Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Grunnverdiar og grunnomgrep i debatten om bruk av tvang mot utviklingshemma og demente

Bjørn Henning Østenstad (f. 1970), cand.jur. (Bergen), stipendiat ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen. E-mail: Bjorn.Ostenstad@jur.uib.no.

  • Side: 343-361
  • Publisert på Idunn: 2006-12-20
  • Publisert: 2006-12-20

Abstract: In this article the author discusses the basic values and concepts in the debate concerning use of coercion against individuals with cognitive impairment caused by various forms of dementia or mentally retardation. The traditional concept of individual autonomy, which is an important aspect of human dignity, has in a problematic way excluded persons with intellectual disabilities. Therefore, the author presents arguments in favour of the denomination of the competing values as right of self-determination and paternalism. He suggests that the concept of human dignity, which is the core value to be protected through human rights, should be seen as a balancing norm for the harmonization of the involved competing interests. Thus, in some cases use of coercion is necessary to secure human dignity of individuals with cognitive impairments that lead to decisional incapacity.

Keywords: Autonomy, human dignity, paternalism, integrity, mental retardation, dementia

A. PROBLEMSTILLINGA

Skal samfunnet kunne gripe inn mot ein aldersdement som set si eiga helse i fare ved å nekte å ta viktige medisinar, eller mot ein psykisk utviklingshemma som avviser å delta i opplæring som kan gjere han eller henne meir sjølvhjulpen? Eventuelt i kva situasjonar og på kva måte skal inngrep kunne skje? Og kva ordningar for saksbehandling og kontroll må vi i tilfelle krevje etablert? I denne artikkelen ser eg nærare på grunnleggjande verdiar som bør vere styrande for diskusjonen om bruk av tvang i behandling og omsorg overfor psykisk utviklingshemma og aldersdemente.

Eit hovudfokus skal rettast mot konflikten mellom ulike verdiar. Dette nødvendiggjer ein diskusjon av sentrale teoretiske omgrep som autonomi, integritet og menneskeverd. Kva gjeld spørsmålet om bruk av tvang mot utviklingshemma og demente, er dette omgrep som treng ein nærare analyse i ein juridisk kontekst. Moralfilosofisk tenking blir her eit viktig referansepunkt. Ei målsetting er å bidra til utvikling av ein omgrepsbruk som kan gje eit tenleg utgangspunkt for ein verdibasert juridisk analyse av problemstillingar knytt til bruk av tvang. Ein målestokk på om dette lukkast, er om eg maktar å finne ein måte å skildre verdikonflikten på som kan gje ei viss rettleiing for diskusjonen av meir konkrete spørsmål.

Trass store ulikskapar mellom tilstandane, er intellektuell funksjonssvikt eit fellestrekk ved psykisk utviklingshemming og demens. Vi snakkar om forstandsmessige funksjonshemmingar som – trass store individuelle variasjonar – i mange tilfelle gjer det vanskeleg for den det gjeld å forstå konsekvensane av eigne val og handlingar. Dette representerer eit viktig faktisk likskapspunkt for ein meir overordna diskusjon om legitimiteten av bruk av tvang i omsorg og behandling.

I Noreg er det ei utbreidd oppfatning at den faktiske tvangsbruken mot utviklingshemma og demente både har vore, og framleis er, omfattande. Samstundes har ein i dei nordiske landa hatt ulike haldningar til spørsmålet om ei særleg rettsleg regulering av feltet. Medan ein i Sverige har stilt seg negativ, har ein til dømes i Noreg vore meir positiv. Konkret har dette fått utslag gjennom kapittel 4A i sosialtenestelova,1 som regulerer bruk av tvang mot einskilde personar med psykisk utviklingshemming, og no også gjennom framlegget til eit nytt kapittel 4A i pasientrettlova2 med tittel: ”Helsehjelp til pasienter uten samtykkekompetanse som motsetter seg helsehjelpen m.v.”.3 Spørsmålet om tvangsbruk er altså aktuelt både innanfor sosialtenesta og helsetenesta. Dette er bakgrunnen for at eg omtalar den som blir eller kan bli utsett for tvang, dels som tenestemottakar, dels som pasient.

Spørsmålet om bruk av tvang mot såkalt svake grupper er kontroversielt også ut frå ein menneskerettsleg ståstad. Den norske debatten om sosialtenestelova kapittel 6A (no 4A) viste i så måte noko av sprengkrafta i tematikken.4 Tendensen til ei polarisering mellom dei som la størst vekt på høvesvis sivile og sosiale menneskerettar, var sterk. Samstundes er praksisen frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) både sparsam og ikkje alltid heilt klar om korleis denne typen problemstillingar bør løysast. Eit sentralt spørsmål i denne artikkelen er om ikkje menneskeverdomgrepet kan innta ei nøkkelrolle for avveging av dei konkurrerande verdiane. Det nærare opplegget for artikkelen skal presenterast no i punkt B.

B. TO GRUNNPOSISJONAR: AUTONOMI OG PATERNALISME

Det etiske dilemma ved bruk av tvang eller tiltak utan samtykke, formulerer Bernt som

[…] valget mellom å unnlate å gi hjelp eller omsorg til den som trenger det, og å krenke medmenneskers frihet ved å frata dem et vern for fysisk og psykisk integritet som vi anser som et grunnleggende gode i den liberale rettsstat.5

Ein alternativ måte å seie mykje av det same på, er at dei to grunnposisjonane – eller motpolane – i verdikonflikten er autonomi og paternalisme. Paternalismeomgrepet uttrykkjer ei ”vi veit best”-haldning. ”Vi” i denne samanheng er særleg helsepersonell/tenesteytarar.6 Tranøy definerer paternalisme slik:

[…] at man tiltar seg retten til å bestemme hva som er best for en annen, uten å spørre eller høre på den andre.7

Dette gjev etter mi meining ei for snever ramme. Det sentrale er resultatet: om tenestemottakar/pasient får bestemme sjølv, og ikkje om vedkomande blir høyrt eller ikkje. I same retning forstår eg så vel Aasen som Syse:

Paternalisme (fra latin: pater betyr far) er betegnelsen på en behandlingsholdning der legen – og eventuelt annet behandlingspersonell – bestemmer helt eller delvis for og over pasienten i behandlingssituasjonen, ut fra at vedkommende ”vet” hva som er til det beste for pasienten.8 (Forfattaren sine kursiveringar.)

Begge desse forfattarane ser ut til berre å ville bruke omgrepet om det eg vil kalle velferdspaternalisme: tilfelle der motivasjonen for å bestemme over tenestemottakaren eller pasienten er kva som er til hans eller hennar sitt eige beste. Ei slik avgrensing er ikkje utan vidare opplagt. Også ei ”vi veit best”-haldning som reflekterer at avgjerande vekt er lagt på generelle samfunnsomsyn eller tredjepersonar sine meir konkrete interesser, kan skildrast i ein paternalismeterminologi.9 Men dette skal ikkje problematiserast nærare her. Mitt fokus er uansett velferdstvang i si reine form. Paternalisme blir då eit overomgrep for meir spesifikke verdiar som helse og sosial velferd.

Ordet autonomi har greske røter, og er sett saman av ”autos” som tyder sjølv, og ”nomos” som tyder regel eller norm. Omgrepet blir ofte brukt i tydinga sjølvbestemmingsrett. Også i ein juridisk samanheng er dette vanleg,10 men ikkje unntaksfritt. Til dømes brukar Bernt/Doublet autonomiomgrepet på ein annan måte: i tydinga å kunne fungere sjølvhjulpen i det moderne samfunnet.11

I fortsettinga brukar eg autonomiomgrepet i tydinga sjølvbestemmingsrett. Men den nærare avgrensinga omgrepet tradisjonelt har fått, er likevel problematisk som utgangspunkt for ein verdimessig diskusjon om bruk av tvang overfor forstandsmessig funksjonshemma personar. Dette kjem eg straks nærare inn på i punkt C. I punkt D skal menneskeverdomgrepet sitt innhald og funksjon drøftast, før trådane blir trekt saman i punkt E.

C. KRITIKK MOT DET KVALIFISERTE AUTONOMIOMGREPET

1. AUTONOMIOMGREPET I TRADISJONELL STØYPING

Autonomiomgrepet sitt nærare innhald er det delte meiningar om. Eit hovudpoeng er uansett at det har vore vanleg å bruke det i kvalifisert forstand. Med dette meiner eg at det blir stilt krav til den forstandsmessige fungering for at nokon skal reknast som autonom. Ein slik føresetnad ser såleis ut til å liggje nedfelt hjå Dworkin:

When a mildly demented person’s choices are reasonably stable, reasonably continuous with the general character of his prior life, and inconsistent and self-defeating only to the rough degree that the choices of fully competent people are, he can be seen as still in charge of his life, and he has a right to autonomy for that reason. But if his choices and demands, no matter how firmly expressed, systematically or random contradict one another, reflecting no coherent sense of self and no discernable even short-term aims, then he has presumably lost the capacity that it is the point of autonomy to protect.12

Dworkin fokuserer på spørsmålet om personen er autonom generelt. Alternativet er å sjå på om det einskilde val og den einskilde handling er autonom. Andersson hevdar at Mill inntek denne posisjonen.13 Men dette gjeld i alle fall ikkje fullt ut. Mill opererer nemleg med ein generell føresetnad om at den handlande er myndig og tilrekneleg.14 Dei ikkje-myndige og ikkje-tilreknelege, inklusive mange psykisk utviklingshemma og demente, ser såleis ut til å bli fråkjent statusen som autonome generelt. Av moderne moralfilosofar som meir reinskore fokuserer på om den einskilde handling er autonom, kan nemnast Tännsjö og Tranøy. Begge opererer med det eg kallar kvalifiserte autonomiomgrep. Tranøy omtalar autonomi som:

[…] en rett som […] tilkommer alle voksne og moralsk myndige personer. Å være myndig betyr her at man selv kan ta ansvar for eget liv og eget beste – forutsatt at man vet, eller tror man vet, hva som er godt og dårlig, nyttig og skadelig for en selv. […]

Umyndiggjøring av voksne og ansvarlige personer innebærer krenkelse av deres autonomi og er et overgrep mot deres rett til selvbestemmelse.15 (Forfattaren si kursivering.)

Heller ikkje i rettsvitskaplege arbeid er det uvanleg å leggje til grunn ei kvalifisering av autonomiomgrepet.16 Dette kan henge saman med at det er dispositive utsegner ein har hatt i tankane. Eit krav om samtykke er såleis gjort til hovudregelen ved yting av helsehjelp, jf. pasientrettlova § 4-1 første ledd. I § 4-3 andre ledd heiter det så:

Samtykkekompetansen kan bortfalle helt eller delvis dersom pasienten på grunn av fysiske eller psykiske forstyrrelser, senil demens eller psykisk utviklingshemming åpenbart ikke er i stand til å forstå hva samtykket omfatter.

Når det på denne måten blir stilt krav til den forstandsmessige fungering for å kunne gje eit gyldig samtykke til eit bestemt tiltak, indikerer det tilsynelatande at ein opererer med eit kvalifisert autonomiomgrep.

2. FORHOLDET TIL DEN RETTSLEGE NORMA OM ALLMENN HANDLEFRIDOM

Nekting av å motta omsorg eller behandling vil likevel normalt vere ikkje-dispositive utsegner – eller om vi vil, faktiske handlingar. Og for slike tilfelle som jo er i brennpunktet når temaet er bruk av tvang, er eit kvalifisert autonomiomgrep langt meir problematisk sett frå ein juridisk ståstad. Ei sentral rettsleg norm er nemleg utgangspunktet om at borgarane har ein allmenn handlefridom. Eckhoff/Sundby uttrykker seg slik:

De fleste normsystemer, bl.a. vårt rettssystem, har en uskreven metanorm som går ut på at alt som ikke er forbudt ved særskilt norm er tillatt, og alt som ikke er særskilt påbudt er man fritatt for. Påbud og forbud må derfor ha grunnlag i særskilte normer […]. Tillatelser og fritagelser, derimot, kan simpelthen være følger av at vedkommende handlemåte ikke er forbudt eller påbudt. Selv om det strengt tatt ikke er nødvendig, forekommer det imidlertid at det blir gitt særskilte tillatende eller fritagende normer.17

At dette utgangspunktet også må gjelde for personar som generelt manglar evnen til å forstå konsekvensane av eigne val eller handlingar – altså ikkje-autonome personar som treff ikkje-autonome val etter ein moralfilosofisk omgrepsbruk – er utvilsamt. Men grunngjevinga for standpunktet kan det vere delte meiningar om. Legg vi til grunn eit kvalifisert autonomiomgrep som i alle fall utelukkar dei mest forstandssvake, er eit alternativ heller å fokusere på integritetsvernet.

Integritetsomgrepet kan ha fleire tydingar: (1) integritet som ein tilstand av heilskap, (2) integritet som personleg sfære, og (3) integritet som visse moralsk verdfulle karaktereigenskapar.18 Ofte er det integritet i tydinga vern mot inngrep i den personlege sfæren som er fokusert i rettslege samanhengar. Når EMD etter sikker praksis legg til grunn at både fysisk og psykisk integritet fell inn under omgrepet ”private life” i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 (1),19 er det såleis dette som må vere meint. Andersson definerer integritet som personleg sfære slik:

Respekt för patientens integritet som personlig sfær innebär att den enskilde patientens värderingar och önskemål vad gäller gränserna för den personliga sfæren alltid skal beaktas.20 (I boka kursivert av forfattaren.)

Vektlegginga av at pasient/tenestemottakar sine synspunkt skal takast omsyn til, opnar for å sjå integritet som privatsfære som eit uttrykk for verdien av individa sin sjølvbestemmingsrett i personlege spørsmål;21 i alle fall at individa sin sjølvbestemmingsrett er ein heilt sentral komponent i omgrepet. Dette trur eg har mykje føre seg. Det at ein pasient blir lurt i medisin ved at tablettane blir knust og lagt under pålegget på brødskiva, er naturleg å karakterisere som ei integritetskrenking. Men bakgrunnen for bruken av denne negative karakteristikken er den krenkinga som ligg i at pasienten ikkje får bestemme sjølv over sin eigen kropp. Hadde pasienten samtykt til medisineringa, ville det vere mindre naturleg å snakke om ei krenking av integriteten.22 Det gjeld også der vedkomande samtykker, men ikkje har personlege føresetnader for å gje eit gyldig samtykke i juridisk forstand. Dermed freistar ei gjennomskjering, der vi legg til grunn at alle – også dei mest forstandsmessig funksjonshemma – i utgangspunktet har full sjølvbestemmingsrett/autonomi.23 Dette representerer i så fall eit klart brot med omgrepsbruken i ein moralfilosofisk kontekst (jf. Mill, Dworkin, Tännsjö og Tranøy).

3. FARAR VED Å BRUKE EIT KVALIFISERT AUTONOMIOMGREP

Står vi fast på det rettslege utgangspunktet om at prinsippet om handlefridom gjeld for absolutt alle, også alvorleg forstandssvake, samstundes som vi held fast på eit kvalifisert autonomiomgrep, vil føresetnaden måtte vere – dersom dette skal henge saman – at integritet som vern mot inngrep i privatsfæren er berar av andre verdiar enn sjølvbestemmingsrett. Men i så fall står vi i fare for ei omgrepsmessig utgliding knytt til at integritetsvernet berre vil gje eit negativt vern: ein rett til fråver av inngrep. Den alvorleg demente og den alvorleg psykisk utviklingshemma – eller for den del det nyfødde barnet – vil ikkje ha ein positiv moralsk rett til å le eller gråte når han eller ho sjølv vil, men ”berre” ha eit vern mot at nokon grip inn mot desse handlingane. Det er ganske langt nede i denne sklibanen Tranøy plasserer seg når han ser ut til å rekne inngrep overfor personar utan konsekvensinnsikt – moralsk umyndige i hans terminologi – som uproblematisk, også der det er tale om å gripe inn mot heilt daglegdagse og ufarlege handlingar frå pasient/tenestemottakar si side:

Slående eksempler på umyndiggjøring er det når eldre institusjonsinnlagte ikke selv får bestemme over egne penger, når de skal legge seg, gå på toalettet eller få besøk. Det er umyndiggjøring dersom de ellers oppfyller betingelsene for å være moralsk kompetente: de forstår hva det dreier seg om, og er stort sett selvhjulpne når det gjelder slike ting.24

Det er ganske dramatisk dersom vi skal fråkjenne personar med demens eller utviklingshemming den moralske retten til sjølv å bestemme når dei skal leggje seg, gå på toalettet eller motta besøk. Det gjeld sjølv om den kognitive svikten er så alvorleg at han eller ho korkje har ei klar oppfatning av ”konsekvensane” av å leggje seg til å sove, kvifor ein går på do eller kva det inneber å motta besøk. Terminologival kan ofte ta makt over tanken. Og det å operere med eit kvalifisert autonomiomgrep der det blir trekt slutningar av den typen vi her har sett, kan i verste fall bli mistolka eller misbrukt til å nøre opp under haldningar om at forstandsmessig funksjonshemma ikkje er fullkomne menneske. Overfor grupper som frå før står i ein utsett posisjon, er dette openbert problematisk. I verste fall kan omgrepsavgrensinga då i seg sjølv motverke respekten for menneskeverdet, som eg nedanfor kjem tilbake til bør stå heilt sentralt.

Måten ein vel å avgrense autonomiomgrepet på er av betydning for korleis vi skal skildre verdikonflikten ved bruk av tvang i omsorg og behandling av psykisk utviklingshemma og demente. Mitt inntrykk er at det kvalifiserte autonomiomgrepet – anten det er i Dworkin, Mill, Tännsjö eller Tranøy si drakt – i ikkje liten grad står som eit namn på resultatet av den verdimessige avveginga; som eit kriterium for å trekkje grensa mellom etisk forsvarleg og etisk uforsvarleg tvangsbruk. Det er nok for å ivareta denne funksjonen at Dworkin byggjer inn ein sterk forstandsmessig komponent i sitt autonomiomgrep. Men dersom omgrepet blir brukt som det einaste avgrensingskriterium slik som til dømes hjå Tännsjö, er faren at dette kan bli oppfatta slik at bruk av tvang overfor ikkje-autonome alltid er akseptabelt – sjølv om det ikkje er meint slik. På dette punkt er Dworkin meir nyansert i og med at han også fokuserer på omgrep som ivaretek andre verdiar. Likevel er det eit problem at bruken av omgrepet autonomi i kvalifisert forstand, i praksis kan fungere som ei sperre for diskusjonen av dei verdimessige spørsmål ved å stå som namn på resultatet. Poenget er at dei verdimessige avvegingane omgrepsbruken speglar og føreset ikkje blir underkasta kritisk diskusjon.

4. EIN ALTERNATIV OMGREPSBRUK

Med eit anna utgangspunkt – at sjølv dei mest alvorleg forstandsmessig funksjonshemma har autonomi – blir det klarare lagt til rette for ein open diskurs omkring dei verdimessige spørsmåla. Meir presist blir behovet for ei interesseavveging mellom autonomi på den eine sida og velferdspaternalistiske verdiar på den andre, tydeleggjort. Ein slik måte å skildre verdikonflikten på passar ganske godt inn i ein juridisk tankemodell med relativt skarpe skilje mellom hovudregel og unntaksreglar. Utgangspunktet om autonomi korresponderer med den rettslege hovudregelen om handlefridom for alle, og motomsyna materialiserer seg – i den grad dei vinn gjennomslag – i unntaksreglar. At vi i rettsvitskapen opererer med personelle krav for eit gyldig samtykke, jf. som vi har sett pasientrettlova § 4-3 andre ledd, er ikkje eit eigentleg argument mot ein slik omgrepsbruk. Krav til den forstandsmessige fungering for å kunne avgje dispositive utsegner, kan vi med fordel sjå som eit resultat av ei avveging av kryssande interesser der eit ikkje-kvalifisert autonomiomgrep er eit utgangspunkt, men ikkje den einaste sentrale komponenten.

For å unngå misforståingar i form av at autonomiomgrepet blir forstått i kvalifisert forstand med dei implikasjonar det har for skildringa av verdikonflikten, kan det i juridisk samanheng vere eit alternativ heller å snakke om sjølvbestemmingsrett.25 Så lenge vi står overfor reint personlege spørsmål for tenestemottakar eller pasient, er dette lite problematisk. Og i omsorg og behandling av psykisk utviklingshemma og demente vil det ofte vere tilfellet. Men nokre gonger vil andre kunne ha ikkje berre kolliderande interesser, men direkte kolliderande rettar.

Vi kan til dømes tenkje oss ei gruppe med psykisk utviklingshemma som bur under same tak, i kvar sine bueiningar, men med felles kjøken. Inventaret på kjøkenet eig dei i lag. Om ein av bebuarane ønskjer å fylle kjøleskåpet med boss, kan det kome i konflikt med dei andre sameigarane sine rettar. Eller vi kan tenkje oss ei aldersdement kvinne som går på do i naboen sin hage. Dette er klart nok ei krenking av naboen sin eigedomsrett.

Dersom vi i desse typane av situasjonar unnlet å bruke tvang, kan det ved første augekast verke kunstig å seie at det er sjølvbestemmingsretten til pasient eller tenestemottakar som vinn gjennomslag. For korkje juridisk eller moralsk har vedkomande nokon rett til å handle på denne måten. Likevel er det etter mitt syn sjølvbestemmingsretten som er den verna verdien når vi her – føresetnadsvis – avstår frå tvangsintervensjon; nærare bestemt pasienten eller tenestemottakaren sin sjølvbestemmingsrett over eigen kropp og psyke. Den verna verdien kan også omtalast som integritet: fysisk integritet og psykisk integritet. Men i lys av dei tette banda eg ovanfor har lagt til grunn mellom integritet og sjølvbestemmingsrett, oppfattar eg integritetsomgrepet i denne samanheng først og fremst som ei understreking av at sjølvbestemmingsrett er spesielt viktig i spørsmål av ein særleg personleg eller privat karakter. Slik underordnar eg på sett og vis integritet som personleg sfære under sjølvbestemmingsrett.

Mi vraking av det kvalifiserte autonomiomgrepet gjer behovet akutt for ei norm for avveging av dei to grunnposisjonane: sjølvbestemmingsrett og paternalisme. I praksis er det snakk om å tydeleggjere ei norm som ikkje er ny, men som berre har vorte føresett gjennom den kvalifiserte bruken av autonomi. Om menneskeverd kan innta denne posisjonen, er temaet no i fortsettinga.

D. MENNESKEVERD SOM EI MOGELEG NORM FOR KVALIFISERING AV SJØLVBESTEMMINGSRETT- OG PATERNALISMEARGUMENTA

1. VERDIGHEIT – MENNESKEVERDIGHEIT – MENNESKEVERD

Verdigheitsomgrepet har ikkje noko eintydig meiningsinnhald. Det synest likevel klart at det har ein sterk subjektiv komponent knytt til å ha sjølvrespekt.26 I denne forstand blir verdigheit ikkje alltid brukt som nemning på eit positivt fenomen. Vi seier kanskje at personen er sjølvhøgtideleg, eller (endå verre) at han eller ho «skvulpar over» av verdigheit. I andre samanhengar brukar vi verdigheit i ei meir objektiv tyding, med referanse til kulturbestemte, sosiale normer om korleis ein bør opptre overfor andre. Ei utsegn kan såleis vere at politikar NN ikkje omtalar muslimar på verdig vis. Men i menneskerettslege grunndokument som FN-erklæringa om menneskerettar frå 1948 (Verdserklæringa), FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK) og FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (SP), kan det likevel sjå ut som om verdigheitsomgrepet blir brukt i ein meir absolutt forstand. Her blir det uttrykt

[…] recognition of the inherent dignity and of the equal and inalienable rights of all members of the human family […].27

Syntaktisk peikar «all members of the human family» også tilbake på «inherent dignity»: ibuande verdigheit. Formuleringa synest dermed å føresetje at verdigheit i menneskerettsleg forstand er ein eigenskap ved mennesket, ikkje berre eit sosialt og kulturelt fenomen. Vi kan snakke om menneskeverdigheit eller mennesket si verdigheit.

Det er også denne verdien som framstår som det mest sentrale ankerfestet for menneskerettstenkinga i dei nemnde dokumenta. Når ein i den offisielle norske omsettinga av Verdserklæringa omset «inherent dignity» med «menneskeverd», er dette openbert språkleg upresist, men samstundes kanskje uttrykk for den oppfatning at dei to omgrepa har same meiningsinnhald. Berre ein stad i grunndokumenta ser ein ut til å ville markere ein skilnad mellom menneskeverdigheit og menneskeverd. I femte avsnitt i fortalen til Verdserklæringa heiter det:

Whereas the peoples of the United Nations have in the Charter reaffirmed their faith in fundamental human rights, in the dignity and worth of the human person and in the equal rights of men and women [...].

For min del har eg vanskar med å sjå kva vi eventuelt skulle få markert med eit omgrepsmessig skilje.28 I min terminologi er dermed menneskeverd det same som menneskeverdigheit, på engelsk «human dignity», men klart nok noko anna enn eit mindre høgstemt og sosialt og kulturbetinga verdigheitsomgrep.

2. MENNESKEVERD OGSÅ FOR FORSTANDSSVAKE?

Formuleringa om ibuande verdigheit for «all members of the human family» peikar i retning av at også forstandssvake har menneskeverd. Rett nok heiter det i artikkel 1 i Verdserklæringa:

All human beings are born free and equal in dignity and rights. They are endowed with reason and conscience and should act towards one another in a spirit of brotherhood.

Basert på ei streng ordlydstolking kan andre setning takast til inntekt for ei oppfatning om at det berre er rasjonelt fungerande menneske som har ibuande verdigheit. Dworkin si grunngjeving for kvifor aldersdemente skal reknast for å ha menneskeverd, kan lett oppfattast å falle ned på same sida:

I argued that a person who has become demented retains his critical interests because what happens to him then affects the value or success of his life as a whole. That he remains a person, and that the overall value of his life continues to be intrinsically important, are decisive truths in favor of his right to dignity. Now we may complete the argument. We mark his continued moral standing, and we affirm the importance of the life he has lived, by insisting that nothing be done to or for him that, in our community’s vocabulary of respect, denies him dignity.29

At demente har hatt ei fortid som normalt fungerande, ser ut til å vere ein avgjerande premiss for Dworkin. Men går vi denne lina ut og også kvalifiserer menneskeverdomgrepet, fell dei utviklingshemma utanfor. Det vil vere det same som å opne Pandoras eske. Ein slik omgrepsbruk skapar risiko for å legitimere diskriminering og negative haldningar overfor forstandsmessig funksjonshemma menneske i minst like sterk grad som bruk av eit kvalifisert autonomiomgrep. Dette understrekar behovet for å lese Verdserklæringa i sin historiske kontekst: som ein reaksjon mot nazismen sitt barbari, inklusive forfølginga av psykisk utviklingshemma og psykisk sjuke.

No er Dworkin sitt motiv ikkje uedelt. Han prøver å tøye eit verdigheitsomgrep som tradisjonelt har vore sterkt knytt til det å ha sjølvrespekt, til (i alle fall) også å dekkje dei demente. Poenget er at han ikkje går langt nok. Den einaste akseptable løysinga er å sjå menneskeverd som uttrykk for ein eigenskap ved absolutt alle menneske; som eit verdimessig aksiom – ei norm som må leggjast til grunn sjølv om ho ikkje kan provast empirisk, og sjølv om det kan vere delte meiningar om grunngjevinga. Då blir endepunktet det Feldman omtalar som ei objektiv side av menneskeverdomgrepet:

It is in this sense that people who lack the capacity to cultivate the subjective aspect of dignity can nevertheless be said to have a type of dignity which demands respect. For example, very young children and patients in a persistent vegetative state can be regarded as having intrinsic human dignity in this objective sense, in that responsible beings owe a moral, and often a legal, duty to have regard to their interests and rights when making decisions affecting their welfare.30

3. MENNESKEVERDOMGREPET SI KJERNE

Når menneskeverd er noko ibuande, blir den naturlege konsekvensen at korkje gradering eller tap av denne verdien er mogeleg. Problemstillinga er om menneskeverdet blir respektert.31 Såleis er omgrepet, i alle fall først og fremst, relasjonelt. Det stiller krav til korleis individet blir møtt av andre. I denne samanheng er det eit poeng at mangel på respekt like gjerne kan kome til uttrykk gjennom unnlatingshandlingar som gjennom aktive handlingar. Utfordringa ligg i ei ytterlegare omgrepsmessig presisering.

Det er naturleg å sjå på menneskeverd som den sentrale verdimessige grunngjevinga for menneskerettane. Likelydande formuleringar brukt i fortalane til ØSK og SP (begge stader andre avsnitt) gjev støtte for dette:

[…] these rights derive from the inherent dignity of the human person […].

Men dette inneber ikkje nødvendigvis å setje likskapsteikn mellom verdien menneskeverd og innhaldet av dei konkrete rettane, slik Beyleveld/Brownsword ser ut til å meine:

The logic of this view is that any violation of human rights implicitly violates human dignity.32 (Forfattarane si kursivering.)

Her er det eit viktig poeng at kva som er det presise innhaldet av dei spesifikke menneskerettane kan variere over relativt korte tidsrom etter som oppfatningar i teorien og praksis utviklar seg. Sjølv om vi ser på menneskeverd som det verdimessige grunnlaget for menneskerettane, blir også andre omsyn tekne ved tolkinga. Det er difor både realistisk og hensiktsmessig å sjå på verdien menneskeverd som ein grunnverdi som innhaldsmessig både er av meir stabil og abstrakt karakter enn dei einskilde rettane som spring ut frå han. Å sjå menneskeverd som noko anna enn summen av dei einskilde rettane, har også den betydning at vi står tilbake med eit omgrep som kan brukast som korrektiv til autoritativ menneskerettspraksis, til dømes EMD sine avgjerder. Dette er sterkt ønskjeleg. Ikkje minst har EMD sin praksis kva gjeld tvangsbruk overfor sinnslidande vore problematisk. I denne samanheng kan nemnast Herczegfalvy mot Austerrike.33

Men menneskeverdomgrepet blir brukt på ulike måtar i ulike samanhengar. Forholdet mellom menneskeverd og menneskerettar er slik sett komplekst. Beyleveld/Brownsword oppsummerer sin gjennomgang slik:

In sum, human dignity appears in various guises, sometimes as the source of human rights, at other times as itself a species of human right (particularly concerned with the conditions of self-respect); sometimes defining the subjects of human rights, at other times defining the objects to be protected; and, sometimes re-inforcing, at other times limiting, rights of individual autonomy and self-determination.34

Harck/Hartlev påviser at vern av ulike typar verdiar blir knytt opp mot menneskeverdomgrepet i sentrale menneskerettsdokument og menneskerettspraksis.35 Men desse forfattarane kan oppfattast som å ville halde sjølvbestemmingsrett (autonomi) utanfor:

Såvel indenfor menneskeretten som i den moralfilosofiske litteratur skelnes der mellem integritet og værdighed på den ene side og autonomi på den anden side.36

Verdigheit i tydinga sjølvrespekt kan umogeleg lausrivast heilt frå omgrepet sjølvbestemmingsrett. Fråver av sjølvbestemmingsrett i spørsmål som er sentrale for individet, vil nemleg gje dårlege vekstvilkår for sjølvrespekten. Men kva når ein i Verdserklæringa, ØSK og SP opererer med eit utvida verdigheitsomgrep – menneskeverd – som også omfattar personar med forstandsmessige funksjonshemmingar av ein slik grad at dei manglar evnen til å ha sjølvkjensle? Korleis skal vi bestemme verdigheitsomgrepet sitt innhald her?

Å knyte opp mot Kant si avvising av eit reint mekanisk menneskesyn – mennesket må også sjåast som eit mål, ikkje berre som eit middel – kan kanskje vere rettleiande. Dette kan nemleg oppfattast som eit krav om respekt for individet sine sentrale, individuelle behov. Å formulere eit kjernepunkt i menneskeverdomgrepet på ein slik måte,37 harmonerer godt med ei oppfatning av menneskeverd som den sentrale verdimessige grunngjevinga for menneskerettane. Menneskerettane sikrar nettopp sentrale behov for individa. Dermed er det også klart at det må vere nære band mellom menneskeverdomgrepet og verdien sjølvbestemmingsrett.38

At EMD har oppstilt ”respect for human dignity and human freedom” som ”the very essence of the Convention”,39 er ikkje naturleg å forstå som at desse verdiane står heilt uavhengig av kvarandre. Tvert om kan vi oppfatte dette som om EMD nettopp knyter verdiane tett saman: ”freedom” som utslag av ”dignity”.

4. MENNESKEVERD OGSÅ SOM ARGUMENT FOR VELFERDSTVANG?

PROBLEMSTILLINGA

Eit spørsmål er likevel kor dominerande fokuset på sjølvbestemmingsretten er innanfor menneskeverdomgrepet. Sett på spissen: Er det slik at ei kvar avvising av tvangsbruk også overfor menneske som ikkje forstår konsekvensane av eigne val og handlingar, uttrykker den ultimate respekt for menneskeverdet via den respekt som blir vist for sjølvbestemmingsretten?

Å respektere sentrale, individuelle behov har fleire sider enn å respektere sjølvbestemmingsretten. På same måten som det kan vere i strid med menneskeverdet ikkje å ta omsyn til fysiske funksjonshemmingar – til dømes å krevje at ein person utfører arbeidsoppgåver han eller ho ikkje har fysiske føresetnader for å klare – vil det å vise respekt krevje at vi også tek omsyn til forstandsmessige funksjonshemmingar. I det store fleirtal av tilfelle kan dette heldigvis skje utan at det blir spørsmål om bruk av tvang, til dømes gjennom frivillig baserte hjelpetiltak. Men kan det også kome i konflikt med kravet om respekt for menneskeverdet å bøye seg for ein person sine eigne (tilsynelatande) ukloke avgjerder eller handlingar i spørsmål av vital betydning for vedkomande sjølv; til dømes der ein dement pasient nektar å ta livsviktig hjartemedisin eller ein utviklingshemma griser seg til med eiga avføring?

SPENNINGA MELLOM SIVILE OG SOSIALE MENNESKERETTAR

Dette gjer det nødvendig å kome inn på forholdet mellom sivile og sosiale menneskerettar. Eit utgangspunkt er at menneskeverdomgrepet i alle fall ikkje er sterkare knytt til sivile menneskerettar enn til sosiale i Verdserklæringa. Å fremme velferdspaternalisme gjennom menneskeverdretta argumentasjon er likevel å gå steget lenger, og kan oppfattast som kontroversielt. Frykt for at dette skal utarte seg blir mellom anna uttrykt av Feldman.40

Men spenninga mellom sivile og sosiale menneskerettar er ikkje av ny dato. At det i noko grad må kompromissast mellom sjølvbestemmingsrett og paternalistisk velferdstenking, har lagt i korta heile tida. Konkret har dette fått uttrykk ved at sentrale fridomsrettar ikkje er gjort absolutte, men kan gjerast inngrep i på nærare vilkår. EMK artikkel 5 (1) bokstav e og artikkel 8 (2) er sentrale døme i vår samanheng. I desse konvensjonsbestemmingane er det ei nærliggjande slutning direkte frå konvensjonsteksten at sosiale menneskerettar – meir presist å verne helsa til den det blir gripe inn mot – i noko grad kan grunngje innskrenkingar i sjølvbestemmingsretten. Praksis frå EMD underbyggjer ei slik tolking.41 Dermed ser vi at sosiale menneskerettar også kan gjere seg tungt gjeldande innanfor eit reguleringssystem som har hovudfokus på sivile rettar. Det spørsmålet no gjeld er om argumentasjonen for paternalistisk omsorgs- og behandlingstvang – i ein del tilfelle – skal kunne knytast opp mot eit av dei sentrale grunnomgrepa i menneskerettstenkinga og slik gjevast ei ideologisk overbygning.

BETYDNINGA AV VAL AV OMGREPSBRUK

Eit stykke på veg kan diskusjonen om menneskeverdomgrepet sitt innhald oppfattast som berre å vere eit spørsmål om å klargjere eller tydeleggjere det verdimessige grunnlaget for korleis denne typen konflikter ideelt sett bør løysast, utan eigentleg å ha særleg store praktiske konsekvensar. Ikkje minst gjeld det for spørsmålet om bruk av tvang mot psykisk utviklingshemma og demente. Her har det nemleg tradisjonelt – i alle fall i Noreg – gjort seg gjeldande sterke element av ein nokså spesiell diskusjonskultur karakterisert ved eit dobbelt bokhalderi over juridiske argument. Konkret har eg i tankane tendensen til stillteiande å akseptere bruk av tvang som ein formelt meiner er uheimla. Med andre ord: Den paternalistiske argumentasjon vinn ikkje gjennomslag i rettsbruksprosessen sitt trinn 1 (fastlegging av normer), men derimot i trinn 2; i vurderinga av om normene bør handhevast. Dette skapar eit uryddig bilete av dei verdimessige rammene for den juridiske argumentasjon: Kva vekt har eigentleg omsorgsorienterte paternalistiske argument?

Men diskusjonen om menneskeverdomgrepet sitt innhald kan også reflektere ulike oppfatningar av kor stort rom for tvangsbruk det bør vere, ikkje berre formelt, men også reelt. Ei oppkopling mot menneskeverdomgrepet kan gje argument større legitimitet og dermed også større gjennomslagskraft i rettsbruken.42 Difor blir det å opne menneskeverdomgrepet for (velferds)paternalistisk orientert argumentasjon også eit rettspolitisk spørsmål. I kva grad er det hensiktsmessig å styrke grunnlaget for denne typen av synsmåtar i den menneskerettslege diskurs?

BEHOVET FOR EIT DIFFERENSIERT MENNESKEVERDOMGREP

Avgjerande må vere om bruk av tvang kan framstå som nødvendig for å ivareta det som vi ovanfor har sett er eit kjernepunkt i menneskeverdomgrepet: dei sentrale, individuelle behov. Problemstillinga kjem på spissen der den utviklingshemma eller demente ikkje er i stand til å forstå konsekvensane av eigne val eller handlingar.

Å innta det standpunkt at sjølvbestemmingsretten alltid skal slå igjennom – eventuelt med reservasjon for heilt akutte nødsituasjonar – også i slike tilfelle, kan lett oppfattast som ei fornekting av det særlege hjelpebehovet aldersdemente og psykisk utviklingshemma har. Prinsipielt å avvise tvangsintervensjon kan dermed på sin måte hevdast å vere uttrykk for eit slags mekanisk menneskesyn: Mennesket er sin eigen lukkes smed, og skal også vere det – i alle fall der vedkomande set seg imot frivillige hjelpetiltak – sjølv om dei personlege føresetnader for å skape seg eit godt liv ikkje er til stades. Individet sitt behov for hjelp blir då skuvd i bakgrunnen, og det moralske ansvaret for eit ulukkeleg liv lagt på det forstandsmessig funksjonshemma mennesket sjølv, ut frå hans eller hennar nekting av å motta hjelp frivillig. Det kan spørjast om mennesket her meir blir sett på som eit middel enn som eit mål, ved at eit abstrakt prinsipp om ikkje-intervensjon blir nytta til å legitimere ei fullstendig ansvarsfråskriving overfor menneske som utan hjelp vil få eit elendig liv. Eit slikt menneskesyn er i alle fall ikkje nødvendigvis eit mindre trugsmål mot menneskeverdet enn den svært ukritiske haldninga til bruk av tvang mot psykisk utviklingshemma som vi finn på den andre fløyen: i einskilde åtferdsterapeutiske submiljø.

Nokre vil sikkert frykte for ”the slippery slope” om vi på denne måten opnar for å forsvare velferdspaternalistisk tvangsbruk ut frå menneskeverdomgrepet. Men som vist ovanfor ligg spenninga mellom sosiale og sivile rettar allereie tungt nedfelt i ulike menneskerettsdokument, utan at det er gjeve klare føringar for interesseavveginga. Det inneber at sklibanen allereie eksisterer. Dersom einskildstatar går for langt i retning av å legitimere paternalisme under dekke av å fremme menneskeverd, ligg vernet for individa i gjennomføringssystema for dei ulike menneskerettskonvensjonane. Den som trur det er mogeleg å unngå rettsleg usikkerheit ved å knyte sentrale menneskerettsomgrep åleine opp mot sivile rettar, drøymer seg tilbake til nattvektarstaten og meir rigide menneskerettsinstrument enn det vi har i dag, til dømes gjennom EMK. Eit meir differensiert menneskeverdomgrep er nødvendig for å reflektere dei spenningane som ligg nedfelt i det verdimessige fundamentet til sentrale menneskerettsdokument. Innanfor menneskeverdomgrepet representerer sjølvbestemmingsretten i kraft av å vere ein sentral komponent i kravet om respekt for dei sentrale, individuelle behov, ei vesentleg motkraft mot ei utgliding i paternalistisk retning.

Bernt/Doublet sin argumentasjon for å redefinere fridomsomgrepet passar godt inn i dette biletet:

Ut fra den funksjonalistiske rettsforståelse begrenses dermed frihet, ikke til det som ikke er forbudt, men til det det er mulig å gjøre som autonomt individ. På dette vis harden frihet som den funksjonalistiske rettsforståelse gir rom for, karakter av en positiv frihet. Denne positive friheten står i motsetning til den klassiske rettssikkerhetstanken om den negative frihet.43 (Forfattarane sine kursiveringar.)

Det positive fridomsomgrep representerer ei modernisering av omgrepsbruken som betre avspeglar det verdimessige grunnlaget velferdsstaten byggjer på. Overbygninga for Bernt/Doublet sin diskusjon er spørsmålet om rettstryggleiksomgrepet sitt innhald. Dei tek steget fullt ut og opnar også for å sjå bruk av tvang under denne synsvinkelen:

Tvangstilfellene er ikke bare en illustrasjon av den klassiske rettssikkerhetsproblematikk, individets vern mot inngrep fra myndighetens side. Disse tilfellene illustrerer også konflikten mellom “det gamle” formelle rettssikkerhetsbegrepet og det nye rettssikkerhetsbegrepet i velferdsstaten. Denne konflikten framtrer som et etisk dilemma ut fra den konkrete rettslige problemstilling som ligger til grunn, nemlig i hvilken utstrekning hensyn til rettssikkerhet og personlig integritet må vike i situasjoner der behandlings- og omsorgsbehovet er prekært.44 (Forfattarane si kursivering.)

5. FORHOLDET TIL RETTSTRYGGLEIKSOMGREPET

Eg ser likevel menneskeverdomgrepet som vel så fruktbart for ein juridisk analyse som rettstryggleiksomgrepet. Eit utgangspunkt kan vere at fleire av dei verdiar som høyrer under rettstryggleiksomgrepet, korresponderer med vesentlege element i menneskeverdomgrepet slik dette er skildra ovanfor. Det er altså viktige tangeringspunkt mellom omgrepa. Men dei er ikkje overlappande. Det gjeld for det første i breidda: Rettstryggleiksomgrepet har karakter av å vere eit allment rettsføremål og stiller høgst ulikearta krav til rettssystemet. Menneskeverdomgrepet på si side har meir spesifikt fokus på korleis individet blir handsama. Problemstillinga er altså vesentleg smalare. Men heller ikkje i djupna er det noko nødvendig samanfall. Som døme nemner eg at sjølv om krav til saksbehandlinga kan forankrast i menneskeverdomgrepet,45 kan andre verdiar tenkjast å grunngje at vi stiller krav som går endå lenger.

Sagt på ein annan måte er menneskeverd ein sentral, men ikkje den einaste komponenten i rettstryggleiksomgrepet sitt verdigrunnlag. Rettstryggleiksomgrepet er i ein viss forstand formelt; det er spørsmål om å trygge retten. Menneskeverd er på si side ein sentral verdi – og i den samanheng ein målestokk for kva som skal tryggast.

Eit problem med rettstryggleiksomgrepet i juridisk analyse er dels at det er kontroversielt kva verdiar som bør få den særlege legitimitet det inneber å bli plassert under paraplyen. Og vidare er det uklart kva vekt som skal leggjast på til dels motstridande verdiar innanfor omgrepet sjølv. Her oppfattar eg menneskeverdomgrepet som eit interessant alternativ fordi det har substans i seg sjølv ved at det refererer til kulturelle førestillingar om mennesket sin natur og verdigheit.

Menneskeverdomgrepet er nok i utgangspunktet sterkare knytt til sosiale menneskerettar enn det rettstryggleiksomgrepet historisk sett er. Poenget i den samanheng er at dei sosiale rettane har vorte lansert og etablert som ei utviding av menneskeretts- og menneskeverdomgrepet, medan rettstryggleiksomgrepet i sterkare grad har vorte hengande etter i si klassiske liberalistiske rettsstatsutforming. Å opne menneskeverdomgrepet for paternalistisk argumentasjon er dermed mindre kontroversielt, skulle eg tru, enn å utvide rettstryggleiksomgrepet på same måten.

Hovudpoenget er likevel at menneskeverd, med sitt fokus på krav til handsaming av individa, rettar seg meir spesifikt inn mot den verdikonflikten som skal løysast ved spørsmål om bruk av tvang; spørjemåten er altså meir presis og direkte. Dette legg grunnlaget for ei avvegingsnorm som er skarpare enn dersom vi knyter opp mot det generelle rettstryggleiksomgrepet.

6. FORHOLDET TIL INTEGRITETSVERN

At også verdien integritet kan ha funksjon som ei norm for avveging av sjølvbestemmingsrett og paternalisme, er ikkje ein heilt fjern tanke. Det kan hevdast at integritetsomgrepet sitt grunnkrav – slik vi har sett det definert av Andersson – om respekt for synspunkta og ønskjemåla også til personar utan realitetsinnsikt, ber i seg element nettopp av dette. På den eine sida bør vi, som eg har vore inne på, etter alt å dømme oppfatte integritetsomgrepet som ei understreking av verdien av sjølvbestemmingsrett. Men funksjonen som ei alternativ grunngjeving for å gje sjølvbestemmingsrett til såkalt ikkje-autonome personar, er likevel uttrykk for at sjølvbestemmingsretten treng ei strengare avgrensing her enn elles. Andersson presiserer definisjonen av integritet slik:

Respekt för patientens integritet som personlig sfär som det defineras her förutsätter att patienten anses ha a) en positiv rättighet till vårdpersonalens positiva handlingar och b) en negativ rättighet till skydd mot otillbörliga intrång. Med otillbörlig avses här dels oacceptabel med hänsyn till vad som är otillåtet enligt lagar och andra författningar, dels vad som är oacceptabelt enligt rimliga sociala eller etiska normer. Vad som skall anses vara otillbörliga intrång från andra människor eller myndighet kan klargöras i relation till olika ”områden” eller aspekter.46 (I boka kursivert av forfattaren.)

Umiddelbart kan det synast som at ho går oppsiktsvekkande langt i å gjere integritetsomgrepet til eit tomt skal ved å vise til normer utanfor omgrepet sjølv. Men i formuleringa ”rimliga” normer blir ei sjølvstendig verdimessig kjerne sannkjent. Når Andersson så innrømmer også menneske utan konsekvensinnsikt sjølvbestemmings- og medbestemmingsrett ”[…] i den mån detta inte, pga hans bristande förmåga till autonomi, kan anses skada honom själv eller någon annan”,47 kan dette godt oppfattast som eit resultat av integritetsomgrepet brukt som avvegingsnorm.

Andersson sin omgrepsbruk her må vi sjå i samanheng med at ho ikkje skil mellom menneskeverd og menneskerettar. Dermed blir behovet stort for å ivareta avvegingsfunksjonen på annan måte. Men sett frå ein juridisk ståstad er det naturleg å tilleggje menneskeverd denne rollen, i lys av det ankerfestet dette omgrepet har i sentrale menneskerettsdokument. Det er elles ikkje heilt uvanleg å smelte saman omgrepa integritet og menneskeverd.48

E. MENNESKEVERD SOM AVVEGINGSNORM – OPPLEGG FOR EIN NÆRARE ANALYSE

Kvintessensen i det som er sagt ovanfor, er at menneskeverdomgrepet er ein smeltedigel for avveging av kryssande interesser. Sjølv om menneskeverd tradisjonelt har vorte fokusert på som eit argument mot bruk av tvang, kan tvangsbruk i nokre tilfelle vere heilt nødvendig for å ivareta menneskeverdet.49 Slik sett blir det menneskeverdomgrepet som så å seie skiftar sol og vind mellom grunnposisjonane sjølvbestemmingsrett og paternalisme.

Dette inneber at det ligg innebygd visse avvegingsnormer i menneskeverdomgrepet. Kjerna i så måte er kravet om respekt for individet sine sentrale, individuelle behov. Sjølv om denne norma klart nok er grovkorna, gjev ho likevel – etter mitt syn – eit viktig utgangspunkt for drøfting av meir konkrete problemstillingar og for ei evaluering av den positive rett vedkomande bruk av tvang mot utviklingshemma og demente. Funksjonen som avvegingsnorm kan illustrerast gjennom denne figuren:

I sektor 1) fell menneskeverd og sjølvbestemmingsrett saman. Det inneber at bruk av tvang verdimessig sett er uakseptabelt. Situasjonen er motsett i sektor 2). Her blir velferdspaternalistiske synsmåtar kvalifisert av menneskeverdomgrepet. Sektorane 3) og 4) har det til felles at verdiane sjølvbestemmingsrett og paternalisme overlappar kvarandre. Situasjonen er her at tenestemottakar/pasient frivillig går med på tiltaket; eventuelt utan å kunne gje eit gyldig samtykke. I sektor 3) er det samanfall mellom alle dei tre verdiane. Her står den verdimessige grunngjevinga for å gripe inn aller sterkast. Sektor 4) representerer tiltak som er så etisk problematiske i lys av menneskeverdomgrepet at dei ikkje bør kunne iverksetjast, sjølv om det ikkje er tale om krenking av sjølvbestemmingsretten.

Det figuren viser direkte er ulike mogelege verdikonstellasjonar, og ulike mogelege resultat av den verdimessige avveginga. Dette skal naturlegvis ikkje forståast slik at dei verdimessige avvegingane er enkle, eller at vi alltid sit tilbake med klare svar. Tvert imot vil vurderingane ofte vere både samansette og by på tvil, sjølv om vi tek høgde for dei føringar for avveginga som etter mitt syn ligg nedfelt i menneskeverdomgrepet. Figuren gjev elles ikkje eit bilete av den relative storleiken til dei ulike sektorane. Denne vil kunne variere alt etter kva typesituasjonar vi har i fokus. Til dømes om føresetnaden er at tenestemottakar/pasient har innsikt i konsekvensane av å takke nei til hjelp, eller ikkje.

I nokre samanhengar vil bruk av menneskeverd som avvegingsnorm truleg innebere ei oppgradering av sosiale menneskerettar som eit argument for bruk av tvang, og då på kostnad av sivile. I andre tilfelle kan modellen gje ekstra tyngde til ein kritikk mot bruk av tvang i samspel med sivile menneskerettar. Biletet er ikkje eintydig, og rammene for denne artikkelen gjer det ikkje mogeleg å konkretisere nærare.

Hovudpoenget med figuren er å visualisere ei metodisk tilnærming til spørsmål om bruk av tvang mot psykisk utviklingshemma og demente. For meg er tanken om menneskeverd som avvegingsnorm ikkje berre eit fruktbart startpunkt for drøftingar de lege ferenda. I tillegg er hypotesen min at det er etter desse liner problemkomplekset i stor grad blir handtert de lege lata. Men om dette siste held vatn, håpar eg å kunne kome tilbake til om ikkje så altfor lenge.

*Takk til professor dr.juris Jan Fridthjof Bernt, professor dr.juris Aslak Syse og professor dr.juris Henriette Sinding Aasen, som har kome med nyttige innspel under arbeidet med teksten. Manglar ved sluttproduktet er åleine mitt eige ansvar.

1Lov om sosiale tjenester m.v. av 13. desember 1991 nr. 81.
2Lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr. 63.
3Odelstingsproposisjon nr. 64 (2005–2006).
4Sjå nærare Bjørn Henning Østenstad: Bruk av tvang mot psykisk utviklingshemma (Bergen: Fagbokforlaget 2000) 159–160.
5Jan Fridthjof Bernt: ”Tvangsbruk i sosialtjenesten”, i Asbjørn Kjønstad, Jan Fridthjof Bernt, Alice Kjellevold og Harald Hove: Sosial trygghet og rettssikkerhet (2. utg., Bergen: Fagbokforlaget 2000) 227. I same retning Henriette Sinding Aasen: Pasientens rett til selvbestemmelse ved medisinsk behandling (Bergen: Fagbokforlaget 2000) 138.
6Sjå nærare om den medisinske paternalismen i Aasen (note 5) 142–147 med nærare tilvisingar.
7Knut Erik Tranøy: Medisinsk etikk i vår tid (4. utg., Bergen: Fagbokforlaget 2005) 38.
8Aslak Syse: Rettssikkerhet og livskvalitet for utviklingshemmete (2. utg., Oslo: Ad Notam Gyldendal 1996) 35. Sjå også Aasen (note 5) 143.
9Sjå til dømes Aslak Syse sitt bidrag i dette nummeret av Nordisk Tidsskrift for Menneskerettigheter.
10Sjå til dømes Aasen (note 5) 103 og 148, Syse (note 8) 34, Erling Johannes Husabø, Rett til sjølvvalt livsavslutning (Oslo: Ad Notam Gyldendal 1994) 109 note 23, Karl Harald Søvig: Tvang overfor rusmiddelavhengige (Bergen: Det juridiske fakultet/disputasutgåve 2004) 62–63.
11Jan Fridthjof Bernt og David R. Doublet: Juss, samfunn og rettsanvendelse (2. utg., Oslo: Ad Notam Gyldendal 1999) 452, sjå også 453.
12Ronald Dworkin: Life`s Dominion (London: Harper Collins Publishers 1993) 225.
13Margareta Andersson: Integritet som begrepp og princip (2. oppl., Malmö: Team Offset 1996; 1. oppl. utg. som avhandling: Åbo: Åbo Akademis förlag 1994) 47.
14Sjå John Stuart Mill: ”On Liberty”, i John Gray (red.): On Liberty and Other Essays (Oxford: Oxford University Press 1998) 1, 14 og 84.
15Tranøy (note 7) 32. Torbjörn Tännsjö: Coercive Care (London og New York: Routledge 1999)10-13 stiller opp endå meir detaljerte krav for at eit val eller ei handling skal vere autonom. Erwin Bischofberger: ”Människosyn, integritet och autonomi”, i Sven-Olof Andersson (red.): Lidandet och makten (Stockholm: Förlagshuset Gothia 1990) 13, 14–15, og Tore Frost: ”Hvorledes begrunner vi menneskeverdet?”, i Bård-Anders Andreassen (red.): Funksjonshemmedes menneskerettigheter (Oslo: Institutt for menneskerettigheter, publikasjon nr. 10 1992) 5, 20–22 føreset også at autonomiomgrepet inneber ei viss kvalifisering.
16Sjå Sten Harck og Mette Hartlev: ”Retten til værdighed og egen identitet”, i Retsvidenskabeligt Institut B Københavns Universitet Årsskrift: Grundrettigheder (København: Jurist- og Økonomforbundets Forlag 2000) 93, 98 og Aasen (note 5) 152 og 559.
17Torstein Eckhoff og Nils Kristian Sundby: Rettssystemer (2. utg., Oslo: Tano 1991) 72.
18Sjå nærare Andersson (note 13) kapittel 2.
19Sjå til dømes EMD Botta mot Italia, Reports 1998-I § 32 og EMD Costello-Roberts mot Storbritannia, Series A 247-C (1993) § 34.
20Andersson (note 13) 44.
21I same retning forstår eg Tore Nilstun: Forskningsetik i vård och medicin (2. oppl., Lund: Studentlitteratur 1994) 42. Sjå særleg note 3.
22Slik også Aasen (note 5) 61–62.
23David Feldman: ”Human Dignity as a Legal Value – Part II” (2000) Public Law 61, 69 opnar også for ein slik omgrepsbruk, men utan å ta endeleg stilling.
24Tranøy (note 7) 39–40.
25Søvig (note 10) 62 vel til dømes denne terminologien, men med ei anna grunngjeving.
26Sjå til dømes David Feldman: ”Human Dignity as a Legal Value – Part I” (1999) Public Law 682, 685, Dworkin (note 12) 221 og Tove Stang Dahl: ”Innledning til kvinneretten”, i Tove Stang Dahl (red.): Kvinnerett I (Oslo: Universitetsforlaget 1985) 13, 95–96.
27Likelydande formuleringar i første avsnitt av fortalane til alle desse tre grunndokumenta.
28Også Deryck Beyleveld og Roger Brownsword: ”Human Dignity, Human Rights, and Human Genetics” (1998) 61The Modern Law Review 661, 665 ser ut til å meine at desse omgrepa er samanfallande slik dei er brukt i fortalane til Verdserklæringa, ØSK og SP.
29Dworkin (note 12) 237.
30Feldman (note 26) 686.
31I same retning Feldman (note 26) 689.
32Beyleveld/Brownsword (note 28) 665. Også Ingemar Hedenius: Om människovärde (Stockholm: Bonnier 1982) 19 og Andersson (note 13) 51–55 ser ut til å smelte saman menneskeverd og menneskerettar.
33EMD Herczegfalvy mot Austerrike, Series A 244 (1993). Dommen er omtalt i Østenstad (note 4) mellom anna på sidene 168–172. Dommen blir også omtalt av Aslak Syse i dette nummeret av Nordisk Tidsskrift for Menneskerettigheter.
34Beyleveld/Brownsword (note 28) 665.
35Harck/Hartlev (note 16) 107.
36Harck/Hartlev (note 16) 99.
37At menneskeverdomgrepet også kan ha andre dimensjonar, let eg liggje.
38I litteraturen kan Beyleveld/Brownsword (note 28) 680 og Bischofberger (note 15) 14 stå som døme på at det blir gjort ei klar kopling mellom omgrepa menneskeverd og sjølvbestemmingsrett.
39Sjå til dømes EMD Pretty mot Storbritannia, Reports 2002-III § 65.
40Feldman (note 26) 700.
41Sjå til dømes EMD Laskey, Jaggard og Brown mot Storbritannia, Reports 1997-I.
42Samanlikn Jan Fridthjof Bernt: ”Rettssikkerhetsbegrepet og kampen om velferdsstatens verdigrunnlag”, i Juss-buss (red.): Tvers igjennom lov til seier (Oslo: Unipax 2001) 155. Eit hovudpoeng for han er den store betydninga det har for den juridiske diskurs kva meiningsinnhald ein legg i rettstryggleiksomgrepet.
43Bernt/Doublet (note 11) 453.
44Bernt/Doublet (note 11) 453.
45Sjå til dømes Torstein Eckhoff og Eivind Smith: Forvaltningsrett (8. utg., Oslo: Universitetsforlaget 2006) 51–52.
46Andersson (note 13) 44.
47Andersson (note 13) 51.
48I denne retning Syse (note 8) 34 og 415, Søvig (note 10) 64–65 og Bischofberger (note 15) 14.
49Jf. Søvig (note 10) 65 som seier det negative: at tvangsbruk ikkje nødvendigvis krenkar menneskeverdet.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon