Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Norske statsvitskaplege publikasjonar – Noreg i ein internasjonal kontekst

PhD-stipendiat, Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen

Født 1990, MA i samanliknande politikk (2014), Universitetet i Bergen.

Førsteamanuensis, Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen

Født 1976, PhD i samanliknande politikk (2010), Universitetet i Bergen.

Rådgivar, NSD

Født 1989, MA i samanliknande politikk (2015), Universitetet i Bergen.

I denne artikkelen presenterer vi eit nytt datasett som nyleg vart nytta til å analysere publikasjonstrendar i norsk statsvitskap frå 1999 til 2014. Fokuset er norske forfattarar, tilknytt norske institusjonar, og sporar trendar og utvikling av publikasjonar på tre ulike analysenivå; nasjonalt, europeisk og internasjonalt. Vi presenterer kodereglane for datasettet og trekk fram to variablar, kjønnsfordeling blant forfattarane og metodebruk, som vi analyserer. Her viser vi korleis data våre viser at det er to ulike røynd i norsk statsvitskap. Dei norske forfattarane som publiserer i europeiske og internasjonale tidsskrift brukar i stor grad kvantitative metodar, medan dei som publiserer i norske tidsskrift nyttar kvalitative metodar. Vi viser også korleis kjønnsbalansen i norsk statsvitskap har utvikla seg. Når analysen vår startar er menn dominerande, men utover mot slutten av vår tidsserie jamnar balansen seg ut, men kvinner er fortsatt underrepresentert. Avslutningsvis oppmodar vi andre til å nytte datasettet til å gjøre eige analysar.

Nøkkelord: norsk statsvitskap, publikasjonsmønster, metodebruk, kjønnsbalanse

Innleiing

Kven publiserer, og kva forskast det på, i norsk statsvitskap? I denne artikkelen presenterer vi eit nytt datasett som omfamnar alle publikasjonar av forfattarar knytt til norske institusjonar i to leiande norske og fleire internasjonale tidsskrift i perioden 1999-2014. Datasettet er eit resultat av eit tverrnasjonalt samarbeid mellom Irland, Portugal, Spania og Noreg, og er i heilskap publisert i European Political Science (Camerlo, Doyle, Diez & Marsteintredet 2017a; Camerlo & Terra 2017b; García Díez, Myers-Gallardo, Plaza-Colodro & Tomé-Alonso 2017; Saghaug Broderstad, Tranvåg & Marsteintredet 2017; Suzuki, McCrossan & Doyle 2017).1 Vi vil i denne artikkelen legge fram datasettet for det norske statsvitskaplege miljøet med ei formaning om å nytte datasettet til vidare analyse av norsk statsvitskap. Dette datasettet gir oss moglegheit til å utforske ei rekke spørsmål om tilstanden i norsk statsvitskap sidan tusenårsskiftet. Dataa kan hjelpe oss å forstå korleis disiplinen har utvikla seg over tid, samt å gi verdifull innsikt i korleis disiplinen kan fortsette å utvikle seg, spesielt med tanke på aukande internasjonalisering.

Vi vil gå grundig til verks for å forklare logikken bak datainnsamling og kodingsreglar slik at datasettet lett kan nyttast og vidareutviklast av andre forskarar. Etter at vi har vist korleis vi laga datasettet tek vi føre oss to variablar vi meiner er interessante, og som også syner korleis datasettet kan nyttast for å få ei innsikt i norsk statsvitskap, både i nasjonal, europeisk og internasjonal kontekst. I hovudsak vil vi her legge fram og drøfte to variablar: kva metode norske statsvitarar nyttar i sine publikasjonar ute og heime og trekk ved kjønnsvariabelen i publikasjonar ute og heime. Årsaka til valet av akkurat desse variablane er ein interessant variasjon på tvers av dei ulike analysenivåa våre, frå det nasjonale til det internasjonale.

Vi startar artikkelen med å skildre datainnsamling og koding, før vi presenterer tendensane i metodebruk og kjønn. Desse to punkta vil òg legge grunnlaget for den påfølgjande diskusjonen kor vi viser at metodebruk i norsk statsvitskap varierer ut frå kor artiklane er publisert. Vi observerer ein klar tendens til at ein nyttar kvalitativ metode i publikasjonar på nasjonalt nivå, medan publikasjonar på europeisk og internasjonalt nivå i mykje større grad nyttar kvantitative metodar. Dette kan moglegvis vere eit resultat av at kvantitative metodar i enkelte fagkrinsar vert sett på som ei meir vitskapeleg tilnærming til spørsmål i statsvitskapen. Vi ser òg at mannlege forfattarar dominerer publikasjonane både på internasjonalt og nasjonalt nivå, men at dette er ein trend som endrar seg.. I den seinaste tida ser vi ei endring i kvinners representasjon, særlig i artiklar med fleire forfattarar. Trass dette er framleis mannlege forfattarar dominerande i fagkrinsen.

Datainnsamling

Hovudfokuset vårt var å sjå på statsvitarar tilknytt norske institusjonar. Sjølve datainnsamlinga gjekk føre seg etter følgjande steg: Først definerte vi, i samråd med dei irske, spanske og portugisiske gruppene i prosjektet, kva for tidsskrift vi ønskte å studere. Dette vart gjort ved å sjå på tidsskriftene sin påverknadsfaktor (impact factor), samt deira tematiske fokus og språk. For å avgjere påverknadsfaktor brukte vi Thomson Reuters si rangering. Meir spesifikt nytta vi ein femårig påverknadsfaktor for 2013 JCR Social Science Edition som måler dette i eit tidsrom frå 2009 til 2015, og utvida det for heile perioden vi ønska å analysere, 1999-2014.

For å famne breitt tematisk valde vi å sjå på dei mest generelle tidsskrifta. Vi nytta Thomson Reuters sine kategoriar «political science» og «international relations» for å klassifisere dei relevante tidsskrifta. Den første kategorien gjeld publikasjonar som tek føre seg studiar av politikk, militære studiar, val og lovgjevande prosessar («electoral and legislative processes»), politisk teori, statsvitskapleg historie, komparative studiar, og kryssingspunktet mellom politikk og andre område for vitskap og sosialvitskap. Kategorien «internasjonale relasjonar» gjeld publikasjonar som tek føre seg utanrikspolitikk, komparativ politikk, verdshandel, internasjonale lovspørsmål, fredsstudiar og konfliktløysing, militære alliansar og strategiske studiar. Vi gjekk ut frå at eit kvart tidsskrift som er utgjeve på engelsk og har ei god rangering i følgje ein internasjonal indeks, er attraktiv for vitskapsfolk å publisere i.

Etter dette vurderte vi alle engelskspråklege internasjonale tidsskrift i begge kategoriane nemnt ovanfor, som ikkje hadde Europa, europeisk, eller liknande i tittelen, og som var i den første kvartilen til Thomson Reuter si rangering. Dei artiklane vi fann av forfattarar med tilknyting til norske institusjonar var inkludert i datasettet som internasjonale publikasjonar. Deretter gjekk vi til det europeiske nivået. Her såg vi på dei to same kategoriane, som var skrivne på engelsk og hadde orda Europa eller European i tittelen. Her utvida vi søket til å inkludere dei fire øvste kvartilane til Thomson Reuter. Sju tidsskrift vart identifiserte: European Union Politics, European Journal of Political Research, European Journal of International Relations, Comparative European Politics, European Political Science, Asian Europe Journal og European Political Science Review.

Til sist kom vi til det nasjonale nivået kor vi valde to tidsskrift, Internasjonal Politikk og Norsk Statsvitenskaplig Tidsskrift. Desse vart vald på same grunnlag som vi har nemnd over, men dei måtte vere skrivne på norsk og dei måtte falle innanfor dei to kategoriane statsvitskap eller internasjonal politikk. Tidsskrift for Samfunnsforsking vart vurdert, men ikkje tatt med då det ikkje har eit særeige statsvitskapleg fokus (Saghaug Broderstad et al. 2017).

Etter at desse tidsskrifta var valt ut gjekk vi gjennom alle artiklane som var utgitt frå 1999 til 2014 kor norsk-tilknytte forfattarar hadde publisert artiklar. For dei internasjonale og europeiske tidsskrifta blei artiklane identifisert ved å søke søkje i Wiley Online Library etter norsk-tilknytte artiklar. For å sørgje for at ingen artiklar vart forbigådd nytta vi òg den opne søkefunksjonen i databasen og søkte etter «Norway». Alle treff vart inspisert manuelt. Vi ekskluderte «review articles», bokomtalar og forskingsnotatar.

Her endte vi opp med til saman 564 artiklar frå 23 ulike tidsskrift som utgjer datasettet. Artiklane blei koda i samråd med dei internasjonale kollegaene våre. Vi følgde tidlegare studiar og baserte kodeboka på Munck & Snyder (2007), Schneider, Bochsler & Chiru (2013), Norris (1997), Boncourt (2008) og Pehl (2012). Først koda vi artiklane etter deira respektive undergruppe. I motsetning til Boncourt (2008) og Pehl (2012), hadde kodeboka vår ei open koding av statsvitskapeleg faggrein (komparativ politikk, internasjonal politikk, offentleg politikk, politisk teori, etc.). Der det var vanskeleg å avgjere faggreina, til dømes om det var fleire greiner som vart drøfta, valde vi den dominerande greina. Vi følgde same logikk når det kom til koding av metodebruk. Deretter koda vi tema i artikkelen. Her brukte vi Schneider et al. (2013), som igjen er basert på Easton (1967).

Vi koda òg artiklane etter forskingsdesign med følgjande retningslinjer: (I) kor mange case artikkelen tok føre seg, frå éin case, til liten (N = 2-6), medium (N = 7-34) og stor N (N > 35); (II) om metoden var kvalitativ, kvantitativ eller ei blanding mellom desse; (III) tidshorisont i studien med kategoriar frå eit år til femti år; og (IV) det geografiske fokuset. Her koda vi kor vidt studien fokuserte på sub-nasjonalt nivå, nasjonalt nivå, europeisk nivå, heile verda inkludert Europa, og heile verda utanom Europa. Vi såg òg på nokre eigenskapar ved forfattarane, som institusjonell tilknyting, tittel, kjønn og kor mange forfattarar artiklane hadde.

Tabell 1

Tal på artiklar fordelt på tidsskrift2 

Nivå Tidsskrift Tal på artiklar 
Internasjonalt American Journal of Political Science 
 American Political Science Review 
 Annual Review of Political Science 
 Comparative Political Studies 
 International Journal of Press/Politics 
 International Organization 
 International Political Sociology 
 International Studies Quarterly 
 Journal of Peace Research 26 
 Political Analysis 
 Political Geography 21 
 Political Studies 
 Politics & Gender 
 Security Dialogue 20 
 The Journal of Political Philosophy 
 World Politics 
Europeisk Comparative European Politics 
 European Journal of International Relations 
 European Journal of Political Research 26 
 European Political Science Review 
 European Union Politics 
Nasjonalt Internasjonal Politikk 243 
 Norsk Statsvitenskapelig Tidsskrift 153 
 Total 564 
Tabell 2

Variablar fordelt på analysenivå

VariabelTotal NNasjonalt nivåEuropeisk nivåInternasjonalt nivå
Kjønn 563 396 53 114 
Metode 548 393 51 104 

Diskusjon av funn

Som tabell 3 syner, er det eit tydeleg skilje i metodebruken mellom publikasjonar på nasjonalt nivå og publikasjonar på europeisk og internasjonalt nivå. På nasjonalt nivå nyttast det i overveldande grad kvalitative metodar, medan kvantitative metodar er meir nytta i europeiske og særleg i internasjonale tidsskrift.3 Fleirmetodestudiar er lite brukt på nasjonalt nivå, og nærast ikkje-eksisterande på dei to andre nivåa. Denne trenden vart òg observert av kollegaene våre i Spania (García Díez et al. 2017), Portugal (Camerlo et al. 2017b) og Irland (Suzuki et al. 2017).

Figur 1

 

Metodar fordelt på nivå

Note: N=548

Gjennom heile tidsserien 1999-2014 dominerer kvalitativ metode på nasjonalt nivå. I dei europeiske tidsskrifta følgjer bruken av kvalitativ og kvantitativ metode kvarandre nært, medan kvantitativ metode har vore den føretrekte metoden i internasjonale publikasjonar dei siste ti åra. Dette er i samsvar med Goertz og Mahoney (2012), som argumenterer for at empiriske studiar i samfunnsvitskap i all hovudsak kan delast inn i ein kvalitativ og ein kvantitativ leir, nemleg kvantitative og kvalitative studiar. Sjølv om dette argumentet vert utfordra av mellom anna Kuehn og Rohlfing (2016), syner våre data at norske forfattarar passar godt inn i narrativet presentert av Goertz og Mahoney (2012).

Figur 1, som tar for seg den prosentvise fordelinga etter kva for metode som er brukt, syner at det nasjonale nivået er dominert av kvalitativ forsking, medan det europeiske og internasjonale nivået er meir balansert. Dette kan tyde på at nasjonal og internasjonal statsvitskap lever og ånder i to ulike røyndomar. Dei prestisjetunge internasjonale tidsskrifta har eit fokus på kvantitative metodar, som har auka over tid, medan dei norske tidsskrifta heng litt etter i utviklinga. Dette kan sjølvsagt vere ein funksjon av at tidsskriftet Internasjonal Politikk, med fokus på nettopp internasjonal politikk, i stor grad er kvalitativt orientert. Omfattande deler av disiplinen er av ein slik natur at kvalitative metodar egnar seg best for å studere desse fenomena. På ei anna side har ikkje Norsk Statsvitenskapelig Tidsskrift (NST) ei slik avgrensing, og heller ikkje her er dei kvantitative metodane til stades i særleg stor grad.

Her kan det sjå ut som dei norske tidsskrifta har noko å hente frå dei internasjonale i form av kor sofistikerte analysane dei publiserer er. Vi spekulerer i at det kan vere grunna publiseringspresset i norsk akademia. Dei fleste norske statsvitarar ønskjer å publisere i såkalla nivå to-tidsskrift fordi dette gir prestisje, aukar omdømet til institusjonen og aukar sjansane for å få eventuell framtidig forskingsstøtte. For forfattarar som ynskjer å skrive for eit norsk publikum, er det berre mogleg å publisere på nivå éin. Det er altså ikkje mogleg å publisere på nivå to i ein nasjonal kontekst. Som følgje av dette blir dei gode artiklane først og fremst publisert internasjonalt, medan tidsskrifta i Noreg ikkje har det same utvalet av topp-publikasjonar å velje i. Dette førar til at kvaliteten på norske publikasjonar på norsk ikkje held same kvalitet som dei internasjonale publikasjonane. I tillegg til dette mistar vi moglegheita til å kommunisere og formidle forsking på vårt eige språk.

Det kan derfor vere ein aktuell handlingsplan at dei store norske tidsskrifta forsøker å gjere det meir attraktivt å skrive statsvitskaplege analysar på norsk. Det kan til dømes tenkjast at ein les ein artikkel i eit leiande internasjonalt tidsskrift kor Noreg nemnast i ei undersetning, og kor det kunne vore interessant å utforske denne biten. På denne måten kan dei norske tidsskrifta tiltrekke seg forfattarar ved å oppmode dei til å skrive ein ny artikkel med fokus på berre Noreg. Det vil kanskje òg vere mogleg å tilby oversetning av artiklar til norsk (dette har vi sett eksempel på i vårt utval). Ei anna tilnærming vil vere å lyse ut fleire «premiar» til gode artiklar, slik som NST gjer no, kor premien for månadens beste artikkel er omsetjing og publisering i World political science review. Dette vil kanskje òg styrke insentivet for norske statsvitarar til å skrive statsvitskap på norsk.

Det er òg eit faktum at rangeringa av dei ulike tidsskrifta og delinga mellom to ulike nivå fører til at det ikkje er like attraktivt å publisere i Noreg. Her er det kanskje mogleg å gjere endringar, eventuelt gi kompenasjon, frå statleg og/eller anna hald for å sørgje for at Noreg har minst eitt statsvitskapeleg tidsskrift på nivå to. Dette kan òg bidra til å auke interessa for norske publikasjonar.

Figur 2

 

Metodebruk over tid

Note: N=548

Tabell 4 syner at mannlege forfattarar står for rundt 60 prosent av publikasjonane på internasjonalt nivå, og heile 80 prosent av publikasjonane på nasjonalt nivå. Dette ser ikkje ut til å endre seg: Menn dominerte i 1999, og menn dominerer i 2014. Sjølv om det er færre menn som publiserer på europeisk og internasjonalt nivå samanlikna med i norske tidsskrift, er det likevel ikkje fleire kvinner som publiserer i desse førstnemnde. Nedgangen i mannlege publiseringar forklarast derimot av ei auke i mixed-team publikasjonar på europeisk og internasjonalt nivå. Ein artikkel i eit nasjonalt tidsskrift har i gjennomsnitt 1.22 forfattarar, medan den på europeisk og internasjonalt nivå har høvesvis 1.25 og 2.04 forfattarar.

Sjølv om altså mengda kvinnelege forfattarar som skriv åleine er stabilt låg gjennom heile observasjonsperioden, aukar likevel kvinneandelen gjennom mixed-teams. Det er langt vanlegare med mixed-teams på europeisk og internasjonalt nivå enn i norske tidsskrift. Totalt aukar denne mengda frå 0 prosent av publikasjonane i 1999 til 10 prosent i 2014.

Figur 3

 

Kjønnsbalanse fordelt på nivå

Note: N=563
Figur 4

 

Kjønnsbalanse over tid

Note: N=563

Ei mogleg forklaring på dette kan vere synet om at kvantitative metodar er meir «vitskapelege» enn dei kvalitative. Ettersom dei internasjonale tidsskrifta er høgare rangert, er derfor desse metodane meir veleigna for slike publikasjonar. Ei anna forklaring kan vere at kvantitative metodar (spesielt dei siste åra) har blitt stadig meir sofistikerte og spesialiserte, og at slike artiklar derfor ikkje finn sitt publikum i dei breiare, meir generelle, nasjonale tidsskrifta. Det er spesielt dei siste åra at kvantitative metodar har blitt det føretrekte verktøyet i internasjonale tidsskrift.

Ei anna forklaring handlar om tema og sub-disiplin: Til dømes er politisk teori eit felt som naturleg dominerast av kvalitativ metode. Artiklar om politisk teori publiserast nesten berre i nasjonale tidsskrift, og knapt i det heile teke på den europeiske eller internasjonale scena. Om dette tyder på at fagretninga politisk teori ikkje held høg nok kvalitet for å publisere i dei beste europeiske og internasjonale tidsskrifta, er uvisst, men mangelen på publikasjonar innan politisk teori i desse tidsskrifta er med på å skape ein større skilnad i metodebruken i norske og utanlandske tidsskrift.

Våre data seier ingenting om kor vidt det er dei same forskarane som publiserer både nasjonalt og internasjonalt og som vel å heller nytte kvalitative metodar her heime, eller om det er slik at statsvitarar som er kvantitativt orientert ser mot utlandet, medan dei kvalitativt orienterte fokuserer på nasjonale tidsskrift. Uansett er trenden tydeleg: Norske tidsskrift dominerast av kvalitative artiklar, medan artiklar som publiserast internasjonalt i stadig større grad nyttar kvantitative metodar.

Kvinnelege forfattarar er kraftig underrepresentert i utvalet vårt totalt. Derimot er det ein tydeleg tendens til at artiklar i internasjonale tidsskrift er skrivne av to eller fleire forfattarar,4 og at desse gruppene består av både kvinnelege og mannlege forfattarar.

Vi spekulerer i om dette kan skuldast to samankopla tendensar: For det første er publisering i internasjonale tidsskrift meir prestisjetungt. Dette krev meir arbeid og arbeid av høgare kvalitet, og fordrar derfor samarbeid mellom to eller fleire forskarar. For det andre aukar kvinneandelen i norsk akademia og statsvitskap stadig. Sjølv om kvinnelege forfattarar totalt er underrepresentert i heile utvalsperioden 1999-2014, står kvinnelege solo-forfattarar og mixed teams for 45 prosent av publikasjonane i 2013 og 2014. Kvinnelege forfattarar, både åleine og i team, publiserer oftare i internasjonale tidsskrift enn i nasjonale.

Ser vi på det regionale fokuset blant publikasjonane, finn vi eit par interessante punkt. Publikasjonane i dei europeiske tidsskrifta er, ikkje overraskande, dominert av artiklar retta mot Europa som region. Dette bør vere openbert: Desse tidsskrifta har ofte eit uttalt fokus på EU og europeisk politikk, og publikasjonane reflekterer naturlegvis dette.

I dei internasjonale tidsskrifta er fokuset òg delvis på Europa isolert sett, men i større grad på internasjonale forhold og politikk, både utan, men først og fremst med, eit europeisk tilsnitt. Det skrivast lite om Noreg åleine også her, noko som kanskje er naturleg.

I dei norske publikasjonane derimot, er det ikkje eit tilsvarande fokus på Noreg og Noreg åleine. Det regionale fokuset i publikasjonane i dei norske tidsskrifta er vel så mykje europeisk og internasjonalt som norsk. Med andre ord tilseier det regionale fokuset at publikasjonar i norske tidsskrift er internasjonalt orientert – men handverket bak desse artiklane skil seg likevel drastisk frå dei artiklane som faktisk blir publisert internasjonalt. Vegen vidare

Datasettet vi har presentert her gir ikkje eit komplett bilete av norske statsvitskaplege publikasjonar, og på ingen måte eit fullstendig bilete av norsk statsvitskap som heilheit. Mellom anna kan datasettet utvidast i tid: Her dekkjer vi åra 1999-2014. Eit lengre tidsperspektiv vil kunne hjelpe oss å forstå betre utviklinga av norsk statsvitskap, kanskje spesielt med tanke på kjønnsbalansen. Å samle inn data om studentmassen i det same tidsrommet ville vore til stor nytte i dette spørsmålet. Har endringa i kjønnsbalansen blant studentar i statsvitskap i Noreg skjedd såpass nyleg at ein ikkje endå kan forvente ei større endring blant høgare vitskapeleg tilsette, og dermed forfattarane bak publikasjonane? Dataa vi har her gir oss ikkje moglegheit til å svare på dette.

Vidare kunne ein ha inkludert relevante artiklar frå Tidsskrift for Samfunnsforskning. Dette tidsskriftet har vi utelatt av di det ikkje har eit reint statsvitskapeleg fokus, men det betyr ikkje at det det ikkje kan innehalde relevante artiklar som burde ha vore med i eit slikt datasett. Ein kan også tenke seg å kode fleire internasjonale og europeiske tidsskrift, med utgangspunkt i same kodebok.

Til sist oppmodar vi til å gjennomføre tilsvarande prosjekt for andre samfunnsvitskaplege retningar, som til dømes sosiologi. Det ville vore naturleg å sjå på det støre biletet, og å kunne samanlikne ulike, men likevel nært relaterte, fag.

I denne artikkelen har vi introdusert eit nytt datasett, gått gjennom korleis vi har konstruert det og korleis det kan vidareutviklast. Vidare viste vi to eksempel på korleis vi har nytta desse dataa og gjort korte analyser som gir oss eit unikt innblikk i korleis disiplinen har utvikla seg over tid. Vi har vist at kvantitative metodar dominerer på internasjonalt nivå og kvalitative metodar på nasjonalt nivå, også når vi kontrollerer for publikasjonar i Internasjonal Politikk, ein disiplin som ofte er dominert av kvalitative studiar. Når det kjem til kjønn ser vi ei utjamning mellom menn og kvinner over tid, men kvinner er framleis underrepresentert i statsvitskapelege publikasjonar.

Avslutningsvis i denne kommentaren vil vi òg gjenta formaninga som er uttrykt i introduksjonen, nemleg at dette datasettet bør nyttast for å forstå og analysere vidare utviklinga i norsk statsvitskap på ein vitskapeleg robust måte.

Litteraturliste

Boncourt, Thibaud (2008). «Is European Political Science different from European Political Sciences? A comparative study of the European journal of political research, political studies and the revue française de science politique 1973–2002». European Political Science, 7(3), 366-381.

Camerlo, Marcelo, David Doyle, Fátima García Diez og Leiv Marsteintredet (2017a). «The European political science agenda: a multilevel analysis from a country perspective». European Political Science: 1-9.

Camerlo, Marcelo og Débora Terra (2017b). «Portuguese political science in Portugal and abroad: publications in major journals (1999–2014)». European Political Science: 1-16.

Easton, David (1967). A systems analysis of political life. Wiley New York.

García Díez, Fátima, Alfonso Myers-Gallardo, Carolina Plaza-Colodro og Beatriz Tomé-Alonso (2017). «Spanish political science in Spain and abroad: top-ranked publications (1999–2014)». European Political Science: 1-25.

Goertz, Gary og James Mahoney (2012). A tale of two cultures: Qualitative and quantitative research in the social sciences. Princeton University Press.

Kuehn, David og Ingo Rohlfing (2016). «Are there really two cultures? A pilot study on the application of qualitative and quantitative methods in political science». European Journal of Political Research, 55(4), 885-905.

Munck, Gerardo L og Richard Snyder (2007): «Debating the direction of comparative politics: An analysis of leading journals». Comparative Political Studies, 40 (1): 5-31.

Norris, Pippa (1997). «Towards a more cosmopolitan political science?». European Journal of Political Research, 31(1), 17-34.

Pehl, Malte (2012). «The study of politics in Germany: A bibliometric analysis of subfields and methods». European Political Science, 11(1), 54-70.

Saghaug Broderstad, Troy, Håkon Jørgen Tranvåg og Leiv Marsteintredet (2017). «Norwegian political science in Norway and abroad: major publications 1999–2014». European Political Science: 1-20.

Schneider, Carsten Q, Daniel Bochsler og Mihail Chiru (2013). «Comparative Politics in Central and Eastern Europe: Mapping Publications over the Past 20 Years». European Political Science, 12(1), 127-145.

Suzuki, Akisato, Peter McCrossan og David Doyle (2017). «Irish political science in Ireland and abroad: publications in major journals (1999–2014)». European Political Science: 1-22.



1Ein originalversjon av datasettet vil bli gjort tilgjengelig for offentligheita.
2Alle tabellar og figurar er henta frå Saghaug Broderstad et al. (2017)
3I den opphavlege artikkelen skil vi mellom deskriptiv og kvantitativ metode.
4Dette er nesten like vanleg som publikasjonar med éin forfattar.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon