriftene konkurrere på kostnadsreduksjonar og dei teknologisk avanserte og høgtløna regionane, og landa får problem. I denne fasen går produksjonen raskt ned i desse landa, og bedrifter lokalisert i lågkostnadsland tek over. Det er dette som viser at land som Norge ikkje kan satse først og fremst på diffusjon eller «beste praksis». Denne arketypiske utviklinga som vi kjenner så godt, til dømes frå norsk tekstilindustri, blir gjennom Verdoorn-effekten forstått slik: Dersom det er låg teknologiendringstakt eller høg teknologispreiingstakt, vil fordelane med å innovere – altså å vere først ute – blir redusert. I neste omgang forklarer dette kvifor land og regionar vanskeleg kan konkurrere på annan måte enn gjennom innovasjon etter at dei har fått eit høgt lønsnivå. Japan vart «tvinga» til å byrje teknologiutvikling/innovasjon som strategi da dei fekk sitt høge lønsnivå.

Oppsummering: Sjølve innovasjonen er viktig på den måten at den gjev ein konkurransefordel inkludert monopolgevinst for det føretaket som først får innovasjonen ut på marknaden. Viktig for heile samfunnet (nasjonalt og globalt) blir innovasjonen først gjennom spreiingsprosessen av det konkrete produktet/tenesta. I tillegg kjem at mange radikale innovasjonar har den eigenskapen at basisteknologien kan inngå i mange nye innovasjonar gjennom det Schumpeter kalla «nye kombinasjonar». Det er så i sin tur alle desse nye kombinasjonane som utgjer det som den same Schumpeter kalla «svermar» av nye innovasjonar. Endeleg er det slik at spreiingsmekanismane har ei økonomisk side der sjølve produksjonen flytter seg frå høgkostnads- til lågkostnadsregionar i den fasen der prisen på innovasjonen blir pressa ned, og produktet/ tenesta på den måten gjort tilgjengeleg for folk flest. I dei fattigaste landsbyar i Kina sit nå innbyggarane og puslar med smarttelefonen sin.

Innovasjonsaktøren

Schumpeter utvida innovasjonsforskinga frå oppfinninga og det fysiske produktet til mange slags nyskapingar ofte kjenneteikna av at gamle og velkjente artefaktar, organisasjonsformer, osv. vart sett saman og kombinert på nye måtar. Innovasjonsaktøren, iverksettaren av det nye og dei kreative kombinasjonane var entreprenøren.

Det var slike enkeltpersonar, entreprenørar, Schumpeter hadde mange døme på og hadde opplevd og observert i oppveksten sin.

Men allereie på det tidspunktet han opplevde småkapitalistanes evner til nyskaping i Austerrike/Tyskland der han vaks opp, hadde den moderne kapitalismen starta ei utvikling der storkonserna tok over meir og meir. I USA kom antitrust-lovgjeving for å regulere deira marknadsmakt og dominans over dei små på slutten av 1800-talet. I Tyskland vaks finanskapital og produksjon saman gjennom den spesielle tyske konstruksjonen, industribankar. Desse store aktørane utvikla eigne forskings- og utviklingsavdelingar. Samstundes var vi inne i ein fase der den teknologiske utviklinga fremja stordriftsfordelar i ei rekkje bransjar. Bilproduksjonen vart konsentrert i enorme fabrikkanlegg der produksjonen føregjekk på det løpande bandet. Elektroteknisk og elektrokjemisk industri kravde store investeringar og produksjonsanlegg med stordriftsøkonomi, osv.

Etter kvart miste alle interessa for den gamle entreprenøren som utvikla fikse idear i kjellar og bod. At innovasjonar i framtida ville skje i storføretaka sine FoU-avdelingar, ofte i nært samarbeid med tekniske høgskular/universitet og statlege finansieringsinstitusjonar, var få i tvil om. Også Schumpeter vart overtydd om at utviklinga hadde løpt frå hans gamle entreprenør, og han miste trua på sin eigen innovasjonsaktør frå ungdomen.

Det var ikkje berre storføretaket, men også statsføretaket, som fekk ei førande rolle i innovasjons- og teknologiutvikling. Det statsstyrte og statssamordna Sovjetsamveldet hadde nærma seg USA meir og meir i kunnskapsbasert teknologutvikling. På slutten av 30-talet og under krigen stod kampen om utviklinga av atombomba. USA svara med same mynt som Sovjet og satsa tungt gjennom militært finansierte selskap, forskingsinstitutt og forskingsprogram. USA vann, men også Sovjetunionen utvikla atombomba. I kampen om verdsrommet vann dei første runde med sin sputnik.

Mazzukato (2013) har vist at ikkje minst i USA var staten, ofte gjennom krigsindustrien, ein leiande innovasjonsaktør. Ho peiker på at også Internettet vart utvikla gjennom DARPA som var eit organ under det amerikanske forsvarsdepartementet. Det interessante er i og for seg ikkje om det er ein privat aktør eller offentleg aktør som står for det operative arbeidet med å utvikle ein radikal innovasjon. Det viktige er at radikale innovasjonar i tydinga store teknologiske sprang er svært risikofylte. Mazzukato sitt hovudpoeng er at i finansieringa er det staten som har teke høgrisikodelen. Dette gjeld også mange av dei store innovasjonane i Silicon Valley. Det var personar frå «det norske Amerika» som var med og stod i spissen for utviklinga av atombomba i USA. Tremenningen til Hamsun, Ernest Lawrence, fekk Nobelprisen i fysikk i 1930 for eit forskingsmessig gjennombrot i atomteknologien. Han var knytt til universitetet i Berkeley, og det store laboratoriet der er framleis militært område. I Norge følgde vi opp tenkinga, men sjølvsagt i liten skala, med Forsvarets forskingsinstitutt og atomreaktoren på Kjeller.

Samfunnsnytte, vekst og fordeling

Vi har vist at i den dominerande forståinga av innovasjon er det eit nært slektskap til entreprenørskap. I ein tankevekkande, enkelte vil seie banebrytande, artikkel, stiller Baumol (1996) spørsmålet: Er entreprenørskap berre bra og konstruktivt, eller kan det også vere både uproduktivt og jamvel destruktivt? Han trekte fram historiske døme på destruktive entreprenørskap. Det same grunnleggjande spørsmålet kan stillast til innovasjonar, og Soete (2013) har gjort det. Det er lett å vise historiske døme på at innovasjonar også kan vere destruktive. Atomteknologien er eit døme på dette. Det er brei semje om at denne teknologien brukt til å produsere atombomber ikkje bør spreiast, slik nettopp kjenneteiknet er ved konstruktive innovasjonar. Nye innovasjonar elles blir midlertidig verna mot spreiing gjennom patentlovgjeving i IPR. Dette skal sikre monopolprofitt i ein startfase for dei som har teke risikoen og investert store pengar i å utvikle nyskapinga. Marknadsmakta skal vere midlertidig. Atombombas krigsmakt skal derimot varig vernast mot spreiing. Fleire døme på at innovasjonar kan vere så destruktive at spreiing er farleg, trengst kanskje ikkje. Bror til Ernest Lawrence forska innan medisin og utvikla stråleterapi som del av kreftbehandlinga med basis i grunnforskinga bror hans hadde gjort om atombomba.

Det enda meir fundamentale spørsmålet er om alle bølgjene utløyst av steinras frå radikale innovasjonar er like konstruktive. Vi har følgt Kondratievs bølgjeteori berre så lenge han sjølv levde. Den fjerde bølgja (ofte avgrensa til 1930–1980) blir kalla fordismen, oppattkalla etter den nye prosessteknologien, samlebandet, og opphavleg knytt til masseproduksjonen av T-forden. Denne epoken var kjenneteikna av masseproduksjonssverm av forbruksvarer. Med andre verdskrig som eit intermesso var denne perioden ei spesielt lang vekstperiode også kjenneteikna av utjamning mellom arbeidarar og kapitaleigarar i dei industrialiserte landa.

Den femte bølgja, den vi nå er inne, har sjølvsagt vorte knytt til Internettet og informasjonsteknologien (enkelte koplar også på bioteknologien). Aldri har nokon innovasjon spreidd seg så raskt til så mange. Den store spreiinga starta med PC-en på 80-talet, eksploderte med Internettet frå 1990-talet og fekk ei ny rask omdreiing med at ein kunne ta duppeditten på lomma (smarttelefonen). Informasjonsteknologien har revolusjonert folks daglegliv over det meste av kloden. Og det har skjedd så raskt at ingen tidlegare bølgje kan måle seg verken i radikalitet eller kvantitet. Men er det av den grunn opplagt at informasjonsteknologibølgja også har kvalitetar ved at teknologien har gitt vekst og velstand til den enorme breidda av teknologiens brukarar?

Svaret på dette spørsmålet kjem an på kva ein er oppteken av. Alle bølgjer har hatt sine vinnarar og taparar. Marx synleggjorde framandgjering som ei negativ side allereie ved dei «førfordistiske» fabrikkane. Chaplin udøydeleggjorde lagnaden til den fordistiske i samlebandsarbeidaren som hadde berre ei arbeidsoppgåve heile dagen: å skru fast ein mutter. Filmen heitte «Modern times» og illustrerte at ikkje alt moderne er framsteg for alle. Dei siste åra har mange, mellom dei Piketty, Reich, Krugman og Stigliz, dokumentert at i informasjonsteknologiens heimland USA har den jamne amerikanar ikkje hatt levestandardframgang dei siste 20–30 åra, altså sidan Internettet byrja å slå gjennom. Det er kjenneteikn og eigenskapar ved den siste bølgja som har gjort det store fleirtalet til storforbrukarar, men økonomisk tapande konsumentar av den nye teknologien, symbolisert med at sjølv i fattigkvartera i storbyane har alle sin smarttelefon i handa – alltid.

Det som har skjedd i land etter land dei siste 20–30 åra, er eit raskt veksande gap mellom dei få rike, ei stagnerande og angstbitersk middelklasse og eit aukande tal fattige. Det er ikkje vist at det er informasjonsteknologien som produserer desse nye store klasseskilla, og i ein viss forstand kan det umogleg vere det. Teknologien i seg sjølv kan ikkje få ansvar for noko som helst. Menneske kan med klassekamp, politiske grep og reguleringar tøyle teknologien.

Mange har vist at i desse 20–30 åra har levestandarden jamna seg ut mellom rike og fattige land. Fleire fattige land har hatt ei eventyrleg utvikling, med Kina som det store dømet. Mange er likevel samde om at det er produksjonsformer frå den fordistiske bølgja som har vore basis for denne veksten. Den fordistiske masseproduksjonen er flytta frå Europa og USA til Kina (og andre tilsvarande land). Ikkje berre det. Det kan lett grunngjevast at også den Kina-drivne veksten har vore grunnlagt på ein «labour-surplus»-modell. Slik sett er vi globalt der Europa var på tidleg 1800-tal, da overskotsarbeidskraft frå jordbruket gjekk inn som billeg arbeidskraft i den industrielle revolusjonen.

Den fordistiske epoken utløyste reguleringsregimer som var avgjerande for at arbeidar- og middelklassen fekk betre kår i den «gamle industrialiserte verda». Gjennom demokratiet som styringsform kunne massane nyte godt av at dei nettopp var «masse», altså mange som kunne oppnå fleirtal. Både dei fordistisk organiserte bedriftene og byråkratiet i offentleg sektor og i storforetaka var eigna rammer for den organiserte kapitalismen. Ein kan i schumpeterianske termar kalle det organisatorisk innovasjon eller reguleringsinnovasjon. Denne innovasjonen fylgde ikkje med bedriftene og produksjonen til Kina. Her har ikkje lønsarbeidarane fått den same forhandlingsmakta og lønshevingar.

Vesten har på si side fått permanent høgre arbeidsløyse enn under fordismen, og sysselsettingsveksten har vore i tenesteytande næringar. Overgangen frå vareproduserande til tenesteytande næringar har i denne perioden ikkje ført til økonomiske overflyttingsgevinstar. Lønsnivået er lågare i tenesteytande sektor enn i industrien, og har vore det lengje. Verdiskapinga har også vore i gjennomsnitt lågare i desse næringane. Det som derimot har skjedd, er at desse næringane av ulike grunnar har fått ei dårlegare organisert arbeidarklasse (prosenten fagorganiserte er langt lågare). Både den klassekampen som sikra økonomisk vekst også for arbeidarklassa under fordismen, er såleis sterkt svekka. Med Thatchers fagforeiningsknusing på tidleg 80-tal har ein næringsliberalistisk ideologi spreidd seg langt inn i sosialdemokratiske parti, også i Skandinavia. Det er fråværet av klassekamp og politisk vilje til reguleringar, meir enn teknologisk utvikling, som forklarar det sterkt veksande gapet mellom dei få styrtrike og dei mange nyfattige. Likevel er det også kjenneteikn ved den nye informasjonsteknologien som gjer politikkens styrande og overordna rolle vanskelegare. Dette blir spesielt godt illustrert med det som nå (så fullstendig misvisande) blir kalla delingsøkonomien. Dette er ein oppdelings- og fragmenteringsøkonomi der fleire og fleire, i stadig nye bransjar, blir frilansarar utan fast lønsarbeid og utan kollegaer og klassefrendar som dei kan ivareta interessene sine saman med. Delingsaktørar som Uber blir av mange framstilt som snille gammaltanter som deler rettferdig med dei mange som klimaukorrekt køyrer på måfå rundt i storbyane og ventar på ein Uber-passasjer. Med dette er ikkje ei gammaltante. Det er ein forretningsidé der profitten går til California og er med og akselererer skilnaden mellom fattige og rike.

Oppsummering

Dette kapittelet har vore ei vandring i litteraturen om samanhengen mellom innovasjon og utvikling, med vekt på økonomisk utvikling. Det er vist at innovasjon som begrep har hatt ei eksplosiv utvikling dei siste 20–30 åra, men det er ei relativt lita kjerne av personar som har drive det fram. Mange har relasjonar til og rota si i miljøet Sussex. Felles for dei er at dei knyter seg til ei retning i økonomien som dei kallar «evolusjonær» økonomi. Namnet er henta frå darwinismen, og einskilde går langt i å analysere nokså analogt med Darwins mest kjente begrep: «The survival of the fittest». I Norge har Gjelsvik gjort det (Gjelsvik, 2007). Det er ikkje tvil om at Schumpeters sentrale begrep «kreativ destruksjon» inviterer til dette, og at evolusjonær økonomi var inspirert av Darwin si lære.

Evolusjonær økonomi er ein bitteliten sidestraum som yppar seg mot nyklassisk økonomi. Nyklassisk økonomi er ei av dei få retningane innan samfunnsvitskapen som kvalifiserer til å vere eit paradigme i Kuhns forstand. Dei evolusjonære prøver seg på å oppnå «paradigmestatus» slik Lars Thue (1997) på ein småfrekk måte prøvde seg på å gje historisk institusjonell økonomi ein slik status. Hovudåtaket mot nyklassisk økonomi frå dei evolusjonære er at nyklassikarane legg til grunn at normaltilstanden i økonomien er, eller i alle fall bør vere, balanse. Dei evolusjonære legg vekt på at det er omvendt. Det er predatorane, med entreprenøren i spissen, som driv utviklinga framover gjennom stadig å riste dei etablerte ut av balanse. Innan den nyklassiske økonomien har keynesianismen dominert med si vekt på å skape balanse gjennom etterspurnadssida i økonomien. Dei evolusjonære er derimot tilbodssideorientert. Ein kan spørje kvifor evolusjonær økonomi ikkje klarer å oppnå den same paradigmestatusen som den nyklassiske. Det er sikkert mange svar på det, men eitt av dei er at nyklassikarane viser seg å vere fleksible og til dømes har klart å bygge dynamiske modellar med ubalanse innarbeidd.

I dette kapittelet har koplinga mellom innovasjon og vekst stått i fokus, og med Schumpeter som gjennomgangsfigur og «the comeback kid». Eg vil avslutte med å peike på eit paradoks i vår bruk av Schumpeter. Som økonomisk historikar la han vekt på dei store innovasjonane. Det var dei som laga bølgjene og forma historia. I sin mikroøkonomi om entreprenøren la han vekt på det som ikkje var stort og nytt, men «nye kombinasjonar». Det er denne mikroøkonomien som han sjølv gjekk bort frå på slutten av karrieren sin som har vorte dominerande. Det store skiljet før og etter Schumpeter var at han stod for det eg har kalla ei «inkluderande opning» av innovasjonsfeltet. Tidlegare var det berre knytt til fysiske oppfinningar. Med Schumpeter vart det slik at innovasjonar både kunne skje innafor alle dei fem typologiseringane, kombinasjonar innanfor kvar av dei fem og kombinasjonar mellom dei fem. Desto viktigare blir det at vi skil mellom det som er og det som ikkje er innovasjonar etter andre kriterium, til dømes i skiljet mellom daglege forbetringar, småstegsinnovasjonar og radikale innovasjonar. Dersom ei ny organisasjonsform berre viser seg å vere resultat av at vellykka konsulentar sel inn ein mote, bør det etter mitt syn ikkje kallast ein innovasjon dersom organisasjonsforma ikkje overlever motebølgja. Eg vil også normalt vere uvillig til å kalle det ein innovasjon når det nye berre er nytt for bedrifta og ikkje nytt i heile marknaden eller forvaltningsområdet (dersom det dreiar seg om offentleg sektor). Eg har sjølv synda her og lagt for stor vekt på det som berre er nytt for den einskilde bedrift eller organisasjon, til dømes da eg kartla innovasjon i norske kommunar og samanlikna med innovasjonar i privat sektor (Teigen, 2010).

Det blir sagt om Marx at hadde han levd lenger og opplevd revolusjonen i Sovjet, ville han ha sagt: Eg er ikkje marxist. Kanskje ville Schumpeter sagt det same om han hadde sett kva dei fleste innovasjonsforskarane puslar med? Kanskje ville han også ha sagt at: Dersom innovasjon er alt, er det ingenting.

Litteratur

Afuah, A. (2003). Innovation management: strategies, implementation and profits, New York: Oxford University Press.

Armstrong, H. og Taylor, J. (1993). Regional economics & policy, London: Harvester Wheatsheaf.

Barth, F. (red.) (1963). The Role of the Entrepreneur in Social Change in Northern Norway, Oslo: Universitetsforlaget.

Barth, F. (1978). «Economic Spheres in Darfur». I Raymound, F. (red.) Themes in Economic Anthropology, Tavistock Publications.

Baumol, W.J. (1996). «Entrepreneurship: Productive, unproductive, and destructive» Journal of Business Venturing, vol. 11: 1, s. 3–22.

Braudel, F. (1982). Vardagslivets strukturer. Det möjligas gränser. Civilisasjoner och kapitalism 1400–1800, Stockholm: Gidlunds bøker.

Bugge, M.M., Mortensen, P.S. og Bloch, C. (2011). Report of the Nordic Pilot Studies – Analyses and methodology and results. Report 40/2011: NIFU.

Domar, E. (1946). «Capital expansion, rate of growth, and employment». Econometrica, vol. 14, 137–147.

Fagerberg, J. (2005). Innovation: A Guide to the Literature. I J. Fagerberg, D.C., Mowery, R.R. og Nelson (red.) The Oxford Handbook of Innovation (s. 181–208), Oxford: Oxford University Press.

Fagerberg, J., Fosaas, M. og Sapprasert, K. (2012). «Innovation: Exploring the knowledge base». Research Policy 41, 1132–1153.

Fei, C.H. og Ranis, G. (1964). Development of the Labour Surplus Economy. Homewood: Irwin.

Gjelsvik, M. (2007). Innovasjonsledelse. Bergen: Fagbokforlaget.

Habakkuk, H.J. (1967). American and British Technology in the Nineteenth Century. The Search for Labour-Saving Inventions. Cambridge: Cambridge University Press.

Harrod, R.F. (1948). Towards a Dynamic Economics. London: Macmillian.

Kondratiev, N. (1935). «The Long Waves in Economic Life». The Review of Economic Statistics XVII, 6, 57–67.

Kuhn, T. (1962). The Structure of Scientific Revolutions. Chicago: The University of Chicago Press.

Lundvall, B. og Johnson, B. (1994): «The Learning Economy» Industry & Innovation, 1:2, 23–42.

Mazzukato, M. (2013): The Entrepreneurial State: Debunking Private vs. Public Sector Myths. London: Anthem Press, DEMOS.

Munthe, P. (1992): Sirkulasjon, inntekt og økonomisk vekst. Oslo: Universitetsforlaget.

NOU 1981: 31 A og B: Forsking, teknisk utvikling og industriell innovasjon.

Reinert, E. (2008). How rich countries got rich – and why poor countries stay poor. London: Little, Brown Book Group.

Rogers, E.M. (2003). Diffusion of Innovations (Fifth edition). New York: The Free Press.

Romer, P.M. (1987). «Growth Based on Increasing Returns due to Specialization». Papers and Proceedings of the American Association 77, 2: 56–62.

Romer, P.M. (1990). «Endogenous Technological Change». Journal of Political Economy 98, 71–102.

Rostow, W.W. (1960). The Stages of Economic Growth: A Non-Communist Manifesto. Cambridge: Cambridge University Press.

Rønning, R. og Teigen, H. (red.) (2007). En innovativ forvaltning? Bergen: Fagbokforlaget.

Sandmo, A. (2006). Samfunnsøkonomi – en idéhistorie, Oslo: Universitetsforlaget.

Schumpeter, J. (1912). Theorie der wirtschaflichen Entwicklung. Berlin: Duncker & Humblot.

Schumpeter, J. (1934). The Theory of Economic Development, Cambridge, Mass.: Harvard University Press.

Schumpeter, J. (1939). Business cycles: a theoretical, historical and statistical analysis of the capitalist process. Philadelphia: Porcupine Press.

Schumpeter, J. (1942). Capitalism, socialism and democracy. London: George Allen & Unwin.

Sejersted, F. (1982). Historisk introduksjon til økonomien. Oslo: Cappelen Damm.

Selstad, T. (2007). Innovasjoner i tid og rom. I Rønning, R. og Teigen, H. (red.) En innovativ forvaltning? Bergen: Fagbokforlaget.

Soete, L. (2013). Is Innovation Always Good? I Fagerberg, J., Martin, B. og Sloth Andersen, E. (red.) Innovation Studies. Evolution & Future Callenges. Oxford: Oxford University Press.

Solow, R.M. (1956). «A contribution to the theory of economic growth» Quarterly Journal of Economics, 70, 65–94.

Teigen, H. (1999). Regional økonomi og politikk. Oslo: Universitetsforlaget.

Teigen, H. (2010). Kommunane som innovatørar. I T. Ringholm, H. Teigen og N. Aarsæter (red.) Innovative kommuner. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Teigen, H. (2013). Kommunane som innovatørar. I T. Ringholm, H. Teigen og N. Aarsæter (red.) Innovative kommuner. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Thue, L. (1997). Kapitalismens dynamikk og former. I R.P. Amdam, S. Knutsen og L. Thue (red.) Bedrift og samfunn. Bergen: Fagbokforlaget.

Wildavski, A. (1973). «If Planning is Everything, Maybe It`s Nothing», Policy Science 4, 127–153.
1Kompendiet kom først ut som bok i 1982 (Sejersted, 1982).

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon