Det er stort endringstrykk i offentleg sektor. Eit raskt søk på temaet i offentlege dokument og utgreiingar gir mange treff på stikkord som fornying, forbetring og innovasjon. Forskingsrådet har mellom anna, i perioden 2002–2008, hatt program for forsking på innovasjon og fornying i offentleg sektor (FIFOS). På heimesidene til Norges forskningsråd blir visjonen for programmet omtala på følgjande måte: «Visjonen for satsinga på innovasjon og fornying i offentleg sektor har vore å bidra til at Norge skal få den smartaste offentlege sektor i verda, forma og driven av dei best utdanna offentlege tilsette i verda.» Visjonane for endring i sektoren er såleis store. Kapitla i denne antologien tek ikkje for seg visjonane, men prøver å sjå endringar i ulike delar av offentleg sektor, både basert på erfaringar frå konkrete studiar og meir prinsipielt. Stikkorda er innovasjon, utviklingsarbeid og læring.

Innovasjon

Håvard Teigen stiller spørsmålet: «Dersom innovasjon er alt, er det kanskje ingenting?», med referanse til Wildavsky sin kjende artikkel med tittelen «If planning is everything, maybe it is nothing». Som Teigen viser, er vi inne i ei bølge med stor tru på innovasjon som endringskraft, ikkje berre innan industri, men i heile samfunnet. Teigen er kritisk til denne oppfatninga og viser, gjennom sin gjennomgang av økonomisk historie med fokus på samanhengen mellom innovasjon og utvikling, kor problematisk ei slik alminneleggjering av omgrepet innovasjon er. Han skil derfor mellom daglege forbetringar, småstegsinnovasjonar og radikale innovasjonar, og er kritisk til å bruke innovasjonsomgrepet på endringar som berre er nye for bestemte føretak eller organisasjonar og ikkje i heile marknaden eller forvaltningsområdet.

Medan Teigen er økonomisk historikar, er Jan Inge Sørbø humanist. I kapittelet «Innovasjon – og immateriell kapital» ser Sørbø på desse to omgrepa frå litteraturvitskapleg og filosofisk perspektiv, og med fokus på innovasjon, som var hovudtema på Fjordkonferansen 2015 og immateriell kapital, som er tema i 2016. Det er interessante parallellar i argumentasjonen til økonomen Teigen og humanisten Sørbø. Sørbø peikar på at omgrepet innovasjon opprinneleg inkluderte noko uforklarleg og uforutseieleg, prosessar og endringar ein kanskje kunne forstå i ettertid, men som det var vanskeleg å forklare og planlegge. Alminneleggjeringa og instrumentaliseringa av innovasjon, gjennom teknikkar og oppskrifter, er derfor med på å øydelegge sjølve omgrepet. Sørbø hevdar at alle slike omgrep har sitt eige livsløp, og at historia om innovasjonsomgrepet kan oppsummerast slik: «Det startar som ei insistering på kloke menneske, kreative innovatørar, og endar med ei handbok i departementet …. og det einaste innovasjonsprogramma ikkje greier, er å tenkja ut noko nytt og uventa.»

Immateriell kapital, derimot, er eit relativt ungt omgrep knytt til korleis ein kan verdsetje ikkje-materielle verdiar i eit selskap, men er i ferd med å utvikle bruksområdet sitt knytt til andre omgrep som sosial, kulturell, human kapital, som i stor grad peikar på spontanitet, verdiar, normer, kreativitet, sivilt samfunn m.m. Det peikar på det uforutseielege og ustyrlege, men som lett kan bli borte gjennom instrumentalisering. Medan Teigen og Sørbø fokuserer på innovasjon som omgrep, illustrerer og drøftar Ingunn Gjerde, Harald Torsteinsen og Turid Aarseth eit døme på offentleg innovasjon i kapittelet «Tildelingskontoret – en innovasjon i norske kommuner?». I løpet av dei siste åra har mange kommunar oppretta eigne avdelingar for vurdering av behov for og tildeling av individuelle helse- og sosialtenester, gjerne som eit resultat av samhandlingsreforma, og spesielt i dei større kommunane. Forfattarane meiner at kontora opererer i spenningsfeltet mellom ulike styringsparadigme som NPM, NPG og NWS. Dei meiner gjennom teori og empiri å vise at styringsparadigmet New Public Management (NPM) er på hell, og at slike organisatoriske samordningsprega innovasjonar er mest prega av nyweberianske paradigme (NWS).

Hans Petter Iversen og Atle Ødegård fokuserer i det vitskaplege essayet «Innovasjonsinvasjon – og hvorfor det?» på nokre av dei same perspektiva som Teigen og Sørbø: Kvifor blir samfunnet og offentleg sektor for tida invadert av kravet om innovasjon? Kvifor er det sterkt fokus på fusjonar, organisasjonsformer og privatisering, og kva er drivkreftene? Med grunnlag i drøftingar lanserer dei avslutningsvis ni tesar eller påstandar om innovasjon i offentleg sektor, og dei legg vekt på behovet for meir kunnskap om konsekvensar.

I kapittelet «Kommunal organisering i møte med samhandlingsreforma» av Lars Rønhovde, drøftar han korleis kommunar møter samhandlingsreforma ut frå kva politisk og administrativ organisering dei har. Han finn at kommunar med flat administrativ struktur har større utfordringar med å møte reforma administrativt, enn kommunar med sektororganisering. Tilsvarande ser det ut til at politikarar i kommunar med politisk sektororganisering er meir aktive enn i kommunar med anna politisk organisering. Som venta er det forskjellar mellom små og store kommunar. Det administrative mellomnivået ser ut til å vere viktig for å få gode lærings- og kommunikasjonsprosessar i kommunane.

«Strategiar for språkleg velferd» er tittelen på kapittelet til Eli Bjørhusdal. Temaet er norsk språkforvaltning, med vekt på korleis offentleg sektor styrer nynorskbruk og bokmålsbruk. Datagrunnlaget for drøftinga er ein analyse av 140 offentlege dokument som gjeld opplæring og kultur. Diskusjonen til Bjørhusdal vert mellom anna sett i lys av skiljet mellom «universal rights» og «group-differentiated rights», som ho hentar frå filosofen Kymlicka. Kapittelet viser at språkforvaltninga styrer i retning bokmål. Bjørhusdal konkluderer med at språkpolitisk differensiering er ein innovativ og nødvendig strategi for språkleg velferd for det nynorske språksamfunnet.

Utviklingsarbeid

Kjersti Halvorsen tek oss med inn i nabolaget til Joseph Schumpeter, ved å kople innovasjonsomgrepet til forståinga av korleis statlege tilsynsordningar fungerer eller kan fungere. Halvorsen drøftar innovasjon i Statens helsetilsyn. Forfattaren er oppteken av det tolkings- og handlingsrommet dei som skal stå for slikt tilsyn faktisk har. Sjølv om Statens helsetilsyn i utgangspunktet er tufta på klare retningsliner og standardar, er det rom for å utøve tilsynet på fleire måtar. Revisorane blir definerte som bakkebyråkratar, i den forstand at dei gjennom tilsynsarbeidet står i direkte kontakt med dei enkelte verksemdene som er underlagt tilsyn. Gjennom ei vidareutvikling av tidlegare etablerte typologiar fell Halvorsen ned på at revisorrolla kan forståast gjennom fire idealtypar: «dommaren», «rådgivaren», «hestehandlaren» og «seremonimeisteren». Halvorsen drøftar grunnlaget for og utfordringar ved utøving av dei fire rollene, sett i lys av at dei kan medverke til innovasjon og utvikling i helsesektoren. At rollekonflikt oppstår, blir sett på som uunngåeleg. Som rådgivar kan revisoren til dømes legge grunnlag for eller medverke til å vidareføre utviklingsprosessar i organisasjonen, der tilsyn er gjennomført. Samtidig reiser ei slik utøving av tilsynsrolla spørsmål om evna til å opptre som ein upartisk instans. Når rollekonfliktane er uunngåelege, er bodskapen at det er meir relevant å handtere dei enn å prøve å løyse dei.

Kapittelet til Else Ragni Yttredal, Randi Bergem og Susanne M. Ouff drøftar kva rolle verdiar spelar i samordninga av bustadsosialt arbeid. Den kommunale organiseringa av det bustadsosiale arbeidet er fragmentert. Slik sett skil arbeidet seg ikkje frå andre offentlege tiltak som krev tverrsektoriell samordning. Samtidig er behovet for slik samordning på feltet stort. På basis av tidlegare studiar slår forfattarane fast at god samordning heng nøye saman med kva verdiar som ligg til grunn for arbeidet. Dei slår fast at kommuneorganisasjonen, gjennom å etablere eit felles verdigrunnlag, kan kome langt i samordninga av det bustadsosiale arbeidet. Samtidig blir det understreka at det er ein gjensidig påverknad mellom verdiane i kommuneorganisasjonen og den formelle strukturen, dei kunnskapane ein sit inne med og dei handlingane som organisasjonen representerer. Det er i dette samspelet ein kan forstå den betydinga verdiar har for samordning i offentleg sektor.

Åse Mørkeset og Richard Glavee-Geo peikar i sitt kapittel på at det er meir enn 15.000 norske studentar ved høgare utdanningsinstitusjonar i utlandet. Det store talet norske studentar i utlandet er også i tråd med uttalte utdanningspolitiske målsetjingar. Kapittelet til Mørkeset og Glavee-Geo presenterer ein studie der dei har sett på kva motivasjon, forventningar og erfaringar studentane har med tanke på å ta delar av utdanninga i utlandet. Studien er basert på tilbakemeldingar frå studentar som har vore på studentutveksling, og studentar som er aktuelle for å delta i utvekslingsprogram. Eit mål med studien er å skaffe kunnskap om motivasjon, forventningar og erfaringar blant studentane. Dette fordi slik kunnskap er sentral når ein skal utvikle og marknadsføre slike tilbod. Analysane av datamaterialet, som er samla inn blant bachelorstudentar ved Høgskolen i Ålesund, viser at dei uformelle informasjonskanalane er viktige. Påverknaden frå vennar og andre kjende er vesentleg for avgjerda om å gjennomføre eit studieopphald i utlandet som ein del av utdanninga. Slik sett utgjer dei studentane som alt har erfaring frå utlandsopphald i utlandet, ein viktig ressurs for utdanningsinstitusjonar som ønskjer å rekruttere nye studentar til liknande opphald.

Læring

Dorthea Sekkingstad og Ingrid Syse skriv om kunnskaps- og kompetanseutvikling i skulen. Kapittelet handlar om skulebasert vidareutdanning i klasseleiing, og om kva faktorar lærarar meiner bidreg til læring hos seg sjølve. Arbeidet er tufta på to fokusgruppeintervju med i alt 16 lærarar som har teke denne vidareutdanninga. Aktiv deltaking og forplikting, både frå lærarar og skuleleiinga si side, ser ut til å vere aller viktigast for læring. Kollektiv deltaking, praksisnært innhald, arbeid mellom samlingar, og at utdanninga går over ei viss tid, er fire andre faktorar som er viktige for læring. Ulike teoretiske perspektiv, som til dømes situert læringsteori og teoriar om profesjonelle lærande kulturar, ligg til grunn for drøftinga.

Studentar si erfaring med aktiv læring er tema i kapittelet til Welie Annett Schaathun og Hans Georg Schaathun. Det empiriske materialet er henta frå tre fokusgruppeintervju, med i alt 19 studentar, som har teke studieemnet Mikrokontrollere ved Høgskolen i Ålesund. Studentane som er informantar, er frå ulike kull. Forfattarane tek utgangspunkt i klassiske læringsteoriar, som behaviorisme, logisk konstruktivisme og sosiokulturell læringsteori. Kapittelet drøftar kva aktivitetar som skaper læring, og kva læringsaktivitetar som skaper trivsel. I tillegg tek forfattarane opp korleis læringsaktivitetar bør utviklast vidare. Konklusjonen deira er at god undervisning må bygge på fleire metodar for læring.

Teoriar skal hjelpe oss til å forstå verda rundt oss. Tilnærminga til og bruken av teori kan likevel vere mangfaldig. Nokre gonger kan den teoretiske forankringa vere synleggjort og tydleg. Andre gonger kan dei underliggande teoretiske føringane vere mindre synlege. Kapittelet til Uladzimir Kamovich og Kjersti Kjos Longva viser tilnærming til og bruk av praksisbasert metode, med innslag av handlingsorientert teori, i eit kurs i entreprenørskap for masterstudentar. Det særeigne ved denne måten å lære entreprenørskap på er ei sterk vektlegging av det praktiske, samtidig som dei underliggande teoretiske føringane er heilt eller delvis usynlege for studentane. Forfattarane har undersøkt korleis studentane opplever undervisning basert på desse prinsippa. Tilbakemeldingane frå studentane er positive. Det å lære handlingsteori gjennom praksis gir studentane både praktisk og teoretisk innsikt. Dette er ein type innsikt som studentane også kan overføre til livet utanfor studiet, anten det er knytt til erfaringar i arbeidslivet eller i anna samfunnsdeltaking.

Kapittelet til Torhild Lillemark Høydalsvik og Lars Gulbrandsen handlar om nye utfordringar og nye utdanningsvegar i barnehagelærarutdanninga, og spesifikt om korleis nye kvalifiseringsvegar i barnehagelærarutdanninga har endra studentgruppene. Datagrunnlaget er registerdata frå Statistisk sentralbyrå og data frå ei spørjeundersøking blant studentar ved sju utdanningsinstitusjonar som tilbyr arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning. Empirien vert drøfta i lys av teoriar om utdanning, læring og profesjonsteori. Studien viser at ein stor del av barnehagelærarane har erfaring frå barnehage før dei tek til på barnehagelærarutdanninga, noko som påverkar læringa hos studentane. Nye og meir fleksible utdanningsvegar gir ei studentgruppe med større aldersspreiing, ikkje minst fleire eldre studentar. Ein konsekvens av nye utdanningsvegar ser ut til å vere auka stabilitet hos barnehagelæraren. Det vil seie at fleire barnehagelærarar held fast på barnehagen som arbeidsplass, og i svært mange tilfelle vert dei verande i den barnehagen dei har arbeidd i medan dei gjennomførte barnehagelærarutdanninga.