På vegner av Norsk Statsvitskapleg foreining kårar redaksjonen den beste artikkelen i kvar årgang av Norsk Statsvitskapleg Tidsskrift. Prisen for 2014 vert tildelt Gro Sandkjær Hansen, Marit Kristine Helgesen og Ann Karin Tennås Holmen for artikkelen «Den forhandlende kommune i samhandlingsreformen – forhandlingspraksis og lederegenskaper». Artikkelen tar utgangspunkt i at samhandlingsreforma inneber at kommunane i større grad enn før forhandlar om sine eigne rammevilkår. Forfattarane ser dette som eit uttrykk for fleirnivåstyring, og på bakgrunn av teori om leiing i nettverk stiller dei spørsmål om kva konsekvensar samhandlingsreforma har fått for administrativ leiing og styring i kommunane.

Merksemda vert i artikkelen retta mot a)etablering av lovpålagde samarbeidsavtalar mellom helseføretak og kommunar, b)verkemåten til etablerte formelle nettverksarenaer som skal iversetja avtalane, og c)prosjektsamarbeid. Det er samla inn data i kvalitative case-studiar i ni kommunar og to helseføretak.

I artikkelen vert det argumentert for at dei lovdefinerte forhandlingane som samhandlingsreforma har ført med seg stiller større krav til forhandlingskompetanse generelt, og det er ikkje gitt at alle kommunar har ressursar, kompetanse og struktur som eignar seg.

Artikkelen finn at i ein partnarskapsbasert logikk, der forhandlingar står sentralt, vert det utvikla ei ny rolleforståing mellom politikarane, som no skal gi tydeleg retning utan å gi detaljert instruks til forhandlarane som representerer dei. Politisk leiing i kommunane må avklara forhandlingsrommet og etterpå støtta opp under forhandlingsresultatet.

Funna viser også at den kommunale administrative leiinga, som forhandlingsleiarar, treng ein annan forhandlingskompetanse. Dei må byggja bru mellom kommune og helseføretak, samt kommunane i mellom. Samhandlingsreforma krev eksplisitt ein større tenesteintegrasjon mellom kommunar. Å vera brubyggjar krev god forankringskunnskap, og den kommunale administrative leiinga må kunna vurdera kva forankring som krevst i ulike saker. Forhandlingsrepresentanten, ofte rådmann, må ha djup kunnskap om sektoren og må kunna bruka forhandlingsrommet for å få til løysingar.

Artikkelen gir slik ny innsikt i kommunal sektor og i verknadene av ei av dei store reformene dei seinare åra. Samstundes er artikkelen av verdi for praktisk politikkutforming. Redaksjonen gratulerer. Prisen er eit tilbod om oversetjing til engelsk og publisering i World Political Science Review.

Kjetil Børhaug, Ragnhild Louise Muriaas og Åsta Dyrnes Nordø